77. Hefte.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 444 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Heptini og Heftini. Det vert no sagt Hèftè2; han búr pao, è tao Hèftè, ska tì Hèftés, sms. Hèftés-hajén. Namnet er truleg samansett av eit ord gn. hapt n. og vin (beite), men kva tyding det skal liggja i hapt, er uvisst (det kann tyda: hefte, stans, band, lekkje, helde, gud).

Hefte er i 1661 skriven for halv gard med skyld 3 laup 8 mark. Der var to brukarar, brennefang og ei bekkekvern. I 1723 var det same skyldi, men berre ein brukar. Skog var det til husvøla og til brensel. Humlagard og ei flaumkvern var der og. Garden var noko tungvinn og utsett for skred. Skyldi var den same i 1838 og då umskrivi til 9 dalar 1 ort 10 skill. Det var to brukarar, noko fureskog og vedaskog til eige bruk, humlagard og eit vassfall. Samanlikningstalet var 1400.

Matrikkelen 1865 har ført upp 29 mål åker, 9,5 mål dyrka eng, 56¼ mål god, 40 mål medels natureng og 20 mål skrapebø. Det var ring hamnegang, skog til husbruk, og det kunde seljast timber for 2½ spd. og bjørkeved for 2 spd. um året på kvart av dei to bruki. Garden var lettbrukt og dyrka betre enn vanleg. I 1918 var det 31 mål open åker, 50 mål kunsteng og 27 mål natureng.

På Hefte budde 25 menneske i 1801, 35 i 1865 og 17 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Hefte.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 23 35
1723 2 25 30 28
1865 4 32 74 79 56
1918 6 22 52

Vangens prestebol åtte 1 laup i Hefte, er det fortalt i Bjørgynjar Kalfskinn. Griotgard, prest i Haus, gjev i brev 1332 (DN. II. nr. 195) Bjørn Steinarson fullmakt til å krevja noko jord i Tvilde av ervingane etter Håvard på Hefte. Orm var

--- side 445 ---

brukar på Hefte i 1521 og betalte 5 lodd sylv for seg og kona åt farbroren. Han betalte dessutan 8 lodd sylv i breffbrot. Laurits Eilivson som budde på Hefte i 1563, er umtala i brev frå 11. mars nemnde år (DN. IX nr. 788). Lensmann Styrk Andersson på Voss, underprost Laurits Eirikson og 10 lagrettemenn kunngjer i brevet: Dei hadde etter uppmoding av Laurits Eilivson i mai og august 1562 ved kyrkja på Vangen gjeve vitnemål til ålmugen um dei heimelsdokument, som han fyrr hadde på odelsgodset på Voss etter fars- og morsætti si. Heimelsbrevi hadde gått med ved lauseld på garden hans, Hefte, for 1½ år sidan. Alle husi so nær som løda med det som var i dei, gjekk med. Det var sovidt folket fekk redda seg. Laurits hadde havt 4 odelsbrev på 8 mmb. i Hefte med Vambarstølen. To av dei var skrivne i kong Eirik si tid, eit i kong Magnus si tid og eit var gjort sidan.

Eit brev hadde Laurits på fritt hestatjor på øydegarden Einhelleren åt Heftesmannen, når han for til kyrkje (Einhedleren er no namn på helleren ovanfor vegen frå Nesheim ved Nesheimsvikjæ). Heftesmannen skulde og ha fri nausttuft til båten sin og eit notkast i «Diuffuicken» på nemnde øydegard. Laurits hadde vidare havt brev på 4 mmb. i Tvinno, 3 mmb. i Grjotland og 4 mmb. i Nedre Afdal i «Årtunit». Likeins eit brev på 9 mmb. i Skjervheim, Myrkdalen. Alt dette jordgodset var odelsgods etter farfar hans Laurits Eilivson. Etter mor si hadde han fått dette odelsgods: 3 mmb. i Berde og 8 mmb. i Indre Takla. Det ser i same brevet ut til at Laurits vidare har ervt etter syskini åt farfaren 8 mmb. i Hefte, 3 mmb. i Tvinno. 3 mmb. i Grjotland, 2 mmb. i Nedre Afdal «i Årtunet» og 6 mmb. i Skjervheim, Vossastrondi. Laurits var son til Eiliv Magnusson.

Jordboki for Vangens prestebol 1585-1616 fortel at det fekk 1 såld korn og 1 spann smør i landskyld av eigedomen sin på Hefte. Johannes Andersson på Evanger selde i 1602 til sin frende Anders Øyulvson på Hornung (Hydningen?) i Holbygdi ½ pund i Hefte, som Anders hadde odelsretten til for 4 gode gamle dalar og ei vårfødd kyr. Dette salet er umtala ogso i brev frå 1615. Oluf var leiglending på Hefte 1611 og 1614 og åtte i 1621 2 laup odelsgods i Hefte og Skjervheim. Laurits Sjurson Øvre Lid selde i 1615 sin odelspart, 14 mark, i Hefte til Eirik Hermundson Dolve og styksonen hans, Jon Andersson, fødd på Hydningen. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset

--- side 446 ---

i to bruk på Hefte. Det eine var på 3½ laup og skulde skatta 7½ dalar 1½ ort og det andre var på ½ laup 6 mark med skatt 1 dalar 1 ort 6 skill.

Jørgen Olavson, g. m. Ågota, er ofte ført upp som brukar på Hefte 1621-1652. Han åtte i 1621 14 mark jordgods, 2 laup i 1635 og 2½ laup i 1642. I 1652 og 1659 er sagt at Jørgen budde på eige odelsgods 2 laup. Brev frå 1638 syner at Jørgen då har kjøpt 30 mark i Hefte av Oluf, bror sin, på Gjøastein. Samson var brukar i 1645, 1655 og 1659 og hadde i 1645 ein


Bilete 50. Frå Hefte. Fot. P. Braaten 1935.

son og dotteri Brynilde. Olav Olavson g. m. Arnbjørn var då husfolk. Rasmus Gjelland åtte 32 mark i Hefte i 1621 og ei enkje på Dolve åtte ½ laup.

Folkvard Broderson har ved makebyte med kongen i 1649 late noko jordgods i Hefte til kongen. Skyldi på Hefte er i 1652 førd upp med 3 laup 8 mark. Derav åtte Jon 2 laup, Prestebolet ½ laup og F. Broderson 44 mark. Det var likeins i 1655 med det undantak at Broderson då åtte 32 mark og Oluf Horvei 1 pund. Ei enkje på Hefte hadde 9 mark odelsgods i Hovda. I 1661 er skyldi den same. Vangens prestebol åtte 1 laup og bøndene resten. Samson Jørgenson og Aslak Jørgenson var brukarar både da og i 1664. Aslak brukte heile garden

--- side 447 ---

i 1691 og 1695 og åtte 2½ laup 8 mark i han. Prestebolet åtte framleis 1 laup. I 1714 var Vangskyrkja eigar av ½ laup og brukarane åtte 2 laup 44 mark. Vangens prestebol åtte i 1723 1½ pund og brukarane resten av garden 2 laup 1 pund 20 mark.

I 1701 var det to brukarar: odelsbonden Aslak Jørgenson og sonen leiglending Knut Aslakson f. 1667 med ein son Lars f. 1699. Aslak var g. m. Brita Larsdr. og døydde 1732. Ved skifte etter Brita i 1726 åtte dei 2 laup 44 mark i Hefte. Dei hadde tri born: Knut, Sjur som budde på Kvåle, Gullfj., der han var gift 1711 med enkja Rannveig Mikkjelsdr. fødd på Lid, Kv., Ågota, g. m. Nils Øvsthus.

Knut Aslakson f. 1667, g. 1. med Gjertrud Åmundsdr., død 1716, 2. 1716 med. Herborg Sveinsdr. (syster åt Lars S. Lydvo) og døydde 1753 ved eigi hand. Han åtte 2 laup 44 mark i Hefte etter skøyte frå 1726. Knut var i 1712 innkalla for retten av di han på heimvegen frå kyrkja hadde gjeve Endre Nesheim hogg og slag. Knut hadde gått til alters den dagen. Med Gjertrud hadde han sju born (a-g) og med Herborg to (h-i): a. Lars f. 1700, g. 1733 med Ingebjørg Styrksdr. Leiddal og døydde utan etterkomarar i 1749, b. Åmund f. 1707, c. Olav f. 1712, som kom burt i 1766, ugift, d. Gudve f. 1697, g. 1721 med Nils Styrkson Leiddal, Nesheim, e. Ingebjørg f. 1704, g. m. Knut Leiddal, f. Gunnvor f. 1710, g. m. Lars Arnfinnson Skulestad, g. Dønåt f. 1715, død ugift 1792, h. Aslak f. 1726, død ugift 1755, i. Gjertrud g. 1748 til Dagestad med ekm. Anders Knutson.

Åmund Knutson f. 1707, var g. 1750 med Synneva Mattisdr. Mølster og døydde 1792. Han fekk skøyte i 1750 og 1754 på 2 laup 4 mark i Hefte. Seks born: Lars f. 1753, død 1775 ugift, Knut f. 1755, Bjarne f. 1758, Gjertrud f. 1760, g. 1786 til Nesheim med Nils Steffason, Mattis f. 1763, g. 1805 med Rannveig Bjarnedr. Ringheim, Aslak f. 1767. Aslak var konstituert lensmann ei tid medan saki mot lensmann Gusskalk Ringheim stod på. Aslak var under forhøyr 1801- 1805 som mistenkt for å ha drepe gjenta Ingebjørg Jørgensdr. Eggjane. Han vart ikkje dømd for det, men fekk livsvarigt tukthus fordi han hadde rymt under saki. Han vart frigjeven i 1804 og gifte seg då med Rannveig Eilivsdr. Berge og budde på Bergshaugen til han døydde, er det fortalt. Åmund skifte garden i 1782 millom sønene Knut og Bjarne,

--- side 448 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Hefte. Bjarne Åmundson f. 1758, g. 1786 med Brita Sylfestsdr. 'Fletre, fekk skøyte i 1785 frå far sin på 1 laup 22 mark i Hefte med part i overbygsli til ½ laup som Vangskyrkja åtte. Likeins part i Vambarstølen, i teigen Innhelleren på Ukvitna-eigni, i eit nauststøde, i eit hestetjor og i eit notkast. Bjarne døydde 1826 og hadde fem born: Åmund f. 1787, Sylfest f. 1791, g. 1818 med Ingebjørg Ivarsdr. Tvinno, gardmann på Tvinno, Nils f. 1802, Synneva f. 1799, g. 1819 til Grjotland med Sylfest Olavson, Anna f. 1806, g. 1832 med Olav Bårdson En.

Åmund Bjarneson f. 1787, g. 1818 med Guri Jonsdr. Dagestad, fekk skøyte frå far sin i 1825 på bruk 1. Han døydde 1856. Tri born: Bjarne f. 1818, Amerika, Jon f. 1823, Amerika, Ingebjørg f. 1821, g. 1844 med Knut Masson Ukvitno f. 1811, død 1900. I sine yngre dagar dreiv han med skreddararbeid og vevskeibinding. Han reiste både på Stavangerkanten og til Nordland for å selja vevskeier og anna Vossa-arbeid og likeins kram. Verfaren skøytte garden til Knut i 1845 for 700 spd. Fire born: Åmund f. 1846, Mass f. 1849, g. 1880 til Sonve med Gudve Knutsdr., Brita f. 1849, g. 1872 med Olav Torsteinson Fletre, som kjøpte gard på Midtun, Olav f. 1856, Amerika.

Åmund Knutson f. 1846, g. 1. 1876 med Guro Andersdr. Repål, 2. med Ingjerd Andersdr. Repål og døydde 1915. Han fekk farsgarden i 1877 for 3400 kronor. Born med Guro: Knut og Anders. Knut f. 1882, g. 1917 med Synneva Sjursdr. Fletre fekk garden i 1921 for 4000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 77, lnr. 154 med gamal skyld 1 laup 44 mark, urevidert 4 dalar 3 ort 5 skill., revidert 4 dalar 3 ort 16 skill. Ny skyld mark 6,87.

Bruk 2. Fagerlid. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1884 og ervefest til kjøpmann Harald Irgens i Bergen. Fire av ervingane hans har i 1932 fått skøyte på bruket for 4000 kronor.

Bruk 3. Hefte. Knut Åmundson f. 1755, g. 1782 med Rannveig Nilsdr. Midtun, døydde 1810. Han fekk i 1782 skøyte frå far sin på 1 laup 22 mark, som vart bruk 3, med part i det same som broren Bjarne fekk med bruk 1. Fem born: Lars f. 1783, Knut f. 1785, Ingebjørg f. 1787, Åmund f. 1790,

--- side 449 ---

død 1813 og Nils f. 1794. Lars fekk garden i 1808, men laut ut i krigen og døydde der av sjukdom. Han skulde vera uvanleg kraftig. Broren Knut fekk garden i 1809 for 300 spd. Han gifte seg 1813 med Dønåt Jonsdr. Dagestad og døydde 1859. Seks born: Knut f. 1817, Rannveig f. 1819, Jon f. 1822, Synneva f. 1827, Ingebjørg f. 1825, Dønåt f. 1830. Dei to siste reiste til Amerika, hine døde ugifte, so nær som Knut.

Knut Knutson f. 1817 gifte seg 1851 med Brita Johannesdr. Leiddal. Han fekk farsgarden ved skifte 1848 etter Dønåt. Sju born: a. Ivar f. 1854, b. Johannes f. 1856, g. m. Maria Andersdotter Kvårmo, sjå bruk 1 Øvre Leiddal, c. Knut f. 1852, død 1877 ugift, d. Ingebjørg f. 1861, e. Sigvor f. 1867, f. Anna f. 1874, g. Rannveig f. 1871, g. 1895 til Fletre med Tormod Jonson. Litra d-f i Amerika. Ivar Knutson f. 1854 var g. 1882 med Guro Knutsdr. Øvsthus og fekk garden i 1889 for 3200 kronor. Han var skulelærar frå 1874-1891 og døydde 1913. Sonen Knut d. e. fekk garden i 1927 for 8500 kronor. Han er f. 1888 og g. m. Elisa Martinsdr. Vinjo, Vossastr.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 77, lnr. 155 og av skyld som bruk 1 med undantak at den nye skyldi er mark 6,90.

Husmenn.

Per Person f. 1769, g. m. Anna Davidsdr. hadde plass på Hefte frå 1790-åri. Born: Sisselja f. 1797, Per f. 1799, g. 1835 med Synneva Jonsdr. Meland, David f. 1804, gardmann på Tvinno. Olav Olavson, g. m. Brita Olavsdr. hadde plass i 1770-åri og fekk der sonen Nils i 1778. Lars Halldorson, g. m. Brita Mattisdr. budde på Hefte då dei fekk sonen Mattis i 1781. Lars Larsson f. 1752, g. 1. med Brita Sjursdr. 2. med Marta Eiriksdr. og døydde 1783. Han hadde borni: Kari f. 1783, Brita f. 1791, Lars f. 1797. Lars lova i 1800 å flytta frå plasset når eigaren gjorde krav på det.

I Hefteshaugen på bruk 1 budde Mons Brynjulvson, g. m. Anna Brynjulvsdr. Seks born: Anna f. 1827, g. m. Sylfest Fletre, Ingebjørg f. 1830, Brynjulv f. 1833, umtala på Leiddal, Mikkjel f. 1836, husmenn, i Skjeungane på Øvsthus, Lars f. 1840, Amerika, Gudve f. 1843, g. med Brynjulv Ringheim, husmann på Lemmesteigane. Ingebrikt Larsson budde i Hefteshaugen i 1865. Han var f. 1818, g. m. Kristi Botolvsdr. og hadde to born: Lars f. 1854 og Knut f. 1855.

--- side 450 ---

Nils Eirikson feste i 1851 Hefteshaugen under bruk 3 på 20 år. Han var f. 1824, g. m. Ragnhild Knutsdr. og døydde 1884. Seks born: Knut f. 1849, Anders f. 1853, Rannveig f. 1856, Eirik f. 1857, skomakar, bur på Brattåker, Nils f. 1861, Lars f. 1866. Nils Monsson Fletre fekk i 1851 husmannsfeste på plasset Geilane. Han var f. 1801, g. 1848 med enkja Barbrå Sjursdr. Hefte. Tri born: Guro f. 1850, g. m. Nikolai Ullestad, husmann på Kinne, Mons f. 1854, g. 1879 med Maria Simonsdr. Kinne, sjå bruk 27 Indre Haugo, Anders Løno, bygningsmann. Aslak Jonson f. 1792, g. m. Sisselja Persdr. hadde plasset Hagen.

Stølar.

Vambaset har vore støl åt Hefte frå fyre 1562. I seinare tid er det berre husmennene som stølar der, og han heiter difor ofte Husmannsstødl'n. Det var ¼ mil til stølen er det skrive i 1723. Rykklyve var fyrr vårstøl åt bruk 1 og tidlegare visst åt båe bruki. I gamle dagar var der so bjørnsgjengt at dei torde ikkje gå frå beisti, men låg på florslemmen der um nettene. Haugamjølstødl'n har visst vore vårstøl ei tid åt bruk 3. Gilset er sumarsstøl åt både Hefte og Fletre.

Kvern.

Der var ei flaumkvern i 1723 og 1776.

Offentlege forretningar.

Forretning var halde i 1732 vedkomande Hefte, Lofthus og Lirhus um skifting av ein teig millom stølane Vambaset og Liaset, sak mot Leiddal i 1755 um Røgjellen og Testensgjellen, merkeskilsforretning mot Leiddal i 1774, steiningsforretning i 1788 millom bruk 1 og 3, skiftetakst 1854 og utskifting 1892.

Ymse.

«Nya-loftet» som dei kallar det, er for kort tid sidan bygt saman med stovehuset, bruk 1. Fyrrs tod årstalet 1616 på loftet er det fortalt. «Gamla-loftet» trur dei er eldre. Gardshusi skal ha stått lenger uppe nemleg i Nygjerdslo fyre branden i 1562, fortel segni. For mange år sidan fann dei ved pløgjingi på Storatreet ei øks som skal vera frå vikingetidi. I 1930 vart freda ein stor sprake på Smaofossane og ei stor gran på Vetlestødl'n. Gruo heiter ein stad ved merket mot Fletre. Øvre-Gruo er ovanfor og Nere-Gruo nedanfor vegen til Fletre. Tett med er ei mura halvrund grue ikring 1 meter i tverrmål og opi framantil. Brunt vatn kjem sigande or eit klipe i berget ovanfor. Her må ha vore brent jarn ei tid. Der er ein stor stein med ei hole i midten. Folk trur at jarnet her har vore hamra etter det var

--- side 451 ---

utbrent. Lenger nede er ein stein på umlag eit hestelass, flat ovanpå og med fleire holor i som ser ut til å vera laga.

Bumerke teikna på Hefte.

Knut 1710 tavle 4 nr. 60, mykje brigda i 1727. Lars 1738-1742 t. 4 nr. 61. Åmund 1756- 1788 t. 1 nr. 49. Åmund Knutson 1788 t. 4 nr. 5.