Grovu (i Raundalen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 311 ---

Namnet vert umkring 1300 skrive a Grofu. Det vert no sagt Gròvù út í Dalè; han búr pao, è tao, ska tì Gròvù, sms. Gròvégróè. Namnet må vera avleidt av å grava eller ei gròv (gn. grọf f.) og i gamalnorsk mål ha heitt Grafa f. (genitiv, dativ og akkusativ Grọfu), brukt um ein stad der det var kolgraver. Ein åker der er enno kalla Kolgròvó, og av dette er gardsnamnet truleg avstytt.


Grovu og Vålo
Bilete 39. Grovu og Vålo. Fot. P. Braaten 1936.

Kollr a Grofu er nemnd som vitne i brev straks fyre året 1300 (DN. XIII nr. 2) i rettssak millom fru Åsa og Torgaut um garden Veiken i Granvin. Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte ½ laup i Grovu. Elles har me ikkje funne garden nemnd fyrr 1621. I eldre brevskap er det ofte vanskeleg å vita anten det gjeld Graudo, Grovu i Kv. eller Grovu, Rd. av di dei stundom er skrivne likt og det står ikkje alltid tilført kva Grovu som er meint.

Leidangsboki 1624 har ført upp 3 mark smør og 1 kalvskinn som leidang, men har ikkje nemnt um nokon brukar.

--- side 312 ---

Ryttarskatt vart 1627 lagt på Nedre Grovu med 1½ dalar 1½ ort 9 skill. Ivar Grovu var leiglending 1640 og 1645 og var g. m. Ågota. Han betalte skatt i 1640 «efter evne ½ ort». Grovu er ført upp i 1650-åri med skyld ½ laup, som var bispegods. Torkjel var brukar 1652, 1655, og Torkjel og Ivar i 1659. Båe var utarma so dei fekk avkorting i skatten.

Frå 1661 vert det vanleg skilt millom Vetla og Store Grovu og dei vert no tekne kvar for seg.

127. Vetla Grovu.

Landkommisjonen skriv 1661 at Vetla Grovu var «en ringe pladz» med ein brukar og 12 mark i skyld. Elles er ikkje sagt noko um garden. Skyldi er førd upp med 18 mark i 1695, 1714 og 1723. Matrikkelen 1723 upplyser at garden var tungbrukt, hadde kald jord og det var usikkert med kornavlen. Der var lite vedaskog og ingen humlagard. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 1 dalar 3 ort. Samanlikningstalet var 240, og der var vedaskog, vassfall og namn til humla-avling.

Matrikkelen 1865 fører upp 64/5 mål åker, 1 mål dyrka eng, 7 mål god, 5 mål medels natureng og 8 mål skrapebø. Der var medels vårhamn, god sumarhamn og skog til husbruk. Garden var svært tungbrukt og dyrka som vanleg. Kornet fraus sume tider. I 1918 var der 10,3 mål åker, 2 mål kunsteng og 6,5 mål natureng.

Der budde 7 menneske i 1801, 8 i 1865 og 13 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Vetla Grovu.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   10   10          
1723 1   5   6   3      
1865 1   7   18   16 ½ 14  
1918 1   4   15          

Uppgåva i 1657 gjeld for heile Grovu.

Toris Kyte åtte 1621 3 mark i Vetla Grovu. Leidangsboki for 1624 melder at leidangen var 1 kalvskinn. Brukar er ikkje

--- side 313 ---

nemnd. Munkelivgodset åtte Vetla Grovu i 1661 og Mikkjel Arneson var brukar. På tinget 1670 er tilført åt Vetla Grovu var rudt for 12 år sidan av Mikkjel som hadde det i seks år, deretter Torkjel eit år, enkja eit år og Ivar fire år. Han kom frå Aurland. Dei hadde gjeve anten ½ rd. i årleg landskyld; arbeidt eller født eit naut for landskyldi. Ho vart no sett til 12 mark smør.

Garmann fekk kongeskøyte på garden 1662, men selde same året til Klas Miltzow som åtte det 1680 og til ikring 1690. Kirsten Miltzow var eigar i 1695 og 1714. Knut Sjurson var brukar 1664 og Ivar 1670. Han har då vitna i den store skogsaki at han hadde hogge timber i Almenningen. Mattis var leiglending 1695 og Gulbrand Larsson i 1701. Han var f. 1638 og hadde sonen Johannes.

Johannes Gulbrandson f. 1677 bygsla Vetla Grovu i 1707 av Kirsten Miltzow og kjøpte garden 1723 av Knut Finne. Johannes var g. m. Rannveig Nilsdr. og døydde fyre 1732. Dei hadde borni Brita f. 1712, g. 1738 m. Per Eilivson Øyaflòten, Ingebjørg f. 1716, g. 1750 m. ekm. Nils Andersson Jernes, Viking f. 1718 og Nils. Viking Davidson kjøpte 1727 av Johannes 9 mark i garden og selde det 1738 til Olav Olavson Haugen for 50 rd.

Ho Rannveig vart attgift 1733 m. ekm. skomakar Johannes Hansson og dei åtte då 9 mark i Vetla Grovu. Johannes døydde 1744, 80 år gl. Viking Johannesson f. 1718 kjøpte garden 1740 og har ått han til 1764. Gitle Vikingson, g. m. Ågota Sveinsdr. har vore leiglendingar. Ho døydde 1753 utan etterkomarar. Johannes Person kjøpte Vetla Grovu 1764, gifte seg same året m. Gjertrud Sveinsdr. Øvsthus og selde 1770 til Eiliv Person. Han var gift 1769 m. Arnbjørg Andersdr. Vetla Grovu og fekk der sonen Per f. 1769.

Knut Knutson har 1772 kjøpt 9 mark på Vetla Grovu. Sjå vidare um han nedanfor på mtrnr. 128, lnr. 252. Svein Larsson har ved makabyte i 1776 fått 9 mark. Han var g. m. Sigrid Samsonsdr. og dei hadde på Vetla Grovu borni Rannveig f. 1778, Marta f. 1781, Lars f. 1782 og Torbjørn f. 1785. Svein selde gardparten sin 1787 til Mattis, bror sin, som same året selde til Åmund Velomson Vinjo, Vossastrondi. Framhald på bruk 1.

Bruk 1. Vetla Grovu. Åmund Velomson var fødd 1756, g. m. Gjertrud Oddsdr. f. 1756. Dei fekk på Vetla Grovu borni Velom f. 1791 og Marta f. 1795. Åmund bytte 1801 med Brynjulv

--- side 314 ---

A. Gjerdåk og Olav V. Rykke uti 6 mark i Fagnastølen. Brynjulv kjøpte 1804 Olav sin part og let heile bruket 1820 til versonen Anders Jonson Kyte for 100 spd. Han er umtala på Øvre Kyte. Sonen Anders fekk bruk 1 på Vetla Grovu 1836 for 160 spd. og selde att 1847 til Jon Larsson Hegle for 400 spd. Jon var f. 1814 og g. 1851 m. Barbrå Mikkjelsdr. Endeve.

Ivar Jensson Helland kjøpte garden 1854 for 300 spd. og selde 1855 til Olav Olavson Anfinnset fra Ål for 400 spd. Han selde so 1858 til Lars Torbjørnson Grovu for 300 spd. Lars var fødd 1818 på Kleivane, g. 1853 m. Anna Tormodsdr. Vetla Grovu og døydde 1885. I 1870 vart mtrnr. 128, lnr. 252 ført saman med bruk 1. Lars og Anna hadde borni Marta, Tormod, Gudve, Ingebjørg, Ingjerd, Brita, Ivar og Maria, f. 1854-1876. Tormod f. 1856 gifte seg 1894 m. Brita Vikingsdr. Urdland f. 1871 og døydde 1930. Han fekk skøyte på garden i 1897 for 1400 kronor.

Bruk 2. Skyld 40 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1899 etter oreigning av jarnbanen.

Matrnr. 128, lnr. 252. Vetla Grovu. Gamal skyld 9 mark. Som ovanfor umtala kjøpte Knut Knutson denne eigedomen i 1772. Knut er umtala på Store Grovu der han er leiglending. Sonen Gitle Knutson fekk denne eigedomen 1799. Gitle let 1803 4½ mark til Kjel, bror sin og 4½ mark til Knut Olavson. Han selde att 1813 til Knut Knutson som 1819 selde til Kjel Knutson. Kjel åtte då 9 mark og bytte 1821 med Olav Larsson uti eit bruk på Helleve. Olav makebytte same året med Brynjulv Jonson Kolvu.

Brynjulv Jonson var g. m. Torbjørg Sjursdr. På Vetla Grovu fekk dei borni Sjur f. 1821, Marta f. 1824 og Olav f. 1827. Anders Jonson Øvre Kyte kjøpte eigedomen i 1828 og selde att 1834 til Tormod Oddson Himle for 400 spd. Han var g. 1828 m. Gudve Bjarnesdr. Herre og døydde 1851, 69 år gl. Ho døydde 1868, 81 år gl. Tormod var med i krigen mot Sverike og leid då so vondt at han var ikkje helsesterk sidan. Namnet hans står på Veteranbautaen. Ein gong svenskane var um å fanga Tormod, sprang han uti ein rugåker. Dei skaut etter han so rugen truste, men dei råka han ikkje. Tormod og Gudve hadde dotteri Anna f. 1828, som gifte seg 1853 m. Lars Torbjørnson Kleivane. Sjå vidare på bruk 1. Mtrnr. 128, lnr. 252 vart ført saman med bruk 1 i 1870.

--- side 315 ---

Bruk 1 og mtrnr. 128, lnr. 252 hadde tilsaman gamal skyld 18 mark, urevidert 1 dalar 3 ort, revidert 1 dalar 2 ort 12 skill. Ny skyld mark 1,78 etter at bruk 2 er skilt frå.

Støl, offentlege forretningar og bumerke

Stølar, offentlege forretningar og bumerke er umtala saman med Store Grovu.

128. Store Grovu.

Landkommisjonen av 1661 fører upp Store Grovu med ½ laup i skyld. Noko anna er ikkje sagt um garden då. Det er same skyldi 1723. Garden hadde god fjelljord, var nokolunde årviss til kornavl og hadde turvande vedaskog. Skyldi var ubrigda til 1838 og vart då umskrivi til 3 dalar 4 ort 22 skill. Samanlikningstalet var 600. Garden hadde turvande vedaskog, fureskog og vassfall.

Matrikkelen 1865 har ført upp 14 mål åker, 2½ mål dyrka eng, 22 mål god, 18 mål medels natureng og 18 mål skrapebø. Eit mål var høvelegt til dyrking. Vårhamni var medels og sumarhamni god. Garden hadde skog til husbruk, var svært tungbrukt og dyrka vanleg godt. Kornet fraus sume tider. I 1918 var der 3,7 mål åker, 4 mål kunsteng og 12 mål natureng.

Folketalet var 11 i 1801, 16 i 1865 og 17 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Store Grovu.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   10   10          
1723 1   10   6   6      
1865 2   14   34   34   28  
1918 2   8   20          

Uppgåva for 1657 gjeld for heile Grovu.

Store Grovu var bispegods. Torkjel og ei enkje truleg etter Ivar, var leiglendingar 1661 og skatta tilsaman 3 ort. Jon Olavson var leiglending 1664 og 1670 og hadde sonen Olav f. 1648. Jon vitna 1670 i den store skogsaki at han hadde hogge timber i Almenningen. Rønild (skal vel vera Brynjulv) var leiglending 1691 og Brynjulv Jonsson 1701. Han var f. 1661, g. m. Anna

--- side 316 ---

Olavsdr. og døydde 1746. Anna døydde 1750. Tri born: Olav, Maria og Åsa. Maria var g. m. Olav og døydde fyrr 1746. Det var tri born etter henne: Gitle Øvre Graudo, Lars Eggjareid (1746, Heimberde 1750) og Guro, g. m. Knut Almenningen (1746, Ringheim i 1750). Åsa var g. m. Johannes Flatekvål.

Olav Brynjulvson gifte seg 1. 1714 m. enkja Gudve Persdr. Dukstad og 2. 1720 m. Brita Knutsdr. Tveiti. Olav bygsla 1720 av bispen 1 pund som far hans Olav då hadde sagt upp so Olav skulde få det. Han er død fyrr 1746 og hadde fire born: Nils, g. 1744 m. enkja Ragnhild Larsdr. Bø og budde på Bø, Jon f. 1725, Knut f. 1731 og Gudve f. 1728 g. m. Eiliv Eilivson Skiple.

Gitle Olavson Graudo f. 1709, g. 1736 m. Ragnhild Persdr. Graudo f. 1720 hadde gard på Øvre Graudo til 1754. Gitle var son åt Olav Gitleson Øvre Graudo som døydde 1744. Gitle har 1743 saman med Sjur Person selt 1 pund 1½ mark i Grovu til Olav Torgilsson. Gitle og Ragnhild har i 1750-åri vorte leiglendingar på Store Grovu og døydde der, han i 1765 og ho i 1797. Sjå um borni deira på Øvre Graudo.

Olav Gitleson f. på Øvre Graudo 1745, var g. 1772 m. Marta Knutsdr. Bø f. 1744 og døydde 1795. Ho døydde 1828. Dei var leiglendingar på Store Grovu og hadde borni: Ragnhild f. 1773 og Knut f. 1776, framhald bruk 1. Ho Ragnhild gifte seg 1797 m. Torkjel Johannesson Vetla Skiple f. 1768.

Knut Knutson Bø, var g. 1762 m. Maria Gitlesdr. og døydde 1816, 88 år gl. Ho døydde 1800, 62 år gl. Dei var leiglendingsfolk på Store Grovu og kjøpte 9 mark i 1772 på Vetla Grovu. Sju born: Gitle f. 1775, Kjel, Knut f. 1781, Olav f. 1786, Sygni, Ingjerd og Marta. Kjel f. 1777, g. 1805 m. Anna Hermundsdr. Helleve, bygsla 1800 1 pund på Store Grovu, vart sidan eigar av Vetla Grovu og kom deretter til Helleve. Knut f. 1781 er det framhald um på bruk 2. Sygni var g. m. Arne Person Fjose. Ingjerd f. 1764 vart g. 1790 m. Sjur Torgeirson Fagnastølen, skriven for Helleve i 1800. Marta f. 1772 gifte seg 1794 m. Steffa Sjurson Bø, Tjukkeb.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Store Grovu. Knut Olavson f. 1776, nemnd ovanfor, gifte seg 1799 m. Synneva Torleivsdr. Heimberde f. 1775. Han døydde 1855 og Synneva 1857. Knut bygsla i 1795 bruk 1

--- side 317 ---

av bispen. Det er fortalt at Knut var den fyrste i Raundalen som dyrka på myr og som kjøpte seg veggklokke og lummeklokke. Den siste er i bruk endå. Fire born: Marta f. 1800, g. 1827 m. Olav Knutson Brekku, Rd., f. 1803 og etterkomar av Sterke-Brekken, som var frå Hallingdal. Brita f. 1807, g. 1829 m. Knut Olavson Vålo, Olav f. 1817 og Torleiv f. 1822, død ugift 1868, sjå bruk 2.

Lars Knutson f. 1821, sjå bruk 2, gifte seg 1846 m. Sigrid Larsdr. Midberde og døydde 1895. Han fekk kongeskøyte 1858 på bruk 1 for 480 spd. og jordavgift som sidan er innløyst. Dei hadde sju born: Rannveig f. 1846 (Amerika), Sigrid f. 1849, død ugift 1899, Knut f. 1850, Lars f. 1853, g. m. Ingebjørg Gitlesdr. Opeland, sjå bruk 71 på Prestegarden (band I), Olav f. 1855 (Amerika), Gitle f. 1858 (Amerika), Maria f. 1861, g. 1882 m. Lars Kolbeinson Midberde. Knut gifte seg 1882 m. Gudve Larsdr. Grovu f. 1858 og døydde 1922. Han fekk farsgarden 1886 for 1600 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 129, lnr. 253 med gamal skyld 1 pund, urevidert 1 dalar 4 ort 23 skill., revidert 1 dalar 3 ort 6 skill. Ny skyld mark 2,40 fyrr noko var skilt frå i 1899.

Bruk 2. Store Grovu. Knut Knutson f. 1781, nemnd ovanfor, gifte seg 1813 m. Rannveig Monsdr. Kvarakvål. Frå 1813 til 1819 åtte han 4½ mark i Vetla Grovu og bygsla i 1812 bruk 2 av bispen. Knut døydde 1857 og hadde fire born: Olav f. 1814, Anna f. 1815, Lars f. 1821, som kjøpte bruk 1, Mons f. 1830. Olav gifte seg 1835 m. Ragnhild Steffadr. Ygre. Dei og Mons reiste til Amerika.

Torleiv Knutson, nemnd på bruk 1, fekk kongeskøyte på bruk 2 i 1858 for 520 spd. og jordavgift som sidan er innløyst. Torleiv døydde ugift 1868 og skøytte garden 1858 til systersonen Knut Olavson Brekku, Rd., for 520 spd. Knut var f. 1833, gifte seg 1861 m. Ingebjørg Hansdr. Heimberde og døydde 1915. Ho var f. 1833 og døydde 1888. Seks born: Marta f. 1862, Olav f. 1865, Hans f. 1868, Anna f. 1871, g. 1899 m. Anders Larsson Kvitno, Synneva f. 1875 og Knut f. 1879. Hans vart gift 1893 m. Gudve Arnesdr. Skiple f. 1874, fekk farsgarden 1893 for 1200 kronor og døydde 1919. Deira son Knut f. 1895 fekk farsgarden 1934 for 2000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 129, lnr. 254 og med skyld som bruk 1.

--- side 318 ---

Bruk 3. Skyld 65 øre. Oreigna til jarnbanen i 1899 frå eigaren av bruk 1.

Bruk 4. Skyld 85 øre. Oreigna frå bruk 2 i 1899. Urdland jarnbanestasjon ligg der. Stasjonsmeisteren er ogso postopnar. Stasjonen heitte Grovu til 1928, då namnet vart brigda til Urdland. Postopneriet heitte fyrst Lassehaugen men vart seinare retta til Urdland. Rikstelefonstasjonen er hjå Raundalens Handelslag.

Bruk 5. Grovedokkjæ. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 2 i 1921 og late til Raundalens Handelslag som har bygt og driv handelsforretning der.

Bruk 6. Grovedokkjæ. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 i 1926 og selt til Raundalens Handelslag.

Meldingane nedanfor gjeld alle Grovegardane når ikkje noko anna er sagt.

Husmenn.

Av husmenn har me namn berre på Lars Jonson som levde 1701. På sørsida av storelvi var eit husmannsplass som heitte Hovden.

Støl.

Stølen var ei mil frå garden er det sagt 1723 både for Vetla og Store Grovu. No har dei sumarsstøl på Jonsstølen og stølar vår og haust uppå Groveberget.

Kvern.

Kvern var der ikkje 1723, men i 1777 var det ei i Urdlandselvæ. Kverni brann 1856, men vart bygd upp att. Det er bruk 1 som eig henne og sume tider har der vore male åt andre og i grannelaget.

Offentlege forretningar.

Forretning um beiting 1767 og likeeins på Midt Grovu 1777. Forretning um veg og gjerde 1780. Kommisjonssemje 1838 og 1872 um Jonsstølen. Utskifting på Jonsstølen 1916. På Vetla Grovu var steiningsforretning 1804 og takst 1812. På Store Grovu var friviljug utskifting 1841. Bruk 2 Store Grovu fekk semje med Urdland 1907 um kvernaveg og med jarnbanen i 1918 um regulering av flaumvatn. Semje millom bruk 2 og jarnbanen um anlegg av brunn og vassleiding.

Ymse.

Jonsokafta 1888 brann alle husi på Grovu, so nær som ei liti bu hjå Knut Larsson. Ei kone som var åleine heime, hadde sett kaffikjelen på i eldhuset og snart etter stod eldhuset i ljos loge. På bruk 2 Store Grovu skal ha vore eit fint bualoft med utkroting.

Bumerke.

Ivar 1713 tavle 6 nr. 23. Brynjulv 1721, 1722 t. 3 nr. 81. Olav 1727, 1731 t. 3 nr. 81. Lars 1743, 1747 t. 3 nr. 81. Lars 1738 t. 3 nr. 3. Viking Johannesson 1745, 1748

--- side 319 ---

t. 2 nr. 15. Viking Vetla Grovu 1758, 1759 t. 2 nr. 15. Johannes Vetla Grovu 1765 har brigda litt på t. 2 nr. 5. Gitle 1755, 1763 t. 6 nr. 24 og brigda merket mykje 1764. Olav 1774 brigda merket t. 6 nr. 24 soleis at det vesle loddbeine streket er på vinstre ende av tverrstreket. Sjur 1767 t. 6 nr. 25. Nils Vetla Grovu t. 6 nr. 26. Knut O. Store Grovu f. 1776, død 1855 t. 3 nr. 81 på stavkjørel.