243. Grimastad.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 517 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Grimestad. Det vert no sagt Grímasta2; han búr pao, è tao, ska tì Grímasta. Namnet er samansett med staðr m. (bustad). Fyrelekken er truleg eit mannsnamn Grímarr el. fleirtal av Grímr (Gríma-).

Grimastad hadde ein brukar og 2 laup i skyld skriv landkommisjonen 1661 og legg til at der var brennefang og skog med smått timber. I 1723 var der to brukarar og skyldi var den same. Litt skog var der til husvøling og turvande vedaskog. Der var humlagard, god kornavl, men det var strevsamt å samla høyet i fjellskòrene. Skyldi vart 1838 umskrivi til 6 dalar 3 ort 3 skill. Der var vassfall, turvande fure- og vedaskog jamvel litt til sal. Samanlikningstalet var 1000.

Matrikkelen 1865 melder at der var 20 mål åker, 4¼ mål dyrka eng, 38½ mål god, 46½ mål medels natureng og 73½ mål skrapebø. 5 mål var høveleg til dyrking. Medels hamnegang. Skog til husbruk og båe bruki kunde selja timber for 10½ spd. årleg kvar. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 30 mål åker, 53,3 mål kunsteng og 15 mål natureng.

Der budde 14 menneske i 1801, 22 i 1865 og 27 i 1920.

--- side 518 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Grimastad.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 15 9
1723 2 16 12 20
1865 2 22 45 59 ½ 48½
1918 4 17 41

Birger budde 1521 på Grimastad. Han betalte 2½ mark i skatt, 3 lodd sylv og 3 mark i breffbrot. Lensmann Torstein Bjarneson og 11 lagrettemenn på Voss tildømde i 1536 (DN VI nr. 727) Sigurd Askjelson og hans tri systre 11 mmb. på Grimastad. Olav Olavson, brørne og frenka hans hadde meinka dei i å få det. Mattis og Bjarne var leiglendingar i 1563, Bjarne og Knut 1603 og Bjarne og Halldor i 1611. Han er ofte skriven som leiglending 1614-1659. I 1645 er han skriven for Halldor Mikkjelson, var g. fyrr 1645 m. Herborg og hadde borni Mikkjel og Ingebjørg. Halldor var 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Han åtte 6 mark i 1621, 10 mark i 1629 og brukte 1635 2 laup. Gitle Grovu åtte 1621 1 spann og Tollak Giljarhus 1 laup.

Leidangen var etter leidangsboki 1624 19 merker smør 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 12 mark med 1 ort 6 skill. F. Broderson let 1649 noko til kongen ved makabyte. F. Broderson åtte 1652 og 1655 2 laup som Munkeliv var eigar av i 1659 og 1661. Mikkjel var leiglending saman med Halldor i 1657, Olav Andersson og Halldor Åmundson 1661 og Olav 1664. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 2 laup og selde det same år til Klas Miltzow. I 1676-1691 er det ført upp under Apostelgodset og med Klas Miltzow som brukar i 1691. Ei enkje var eigar og brukar i 1695. Torleiv Olavson er skriven som odelsbonde i folketeljingi 1701. Han var f. 1645, døydde 1727 og hadde borni: Olav f. 1691, Olav d. y. f. 1700, g. 1728 m. Rannveig Larsdr. Ullestad, Sjur g. 1727 m. Ågota Larsdr. Raustad og truleg fleire.

Olav Torleivson d. e. vart g. 1715 m. Guro Olavsdr. Flødne. Han fekk 1712 som gåve frå far sin 1 laup og ved skøyte 1732 1 laup og åtte då heile garden. Guro døydde 1766, 74 år gl. og Olav 1775. På skifte etter Guro er upplyst at dei åtte 2 laup

--- side 519 ---

og med det fylgde teigane Hansaliæ og Nere Budalen. Jordgodset vart verdsett 800 rd. Bruttomidelen var 1415 rd. I skiftet er ført upp som einaste erving dotterdotteri Kari Nilsdr. Ho var truleg dotter til Nils Person Seim, g. 1741 m. Guri Olavsdr.

Kari Nilsdr., gifte seg 1764 m. korporal Klas Isakson Mosafinn f. 1737. Han fekk ved skifte 1766 og «delebrev» 1775 2 laup. Dei fekk seks born: Guro f. 1765, g. 1786 m. Arnfinn Knutson


Grimastad.
Bilete 64. Grimastad. Fot. P. Braaten 1937.

Rokne, Oleiv f. 1768, g. 1793 m. Brita Isaksdr. Ukvitno, budde på Ukvitno, Isak f. 1772, Guri f. 1778, g. 1800 m. Knut Larsson Takla, Ingebjørg f. 1783, g. 1806 m. Knut Eirikson Saude og Brita f. 1786, g. 1809 m, Mons Gudleikson Flògo. Klas skifte garden i to like partar, bruk 1 som sonen Isak fekk, og bruk 2 som versonen Knut Larsson fekk. Klas døydde 1816 og Kari 1819, 75 år gl.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Grimastad. Isak Klasson fekk bruk 1 i 1800 og gifte seg 1806 m. Marta Mattisdr. Lunde f. 1786. Isak vart i mars 1829 funnen død på Vangsisen. Han var um kvelden

--- side 520 ---

eller natti på heimveg frå Sundet, der han hadde vore saman med nokre kameratar. Marta døydde 1854 på Lunde. Dei hadde borni: Kari f. 1808, g. 1828 m. Isak Oleivson Ukvitno f. 1802, og Klas f. 1811. Klas var g. 1. 1833 m. Brita Monsdr. Flògo og 2. 1838 m. Rannveig Olavsdr. Saude. Isak fekk bruk 1 i 1838, selde det 1840 til Nils Oleivson Ukvitno for 850 spd. og reiste til Amerika. I eit dikt um spelemannen Isak Grimastad er sagt millom anna um han og «Sigrid», fela hans: «Men hjå han Isak spelemann ein udferdshug i bringa brann. Han tok ho Sigrid, fela si, og rusla over blåmyri. Men her på prærividdi vill, vart hennar tone tungsam, still» osfr. På skifte 1836 etter Brita var garden verdsett 420 spd. og skogen 80 spd. Bruttomidelen var 658 spd.

Nils Oleivson var f. 1805, g. 1840 m. Brita Josefsdr. Byrkjo. Han selde garden 1851 til verbroren Josef Samsonson Byrkjo for 400 spd. og reiste til Amerika. Josef var f. 1830 og g. 1851 m. Jorunn Hallesdr. Dagestad f. 1828. Han var son til Samson Josefson f. 1803, g. m. Gunnvor Eiriksdr. Veka. Dei budde fyrst på Byrkjo deretter på Ukvitno og kom so til Grimastad, der dei døydde som kårfolk. Det er fortalt um Samson at han egla sønene sine då dei var små og i uppvoksteren til å takast. Stundom lovde han ei gåve til den som vann. Samson og Gudve hadde sju born: Magli f. 1824, g. 1847 m. Brynjulv Larsson Liland (Amerika), Marta f. 1825, g. 1. 1849 m. Anders Halleson Dagestad, 2. 1866 m. Nils Davidson Gullbrå, budde på Røte, Gjertrud f. 1828, g. 1850 m. Per Ivarson Flògo, Josef f. 1830, Brita f. 1833 (Amerika), Eirik f. 1835, g. 1865 m. Guro Larsdr. Skjelde og Olav f. 1838, g. 1863 m. Marta Bergesdr. Væte, budde på Væte. Eirik reiste ei tid med kram, reiste seinare til Amerika og døydde der.

I 1852 bytte Josef gard med Torstein Torgeirson Dagestad uti bruk 1 Eimstad. Torstein selde att 1857 til Anders Knutson Vinsand for 1380 spd. Han var g. 1847 m. Brita Nilsdr. Mosafinn. Torbjørn Knutson Mildesdal kjøpte 1864 garden for 950 spd. Han vart g. m. Brita Isaksdr. Botnen, Kvam, f. 1837. Dei fekk borni Knut f. 1860, Brita f. 1864, Anna f. 1871 og Isak f. 1877. Brita selde garden i 1869 til Knut Jensson Gjerme for 800 spd. Han var f. 1845 på Gjerme og g. m. Blansa Isaksdr. Botnen f. 1835. Knut var kommandersersjant, god felespelar og spelte ofte i brudlaup. Dei fekk borni: Jens f. 1853, sjå

--- side 521 ---

bruk 2, Isak f. 1854, g. 1886 m. Jorunn Knutsdr. Saude, sersjant, Rannveig f. 1858, g. m. lærar Arnfinn Oddson Himle, Olina, død ugift 1930 i Bergen, Brita f. 1864, g. m. Lars Andersson Skjelde, Kristina f. 1867, g. m. O. Hellebust, stykkjunker, Marta f. 1876, g. m. fanejunker Olav Åmundson Dagestad og Eli, g. m. Olav Lygren, furer.

Torbjørn Knutson protesterte 1869 mot salet av garden som Brita hadde gjort, og det vart ei langvarig sak. Knut Jensson skøytte 1890 garden til versonen Arnfinn Himle for 2800 kronor. Knut døydde 1895 og Blansa 1907. Helge Bergeson Styve kjøpte 1896 garden på auksjon for 5600 kronor. Han er f. 1850, g. m. Marta Jakobsdr., og døydde 1926. Deira son Berge f. 1890, g. m. Elen Larsdr. Væte, fekk garden i 1917 for 4300 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 244, lnr. 478 med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 1 ort 3 skill., revidert 3 dalar 2 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,96.

Bruk 2. Haugasundet. Utskilt 1888 frå bruk 1 med skyld 93 øre og selt til Brita Jensdr. Grimastad. Ho er f. 1882 og g. m. Lars Rognaldson Nestås. Far hennar Brita, Jens Knutson Grimastad, var g. m. Kari Nilsdr. Seim og reiste ei tid med kram, seinare på skinnhandel og var sers god laksefiskar.

Bruk 3. Grimastad. Knut Larsson Takla fekk som fyrr nemnt dette bruket i 1800 hjå verfaren. Knut var f. 1772 og g. 1800 m. Guri Klasdr. Han dreiv mykje med hestahandel all sin dag. Til å rekna i hovudet var han ein meister, var i sine unge dagar uvanleg sterk, sprek, god hallingdansar og skilaupar. På hesten sat han som ein klegg, og det var ei bin å sjå den gamle mannen fara ridande i fjukande fart med det lange kvite håret flagrande etter seg. 82 år gamal reid han ned Flatabøgjeli til Fyksesund. Når han på sine eldre dagar fekk vondt i ryggen, tok han ei tunne korn på ryggen og gjekk att og fram i tunet til ryggverken gav seg. Guri døydde 1851 og Knut 1855. Dei hadde sju born: Klas f. 1800, Olav f. 1802, g. 1829 m. Eli Mikkjelsdr. Skjeldal, husmann, Lars f. 1803, g. 1830 m. Marta Knutsdr. Saude, budde på Mosafinn, Kari f. 1805, g. 1832 m. Velom Mattisson Lunde, Stegen i Nordland, Oleiv f. 1809, g. 1845 m. Steinvor Oleivsdr. Liland, husmann på Narheim under Saude, Anders f. 1811, g. 1837 m. Asgjerd Knutsdr. Mosafinn (Amerika) og Gudleik f. 1817, gift i Bergen.

--- side 522 ---

Klas Knutson vart g. 1825 m. Brita Knutsdr. Mosafinn og fekk garden ved skøyte 1826 og 1828 frå far sin. Klas døydde 1845 og Brita 1881. Dei hadde sju born: Knut f. 1829, Lars f. 1832, død ugift 1854, Guri f. 1835, g. 1859 m. Knut Nilsson Saude, Anna f. 1837, g. 1858 m. Anders Eirikson Saude f. 1837, Kari f. 1840, g. m. Anders Riise, Opdal, handelsmann i Målsnes, Knut d. y. f. 1842, g. m. Hanna Hansson i Tromsøysund og Ingjerd f. 1844, g. 1875 m. Per Person Saude (Amerika). Knut d. y. reiste med kram i Nordland og vart sidan gardmann og handelsmann i Målselvi. Sønene har no garden og forretningen. På skifte 1846 etter Klas var garden verdsett 550 spd. Bruttomidelen var 654 spd. og nettomidelen 185 spd.

Knut Klasson d. e. fekk garden på skifte etter far sin og gifte seg 1861 m. Brita Bergesdr. Væte. Han selde garden i 1857 til Lars Olavson Reistad for 1150 spd. og reiste med kram i Nordland der han hadde gard og handelsforretning i Trondenes. Anders Eirikson, nemnd ovanfor, tok garden ved odelssøknad i 1861 for 1300 spd. Han fekk tri born med Anna: Marta f. 1860, g. m. Olav Trensliæ, Klas f. 1862, g. m. Anna Knutsdr. Væte, sjå bruk 5 Væte og Brita f. 1864, g. 1906 m. Anders Johanson f. 1878. Anders Eirikson døydde 1866 og Anna gifte seg att 1868 m. Nils Nilsson Boge f. 1837 og fekk tri born: Jorunn f. 1869, g. m. Olav Larsson Gilbakken, Guri f. 1873 (Amerika) og Ingjerd f. 1884, g. m. Torstein Knutson Dagestad. Nils døydde 1889 og Anna 1917. Olav Gilbakken fekk 1888 garden hjå verfaren for 1000 kronor. Han døydde 1924, og sonen Knut fekk same år garden for 6500 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 244, lnr. 479 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 4 ort 7 skill., revidert 3 dalar 1 skill. Ny skyld mark 4,38.

Bruk 4. Grimastad. Utskilt 1861 frå bruk 3 med skyld 58 øre. Bård Nilsson Lunde kjøpte det for 280 spd. og budde der etter han let bruk 2 Lunde til han døydde 1896. Sonen Nils fekk 1885 bruk 4 for 800 kronor og selde det 1932 til Kristian og Anders Johanson.

Bruk 5. Grimastad. Skilt ut frå bruk 3 i 1898. Skyld 3 øre. Sjur Larsson Grimastad kjøpte det. Han var f. 1861 på Gilbakken og g. m. Brita Persdr. Dymbe. Han var snikkar og bygningsmann, medlem av heradsstyret, skulehusnemndi og hadde andre tillitsyrke. Siste åri var han styrar av Bulken Handelsforeining og døydde 1926.

--- side 523 ---

Bruk 6 og 7. Torfinno. Utskilde 1899 frå bruk 1 og 3, kvart med skyld 1 øre og selde til W. Konow, som selde att til Bergen og Voss kommunar. Båe er i 1934 førde saman med bruk 5 på Eide.

Bruk 8. Myratræet. Utskilt 1908 frå bruk 1 med skyld 2 øre og ervefest til Jens K. Grimastad. Sjå bruk 2.

Bruk 9. Haugasundet. Skilt ut frå bruk 3 i 1933 med skyld 6 øre og ervefest til Brita K. Grimastad.

Husmenn.

Olav Andersson var husmann i 1664. Endre Sveinson f. 1644 hadde sonen Lars som skreiv seg for Ullestad, då han 1717 vart g. m. Marta Olavsdr. Grimastad. Svein døydde 1740, 56½ år gl. og hadde sonen Olav som døydde same år, 19½ år gl. Gusskalk Olavson f. 1686, g. m. Gudve Eiriksdr., døydde båe 1747 og hadde fem born: Anders Møn, David, Guri f. 1721, Brynjulv f. 1723 og Lars f. 1726. Rasmus Andersson, g. m. Kari Magnesdr., døydde 1780 45 år gl. og hadde to born: Brita f. 1762 og Magne f. 1765, g. 1785 m. Marta Magnesdr. Narheim, husmann på Mosafinn. Åmund Torgeirson, g. m. Barbrå Nilsdr., fekk dotteri Brita f. 1774. Arne Arneson, g. m. Kari Knutsdr., fekk 1782 dotteri Kari.

Gunnar Kristofferson, g. m. Guro Olavsdr., døydde 1821, 87 år gl. Ho døydde 1840, 77 år gl. Dei hadde borni: Olav f. 1794, Nils f. 1797, g. 1819 m. Magli Mikkjelsdr. Skjeldal, Anna f. 1800, Kristoffer f. 1803, g. 1840 m. Kari Larsdr. Lid, Hallvard f. 1807, g. 1840 m. Anna, Larsdr. Kvåle, Brynjulv f. 1814, budde i Bergen og døydde 1854. Lars Knutson, g. m. Marta Knutsdr. Saude fekk borni Guri f. 1832, Knut f. 1834, Klas f. 1837 og Ingebjørg f. 1843. Olav Knutson, g. m. Eli Mikkjelsdr. Skjeldal f. 1803, hadde plasset Grimastahaujen eller Elihaujen som det og var kalla. Dei hadde slåtte i Grimastabjørjæ under Øvstestødl'n. Høyet fekk ho Eli heim ved dugne straks det vart snøføre. Dei fekk borni Knut f. 1836, og Olav f. 1844.

Støl.

Stølen var 2½ mil frå garden er det sagt i 1723. Øyaset ved Hamlagrøvatnet var Grimastadstøl, men i 1775 bytte Grimastadane med Lars Sjurson og Knut Arneson Skjeldal uti stølen Brusetliæ som Grimastad no har. Arnfinn og Johannes Rogne og Anders Nestås kjøpte stølen Øyaset.

--- side 524 ---

Kvern.

I 1723, 1776 og 1791 var der ei flaumkvern. I 1800-talet har dei havt to kvernar i Grimastadgroæ.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning 1801. Semje 1837 um gjerde. Åstadsak 1845. Kontrakt 1896 med W. Konow um rettar i Torfinno. Utskifting 1925 av innmarki.

Bumerke.

Torleiv 1714, 1717 tavle 9 nr. 60. Kolbein Knutson 1753 t. 3 nr. 21. Klas 1776 t. 9 nr. 61. Han brukte 1778 eit anna merke. Klas Isakson 1781, 1785 t. 9 nr. 61.

Ymse.

Ein gravhaug vart granska i 1858. I midten var eit gravkammer av hellor 7 alner langt og 1¼ aln breidt. I eine kanten av haugen fann dei under ein flat stein eit tvieggja sverd, tri pilespissar, ei soks, tri spenger, ein skavkniv og stykke av ein skjoldbule, alt av jarn. På sverdknappen var vava sylvtråd. Folk frå Bergens Museum grov 1871 ut ein haug nær ved gardshusi. Dei fann stykke av spjot og stridsøksar og nokre perlor. Ein tildana flintestein var fyrr funnen der i ei vegaveit.

Korporal Isak Grimastad synte fram på tinget 1739 hudi av ein vaksen bjørn som Isak to dagar fyrr hadde skote på eigedomen åt Grimastad. Futen betalte 2 rd. til Isak.