83. Hegle.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 480 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Høuelenn og Heglenn. Det vert no sagt Hèglè2; han búr pao, è tao Hèglè, ska tì Hèglés, sms. Hèglésnèsé. Namnet synest vera samansett med eit ord hegl f. (reipbøygel) og vin (beite). Formi Høuelenn synest tyda på ei eldre form Hovoldin, som ser ut til å vera same namn som Hòvold'na (med Hòvoldé-groè) namn på ei utmark på Seim i Vikjar åttung. No tyder hovold og hegl det same, so ein kunde tenkja på eit umbyte av desse to ordi i seinare tid.

Hegle er i 1661 skrive for halv gard med 2 laup i skyld og to brukarar. Der var sperreskog og vedaskog til husbruk. I 1723 var det same skyldi, men berre ein brukar. Der var skog til eige bruk og humlagard. Garden var kald, vasslendt og tungvinn og uviss til kornavling. Skyldi var likeins til 1838 og då umskrivi til 4 dalar 2 ort 13 skill. Der var humlagard, fure- og vedaskog til eige bruk og til sal. Samanlikningstalet var 680.

Matrikkelen 1865 har ført upp 19¼ mål åker, 2 mål dyrka eng, 23 mål god, 38 mål medels natureng og 79 mål skrapebø. Ring hamn. Skog til eige bruk og det kunde seljast årleg for 26 spd. Garden var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 17 mål open åker, 23 mål kunsteng og 27 mål natureng.

Folketalet på Hegle var 9 i 1801, 19 i 1865 og 31 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Hegle.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 15 20
1723 1 14 18 20
1865 1 17 44 47 ½ 34
1918 2 12 36

Stenor budde på Hegle i 1518 og betalte 1 mark til kongsgarden i Bjørgvin som rest på drottningsskatten. Oluf heitte mannen på Hegle i 1521. Han betalte 3 mark i skatt og 8 lodd sylv i breffbrot. Mons var brukar i 1563 på 2 laup og betalte i 1567 2 mark 4 skill. i jordfeste. Weigner var leiglending i 1591 på 1½ laup. Askjel Johannesson betalte tridje års bygsel i

--- side 481 ---

1597 med 2½ mark 3 skill. for 2 laup, og gav same året i fyrste bygsel 16 dalar for dei 2 laupi, som stiftet og kruna åtte. Hans Hegle er ofte førd upp som leiglending 1603-1636 på 2 laup. Fleire gonger med tri års millomrom er meldt um at han hadde betalt tridje års bygsel. Leidangsboki for 1624 syner at det var leidang på to bruk på Hegle. På det eine var leidangen ½ pund smør og 1 geitskinn og på det andre ½ laup smør og 2 bukkskinn. Hans brukte det fyrste og Jørgen det andre. Det er tilført at der var god jord. Mikkjel og Hans var leiglendingar 1641.


Bilete 56. Hegle. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 56. Hegle. Fot. P. Braaten 1935.

I 1645 var det og to brukarar: Arne Andersson, g. m. Ingeleiv og Knut Rasmusson, g. m. Anna. Der budde og ei enkje Synneva då.

Hannibal Sehested fekk kongeskøyte 1649 på leidangen av Apostelgodset i Hegle 1½ pund smør og 1 geitskinn. Sehested åtte i 1650 2 laup, som han hadde fått ved makebyte med kongen. På dette var det ½ pund smør og 1 geitskinn i leidang, 2 dalar i skatt, ½ dalar i fornødspengar, ½ dalar i arbeidspengar og ½ dalar 16 skill. i avgift til jordeigaren. Olav og Knut var brukarar. Sehested laut skøyta jordgodset til kongen att i 1651, som selde det i 1657 til Gabriel Marselis. I skattemann-

--- side 482 ---

talet 1657 står at Finnegodset åtte 2 laup i Hegle. Knut og Arnfinn var då leiglendingar.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Hegle. Dette er hovudbruket, og det var ikkje fleire bruk fyrr Heglesplasset vart skilt frå og skyldsett i 1882.

Landkommisjonen skriv i 1661 at Hegle var på 2 laup, som høyrde til Finnegodset. Knut og Arnfinn var brukarar. I 1664 og 1670 var det Arnfinn Torgisson og Nils Monsson. Nils vitna 1669 i den store skogsaki, at han hadde hogge 6½ tylvt sagtimber i Raundalens Almenning. Klas Miltzow åtte Hegle i 1680 og 1691. Mons og Olav var leiglendingar i 1691. Mons hadde heile garden i 1695. Henrik Miltzow åtte då 1¾ laup og Jon Folt? 18 mark. I 1701 var Levor Knutson leiglending og var lagrettemann. Han var f. 1639, g. 2. m. Gunnhild Torleivsdr. og døydde 1715. Med fyrste kona hadde han to born (a-b) og med Gunnhild fem born (c-g): a. Mons Hegle, b. Marta, g. m. Gudleik Nilsson Heimberde, c. Svein f. 1695, d. Torleiv f. 1700, e. Knut f. 1703, f. Torbjørg f. 1694, g. Sigrid f. 1798. Knut var gift i 1720-åri med Dordei Sveinsdr. frå Hardanger. Ho var av Rike Torstein si ætt. I 1714 åtte Henrik Miltzow 1 laup 54 mark og Jens Ørbech 18 mark. Enkja Asgjerd Samsonsdr., g. 1716 med Knut Ivarson Lemme, brukte so Hegle til ikring 1725.

Henrik Miltzow bygsla Hegle i 1725 til Olav Nilsson Lemme. Han var f. 1670, g. 1. m. Gjertrud Knutsdr., 2. 1727 med Rannveig Olavsdr. Alland og døydde 1762. Med Gjertrud hadde han fire born: Nils f. 1723, Marta f. 1710, g. 1745 med ekm. Mons Tveito, Ragnhild f. 1714, g. 1755 med ekm. Johannes Herlaugson Flatekvål, Guro f. 1719, g. 1761 m. Nils Botolvson Store Røte. Nils Olavson f. 1723, g. 1752 med Sigvor Larsdr. Kvåle døydde 1786. Han kjøpte av kongen i 1759 løysningsretten til 2 laup i Hegle for 100 rd. Kongen hadde selt jordgodset i 1657 til Gabriel Marselis. Dette kjøpte Nils i 1736. Sju born: Olav f. 1757, Lars f. 1763, g. 1800 med Ingebjørg Nilsdr. Helleve, Ivar f. 1774, Knut f. 1777, Gjertrud f. 1755, g. 1801 til Helleve med Mikkjel Vikingson, Ragnhild f. 1767, Anna f. 1770. Ivar, Knut, Ragnhild og Anna døydde ugifte.

Nils Olavson selde til Olav son sin, 1 laup i 1780, ½ laup i 1785; og i 1783 ½ laup til Anders Nilsson. Olav Nilsson, f. 1757

--- side 483 ---

døydde ugift 1790. Han hadde i 1785 selt 1 laup til sorenskrivar; Fleischer og 1 laup til Magne Oddson Tungeteigen. Nils Torbjørnson Tvilde kjøpte i 1788 av Magne og i 1789 av Fleischer og åtte då heile Hegle. Han var f. 1756, g. 1793 med Ingebjørg Nilsdr. Ukvitno og døydde 1806. Fem born: Torbjørn f. 1794, død 1824 ugift, Nils f. 1795, Sjur f. 1798, Lars f. 1805, Anna f. 1800 død ugift 1874. Torbjørn fekk skøyte i 1812 frå ervingane etter faren og kreditorane for 600 rd., men let garden att 1815 til Nils, bror sin. Han var f. 1795, g. 1827 med Kari Olavsdr. Ukvitno og døydde 1835. Ho Kari gifte seg att 1837 med Anders Knutson Brekku, Rd. Ved skifte, etter Nils 1837 vart garden taksta 550 spd. og skogen. 100 spd. Med Nils hadde ho Kari tri born (a-c) og med Anders tri (d-f): a. Nils f. 1828, b. Olav f. 1832, død ugift 1845, c. Ingebjørg f., 1835, g. 1863 med Olav Halleson Ringheim d. y., d. Knut f. 1838, e. Nils f. 1843, f. Marta f. 1846.

Nils Nilsson f. 1828 var g. 1857 med Brita Andersdr. Gjerde. Han fekk halve garden ved skifte etter far sin i 1837, men let gardparten same året til stykfaren og vart husmann. Ho Kari fekk halve garden ved same skifte. Sonen Knut Andersson fekk garden i 1859 for 700 spd. Han selde att 1869 til Knut Sveinsson Ullestad for 1800 spd. Han var f. 1827, g. 1850 med Marjo Larsdr. Vinjo og døydde 1908. Åtte born: Eirik f. 1850, død ugift, Brita f. 1852, Amerika, Svein f. 1854, g. m. Kari Olavsdr. Høyland, Styrk f. 1857, Ingebjørg f. 1860, g. 1886 med ekm. Knut Herlaugson Flatekvål, Knut f. 1864, Marta f. 1867, g. 1888 med Olav Aslakson Flatekvål d. y., som kjøpte gard på Gjukastein, Maria f. 1873. Svein fekk garden i 1877 for 4000 kronor, men selde han til Anders Johannesson Grevle i 1877 for 5200 kronor og kjøpte seinare gard på Skjerve. Anders var f. 1841, g. 1879 med Marta Torgeirsdr. Kvåle og døydde 1921. Tri born: Ingebjørg f. 1880, Ingjerd f. 1881, Marta f. 1882, g. 1908 med Johannes Larsson Fjose. Dei fekk garden i 1922 for 16 000 kronor.

Hegle var fyrr mtrnr. 83, lnr. 164 med gamal skyld 2 laup, urevidert 4 dalar 2 ort 13 skill., revidert 4 dalar 1 ort 21 skill. Ny skyld mark 4,68 etter at bruk 5 er skilt frå.

Bruk 2. Heglesplasset. Skyld 63 øre. Skilt frå bruk 1 i 1882 og selt til Arnfinn Knutson Rekve. Han dreiv lang tid med hellebenk. Sonen Knut fekk bruket i 1914, er f. 1880 og

--- side 484 ---

g. m. Kirsti Andersdr. Fitjo. Han driv og med hellebenk. Denne eigedomen var tidlegare husmannsplass.

Bruk 3. Heglesteigen. Skyld 22 øre. Skilt frå bruk 1 i 1923 og selt til Andreas S. Horvei.

Bruk 4. Neset. Skyld 34 øre. Skilt frå bruk 1 i 1924 og selt til Mons M. Øvsthus f. 1876. Det var fyrr husmannsplass.

Bruk 5. Haugasundet. Skyld 50 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1929 og selt 1930 til Nils A. Hegle. Fyrr var det husmannsplass.

Husmenn på Hegle.

Arnfinn Rasmusson, g. m. Helga var husmann i 1645, og Knut Rasmusson i 1664. Lars Torbjørnson f. 1659 var der i 1701 og hadde då sønene Lars f. 1697 og Anders f. 1700. Nils Botolvson Store Røte f. 1724, g. 1. 1761 med Guro Olavsdr. Hegle, 2. med Guri Knutsdr. hadde plass i 1801. Lars Jonson f. 1775, g. m. Kari Magnesdr. og døydde 1852 hadde sonen Åmund f. 1831. I 1865 var det tri husmenn: Øyulv Bjarneson f. 1810, g. m. Ågota Åmundsdr. som døydde 1878, Anders Larsson f. 1834, g. m. Ingebjørg Monsdr. Dei hadde borni: Lars, Mons f. 1865, Olav, Brita, Ingjerd f. 1880. Nils Nilsson f. 1828, g. m. Brita Andersdr. Gjerde, umtala ovanfor. Dei hadde borni: Kari f. 1859, Nils f. 1865, Olav f. 1869. På plasset Haugasundet budde Anders Nilsson f. på Fitjo 1833, g. m. Sigrid Johannesdr. og døydde 1924. Dei hadde borni: Ingjerd f. 1880, Nils f. 1882 og Brita f. 1892. På plasset Neset bur Mons Mikkjelson Øvsthus f. 1876, g. m. Kristi Johannesdr.

Støl, kvern, ymse og segn.

Stølen var 1 mil frå garden er det sagt i 1723. Det var vel Helgaset på Langedalen, same stølen som Hegle no har. Kvern er ikkje umtala i 1723 og heller ikkje i 1776. No er der ei, som har vore so lenge folk hugsar, men som har stade ubrukt i lenger tid. Godviljug utskifting var halde 1833. Likeins i 1827 på Helgaset. Semje um beiting i Vinjaåsen er gjord i 1877. Lønaholmen er Hegleseigedom. Det er ei segn um at det i gamle dagar var strid um eigedomsretten til denne holmen. Det vart då avgjort soleis at den som kunde vassa til holmen, skulde vera eigar av han. Saudemannen greidde det ikkje, men Heglemannen gjorde det og vart eigar.

Bumerke på Hegle.

Olav 1738 tavle 1 nr. 23. Nils 1765 t. 1 nr. 42.