210. Haug.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 301 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i (el. a) Haughi (dativ). Det vert no sagt Haug; han búr pao, è tao Haug, ska tì Haugs. Namnet er same ord som ein haug.

--- side 302 ---

Haug er einbølt gard. Der var ein brukar i 1661 og 1723 og skyldi var 1 laup. Det var lite brennefang i 1661, men 1723 nok til eige bruk. Då er sagt at garden var tungbrukt, hadde midlungs jord og humlagard. I 1838 vart skyldi 1 laup umskrivi til 3 dalar 2 ort 6 skill. Samanlikningstalet var 520. På garden var vassfall og nok vedaskog til eige bruk.

I matrikkelen 1865 er ført upp 12½ mål åker, 3 mål dyrka eng, 15 mål god, 18 mål medels natureng og 58 mål skrapebø. 4 mål var skikka til dyrking. Der var ring hamnegang og skog til husbruk. Garden var medels lettbrukt, dyrka som vanleg og leid av turk. Ved uppteljingi 1918 var der 17,4 mål åker, 33 mål kunsteng og 5 mål natureng.

Der budde 9 menneske i 1801, 12 i 1865 og 15 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Haug.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   10   9          
1723 1   9   6   7 ½    
1865 1   11   26   30   20  
1918 4   12   28          

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Mariakyrkja i Bergen åtte 4 mmb. og Vangens prestebol ½ laup på Haug. Anders var øydegardmann eller husmann i 1611. Pål er skriven som leiglending fleire gonger 1611-1636 og 1645 var det Pål Andersson, g. m. Botilde. Dei hadde då dotteri Guri og tenestedrengen Daniel. Pål vart utskriven 1614 til Svinesund med byrse og sverd. Leidangen var 1624 etter leidangsboki 9 merker smør og 1 kalvskinn. Skyldi var 1652 1 laup. Kirsten Bolstad åtte 1 pund og Lektoren i Bergen 2 pund. Det var likeins 1655 og 1657. Anders var leiglending 1652, Pål 1655, Pål og Anders 1657 og Pål Andersson 1661 og 1664. Han hadde då sonen Tomas f. 1649. Anders var 1663 med og reiv selet på Krossaset.

Soknepresten åtte 1661 1 pund og Lektoren framleies 2 pund. Kirsten Jakobsdr., enkja etter soknepresten H. Miltzow, åtte 1680 1 pund, Hans Axelson 18 mark i 1695, stiftsamtsskrivar Seehuus 1 pund i 1714 og Ivar Reiel (Requl?) 1 pund i 1723. Lektoratet åtte heile tidi 2 pund. Anders var

--- side 303 ---

leiglending 1691 og Olav Håkonson i 1695 og til 1721. Han var f. 1656, g. m. Brita Bårdsdr., enkja etter Anders. Ho døydde 1721 og hadde to born med Anders: Bård, g. 1724 m. Dordei Ivarsdr. Grovu, og Botilde f. 1690, g. 1721 m. Lars Johannesson Øvre Lid.

Lars bygsla 1721 garden av Lektoren og kjøpte 1740 av Ivar Skjerpe 1 pund i Haug. Botilde døydde 1748, 59 år gl. og Lars gifte seg att 1749 m. enkja Torbjørg Torbjørnsdr. Jørdre, og døydde 1762, 70 år gl. Lars fekk med Botilde to born:


Haug og Gjelland
Bilete 35. Haug og Gjelland. Fot. P. Braaten 1937.

Anders f. 1724, g. m. Anna Endresdr. Tesdal f. 1729 og Brita f. 1726, g. 1753 m. Olav Endreson Tesdal. Anders fekk 1748 skøyte frå far sin på 1 pund og bygsla resten av garden. Han døydde 1802, 78 år gl., Anna 1807, 78 år gl. og hadde seks born: Johannes f. 1750, g. 1778 m. Anna Larsdr. Endeve f. 1752, husmann på Leiddal, Endre f. 1752, g. 1795 m. Anna Erlingsdr. Hovda, Eirik f. 1755, husmann, Styrk f. 1757, g. 1787 m. Ingebjørg Davidsdr. Hustveit, Kari f. 1765, g. 1804 m. Gudleik Ivarson Rjodo og Svein f. 1771, død ugift 1842.

Endre og Styrk bygsla 1798 garden og fekk 1833 kongeskøyte på han. Det vart då hefte på garden jordavgift 2 tunnor

--- side 304 ---

3 skjeppor bygg. Endre døydde 1835 og Anna 1846, 93 år gl. barnlause. Styrk døydde 1840 og Ingebjørg 1847, 86 år gl. Deira dotter Anna gifte seg 1. 1812 m. Lars Knutson Sonve f. 1768, 2. 1829 m. Knut Steffason Ygre f. 1802. Lars budde på bruk 4 Sonve der dei er umtala. Knut kjøpte 1834 Haug for 400 spd. Anna døydde 1847, 54 år gl. og Knut gifte seg andre gongen 1848 m. enkja Brita Nilsdr. Lirhus.

Knut og Anna fekk sønene Lars f. 1831, g. 1. 1853 m. Anna Olavsdr. Rokne, 2. m. Ingebjørg Rue (Amerika), og Styrk f. 1832. På skiftet etter Anna var garden taksta 700 spd. Bruttomidelen var 1208 spd. Med Brita fekk Knut sju born: Anna f. 1848, g. 1868 m. Torstein Jonson Græe, husmann på Setre, Marta f. 1850, g. 1. 1870 m. Lars Oddson Nyre, 2. m. Erling Velomson Dolve, Kirsti f. 1852, g. 1877 m. Anders Sjurson Møn, gardmann på Bauthus, Nils f. 1854 (Amerika), Steffa f. 1857, g. 1877 m. Ingebjørg Larsdr. Lunde, sjå bruk 2 Indre Nyre, Knut f. 1861 (Amerika) og Anders f. 1867 (Amerika). Knut Steffason selde 1871 garden til Bjarne Sjurson Rjodo, som då hadde butt på Bauthus, Knut døydde 1889 og Brita 1903.

Bruk 1. Haug. Styrk Knutson gifte seg 1867 m. Kari Ivarsdr. Helland og tok 1874 att farsgarden ved odelssøksmål. Bjarne kom seinare til Rene. Styrk og Kari fekk og farsgarden hennar på Helland, bruk 2. Styrk døydde 1910 og Kari 1918. Tri born: Marta f. 1868, g. m. Anders Larsson Græe, Anna f. 1871, g. m. Eirik Endreson Jerald og Knut f. 1877, g. m. Kristi Arnfinnsdr. Rokne. Marta og Anders fekk garden på Helland og Knut fekk Haug for 2400 kronor. Han har vore med i likningsnemndi, heradsstyret, skulestyret, soknerådet, provianteringsrådet, presten sin medhjelpar, i forstandarskapet for Voss Sparebank, i kontrollnemndi for banken og rekneskapsførar for vegen Helland-Rong.

Haug var fyrr mtrnr. 212, lnr. 416 med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 1 ort 18 skill., revidert 3 dalar 1 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,79 etter at bruk 4 var skilt frå.

Bruk 2. Haug. Utskilt 1879 frå bruk 1 med revidert skyld 12 skill. og ny skyld 15 øre. Viking Knutson Helland kjøpte dette jordstykket utanfor Haugskloppi og bygde der. Han var f. 1818, g. 1871 m. Anna Ivarsdr. Helland, og døydde 1893.

--- side 305 ---

Anna døydde 1926. Viking* dreiv i lang tid handel med feitevaror som han reiste til Bergen med. Dei fekk tri døtter: Gudve f. 1878, g. m. Knut Masson Sonve, Marta f. 1879, g. m. Ivar Johannesson Tveito, og Anna f. 1882.

Bruk 3. Haug. Skilt 1894 frå bruk 1 med skyld 2 øre. Voss herad kjøpte det og bygde skulehus der.

Bruk 4. Haug. Skilt frå bruk 1 i 1931 med skyld 1 øre. Voss herad kjøpte det som tillegg til skulehustufti og leikeplass.

Husmenn.

Johannes f. 1669 hadde sonen Knut f. 1696. Asle Knutson, g. m. Sigrid Mattisdr. fekk 1712 sonen Torgeir. Torstein Hermundson, g. m. Marta Larsdr., fekk borni Lars f. 1713 og Lars f. 1714. Anders Larsson fekk sønene Lars f. 1733 og Lars f. 1735. Anders Larsson f. 1724, g. 1749 m. Anna Endresdr. Tesdal f. 1729, nemnde ovanfor, hadde plass etter at dei let garden til sønene. Johannes Andersson f. 1750, g. m. Anna Larsdr., umtala ovanfor, hadde plass på Haug fyrr dei kom til Leiddal og fekk på Haug borni: Gjertrud f. 1778, Lars f. 1780 og Anna f. 1784. Eirik Andersson f. 1755, g. 1781 m. enkja Kari Knutsdr. Rekve fekk 1782 sonen Anders og døydde 1792 som ekm. Lars Nilsson Jerald fekk 1856 tinglese husmannsfeste, men flytte ikkje dertil. To av borni hans, Anna og Nils Jerald, fekk 1910 plasset Hovden der dei har bygt, rudt og dyrka.

Støl.

Støl hadde dei ikkje i 1723. Haug har seinare fått støl i Bordals-Almenningen. På stølseigedomen er ein stor stein kalla Hunden og ein annan kalla Mannen. I Kvanngjeli nedanfor stølen skal fyrr ha vore orm.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala i 1723, men der har vore ei i 1776 og 1791. Kverni er i Kjøtlo. Fyre 1894 var der uppgangssag som vart umbygd til sirkelsag. Knut fekk 1907 hestavandring til drift av treskemaskine og nokre år seinare vasshjul til dette bruk. I 1914 kjøpte han oljemotor til drift av treskemaskina og kappsag og 1922 elektrisk motor som driv vedsag, hakkemaskin, hyvlekuttar, dreiebenk, slipestein og sjølvreinsande treskeverk.

Offentlege forretningar.

Semje 1725 med Gjelland, Herre og fleire um stølsbeite. Semje 1761 med Grovu um beiting. Godviljug utskifting 1833. Semje 1836 med Helland.

--- side 306 ---

Bumerke.

Lars 1737 tavle 8 nr. 59. I 1739 teikna han merke t. 6 nr. 87 og t. 5 nr. 4 seks gonger 1743-1760. Anders 1739, 1751, 1780 t. 6 nr. 87 og noko brigda 1768.

Ymse.

Sauahusbare kalla dei fyrr ein stad der beste engi er no. Etter dei gamle er fortalt, at dei Gjelland skal ha havt sauahus der og at dei hadde flatane på Haug til hamnehage. Eit skiftebrev frå 1830-åri syner at då var født 2 hestar, 14 nautskrøter og 30 smalar. Dei brakte då mykje attåtharving, som vanleg i dei tider, av skav, beit, lauvskjerr og reinsmose til krøteri og sprake og ospelauv til smalen. Dei avla 50-60 såld korn og brukte halmen til krøteri slik han var. Sidan vart garden stelt minder godt ei tid so fødnaden i 1875 var 2 hestar, 8 nautskrøter og 15-20 smalar. Styrk styrde garden godt, og Knut har dyrka mykje, driv garden tidhøveleg og bygde 1910 nytt løhus. Til garden høyrer ein slåtteteig utanfor Kvitno.