57. Grevle.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 337 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Greflin. Det vert no sagt Grèvlè2; han búr pao, è tao Grèvlè, ska tì Grèvlés, sms. Grèvlésbòrjæ. Namnet er samansett, etterlekken er vin (beite), fyrelekken kunde vera ei avleiding av grava: gravi, um grovi der, eller noko liknande.

Landkommisjonen i 1661 har ført Grevle upp som øydegard med 2 laup 1 pund 3 mark i skyld, to brukarar, turvande brennefang, men elles ingen lunnende. I 1723 var skyldi 1 laup

--- side 338 ---

2 pund 15 mark og ein brukar. Garden var noko tungvinn med medels god jord. Der var ein liten humlagard og turvande vedaskog. Skyldi er den same i 1838. Samanlikningstalet var då 900. Det er sagt at garden kunde betrast. Skyldi vart i 1838 umskrivi til 5 dalar 4 ort 20 skill.

I matrikkelen 1865 er ført upp: 18,5 mål åker, 5,5 mål dyrka eng 24,5 mål god, 85 mål medels natureng og 33,5 mål skrapebø. Vårhamni var ring. Sumarhamni var god, men langt burte. Inkje timberskog. Turvande vedaskog på bruk 2, men knapt på bruk 1. Garden var tungvinn og dyrka som vanleg. I 1918 var det 28 mål open åker, 24 mål kunsteng og 22 mål natureng.

Det var 14 menneske på Grevle i 1801, 25 i 1865 og 19 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Grevle.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 14 21
1723 2 17 15 20
1865 2 19 51 48 39
1918 11 17 40

I Bjørgynjar Kalfskinn er fortalt at brørne Gullbrand og Orm på Finne for far deira si skuld gav til Vangskyrkja m. a. ½ mmb. i Grevle. Andre stader i B. K. står skrive at Vangskyrkja åtte ½ laup og Vangens prestebol ½ laup i Grevle. Diplom frå 1592 i Bergens Museum fortel at Grevle saman med Gjerdskvål hadde ein timberskog i marki på Håtveit. Jordboki for 1585-1616 syner at Vangens prestebol fekk 8 merker smør i landskyld av eigedomen sin i Grevle. Eit brev frå 1602 i Bergens Museum melder at Johannes Andersson på Evanger selde sin part i Grevle til sin frende Anders Øyulvson i Holbygdi. Laurits var brukar på Grevle 1603 og Lasse i 1611. Han vart 1614 utkommandert til Svinesund med byrse og sverd. Ingebrikt åtte 1 laup i Grevle i 1614 og budde der. I 1621 åtte ei enkje 2 pund 15 mark og Sjur Grevle 18 mark i garden. Sjur bur der òg 1635 og 1642.

Leidangsboki 1624 syner at leidangen på Grevle var 9 mark smør og 1 geitskinn. Sjur var brukar. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset i to bruk. Det eine var på 3 spann 7 mark

--- side 339 ---

med skatt 1½ dalar 1½ ort 3 skill. Brukar Sjur. Det andre var 1 spann med skatt ½ dalar 6 skill. Brukar Bergitte. I koppskattmanntalet 1645 er ført upp Sjur Ingebriktson, g. m. Anna. Laurits var tenestdreng. Sjur kjøpte i 1649 av Arnfinn Aslakson Dukstad og kona hans, Karen Nilsdr. 1 pund og av Botolv Arneson Arnetveit 5 mark i Grevle. Sjur åtte i 1652 1 laup 1 pund og prestebolet 14 mark. Sjur brukte alt. Landkommisjonen har i 1661 skrive at Grevle var 2 laup 9 mark. Derav åtte prestebolet 9 mark og Sjur Ingebriktson 2 laup. Han og


Grevle.
Bilete 38. Grevle. Fot. Ludv. Bru 1920.

Knut var brukarar. I 1664 er skyldi ført upp med 2 laup og den same Sjuren som brukar.

Odelsskattemanntalet 1691 og matrikkelen 1695 har som eigarar Vangens prestebol 18 mark og Steffa 1½ laup 9 mark. Steffa Bjarneson brukte det. Han åtte 3 spann 3 mark i Dagestad. Steffa døydde 1699, var g. m. Bryttva Sjursdr. og hadde borni: Marta f. 1679 og Abelu f. 1681. Steffa og Bryttva åtte 1½ laup i Grevle, verdsett 34 riksdalar ved skiftet etter han. Midelen var 204 riksdalar, og der var ikkje noko skuld.

Ho Bryttva var nok dotter åt Sjur Ingebriktson og var åleine leiglending i 1701. I 1714 åtte Vangens prestebol 1 pund

--- side 340 ---

i Grevle og brukaren Mikkjel Olavson frå Ringheim 1½ laup 3 mark. Han budde der til 1734 då han døydde, 56 år gl. Han. var fleire gonger lagrettemann, var g. m. Marta Steffadr. (dtr. åt Steffa Bjarneson). Ho døydde 1736, 58 år gl. Sjå vidare um dei og etterkomarar i Dagestadætti (nr. 7) av Kindem. Fem born: Steffa, Knut, Gjertrud f. 1705, Anna f. 1713 og Brita f. 1721. Gjertrud var gift 1738 m. Aslak Njåtveit. Anna gifte seg 1. 1752 m. ekm. Eirik Nilsson Bjørku, 2. 1760 m. Tormod Torsteinson Hildestveit. Brita var gift 1743 m. Henrik Styrkson.

Steffa Mikkjelson f. 1702, var g. m. Kristi Olavsdr. Båe døydde 1762. Han fekk 1736 skøyte på 1 laup 1 pund 15 mark i Grevle. Ved skifte etter dei var bruttomidelen 432 riksdalar. Åtte born: Olav f. 1728, Styrk f. 1730, Sjur, Mikkjel f. 1737, Nils, Jon f. 1747, Ingebjørg, Marta f. 1744. Styrk gift 1757 m. Gjertrud Knutsdr. Kvitno, budde i Bergen. Sjur, gift 1757 m. Brita Larsdr. Kvitno, kjøpte same år garden Stuarjo. Mikkjel var gift 1774 m. enkja Gudve Eiriksdr. på Rogne. Jon gifte seg 1765 m. Guro Olavsdr. Bø. Ingebjørg vart gift 1760 m. Lars Knutson Rekve (Vassenden i 1763). Marta vart gift 1781 m. ekm. Knut Larsson Vatle frå Haus. Olav Steffason gifte seg 1757 m. Synneva Styrksdr. Væte og fekk 1759 skøyte frå far sin på 1 pund 13 mark i Grevle. Olav døydde 1763, og ho Synneva vart attgift same året med korporal Sjur Person Hefte. Dei vart buande på Vinjo, der etterkomarar av dei bur. Olav og Synneva hadde borni Steffa f. 1758 og Styrk f. 1762. Han gifte seg 1791 med Brita Andersdr. Rekve og fekk bruk 1 på Midt-Rekve.

Steffa Olavson var gift 1. m. Sigrid Knutsdr. Vinjo, 2. 1805 m. Brita Torgeirsdr. Mølster. Han fekk skøyte i 1777 frå Sjur Person på 1 laup 1 pund 15 mark i Grevle. Ved skifte etter Sigrid vart jordgodset verdsett 800 riksdalar. Bruttomidelen var 1244 rd. Steffa døydde 1835. Born m. Sigrid: Knut f. 1784, Styrk f. 1787, Olav f. 1789, Knut d. y. f. 1791, Sjur f. 1804, Kristi f. 1779, Synneva f. 1794, Ingebjørg f. 1798. Med Brita hadde Steffa tri born: Torgeir f. 1812, Sigrid og Jorunn. Styrk og Knut d. y. budde i Bergen. Olav var med i krigen mot Sverike, vart seinare sersjant og døydde på Lærdal. Kristi var gift 1805 m. Olav Olavson, leiglending på En. Synneva vart 1827 g. m. Svein Knutson Ullestad, husmann på Ronve. Torgeir gifte seg 1862 m. enkja Sigvor Styrksdr. på Ringheim.

--- side 341 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Grevle. Knut Steffason d. e. var gift 1. 1819 m. Ragnhild Aslaksdr. Flatekvål, 2. 1834 m. Guro Styrksdr. Norekvål. Knut fekk skøyte frå far sin på garden 1819 og 1826. Til Johannes Knutson Raustad selde han i 1826 halve garden som vart bruk 3. Etter at garden var skift, vart Hagane som fyrr hadde vore øykjahage, tekne til slåttemark. Knut var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på Veteranbautaen. Ved skifte 1833 etter Ragnhild vart 2 pund 7½ mark i Grevle verdsett 450 spd. Bruttomidelen var 633 spd. Fire born m. Ragnhild: Olav f. 1823, Aslak f. 1825, Sigrid f. 1820 og Ingebjørg f. 1828. Aslak gifte seg 1851 m. Kari Eiriksdr. Nyre og reiste til Amerika. Ingebjørg, g. m. Anders Person Ulven, fór og til Amerika. Olav gifte seg 1851 m. Ingjerd Ivarsdr. Lydvo og fekk farsgarden i 1840. Han selde att 1843 til Lars Andersson Fitjo for 710 spd. og kjøpte att gard på Grjotland.

Lars f. 1795, var gift 1832 m. Brita Andersdr. Gjerde og døydde 1844. Ved skifte etter han var nettomidelen 513 spd. Ho Brita gifte seg att 1848 m. Sjur Brynjulvson Grovu. Han reiste ei tid med handel på Strilelandet. Born m. Lars: Anders f. 1835, Margreta f. 1836. Born m. Sjur: Lars f. 1849, Torbjørg f. 1851. Margreta gifte seg 1864 til Tròdo m. Torstein Torbjørnson. Anders f. 1835 var gift 1867 m. Rannveig Knutsdr. Lirhus og døydde 1896. Han fekk halve garden ved skifte etter far sin i 1845 og den andre halve ved skøyte frå stykfaren i 1877. Deira son Sjur f. 1875 fekk garden i 1903 for 2000 kronor. Sjur var g. m. Kristi Andersdr. Ringheim og døydde i 1920. Enkja har no garden.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 57, lnr. 121 a med gamal skyld 1 laup 2 pund 15 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 5 skill., revidert 2 dalar 1 ort 16 skill. Ny skyld mark 3,40.

Bruk 2. Stølen Torvedalen. Skyld 17 øre. Utskilt frå bruk 1 og selt 1877 til Mikkjel Aslakson Grevle for 400 kronor.

Bruk 3. Grevle. Det var skilt ut frå bruk 1 i 1826 med 2 pund 19½ mark i skyld og selt til Johannes Knutson Raustad for 700 spd. I handelen fylgde med loftet og ein flor. Nokre av husi skulde båe bruki ha saman, men Johannes bygde nye i staden både heime og på stølen. Han rudde og dyrka dessutan mykje på garden. I sine yngre dagar var han lensmannsdreng.

--- side 342 ---

Johannes var gift 1827 m. Ingebjørg Mattisdr. Mølster. Elleve born: Knut f. 1827, Mattis f. 1837, Anders f. 1841, Olav, Marta f. 1828, Sigrid f. 1830, Kirsti f. 1836, Ingebjørg f. 1838, Brita, Ingjerd f. 1841, Guro f. 1853. Knut var gift 1851 m. Kari Torsteinsdr. Kyte, var nokre år lærar og reiste so til Amerika. Anders gifte seg 1879 m. Marta Torgeirsdr. Kvåle og kjøpte gard på Hegle. Olav og Brita reiste til Amerika. Marta vart gift 1854 m. Mikkjel Aslakson Veka. Han hadde mange år myln i Rekveselvi, seinare i Rognsfossen og døydde på Grevle, bruk 4. Ingebjørg gifte seg med Knut B. Gjelle i Teigdalen og reiste til Amerika. Kirsti var gift 1863 m. Anders Knutson Kvilekvål, gardmann på Kvilekval og ordførar i Evanger. Ingjerd gifte seg 1874 m. Anders Nilsson Ringheim, husmann på Grevle. Guro vart gift 1879 m. Arnfinn Nilsson Ringheim, ljåsmed og gardmann på Skogstad, Vossastr. Mattis var gift 1870 m. Ingebjørg Larsdr. Skjerve og døydde 1887. Han fekk garden i 1864 for 650 spd. Enkja reiste til Amerika og selde garden til Aslak Mikkjelson Rekve for 4400 kronor. Han var son til mylnaren Mikkjel Rekve og er gift 1877 med Kirsti Torsteinsdr. Seim. Aslak arbeidde i fargeriet på Voss Ullvarefabrikk 1898-1916 og deretter som mylnar i mylni på Skarvet ved Vangen. Sonen Torstein fekk garden i 1904. Han er f. 1883 og g. m. Brita Andersdr. Dolve.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 57, lnr. 121 b med gamal skyld 2 pund 19½ mark, urevidert 2 dalar 1 ort 9 skill., revidert 2 dalar 11 skill. Ny skyld mark 2,01 etter at bruk 5 er skilt frå.

Bruk 4. Grevle. Skilt ut frå bruk 3 med skyld mark 1,05 og selt til Aslak Mikkjelson Rekve i 1886 for 2000 kronor. Bruk 5 er seinare ført saman med bruk 4. Sonen Mikkjel f. 1877 fekk bruk 4 og 5 i 1914. Han har mekanisk snikkarverkstad.

Bruk 5. Grevle, vestre. Utskilt frå bruk 3 i 1882 med skyld 96 øre og selt til Odd Knutson Gjerstad for 1800 kronor. Aslak M. Grevle tok garden att etter odelstakst for 3550 kronor i 1884. Dette bruket er seinare ført saman med bruk 4.

Husmenn.

I 1801 var Halle Larsson, 30 år gl. og kona hans, Guro Åmundsdr. husmannsfolk og hadde dotteri Brita f. 1799. Rasmus og Kari Gusskalksdr. hadde plass i Hagane (eller

--- side 343 ---

Grevleshuse, som det og var kalla) i 1830-åri, men Rasmus flytte seinare til Breisdalen på Gjerde. Han var då g. m. Bryttva. Nils Knutson, g. m. Barbrå Ivarsdr. hadde plasset 1844 og budde der og i 1850-åri. Han døydde 1875, 59 år gl. og hadde to born: Olav f. 1860, gift 1880 m. Marta Knutsdr. Ringheim, Brita f. 1841, gift 1864 m. Nils Aslakson Veka, som var husmann på Ringheim i Brandsethuse. Knut Brynjulvson, g. m. Ingebjørg Johannesdr. hadde plass i 1862, og i 1867 og 1870 Olav Brynjulvson, g. m. Sigvor Aslaksdr. Anders Nilsson Ringheim f. 1832, død 1895, g. m. Ingjerd Johannesdr. Grevle, hadde plasset Grevleshuse frå ikring 1874, og etter dei dotteri Marta. Plasset er no kome under garden att.

Stølar.

I matrikkelen 1723 er det sagt at stølen var ¼ mil frå garden. Mikkjel Grevle har i 1723 stemnt Arnfinn Skulestad fordi han ikkje til rett tid um sumaren flytte til fjellstølen med krøteri sine, men beitte for mykje nede i lidi, der Grevle hadde sine beite. Domen lydde på at Skulestad skulde ha sambeite med «sin grande ham ikke til fortrængsel». I gamal tid hadde Grevle støl på Grevles-tufto, sørvest for Graoskorvæ, og Kùsalhaugen ved Kleivanolten, er det fortalt. På Haomyrane var vårstøl i 1826 og er det framleies. Sumarsstølen er i Torvedalen. Det vert fortalt at gamle Steffa Grevle sat på klyvi og reid, når han skulde i Torvedalen. Grevlane og Tròdane køyrde med slede over fjellet når dei buførte. Sledane hadde dei ståande under ein stor stein på Vidvangane. Grevle har ikkje brukt denne stølen sidan ikring 1920-åri.

Kvern.

Ei bekkekvern var der i 1661, som er kalla flaumkvern i 1723. I 1776 og 1791 var der og ei kvern.

Offentlege forretningar.

Forretning i 1723 mot Skulestad um stølsbeite, forretning um merki mot Gjerdskvål 1755, fredlysing av marki åt Grevle og Gjerdskvål-Norekvål, kommisjonsforlik 1826 um skifting av garden, godviljug utskifting 1826. Semje 1908 um bruk av ein veg.

Bumerke teikna på Grevle.

Mikkjel 1721, 1728, 1733 tavle 3 nr. 92, men eit anna merke i 1743. Steffa 1745 t. 3 nr. 93. Steffa Olavson 1784, 1785 har brigda merket mykje frå t. 3 nr. 93. Styrk 1765 t. 3 nr. 94. Sjur 1773 t. 3 nr. 95, brigda i 1776. Knut Åserson 1780 t. 3 nr. 96.