176. Grovu (i Kvitli).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 51 ---

Namnet er i 1611 skrive Greffue og Grøffue. Det vert no sagt Gròvù2 (i Kvit'ne); han búr pao, è tao, ska tì Gròvù, sms. Gròvù-èlvè. Namnet er liksom nr. 127-128 avleidt av gn. grọf f. grav, med nominativform Grafa f. (gen., dat., akkus. Grọfu), helst brukt som namn på eit stykke der det hev vore kolgraver.

Landkommisjonen har 1661 ført upp Grovu øvre tun og Grovu og dessutan Berghuus, som har vore ein part av Grovegardane. Øvre Grovu hadde 1 laup 9 mark i skyld, ein brukar, og timber- og vedaskog til eige bruk. På Grovu var ein brukar, 1 laup i skyld og turvande brensel. Skyldi på Berghuus var 1 laup 6 mark med ein brukar og brennefang til eige bruk. I matrikkelen 1723 er det tri tun. Øvre tun hadde 1 laup 9 mark i skyld, andre tun 1 laup 6 mark og tridje tun 1 laup 6 mark. Det var ein brukar på kvart tun. Alle tun hadde skog til husvøling og turvande vedaskog. Garden var tungbrukt og det var ymist med kornavlingi.

Skyldi var likeeins til 1838 då ho vart umskrivi til 8 dalar 19 skill. Samanlikningstalet var 420 for øvre tun, 420 for andre tun og 390 for tridje tun. Der var fure- og vedaskog til eige bruk, og tridje tun hadde vassfall. Matrikkelen 1865 melder at der var 28½ mål åker, 10 mål dyrka eng, 34 mål god, 55 mål medels natureng og 95 mål skrapebø. 2 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var ring. Skog til eige bruk, og dei kunde selja timber for 15 spd. årleg kvar på bruk 1 og 2 og for 12 spd. på bruk 3. Garden var tungbrukt, utsett for å svida og dyrka som vanleg. Vassfallet på bruk 1 og 2 vart sett til 1 spd. årleg innkoma for kvar og ½ spd. for bruk 3. Ved uppteljingi 1918 var der 39,5 mål åker, 53 mål kunsteng og 42 mål natureng.

Folketalet var 29 i 1801, 27 i 1865 og 19 i 1920.

--- side 52 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Grovu.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 4   22   25          
1723 3   22   31   30      
1865 3   27   64   73   69  
1918 5   22   46          

I sume tilfelle er det vanskeleg å avgjera med vissa um det gjeld Grovu i Kvitli eller Grovu i Rd. Det hender og at det kann vera tvilsamt um det skal vera Grovu eller Graudo. Kollr a Grofue var vitne i ei sak på Veiken, umtala i brev stutt fyrr 1300 (DN. XIII nr. 2). Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte ½ laup og at sira Erlinghr gav kyrkja ½ laup i Grovu. Eirik var leiglending 1567 og betalte 8 mark i landskyld. I 1591 var det Eirik og Hans. Hans brukte då 1 laup og betalte 1597 tridje års bygsel for ½ laup med 102/3 skill. og ½ dalar i landskyld. Jordboki 1585-1616 melder at Vangens prestebol fekk 1 såld korn og 1 spann smør i landskyld.

Hallerød og Guttorm var leiglendingar i 1603. Guttorm er oftare skriven som leiglending 1610-1636 og betalte 1610 tridje års bygsel for ½ laup og i 1616 for 1 laup 12 mark. Guttorm og Holdre åtte 1611 tilsaman 1 laup og 1621 var Guttorm eigar av 12 mark. Dessutan var Hans, Eirik og Halldor leiglendingar i 1611 og Knut 1614. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset 1 pund 8 mark med 1 dalar. Stiftet åtte då ½ laup på Grovu. Leidangsboki 1624 melder at det var leidang på to partar på Grovu, 1 spann smør, 1 geitskinn og 1 kalvskinn på den eine og 5 merker smør og 1 bukkskinn på den andre. Guttorm brukte den fyrste og Gitle den andre. Arne brukte 2 laup i 1635 og Arnold 1 laup 1 spann. I 1645 var der tri leiglendingar: Arne Torgeirson, g. m. Anna, Arne Guttormson, g. m. Marta, og Pål Knutson, g. m. Berete.

F. Broderson let 1649 til kongen ved makabyte noko på Grovu. Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen 6 merker smør og 1 bukkskinn av Apostelgodset. Sehested åtte 1650 1 laup 12 mark i Grovu som han hadde fått ved makabyte med kongen. På det var det 6 merker smør, 1 bukkskinn i

--- side 53 ---

leidang, 1 dalar 16 skill. i skatt. 1 ort 4 skill. i arbeidspengar, 1 ort 4 skill. i fornødspengar og 1 ort 131/3 skill. i avgift til jordeigaren. Sehested laut lata dette jordgodset att 1651 til kongen og han selde det 1657 til Gabriel Marselis.

I 1652, 1655 og 1659 er øvre tun ført upp med 1 laup 9 mark i skyld som Arne Berge i Hardanger åtte. Olav og Arne var leiglendingar 1652 og Arne 1655 og 1659. I ei sak på Krossaset 1664 er upplyst at Olav Larsson nyleg var død, 50 år gl. Han var lagrettemann 1656. Skyldi på tridje tun var 1 laup 6 mark. Derav åtte prestebolet ½ laup, Lasse Rekve ½ laup og Vangskyrkja 6 mark. Mons var leiglending 1652, Pål 1655 og Mons 1659. Andre tunet er ikkje umtala 1652, 1655 og 1659. Vangskyrkja fekk etter kyrkjerekneskapen 1654 1 aske korn og 4 merker smør som landskyld for eigedomen sin på Grovu. Viking Ygre var 1569 eigar av ½ laup på Grovu.

I 1661 var det 1 laup 9 mark i skyld på øvre tun, 1 laup på nedre tun og 1 laup 6 mark på Berghuus. Munkeliv åtte 27 mark i øvre tun og 3 spann var bondegods. Arne Larsson var brukar. Nedre tun høyrde til Finnegodset der Arne Torgeirson var brukar. Prestebolet åtte ½ laup på Berghuus, Vangskyrkja 6 mark, og resten var bondegods. I 1664 var Arne Larsson leiglending på Øvre tun, Arne Torgeirson og Nils Arneson på nedre tun, som då er skrive for Århus, og på Berghuus var det Mons Erlingson.

H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 1½ spann i øvre tun som var Munkelivgods. I 1691 åtte Klas Miltzow 1 laup og prestebolet 6 mark i fyrste tun. Vangskyrkja åtte 6 mark og Vangens prestebol resten av andre tun. Klas Miltzow åtte 1 laup og prestebolet 6 mark i tridje tun. I 1695 var prestebolet eigar av 6 mark og Ingjerd Miltzow 1 laup på fyrste tun, Vangskyrkja av 1 pund 21 mark og Vangens prestebol 1½ laup på andre tun og kaptein Rasmus Stoud 3 spann og Fatighuset 27 mark på tridje tun. Olav Ivarson var leiglending 1663 og 1668 og var båe åri lagrettemann. Pål og Anders var 1691 og 1695 leiglendingar i fyrste tun, Ivar i andre tun og Knut i tridje tun.

Folketeljingi 1701 har ført upp tri leiglendingar: Ivar Knutson f. 1660, Jon Olavson f. 1665 og Sjur Knutson f. 1651. Ivar var g. m. Ragnhild Mattisdr. som døydde 1695. Ivar var uppkrevningsmann i ein part av bygdi for å samla pengar til kostnader då Lars Skutle og Kjel Berge skulde reisa til kongen.

--- side 54 ---

Ivar og Ragnhild hadde dotteri Dordei som 1724 gifte seg med Bård Anderson Haug. Ved skifte etter Ragnhild som var halde på Århus, Grovu, er kyrne verdsette 3 rd., ein ukse 1 rd. 2 mark, ein vetrunge 8 mark, ein ver 2 mark, ei gimber 1 mark 8 skill., ein hors (hest) 2 rd., ei geit 2½ mark, kvitlar 3 mark, brotkvitlar 4 mark. Jon Olavson f. 1665, g. m. Katla Knutsdr. budde i tridje tun og fekk 1720 ny bygselsetel på ½ laup frå soknepresten. Jon døydde 1726 barnlaus. Ved skifte etter han åtte buet ½ laup etter skøyte 1703.

I Odelsskattemantalet 1714 er skrive som eigarar madam Miltzow av 2 pund 6 mark og enkjehuset i Bergen 27 mark av fyrste tun, Vangskyrkja 6 mark og brukaren 1 laup av andre tun og Vangens prestebol ½ laup, Vangskyrkja 6 mark og brukaren ½ laup av tridje tun. Erling Olavson kjøpte 1711 1 laup i andre tun av Josef Grovu for 50 rd. Framhald bruk 2. Josef var g. m. Anna Persdr. og fekk 1715 sonen Johannes. Det heiter då at han fyrr hadde butt på Grovu. Johannes Gullbrandson bygsla 1707 18 mark av Kirsten Miltzow. Stiftsskrivaren Hans Hvid bygsla 1718 2 laup til Anders Andersson. Han hadde to døtter og truleg fleire born: Mari, g. 1731 m. Mons Kolbeinson Dale, Borghild, g. 1732 m. Jakob Rykke. Lars Einarson bygsla 1726 ½ laup av soknepresten og kjøpte 1727 ½ laup. Framhald bruk 3.

Knut Brynjulvson fekk 1730 bygslesetel hjå Jens Nordahl og fekk borni Brynjulv f. 1732 og Marta f. 1737. Gudleik Oddson bygsla 1735 5 spann av bispen. Jens Nordahl bygsla 1737 1 laup til Mattis Person Vinsand. Han var g. m. enkja Ingebjørg Oddsdr. og hadde butt på Store Ringheim, då dei kom til Grovu. Mattis døydde 1737 og åtte 2 spann på Kvårmo etter skøyte 1692 som han hadde fått med kona si. I staden for Mattis kom 1738 Ivar Andersson som fekk bygsla 1 laup 9 mark av Nordahl. Ivar kjøpte 1754 2 pund 6 mark av Nordahl og selde att 1755 til bror sin, Mons Andersson Svanga. Han let eigedomen 1760 til Brynjulv, son sin.

Brynjulv Monsson vart g. m. Marta Gitlesdr. som døydde 1771. Han døydde 1776, 68 år gl. og hadde fire born etter seg: Mons Grønlidi, Jon, g. 1762 m. Sigrid Olavsdr. Midt Skutle, budde 1776 på Vossabakken, Jernes, Ragna f. 1737, g. 1774 m. Hermund Trondson Bjørgo, Gunnhild f. 1743. Jordgodset vart ved skifte etter Marta taksta 350 rd. og bruttomidelen var

--- side 55 ---

481 rd. Ho Grunnhild gifte seg 1774 m. Ivar Trondson Grovu og fekk same år skøyte på 2 pund 1 mark. Dei fekk på Grovu borni Kari f. 1775 og Brynjulv f. 1776. Mons kjøpte 1778 2 pund 6 mark og selde same året til Anders Person Kvitno. Han gifte seg 1783 m. enkja Sigvor Erlingsdr. Skutle og selde eigedomen att 1784 til Arnfinn Andersson. Han selde so 1786 til Brynjulv Monsson som same år bytte med Knut Sjurson uti bruk 3 Ronve.


Grovu
Bilete 10, Grovu. Fot. P. Braaten 1937.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Grovu. Knut Sjurson, g. 1756 m. Katla Torleivsdr. Øvre Graudo, fekk 1786 skøyte på 2 pund 6 mark. Ho Katla fekk 1784 premie frå Det Nyttige Selskap i Bergen for veving og farging av ty. Knut døydde 1803, 79 år gl. og Katla 1812, 76 år gl. og hadde seks born: Torleiv f. 1770 Sjur f. 1772, g. 1804 m. enkja Anna Knutsdr. Flatlandsmoen, Steffa f. 1774, død ugift 1832, Guri g. 1785 m. Arnfinn Andersson på Rykke, Sisselja, g. 1788 til Skutle med Arnfinn Andersson, Brita f. 1781, g. 1811 m. dokter ekm. Lars Hallsteinson Istad. Torleiv vart g. 1798 m. Anna Olavsdr. Hildestveiti og fekk 1796 og 1799 skøyte frå far sin på 2 pund 6 mark. Anna døydde 1822

--- side 56 ---

og hadde med Torleiv borni: Olav, Katla, g. 1821 m. Olav Larsson Øvre Herre og Synneva, g. 1836 m. Josef Håvardson Mala. Torleiv hadde som fosterson Knut Arnfinnson f. 1796.

Olav Torleivson gifte seg 1826 m. Marta Larsdr. Istad og fekk 1822 og 1824 skøyte på garden. Dei fekk borni: Brita f. 1831, Synneva f. 1836, Lars f. 1839. Olav selde garden 1844 til systermannen Olav Larsson Herre for 600 spd. og reiste til Amerika. Olav selde att 1845 til Håvard Olavson Ystås, Granvin for 840 spd. Han var f. 1813, g. m. Eli Larsdr. Folkedal f. 1813 og døydde 1886. Eli døydde 1895. Dei hadde borni: Olav f. 1845, Lars f. 1847, død i Amerika, Svein f. 1850, Ivar f. 1853, g. 1880 m. Margreta Knutsdr. Møn, husmann på Møn, Guri f. 1855, g. 1881 m. Olav Aslakson på Istad.

Olav Håvardson f. 1845, gifte seg 1887 med Anna Knutsdr. Flatlandsmoen f. 1845 og fekk 1877 skøyte på garden for 3200 kronor. Olav let garden 1904 til Arnved Davidson Spildo og kjøpte bruk 5 på Nedre Fenno. Knut Knutson Flatlandsmoen kjøpte bruk 1 Grovu på auksjon i 1915 for 15000 kronor. Etter odelssøknad fekk David Arnvedson Spildo skøyte i 1918 for 32 250 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 185, lnr. 356 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 22 skill., revidert 2 dalar 4 ort 19 skill. Ny skyld mark 4,31.

Bruk 2. Grovu. Som ovanfor umtala kjøpte Erling Olavson 1711 1 laup. Han var g. m. Anna Hallvardsdr., døydde 1741, 78 år gl. og hadde etter seg borni: Olav f. 1712, Hallvard f. 1717, g. 1754 m. Brita Larsdr. Rekve og Åmund f. 1725, g. 1754 m. Brita Larsdr. Dale og fekk same år dotteri Anna. Olav gifte seg 1. 1735 m. Synneva Olavsdr. Tverberg, 2. 1745 m. Dordei Sveinsdr. Fenno og fekk 1742 skøyte frå brørne sine på 1 pund og 1761 frå Anna Hallvardsdr. på ½ laup. Olav kjøpte 1760 løysningsretten til 1 laup 12 mark på Grovu som Gabriel Marselis hadde kjøpt 1657. Olav døydde på Skutle 1793. Han og Synneva hadde borni: Ingjerd f. 1736, g. 1775 m. Sjur Knutson Tverberg, Gjertrud f. 1738, g. 1766 etter kongelegt løyve med Lars Torsteinson Tverberg, Erling og Arve f. 1741.

Erling Olavson gifte seg 1771 m. Soffi Arnvedsdr. Skjerve f. 1747 og fekk skøyte 1762 og 1770 frå faren på tilsaman 1 laup. Erling bytte 1777 med Olav Sjurson uti eit bruk på Midt Skutle. Olav var g. m. Soffi Isaksdr. og fekk på Grovu

--- side 57 ---

borni Kristense f. 1778 og Arnbjørg f. 1781. Olav selde bruket 1782 til Anders Knutson Løno. Josef Erlingson f. 1742 fekk 1787 skøyte på bruk 2. Han var g. 1. m. Lisbet Håvardsdr., 2. 1797 m. Marta Arnfinnsdr. Bryn og døydde 1804. Ved skifte etter han var bruket taksta 560 rd. Bruttomidelen var 719 rd. Med Lisbet hadde Josef sønene Håvard f. 1775 og Erling f. 1786, død ugift 1823. Håvard vart g. 1808 m. Brita Larsdr. Mala f. 1781. Håvard døydde 1862, Brita 1852 og hadde borni: Josef f. 1811 som kjøpte Mala, Lars f. 1811, Elisabet f. 1813, g. 1838 m. Lars Andersson Fenno, Marta f. 1817, Marta d. y. f. 1821, g. 1847 m. Anders K. Fenno, Kristi f. 1823. Josef og Marta fekk sonen Arnfinn f. 1799.

Ho Marta, enkja etter Josef, vart attgift 1805 m. Bjarne Arnbjørnson Haugo som same år fekk skøyte på garden. Han døydde 1824, 56 år gl. utan born. Arnfinn Josefson fekk 1819 skøyte på garden frå stykfaren og gifte seg same år med Anna Larsdr. Istad. Dei fekk på Grovu og Bryn borni: Josef f. 1819, g. 1840 m. Brita Magnesdr. Rykke, Lars f. 1822, Erling f. 1829, Mons f. 1832, Bjarne f. 1835, Anders f. 1841 og Knut f. 1844. Arnfinn vart 1829 teken til medhjelpar åt soknepresten. Arnfinn bytte 1844 med Lars Herbrandson Takla uti Tveiti, der Lars er umtala. Han selde att 1849 til Anders Knutson Fenno, g. 1847 m. Marta Håvardsdr. Mala. Kolbein Kolbeinson Dale kjøpte garden 1869 for 600 spd., men selde att 1870 til Svein Håvardson Grovu for 1300 spd. og flytte til Nedre Skutle.

Svein Håvardson gifte seg 1873 m. Anna Larsdr. Skjerve og døydde 1919. Anna døydde 1931. Dei hadde seks born: Eli f. 1875, Brita f. 1877, g. 1901 m. Nils Arnfinnson Møn, sjå bruk 6 og 7 Istad, Håvard f. 1880, Lars f. 1882, Ingebjørg f. 1887, g. 1921 m. Lars Kolbeinson Skutle, Olav f. 1892. Håvard fekk 1919 skøyte på garden for 3000 kronor og gifte seg 1926 med Ingeleiv Sjursdr. Grovu.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 185, lnr. 357 med gamal skyld 1 laup 6 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 22 skill., revidert 2 dalar 4 ort 15 skill. Ny skyld mark 4,26.

Bruk 3. Grovu. Som ovanfor umtala kjøpte Lars Einarson Bø ½ laup i 1727. Han gifte seg 1726 med Rannveig Ivarsdr. Grovu og døydde 1756, 68 år gl. Ho døydde 1777, 72 år gl. Dei hadde seks born: Torbjørg f. 1727, g. 1766 m. Sjur Halldorson Øvre Skjervheim, Ivar f. 1729, Knut f. 1732, Gudleik

--- side 58 ---

f. 1735, g. 1760 m. Sigvor Knutsdr. Dukstad, Mattis f. 1738 og Svein f. 1745, g. 1776 m. Sigrid Samsonsdr. Nedre Auro. Ivar vart eigar av ½ laup som han selde 1765 til systermannen Sjur Halldorson. Sjur hadde bygsla i 1763 ½ laup av soknepresten. Ho Torbjørg døydde 1777, 50½ år gl. Sjur gifte seg andre gongen 1779 m. Gjertrud Gusskalksdr. Leiddal og tridje gong 1783 m. Guri Styrksdr. Mala.

Sjur bytte 1787 med Nils Person uti Lassahaugen. Nils var g. 1. m. Guri Persdr., 2. 1804 m. enkja Gjertrud Olavsdr. Bulko og døydde 1828, 68 år gl. Guri døydde 1837, 78 år gl. Ved skifte 1828 åtte dei 1½ pund i Grovu taksta 36 spd. og hadde bygsla resten av bruket. Seks born med Guri: Kari f. 1784, død ugift 1839, Per g. 1823 m. Brita Johannesdr. Fenno (som døydde 1854 og Per 1858, 71 år gl., som kårfolk barnlause), Anders f. 1790, g. 1821 m. Borghild Larsdr. Veka, Olav f. 1793, g. 1824 m. Marta Bjarnesdr. Vetla Hegg, som 1837 budde på Skutle, Ingebjørg f. 1799, g. m« Asle Bjarneson Vetla Hegg, David f. 1805, g. 1827 m. Anna Persdr. på Hildestveiti.

Ved skifte etter Nils fekk døtterne Kari og Ingebjørg det som han hadde ått i garden. Vangens prestebol åtte 1½ pund. Guri, enkja etter Nils, fekk 1836 kongeskøyte på prestebolet sin eigedom for 400 spd. og jordavgift 2 tunnor bygg. Guri selde att same året til Sjur Monsson Bokkatun, som er umtala på Bokkatun. Han selde 1844 til Knut Larsson Bolstad, Evanger, for 500 spd., g. m. Brita Nilsdr. Dei fekk på Grovu dotteri Synneva f. 1845. Per Nilsson Ålvik kjøpte garden 1850 for 400 spd. og selde att 1864 til Knut Brynjulvson Fenno for 800 spd.

Knut var f. 1832, g. 1862 m. Synneva Sylfestdr. Grjotland og døydde 1884. Synneva var f. 1835 og døydde 1883. Fem born: Brita f. 1863, Nils f. 1866, Synneva f. 1867, Gunnvor f. 1870, g. 1896 m. Johannes Jonson Endeve, sjå bruk 61 på Lekve, Brynjulv f. 1874. Nils gifte seg 1886 m. Arngunna Knutsdr. Ygre og kjøpte garden 1885 på auksjon for 3280 kronor. Nils selde att 1893 til Sjur Olavson Auro for 3500 kronor. Han er f. 1851 og g. 1883 m. Marta Nilsdr. Græe. Deira son Nils fekk 1921 garden for 3000 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 185, lnr. 358 med gamal skyld 1 laup 6 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 23 skill., revidert 2 dalar 2 ort 16 skill. Ny skyld mark 3,69.

--- side 59 ---

Bruk 4. Grovehaugen. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1923. Kristian Seim er eigar.

Husmenn på Grovu.

Knut og Anna, kona hans, var husmannsfolk 1645, og Sigrid var «huskone». Håkon Torgeirson f. 1647 var husmann 1701. Trond Olavson, g. m. Anna Sjursdr. fekk 1719 dotteri Åsa. Knut Torgeirson f. 1700 var husmann på Grovu då han 1772 vitna i ei sak på Dale. Lars Knutson, g. m. Magli Larsdr., fekk 1785 sonen Lars. Gudleik Andersson, g. m. Lussi Persdr., fekk sonen Anders i 1790. Per Ivarson f. på Kyte 1785, g. 1811 m. Ingjerd Olavsdr. Jernes er skriven for Lid 1811, Fenno 1815 og Flatlandsmoen 1818, var husmann på Grovu 1821-1849. Dei reiste sidan til Evenes i Nordland og har stor slekt etter seg. Per var med i krigen mot Sverike. Fleire har sagt at det må vera han den Per Ivarson som er umtala i Angells bok Syvårskrigen 1807-1814, der det er sagt at Per hadde synt utruleg mot og herdigskap. Per kom til Voss att frå Nordland på sine gamle dagar, var oftest kalla Per i Bakkjen, var sterkt religiøs, ofte talsmann i gravferder og døydde 1865. Han gret ofte når han fortalde frå krigen. Namnet hans står på Veteranbautaen. Olav Hermundson Bulko f. 1809, g. m. Kristi Nilsdr. Uppheim, fekk 1835 sonen Nils. Olav kom seinare til Jerald, der han vert umtala. Husmannskona Kari Andersdr. døydde 1825, 52 år gamal. Olav Nilsson, g. m. Marta Bjarnesdr., fekk dotteri Elisabet i 1873. Gudleik Larsson, g. m. Anna Persdr., hadde borni Synneva f. 1845 og Ingebjørg f. 1850 og døydde 1856, 45 år gl.

Anders Nilsson f. 1793, g. m. Borghild Larsdr., hadde vore husmann då dei 1843 reiste til Amerika. Nils Andersson var g. 1. m. Kari Andersdr., 2. 1826 m. Sigrid Larsdr. Mala f. ikring 1782, 3. 1845 m. enkja Sigrid Knutsdr. Opeland. Nils døydde 1851, 75 år. gl. Nils Brynjulvson, g. m. Guro Torbjørnsdr., fekk 1855 dotteri Ingebjørg. Olav Larsson f. 1822 hadde plasset Halahaugen og døydde 1879. Ein son Anders f. 1848 er umtala på bruk 3 Midt Skutle. Etter framlegg frå distriktslækjaren vedtok formannskapet 1842 å leiga sjukerøktar til ein huslyd på Grovehagen der alle var sjuke av sotti.

--- side 60 ---

Enkja Sigrid Knutsdr. f. 1800 budde 1865 på Nepelandsplasse. Ho er nemnd ovanfor og er umtala på Repål under husmenn. Med Jakob, fyrste mannen sin, hadde ho tri søner: Sjur f. 1826, husmann på Bryn, Jakob f. 1829, husmann på Istad, og Knut f. 1833 som budde i Steinbruhaugen. Lars Torbjørnson, g. m. Herborg Gitlesdr., fekk 1878 dotteri Gudve. Mass Olavson f. i Vardal 1824 hadde Massatræe og døydde ugift 1916. Lars Oddson, g. 1874 m. Kari Gudleiksdr. Finne, hadde plasset Leite på bruk 1. Lars døydde 1920. Dei hadde fleire born. På bruk 2 har og vore eit plass Leite. Husmannskona Guro Knutsdr. f. 1838 døydde 1883. Anders Ingebriktson f. 1856, g. 1882 m. Marta Knutsdr. Nesheim, har havt plasset Brendehaugen der han rudde og bygde i 1880-åri.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden er det sagt i matrikkelen 1723. Grovestølen heiter Skrehovden og er i bruk.

Kvern og sag.

I 1723 var det ei flaumkvern på andre tunet, men ikkje nokon på dei andre tuni. Der var tri kvernar på Grovu i 1776 og 1791. Ei kvern står endå, men dei andre er nedlagde. Uppgangssag vart bygt ikring 1860 og var i bruk um lag 30 år. På tinget 1822 er upplyst at Torleiv Knutson hadde stampa, og folk no hugsar at det var stampa i Uppheimselvæ.

Offentlege forretningar.

Forretning 1760 på Øvre Grovu. Sak 1761 mot Gjelland, Haug og fleire um beiting. Forretning 1771 og 1776 millom eigarane på Grovu. Takst 1821. Utskifting 1836. Sak 1843 um korntiende og dom 1844. Semje 1851 um merkesgjerde. Godviljug utskifting 1906 millom bruk 1 og 2.

Bumerke.

Ivar f. 1712, 1717, 1718 tavle 7 nr. 35, litt brigda 1725. Jon 1712, 1724, 1725 t. 7 nr. 36. Erling 1716 t. 7 nr. 37, mykje brigda seinare. Olav Gitleson 1730 t. 7 nr, 38. Knut 1736 t. 7 nr. 39. Mattis 1737 t. 7 nr. 40. Lars t. 1 nr. 18. Ivar 1750, 1752 t. 7 nr. 41. Brynjulv 1764 t. 7 nr. 42. Erling 1774 t. 7 nr. 43. Olav 1757 t. 7 nr. 44.

Ymse.

I stølsbeiti er ein stad dei kallar Ormaheiæ og der har tidlegare vore orm. Ei segn fortel at det skal ha vore gard på Flathaug søraust for gardshusi ved vegen til Hardanger, og at alle folki der døydde i Svartedauen.