168. Håtveiti.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 559 ---

Namnet vert i 1695 skrive Harttuedt, i 1723 Haatvedt. Det vert no sagt Haotveitè2; han búr pao, è tao Haotveit'né ska pao Haotveitè. Den gamalnorske form må vera Háþveit, samansett av f. (ettergror) og þveit f. (slåtte, rudning). Namnet må vera å skyna på same måte som Haoslaott'na og Haoteigané på Brekku i Raundalen, som hev namnet av at der vert beitt um våren og slege um hausten.

Landkommisjonen skriv 1661 at skyldi var 12 mark, og at der var ein brukar. I 1723 var det og ein brukar, men skyldi var då 1 pund. Skog var der til brensel og til husvøling, og garden var tungbrukt. Skyldi vart i 1838 umskrivi til 1 dalar etter samanlikningstalet som var 150. Garden hadde vassfall. Matrikkelen 1865 melder at der var 4¾ mål åker, 5½ mål god, 6 mål medels natureng og 10 mål skrapebø. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. Sumarhamn vanta og hamni elles var ring, skog til husbruk og timber kunde seljast for 2½ spd. um året. I 1918 var der 101/3 mål åker, 18 mål kunsteng og 6 mål natureng.

Det budde 7 menneske på Håtveiti 1801, 8 i 1865 og 16 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Håtveiti.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   4   8          
1723     3   6   3 ½    
1865 1   5   12   15   10  
1918 1   7   25          

--- side 560 ---

Håtveiti har heile tidi vore einbølt gard, bruk 1.

Diplom frå 1592 i Bergens Museum melder at Olav Gjermundson, umtala på Gjerdskvål, fekk hjå foreldri sine m. a. ½ pund i «Horvetveit». Det må vera Håtveiti. Der er og umtala at Gjerdskvål og Grevle hadde ein timberskog i «Haffue tueds» mark. Rasmus Rasmusson, g. m. Anna var brukar 1645. Torgeir Olde er førd upp fleire gonger som eigar 1652-1680. Pål var leiglending 1657 og 1661, Aslak Johannesson 1664 og 1691. Bård var eigar og brukar 1695.

Torgeir Arneson Olde, nemnd fleire gonger som brukar på Olde 1636-1657, hadde fem born og millom dei var Torgeir og Bård som båe er nemnde ovanfor. Torgeir Torgeirson budde for det meste på Olde og døydde der. Bård var g. m. Helga Persdr. og var leiglending på Nedre Fenno då han døydde 1697. Ho Helga gifte seg att med Olav Rasmusson Nesthus som vart leiglending etter Bård på Nedre Fenno.

Bård og Helga fekk tri søner: Kolbein f. 1688, død ugift, Torgeir f. 1691, g. 1722 m. enkja Marta Eiriksdr. Øvre Rjodo, Sjur f. 1695, død ugift 1715. I skifte etter Bård 1697 er sagt at buet åtte 1 pund i Håtveiti, som enkja fekk, og 1 pund 6 mark i Olde som vart skift millom sønene. Torgeir budde 1736 på Rjodo og fekk då skøyte frå stykfaren på Håtveiti. Torgeir budde seinare på Flògo og Hæve, er meir umtala på Hæve og døydde 1776.

Torgeir og Marta hadde fem born, som er umtala på Hæve. Millom dei var Olav f. 1725. Han gifte seg med Eli Bårdsdr. Lunde og fekk 1756 skøyte frå far sin på Håtveiti. Olav budde fyrst der ei tid, so på Rene og kjøpte 1782 Flatlandsmoen. Olav døydde der 1789 og Eli 1815, 85 år gl. Dei hadde fire born: Olav f. 1755 på Hæve, g. 1789 m. Anna Knutsdr. Fenno, Marta f. 1757, g. 1790 m. Odd Andersson Svelgane f. på Kvitno 1755, Ingebjørg f. 1764 på Rene og Brita f. 1767 på Rene.

Olav Andersson, g. m. enkja Ingebjørg Bårdsdr. budde på Håtveiti etter at Olav Torgeirson flytte derfrå. Ingebjørg var fyrst g. m. ein Kolbein og fekk dotteri Brita som vart g. m. Viking Knutson Lid. Ingebjørg døydde 1768, 86½ år gl. og Olav gifte seg att med Ragnhild Sverkvesdr. og døydde barnlaus 1788.

Eirik Person Nyre skøytte 1789 Håtveiti til Marta Olavsdr., nemnd ovanfor, som vart g. m. Odd Svelgane. Eirik hadde fått garden same året ved skifte etter far hennar. Marta døydde

--- side 561 ---

1809 og Odd gifte seg att 1812 m. Anna Mikkjelsdr. Opeland. Han døydde 1835 og hadde med Marta fire born: Bård f. 1792, Anders f. 1794, g. 1821 m. Torbjørg Larsdr. Tverberg, Olav f. 1796 (Nordland) og Eli f. 1800, g. 1833 m. Trond Jørgenson Bjørgo, gardmann i Grønlidi. På skifte etter Marta 1810 vart garden utlagd til kreditor Sjur Sjurson Nesheim, Granvin for 350 rd. Det er fortalt at Anders Oddson fekk med kona si gard på Tverberg, bytte uti Grønlidi, budde seg ut der, var ei tid på Vindberg, sidan på Flatlandsmoen og døydde på Vivås 1868.


Håtveiti
Bilete 73. Håtveiti. Fot. P. Braaten 1936.

Bård Oddson f. 1792, g. 1821 m. Kari Henriksdr. Brurestolen f. 1799, fekk 1815 skøyte frå Sjur Nesheim på Håtveiti for 350 rd. Bård døydde 1867 og Kari 1880. Dei hadde fire born: Marta f. 1823, g. 1862 m. Knut Torbjørnson Mala, Gjertrud f. 1827, g. 1858 m. ekm. Nils Eilivson Fenno, Odd f. 1830, Henrik f. 1833.

I 1838 selde Bård garden til Jon Gudleikson Tvilde, som var g. m. Sigrid Brynjulvsdr. Bø. Dei døydde som kårfolk 1874, ho 74 år og han 73 år gl. barnlause.

Lars Torbjørnson Berge frå Hardanger kjøpte 1861 garden for 100 spd. Lars var g. m. Brita Olavsdr. og fekk på Håtveiti borni: Olav f. 1861, Anna f. 1864, Johannes f. 1867 og hadde

--- side 562 ---

fyrr sonen Torbjørn f. 1857. Lars selde i 1867 garden til Lars Larsson Hegle for 200 spd. Han var f. 1823, g. 1846 m. Sigrid Larsdr. Gjerdskvål f. 1819. Han døydde 1891 og Sigrid 1894. Dei fekk borni Lars og Kari. Kari var f. 1858, g. 1878 m. Sjur Knutson Flatlandsmoen f. 1848. Lars fekk garden 1884 for 1200 kronor og selde att 1893 til Anders Knutson Flatlandsmoen for 1800 kronor. Sjur Flatlandsmoen, bror hans Anders, budde på Håtveiti 1883-1895.

Anders Flatlandsmoen selde garden 1895 til l/l Voss Skiferbrud for 3800 kronor, som selde att 1899 til Torbjørn Brynjulvson Kyte for 4800 kronor. Han var f. 1860, g. 1. 1893 m. Marta Ivarsdr. Tillung, 2. 1904 m. Brita Persdr. Midtun, Vossastr. Torbjørn og Marta fekk to born: Kristense f. 1894, som er lærarinne og Martin f. 1896, g. 1924 m. Anna Klasdr. Gjukastein f. 1895. Torbjørn dreiv mange år med smedarbeid og hellebenk på Øvrebergi fyrr han kom til Håtveiti. Voss Skiferbrud dreiv hellebrot der i fleire år og Torbjørn heldt fram med det nokre år. Det var tri svenskar som fyrst flekte noko hellor der; det var i 1871. Martin fekk kjøpekontrakt 1925 på garden hjå far sin. Då Martin døydde, fekk sonen Torbjørn skøyte 1934 på garden.

Håtveiti var fyrr mtrnr. 169, lnr. 326 med gamal skyld 1 pund, urevidert 1 dalar, revidert 1 dalar 1 ort. Ny skyld mark 1,75.

Husmenn.

I folketeljingi 1701 er ført upp som husmannsborn Olav, Odd og Torgeir Olavssøner f. 1685-1693. Trond Olavson, g. m. Anna Larsdr. døydde 1744 og hadde tri born: Godvin, Lars f. 1726 og Olav f. 1732. Knut Gudleikson, g. m. Eli Sjursdr. døydde 1786 og hadde fire born: Gudleik, Sjur, Henrik f. 1767 og Gjertrud f. 1764. Eiliv Olavson, g. m. Ragnhild Larsdr. fekk borni Lars f. 1776 og Guri f. 1779. Lars vart gift med Kari Sveinsdr. og fekk 1812 sonen Eiliv. Henrik Bårdson, nemnd ovanfor, g. 1862 m. Jorunn Johannesdr. Tveiti var husmann på Håtveiti ikring 1858-1865 og sidan på Opeland, der han kjøpte bruk 3.

Støl.

Støl var der ikkje 1723. Det er fortalt at Håtveiti ei tid hadde støl millom stølane Steindru og Skykkjeset på ein stad dei kallar Kjødnastødl'n. No har ikkje Håtveiti støl.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala i 1700-talet. I Håtveitsøyane sette Johannes Fenno upp uppgangssag ikring 1880.

Offentlege forretningar.

Odelssak 1736. Det som Håtveiti åtte i Istadmyrane vart fråskilt 1921 med skyld 6 øre.