152. Hagen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 453 ---

Namnet er i 1695 skrive Hagge, i 1723 Hage. Det vert no sagt Hajén2; han búr í, è ór Haga, ska út i Hajén. Det er same ordet som ein hage (hamnegang).

Garden hadde 1661 1 spann i skyld og der var ein brukar. Det var same skyldi 1723 og lite var det um vedaskog. Korn sådde dei ikkje av di det ikkje kunde veksa der. Skyldi vart umskrivi 1838 til 1 dalar 8 skill. Samanlikningstalet var 160. Der var nok fureskog og brensel til eige bruk, vassfall og never til sal. I matrikkelen 1865 er førd upp 2½ mål åker, ½ mål

--- side 454 ---

eng, 6 mål god, 8 mål medels natureng og 14 mål skrapebø. Der var medels hamnegang og skog til eige bruk. Garden var tungbrukt og dyrka som vanleg. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. Ved uppteljingi 1918 var der 2,6 mål åker 8 mål kunsteng og 13 mål natureng.

Der budde 4 menneske i 1801, 6 i 1865 og 10 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Hagen.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 8 5
1723 5 6 inkje
1865 5 9 4 6
1918 4 15

Jordboki 1585-1616 for Vangens prestebol syner at det åtte ½ laup i Hagen. Elles har me ikke funne noko una garden fyrr i skattemanntalet 1657, der det heiter at skyldi var 1 spana og Knut og Sjøuat var brukarar. Båe var so fatige 1695 at dei fekk avkorting i skatten. Landkommisjonen har skrive 1661 at skyldi var 1 spann og prestebolet var eigar. Olav Knutson var leiglending 1664 og 1679 og ei enkje 1691 og 1695.

Knut Pålson f. 1656 var leiglending 1701 til 1732 og døydde 1735, 86 år gl. Han hadde borni Herborg, g. 1736 m. Lars Olavson Hole, Aurland, og Pål som vart gift andre gongen 1767 m. Ågot Persdr. Pål bygsla 1732 Hagen av soknepresten og fekk 1741 dotteri Brita. Nils Arneson Hagen, g. m. Brita Knutsdr. var leiglending etter Pål, døydde 1764 og fekk tri born: Brita f. 1742, g. 1765 m. Nils Nilsson Røyrlidi, Knut f. 1744 og Sjur skriven for Nygryten 1764.

Nils Nilsson bygsla Hagen 1768 etter Nils Arneson, døydde 1789, 50 år gl. og hadde fem born: Nils f. 1765, skriven for Leivestad, Nordhordland i 1817, Knut f. 1769 var i Oslo 1817, Sisselja f. 1771, g. 1819 m. Olav Gusskalkson Ullestad, Torgis f. 1774, g, 1805 m. Marta Olavsdr. Davidhaugen, Brita f. 1777, g. 1802 m. Steffa Olavson Kolvu. Enkja etter Nils, Brita, gifte seg att m. Eiliv Olavson f. 1761, som heldt fram som leiglending til 1801 og døydde 1832, 72 år gl.

--- side 455 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Hagen. Steffa Olavson bygsla 1802 og budde der til 1837, då han døydde 65 år gl. Ho Brita, enkja hans, fekk 1842 kongeskøyte på Hagen, som prestebolet hadde ått til den tid, for 250 spd. og jordavgift 5 skjeppor 2 fjerdingskar bygg. Ho døydde 1852, 76 år gl. Fire born: Lars f. 1807, død ugift 1865, Margreta f. 1810, g. 1841 m. Anders Person Hegg f. 1813, Eiliv f. 1813, g. 1839 m. Kari Magnesdr. Rykke, Brita, g. 1829 m. Eirik Magneson Rykke, Lassahaugen. Anders fekk skøyte 1842 på garden frå vermori. Margreta døydde 1851, og Anders gifte seg att 1861 m. Guro Larsdr. Hagen. Han selde 1849 4½ mark til Eirik Magneson Lassahaug og 1855 13½ mark til nemnde Eirik saman med Lars Larsson Skjerve. Anders var sidan husmann og døydde 1886. Han fekk to born m. Margreta og tri med Guro: Per f. 1843, Olav f. 1846, Marta f. 1861, Anders f. 1873 og Torstein f. 1879.

I 1865 vart fråskilt bruk 3 og 4. Eirik selde same året det som var att av bruk 1 til Steffa Eirikson Lassahaugen. Bruk 2 vart skilt frå i 1870 og resten av bruk 1 selt 1870 til Lars Trondson Tunshelle for 100 spd. og 1890 førd saman med bruk 3.

Heile garden var fyrr mtrnr. 153, lnr. 301 med gamal skyld 18 mark, urevidert 1 dalar 8 skill., revidert 4 ort 20 skill. Ny skyld mark 1,42.

Bruk 2. Hagen. Skilt frå bruk 1 i 1870. Skyldi er 6 øre etter at bruk 9 er skilt frå. Steffa Eirikson selde det til Åmund Sjurson Lassahaugen, (fyrste dags frå Hornve), for 50 spd. Enkja hans selde i 1928 til Brynjulv Norheim for 600 kronor, som har støl der til Norheim.

Bruk 3. Utskilt frå bruk 1 i 1865. Etter at bruk 8 vart fråskilt er skyldi 39 øre. Lars Larsson Skjerve selde 1855 eigedomen til Lars Trondson Tunshelle for 200 spd. Bruk 1 vart 1890 ført saman med bruk 3. Lars skøytte 1874 garden til sonen Jens for 200 spd. Han gifte seg 1877 m. Gjertrud Sjursdr. Lid og fekk på Hagen borni Lars f. 1877, Sjur f. 1879 og Olav f. 1882. Lars Jensson fekk garden 1904 for 1600 kronor, og selde att 1910 til Nils Larsson Graudo for 2000 kronor. Han selde 1917 til l/l Familien ved dispasjør Henrik Ameln, Bergen, for 4000 kronor. Han har bygt seg villa eit stykke utanfor gardshusi.

Bruk 4. Hagen. Utskilt frå bruk 1 i 1863 med skyld 34 øre og skøytt av Steffa Eirikson Fagnastølen til Olav Halleson

--- side 456 ---

Ringheim, som selde att 1865 til Åmund Sjurson. Gudleik Nilsson Helland kjøpte bruket 1872 og selde 1892 til Knut Knutson Lid saman med Lassahaugen for 3360 kronor. Nils B. Norheim kjøpte so eigedomen. Sonen Brynjulv fekk han 1904 og bruker han som støl til Norheim.

Bruk 5. Stølen. Skilt frå bruk 2 i 1890 med skyld 9 øre. Eigar: Oddmund J. Skjerve.

Bruk 6. Hagen. Utskilt frå bruk 6 i 1890 med skyld 45 øre og vart 1900 ført saman med bruk 3.

Bruk 7. Hagen. Skilt frå bruk 3 i 1900 med skyld 37 øre og skøytt av Jens Larsson til Sivert Andersson Gausemel for 2350 kronor. I 1917 vart det selt på auksjon til l/l Familien ved dispasjør Henrik Ameln for 4000 kronor.

Bruk 8. Hagen. Skilt frå bruk 3 i 1900 med skyld 16 øre og skøytt av Jens Larsson til disponent Joh. Dekkes born for 1250 kronor. H. E. Henrikson kjøpte det 1916 for 1500 kronor. I 1933 vart eigedomen seld på auksjon til l/l Familien.

Bruk 9. Larsteigen. Utskilt frå bruk 2 i 1905 med skyld 1 øre og selt av Oddmund Skjerve til Brynjulv N. Norheim for 225 kronor.

Bruk 10. Stølen. Skilt frå bruk 2 i 1925 med skyld 2 øre. Eigar: Olav I. Grjotland. Det er 1929 ført saman med bruk 5. Olav brukar stølen til garden sin.

Kvern.

Kvern er ikkje nemnd i 1723, men i 1776 og 1791 var der ei flaumkvern. I ein utskiftingsforretning i Almenningen skal vera umtala at Almenningen og Hagen åtte kvar sin halvpart i dammen i Rundevatnet. Olav Almenningen, fødd 1829, hugsar at dei mol på kverni åt Hagen i Vesetelvæ.

Offentlege forretningar.

Semje med Nygryten tinglese 1921 um bru, veg og gjerdehald.

Bumerke.

Knut 1724 tavle 6 nr. 92. Nils 1774 t. 5. nr. 93.