Herre.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 287 ---

Namnet vert i 1600-talet skrive Herrenn og Herre. Det vert no sagt Hèrrè2; han búr pao, è tao Hèrrè, ska tì Hèrrés, sms. Hèrrésleité. Namnet er samansett, fyrelekken er truleg gn. hær(r)i adj. komp. (av hár), høgre; etterlekken ser ut til å vera eit ord (f. ?) med noko uviss tyding (stong el. rad, rekkje, tysk Reihe?). Jfr. Litlere.

Bilete, se Litlere.

Tormod er den fyrste på Herre som me har funne namn på. Han var tenestdreng der i 1563 for full løn, som det heiter. Arne og Botolv var leiglendingar 1591 og Knut 1597 då han betalte tridje års bygsel av 1 pund. Jordboki 1585-1616 melder at Vangens prestebol fekk 6 merker smør i landskyld. Oluf Herre betalte tridje års bygsel i 1610 for 1 pund, 1613 og 1616 for 2 pund og var leiglending 1621, 1629 på ½ laup og 1636

--- side 288 ---

på 1½ laup. Arne var leiglending 1611, Pål 1614, Per 1635 og Ragnhild 1636. Unge Oluf er skriven som leiglending 1611 og 1614. Nils Jernes åtte 1621 18 mark og Herlaug Herre 9 mark.

I leidangsboki 1624 er leidangen ført upp med 9 merker smør, 1 kalvskinn på ein part der Oluf Lauritsson var leiglending og 9 merker smør og 1 geitskinn på ein annan part med Laurits som leiglending. Stiftet åtte 1627 ½ laup med Oluf som leiglending. Lars og Rikol var leiglendingar 1640. I 1645 var der tri leiglendingar: Lars Nilsson, g. m. Sigrid, Per Akselson, g. m. Anna, og Anders Pålson, g. m. Marta. Ei huskone Mari budde der òg. Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen 9 merker smør og 1 kalvskinn av Apostelgodset. Han åtte 1650 ½ laup på Øvre Herre, som han hadde fått ved makabyte med kongen. På dette var det 9 merker smør og 1 kalvskinn i leidang, ½ dalar i skatt, ½ dalar i fornødspengar, ½ dalar i arbeidspengar og 16 skill. i avgift til jordeigaren. Anders var leiglending. Sehested let dette jordgodset att 1651 til kongen som selde det 1657 til Gabriel Marselis. F. Broderson åtte 1649 ½ laup på Herre og let då noko ved makabyte til kongen. Laurits var leiglending på det. Frå 1652 er det skilt millom Øvre og Nedre Herre.

207. Øvre Herre.

Øvre Herre har alltid vore einbølt gard. Landkommisjonen skriv 1661 at der var ein brukar og skyldi var 1 laup. Det var ringt med brennefang. I 1723 var det likeins med det brigde at der då var turvande vedaskog. Garden hadde midlungs jord og var noko tungbrukt. Skyldi var 1 laup 1 pund i 1777 som 1838 vart umskrivi til 4 dalar 4 ort 13 skill. Samanlikningstalet var 740. Der var nok vedaskog og mest nok fureskog til eige bruk.

Matrikkelen 1865 melder at der var 12¼ mål åker, 16 mål god, 20 mål medels natureng og 48 mål skrapebø. 3 mål høvde til dyrking. Medels vårhamn og ring sumarhamn. Garden hadde skog til eige bruk, var lettbrukt og mindre godt dyrka. I 1918 var der 16 mål åker, 3 mål kunsteng og 22 mål natureng.

Folketalet var 12 i 1801, 5 i 1865 og 11 i 1920.

--- side 289

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Herre.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   7   11          
1723 1   12   12   12      
1865 1   12   28   32   20  
1918 3   10   23          

Kirsten Bolstad åtte 1652 2½ spann, prestebolet 12 mark og Sylfest Elje, Vassvøri, 2½ spann. I 1655 og 1659 åtte ho Kirsten 2 pund 18 mark og prestebolet 6 mark. Anders var leiglending alle desse åri. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på ½ laup Munkelivgods. Klas Miltzow åtte 1680 1 laup. Fatighuset på Vangen åtte 1691 og 1695 ½ laup, magister Samuel i Bergen 1 pund i 1691 og Henrik Miltzow ½ laup i 1695. Lars Andersson f. 1666 er skriven som leiglending i folketeljingi 1701 og var g. m. Sigrid Larsdr. Han døydde ikring 1709 og hadde borni: Anders, husmann på Setre, Olav Øvre Herre, Jon, g. 1741 m. enkja Kristi Larsdr. Øvre Himle, Marta, død 1746 som enkje 75 år gl. og Ragnhild g. m. Lars Jonson Litlere.

Manufakturhuset i Bergen åtte 1714 og 1723 ½ laup og Henrik Miltzow ½ laup. Nils Eirikson Himle bygsla 1710 av Kristense Miltzow og gifte seg same år med Sigrid Larsdr., enkja etter Lars. Ho døydde 1744, 76 år gl. og Nils 1760, 86 år gl. Han hadde ikkje born. Olav bygsla 1733 ½ laup og resten av garden i 1741. Han gifte seg 1742 m. Gudve Bjarnesdr. Nedre Herre etter kongelegt løyve og fekk fire born: Lars f. 1742, Sigrid f. 1744, død 1828 ugift, Marta f. 1746, g. 1785 m. ekm. Olav Sjurson Gjerdskvål, og Bjarne f. 1748, leiglending på Uppheim, Kvitli. Olav døydde 1751, 49½ år gl., og Gudve vart attgift 1752 m. Lars Torbjørnson Lund, Vossastr., som då vart leiglending. Han døydde 1783, Gudve 1784, 64½ år gl. og hadde tri born: Kristi f. 1753, g. 1773 m. Ingebrikt Olavson Fjeli, Kari f. 1754, g. 1798 m. Johannes Gudleikson En og Sigrid f. 1757, g. 1790 m. skulehaldar Styrk Larsson Møn.

Lars Olavson fekk 1768 skøyte på Øvre Herre og på løysningsretten til ½ laup som verja David Rekve hadde kjøpt 1759 til Lars og medeigarar for 15 rd. G. Marselis hadde ått dette jordgodset. Lars bygsla 1783 ½ laup av Manufakturhuset

--- side 290 ---

i Bergen. I panteregistret er sidan sagt at Bergens Tukthus åtte ½ laup av landskyldi som seinare er løyst. Lars vart g. 1783 m. Åsa Arnesdr. Kvitno. Han skulde vera kunnande med tre- og jarnarbeid og god til å rekna, hadde dokterbøker, dokterte folk og var god sårlækjar. Lars døydde 1806, Åsa 1848, 90 år gl., og fekk fire born: Gudve f. 1785, g. 1811 m. Rognald Olavson Haugo, Guri f. 1788, g. 1823 m. Anders Arnfinnson Græe, Anna f. 1791, g. 1827 m. Anders Arnfinnson Skutle og Olav f. 1794.

Olav Larsson vart g. 1821 m. Katla Torleivsdr. Grovu og fekk 1812 skøyte frå far sin på hans part i garden og 1746 frå mor si på ½ laup laus landskyld. Dei fekk på Herre borni: Åsa g. 1846 m. Viking Olavson Gjerdåk, Anna, Marta, g. m. skulehaldar Lars Josefson Lid (Amerika), Guri, Lars, Torleiv, Knut, Synneva, Olav og Bjarne f. 1821-1842. Olav selde 1850 garden til Knut Andersson Helland for 700 spd. og reiste med huslyden sin til Amerika.

Knut Helland var g. 1837 m. Jorunn Knutsdr. Helland og fekk fire born: Knut f. 1838, g. 1866 m. Guri Knutsdr. Skutle, Gudve f. 1839, g. 1864 m. Olav Trondson Dagestad, Olav f. 1843, Ingebjørg f. 1847, g. 1871 m. Gudleik Nilsson Gjelland, gardmann i Mølsterteigen. Knut døydde 1877, 76½ år gl. og Jorunn 1899, 85 år gl. Olav fekk garden og gifte seg 1870 m. Anna Eiriksdr. Rjodo f. 1843. Båe døydde 1923 barnlause. Olav Nilsson Veka kjøpte 1914 garden for 6000 kronor. Han er f. 1882 og g. 1902 m. Marta Gudleiksdr. Mølsterteigen.

Øvre Herre var fyrr mtrnr. 209, lnr. 412 med gamal skyld 1 laup 1 pund, urevidert 4 dalar 4 ort 13 skill., revidert 3 dalar 3 ort 7 skill. Ny skyld mark 5,33.

208. Nedre Herre.

Skyldi var 1661 og 1723 1 laup og der var ein brukar. Nedre Herre har alltid vore einbølt gard. Der var lite vedaskog i 1661 og hadde det som trongst i 1723. Garden var noko tungbrukt, skriv dei 1723 og hadde midlungs jord. I 1777 var skyldi 1 laup 1 pund som 1838 vart umskrivi til 4 dalar 4 ort 13 skill. Samanlikningstalet var 740. Dei hadde nok vedaskog og mest nok fureskog. Matrikkelen 1865 melder at der var 19 mål åker, 13 mål god, 10 mål medels natureng og 30 mål skrapebø.

--- side 291 ---

3 mål høvde til dyrking. Hamni var likeins som på Øvre Herre. Garden hadde skog til eige bruk, var lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 er ikkje ført noko upp.

Der budde 8 menneske i 1801, 8 i 1865 og 6 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Herre.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   8   6          
1723 1   11   12   12      
1865 2   13   35   35   24  
1918 3   14   21          

Vangskyrkja åtte 1652 30 mark, Sylfest Elje ½ laup, prestebolet ½ laup, Rannveig Olde 1 pund og Torgeir Helland 14 mark. Ellj og Torborg var då leiglendingar og Sjur Nilsson 1657, 1661 og 1664. Torstein var leiglending 1663 og var då med og reiv selet på Krossaset. Prestebolet åtte 1661 7 mark og soknepresten 2 pund 17 mark. Klas Miltzow var 1680 eigar av 1 laup og 1691 1 laup 1 pund. I 1695, 1714 og 1723 er Henrik Miltzow skriven som eigar av 2 pund 18 mark og Vangens prestebord 6 mark.

Bjarne Andersson Dagestad f. 1659 er vorten leiglending på Nedre Herre fyre 1691 og fekk 1720 ny bygslesetel på 1 laup frå Henrik Miltzow som 1731 selde 2 pund 18 mark til Bjarne for 150 rd. Det vart ved skifte 1739 verdsett 110 rd. Bjarne åtte og 2 pund 5 mark på Dagestad etter skøyte 1727. Han var g. 1. m. Gudve Øysteinsdr. Tesdal, 2. 1711 m. Sigrid Torgeirsdr. Olde f. 1683. Bjarne døydde 1733 og Gudve 1739. Han fekk fire born med Gudve og fire med Sigrid: Jørgen f. 1683, gardmann på Dagestad, Anders f. 1697, død fyre 1725 utan born, Åsa, g. 1725 m. Velom Knutson Bø, Nils d. e. f. 1710, død fyre 1739 utan born, Nils d. y. f. 1712, Torgeir f. 1715, g. 1747 m. enkja Ragnhild Knutsdr. Saude, Viki, Magne f. 1717, død fyre 1739 uten etterkomarar, Gudve f. 1719, g. 1. 1742 m. Olav Larsson Øvre Herre, 2. 1752 m. Lars Torbjørnson Lund, Vossastr.

Nils Bjarneson d. y. fekk 1740 skøyte frå Torgeir bror sin og Gudve, syster si, på tilsaman 1 pund 15 mark og åtte i alt

--- side 292 ---

2 pund 18 mark. Nils gifte seg 1. 1740 m. Mari Torsteinsdr. Saude, Viki, 2. 1751 m. Inga Olavsdr. Bulko. Han døydde 1787 og Inga 1799, 79 år gl. Han fekk tri born m. Mari og fire med Inga: Anna f. 1742, død 1825, Bjarne f. 1746, Torstein f. 1748, g. 1780 m. Ragnhild Larsdr. Dymbe, husmann på Øvre Rjodo, Olav f. 1752, g. 1781 m. Anna Olavsdr. Vetla Rokne, husmann på Rjodo og døydde 1834, Mari f. 1753, død 1807, truleg ugift. Sigrid f. 1759, død 1845, Torgeir f. 1761, g. 1788 m. enkja Ragna Davidsdr. Helland. Jordgodset vart på skiftet 1787 verdsett 165 rd.

Bjarne Nilsson vart g. 1768 m. Eli Torsteinsdr. Fære og fekk 1777 og 1783 skøyte på garden. Eli døydde 1816, 80 år gl., Bjarne 1818 og hadde seks born: Torstein f. 1771, Mari f. 1772, død 1825, Marta, g. 1812 m. Tomas Andersson Skutle, Nils f. 1776, død 1802, Brita f. 1782, g. 1804 m. Nils Oddson Himle, Gudve f. 1786, g. 1828 m. Tormod Oddson Himle. Torstein gifte seg 1801 m. Marta Oddsdr. Nedre Himle og fekk 1805 og 1818 skøyte frå far sin på garden. Torstein døydde 1859, Marta 1862, 88 år gl. og hadde seks born: Eli f. 1801, g. 1826 m. Jon Arnfinnson Græe, tvillingane Bjarne og Inga f. 1804, (Inga g. 1832 m. Olav Hermundson Bulko), Anna f. 1807, g. 1832 m. skulehaldar Steffa Knutson Sonve, Nils f. 1812, g. 1841 m. Marta Kolbeinsdr. Dale (Amerika), Brita f. 1819, død 1867 ugift. Ho Eli fekk i heimagjerd hjå foreldri sine utslåtta Gullbårna som far hennar hadde gjerdt inn. Folk segjer at namnet Gullbårna kjem av at der er so solrikt. Slåtta er sidan komi til garden att.

Bjarne Torsteinson f. 1804, g. 1835 m. Ragnhild Tormodsdr. Gjelle fekk 1833 garden hjå far sin. Ho døydde 1859, 44½ år gl. og Bjarne 1862. Seks born: Torstein f. 1834, Tormod f. 1838, død ugift 1859, Odd f. 1846, g. 1874 m. Sigtru Larsdr. Tesdal, Lars f. 1849, g. 1873 m. Guro Olavsdr. Rokne, Nils f. 1852, g. 1883 m. Kari Larsdr. Saude, budde på Olde, og Knut f. 1855, g. 1885 m. Anna Olavsdr. Himle. På skifte 1861 er tilført at Vangens prestebol åtte 6 mark i garden. Han vart taksta 500 spd. Bruttomidelen var 1777 spd. Torstein fekk 1859 garden for 500 spd. og gifte seg 1863 m. Soffi Arnvedsdr. Rong f. 1845. Han var med i heradsstyret. Torstein døydde 1919 og ho 1923 og hadde to døtter: Ragnhild f. 1865 og Brita f. 1875, g. 1915 m. Knut Arnfinnson Møn, sjå bruk 7 Gjerde.

--- side 293 ---

Ragnhild gifte seg 1892 m. Sjur Olavson Sonve f. 1868. Dei fekk farsgarden hennar i 1914 for 1500 kronor. Sjur var snikkar og døydde 1934. Sonen Torstein fekk skøyte på garden i 1936 for 10 000 kronor.

Nedre Herre var fyrr mtrnr. 210, lnr. 413 med gamal skyld 1 laup 1 pund, urevidert 4 dalar 4 ort 13 skill., revidert 3 dalar 4 ort 15 skill. Ny skyld mark 5,72.

Husmenn på Herre.

Lars Jonson Litlere, g. 1727 m. Ragnhild Larsdr. Øvre Herre hadde plass på Øvre Herre då dei 1727 fekk dotteri Anna. Gitle Andersson f. 1742, g. m. Steinvor Åmundsdr. hadde plasset Herreshagen og døydde 1806 barnlaus. Sjur Åmundson, g. m. Ragnhild Gusskalksdr. fekk borni Gusskalk, Torbjørg, Sisselja, Brita, Kirsti f. 1835-1843. Ikring 1850 reiste dei til Amerika. Knut Oddson, g. m. Sigrid Larsdr., budde frå 1833 på Storamyræ eller Husaplasse som det og er kalla. Knut var flink bygningsmann. Dei fekk sonen Odd f. 1835, g. 1867 m. Orlog Ivarsdr. Løno, gardmann på Blikberget. Knut døydde 1841, 55 år gl. og Sigrid 1843, 49 år gl. Bjønndal'n i Herresaos'n har vore husmannsplass, det syner endå etter hustuftene.

Stølen.

Det var ei mil til støls heiter det 1723. Sumarsstølen er på Skaondal'n ved Grønlidvatnet. Det er ei dryg gamal mil til Skaondal'n. I utgamal tid tok ei budeie vegen i fire steg fortelst det og det syner i skarv eller store steinar etter stegi. Um lag halvvegs er tri store steinar kalla Kattane. Rundt um dei ligg mykje småstein. Etter gamal tru skulde dei ofra til kattane ved å kasta stein på dei fyrste gong dei fór til støls um våren, dersom det skulde gå godt på stølen um sumaren.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala på Herre i 1723, men 1776 og 1791 var det ei på Nedre Herre, og ho står endå. Ikring 1930 bygde dei sirkelsag ved Vetlagjelsgroæ. Øvre Herre bygde kvern i kring 1850 og flytte henne etter utskiftingen på Litlere til der ho no er ovanfor tunet. Sidan 1932 har dei havt sirkelsag heime på garden, drivi med elektrisk kraft.

Offentlege forretningar.

Semje 1725 med Litlere, Haug og fleire um stølsbeite. Sak 1775 med Gjelland. Godviljug utskifting 1838. Semje 1851 um merkesgjerde. Utskifting (semje) 1865.

--- side 294 ---

Bumerke.

Bjarne Nedre Herre 1722, 1727, 1728 tavle 1 nr. 13. Same merket brukte Nils Nedre Herre fleire gonger 1741- 1772 og Bjarne Nedre Herre 1790. Lars Øvre Herre 1768, 1772, 1788 t. 4 nr. 5. Gitle Andersson 1780 t. 8 nr. 54.

Ymse.

Åsen millom Skutle til Rokne på eine sida og Græe til Litlere på den andre har ymse namn. Nordvestre parten som gardane Sonve til Lid eig, heiter Sonvesaos'n eller Liaraos'n. Vikjesaos'n er den parten som Lid og Vike eig, Skutlesaos'n er det som Skutle eig, Herresaos'n det som høyrer til Herre, og Himle sin part er kalla Himlesaos'n. Dei fleste gardar som eig i åsen har vårstølar i eller ved aosagarden, men no er det ikkje mange av dei som er i bruk. Desse vårstølane kan ha ymse namn, slike som Skutlesmjøllstødl'n, Kolltveit og Græesbulegona, men elles heiter dei fleste berre -florane: Ronvesflorane, Sonvesflorane o. s. b. - I ei bu av rundtimber på Herre er på ei glasrute denne innskrifti: PER SVENDSEN 1734.

I stølsbeiti og i åsen var det fyrr ofte bjørn som drap smale og krøter. Sume tider laut folk upp um natti og larma på pannar og kjelar for å skremma bjørnen. Ein gong tok bjørnen bjøllesauen, flekte skinnet av han, svøypte bjølla inn i skinnet og gøymde det under ei bjørkerot. Det vart funne nokre dagar seinare, er det fortalt. Siste gong bjørnen gjorde skade for dei på Herre var då han i 1860-åri drap ei kvige i Aos'n, tett ovanfor bøjagarden. So seint som ikring 1890 var det bjørn i åsen.

I ei røys stod to store hellor på kant med ei som låg over. Millom hellone fann dei sverd, 2 spjot, 2 piler, skjoldknapp, handtakskoning av eit skjold, soks, trestykke med skoning av sylv og bronse, trespann av barlind med bronseskoning og leir-urne. Det skal vera frå eldre jarnalder. På Øvre Herre vart ikring 1870 selt eit spjot utan skaft til fotograf Carstens frå Bergen. Det var um lag 60 cm. langt og skulde vera over 800 år gamalt. - Um lag midt i åkeren Forskotet fann dei 1908 ei grav. Der var eit stort sverd og nokre molar av ei steinkrukke som Bergens Museum fekk. Det var eit uvanleg stort sverd so det måtte ha vore ei kjempe som hadde brukt det. Der er ein gravhaug på Leite og ein i Kalvahagen.