96. Helleve.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 94 ---

Namnet vart i 1300-talet skrive i Hælluvin. Det vert no sagt Hèdlévé2; han búr pao, è tao Hèdlévé, ska tì Hèdlévés. Det er samansett av ei helle (flat stein eller berg) og vin (beite).

Helleve er i 1661 førd upp som heil gard med 5 laup i skyld og to brukarar. Der var lite timberskog, men to humlagardar. Skyldi er den same i 1723, men det var då tri brukarar. Vedaskog og humlagard var der, men ikkje nok til eige bruk. Garden var sers lettvinn og hadde medels god jord. Skyldi var likeins til 1838, då ho vart umskrivi til 11 dalar 4 ort 16 skill. Fureskog var det til eige bruk og god humlagard. Samanlikningstalet var 1800.

Matrikkelen 1865 melder at der var 252/3 mål åker, 4½ mål dyrka eng, 41 mål god, 68 mål medels natureng og 54 mål skrapebø. Vårhamni var ring og sumarhamni medels. Skog til husbruk. Timberskog kunde seljast på bruk 1 og 2 for 5 spd. og på dei andre tri bruki for 12 spd. kvar årleg. Garden

--- side 95 ---

var tungvinn, serleg bruk 1 og 2. På dei to bruki var hellebrot, kvart verdsett til 3 spd. årleg. Alle bruki var dyrka som vanleg. I 1918 var det 42 mål open åker, 48,5 mål kunsteng og 10 mål natureng.

På Helleve budde 28 menneske i 1801, 37 i 1865 og 37 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Helleve.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3 19 24
1723 4 36 36 36
1865 5 34 72 101 68
1918 6 17 39

Halle på Rogne og Svein Bjarneson gjev melding i brev frå ikring 1300 (DN. II. nr. 60) til Fjalar, prest på Øystusyn, um jordgodset på Voss åt Ulf Håvardson då han vilde gifta seg med Ulvhild, dotter åt Fjalar. Millom anna åtte Ulf 16 mmb. i Helleve. I Bjørgynjar Kalfskinn er førd upp 1 laup i Helleve, som Vangens prestebol åtte. Jørund Arneson, sysselmann på Voss, avstod 1376 (i brev DN. V. nr. 296) til Åsa Håvardsdr. 14 mmb. i Helleve. Eiliv betalte i 1521 1 lodd sylv og 8 skill. i skatt. Finn var brukar i 1563 og 1590. I eit brev frå 1590 um Lemmesteigane er Finn eit av vitni. Det er då tilført at han og far hans i «langsommeleg» tid hadde butt på Helleve og var «svorne» lagrettemenn. Eiliv var brukar i 1591. Gyrvhild Fadersdr. (Gyldensparre) skøytte 1582 5 laup i Helleve til kongen.

Bård og Vervold var leiglendingar i 1603, Eiliv, Arne og Johannes i 1614 og 1621. Johannes var utskriven i 1614 til Svinesund med byrse og sverd. Øystein åtte 2 pund odelsgods i 1611 og Tore ½ laup. Leidangsboki 1624 syner at Apostelgodset hadde to eigedomar med leidang 1 spann smør på kvar. Leiglendingar var Laurits og Arne. Båe eigedomane var toleg gode, heiter det. Arne Toreson, g. m. Marta, og Laurits Grebson, g. m. Guri er førde upp fleire gonger som leiglendingar 1636-1645. Laurits var brukar i 1654 og er då nemnd som lagrettemann.

Hannibal Sehested fekk kongeskøyte 1649 på leidangen 2

--- side 96 ---

spann smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn av Apostelgodset. Sehested åtte 1650 5 laup av Finnegodset. På det var det 2 spann smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn i leidangen, 5 dalar i skatt, 5 ort i fornødspengar, 5 ort i arbeidspengar og 1½ dalar 16 skill. i avgift til jordeigaren. Lars, Per og Arne var leiglendingar. Sehested laut lata jordgodset til kongen att 1651. Han selde det so 1657 til Gabriel Marselis.

I matrikkelen 1661 er skyldi på Helleve 5 laup som høyrde til Finnegodset. Nils og Per var brukarar då, men Arve Basteson


Helleve
Bilete 15. Helleve. Fot. P. Braaten 1936.

og Per Arnfinnson i 1664. Nils er nemnd som lagrettemann i 1674 og 1677 og må vel difor ha vore brukar då og. Klas Miltzow var eigar av Helleve i 1680 og 1691 og Henrik Miltzow i 1695 og 1714. Leiglendingar var Ivar, Mons og Rasmus i 1691, Ivar og Mons i 1695.

I folketeljingi 1701 er ført upp tri leiglendingar: Jørgen Andersson f. 1654, Brynjulv Knutson f. 1661 og Ivar Sjurson f. 1661. Brynjulv var g. m. Ingebjørg Nilsdr. og døydde 1723. Ho var g. 2. 1724 m. ekm. Olav Nilsson Opeland som bygsla 1 laup 18 mark i Helleve av H. Miltzow i 1724. Brynjulv og Ingebjørg hadde berre sonen Knut f. 1700. Han gifte seg 1725 m. Brita Sjursdr. Myrkve og bygsla 1 laup 18 mark i garden

--- side 97 ---

av Henrik Miltzow, då foreldri hans Knut slutta. Han kjøpte i 1760 løysningsretten til 2½ laup for 125 rd. og kjøpte 1763 desse 2½ laup i Helleve på auksjon etter Nils Griis Alstrup for 387 rd. Ved skifte etter Knut var der fem born: Guro, g. 1751 m. Viking Mikkjelson Lemme, seinare Nedre Klyve, Gjertrud f. 1727, g. 1764 m. sersjant Anders Larsson Kyte, Brynjulv f. 1733, Ingebjørg, g. 1765 m. Olav Larsson Kvåle, Ragnhild f. 1740. Brynjulv åtte 2½ laup i Helleve etter skøyte 1763 og 1769 og døydde ugift 1792. Eigedomen hans vart då skift millom fleire og har vorte til tri bruk, nr. 1, 2 og 3.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Helleve. Gudleik Larsson Takla f. 1766 fekk i 1793 skøyte på 1 laup 18 mark. Han vart gift 1795 m. Kristi Mikkjelsdr. på Saude i Viki, flytte då dertil og selde på Helleve i 1796 til Sjur Torgeirson Fagnastølen. Sjur var g. m. Ingjerd Knutsdr. og fekk medan dei budde der borni Knut i 1797, Arnfinn i 1800 og Gitle i 1803. Olav Larsson kjøpte bruket i 1805, var g. m. Ingjerd Olavsdr. og fekk i 1815 dotteri Anna. Olav selde halvparten av bruket i 1806 til Olav Person En, som vart bruk 2. Bruk 1 selde Olav Larsson i 1816 til Nils Olavson, som til vanleg vert kalla Store-Nils. Han rudde og dyrka upp mykje ny jord og sette upp lange murar av stein som han braut upp. Arbeidet hans vart so åtgådd at han fekk premi frå Landhusholdningsselskapet.

Lars Olavson Kvåle kjøpte garden i 1838, selde att 1841 til Eirik Eirikson Seim. Ivar Andersson Gjerde kjøpte so bruk 1 i 1843 for 430 spd., selde att 1857 til Torbjørn Larsson Medås og kjøpte bruk 2 på Vike. Torbjørn bytte i 1864 med Nils Sveinson uti eit bruk på Espeland, Granvin. Både Nils og Signy, kona hans, døydde same året og Svein Ivarson vart eigar av garden.

Svein var f. på Lydvo 1830, g. 1853 m. Ingebjørg Knutsdr. Gjerstad og døydde 1873. Tri born: Ivar f. 1853, Knut f. 1855, g. 1878 m. Gudve Larsdr. Ullestad, hadde mylnebruk ved Dukstadfossen, Nils f. 1863 (Amerika). Ivar gifte seg 1876 m. Synneva Sjursdr. Vinjo og fekk garden i 1875 hjå mor si for 700 spd. Han bytte i 1889 med Herlaug Person Vinjo uti bruk 1 på Nedre Vinjo. Herlaug er f. 1851, g. 1881 m. Marta Knutsdr. Dukstad. Han kjøpte i 1892 bruk 2, som deretter

--- side 98 ---

er ført saman med bruk 1. Sonen Knut fekk garden i 1921 for 5000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 96, lnr. 191 med gamal skyld 1 pund 21 mark, urevidert 1 dalar 2 ort 11 skill., revidert 1 dalar 1 ort 12 skill. Ny skyld mark 1,74 eller mark 3,38 etter at bruk 2 er ført saman med bruk 1.

Bruk 2. Helleve. Det var skilt frå bruk 1 i 1806 og selt til Olav Person En. Samson Olavson Øvre Kyte f. 1771, g. 1799 m. Ingebjørg Monsdr. Helleve har butt der frå 1799 til 1806. Olav En gifte seg 1805 m. Kristi Herlaugsdr. Flatekvål og døydde 1853, 93 år gl. Deira son Per f. 1806, g. 1835 m. Jorunn Nilsdr. Midtun, fekk garden i 1835 og døydde 1884. Dei hadde to døtter: Kristi f. 1835 og Guri f. 1838. Guri gifte seg 1859 m. Hollgeir Andersson Lemme. Herlaug Person Vinjo kjøpte bruket i 1892 for 3450 kronor og fekk det i 1905 ført saman med bruk 1.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 96, lnr. 192 med gamal skyld 1 pund 21 mark, urevidert 1 dalar 2 ort 11 skill., revidert 1 dalar 1 ort 16 skill. Ny skyld mark 1,64.

Bruk 3. Helleve. Viking Mikkjelson Lemme, seinare Nedre Klyve, var som fyrr sagt g. 1751 m. Guro Knutsdr. Helleve, som døydde 1798. Han var andre gongen g. m. Guro Hansdr. Viking åtte 1 laup 24 mark etter skøyte 1793. Guro og Viking hadde borni: Mikkjel, Ragnhild, Ragna og Brita. Ragnhild var f. 1751, g. 1779 m. ekm. Jon Halldorson Kvilekval, som var oldefar til senator Knute Nilsson. Mikkjel var f. 1760, g. 1801 m. Gjertrud Nilsdr. Hegle og døydde 1849. Han fekk skøyte i 1799 på 1 pund 21 mark og Olav Larsson på 1 pund 21 mark. Dei selde båe i 1821 til Kjel Knutson Helleve.

Herlaug Torgeirson Mølster kjøpte garden i 1827 og selde att 1828 til Aslak Nilsson Lirhus. Aslak var f. 1797, g. m. Anna Olavsdr. Ringheim f. 1793 og døydde 1866. Anna døydde 1869. Både Anna og Aslak var av Villandætti. Far hennar Anna var son åt lensmann Olav K. Ringheim. Mor hans Aslak var dotter til denne lensmannen. Aslak og Anna hadde tri døtter: Anna, f. 1824, g. 1854 m. Torstein Larsson Graudo f. i Mæringi 1822, Brita f. 1826, g. 1855 m. Jon Andersson Kvitno, Marta f. 1828, g. 1854 m. Styrkar Sveinson Fjose, gardmann på Graudo. Anna og Torstein fekk garden hjå mor hennar i 1860 for f600 spd. Han var vaksinatør og eit par år skulelærar. Han døydde 1891. Fem born: Anna f. 1857, Ingebjørg

--- side 99 ---

f. 1859, Aslak f. 1862, Marta f. 1864, g. 1895 m. Styrk Knutson Lirhus, Brita f. 1868. Aslak var g. 1890 m. Ingjerd Andersdr. Nedkvitno og døydde 1904. Han fekk farsgarden. Deira son Torstein fekk garden i 1929 for 4000 kronor. Han er f. 1891, g. m. Kristi Persdr. Perstølen og er død. Torstein har vore mykje med i ungdomsarbeidet, var forretningsførar for Voss krøtertrygdelag og hadde ymse tillitsyrke elles.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 96, lnr. 193 og 194 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 3 skill., revidert 2 dalar 4 ort. Ny skyld mark 4,08.

Bruk 4. Helleve. Ivar Sjurson f. 1661 var som fyrr nemnt leiglending i 1701. Han var g. m. Eli Andersdr. og døydde 1704. Dei hadde to born: Anders f. 1698 og Torbjørg f. 1700, g. 1729 m. Knut Nilsson Nedre Vinjo. Ho Eli var g. 2 m. Ivar Henrikson, som var leiglending etter fyrste mannen hennar. Eli og Ivar døydde 1755 og hadde fire born: Ivar, g. 1756 m. enkja Ragnhild Olavsdr. Mykkeltveit, Hermund f. 1707, g. 1744 m. enkja Barbrå Oddsdr. Eide, gardmann på Eide, Barbrå f. 1714, g. 1737 m. ekm. Åmund Fjose, Henrik f. 1715, g. 1749 m. Anna Vikingsdr. Tvilde.

Henrik var leiglending etter foreldri sine, kjøpte 1760 løysningsretten til 2½ laup for 125 rd. Han døydde 1803 og hadde med Anna fem born: Hermund f. 1749, Eli f. 1750, g. m. Olav Henrikson Kvåle, Ivar f. 1755, var gastgjevar på Evanger 1809-1810, Brita f. 1757, g. m. Sjur Gudleikson Hommedal, Kari f. 1764, g. m. Lars Olavson Kvåle.

Hermund Henrikson f. 1749, var g. 1782 m. enkja Ingebjørg Olavsdr. Flatekvål, f. på Syndve 1750. Han fekk skøyte frå far sin i 1781 på garden. Tri døtter: Anna, f. 1782, g. m. Kjel Knutson Grovu, Rd., Brita f. 1786, g. 1. 1808 m. Nils Ivarson Tøn, 2. 1817 m. Olav Bårdson Osgjerd, båe gastgjevarar på Evanger, Synneva, f. ikring 1790. Anna og Kjel fekk i 1807 skøyte frå far hennar på 1¼ laup i garden og i 1822 på resten av bruk 4. Kjel kjøpte og bruk 3 i 1821, men selde det att 1827 til Herlaug Mølster. Kjel og Anna hadde seks born: Marjo f. 1807, g. m. Knut Nilsson Himle, gardmann på Øvre Himle, Hermund f. 1811, Olav f. 1813, Knut f. 1815, g. m. Anna Gudleiksdr. Bø, gardmann på Sonve, Ingebjørg f. 1818 (Amerika), Henrik, f. 1826, død ugift. Kjel skifte garden millom dei to eldste sønene so Olav fekk bruk 4 og Hermund bruk 5.

--- side 100 ---

Olav Kjelson f. 1813 var g. m. Ingjerd Mikkjelsdr. Markusteigen og døydde 1876. Han fekk skøyte i 1842 frå faren på halve garden for 350 spd. som framleies vart bruk 4. Olav og Ingjerd hadde sju born: Kjel f. 1844 (Amerika), Hermund f. 1846, Anna f. 1849, g. m. lærar Vrold Storhaug, Røldal, Henrik f. 1853, Brita f. 1855, g. m. Torkjel Eilivson på Tøn, Ingebjørg f. 1858, g. m. Anders Ivarson Rykke, Ingerid f. 1861, g. m. Lars Sjurson Dukstad. Henrik var f. 1853, og g. 1. 1879 m. Ingebjørg Sjursdr. Dukstad, 2. m. Brita Nilsdr. Fitjo. Han fekk farsgarden i 1877 for 800 spd., var skulelærar 1874-1900, då han reiste til Amerika, der han var prest. Garden selde han i 1894 til systermannen Lars Sjurson Dukstad. Han budde der til 1897 då han selde til Nils Eirikson Vinjo for 5000 kronor og flytte til Dukstad att som husmann. Nils selde garden i 1901 til Bård Janson Skjerve, som budde der til 1918. Olav Larsson Kyte kjøpte då garden for 14 500 kronor, men selde att året etter til Anders Olavson Gjøastein for 22 000 kronor. Anders er f. 1889 og g. m. Kristi Davidsdr. Bokkatun.

Bruk 4 var fyrr etter at bruk 5 var fråskilt mtrnr. 96, lnr. 195 a med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 2 dalar 4 ort 13 skill. Ny skyld mark 3,49 etter at bruk 9 er skilt frå.

Bruk 5. Helleve. Hermund Kjelson f. 1811, nemnd ovanfor, gifte seg 1839 med Barbrå Åmundsdr. Fjose og fekk skøyte i 1842 frå far sin på dette bruket for 350 spd. Hermund døydde 1842 og hadde to born: Anna, f 1839, død 1931 ugift og Kjel f. 1841. Kjel var g. 1866 m. Synneva Erlendsdr. Lindberg og fekk garden ved skifte etter far sin. Ni born: Hermund, Ingjerd, Gjertrud, Anna, Synneva, Olav, Kari, Ingebjørg og Jon. Hermund f. 1866 gifte seg 1895 med Guro Brynjulvsdr. Melve og fekk i 1898 farsgarden for 4800 kronor. Deira dotter Brita, g. 1926 m. Knut Brynjulvson Kvamme fekk garden i 1928 for 2000 kronor.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 96, lnr. 195 b med skyld som bruk 4, so nær som at den nye skyldi er mark 4,24.

Bruk 6. Helleve. Skyld 15 øre. Utskilt frå bruk 1 1893 og selt til Knut Sveinson Helleve, g. m. Gudve Larsdr. Ullestad. Ho let sonen Svein få skøyte på det 1918. Han skøytte i 1925 til Styrk Fjose, Hermund Helleve, Eirik Lemme og Brynjulv Norheim.

--- side 101 ---

Bruk 7. Helleve. Skyld 30 øre. Skilt frå bruk 2 i 1893 og selt til Olav Hollgeirson Lemme.

Mtrnr. 96, lnr. 193 b, 194 b. Helleve. Skyld 23 øre. Utskilt frå bruk 3 og selt til Anders Andersson Lemme. Det er seinare ført saman med bruk 1 på Øvre Lemme.

Bruk 8. Lemmesteigen. Skyld 70 øre. Skilt frå bruk 4 i 1893. Eigar Henrik O. Helleve. Knut S. Helleve fekk bygsla det i 1892 på 65 år. Enkja hans let i 1914 sonen Svein få denne retten, men tok undav bruksretten på ein mindre part som ho let til sønene Lars og Knut. Svein selde sin rett i 1917 til Samuel Grøneng.

Bruk 9. Sjondarhaug. Skyld 5 øre. Skilt frå bruk 4 og skøytt 1907 til Ingebjørg Torsteinsdr. Helleve. For lenger tid sidan var der husmannsplass.

Husmenn på Helleve.

Olav Henrikson, g. m. Eli Henriksdr. fekk på Helleve borni Brita i 1785, Viking i 1789 og Endre 1782. Anders Eirikson f. 1750, g. m. Marta Olavsdr. var husmannsfolk i 1801 og hadde då fire born: Bryttva, Olav, Eirik, Olav 10-2 år gamle. Anders Larsson, g. m. Synneva Olavsdr. fekk dotteri Eli i 1822. Dei hadde plasset Sjondarhaugen hjå bruk 3. Han har og vore kalla Avulskehaugen og sume tider Mjølstølshaugen. Eirik Andersson, g. 1833 m. Marta Knutsdr. Ukvitno fekk i 1834 sonen Eirik. Marta vart g. 2. 1836 m. Knut Monsson Øvre Graudo.

Bård Johannesson Skiple, g. 1836 m. Ragnhild Samsonsdr. Helleve hadde plass hjå bruk 1 på Lemmesteigane. Bård og Ragnhild fekk desse borni: Ingebjørg f. 1836, Kristi f. 1839, Sigrid f. 1842, Johannes f. 1844, Samson f. 1847, Ragnhild f. 1851, Kolbein f. 1854 og Brita f. 1859. Bård døydde 1870, 84 år gl. Han var med i krigen mot Sverike, og han gret når han fortalde um kva han då hadde upplevt.

Viking Andersson, g. m. Anna Mikkjelsdr. fekk sonen Anders i 1851. Utpå Flynæ var ein husmannsplass der Ingeleiv-Anders g. m. Ingeleiv budde. Knut Monsson f. 1799, g. m. Marta Knutsdr. hadde plass på Lemmesteigane hjå bruk 3 i 1865. Brynjulv Person Ringheim fekk husmannsfeste i 1879 på dette plasset. Han var f. 1874, g. m. Gudve Monsdr. Nesheim, døydde 1923 og hadde fleire born. Han dreiv mykje med hellebenk.

--- side 102 ---

Stølen.

Stølen var 2 mil frå garden er det skrive i 1723. Han er i fyrstningi av 1700-talet skriven for Øyastølen. Det må vera same stølen som Helleve har no og, stølen Langedalen på Langedalen. Brukarane på Helleve og Vinjo stemnde i 1703 tri husmenn for di dei hadde bygt sel og støla på Øyastølen på Langedalen. Husmennene vart dømde til å vika frå stølen. På Teigahaugen ovanfor stølstræi på stølen Langedalen syner etter hustuft som segni segjer skal vera etter selet åt husmannen på Lemmesteigane. I sume av florane på stølen er svært breidt timber. Det skal vera kome frå Skottsfjellet på Vossastrondi.

I gamle dagar var det ofte bjørn på Langedalen. Den siste bjørnen ein veit um der, var ikring 1870. Ho Synneva Vinjo møtte han utmed Leirgrovebakken og vart mest nåmi, fortalde ho, og kunde korkje springa eller skrika. Etter at dei hadde sett på einannan eit bil, gjorde bjørnen ein krok ovanum vegen, og ho Synneva krøkte nedum og soleis gjekk dei fint forbi einannan. Um vinteren gjekk «Halldor i Fjedlæ» etter bjørnen og fekk skot på han, men bjørnen kom seg burt. Sidan fann dei bjørnen daud i ein vedakost heime i lidi ikkje langt frå staden der ho Synneva hadde møtt han.

Kvern.

Kvern var det ikkje på Helleve i 1723, men i 1776 og 1791 var det ei i Tønagroæ, som bruk 3 eig.

Offentlege forretningar.

Steinaforretning 1703 millom Helleve og Vinjo. Der er og umtala Øyastølen på Langedalen. Utskifting 1824 på stølen Langedalen. I 1877 vart gjort semje um beiting i Vinja-åsen. Utskifting 1888. Leigekontrakt i 1918 frå bruk 4 til Lars H. Steine på Haomyræ i 30 år. Etter vedtak på utskiftingi 1888 flytte brak 4 og 5 husi sine mot vest. Husi på bruk 3 står att i gamle tunet. Det var umlag 2 mål stort med meir enn 23 hus åt 5 bruk.

Ymse.

I fyrr nemnde brev frå 1590 er upplyst at Helleve då hadde ein slåtteteig innanfor bøgjerdet på Lemme, som dei brukte sjølv. Det var vidare tilført at Strange i Lysekloster var umbodsmann for Finne- og Munkelivgodset, som åtte teigane åt Finne og Helleve. Bruki 6, 7, 8 og lnr. 193 b og 194 b er på Lemmesteigane. Bruk 1, 3 og 5 har framleies eigedom der. Johannes Leiddal og sonen Torstein flekte hellor vår og haust i åri 1852 til umlag 1862 på eigedomen åt bruk 5 på Lemmesteigane. Sidan i 1890-åri har det vore stor helledrift der og på bruk 6

--- side 103 ---

og 8. På Lemmesteigane åt dei andre Hellevesbruki har og vore drive litt nokre år. I kring 1830 er funne i ein gravhaug stykke av tri skjoldboger, sverd, øks, beisle-munnbit, honk, soks, pilespiss, båtsaum og klinknaglar, alt av jarn.

Bumerke.

Henrik 1715 tavle 5 nr. 25. I 1723, 1724, 1732, 1765, 1772 og 1777 er bumerket kvar gong brigda mykje. Olav 1728 t. 5 nr. 26, eit anna merke 1729 og 1732. Ivar 1736 t. 5 nr. 27. Knut 1749 t. 5 nr. 28, brigda i 1755. Henrik Ivarson 1757 hadde i seglet H I S fletta til ein bokstav. Henrik 1769 hadde i seglet det same merket og over det bokstavane H I S.