169. Grønlidi.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 11 ---

Namnet vert i 1723 skrive Grønslien. Det vert no sagt Grønlíè2; han búr í, è or Grønlíéné, ska ut í Grønlíè, sms. Grønlívatné. Namnet er samansett av grøn og ei lid.

Grønlidi er ikkje nemnd av landkommisjonen 1661. I matrikkelen 1723 er skyldi førd upp med 12 mark, og der var ein brukar. Garden låg høgt i ville fjellet, hadde litt vedaskog, var tungbrukt og det var heilt usikkert med kornavlingi. Skyldi er umskrivi 1838 til 1 dalar 8 skill. Samanlikningstalet var 160. Garden var frostnæm og hadde mest nok skog»

Matrikkelen 1865 melder at der var 9½ mål åker, 13 mål god, lo mål medels natureng og 10 mål skrapebø. Hamnegangen var ring. Det var knapt um brensel og ikkje timberskog. Garden var svært tungbrukt og dyrka som vanleg. Kornet vart sjeldan moge og fraus sume tider. I 1918 var der 1,5 mål åker, 2 mål kunsteng og 8 mål natureng.

Det budde 7 menneske i Grønlidi i 1801, 6 i 1865 og 6 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Grønlidi.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1   6   6          
1865 1   9   18   20   15  
1918     3   7          

Avlingen på bruk 1 vart i 1918 førd burt frå garden.

I folketeljingi 1701 er Grønlidi skriven som. rydningsplass. Jakob Person f. 1657 budde der då og i 1715. Skyldi var 1714 og 1723 framleies 12 mark som Fatighuset på Vangen åtte. Herbjørn Larsson var leiglending i 1723, var g. m. Gjertrud Persdr. og døydde 1756, 86½ år gl. Dei hadde borni Sigrid f. 1717, Gunnhild f. 1719, Henrik f. 1726 og Eirik f. 1742.

--- side 12 ---

Futerekneskapen 1735 melder at Grønlidi låg under Mala. Tomas Gitleson bygsla garden i 1733. Han var g. m. Asgjerd Styrksdr. og døydde 1760, 56 år gl. Asgjerd døydde 1785, 79 år gl. Dei hadde åtte born etter seg: Rannveig f. 1729, g. 1776 m. Knut Knutson Øvre Skutle, Magli, g. etter kongelegt løyve 1759 m. Mons Brynjulvson Fenno, skriven for Grønlidi 1761, Lars f. 1736, Jorunn f. 1737, g. 1760 m. Anders Nilsson Jeraldstveiti, husmann i Grønlidi 1761, Marta f. 1739, Anna f. 1742, Eirik f. 1745 og Gitle f. 1748. Anders og Jorunn fekk i Grønlidi sonen Tomas f. 1761. Jorunn døydde 1771.

Etter Tomas var versonen Mons Brynjulvson leiglending og hadde seks born: Synneva, Marta, Tomas, Brynjulv, Ingebjørg og Jorunn f. 1759-1774. Ivar Trondson Bjørgo f. 1751 var so leiglending, var g. 1. m. Gunnhild Brynjulvsdr. Grovu som døydde 1789, 2. 1790 m. Ingebjørg Ivarsdr. Tøn. Med Gunnhild hadde Ivar borni Kari f. 1775 og Brynjulv f. 1777. Med Ingebjørg fekk Ivar på Tøn to born: Trond f. 1795, g. 1826 m. Arngunna Eiriksdr. Norekvål, gardmann på Norekvål, og Marta f. 1797.

Brynjulv Jonson Vossabakka f. 1765, g. 1790 m. Marta Trondsdr. Bjørgo f. 1754, var leiglending frå ikring 1790 og fekk i Grønlidi borni Nils, Trond, Kari og Sigrid, f. 1790-1799. Trond vart g. 1826 m. Marta Larsdr. Gjukastein, budde på Davidhaug, so på Fagnastølen og var sidan husmann på Klyve. Olav Jonson bygsla i 1805. Han var g. m. enkja Marta Nilsdr. Ho døydde 1817, 50 år gl., og Olav 1821, 65 år gl. Marta hadde fyrst vore g. m. Gudleik og hadde med han dotteri Magli, g. m. Ivar Person Tillung. Olav og Marta hadde to born: Marta f. 1787, g. 1822 m. Lars Karleson Bulko, f. 1786, Gudleik f. 1796, g. 1823 m. Brita Olavsdr. Kinne. Han pakta garden 1821 og fekk 1825 sonen Olav som 1855 vart g. m. Anna, Torbjørnsdr. Rene. Fatighuset på Vangen var framleies eigar av Grønlidi.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Grønlidi. Gudleik Jonson fekk 1825 kongeskøyte på Grønlidi for 206 spd. og jordavgift 1 tunne 7 skjeppor 1 fjerdingkar bygg. Gudleik bytte 1828 med Anders Oddson Håtveiti uti ein part på Tverberg. I 1842 vart fråskilt bruk 2. og Trond Jørgenson Bjørgo, son åt Ragna Hermundsdr. og

--- side 13 ---

Jørgen Kolbeinson Dale, kjøpte 1849 bruk 1 på auksjon. Trond hadde då vore husmann i Grønlidi sidan 1835. Han gifte seg 1. 1833 m. Eli Oddsdr. Håtveiti, 2. 1870 m. Guro Larsdr. Trå f. 1824. Trond var lenge gjætar for Bordalens Reinsdyrlag. Han var f. på Bjørgo 1809 og døydde 1891. Eli døydde 1868, 69 år gl. og Guro 1886.

Trond og Eli hadde borni Olav f. 1832 (reiste til Amerika 1853), Synneva f. 1834, g. 1857 m. Lars Nilsson på Uppheim, Kv., Marta f. 1836, g. 1861 m. Torgeir Herlaugson Vivås, Odd f. 1841, g. 1869 m. Arngunna Kjelsdr. Takla, gardmann


Grønlidi
Bilete 3. Grønlidi. Fot. P. Braaten 1937.

på Haugo og lærar. Trond selde garden 1888 til Knut Gitleson Rokne for 950 kronor. Han selde att 1914 for 1500 kr. til sonen Knut f. 1892, g. 1920 m. Barbrå Larsdr. Seim f. 1900, som er bilførar.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 192, lnr. 368 med gamal skyld 12 mark, urevidert 1 ort 19 skill., revidert 1 ort 18 skill. Ny skyld 51 øre.

Bruk 2. Grønlidi. Det vart utskilt frå bruk 1 i 1842 og selt til Olav Hermundson Bulko for 200 spd. Han var f. 1798, g. 1832 m. Inga Torsteinsdr. Herre og døydde 1856. Inga døydde 1873 69 år gl. Sju born: Hermund f. 1833, Barbrå

--- side 14 ---

f. 1836, g. 1859 m. Nils Johannesson Nesheim, som hadde stove på Eide, Granvin, Marta f. 1838, g. m. Aslak Johannesson Nesheim, som budde på Røynstrand, Torstein f. 1841, Anna f. 1844, g. m. Knut Jørdre, Nils f. 1849, g. m. Ragnhild Øysteinsdr. Osa, Ulvik, Brita f. 1854, som har stove på Storegraven. Ho fekk 1917 premie frå Bergens Dyrebeskyttelsesforening for lang og tru teneste og stelling av krøter.

Hermund fekk 1867 skøyte frå mor si på garden. Han vart g. m. Sigrid Kolbeinsdr. Hylland f. 1833. Hermund selde 1878 til Torstein, bror sin, for 1600 kronor, Torstein var g. m. Ragnhild Haugse, Granvin og døydde 1930. Dei hadde borni Olav, Jorunn, Sjur og Inga. Sjur er f. 1882 og fekk garden 1920 for 1000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 192, lnr. 368 b med gamal skyld 8 mark, urevidert 3 ort 13 skill., revidert 3 ort 12 skill. Ny skyld 97 øre etter at bruk 4 var skilt frå.

Bruk 3. Grønlidholmen. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1926 og selt til provisor Armand Johannessen.

Bruk 4. Brekkebu. Skyld 3 øre. Skilt ut frå bruk 2 i 1930 og selt til Henrik Brekke på Vossavangen.

Bruk 5. Nylendo. Utskilt frå bruk 1 i 1936. Skyld 5 øre. Skøytt til resid. kapellan Peter Madland.

Bruk 6. Vedavikjæ. Skilt ut frå bruk 1 i 1936. Skyld 5 øre. Selt til ingeniør T. Kvamme.

Bruk 7. Eirikshaugen. Skilt frå bruk 2 i 1936 med skyld 5 øre og skøytt til lektor Th. Slette.

Støl.

Bruk 2 kjøpte støl i 1903 av Mala, sjå bruk 3 på Mala.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala 1723; men 1776 og 1791 var der ei flaumkvern. Ho stod i elvi litt nedanfor osen av Grønlidvatnet til ikring 1910.

Bumerke.

Ivar Trondson 1789 tavle 7 nr. 27.

Ymse.

Gamle folk fortel at Grønlidi høyrde til Mala fyrr brukaren vart eigar av Grønlidi. - Dei hermer etter gamle folk i Grønlidi at det aldri har vore korkje dokter eller jordmor til gards der. - Fødnaden var ikkje so liten i Grønlidi i eldre tid. Ein gong hadde det ordet kome ut at dei fødde sju hestar. Men det er no slett ikkje sant, sa kona, det er berre seks øykje og eit fyl.