21. Hæve.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 144 ---

Namnet vert i 1311 skrive i Hæfen. Det vert no sagt Hævè2; han búr pao, è tao Hævè, ska tì Hævés, sms. Hævés-tødna. Namnet er samansett, etterlekken er vin (beite), fyrelekken er truleg gn. hæfr a. (hæv, god).

Hæve er av Landkommisjonen i 1661 førd upp som halv gard med skyld 3 laup 6 mark. Elles er berre sagt at der var vedaskog. I 1723 var skyldi 2 laup 2 pund 18 mark. Derav åtte Vangskyrkja 18 mark. Garden hadde då turvande vedaskog, ein humlagard og ei flaumkvern. Kornavlen var årviss og garden sers lettvinn. Det var ei kvern i 1776 og 1791. Ved matrikkelen i 1830-åri var Samanlikningstalet for Hæve 1220. Der var lite fureskog, men nok vedaskog og turvande vassfall, Skyldi var 2 laup 2 pund i 1777 og 1838, som i 1838 er umskrive til 8 dalar 11 skill.

Matrikkelen 1865 melder at der var 26 mål åker, 22 mål dyrka eng, 33 mål god, 36,5 mål medels natureng, og 51 mål skrapebø. 5 à 6 mål høvde til uppdyrking. Medels vårhamn, ring sumarhamn. Noko skog til eige bruk. Garden var medels lettbrukt og dyrka vanleg godt. Ved uppteljingi 1918 var det 30 mål åker, 23 mål kunsteng og 49 mål natureng.

Folketalet på Hæve var i 1801 14, i 1865 22 og 1920 19.

Fødnad og avling (i tunnor) på Hæve.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   16   17          
1723 2   18   24   28      
1865 2   25   51   59   50  
1918 4   16   38          

--- side 145 ---

Diplomatariet har eit dokument frå 1311 (DN. III. nr. 94) um eit forlik millom husfru Birgit og Halle (på Rogn?) som formyndar for Trond sine born på Røte. Dei får av Birgit m. a. 2 mamatabol i Hæfen (Hæve). I Bjørgynjar Kalfskinn heiter det at Olavskyrkja i Bjørgvin åtte 12 (mmb?) i Hæve. Norsk rekneskap og j ordbok for 1521 melder at Endrit på Hæve betalte 5½ lodd sylv og 6½ mark i pengar i skatt og breffbrot. Torfinn på Hæve betalte 1 dalar i skatt 1563. Torleif Giljarhus åtte 1½ laup i Hæve 1591. Kyrkjerekneskapen for 1585-1616 syner at Vangskyrkja fekk i årleg landskyld 1½ aske korn og ½ spann smør for sin eigedom i Hæve.

Per er førd upp som leiglending og odelsmann fleire gonger i tidi 1611-1635. Han åtte 1 laup i 1603 og 1611, 1 pund 1621 og var brukar av 2½ laup 1 spann i 1635. I 1621 åtte Per ogso 1 spann i Gjerstad og 1 spann i Mestad i Evanger. Knut Hæve var brukar på ein liten part i 1614 og vart utskriven til Svinesund med byrse og sverd. 17. mai 1638 selde Oluf Olufson Gjøastein sin odelspart i Hæve til bror sin, Jørgen Olufson på Hæve (diplom i Bergens Museum). Leidangsboki for 1624 syner, at leidangen av Hæve var 1 pund smør og 1 bukkskinn. Per var leiglending. Ryttarskatt er lagt på Hæve i 1627 med 2½ dalar ½ ort.

Laurits Eirikson er komen som leiglending etter Per i 1635, er førd upp fleire gonger til 1655 og åtte noko i garden. Han var gift fyre 1645 med Gunnvor og hadde då sonen Knut. Kyrkjerekneskapen for 1654 syner at Vangskyrkja fekk årleg landskyld 1½ aske korn og 9 mark smør for parten sin i Hæve. Torstein nemnd som lagrettemann fleire gonger 1657-1664, var då brukar på Hæve. Lars var brukar i 1659 og eig då 2 pund. Dei andre eigarar i Hæve var då Lars Torsnes 1 pund, Munkeliv kloster 2 laup 6 mark og Vangskyrkja 1 spann. Sjur Arnbjørnson var brukar 1661 og 1672, er nemnd fleire gonger som lagrettemann 1668-1672, og hadde styksønene Eirik Larsson f. 1646 og Per Larsson f. 1649. Sjur må truleg ha vore gift med enkja etter Lars. Sjur var i 1662 stemnd fordi han hadde henta neter i skogen hjå andre. Eigarane i 1661 var: Vangskyrkja 1 spann, Lars Torsnes 1 pund, Munkeliv kloster 2 laup og leiglendingen Sjur 1 pund. Hermann Garmann fekk i 1662 kongeskøyte på 2 laup av Munkelivgodset i Hæve. Klas Miltzow har 1677 kjøpt av Hermann Garmanns ervingar 2 laup

--- side 146 ---

12 mark. I 1695 åtte Vangskyrkja 1 spann, Hans Akselson 2 laup 26 mark og Henrik Miltzow 1 pund. Per var brukar då og hadde ogso vore det i 1691. Han var gift med Barbrå Sjursdr. og døydde 1698. Ho døydde 1699. Deira born var: Lars f. 1678, Anders f. 1681, Eirik f. 1686, Sigtrud f. 1674, og Gjertrud f. 1687.

I 1714 åtte Vangskyrkja 1 spann og Mass Seve 2 laup 2 pund. Kongen selde kyrkja sin part i Hæve saman med kyrkja i 1723. Mass hadde kjøpt 2 laup 1 pund i 1707 av Laurits Miltzow og 1 pund i 1709 av Henrik Miltzow. Lars Person f. 1678, døydde 1765 og var gift fyrst med Marta Sjursdr. og i 1742 andre gongen med Ingjerd Halldorsdr. Veka. Han var etter folketeljingi 1701 brukar av heile Hæve. Likeins etter matrikkelen 1723. Lars let ta upp tingsvitne i 1708 med di han påstod at han våren 1707 hadde kjøpt av Laurits Miltzow hans jordgods i Hæve, som Mass Seve sidan hadde fått kjøpt. Det vart då upplyst av ålmugen på tinget m. a. at Lars var den fjorde av same ætti som hadde butt der som leiglending. Handelen med Mass vart likevel ståande ved lag. Lars kjøpte 1724 av Arve Arveson Røte 1 spann i Hæve og av Morten Coch's enkja i Bergen, «odelsbygselrett i Hæve». Lars kjøpte vidare i 1735 1 spann i Hæve av Anders E. Lydvo. Med Marta hadde Lars desse fire borni: Per, Sjur, Barbrå, g. m. Helge Geitle, og Anna.

Sjur Larsson f. 1706, g. m. Marta Olavsdr., døydde 1744. I 1729 fekk han skøyte frå Gudleik Knutson Sonve på 1 pund 21 mark i Hæve for 60 riksdalar. Sjur kjøpte vidare 1735 av ervingar etter Mass Seve 1 spann i Hæve. Ved skifte etter Sjur åtte buet 1 laup 2 spann 1½ mark i garden. Sjur sine born var: Berge, Eirik, g. m. Brita Sjursdr. Urdland, og Eli g. m. Knut Bjørndalen. Berge var fødd 1732 og gifte seg 1754 med trimenningen sin, enkja Eli Torgeirsdr. Århus. Ho var dotter åt Torgeir Hæve, og budde på Århus.

Ho Marta, enkja etter Sjur Larsson, gifte seg uppatt 1745 med Henrik Olavson Rjodo, nemnd ovanfor. Dei fekk 1 laup 1 spann etter Sjur, fyrste mannen hennar. Henrik døydde 1754 og hadde sonen Sjur f. 1750. Ho Marta gifte seg tridje gong 1755 med Gudleik Knutson Bø. Han døydde same året og Marta gifte seg fjorde gongen 1756 med Åmund Herlaugson Kvassdal. Han fekk skøyte på jordgodset etter Henrik, men har seinare selt det til Johannes O. Uppheim. Framhald nedanfor.

--- side 147 ---

Mons Olavson Seve har i 1732 kjøpt 1 spann i Hæve av Klas Knutson Mosafinn, 2 pund 18 mark av løytnant Jens Nordahl og i 1735 18 mark av myndlingen Mass Knutson Seim. Mons har nok snart selt att.

Torgeir Bårdson Håtveit har i 1745 kjøpt av Lars Person halvparten av det han åtte i Hæve og er flytt dertil. Noko kjøpte Torgeir av andre so han i 1750 åtte i alt 1 laup 1 pund i garden og åtte dessutan 1 pund i Håtveit. Torgeir var fødd 1692, gifte seg 1722 med enkja Marta Eiriksdr. Øvre Rjodo og døydde på Flògo 1776. Torgeir vart 1749 stemnd til tings fordi han ved nokre høve skulde ha umtala den myndige soknepresten Haar på krenkjande måte. Saki var fyre fleire gonger, og enda med at Torgeir vart dømd til bot og straf. Saki er eit døme på at det den tid var fårlegt for bøndene å påtala misgjerder av embetsmennene. For å få straffi minka har Torgeir sett seg nøydd til å underskriva eit strengt forlik i 1750 med presten.

Ho Marta hadde med fyrste mannen sin, Olav Rjodo, sønene Henrik og Torstein. Med Torgeir hadde ho fem born: Olav f. 1725, som budde på Håtveit, Bård f 1728, Knut f. 1729, Kolbein f. 1732, Eli f. 1723, gift fyrst med enkjemann Gudleik Knutson Århus, andre gongen med Berge Sjurson Hæve, og tridje gongen med Jakob Brynjulvson Århus. Han Berge og ho Eli fekk i 1755 skøyte frå far hennar på 1 laup 1 pund i Hæve og flytte so dertil. Berge kjøpte 1763 1 laup 1 pund i Hæve av Johannes Olavson Uppheim som året fyre hadde kjøpt det. Berge åtte då i alt 2 laup 2 pund. Det bytte han burt same året til Gusskalk Olavson uti jordgods i Flògo. Gusskalk selde 1 laup i 1771 til Per Olavson Rokne. Sjå vidare bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Hæve. Olav Person Glymme bytte i 1774 frå seg jordgods i Finne til Gusskalk Olavson uti 1 laup 2 pund i Hæve og budde der til han døydde 1797. Dotterdotteri åt Olav, Marta Vikingsdr. f. 1780, g. m. Olav Henrikson Nedkvitno, kjøpte so bruket og hadde det til 1828. I 1814 var han med i Bergen og kåra stortingsmenn til umframtstortinget.

Henrik, son åt Olav og Marta Hæve, fekk garden deira i 1828 og bytte 1839 uti eit bruk på Jernes med Anders Torgisson som vart buande på Hæve til han døydde 1881, 68 år gl. Anders var gift med Marta Tormodsdr. Gjelle og hadde fem born:

--- side 148 ---

Gudve f. 1835, g. m. Olav Magneson Lunde, gardbrukar på Røte, Brita f. 1838, gift til Litlere med Torstein Larsson, Guro f 1840, g. m. Mattis N. Giljarhus, Marta f. 1847, g. m. Kolbein Andersson Hovda og Torgis f. 1843. Torgis fekk so garden i 1875 for 300 spd., gifte seg 1876 med Brita Larsdr. Gjerdåk. Dei hadde 4 born: Marta f. 1879, Olav f. 1881, Anders f. 1884, er smed og g. m. Guri Knutsdr. Røte, Lars f. 1885, sjå bruk 4. Eldste sonen Olav fekk garden 1916 for 4000 kronor og gifte seg 1906 m. Ingebjørg Knutsdr. Røte, f. 1887.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 21, lnr. 47 med gamal skyld 1 laup 2 pund, urevidert 4 dalar 3 ort 21 skill., revidert 4 dalar 1 ort 7 skill. Ny skyld mark 6,12 etter at bruk 4 er fråskilt.

Bruk 2. Hæve. Johannes Monsson Ringheim eller Bokkatun, som var gift med syster åt Per O. Rokne, fekk dette bruket hjå han i 1777, men selde det i 1784 til Nils Jonson Vassenden. Han let det att 1786 til Knut Knutson Raustad, som vart buande der og døydde 1833, 80 år gl. Han var gift med Ingjerd Oddsdr. Gjerstad og hadde borni: Odd, Ingjerd f. 1779 og Guro f. 1788, g. m. Knut Gudleikson Seve. Odd var fødd 1787, gifte seg 1819 med Gudve Gudleiksdr. Seve og fekk farsgarden i 1810. Odd var meir enn vanleg hendig med alt slag arbeid både i tre og jarn, sko og klæde. Bordrusvøyver med massingbeslag arbeidde han mange av. Dei hadde fire born: Ingjerd f. 1820, g. m. Knut Ivarson Bø, Eli f. 1823, g. m. Nils Torbjørnson Seve som kom til Jernes, Marta f. 1824, g. m. Eirik Larsson Veka og Knut.

Knut Oddson f. 1821 vart gift med Synneve Mattisdr. Mølster og fekk garden hjå foreldri. Dei hadde 7 born: Odd, Gudve f. 1848, Sigrid f. 1850, Ingjerd f. 1851, g. m. smed Jon N. Jøsendal, Ingebjørg f. 1851, Eli f. 1857, g. m. Styrk B. Lisseim, Marta f. 1865. Odd Knutson var f. 1846, gifte seg med Kari Eiriksdr. Rekve og døydde 1921. Han fekk i 1880 farsgarden for 5300 kronor. Seks born: Marta f. 1871, g. m. Olav Larsson Seve, Knut f. 1874, sjå bruk 3, Eirik f. 1876, død 1916 ugift, Mattis f. 1880, g. m. Mari Ivarsdr. Seve, gardmann på Rekve, Synneva f. 1883 g. m. gardmann Berge Johannesson Gjerstad, Odd f. 1887, g. 1914 m. Maria Brynjulvsdr. Berge. Odd Knutson skifte garden i 1910 i bruk 2 og 3. Odd fekk bruk 2 for 3300 kronor og Knut fekk bruk 3. Odd har arbeidt ei sirkelsag, som han tek sund, og køyrer frå gard til gard og skjer timber åt folk.

--- side 149 ---

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 21, lnr. 48 med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 1 ort 14 skill., revidert 3 dalar 13 skill. Ny skyld etter at bruk 3 er skilt frå mark 2,27.

Bruk 3. Hæve. Skilt frå bruk 2 i 1910. Skyld mark 2,26. Brita, kona åt sonen Knut Oddson, fekk skøyte på dette bruket i 1913 for 3300 kronor. Knut var g. 1. m. Ingjerd Larsdr. Seve, 2. m. Brita Sjursdr. Berge og døydde 1920. Anders K. Hirth har no garden.

Bruk 4. Vetleteigen. Skyld 8 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1927 og selt til Lars Torgisson Hæve, som har bygt og bur der. Han er f. 1885, g. m. Synneva Eiriksdr. Røte, er flink treskjerar og har gjort treskurden på mange mindre og større husbunader, m. a. åt kronprinsen i villaen hans på Lysøy. Lars er og god til å spela hardingfele.

Husmannsplass.

Husmannsplass var der ikkje i 1723. Olav K. Akerli g. m. Anna Knutsdr. var husmannsfolk i 1880-åri. No er der ikkje noko husmannsplass.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden heiter det i 1723. Vårstølen er no på Buneld og sumarsstølen på Vålo.

Offentlege forretningar på Hæve.

I 1655 forretning um landskyldi. 1728 og 1766 var det odelssaker. Makeskifte med Seim er umtala 1767. 1772 var det sak um Fannastølen. Mot Vetla Bøte og Giljarhus var sak 1787. Fredlysing av beite i utmarki 1851. Saman med grannegardane sak i 1876 mot Arhelleren um beite. Utskifting 1895. Husi åt bruk 1 vart då flytte ut.

Ymse.

Bruk 1 har kvernhus og sirkelsag i Giljarhuselvi. Bruk 2 har og havt kvernhus og sirkelsag i same elvi, men har rive dei.

Bumerke.

Lars 1718, 1728 tavle 1 nr. 87. I 1739 er det sett på høgre sida og 1744 har han teikna ein kross som står på toppen av ein umsnudd V. Sjur Larsson 1742 t. 1 nr. 88. Henrik 1753 t. 1 nr. 89. Torgeir 1750, 1756 t. 1 nr. 90. Mass 1765 t. 1 nr. 91. Gusskalk 1769 t. 1 nr. 92. Nils Jonson 1784 t. 1 nr. 93.