79. Grjotland.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 457 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Griotlandi. Det vert no sagt Grótland2; han búr pao, è tao Grótland, ska tì Grótlans. Namnet er samansett av gn. grjót n. (stein) og land. Gn. form Grjotland.

Grjotland er skriven for øydegard i 1661, skyld 1 laup 6 mark og hadde ein brukar. Der var ring sperreskog og vedaskog. I 1723 var det skog til husvøling og brensel, humlagard til eige bruk og ei flaumkvern. Garden var sers lettvinn og var ein medels god korngard. Skyldi var likeins til 1838, då ho vart umskrivi til 4 dalar 4 ort 20 skill. med 2 brukarar. Vedaskog til eige bruk, noko fureskog og godt vassfall. Samanlikningstalet var 750.

--- side 458 ---

Matrikkelen 1865 fortel at der var 16 mål åker, 6 mål dyrka eng, 14 mål god 57 mål medels natureng og 78,5 mål skrapebø. Vårhamni var ring og sumarhamn vanta. Skog til husbruk. Bruk 1 kunde selja timber for 4 spd. um året. Garden var tungvinn og dyrka som vanleg. Noko av engi leid av turk. Vassfallet på bruk 1 var verdsett til 1 spd. årleg. I 1918 var det 17,5 mål open åker, 17 mål kunsteng og 25 mål natureng.

Det budde 8 menneske på Grjotland i 1801, 21 i 1865 og 16 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Grjotland.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 11 22
1723 2 13 15 17
1865 2 19 44 43 36
1918 4 14 27

Diplom frå ikr. 1303 (DN. II. nr. 71) fortel at Solveig, mor åt Håkon, skulde ha muta Ellendr a Grjotland som vitne i ei sak. Det er truleg same mannen som i eit anna brev frå 1303 (DN. I. nr. 97) er skriven for Ærlende, der han er vitne. I Bjørgynjar Kalfskinn er fortalt at Vangens prestebol åtte 2 laup i Grjotland som var odelsgods etter farfar hans Laurits. Det ser ut til at Laurits òg har ervt 3 mmb. i Grjotland etter syskini åt farfaren. Brev frå 1563 (DN. IX. nr. 788) melder at Laurits Eirikson på Hefte åtte 4 mmb. i Grjotland.

Kyrkjerekneskapen 1585-1616 syner at Vangskyrkja fekk 1 aske korn i landskyld av parten sin på Grjotland. Leidangsboki for 1624 melder at leidangen på Grjotland var 4 mark smør. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset 1 pund 9 mark i Grjotland med 1 dalar 3 skill. Torgeir var leiglending 1621 og 1635 på 2½ spann og betalte odelsskatt i 1629 for 33 mark. Arnbjørn var brukar 1636 og Bjarne Olavson, g. m. Berete i 1640 og 1645. Grjotland er i 1652 ført upp med 1 laup 6 mark i skyld. Derav åtte Ivar Lid, Kv., 2 pund 15 mark og Vangskyrkja 15 mark. Ho fekk 1 aske korn i landskyld av denne parten sin. Torstein var brukar. Det er likeins i 1655 og 1659 med det undantak at Aslak var brukar i 1659.

I 1661 er det same skyldi. Vangskyrkja åtte då 18 mark,

--- side 459 ---

og 3 spann 6 mark var bondegods. Torstein Sjurson var brukar både då, i 1664 og 1670 med sonen Sjur f. 1650. Skyldi var 1 laup 18 mark i 1676. Likeins i 1691 då Klas Miltzow åtte 2 pund 20 mark og Vangskyrkja 18 mark. Sjur var leiglending. Velom Guttormson åtte i 1695 1 laup, kyrkja 18 mark og Velom brukte alt. Han er i folketeljingi 1701 skriven for odelsbonde f. 1643 med sonen Sjur f. 1684. Velom hadde og ei dotter, Anna, som var g. m. ekm. Sjur Nilsson. Både Velom og Sjur var brukarar i 1715 og åtte tilsaman 2 pund 20 mark i garden.


Grjotland.
Bilete 52. Grjotland. Fot. P. Braaten 1935.

Vangskyrkja hadde framleies 18 mark både då og i 1723. Kongen selde då kyrkja med jordgodset hennar.

Sjur Nilsson døydde 1722 og let etter seg ein son av fyrste ekteskap (a) og seks born av andre (b-g): a. Sjur d. e., som budde på Skylje, b. Velom f. 1708, c. Sjur d. y. f. 1712, d. Nils f. 1716, død ugift 1764, e. Olav f. 1720, død 1764, f. Brita f. 1706, g. 1724 med Olav Jørgenson Tvinno, g. Ingebjørg f. 1713, g. 1740 med Lars Jonson Gjøastein. Enkja etter Sjur Nilsson, Anna Velomsdr., gifte seg att 1722 med Hollgeir Jørgenson Tvinno og fekk dotteri Brita, som gifte seg med Eirik Oddson. Dei budde 1764 på Skindalen i Hosanger. Hollgeir hadde Grjot-

--- side 460 ---

land i 1723. Brita Hollgeirsdr. var i 1746 dømd for legemål til å «missa hovudet ved sverd». Dette må anten vera ei syster åt fyrr nemnde Brita Hollgeirsdr. eller og har straffi vorte brigda.

Velom Sjurson f. 1708, g. m. Arngunna Larsdr., døydde 1765 utan born. Han var brukar på Grjotland etter Hollgeir og åtte noko i garden. Broren Sjur d. y. f. 1712, gifte seg 1736 med enkja Barbrå Sjursdr. Rene og budde på Rene til 1748, då han kom til Grjotland. Av Velom kjøpte han i 1745 7 mark og odels- og åsætesretten til 2 pund 20 mark og 1748 2 pund 6 mark av medervingane etter far sin. Sjur døydde 1772 utan born. Han hadde i 1768 selt 1 pund 9 mark til Jon Larsson for 180 rd. Ved skifte etter Sjur 1772 fekk brorsonen Viking Sjurson Skylje 1 pund 1 mark i Grjotland. Han makebytte same året med Jon uti hans part i Grjotland og Jon fekk i staden 1 pund 3 mark i Skylje.

Viking Sjurson f. 1720, var g. 1. 1751 med Magli Sjursdr. Skorvu, 2. 1760 med Marta Nilsdr. Løno og døydde 1796. Fire born med Magli: Olav f. 1752, Sjur f. 1757, budde 1796 på Bruknappen i Nordhordland, Kari f. 1754, g. 1788 med Knut Olavson Ukvitno, Guro f. 1757, g. 1.801 med ekm. Kolbein Torgeirson. Olav Vikingson f. 1752, var g. 1781 med Begga Sylfestdr. Fletre og døydde 1847. Han fekk farsgarden 1 laup i 1781. Seks born: Viking f. 1787, Sylfest f. 1795, Nils f. 1801, Magli f. 1784, g. 1815 med Olav Torgeirson Tvinno, Anna f. 1791, Marta f. 1793. Nils Olavson reiste til Amerika og vart der g. m. Ingebjørg Halldorsdr. Kvilekvål, mor åt senator Knute Nelson. Olav skifte garden i bruk 1 og 2 millom sønene Viking og Sylfest.

Bruk 1. Grjotland. Sylfest f. 1795, g. 1819 med Synneva Bjarnesdr. Hefte fekk bruk 1 hjå far sin i 1819 for 200 spd. Han bygsla same året 9 mark i garden av kyrkja. Åtte born: Olav f. 1823, g. 1854 med Kari Knutsdr. Gjerstad, Begga f. 1821, Brita f. 1826, Anna f. 1828, Synneva f. 1831, g. 1862 med Knut Brynjulvson Fenno, Marta f. 1834, Bjarne f. 1836, Ingebjørg f. 1839, g. 1865 med Endre Nilsson Ullestadteig. Sylfest bytte i 1840 med Anders Olavson uti bruk 1 Gjøastein. Anders var g. m. Ingerid Magnusdr. Dei reiste til Amerika.

Garden vart seld på auksjon i 1861 for 500 spd. til Olav Knutson Grevle. Han var f. 1823, g. 1851 med Ingjerd Ivarsdr. Lydvo. Tri born: Ragnhild f. 1852, g. 1872 med Nils Brynjulvson Norheim, Guro f. 1853, g. 1877 med Eirik Johannesson En,

--- side 461 ---

Ivar f. 1862, g. 1886 med Anna Jonsdr. Dukstad og døydde 1914. Han fekk garden i 1901 for 2000 kronor. Sonen Olav f. 1895 fekk garden i 1928 for 1500 kronor. Han er g. m. Julina Ivarsdr. Gjøastein.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 79, lnr. 158 a med gamal skyld 1 pund 21 mark. urevidert 2 dalar 2 ort 10 skill., revidert 2 dalar 2 ort 6 skill. Ny skyld mark 3,54 etter at bruk 3 er skilt frå.

Bruk 2. Grjotland. Viking fekk skøyte på dette bruket hjå far sin i 1807. Viking var f. 1787, g. 1815 med Rannveig Ivarsdr. Glymme og døydde 1841. Han bygsla i 1819 9 mark av kyrkja sin part. Fem born: Begga f. 1816, Anna f. 1817, Ivar f. 1823, Nils f. 1826, Marta f. 1828, g. 1850 med Lars Person Ettesvoll, Amerika. Begga Vikingsdr. f. 1816, gifte seg 1842 med Olav Larsson Saude. Ho Begga fekk garden ved skifte etter far sin i 1842. Olav bygsla same året kyrkja sin part. Dei reiste til Amerika 1856. Ivar Steffason Nesheim kjøpte denne parten i 1864 for 300 spd. og i 1865 av Olav for 800 spd. Ivar var f. 1828, g. 1852 med Ingebjørg Andersdr. Leiddal. Seks born: Gjertrud f. 1852, g. 1879 med Anders Davidson Hustveit, Ingebjørg f. 1855, g. 1880 med Styrk Olavson Høyland, Kirsti f. 1861, Anders f. 1863, Nils f. 1866, bleiv 1881, Anna f. 1869, g. 1894 med Sjur Johannesson Nesheim, arbeidar på Vangen. Anders var g. 1901 med Ingebjørg Knutsdr. Repål og fekk farsgarden i 1895 for 2800 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 79, lnr. 158 b med gamal skyld 1 pund 21 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 10 skill., revidert 2 dalar 2 ort 4 skill. Ny skyld mark 3,54.

Bruk 3. Grjotland skule. Skilt frå bruk 1 i 1900 med skyld 3 øre og selt til Voss herad til skulehustuft.

Husmenn.

Lars Halldorson, g. m. Brita Mattisdr. fekk på Grjotland dotteri Gjertrud i 1787. Sjur Vikingson, g. m. Anna Olavsdr. fekk same året sonen Viking. Ivar Knutson, g. m. Brita Jonsdr. og døydde 1799, hadde ikkje born. Lars Gusskalkson, g. m. Asgjerd Larsdr. budde på plasset Riftahagen og hadde fire born: Lars f. 1839, g. 1859 med Brita Jensdr. Fletre, Gusskalk f. 1847, Margreta f. 1849, Gjertrud f. 1851. Olav Bårdson, g. m. Guri Eiriksdr. budde der frå ikr. 1847 til dei 1857 reiste til Amerika. I 1865 var der to husmenn: Mikkjel Andersson f. i Haus 1823,

--- side 462 ---

g. m. Synneva Steffadr., som hadde plasset Haugen, Johan Jensson f. 1830, g. m. Anna Knutsdr., sjå bruk 2 Fletre. Det har og vore eit husmannsplass Heiæ. Der budde Lars Bårdson En f. 1814, g. 1840 m. Gjøri Olavsdr. Uppheim, Vossastr.

Støl.

Støl var det ikkje til Grjotland i 1723 eller i 1838. Bruk 1 har no støl saman med Norheim, kjøpt av garden Hagen i Raundalen på sørsida av elvi.

Kvern.

Ei flaumkvern var der i 1723 og 1776. I Kvednagroæ som kjem or Vetlavatnet, har vore kvern, sag og stampe. Stampejelæ heiter staden der stampa har stade. Grjotlandsbrui over Strandaelvi vart bygd i 1890-åri. Fyrr laut dei køyra um Leiddalsbrui og Tvinno når Strandaelvi var for stor til å køyra over.

Segn.

På Harkamod'n ved Strandaelvi ligg nokre steinrøysar. Segni fortel at då Vossakyrkja skulde byggjast, vart stein framkøyrt og dei tok til å byggja på henne der, men det muna so lite. Det dei bygde um dagen, vart rive att um natti. So høyrde dei ei røyst som sa at dei skulde byggja kyrkja der fire dalar møtest. So vart Vossakyrkja bygd på Vangen. Det har vore funne to steinkistor der, er det fortalt, og sume trur at steinrøysane skriv seg frå gravhaugar.

Offentlege forretningar.

Utskifting 1820. Kontrakt 1900 um Grjotlandsbrui. Utskifting på innmarki i 1900. Husi på bruk 1 vart då flytte.

Bumerke på Grjotland.

Hollgeir 1726 tavle 4 nr. 65, i 1730 t. 3 nr. 78 og i 1733 t. 2 nr. 85. Sjur 1756 t. 3 nr. 78.