211. Helland.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 306 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Hellgalande. Det vert no sagt Hèlland1; han búr pao, è tao Hèlland, ska tì Hèllans. Namnet er samansett, fyrelekken er anten mannsnamnet Helge eller vel helst bundi form av heilag, etterlekken er land, Helgaland (det heilage landet).

Landkommisjonen har skrive i 1661 at det var ein brukar på Helland og skyldi var 2 laup 9 mark. Elles er berre sagt at der var brennefang. I 1723 var det to brukarar, men elles som 1661 med det tillegg at der var humlagard. Garden var tungbrukt og hadde kald jord. Skyldi var 1777 2 laup 18 mark som 1838 vart umskrivi til 6 dalar 4 ort 20 skill. Samanlikningstalet var 1050. Der var nok vedaskog då og.

Matrikkelen 1865 har ført upp 272/5 mål åker, 7½ mål dyrka eng, 31 mål god, 49½ mål medels natureng og 101 mål skrapebø. 9 mål høvde til dyrking. Medels vårhamn, men ring sumarhamn, turvande vedaskog og litt timber. Garden var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 28,5 mål åker, 31,5 mål kunsteng og 10,5 mål natureng.

Folketalet var 15 i 1801, 23 i 1865 og 18 i 1920.

--- side 307 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Helland.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 2   18   16          
1865 3   24   62   64 ½    
1918 5   18   39          

For 1657 er ikkje ført upp noko i manntalet.


Helland
Bilete 36. Helland. Fot. P. Braaten 1937.

I Bjørgynjar Kalfskinn er sagt at Mariakyrkja i Bergen åtte 4 mmb. og Vossakyrkja 6 laup. Jon Torsteinson på Helland skøytte 1386 eit halvt spannsbol i Bolstad til Svein Ivarson på Graudo (DN I, nr. 500). Eirik var brukar 1521 og betalte 10 lodd sylv i skatt og 7 lodd sylv og 1 mark som breffbrot. Askjel budde der 1563 og skatta 2 lodd sylv. Rekneskapen 1585-1616 for Vangskyrkja syner at ho fekk 4 askar korn og 12 merker smør i landskyld. Øystein er skriven som leiglending fleire gonger 1591-1614 og Toris 1614-1629. Vermor hans var og leiglending i 1629. Sumt tyder på at Toris stundom er skriven for Torgeir. Skifte er halde 1656 etter Toris.

Knut Tveito stemnde 1662 Guro Rekve, enkja etter Toris, på eigne og medervingane sine vegner for di dei ikkje hadde fått

--- side 308 ---

det som tilkom dei etter Toris. På skifte etter han var dei samde soleis at kvar erving skulde få 3 såld korn og ein ting. Guri vart dømd til å etterkoma forliket. Ivar Bryn åtte 1621 15 mark og Odd Rue 2 laup på Helland og Tillung. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 18 merker smør og 1 geitskinn der Torgeir var leiglending. Ryttarskatt vart 1627 lagt på to partar odelsgods kvar på 1 laup med 2 dalar 1 ort på kvar. Toris brukte den eine og vermori den andre.

Torgeir Øysteinson er ofte ført upp som leiglending 1635- 1655. Han var gift to gonger, fyrste gong fyre 1645 m. Guri. Dei hadde borni: Anna f. fyre 1645, Sjur, Eli, g. m. Torgeir Olde og Gjertrud, g. m. Knut Larsson Tveito. Med andre kona fekk Torgeir døtterne Ingebjørg og Gudve. I 1645 var der og ei tenestgjente Ingjerd. Torgeir åtte ½ laup i 1621, 1½ laup 1 spann i 1642 og var 1649 lagrettemann. Endre Torsteinson Gjelland og Ivar Oddson Rue selde 1646 til Jon Ivarson Rjodo, g. m. Bergitta Mattisdr., si odelsjord 2 pund på Helland. Greip Haugo åtte 1652 og 1655 3½ spann, Jon Rjodo 3½ spann og Vangskyrkja 1½ spann. Torgeir var 1652 og 1655 eigar av 2½ pund i «Høduig», Holbygdi, 27 mark på Rekve, 1 spann på Repål, 1 spann på Hylle, 14 mark på Ygre, 18 mark på Gjelland og 5 mark på Rong. Det var likeins 1659 med det brigde at Torgeir då åtte 2 pund i «Høduig» og 4½ mark på Rong. Ivar Haugo åtte 1659 3½ spann i Helland og Jon Rjodo framleies 3½ spann.

Kyrkjerekneskapen 1654 syner at Vangskyrkja fekk 28 merker smør i landskyld. Kyrkja åtte 2 spann i 1661. Resten var bondegods med bygslerett til alt. Pål, Øystein og Knut var brukarar i 1657, Ivar Sjurson 1661 og Henrik Greipson i 1664. Ivar var 1663 med og reiv selet på Krossaset og var lagrettemann 1670 og 1671. Jon Rjodo var 1676 eigar av 3½ spann og Henrik Rjodo av det same i 1680. Ivar Sjurson brukte i 1680-åri heile garden og åtte noko i han. Knut Norheim, son hans Ivar, løyste av Henrik Rjodo noko jordgods som Jakob Fære seinare vart eigar av. Eigarane i 1691 var Vangskyrkja 28 mark, Knut Lemme 21 mark, Henrik Rjodo 21 mark, Tormod Helland 21 mark og Lars Helland 3½ spann. Det var likeins 1695 med undantak av at Lars Helland då åtte 3 spann 3 mark.

I folketeljingi 1701 er ført upp odelsbøndene Tormod Ivarson f. 1661 og Lars Nilsson f. 1655. Dei budde der og 1691 og

--- side 309 ---

1695. Lars hadde kjøpt ½ laup i 1688 og åtte 1695 6 mark på Rong. Han var g. m. Kari Nilsdr., og hadde sønene Nils f. 1689, Øystein f. 1694, ei dotter som var g. m. Torstein Eirikson og ei dotter Brita f. 1714. Lars bygsla 1718 2 pund til Øystein og 1721 3½ spann til Torstein og døydde 1732. Torstein åtte 2 pund 14 mark etter skøyte 1714 og bytte 1734 med Jakob Fære uti 1 pund 15 mark på Fære.

Jakob var son til Eiliv Kvåle i Gullfjordungen, g. 1. 1710 m. enkja Eli Larsdr. Fære f. 1662, 2. 1743 m. Anna Sjursdr., som levde etter han. Jakob fekk med Eli sonen Eirik f. 1712. Han skøytte 1735 2 pund 15 mark på Helland til Eirik og fekk kår åt seg og kona. Eirik døydde ugift 1738, og både han og mori vart gravlagde same dagen. I 1738 har Jakob skøytt dei 2 pund 15 mark på Helland til systersonen Olav Person Øvre Graudo og døydde 1745. Jakob var ofte lagrettemann og skynsmann. På skifte etter Olav fekk broren Eiliv dei 2 pund 15 mark på Helland, men selde att same år til Knut Johannesson. Han selde 1742 til Herbrand Larsson Kolvu, som budde der til 1750, då han selde til Torstein Eirikson Fære for 240 rd. og budde sidan på Takla. Torstein let i 1754 jordgodset til sonen Lars som var f. 1734, gifte seg 1763 m. Gunnvor Olavsdr. Veka og budde på Veka. Deira son David fekk 1794 skøyte frå far sin på 2 pund 15 mark. Framhald bruk 3.

Tormod Ivarson f. 1661, nemnd ovanfor som odelsbonde i 1701, var son til Ivar Sjurson og var lagrettemann i 1702. Han åtte 2 pund 15 mark og hadde åtte born: Guro, g. 1716 m. Ivar Oddson Klyve, Kvårmo, Åsa, g. 1725 m. Lars Eirikson Gavle, Brita g. 1. 1728 etter kongelegt løyve med sin trimenning Nils Sjurson Gjukastein, 2. 1750 m. Nils Olavson Gjukastein. Ivar f. 1705, Odd, Ragnhild, Ingebjørg, g. 1727 m. Eirik Eirikson Afdal, som budde på Byrkjo, og Brita, g. m. Nils Vetla Hornve.

Ivar vart g. 1732 m. Arngunna Vikingsdr. Gjelle, og fekk på skifte same år og ved skøyte 1737 frå syskini ialt 2 pund 15 mark for 46 rd. Ivar døydde 1746, og Arngunna vart attgift 1747 m. Johannes Olavson Væte som fekk skøyte på 1 pund 7½ mark. Han døydde 1756, 37 år gl., og Arngunna gifte seg tridje gong 1757 m. Eirik Oddson Tøn, skriven for Norekvål i 1789. Han fekk skøyte på 16 mark. Arngunna fekk fire born med Ivar og fire med Johannes: Tormod f. 1733, død ugift 1788,

--- side 310 ---

Gudleik f. 1737, Guri f. 1742, g. 1773 m. Isak Tormodson Gjelle, Viking f. 1744, Ingebjørg f. 1748, g. 1. 1775 m. Olav Gulbrandson Mølsterteigen, 2. 1778 m. Knut Johannesson Hølom, Ivar f. 1749, Sigtru f. 1752, g. 1776 m. Torgeir Eirikson Græe og Brita g. 1779 m. Olav Nilsson En.

Gudleik Ivarson f. 1737 vart g. 1778 m. enkja Ragnhild Eiriksdr. Norekvål, og fekk 1778 skøyte på 1 pund 7½ mark. Han døydde 1792 og Ragnhild 1793, 72 år gl. Ervingane etter Gudleik skøytte 1792 jordgodset til Ivar Johannesson, halvbror hans Gudleik, i medhald kontrakt 1790 millom han og Ivar. Sjå vidare bruk 2.

Viking Ivarson, g. 1778 m. Ragna Davidsdr. Mølster, fekk 1777 skøyte på 1 pund 7½ mark. Han døydde 1786, og Ragna vart gift att 1788 m. Torgeir Nilsson Herre og døydde 1804, 55 år gl. Han bygsla 1787 14 mark av H. Fleischer og døydde 1834, 73 år gl. Ragna fekk med Viking dotteri Gudve f. 1783 og med Torgeir dotteri Inga f. 1789. Gudve vart g. 1813 m. Knut Torgeirson Mølster. Ho fekk 1809 heimelsbrev frå stykfaren på bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Helland. Knut døydde 1845, 64 år gl., Gudve 1853 og hadde tri born: Jorunn f. 1814, g. 1837 m. Knut Andersson Ringheim, Ragna f. 1816 og Viking f. 1818, g. 1871 m. Anna Ivarsdr. Helland. Knut og Jorunn fekk 1837 farsgarden hennar og kjøpte 1850 Øvre Herre. Knut døydde 1877, 76 ½ år gl., Jorunn 1899 og hadde fire born umtala på Øvre Herre. Sonen Knut f. 1838 vart g. 1866 m. Guri Knutsdr. Skutle f. 1837, og fekk same år skøyte frå far sin på garden for 600 spd. Knut kjøpte og av Fleischers ervingar 14 mark som hadde høyrt til Vangskyrkja. Knut døydde 1899, Guri 1925 og hadde to born Knut f. 1866, død ugift 1919 og Maria f. 1869, g. 1901 m. Håvard Sveinson Nyre f. 1877. Dei fekk garden på skifte etter far hennar. Deira son Knut f. 1902 fekk 1925 garden for 8000 kronor og gifte seg 1926 m. Kari Knutsdr. Haug.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 213, lnr. 418, 419 med gamal skyld 1 pund 232/3 mark, urevidert 2 dalar 23 skill., revidert 2 dalar 1 ort 20 skill. Ny skyld mark 3,45.

Bruk 2. Helland. Ivar Johannesson fekk som fyrr umtala bruk 2 i 1792. Han var f. 1749, g. 1. 1789 m. Marta Askjelsdr.

--- side 311 ---

Helland, 2. 1792 m. Marta Oddsdr. Gjelle. Ivar var god massingsmed. Han døydde 1822 og Marta 1829, 74 år gl. Med fyrste kona fekk han sonen Johannes og med andre kona sonen Gudleik f. 1798, husmann. Johannes f. 1790 fekk 1809 farsgarden og vart g. 1812 m. Kari Oddsdr. Sonve f. 1784. Han bygsla sidan 14 mark som Vangskyrkja åtte. Johannes døydde 1851 og Kari 1859, 74½ år gl. Dei fekk fem born: Ivar f. 1813, Odd f. 1815, g. 1840 m. Gudve Mikkjelsdr. Jerald, Marta f. 1817, g. 1843 m. Nils Person Øye, Guro f. 1818, g. 1862 m. ekm. Knut Jakobson Skjerven og Eli f. 1822, g. 1847 m. Brynjulv Eirikson Evanger.

Ivar Johannesson gifte seg 1840 m. Marta Larsdr. Tveito, f. 1810. Han fekk same år skøyte frå faren på hans jordgods og 1864 frå Fleischers ervingar på parten åt Vangskyrkja for 200 spd. Ivar døydde 1879 då han vart skoten av den sinnssjuke Olav Oddson Kvitno. Marta døydde 1894. Tri døtter: Kari f. 1841, Anna f. 1844, g. 1871 m. Viking Knutson Helland, sjå bruk 2 på Haug og Marta f. 1849, g. 1874 m. Nils Oddson Kvitno. Kari vart g. 1867 m. Styrk Knutson Haug, umtala på Haug. Deira dotter Marta f. 1868 gifte seg m. Anders Larsson Græe f. 1868. Dei fekk garden åt foreldri hennar på Helland.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 213, lnr. 420 med gamal skyld 1 pund 232/3 mark, urevidert 2 dalar 5 skill., revidert 2 dalar 2 ort 2 skill. Ny skyld mark 3,52.

Bruk 3. Helland. David Larsson Veka f. 1778 fekk som fyrr fortalt bruk 3 i 1794. Han var g. 1802 m. Herborg Andersdr. Giljarhus, som døydde 1843, 85 år gl. Dei fekk borni Gunnvor f. 1803 og Lars f. 1804, g. 1833 m. Brita Gudleiksdr. Vetla Saude, f. 1805. Han fekk 1821 skøyte frå far sin på garden og døydde 1861. Brita døydde 1859, 54 år gl. Dei fekk to born Gunnvor f. 1840 og Gudleik f. 1843. Torstein Andersson Røte kjøpte 1843 garden. Han var f. 1811, g. 1841 m. Torbjørg Olavsdr. Berge og fekk på Helland sonen Olav f. 1845. Asbjørn Asbjørnson Maurset kjøpte 1849 garden for 585 spd. og selde same år til Ivar Jensson Storegraven for 630 spd. Han var g. m. Brita Arnvedsdr. og fekk på Helland borni Jens f. 1851 og Arnved f. 1853.

Ivar selde 1854 garden for 600 spd. til Jon Larsson Vetla Grovu og kjøpte i staden garden hans på Grovu. Jon var frå Hegle f. 1814 og g. 1854 m. Barbrå Mikkjelsdr. Endeve. Ho

--- side 312 ---

døydde 1857, 46 år gl. og Jon vart attgift 1859 m. Anna Gudleiksdr. Tvilde, f. 1813 og døydde 1877 barnlaus. Anna døydde 1892. På skifte etter Barbrå var garden taksta 450 spd. Kari Larsdr. Håtveiti, fekk 1878 skøyte på garden og gifte seg same år med Sjur Knutson Flatlandsmoen f. 1848. Sjå um dei på Flatlandsmoen og Håtveiti. Dei fekk borni: Knut f. 1880, gardmann på Himle, Lars f. 1890 og Anna f. 1894.

Ivar Hallsteinson Auro kjøpte 1887 garden for 3500 kronor. Han var son til Hallstein Gudleikson Kolvu, var f. 1844 og g. 1871 m. enkja Sigrid Torsteinsdr. Auro eller Kinne, f. 1841. Dei budde på Auro til dei kjøpte på Helland, der han døydde 1907 og ho 1928. Fem born: Torstein f. 1871, Marta f. 1873, båe i Amerika, Hallstein f. 1879, Mikkjel f. 1882 (Amerika) og Lars f. 1885 som er snikkar og g. m. Guri Rognaldsdr. Tillung. Hallstein er g. m. Sigrid Sveinsdr. Nesheim, Reppen, og fekk 1903 garden for 1200 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 213, lnr. 421 med gamal skyld 2 pund 181/3 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 1 ort 20 skill. Ny skyld mark 3,45.

Bruk 4. Hadland. Utskilt frå bruk 3 i 1884 og selt til Lars Olavson Jerald for 1000 spd. Han var f. 1840, g. m. Brita Åmundsdr., fekk 1881 sonen Åmund og døydde 1885. Hadland ligg ved Færesmerket og var fyrr husmannsplass.

Bruk 5. Haugland. Utskilt 1925 frå bruk 1 med 3 øre i skyld og skøytt av Håvard til sonen Lars.

Husmenn.

Odd Tormodson, nemnd ovanfor, var g. 1. 1740 etter kongelegt løyve med sin trimenning Herborg Åmundsdr. Saude, 2. 1748 m. Dønåt Nilsdr. Bulko. Dei fekk borni: Tormod f. 1740, Gjertrud og Ragnhild f. 1751, den siste g. 1772 m. Torfinn Herbjørnson Møn. Gudleik Ivarson, nemnd fyrr, fekk 1826 husmannskontrakt hjå Johannes, bror sin, på plasset Hadland. Gudleik var f. 1798, g. 1818 m. Brita Ivarsdr. Sonve f. 1795 og døydde 1831. Brita døydde 1887. Dei fekk borni Marta f. 1818, g. 1841 m. Nils Sveinson Jerald, husmann på Gjelland, og Ivar f. 1821, død ugift 1843. I skifte etter han er sagt at mor hans tente hjå landhandlar Hansen, Bernestangen i Hosanger.

Lars Gudleikson Rjodo f. 1809, g. m. Rannveig Nilsdr. f. 1809, fekk 1847 feste på plasset Hellandshaugen og fekk borni

--- side 313 ---

Marta f. 1839, g. 1863 m. Helge Jakobson Vele, Evanger, og Nils f. 1850. Brita Torsteinsdr., døydde 1844, 56 år gl., som husmannskone. Ivar Mattisson Ringheim, g. 1846 m. Brita Ivarsdr. Glymme, budde på Hadlandsleite. Svein, son til fyrr nemnde Nils og Marta, var f. 1843, g. 1. 1871 m. Mari Eiriksdr. Jerald, og 2. 1877 m. Ingebjørg Larsdr. Jerald. Svein hadde eine Hadlandsplasset. Dei fekk borni Nils, Lars, Ivar, Maria, Ingjerd, Eirik og Martin. Den eldste var f. 1872 og den yngste 1891. Svein reiste med huslyden sin til Nordland. Svein Olavson Jerald f. 1833 var g. 1863 m. Gunnvor Davidsdr. Skutle f. i Grønlidi 1839. Han var skreddar og tambur og var husmann på Rjodo fyrr han kom til Helland. Det er fortalt at han var med ved ei mynstring på Gardermoen, og var då so flink at han fekk tilbod um å verta tambur i livgarden åt kongen. Svein døydde 1916 og Gunnvor 1920. Dei hadde borni: Olav f. 1863, Brita, Gjertrud f. 1868, Ingjerd f. 1872, g. m. Kristoffer Agledal, Arnfinn f. 1876 og Ragnhild f. 1881, g. m. Lars Olavson Himle. Lars Olavson Jerald f. 1840, g. m. Brita Folkedal hadde eine plasset på Hadland og var skreddar og tambur. Då han døydde, reiste ho Brita til Amerika.

Nils Sjurson Tesdal skulde vera son til ein husmann i Borstrondi og vart som legdagut uppalen hjå skyldfolki hans på Tesdal. Nils vart g. 1809 m. Bryttva Endresdr. Tesdal og var husmann på Hellandshaugen. Han øvde seg upp til å skriva godt, skreiv sume tider på tingi åt sorenskrivaren og eigna til seg mykje lovkunne. Hans meste arbeid vart å skriva dokument åt folk og gjeva rettleiding. Rettsbøkene syner at han ofte hadde fullmakt frå amtet til å føra saker for retten både på Voss og i Hardanger og skulde vera sers gløgg og snarhugsig. Nils var styrar for fleire dødsbu. Professor M. N. Blytt som 1822 var på Voss, skreiv um Nils, at han var «dyrker av lovkyndighed og var Vosses Cicero». Ho Bryttva døydde 1845, 59½ år gl. og Nils 1846, 72 år gl. Ved registreringi etter dei var det millom anna 84 bøker og 7 landkart. Bruttomidelen var 88½ spd. Seks born: Rannveig f. 1810, g. 1838 m. Lars Gudleikson Rjodo, Sjur f. 1816, død ugift 1846, Jorunn f. 1820, Endre f. 1822, båe i Amerika, Sigtru f. 1825, g. 1857 m. Lars Andersson Mosafinn og Anna f. 1830, g. 1857 m. ekm. Johannes Johannesson Hovda, lensmann i Evanger.

Av andre som har butt på Helland som paktarar eller ar-

--- side 314 ---

beidarar kan nemnast: Odd Larsson Rue f. 1720, g. 1746 m. Liva Styrksdr. Haugo, f. ikring 1726. Dei var på Helland sidan ikring 1750 og hadde då fem born i live. Odd og grannen Johannes hadde bryggja til joli 1754. To tri dagar var dei hjå einannan og drakk og kranglast noko av og til. Då Johannes um kvelden den tridje dagen gjekk heim til seg, vart Odd vond på kona si. Ho vart redd og sende bod etter Johannes. Då han kom og vilde halda styr på Odd, stakk han Johannes so han datt død ned. Odd vart dømd til å halshoggast. Kroppen skulde sidan leggjast på «steile og hjul». Skifte etter Odd vart halde 1756. Bjarne Nilsson, g. m. Eli Torsteinsdr., har vore rådsmann og fekk borni: Mari, Marta, Nils, Torstein og Brita f. 1770-1783. Johannes Andersson, g. m. Anna Larsdr., fekk borni: Anna, Gjertrud og Anders f. 1788-1795.

Støl.

Stølen låg 1¼ mil burte frå garden står det i matrikkelen 1723. I Hellandsliæ har dei havt vårstøl, men bruker han ikkje no. Bruk 2 hadde sumarsstøl på Brilset, men flytte 1897 ned i Almenningen, der bruk 1 òg har støl. Bruk 3 har støl på Helgaset.

Kvern.

Ei flaumkvern var der 1723, 1776 og 1791. Bruk 2 og 3 hadde kvar si kvern tett ned på Gjelaberje og bruk 2 har bygt nytt kvernhus.

Offentlege forretningar.

Semje 1757 um krøterbeite millom Helland, Litlere, Haug, Gjelland og Fære på eine sida og Grovu på den andre. Dom sagd 1761 i sak som Helland og fleire hadde med Grovu um beiting. Sak 1779 mot Istad. Steiningsforretning 1810. Semje 1836 med Haug um veg. Semje 1828 um ikkje å halda geiter. Semje 1841 um gjerde og beiting. Utskifting 1863. Semje 1885 med Stora Rokne um beiting. Merkeskilforretning 1918.

Bumerke.

Tormod teikna mange gonger 1710-1727 tavle 8 nr. 60. Torstein 1732, 1733 t. 8 nr. 61. Knut 1741 t. 8 nr. 62. Herbrand 1746, 1748 t. 8 nr. 63. Johannes 1748 og Johannes Olavson 1749 t. 5 nr. 47. Han teikna 1757 t. 4 nr. 22. Eirik 1759 t. 8 nr. 64, men mykje brigda 1757. Bjarne 1783 t. 1 nr. 13.