35. Hellesnes.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 225 ---

Namnet vart i 1695 skrive Helsnes, i 1723 Hellesnæss. Det vert no sagt Hèdlésnès eller Hèdlésnèsé; han búr pao, é tao Hèdlésnèsé, ska pao Hèdlésnèsé. Det er samansett av ein heller og eit nes. Gamalnorsk form Hellisnes.

--- side 226 ---

Hellesnes var i 1661 øydegard med ½ pund i skyld og hadde ein brukar. Der var turvande ved. Elles er ikkje sagt noko um garden. I matrikkelen av 1723 er tilført: «Er opryddet for mange aar efter at den gamle matrikul var lagt, og sat udi landskyld og skat fra den gaard Bø (i Dyrved.) for 9 mark.» Der var noko vedaskog og humlagard. Korkje fiske eller kvern. Garden var lite verdfull og noko tungvinn. Skyldi er den same i 1838 og er då umskrivi til 1 dalar 3 ort 15 skill. Samanlikningstalet var 260, og der var vedaskog.

Matrikkelen av 1865 fører upp 64/5 mål åker, 2¼ mål dyrka eng, 11 mål god, 5 mål medels natureng og 5 mål skrapebø. Det var ring vårhamn, vanta sumarhamn, hadde vedaskog, men ikkje timber. Garden var svært tungvinn, utan lunnar, utsett for sviding og dyrka som vanleg. I 1918 var det 8,5 mål åker, 12 mål kunsteng og 7 mål natureng.

På Hellesnes budde i 1801 4, i 1865 6 og i 1920 17 menneske.

Fødnad og avling (i tunnor) på Hellesnes.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 3 2
1723 3 6 6
1865 1 6 16 15 16
1918 1 5 14

Leidangsboki for 1624 syner at leidangen på Hellesnes var 4 mark smør. Ågota var leiglending. Gregorius heitte den fyrste mannen på Hellesnes som me har namn på; det var i 1629. Han var so fatig at han slapp betala skatt. Gunnar Larsson, g. m. Ingebjørg, var brukar i 1645. Skyldi er 1652 førd upp med 9 mark og Domkyrkja i Bergen var eigar. Gunnar var òg brukar i 1657 og 1661, men i 1664 var han husmann. Styrk Mølster stemnde Gunnar i 1656 for ærekrenkjande ord. Gunnar orsaka seg med at det var sagt i fylla. Gudbrand Jonsson var då brukar. Torstein var leiglending i 1691 og 1695. I folketeljingi 1701 er Skack Torsteinson, 37 år gl., førd upp som leiglending og hadde sonen Olav, f. 1693. Han gifte seg 1713 med Ragna Sveinsdr. Bauthus og 1734 med Ingebjørg Jørgensdr. Himle og døydde 1741. Olav bygsla Hellesnes etter foreldri sine. Han er i 1711 ofte brukt som stemnevitne. Det var regi-

--- side 227 ---

strering hjå han ein gong, og medelen var då 2 riksdalar større enn skuldi. Med Ragna hadde han seks born: Mons, Torstein f. 1723, Skack f. 1729, Marta f. 1717, Gunnhild f. 1719 og Rannveig f. 1726.

Aslak Styrkson Kvålsneset bygsla Hellesnes etter Olav. Aslak gifte seg som enkjemann 1747 med Marta Ivarsdr. Norheim og døydde 1751, 42 år gl. Ho Marta gifte seg att 1752 med Torgeir Velumson Skjelde. Dei heldt fram som leiglendingar. Aslak og Marta si dotter Sigrid var fødd 1750. Halvsystri


Bilete 26. Hellesnes. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 26. Hellesnes. Fot. P. Braaten 1935.

hans Torgeir Skjelde, Ragnhild Torgeirsdr., gifte seg 1758 med Anders Torsteinson Hellesnes, som då vart brukar på garden. Ragnhild døydde 1792 utan born og Anders gifte seg so i 1796 med Anna Josefsdr. Kvåle.

Torstein Janson Finne bygsla Hellesnes i 1794. Han var fødd 1768, gifte seg 1796 med Johanna Tormodsdr. Gjelle og døydde 1837. Han var skulemeister. To born: Anders f. 1801 og Marta, som vart g. m. Sjur Olavson Hornve. Anders gifte seg 1825 med Margreta Knutsdr. Raustad og døydde 1865. I 1834 fekk han kongeskøyte på Hellesnes for 300 spd. og jordavgift 3 skjeppor 2 fjerdingkar bygg. Anders var stemnevitne,

--- side 228 ---

skreiv dokument åt folk, møtte i retten for sume og dokterte: for sume sjukdomar. Sju born: Marta, Torstein, Knut, Anders, Ivar, Johanna, Ingjerd. Marta f. 1825, gifte seg til Gjukastein med Gudleik Knutson. Torstein f. 1827 var gift 1. m. Anna Eiriksdr. Øvsthus, 2. m. enkja Kristi Eiriksdr. Seim og døydde 1919. Torstein var fanejunkar, ordførar og lensmann på Vossastrondi, og vaktmeister ved fengslet på Vangen. Farsgarden fekk han for 400 spd. i 1854, selde 1857 og flytte til Uppheim Gullfj., seinare til Bygd, Vossastr. og deretter til Vangen. Knut f. 1829, gifte seg til Møn med jordagjenta Brita Nilsdr. og fekk garden Møn med henne. Anders f. 1831, g.m. Tora Olavsdr., Kvarakvål, var underoffiser og gardbrukar på Bø, Raundalen., Ivar f. 1833, døydde ugift. Johanna f. 1836 var g.m. Lars Larsson Gjukastein, som vart kjøpmann i Haugesund. Ingjerd f., 1838, var g. m. garbrukar Lars L. Skjerve.

Torstein Andersson selde garden til Hallstein Nilsson for 560 spd. i 1857. Han var gift med Eli Nilsdr., døydde 1871, 61 år, gl. og hadde dotteri Anna. Hallstein dreiv mykje med å stampa vadmål åt andre. Ho Anna, dotteri, var f. 1837, gifte seg 1880: med Lars Larsson Gavle og døydde 1917. Enkja etter Hallstein selde garden 1872 til Gusskalk Oddson Uppheim for 750 spd., men Lars og Anna tok garden att i 1874 for 860 spd. Dei let halve garden i 1885, som vart bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Hellesnes. Denne parten selde dei i 1888 til Olav Olavson Bolstad f. 1854, død 1910. Mor hans, Anna Larsdr., kjøpte garden i 1912 og selde same året til Arnfinn Olavson Ukvitno for 5000 kronor. Han er f. 1878 på Ukvitno og g. 1897 m. Sigrid Knutsdr. Mosafinn, f. 1877.

Hellesnes var fyrr mtrnr. 35, lnr. 81 med gamal skyld 9 mark, urevidert 1 dalar 3 ort 15 skill., revidert 1 dalar 2 ort 12 skill. Ny skyld mark 2,18, eller no mark 1,09 etter bruk 2 er skilt frå.

Bruk 2. Hellesnes. Utskilt frå bruk 1 i 1885 og selt til Odd Knutson Gjerstad, som budde der til 1901. Han selde då til Klas Knutson Saude for 3500 kronor og flytte til Gjerstad bruk 6. Skyldi er mark 1,09. Klas er f. 1867, g. m. Synneva Larsdr. Saude, og reiste i mange år med kram. Sonen Knut fekk garden i 1929 saman med bruk 8 Gjukastein for 1600 kronor.

--- side 229 ---

Husmenn.

Som fyrr nemnt var Gunnar Larsson husmann i 1664. Likeins Åmund Olavson. I 1701 var Torstein Olavson, 78 år gl., husmann. Fyrr var han leiglending. Knut Arnbjørnson, g. m. Gjertrud Sjursdr. hadde plass i 1712, då dei fekk dotteri Brita.

Støl.

Støl var der ikkje i 1723. Bruk 1 har ikkje sumarsstøl. Båe bruki har vårhamn på Kvålsvårstølen. Bruk 2 har i 1870-åri kjøpt sumarsstøl av Hornve i Sveindalen.

Offentlege forretningar.

Forretning um merkeslina 1834. Jarnbanetakst 1878.

Bumerke.

Skack 1721, 1722 tavle 2 nr. 63. Olav 1733-1741 t. 2 nr. 64. I 1736 teikna han t. 1 nr. 5 sett på hovudet.