13. Haga.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 98 ---

Namnet er i 1611 skrive Haffue, i 1723 Hage. Det vert no sagt Haga2; han búr pao, è tao, ska tì Haga. Det er same ordet som ein hage (hamnegang), gn. hagi m., i genitiv, dativ og akkusativ haga.

Skattemanntalet i 1611 har under husmenn og øydegardsmenn Knut Haffue. I tidlegare manntall finn me ikkje Haga nemnd. Truleg er plasset nyleg rudt upp i utmarkshagen åt Rekve eller kann henda helst Væte. Landkommisjonen fører i 1661 Haga upp som øydegard på ½ laup. Vedaskog var det til husbruk, er det sagt. Same skyldi var det og i 1723. Garden hadde medels god jord, var lettvinn, men uviss til korn, hadde turvande vedaskog, men inkje fiske. Ved matrikkelen i 1830-åri var Samanlikningstalet for Haga 500. Der var vedaskog, men ikke støl, er det sagt. Skyldi var framleides ½ laup som då vart umskrivi til 3 dalar 1 ort 14 skill.

Matrikkelen 1865 har ført upp 13,5 mål åker, 22 mål god, 30 mål medels natureng og 20 mål skrapebø. Garden var sers tungbrukt, utsett for å svida, hadde vedaskog, men ikkje timberskog. Bruk 1 var dyrka vanleg godt, men bruk 2 minder godt. I 1918 var det 17 mål åker, 26 mål kunsteng og 43 mål natureng.

Det budde 7 menneske på Haga i 1801, 11 i 1865 og 15 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Haga.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 8 9
1723 1 7 6 8
1865 2 18 36 30 24
1918 2 12 38 15 30

--- side 99 ---

I 1621 er Knud «Hage» øydegardsmann og betalte ½ dalar i skatt. Leidangsboki 1624 syner at leidangen av Haga var 6 mark smør. Rytterskatt vart i 1627 lagt på Haga med 1 mark smør. Knut var leiglending då og. Lasse «Hagge» budde der i 1635 og var pålagd garnisonsskatt. Garden er skriven for «Thagestad» i 1645 og 1655. I manntal for 1657 står «Thangestan eller Haga». Lauritz budde der i 1645 og kona hans heitte Anna.

Kongen skøytte i 1648 til Hannibal Sehested 1 spann 8 mark i «Tagestad eller Haga» som høyrde til Finnegodset. på denne eigedomen var det 1 spann smør i leidang, 1 ort i skatt, 6 skill. i fornødspengar, 6 skill. i arbeidspengar og 8 skill. i avgift til jordeigaren. Sehested laut skøyta eigedomen attende til kongen i 1651, som i 1657 selde 18 mark til Gabriel Marselis. Herbjørn var leiglending. I skattemanntalet 1657 står at Finnegodset åtte ½ laup i Haga. Ei enkje på Rekve åtte 8 mark i Tagestad i 1655. Landkommisjonen skriv 1661 at Finnegodset då åtte 1 spann 8 mark og bøndene 10 mark i Haga. Herbjørn budde der framleies ogso i åri 1661 og 1664. Klas Miltzow eig 1676 8 mark og i 1680 heile garden, ½ laup. Gunnar er brukar i 1691 og Mattis i 1695. Ingjerd Miltzow var eigar i 1695 og 1714.

Mattis Sjurson var leiglending i 1701 og var då 67 år gamal. Lars Eilivson bygsla garden i 1705. Per Olavson er leiglending i 1715 og han kjøpte garden i 1718 av Hermann Stockhof. Per døydde 1760, 79½ år gl., var gift med Eli Knutsdr., som døydde 1751. I matrikkelen 1723 heiter det, at skyldi er ½ laup, løitnant J. Nordahl «tilhørende». At Nordahl då var eigar, kann visst ikkje vera rett, for Per Olavson er seinare fleire gonger skriven som eigar av ½ laup etter skøyte 1718. Per hadde borni: Knut og Synneva. Ho var f. 1716 og gifte seg 1727 m. tambur Olav Ivarson Gjerstad. Knut Person fekk garden i 1751 og kjøpte 1759 løysningsretten til 18 mark i han for 20 rd. Gabriel Marselis hadde kjøpt jordgodset i 1657. Knut var gift 1749 med Brita Persdr. Røte og døydde 1799. Borni etter dei var: Lars, Per, Synneva. Ho vart gift med Hermund Trondson Bjørgo, Kvitli. Garden vart no skift i to bruk millom brørne Lars og Per.

--- side 100 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Haga. Lars Knutson fekk det i 1777 og vart gift med Guro Nilsdr. Seim. Han bleiv i 1781, 30 år gl. Parten deira i Haga vart ved skifte etter han verdsett 120 rd. Det var berre eit barn: Brita, fødd 1780. Ho fekk garden, men let han 1801 til Nils Eirikson som selde att i 1807 til Mass Erlingson Seim som var g. 1808 m. Marta Brynjulvsdr. Giljarhus. Dei budde der til 1842, hadde borni Erling f. 1815 og Ingjerd f. 1817 og let 1842 garden til sonen, Erling, for 400 spd. og kår. Erling


Bilete 11. Stovehuset på bruk 1. Haga. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 11. Stovehuset på bruk 1. Haga. Fot. P. Braaten 1935.

selde att i 1845 for 800 spd. til Knut Olavson Rekve og flytte til Giljarhus.

Mass Arnfinnson Finne f. 1807, kjøpte so garden i 1851 for 640 spd. og vart buande der. Han var gift 1846 med Ingjerd Brynjulvsdr. Eide og døydde 1870. Ho var f. 1816 og døydde 1892. Av borni deira var det berre Arnfinn som vart vaksen. Han var fødd 1857, døydde 1920 og var gift med Marta Olavsdr. Liland f. 1853. Arnfinn fekk farsgarden og budde der sine dagar. Deira son Mads, fødd 1880, er gift 1907 med Anna Nilsdr. Nesthus. Han fekk både bruk 1 og 3 i 1907 for 6200 kronor og kår til foreldri. M. Haga var lærar i folkeskulen frå 1901

--- side 101 ---

og sidan 1915 på Voss Folkehøgskule. Han har i mange år vore med i heradsstyret og formannskapet og var ordførar til ut året 1934, formann i forstandarskapet for Voss Sparebank, medlem av forliksrådet, tridje stortingsvaramann for vinstre i Hordaland, har havt og har ymse andre tillitsyrke. Born: Arnfinn f. 1908 og Ingjerd Maria f. 1910.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 13, lnr. 32 med gamal skyld 18 mark, urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill., revidert 1 dalar 2 ort 18 skill. Ny skyld mark 2,26.

Bruk 2. Haga. Per Knutson nemnd ovanfor fekk dette bruket etter foreldri sine i 1783. Han gifte seg same året med Gudve Kjelsdotter Gjukastein. I 1801 bytte han med Mikkjel Henrikson Tren, men han let året etter garden til Per Larsson Skjelde, fødd på Glymme 1757. Han budde der til sin død 1823 og var g. m. Brita Andersdr. f. 1754. Sonen Lars Person f. 1794 fekk garden i 1818 og gifte seg 1819 med Guri Andersdr. Berge f. 1793, død 1860. Dei hadde borni Brita, f. 1821, Anders f. 1823, Per f. 1824, Ragna f. 1828 og Marta f. 1831. Ragna vart g. m. Jon Helgeson, husmann på Skorve. Per fekk halve garden ved skifte etter faren i 1836 og resten ved skøyte frå mori i 1844, men let heile garden i 1844 til Anders Berge, bror sin, for 400 spd.

Han Per gifte seg i 1859 med Marta Gusskalksdr. Berge og fekk i 1860 sonen Olav, som no bur på Brekku, Gullfj. Per dreiv med handel. Anders Larsson var fødd 1823 og gifte seg i 1851 medan han var på Haga, med Sisselja Helgesdr. Væte. Han bytte i 1865 med Gusskalk Olavson uti bruk 4 Berge, fekk seinare gard på Væte og døydde der. Ved bytet var bruket på Haga verdsett 650 spd. Gusskalk som no vart buande på Haga, var fødd um lag 1800, døydde 1884, var fyrst gift 1820 med Marta Andersdr. Væte og andre gongen med Åsa Olavsdr. Midtun. Med Marta hadde han borni: Marta f. 1820, gift 1859 med Per Larsson Haga, Guri f. 1826 død ugift 1870, Sigvor f. 1828, g. m. Olav Torbjørnson Rene, Olav f. 1831, Anna f. 1834, Brita f. 1836, Ingjerd f. 1840 g. m. Jakob Jakobson Istad. Gusskalk hadde med henne Åsa sonen Olav f. 1861. Han vart gift 1884 med Bryttva Knutsdr. Vinsand og døydde 1930. Olav fekk farsgarden i 1877 for 3600 kronor. Han let to teigar av garden i 1900 som vart bruk 3 og 4. 9 born. Sonen Olav, g. 1928 m. Amanda Olavsdr. Setre frå Bruvik, fekk farsgarden i 1932 for 5000 kronor.

--- side 102 ---

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 13, lnr. 2 med skyld som bruk 1 med undantak at skyldi no er 66 øre etter at bruk 3 og 4 er fråskilde.

Bruk 3. Haga. Arnfinn Masson kjøpte det i 1900 for 4500 kronor og let det i 1907 til sonen Mads. Skyldi er mark 1,60. Det er ført saman med bruk 1 i 1931.

Bruk 4. Nedre Haga. Olav Eirikson Narheim kjøpte det i 1900 for 2500 kronor og bygde der. Skyldi er 50 øre.

Haga har gått med på semja som i 1821 var sett upp i grendi um ikkje å halda geiter. I 1839 har vore gjort semje um grenselina. Utskifting vart halde 1887-89 og 1930-31 og husi på bruk 2 vart flytte. I 1924-25 sette Mads Haga, bruk 1, upp nye hus lenger nede på eigedomen sin.

Husmannsplass.

Fyrr var det 2 plass under Haga: Det eine heitte Plasset og det andre Pers-stykkje. Det syner etter murane båe stader. På Plasset budde Olav frå Gavle, Vossastr. Sonen Gusskalk vart eigar av bruk 2 i 1865. I tidlegare tid slo dei på Haga uppå Runahedler'n, i Ospetød'na og i Langekjosen, men det er so ukjøme at folk vil ikkje slå der no.

Stølen.

Haga har vårstøl på Tvørrliæ og sumarsstøl på Listre. For Listre betalar dei Haga 24 kronor årleg i leiga til Væte.

Bumerke.

Lars Haga 1712 tavle 1 nr. 52. Nils 1752 t. 1 ur. 53. Han teikna 2 N'ar slyngde saman og H i 1767. Knut 1758 t. 1 nr. 54. Det er mange brigde på merket åt Knut frå 1762-1791. Det er Knut Person 1775-1782.

Ymse.

Den gamle ferdslevegen frå Bergen til Austlandet gjekk over Haga-bøen. I vegabotbrev av 1343 frå Gulatinget um «alla almennenghs vegha a Voss» er nemnt vedlikehald av «Gærda klæif». Jærakleivæ, som ho enno heiter, ligg søraust på Haga, mot Bulken. Vegen gjekk vestover Faksarhaugen, og vidare mot vest um Bergsbru og nedum Eide til Evanger. Austover gjekk vegen um Bulken - Rekve - Gjermesbru til Vangen. Frå 1750-åri då den fyrste landpostruta vart sett igang millom Oslo og Bergen, vart her postveg.