136. Heimberde.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 360 ---

Garden vert nemnd i 1300-talet, og namnet vert då skrive a Bærdin, i 1630 Hemberg. Det vert no sagt Heimbèrè2 eller oftare Frambèrè2; han búr pao, è tao -bèrè, ska tì -bèrés. Bèrè, som er namn på alle tri gardane 136-138, har fått namn av bardet (bakkekanten) som der er, av gn. barð n. og vin (beite). Fyrelekken heim og fram tyder her lenger ned i dalen.

I Raundalen er i dagleg tale Heimberde oftast kalla Framberde. Heimberde, Midberde og Sygnaberde vert ofte kalla med samnamnet Berdesgarane. Stundom er i eldre skriv med Berde meint berre den eine av dei tri gardane, serleg Heimberde og stundom Midberde. Her vert skrive Berdesgardane når det gjeld alle tri, og elles Berde når det er uklårt um det gjeld ein eller fleire av dei.

Landkommisjonen skriv 1661 at skyldi var 1½ laup. Der var ein brukar. I 1723 er skyldi sett upp frå 1½ laup til 1 laup 2 pund. Det er då sagt at det var god fjellgard, nokolunde årviss til kornavl, og der var ein brukar. Vedaskog var der til eige bruk og fureskog til husvøling. Skyldi 1 laup 2 pund er 1838 umskrivi til 7 dalar 20 skill. Samanlikningstalet var 1080. Der var då turvande vedaskog, fureskog og vassfall.

Matrikkelen 1865 fortel at der var 24½ mål åker, 36½ mål god, 44 mål medels natureng og 74 mål skrapebø. 3 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var medels. Skog til husbruk. Bruk 1 kunde selja timber for 2½ spd. og bruk 2 og 3 for 1½ spd. årleg kvar. Garden var tungbrukt. Bruk 1 var dyrka mindre godt, men bruk 2 og 3 betre enn vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 14,7 mål åker, 9 mål kunsteng og 52 mål natureng.

Folketalet var 15 i 1801, 29 i 1865 og 19 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Heimberde.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 13 16
1723 2 16 12 6
1865 3 25 51 58 ,5
1918 3 15 34

--- side 361 ---

Vangens prestebol åtte etter melding i Bjørgynjar Kalfskinn 2½ laup i Berde. Brev av 1563 (DN. IX. nr. 788) fortel at Laurits Eilivson Hefte åtte 4 mmb. i Berde, som han hadde ervt etter mor si. I jordboki for prestebolet 1585-1616 står at prestebolet fekk 3 askar korn og 1 spann smør i landskyld av eigedomen sin på Berde. I 1611 og 1614 var det to brukarar med namn Oluff på Berdesgardane og i 1614 dessutan ein som heitte Lars. Alle tri betalte 1614 ½ dalar i skatt kvar. I 1621 var Oluff brukar på Heimberde og Øffuel Thindemb åtte ½ pund i garden. Sverkve Bø var eigar av 27 mark i Berdesgardane.


Heimberde fyre utskiftingen
Bilete 45. Heimberde fyre utskiftingen. Fot. Per Kløve 1924.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 9 mark smør og 1 geitskinn. Oluff er førd upp som brukar 1635 og 1645 og betalte siste året skatt det han orka med 1 ort. På Berdesgardane var elles desse brukarar: I 1635 Bård, i 1645 Mons Person, g. m. Helga, Eirik Olavson, g. m. Berete, Nils Olavson, g. m. Sigrid og Josef Knutson, g. m. Gjertrud.

Skyldi er 1652 og 1659 førd upp med 1½ laup på Heimberde. Derav åtte Kirsten Vogensen 1 laup og F. Brodersen ½ laup i 1652 og 1655. Eigaren 1659 og 1661 var Tomas Gilberts av 1 laup og Munkelivgodset ½ laup. Nils var leiglending 1652, Nils og Mons 1655 og Nils Olavson 1661 og 1664. Garmann fekk kongeskøyte 1662 på ½ laup Munkelivgods som

--- side 362 ---

han same året selde til Klas Miltzow. I 1691 åtte Vangens prestebol 1 laup og Klas Miltzow ½ laup med Johannes som leiglending, men i 1695 og 1714 var Kirsten Miltzow eigar av ½ laup og Henrik Miltzow av 1 laup.

Folketeljingi 1701 har to leiglendingar: Gudleik Nilsson og Lars Nilsson f. 1658. Dei var og leiglendingar i 1715 og lenger. Gudleik var f. 1661, g. m. Marta Levordsdr., døydde 1728 og hadde borni: Johannes f. 1693, Nils f. 1697, Ingebjørg f. 1713, Levor f. 1717 og kann henda fleire. Nils gifte seg 1722 m. Brita Ivarsdr. Bø og fekk borni: Torbjørg f. 1728, Knut f. 1733 og Olav f. 1734. Nils vart leiglending etter faren frå 1722 til 1730-åri.

Den andre leiglending 1701 Lars Nilsson f. 1658, var g. 1. m. Anna Persdr., død 1701, 2. m. Gudve Oddsdr. Klyve. Lars døydde 1720. Dei hadde fem born: Nils f. 1692, Odd f. 1702 som 1756 var på Kongsberg, Ivar f. 1710, Viking og Sigrid f. 1694. Gudve gifte seg uppatt 1721 m. ekm. David Olavson Bø. Han kjøpte 1729 halve Heimberde for 100 rd. av Mons Erlendson Heggland, som i 1723 hadde kjøpt heile garden av Henrik Miltzow for 150 rd. David selde att 1732 ½ laup til Nils Vikingson. Gudve Oddsdr. døydde 1755, 89 år gl.

Nils selde att 1740 til Olav Olavson Haugen 1 pund 16 mark som på Heimberde fekk sønene Olav f. 1742 og Viking f. 1745. Olav selde att ½ laup 1747 til Lars Olavson Eggjareid. Han var g. m. Marta Torleivsdr. og døydde 1751, 39 år gl. Marta gifte seg att m. Bjarne Knutson Lid. Lars og Marta hadde fire born: Maria f. 1737, Torleiv f. 1739, Ingebjørg f. 1746, Olav f. 1749. Torleiv Larsson fekk 1760 20 mark noko som arv og noko ved kjøp av syskini sine, og 1770 kjøpte han 20 mark av stykfaren Bjarne for 160 rd. Framhald bruk 3.

Ivar Larsson, nemnd ovanfor, gifte seg fyrst med Andri Olavsdr. og deretter 1736 m. enkja Gjertrud Johannesdr. Ulvund. Ivar åtte 27 mark etter skøyte 1734 og 1750. Dette vart ved skifte etter Ivar selt til fru Kristense Miltzow. Ivar døydde 1752, 41½ år gl. utan etterkomarar og Gjertrud 1751. Johannes Olavson Ulvund kjøpte 1737 27 mark av Ivar Larsson og Jon Endreson og gifte seg 1738 m. Torbjørg Jonsdr. Heimberde f. 1716. Dei fekk 1742 dotteri Gjertrud. Johannes bytte 1749 uti eit bruk på Ulvund og flytte dertil.

Same dagen dei kom der og heldt gilde for dei som hadde

--- side 363 ---

hjelpt til med flyttingi, vart Johannes drukken, balstyrig og fikta med ein kniv. Både kona hans, mor hennar og to andre fekk knivstikk. Ein månads tid deretter då kona var på stølen, kom Johannes ei natt, stakk henne med kniv, og for fælt åt elles. Ho døydde andre dagen etter. Han vart då teken og førd til arresten på Vangen. Snart etter vart avsagt dom. Johannes skulde av skarprettaren knipast fleire gonger og til ymse tider med gloande tenger, høgre handi skulde hoggast av han og deretter hovudet. Me veit ikkje um alt dette vart etterkome. I ei vise um den fæle ugjerningen og domen er sagt at Johannes vart retta i Bergen 22. mai 1750.

Jon Endreson kjøpte 1729 av Mons Erlendson Heggland 2 pund 6 mark for 130 rd. Jon selde noko 1737 til Ivar Larsson og hadde deretter att 1 pund 21 mark. Jon hadde borni Endre og Anna, g. 1749 m. Jørgen Henrikson Hjørnevik. Endre gifte seg 1. m. Synneva Torsteinsdr., 2. 1762 m. Ingebjørg Hollgeirsdr. Ullestad. I 1752 hadde han fått skøyte frå faren på ½ laup og 1762 kjøpte han av Knut Hollgeirson 27 mark, som han hadde kjøpt 1753 av brørne Joachim og Peter Nordahl. Endre og Synneva fekk fire born: Guri f. 1756, g. 1782 m. Lars Eilivson Skiple. (Ho døydde 1812 og skal vera den fyrste som vart gravlagd i kyrkjegarden på Skiple.) Ingebjørg f. 1758, g. 1791 m. Olav Larsson Haugen. Jon f. 1759. Synneva f. 1763. Med Ingebjørg hadde Endre tri born: Knut f. 1767, gift til Giljarhus, Vossastr. Torbjørg f. 1772. Hollgeir f. 1776, gift til Kjønnagard, Vossastr. Synneva eller Torbjørg vart gifte til Ramsøy ved Gudvangen er det fortalt.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Heimberde. Jon Endreson f. 1759, g. 1783 m. Brita Andersdr. Sygnaberde fekk skøyte 1782 frå Lars Eilivson Skiple på 7 mark og 178,8 skøyte frå far sin på 22½ mark og åtte ialt 1 pund 21 mark. Jon døydde 1808 og Brita 1833, 80½ år gl. Ved skifte etter han vart jordgodset taksta 700 rd. Bruttomidelen var 1176 spd. Seks born: Synneva f. 1784, g. 1810 m. Knut Knutson Lid, Kari f. 1786, g. 1813 til Kvarakvål m. Ivar Monsson, Endre f. 1789, Anders f. 1792, g. 1825 m. Brita Endresdr. Lid, Torstein f. 1795, gardmann på Davidhaugen og Guri f. 1797, g. 1817 m. Gitle Person Bø, som bytte seg til Øyjord, Vossastr.

--- side 364 ---

Endre Jonson f. 1789, g. 1813 m. Marta Monsdr. Kvarakvål fekk skøyte på farsgarden 1812 og 1825. Endre døydde 1856 og Marta 1838, 55 år gl. Ved skifte 1839 vart garden taksta 550 spd. og skogen 50 spd. Bruttomidelen var 810 spd. Fire born: Brita f. 1814, g. 1840 m. Torgeir Torleivson Lid, Anna f. 1817, g. 1853 m. Per Hansson Heimberde, Synneva f. 1820, g. 1862 m. Hans Nilsson Heimberde, Jon f. 1824, g. 1846 m. Guri Torgesdr. Hegg.

Jon fekk garden ved skifte etter mor si 1839 for 600 spd. og døydde 1898. Elleve born forutan to som døydde småe: Marta, Kari, Anna, Endre, Guri, Brita, Ingjerd, Torgis, Asle, Olina, Anders, fødde 1847-1872. Seks av dei reiste til Amerika. Anna f. 1852 vart g. 1876 m. Nils Styrkson Nesheim. Anders f. 1872 gifte seg 1903 m. Henrikke Monsson frå Kinn f. 1868. Asle f. 1865 vart gift 1923 m. Marta Nilsdr. Nesthus og har huseigedom i Haugemoen. Endre f. 1854, g. 1880 m. Ingjerd Gudleiksdr. Skiple f. 1850 fekk garden 1892 for 4200 kronor. Einaste dotter deira, Ingebjørg f. 1885, gifte seg 1915 m. Sjur Arnvedson Haugo f. 1881 og fekk garden 1919 for 6000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 137, lnr. 272 med gamal skyld 2 pund 2 mark, urevidert 3 dalar 2 ort 14 skill., revidert 3 dalar 1 skill. Ny skyld mark 4,38.

Bruk 2. Heimberde. Hollgeir Endreson fekk skøyte 1788 frå far sin (som budde på bruk 1) på 27 mark og det vart bruk 2. Hollgeir var g. m. Anna Larsdr. og fekk på Heimberde borni Ingebjørg f. 1788 og Endre f. 1794. Hollgeir bytte 1800 m. Lars Person uti hans bruk på Kjønnagard. Lars var g. m. Brita Larsdr. og fekk på Heimberde seks born: Lars, Guri f. 1800, g. 1834 m. Olav Eilivson Lid, Per f. 1804, g. 1838 m. Brita Nilsdr. Graudo, Bryttva f. 1807, Marta f. 1809, Ingebjørg f. 1812. Lars Person reiste 1846 til Amerika med huslyden sin. Fleire i denne ætti var gode til å arbeida både i tre og jarn.

Lars Larsson f. 1798, g. 1824 m. Katla Arnfinnsdr. Skutle fekk farsgarden 1823. Lars var presten sin medhjelpar til 1836. Dei fekk på Heimberde borni: Knut f. 1824, g. m. Synneva Løn (Amerika), Brita f. 1827, g. m. gardmann Lars Hallsteinson Høn, Anna, g. m. Sjur Markusteigen, hotelleigar på Uppheim, Vossastr., Lars f. 1828, Sisselja f. 1830, g. m. Lars Brattåker som var styrar på Rolfsens Melteri i Bergen, Bryttva f. 1832, g. m. Lars L. Møn, som hadde bakeri i Lekvesmoen på Vangen, Arnfinn f. 1835, jordamann på Løn, Vossastr.

--- side 365 ---

Lars selde garden 1840 til Per, bror sin, som selde att 1843 til Jon Hollgeirson Kjønnagard for 480 spd. og reiste same året til Amerika med huslyden sin. Hans Nilsson Eggjareid kjøpte bruk 2 1845 av Jon (som seinare kom til Hornve) for 480 spd. Hans var son til Nils Gjertson Brekke, Aurland, og g. fyrst m. Anna Persdr. Kårdal, som døydde 1850, 47 år gl. og andre gongen 1862 m. Synneva Endresdr. Heimberde. Ho døydde 1890. Born m. Anna: Per f. 1828, Ingebjørg f. 1834, g. 1861 m. Knut Olavson Grovu, Guro f. 1836, g. 1858 m. Arne Askjelson Skiple, Anna f. 1844, g. 1866 m. Åmund Sjurson Hornve.

Per Hansson f. 1828 i Aurland var g. 1. 1853 m. Anna Endresdr. Heimberde, 2. 1896 m. Anna Halldorsdr. Kolvidi f. 1848. Per fekk i 1855 skøyte på bruk 2 frå faren for 300 spd. og døydde 1907. Anna Endresdr. døydde 1895 og Anna Halldorsdr. 1925. Born med fyrste kona var: Hans f. 1855, Endre f. 1856, død 1876, Nils f. 1858, g.m. Brita Bjarnesdr. Voll (Amerika), Marta f. 1860, død 1876. Hans vart g. 1. 1881 m. Sigrid Kolbeinsdr. Midberde, f. 1862 og 2. 1920 m. Marta Eiriksdr. Kolvu. Hans fekk garden 1884 for 1600 kronor. Deira son Per f. 1887, g. 1914 m. Gjertrud Johannesdr. Bø fekk garden 1916 for 2000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 137, lnr. 273 med gamal skyld 1 pund 6 mark, urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill., revidert 1 dalar 4 ort. Ny skyld mark 2,62.

Bruk 3. Heimberde. Torleiv Larsson, umtala ovanfor, fekk skøyte 1760 og 1770 på 33½ mark og vart eigar for ialt 1 pund 16 mark. Han gifte seg 1768 m. enkja Brita Knutsdr. Berde og dei fekk borni: Tvillingane Lars og Olav f. 1769, Brynjulv f. 1772 og Synneva f. 1775, g. 1799 m. Knut Olavson Store Grovu. Torleiv skøytte garden 1813 til Lars og Brynjulv. Lars kom burt 28. mai 1818, 49 år gl. Um hausten vart liket funne i beinhuset ved Vangskyrkja. Brynjulv var under forhøyr som mistenkt for å ha drepe broren, men det kom ikkje noko inn på han ved dei forhøyr som vart halde. Ved skifte 1819 etter Lars fekk Brynjulv parten hans i garden.

Brynjulv Torleivson f. 1772 var g. 1814 m. Marta Knutsdr. Berde. Brynjulv var skulemeister, skreiv godt, og det låg mange skriv etter han. Han døydde 1859 og Marta 1837, 44½ år gl. Ved skifte etter henne 1838 var garden verdsett 390 spd. og skogen 35 spd. Bruttomidelen var 589 spd. Dei hadde berre dotteri Brita f. 1819, som vart gift 1847 m. Askjel

--- side 366 ---

Torgisson Reime f. 1820 og fekk borni Brynjulv f. 1847, Torgis f. 1852, som var handelskar og døydde 1876 utan etterkomarar, Marta f. 1854 g. 1873 m. Olav Jonson Lid, jordamann på Bryn, Synneva f. 1859, g. 1884 m. Eirik Andersson Lemme, Olav f. 1860, g. 1891 m. Ingjerd Eilivsdr. Øvsthus, gardmann på Vike. Askjel døydde 1884 og Brita 1894.

Brynjulv Askjelson f. 1847 vart g. 1871 m. Marta Nilsdr. Brattåker og fekk garden 1874 for 500 spd. Brynjulv og Marta døydde båe 1923. Tri born: Askjel f. 1871, g. 1891 m. Sisselja Olavsdr. Skiple og døydde 1920, sjå bruk 1 Midberde, Nils f. 1873 gjekk til i ei snøskride i 1889, Brita f. 1877, g. 1915 m. Olav Larsson Øyaflòten f. 1883. Dei fekk farsgarden hennar 1920 for 4500 kronor. Hjå dei er ein bibel som Brynjulv Torleivson har gjeve Brita, dotter si. Prost Münster har skrive i bibelen, at Brita hadde utmerka seg ved trott og god kristendomskunnskap.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 137, lnr. 276 med gamal skyld 1 pund 8 mark, urevidert 1 dalar 4 ort 23 skill., revidert 2 dalar 1 ort. Ny skyld mark 3,20.

Husmenn.

Husmenn var der ikkje 1723. Ikring midten av 1700-talet skal Mons, g. m. Johanna ha vore husmann. Olav Ingebriktson Tufto, g. m. Bryttva Larsdr. fekk borni Lars i 1833 og Magne 1840. Lars skreiv seg for Ringheim, var buntmakar og skreddar og hadde på Vangen huseigedom på tuftene 44-46 og 51.

Støl.

Stølen var ½ mil frå garden, heiter det 1723. No har dei to stølar. Den eine er Mòn som ligg ovanfor garden og den andre er Toppen ved Honndalsnuten. I det eine selet på Mòn står årstalet 1728. Ei som heitte Tora, skal vera den fyrste som støla på Toppen. Denne stølen har ikkje vore brukt på lang tid.

Kvern.

Kvern var der ikkje 1723, men 1776 og 1791 var der ei. Bruk 1 har no ei kvern på eigedomen åt Sygnaberde. Bruk 2 og 3 har ei kvern saman.

Ymse.

I storåkeren er funne to steinkistor. I den eine var korde, spjot og ei krukke.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning 1796. Semje 1832 med Skiple um beiting. Semje 1849 um hegning og beiting. Jarnbanetakstl900 og 1907. Utskifting 1923 og 1936. Fyre utskiftingi låg husi på alle tri bruki saman, men ved utskiftingi laut bruk 2 flytta husi nedum jarnbanelina. Bruk 3 flytte stova og eldhuset og bruk 1 flytte litt på bui og floren.

--- side 367 ---

Bumerke.

Lars 1712 tavle 6 nr. 48, Gudleik 1716, 1721 t. 6 nr. 49, David 1722 t. 1 nr. 99. Jon 1730 t. 6 nr. 50, Endre 1766, 1768 t. 6. nr. 51. Han brigda merket på to måtar 1783, 1785 og 1786.