Haugo.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 166 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Haugum. Det vert no sagt Haugó2; han búr pao, è tao Haugó, ska tì Hauga. Namnet er fleirtal av ein haug, gn. haugr, m. i dativ fleirtal haugum.

Benedict a Haugum er nemnd som vitne i brev frå 1303 (DN I nr. 97). Alfinr Brynjolfson vitnar 1412 (DN I nr. 631) at han var på Haugo før Jørund Arneson døydde og høyrde at han gav heile Rogne til Odd Botolvson. Jørund er meir umtala på Rogne i bd. 1. Kong Håkon Magnusson påla 1378 Jørund Arneson på Fors, Hjelmeland, som han då er skriven for, å stå til rette for godset hennar Brynhild Sigurdsdr. Kongen bad biskop Jakob, prost Vindal Henrikson ved Apostelkyrkja i Bergen og sysselmann på Voss, Erlend Filipsson fehirde i Bergen og Arnfinn og fleire um å døma millom Jørund og Brynhild (DN II nr. 453).

Seks lagrettemenn på Voss kunngjorde 1475 (DN VI nr. 580) at Eliv Arnvedson og kona hans, Ingerid Gudmundsdr., løyste av Orm Pålson odelsgodset hennar Ingerid 5½ mmb. i Haugo og 2½ mmb. i Gjerde. Orm hadde ervt godset etter Torbjørg Jonsdr. som og hadde gjeve Ingerid 5½ mmb i Haugo («i Høghom»). Det heiter vidare at dei bytte til seg Torbjørg sin part i «Høgsfisket». Dette må vel gjelda fiskeretten åt Haugo

--- side 167 ---

i Vosso. Magnille budde 1521 på Haugo og betalte 5 lodd sylv i skatt. Jon og Torstein var brukarar 1563, Nils og Lars 1591, Nils og Oluff 1603 og Nils, Lars og Hans i 1611.

I 1614 var det fire brukarar: Nils, Hans, Odd og Mikkjel. Sistnemnde åtte 2½ laup. Dei var der og 1621 og 1629 so nær som Hans. Nils åtte 1621 2 laup på Haugo, Takla og Vetla Rokne og Mikkel 1 laup på Haugo. I 1629 åtte Nils framleies 2 laup, Odd ½ laup og Mikkjel 1 laup 6 mark. Leidangsboki


Haugo
Bilete 22. Haugo. Fot. P. Braaten 1937.

1624 melder um leidang 18 merker smør og 1 bukkskinn på ein part der Odd var leiglending og ½ laup smør og 2 bukkskinn på ein annan part med Nils og Mikkjel som brukarar. Det er sagt at desse gjorder var toleg gode. Ragnendu(?) hadde noko øydejord.

Ryttarskatt var 1627 lagt på tri eigedomar odelsgods: a. 4½ dalar på 2 laup der Nils var brukar, b. 1 dalar 1 ort 6 skill. på ½ laup 6 mark med Odd som brukar og 2½ dalar ½ ort på 1 laup 9 mark der Mikkjel var brukar. I 1635 er skriven berre ein leiglending Alff som slapp fri for ganisonsskatt. Arnfinn var då eigar av 2 laup. Han og Mikkjel var brukarar 1640. Dei åtte 1 laup kvar i 1642. I 1645 var det tri leiglendingar:

--- side 168 ---

Torstein Endreson, g. m. Steinvor, og hadde tenestdrengen Sjur, Karl Lauritsson, g. m. Ingebjørg og enkja Guri Tormodsdr. som hadde tenestdrengen Steffa. H. Sehested let 1649 ved makabyte til kongen 1 laup, 2 huder, foring og arbeidspengar 1 dalar på Haugo.

Skyldi er 1652 førd upp med 3½ laup. Eigarane var: Kirsten Bolstad 1½ laup, Karl 2 pund 1 spann, Greip 2 pund 1 spann, Vangskyrkja 12 mark og David Møn 18 mark. Torstein, Anders og Ivar var brukarar. Karl og Greip budde på eige odelsgods. Greip åtte 3½ spann på Helland og Torstein 3½ spann på Øvre Klyve. Det var same eigarar av Haugo i 1655 og 1659 so nær som at David Møn då ikkje er førd upp. Torstein, Greip og Karl var då brukarar. I 1657 var det Torstein, Ivar og ei enkje. Etter kyrkjerekneskapen 1654 fekk Vangskyrkja 3 askar korn i landskyld.

Landkommisjonen har 1661 ført upp indre tun under Apostelgodset og som eigarar av ytre tun: Evanger kyrkje 12 mark, ei enkje 2 pund 18 mark og Klas Miltzow 2 pund 18 mark. Torstein var brukar på indre tun og Håvard og ei enkje på ytre tun. I 1664 var Håvard Olavson, Mikkjel Arnfinnson og Torstein Andersson brukarar. Torstein hadde sonen Jakob f. 1644 og var lagrettemann i 1669 og 1672. Eirik Krag fekk 1665 saman med nokre andre kongeskøyte på 1 pund smør, 2 huder og 1 rd. arbeidspengar på Haugo. Arve var leiglending 1670 og vitna då i den store skogsaki at han hadde hogge timber i Raundalens Almenning. Frå 1691 er det i manntali alltid skilt millom indre og ytre tun.

192. Indre Haugo.

Indre Haugo var 1661 på 2 laup i skyld og hadde ein brukar. Garden var lunnalaus er det sagt. Skyldi var likeins 1723, men der var då to brukarar. Der var humlagard og litt vedaskog. Garden var sers lettbrukt og hadde midlungs jord til kornavl. Skyldi var 1777 2 laup 12 mark og vart 1838 umskrivi til 7 dalar 3 ort 12 skill. Samanlikningstalet var 1160. Vedaskog til eige bruk og mest nok av fureskog.

I matrikkelen 1865 er ført upp 23 mål åker, 37 mål god, 104 mål medels natureng og 53 mål skrapebø. 10 mål var skikka til

--- side 169 ---

dyrking. Vårhamni var ring og sumarhamni medels. Skog til eige bruk, og kvart av bruki kunde selja timber for i kring 3½ spd. um året. Ved uppteljingi 1918 var der 46,1 mål åker, 69,2 mål kunsteng og 20,6 mål natureng.

Folketalet var 14 i 1801, 17 i 1865 og 351 i 1920. Den store aukingi i 1920 skriv seg frå byggjingi i Haugamoen som no høyrer til Vangen.

Fødnad og avling (i tunnor) på Indre Haugo.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   13   9          
1723 2   20   18   20      
1865 2   23   50   61 ½ 44  
1918 6   23   64          

Indre Haugo er 1691 og 1695 ført upp med 2 laup 12 mark i skyld og F. Broderson som eigar av 2 laup. Anders Person f. 1655 og Styrk Olavson f. 1659 var leiglendingar 1691 og 1701. Anders var leiglending ogso 1715 og 1723 og var g. m. Marta Håvardsdr. Ho døydde 1739, 83 år gl. Anders var død fyrr. Dei hadde borni: Eli, g. 1729 m. Nils Isakson Kvåle, som 1739 budde på Jeraldstveiti, Per f. 1681 og Gudve f. 1683, død 1745. Per var g. m. Ragnhild Olavsdr. Ho døydde 1739 og hadde tri born: Håvard f. 1712, Jorunn f. 1715, g. 1742 m. Olav Andersson Rokne og Guri f. 1718.

Styrk Olavson var g. 1. m. Kari Eiriksdr., 2. m. Marta Sjursdr. og 3. 1713 m. Brita Bårdsdr. Nedkvitno. Styrk døydde 1725 og hadde tri born med fyrste kona, to med andre og tri med tridje kona: Eirik som var til sjøs, Rannveig f. 1695, Kari f. 1700, Sjur f. 1703, g. 1754 som ekm. med enkja Guro Eliasdr. Lid, Kari f. 1707, g. 1727 m. Anders Torsteinson Nedre Skutle, Olav f. 1714, g. 1752 m. enkja Inga Andersdr. Skylje, Liva f. 1716, g. 1746 m. Odd Larsson Rue og Marta f. 1718, g. 1745 m. Styrk Gitleson Mala.

Arnbjørn Larsson Græe kjøpte 1706 Indre Haugo av F. Broderson. Sidan var Anders og Styrk leiglendingar hjå han. Marta Håvardsdr. sa upp bygsli i 1734 og Rognald, son hans Arnbjørn, fekk same år Indre Haugo ved gåvebrev frå far sin

--- side 170 ---

og flytte dertil. Rognald var f. 1699, g. 1720 m. Anna Halldorsdr. Tveito f. 1689 og fekk 1719 gard på Tveito. Anders Knutson Græe lyste 1754 at han meintest å ha odelsretten til Indre Haugo og tok turvande atterhald. Anders var son til Knut Gjelland og soleis syskinbarn til Rognald Haugo. Saman med prestane og femtan bønder har Rognald i 1747 vore med og gjort framlegg til ordning av skulestellet på Voss og var då presten sin medhjelpar. Han var uppnemnd til forsvarar for to unggutar som hadde stole blyplator frå kyrkjetaket. Rognald førde og ei stor sak for vossane. Han må soleis ha vore ein både lovkunnig og vyrd mann. Rognald døydde 1770, Anna 1775, og dei hadde seks born: Asgjerd f. 1721, g. 1744 m. Svein Olavson Ringheim, gardmann på Eimstad, Synneva f. 1723, g. 1757 m. ekm. Jørgen Nilsson Haugo, Knut f. 1727, død 1753, Arnbjørn f. 1729, Gjertrud f. 1732, g. 1766 m. Halldor Bårdson Lunde, Halldor f. 1735, g. 1764 m. Margreta Larsdr. Glymme. Halldor budde på Rue, Tøn, Gjøastein og til slutt på Glymme. Ved skifte etter Rognald åtte buet 1 laup som vart taksta 400 rd. Bruttomidelen var 1390 rd.

Arnbjørn Rognaldson f. 1729, g. 1762 m. Anna Nilsdr. Gjelland fekk skøyte 1761 frå far sin på 1 laup og 1775 på 1 laup frå ervingane etter mor si. Arnbjørn døydde 1789 og Anna 1817, 77 år gl. Dei hadde elleve born: Marta f. 1763, g. 1789 m. Olav Larson Dymbe, Knut f. 1766, Bjarne f. 1768, g. 1805 m. enkja Marta Arnfinnsdr. Grovu, Rognald f. 1770, g. 1803 m. Marta Larsdr. Finnesteigen, Gjertrud f. 1771, g. 1802 m. Arnfinn Torsteinson Ringheim, Asgjerd f. 1772, g. 1797 m. Magne Sjurson Setre, Anna f. 1774, g. 1797 m. Lars Olavson Tveito, Synneva f. 1775, død ugift, Eli f. 1777, g. 1835 m. ekm. Knut Sjurson Tyrlingteigen, Nils f. 1778 og Mari f. 1780, g. 1820 m. Lars Hermundson Bjørgo. Ved skifte etter Arnbjørn 1789 vart garden taksta 600 rd. og bruttomidelen var 848 rd. Knut fekk halve garden som vart bruk 2 og Nils fekk seinare den andre halve, bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Indre Haugo. Nils Arnbjørnson f. 1778, g. 1. 1818 m. Arngunna Knutsdr. Dukstad, 2. 1832 m. Synneva Knutsdr. Vinsand, fekk 1815 skøyte på bruk 1 hjå mor si. Knut Arnbjørnson stemnde på odelsretten til eigedomen, men tapte. Saki gjekk

--- side 171 ---

vidare til overretten, som gav Knut medhald, men han tapte att ved høgsterett. Nils var tri år ute i krigen mot Sverike og merkte seg då ut, so at han fekk Danebrogsordenen. Nils vart innstilt til æreteiknet med denne grunngjeving: «uagtet saaret ved et sabelhug og falden under den fiendtlige husars hest, reddede han sig ved at gjennembore hestens bryst fra en overlegen fiende, fra hvilken han måtte vige». Nils døydde 1851 og hadde to born med Arngunna og eitt med Synneva: Halldor f. 1819, Anna f. 1824, g. 1846 m. Kjell Larsson Takla f. 1822 og Arngunna f. 1833, g. 1862 m. Lars Andersson Stora Saude.

Halldor fekk halve garden ved skifte etter mor si og den andre halve ved skøyte frå far sin. Halldor døydde ugift 1871. Han testamenterte garden med buskap og reidskap til systerdotteri Arngunna Kjelsdr. Takla for 700 spd. Ho var f. 1847, g. 1869 m. Odd Trondson Grønlien f. 1841. Han var lærar i Kvitli og sist i Palmafossen, medhjelpar, medlem av fatigstyret, skulestyret, forstanderskapet for Voss Sparebank, representantskapet for Voss Veksel- og Landmandsbank, styrar av folkeboksamlingi og mykje med på skylddeilingar. Odd bygde nye hus og vølte mykje på garden. Han døydde 1919 og Arngunna 1933.

Odd og Arngunna hadde sju born: Eli, Nils, Anna, Trond, Lars, Halldor og Synneva. Eli f. 1871 var lærarinne og døydde ugift 1909. Nils f. 1874, g. m. Hjørdis Olafsen, er lektor på Voss Landsgymnas, Anna f. 1876 er g. m. Olav Bjørgum, direktør i Voss Sparebank, Trond f. 1883, løytnant, døydde ugift 1911, Halldor f. 1887, g. m. Hjørdis Peersen, sokneprest i Tynset, Synneva f. 1890, g. m. Josef O. Bjørgum. Lars er f. 1885, g. m. Ingebjørg Brynjulvsdr. Hylle og fekk 1918 garden hjå foreldri for 12 000 kronor. Han er agronom frå Stend, er medlem av heradsstyret og har fleire andre tillitsyrke.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 193, lnr. 371 med gamal skyld 1 laup 6 mark, urevidert 3 dalar 4 ort 6 skill. revidert 3 dalar 4 ort 7 skill. Ny skyld mark 5,62 eller mark 4,86 etter at bruk 60 er skilt frå.

Bruk 3. Indre Haugo. Knut Arnbjørnson fekk 1790, som ovanfor umtala, skøyte på bruk 2. Han var f. 1766, g. 1796 m. Brita Eiriksdr. Finne, Ho døydde 1841, 66 år gl., og Knut 1849. Dei hadde fem born: Arnbjørn f. 1796, Nils f. 1797, Marjo f. 1801, g. 1841 m. Lars Ivarson Glymme, gardmann på Kinne, og

--- side 172 ---

tvillingane Arnfinn og Knut f. 1804. Knut døydde ugift 1875. Arnfinn bleiv 1831 på heimvegen frå Bergen, der han hadde vore i likferd etter Arnbjørn, bror sin. Arnbjørn hadde fenge garden og då han døydde ugift har Nils, bror hans, fått garden.

Nils Knutson f. 1797, g. 1842 m. Marta Nilsdr. Finne f. 1814, døydde 1885 og Marta 1889. Dei hadde borni: Arnbjørn f. 1844, Brita f. 1847, g. 1879 m. Ivar Nilsson Fjellby og Johannes f. 1850, g. 1893 m. Marta Øysteinsdr. Vang, Valdres, som bur på Rjodo. Arnbjørn gifte seg 1879 m. Brita Brynjulvsdr. Kyte og fekk 1883 farsgarden for 4000 kronor. Dei fekk borni Marta, Nils og Kristense f. 1882--1887 som alle døydde ugifte, og Brynjulv f. 1892. Brita døydde 1918 og Arnbjørn 1922. Brynjulv fekk 1921 garden og gifte seg med Guro Brynjulvsdr. Hylle.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 193, lnr. 372 med skyld som bruk 1. Etter at. bruk 69 er skilt frå er skyldi mark 4,79.

Bruk 2 og 4-60 i Haugamoen er umtala i band 1 um Vossavangen og vert difor ikkje tekne med her. Sidan band 1 kom ut, er etternemnde eigedomar utskilde.

Bruk 61. Hylland. Skilt ut 1933 frå bruk 41. Skyld 3 øre. Selt til Eirik Hylland.

Bruk 62. Skutelvin. Utskilt frå bruk 44 i 1933. Skyld 2 øre. Skøytt til Lars A. Skutle.

Bruk 63. Haugen, Utskilt frå bruk 3 i 1934. Skyld 1 øre. Selt til Per O. Holo.

Bruk 64. Roland. Utskilt frå bruk 44 i 1934 med skyld 2 øre og selt til Arne Kaldestad.

Bruk 65. Granly. Skilt ut 1934 frå bruk 26 og 34 med skyld 2 øre. Eigar: Otto Stenseth.

Bruk 66. Biltun. Utskilt 1934 frå bruk 8 og 17. Skyld 1 øre. Selt til a/s Autoreparasjon.

Bruk 67. Veslely. Skilt ut 1935 frå bruk 44. Skyld 2 øre. Selt til Johannes Melve,

Bruk 68. Systertun. Utskilt frå bruk 44 i 1935. Skyld 1 øre. Selt til Gudve Vivås.

Bruk 69. Sandhaug. Skilt 1935 frå bruk 3. Skyld 2 øre. Selt til Anders A. Avdal.

Bruk 70. Ljosheim. Utskilt 1936 frå bruk 44. Skyld 2 øre. Selt til Sjur Nesheim.

--- side 173 ---

193. Ytre Haugo.

På Ytre Haugo var det to brukarar i 1661 og skyldi var 2 laup. Det var likeins 1723. Garden var sers lettbrukt, hadde vedaskog, humlagard og god jord for korndyrking. I 1777 var skyldi 2 laup 1 pund som 1838 vart umskrive til 7 dalar 3 ort 12 skill. Samanlikningstalet var 1160. Der var mest nok fure- og vedaskog til eige bruk. I matrikkelen 1865 er ytre Haugo ført upp likeins som Indre Haugo. I 1918 var der 27,1 mål åker, 95,5 mål kunsteng og 18 mål natureng.

Folketalet var 10 i 1801, 21 i 1865 og 184 i 1920. Aukingi av folketalet i 1920 kjem seg frå byggjingi i Haugamoen.

Fødnad og avling (i tunnor) på Ytre Haugo.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   16   10          
1723 2   20   18   20      
1865 2   23   50   61 ½ 44  
1918 5   32   49          

Ytre Haugo er ført upp med skyld 2 laup 1 pund i 1691 og 1695. Vangskyrkja var eigar av 12 mark, Henrik Miltzow 2 pund 18 mark og brukaren Mikkjel Arnfinnson 2 pund 18 mark. Han brukte heile garden. Mikkjel var f. 1637, g. 1. m. Guri Olavsdr., som døydde 1698, 2. m. Synneva Torleivsdr. Bryn. Ho døydde 1726, 58 år gl. og Mikkjel 1734. Han hadde tri born med Guri og to med Synneva: Knut død fyre 1698, Steffa gift fyre 1698, Ingebjørg, g. fyre 1698 m. Torgeir Bryn, Guri (som vert umtala nedanfor) og Askjel. Ved skifte etter Synneva åtte dei 2 pund 18 mark som vart verdsett 66 rd.

Askjel Mikkjelson vart g. 1727 m. Guri Olavsdr. Vetla Rokne og bygsla 1726 1 laup av far sin. Dei fekk borni Synneva f. 1728 og Mikkjel f. 1730, g. m. Steinvor Torsteinsdr. Mikkjel Arnfinnson bygsla 1733 1 laup til Nils Knutson, som 1735 kjøpte 2 pund 4 mark. Han var g. 1. m. enkja Sigrid Knutsdr., 2. 1736 m. Sigrid Jørgensdr. Alland. Nils døydde 1739, 56 år gl. og hadde fire born med fyrste kona: Jørgen f. 1718, Knut f. 1720, g.

--- side 174 ---

1754 m. Anna Hermundsdr. Seve, Magnhild f. 1722 og Åmund f. 1725. Han dreiv 1745 med handel og laut for det skatta 4 rd. Ved skifte efter Nils åtte dei 2 mark i Takla og 2 pund på Haugo taksta 64 rd. Sigrid Knutsdr. hadde med Jørgen, fyrste mannen sin, dotteri Ingebjørg f. 1714.

Jørgen Nilsson f. 1721 vart g. 1. 1745 m. enkja Sigrid Nilsdr. Nyre, 2. 1757 m. Synneva Rognaldsdr. Haugo og fekk 1739 skøyte på 2 pund 18 mark. Sigrid døydde 1756, 84 år gl., barnlaus. Jørgen og Synneva fekk borni Sigrid f. 1758, g. 1781 m. Olav Mikkjelson Vivås og Asgjerd f. 1766, g. 1786 m. Johannes Olavson Øvre Graudo. Synneva døydde 1775, 52 år gl. og Jørgen 1793. Ved skifte etter Synneva var jordgodset verdsett 350 rd. Bruttomidelen var 769 rd. Olav Mikkjelson fekk garden i 1786 og 1792 og fekk på Haugo borni Synneva f. 1786 og Arngunna f. 1790. Olav bytte 1792 m. Olav Johannesson uti Brekkhus. Han let 1798 halve garden til Isak, son sin og 1801 den andre halve til sonen Johannes. Framhald bruk 1.

Guri Mikkjelsdr., nemnd ovanfor, var g. 1. 1726 m. Torstein Olavson Kvitno f. 1688, 2. 1735 m. Knut Larsson Dukstad. Dei var leiglendingar. Guri hadde med Torstein to døtter: Synneva f. 1727, g. 1751 m. Endre Jonson Ulvund, skriven for Berde i 1778, og Steinvor f. 1732, g. 1777 m. Mikkjel Askjelson Melve etter kongelegt løyve då dei var syskinborn. Med Knut fekk Guri sonen Lars f. 1738. Torstein og Knut var leiglendingar. Knut døydde 1778, 78 år gl. og Guri 1780, 80 år gl. Framhald bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Ytre Haugo. Isak og Johannes var som fyrr nemnt eigarar av dette bruket. Dei bytte 1802 med Olav Sveinson uti garden hans på Nyre. Olav var frå Eimstad f. 1747 og g. 1774 m. Kari Eiriksdr. Nyre. Ho døydde 1827 og han 1834. Seks born: Rognald f. 1775, Asgjerd f. 1778, g. 1799 m. Isak Olavson Haugo, Ragnhild f. 1781, g. 1815 m. ekm. Brynjulv Monsson Ronve, Rannveig f. 1784, g. 1803 m. Johannes Olavson Nyre, Anna f. 1787, g. 1819 m. Olav Arnbjørnson Seim, Viki, og Jorunn f. 1790.

Rognald Olavson fekk 1802 skøyte frå far sin på garden for 199 rd. og gifte seg 1811 med Gudve Larsdr. Øvre Herre. Rognald døydde 1840 og Gudve 1848, 65 år gl. og hadde fem

--- side 175 ---

born: Kari f. 1812, g. 1844 m. Olav Tormodson Ringheim, Anders f. 1815, Olav f. 1819 (Amerika), Åsa f. 1822, g. 1848 m. Bjarne Sjurson Rong, Lars f. 1832, g. 1867 m. Ingjerd Jonsdr. Græe. Anders fekk garden på skifte etter faren for 500 spd. Verbror hans Anders, Odd Ronve, fekk 1850 garden for 1000 spd., men selde same året til Lars Th. Uthus for 1100 spd. Johan H. Krohn kjøpte 1853 garden på auksjon for 890 spd. og selde 1855 til Eiliv Steffason Bokkatum for 1200 spd.

Eiliv Steffason var fødd på Haga 1813, g. 1. 1839 m. Kari Magnesdr. Rykke, 2. 1852 m. Marta Magnesdr. Rykke som døydde 1884. Eiliv døydde 1887 og hadde borni: Lars f. 1842, Olav f. 1846, Steffa, og Brita som vart g. 1866 m. Knut Davidson Haugo, gardmann på Rene. Lars vart g. m. Guri Eiriksdr. Øvsthus og fekk 1880 skøyte på garden for 3200 kronor. Lars døydde 1922 og hadde døtterne Kari f. 1870 og Guro f. 1878, g. m. Arnfinn Larsson Jordal. Kari er g. m. Ivar Larsson Lydvo. Han er agronom frå Stend, og dei fekk garden i 1921 for 3000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 194, lnr. 373 med gamal skyld 1 laup 12 mark, urevidert 3 dalar 4 ort 6 skill., revidert 3 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 5,55 eller mark 5,13 etter at bruk 41 er skilt frå.

Bruk 2. Ytre Haugo. Lars Knutson f. 1738, nemnd ovanfor, gifte seg 1. 1760 m. Halkatla Olavsdr. Finnesteigen, 2. 1775 m. Brita Erlingsdr. Gjøastein, 3. 1778 m. Marta Larsdr. Dymbe. Lars kjøpte på auksjon 1760 2 pund 18 mark av enkja etter kancelliråd Alstrup. Lars døydde 1795, og Marta vart attgift 1796 med Nils Torleivson Bryn. Lars fekk med Halkatla og Marta ni born: Synneva f. 1762, Kari f. 1764, g. 1795 m. Ivar Mikkjelson Skjerpe eller Melve, Mikkjel f. 1765, Brita d. e. f. 1767, Guri f. 1769 skrivi for Kvåle, då ho 1801 vart g. m. Nils Olavson Midtun, Brita d. y. f. 1779, g. 1805 m. Magne Eirikson Rykke, Lars f. 1783, Guri f. 1784, g. 1815 m. Mattis Arnfinnson Bryn og Knut f. 1788.

Lars Larsson gifte seg 1815 med Sisselja Arnfinnsdr. Bryn og fekk 1792 skøyte på garden frå far sin. Lars kjøpte same år odelsretten av Mikkjel, bror sin, som budde i Bergen. Lars var med i krigen mot Sverike. Sisselja døydde 1851 og Lars 1861 utan etterkomarar. Brorson hans Lars, Lars Knutson Hakastad, Ulvik, fekk 1858 skøyte på garden for 300 spd. Lars var f. 1834, g. 1861 m. Guro Eiriksdr. Øvsthus f. 1836, og døydde

--- side 176 ---

1886. Guro døydde 1915. Åtte born: Sisselja f. 1862, g. m. Knut Larsson Alland, gardmann på Øvre Lid, Sigrid f. 1863, Guro f. 1865, g. m. Lars Knutson Rykke, Lars f. 1867, Anna f. 1869, g. m. Johannes Ivarson Rivenes på Setre, Brita f. 1872, g. m. sokneprest Hallvard Kvamsdal i Evje, Knut f. 1874, død 1903, og Marta f. 1877, g. m. kyrkjesongar Knut N. Bjørgås, Vossastr. Lars fekk 1909 garden for 5200 kronor, var g. m. Guri Andersdr. Kvåle og er død. Han var lenge organist i Vangskyrkja og instruktør i fleire songkor og musikklag.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 194, lnr. 374 med skyld som bruk 1. Etter at bruk 33 er skilt frå, er skyldi mark 5,18.

Bruk 3-31 i Haugamoen er umtala i band 1 um Vossavangen og her vert difor halde fram med bruk 32 og vidare, som seinare er utskilde.

Bruk 32. Moen. Utskilt frå bruk 1 i 1932. Skyld 2 øre. Skøytt til Per A. Gjøastein.

Bruk 33. Solflot. Utskilt frå bruk 2 i 1933 med skyld 2 øre. Linius Andersen er eigar.

Bruk 34. Soltun. Skilt frå bruk 1 i 1933. Skyld 3 øre. Selt til Olav M. Saude.

Bruk 35. Fredheim. Skilt ut 1934 frå bruk 1 Ytre Haugo og bruk 41 Indre Haugo med skyld 2 øre. Selt til Lars O. Saude.

Bruk 36. Skoglund. Utskilt frå bruk 1 i 1934. Skyld 3 øre Selt til Karl Stenrud.

Bruk 37. Malatun. Skilt 1934 frå bruk 1. Skyld 3 øre. Selt til Johannes I. Mala.

Bruk 38. Dagheim. Utskilt 1935 frå bruk 1 med skyld 3 øre og selt til Anna Dagestad.

Bruk 39. Haugli. Skilt ut 1935 frå bruk 1 med skyld 3 øre. Selt til Brita I. Hyrt.

Bruk 40. Eggjareid. Skilt ut 1936 frå bruk 1. Skyld 3 øre. Selt til Kristi Eggjareid.

Bruk 41. Glymmetun. Skilt ut frå bruk 1. Skyld 3 øre. Selt til Anders Glymme.

Husmenn på Haugo.

På plasset Svelgane som ligg ved Hardangervegen på grensa mot Granvin, har butt desse husmannsfolk: Anders Oddson Himle f. 1717, g. 1745 m. Ingebjørg Larsdr. Vestrheim,

--- side 177 ---

var rådsmann på Tesdal og Kvitno, budde so på Rjodo og kom i kring 1760 til Svelgane. Anders må ha vore gift ein gong til. Det er i alt uppgjeve at han hadde tolv born attåt tri som døydde unge: Nils f. 1746, g. 1. m. Synneva Davidsdr. Mølster, 2. 1799 m. Magli Knutsdr. Tveiti, budde på Rokne. Dønåt f. 1749, g. 1775 m. Knut Andersson Lydvo, Anna f. 1753, Odd f. 1755, g. 1. 1790 m. Marta Olavsdr. Håtveiti, 2. 1812 m. Anna Mikkjelsdr. Opeland, gardmann på Håtveiti, Lars f. 1761, Ingjerd f. 1760, Gudve f. 1763, g. 1796 m. Åmund Erlingson Ullestad, Anna f. 1766, Knut g. m. Marta Larsdr., Ingebjørg f. 1779, g. m. Olav Endreson Tesdal, David f. 1780 og Anders f. 1785, g. m. Guro Olavsdr. Øvre Fenno, budde på Fenno.

Lars Andersson f. 1761, g. 1783 m. Anna Olavsdr. Finnesteigen etter kongelegt løyve, hadde plasset etter foreldri sine og fekk seks born: Anders f. 1786, g. 1815 m. Torbjørg Persdr. Vetla Rokne, Odd f. 1791, g. 1825 m. Margreta Oddsdr. Gjelle, som budde på Ullestad, Knut f. 1793, Tormod f. 1796, Olav f. 1799, g. m. Bryttva Sjursdr., og Ingebjørg. Olav hadde plass i Svelgane. Anders budde der og. Han var med i krigen mot Sverike 1808-1814, og reiste på sine gamle dagar til sønene sine i Nordland. Dotteri Anna hadde sonen Lars Åmundson Haugo, som var husmann på Haugo.

Etter dei kom Kristoffer Gunnarson, g. m. Kari Larsdr. som fekk borni Lars, Guro, Olav og Anna f. 1842-1848. Anders Andersson Bergstad f. 1825, g. m. Kari Trondsdr. Kvåle er komen til Svelgane i kring 1849 og fekk der borni: Anders f. 1850, umtala på Istad og bruk 6 Mala, Sigrid, Olav og Nils f. 1856-1863. Kari døydde 1876 i Svelgane, og Anders døydde på Istad 1898. Anders Knutson f. 1825 budde i Svelgane etter at han slutta som husmann på Istadbakkjen, Istad, der han er umtala. Arnved Knutson Haugo f. 1848 gifte seg 1878 med Anna Knutsdr. Skjeldal og feste plasset. Anna, døydde 1897 og Arnved 1911 og hadde borni: Knut, Sjur f. 1881, gardmann på Heimberde, Ingebjørg f. 1884 som no har plasset Svelgane, og Margreta f. 1887, død 1918.

Nils Torleivson f. 1751, g. m. Marta Larsdr. umtala ovanfor hadde husmannsplass på sine gamle dagar.

Eirik Nilsson, g. m. Gudve Massdr. var det som fyrst rudde og bygde på plasset Fjorungamodn, som ligg i åsen ovanfor garden. Dei hadde borni Ingebjørg f. 1836, g. m. Endre Jerald,

--- side 178 ---

Mari f. 1847 og truleg fleire. Eirik Sjurson Rjodo, g. m. Rannveig Torsteinsdr. Saude, budde på Fjorungamodn då dei fekk sonen Sjur f. 1855. Eirik flytte sidan til ferjestaden på Prestegarden ved Vosso. Sidan kom Knut Arnvedson Kinne f. 1820, g. 1846 m. Ingebjørg Andersdr. Ronve. Dei hadde havt plass på Gjelle i 1852. Han døydde 1887 og hadde borni: Arnved f. 1848, husmann i Svelgane, Anders f. 1850, sjå bruk 2 Øvre Skutle og Marta f. 1852, g. 1877 m. Lars Åmundson Haugo f. 1844. Han fekk plasset Haugane, der han bygde og rudde. Lars døydde 1914 og hadde fleire born.

David Knutson Himle f. 1811 fekk 1860 feste på plasset Myræ. Han var g. 1838 m. Kari Isaksdr. Nyre og fekk borni: Knut f. 1838, gardmann på Rene, Anders f. 1843 og Isak f. 1844, død ugift. David døydde 1889. Torbjørn Knutson Hakastad, g. m. Ingjerd Velomsdr., fekk døtterne Ingebjørg f. 1875 og Sigrid f. 1883. Dei hadde fyrst plass på Nyreshaujen og seinare stove i Haugamod'n. I Nygjerdslo ved Brynamerket i høgd med Hadlaberge har vore plasset Tuftna eller Tvangen som det og var kalla. Olav Dale frå Granvin skal ha bygt og rudt der. På heimvegen frå Vangen, der han hadde drukke seg full, vart han liggjande nedanfor husi sine og fraus ihel.

Støl.

Stølen var 1½ mil frå garden er det sagt i 1723. Hauga-stølen heiter Haugamodn og ligg til merkes med garden Rong. Det er fortalt at i eit gamalt dokument skal det vera skrive, at ein mann på Haugo testamenterte burt garden Rong. På fjellet Herebreio er ein varde kalla Grim, som dei trur er bygt av ein mann med dette namn.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala i 1723, men 1776 og 1792 var der tri kvernar. Nolevande folk hugsar at der var kvern nedanfor steinkloppi i Haugasvingen på Bordalsvegen. Per Olavson Fenno har 1848 fått feste hjå Haugo på tuft og vassfall til sag ved Svelgabruæ. Aslak A. Istad, Johannes O. Jørdre og enkja Kari Sjursdr. Fenno har 1851 sett upp ei bygdesag med eit blad på grunn som dei hadde fest av Ytre Haugo.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning 1792. Åstadsak 1798. Utskifting 1815, Odelssak 1819. Semje 1828 um beiting. Merkeskilsforretning 1840 millom Haugo og Ronve. Semje 1865 um utskifting. Utskifting 1887. Fyre denne utskiftingen låg husi åt alle fire bruki nær einannan. Det heitte då uppistova, burtistova, uppigarden og nigarden. Etter utskiftingen flytte bruk 3 Indre Haugo austover og bruk 2 Ytre Haugo vestover.

--- side 179 ---

Bumerke.

Mikkjel 1713 tavle 7 nr. 102, noko brigda 1718. Anders 1714 t. 7 nr. 103, brigda på fire ymse måtar 1723-1727. Per 1726 t. 7. nr. 104. Askjel 1730 t. 8 nr. 1. Rognald mange gonger 1735-1754 t. 8 nr. 2. Nils 1735 t. 1. nr. 49. Knut fleire gonger 1736-1769 t. 8 nr. 3. Jørgen 1747 t. 8 nr. 4, brigda på tri måtar 1753-1775. Lars 1757 t. 5 nr. 24. Arnbjørn 1776 t. 8 nr. 5, noko brigda 1780.

Ymse.

Haugo og Nyre har havt mykje teigblanding. Dei har no og kvar sin teig i slåtteteigen Tvangen, som ligg uppunder åsen. Haugo og Nyre eig skogteigen Svelgane, der plasset Svelgane er. Husmannen der betalar like stor avgift til kvar av dei åtte gardmennene på Haugo og Nyre. Det er fortalt at teigen skal vera gjeven som faddragåve. Det er og fortalt at Nyrane åtte Svelgane og støla der, men let Haugane verta medeigarar. Nyrane fekk som vederlag stølen Løkjane på Bordalen. Etterdi der har vore so mykje teigblanding millom dei to gardane, har dei truleg frå fyrst av vore ein gard.

Namnet Humlagardsteigen (ogso kalla Huldahaugen) syner at der har humlagarden vore. På Naustteigen ved Vosso hadde bruk 1 Indre Haugo naust ved Gardsvadet. Ved siste utskiftingi fekk Nyre den teigen. Truleg har vel både Haugane og Nyrane havt båtar og naust ved Vosso. - Ei notisbok med uppteikningar i 48 år av kornavlingen syner at på bruk 1 Indre Haugo var det berre i 1854 at avlingen var under 50 såld. I 1855 var det 80 såld.

I Tråæ er utjamna ein gravhaug, der det i ei steinkiste låg restane av eit stort menneske, leirpottor og bronseurnor, er det fortalt. Det såg ut til at haugen hadde vore opna tidlegare. Elles er funne eit bronsespenne og stykke av eit anna, to sneldehjul og eit leirkjerald. Humlagardshaugen vart utgraven i 1880-åri, og der var ei steinkiste med ymse oldsaker i, som no er i Bergens Museum. Nedanfor haugen ligg Lunden, som truleg har vore offerplass.