164. Hildestveiti.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 530 ---

Namnet vert i 1695 skrive Hellistuedt, i 1723 Hillestveed. Det vert no sagt Hìldéstveitè2, han búr pao, è tao Hìldéstveit'né, ska pao Hìldéstveitè. Namnet er samansett; fyrelekken er truleg eit mannsnamn gn. Hildir eller Hildólfr, etterlekken er gn. þveit f. (slåtte, rudning o. m.).

Skattemanntali 1652, 1655 og matrikkelen 1661 syner at Hildestveiti då høyrde til Øvre Rykke, som alt var Munkeliv klostergods. Segni segjer at Øvre Rykke i gamal tid hadde sumarsstøl på Hildestveiti. I matrikkelen 1723 står at skyldi var 2 pund, garden låg høgt til fjells, hadde skog til brensel og noko til husvøling.

Skyldi er likeins til 1838 og vart då umskrivi til 3 dalar 3 ort 14 skill. Samanlikningstalet var 560. Der var vassfall og noko vedaskog. I matrikkelen 1865 er ført upp 15 mål åker, 29 mål god, 40 mål medels natureng og 28 mål skrapebø. 4 mål var skikka til dyrking. Der var medels hamnegang, men ikkje nok skog til husbruk. Garden var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 15,9 mål åker, 6 mål kunsteng og 22 mål natureng.

Folketalet var 6 i 1801, 10 i 1865 og 11 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Hildestveiti.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1 9 12 5 ¼
1865 2 18 40 35 36
1918 2 11 49

Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 kalvskinn. Nokon brukar er ikkje nemnd, og det har vel difor ikkje butt nokon der. Munkeliv kloster åtte 1646 1 pund. Klas Miltzow åtte 1676 og 1691 12 mark. I 1680 og 1695 er skyldi førd upp med 2 pund. Nils var leiglending 1691 og 1695. Ingjerd Miltzow åtte 1695 heile garden. Torfinn Gunnarson Tundal f. 1627 har som vitne i ei sak på Ronve i 1707 upplyst at han hadde butt 20 år på Hildestveiti, men det er ikkje sagt kva år.

--- side 531 ---

Olav Tormodson f. 1670 var leiglending 1701. Han var g. 1. m. Brita Ingebriktsdr. f. 1661, 2. 1747 m. Torbjørg Torbjørnsdr. Jørdre og døydde 1748. Med Brita hadde han tri born som levde etter han: Jørgen Graudo, g. 1735 m. Dønåt Steffadr. Bryn, Ingebrikt Ullestad, g. 1735 m. Ingebjørg Olavsdr. Kvåle og Torstein. På tinget 1724 er upplyst at Jørgen var lensmannsdreng og skreiv for dei som hjelpte Lars Skutle og Kjel Berge til å reisa til Kjøbenhavn for bøndene på Voss.


Hildestveiti
Bilete 68. Hildestveiti. Fot. P. Braaten 1936.

Torstein Olavson var f. 1704 og g. 1728 m. Anna Olavsdr. Vetla Rokne. Han bygsla Hildestveiti 1727 av Knut Raustad og kjøpte garden 1756. Torstein døydde 1778 og Anna 1780, 79½ år gl. og hadde tri born: Tormod f. 1733, g. 1. 1760 m. enkja Anna Mikkjelsdr. Bjørku, 2. m. Herborg Torleivsdr., Olav og Gjertrud f. 1735, g. 1759 m. ekm. Lars Nilsson Uppheim.

Olav Torsteinson f. 1742, g. 1770 m. Synneva Gudleiksdr. Tøn f. 1734 fekk 1768 skøyte frå faren. Både Olav og Synneva døydde 1778 og hadde borni: Knut f. 1773 og Anna f. 1776, g. 1798 m. Torleiv Knutson Grovu. Garden vart taksta 320 rd.

--- side 532 ---

ved skifte 1778. Tormod Torsteinson fekk so garden i 1778. Han hadde då butt på Kvåle. Tormod døydde 1794, 61½ år gl. og hadde med Anne sonen Torstein f. 1772 og med Herborg sonen Olav f. 1786, g. 1810 m. Gudve Brynjulvsdr. Gjerdåk. Han var skulemeister og fekk farsgarden hennar på Gjerdåk.

Torstein Tormodson f. 1772 gifte seg 1799 m. Guro Knutsdr. Finne og fekk 1795 skøyte på Hildestveiti. Han bytte 1805 med Mons Sylfestson uti Fletre. Mons var g. m. Guro Ivarsdr. og fekk på Hildestveiti borni Ragnhild f. 1805, Marta f. 1807 og Gjertrud f. 1809. Mons selde garden 1810 til Per og Johannes Naesøner Nesbøen, Granvin. Dei skifte garden millom seg i 1824 so Per fekk bruk 1 og Johannes bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Hildestveiti. Per var g.m. Anna Davidsdr. og døydde 1826, 69 år gl. Anna døydde 1828, 62 år gl. og dei hadde dotteri Anna f. 1707, som 1827 vart g. m. David Nilsson Grovu. Ved skifte 1828 vart garden taksta 180 spd. og skogen 20 spd. David fekk skøyte 1830 på bruk 1 og bytte 1832 med Endre Endreson Rue uti 13½ mark på Veiso. Endre var g. m. Anna Aslaksdr. og dei fekk på Hildestveiti borni Henrik f. 1836 og Marta f. 1838.

Johannes Olavson Spildo kjøpte 1833 bruk 1 og let det 1841 til Olav, son sin. Olav gifte seg med Guri Kristoffersdr. og dei fekk 1846 sonen Kristoffer. Odd Håvardson Nyre kjøpte 1852 garden på auksjon for 250 spd. og selde att 1853 til Styrk Larsson Blikberget for 340 spd. Han var f. på Saude 1818 og g. m. Ingebjørg Torgeirsdr. f. 1816 på Midtun, Vossastr. Styrk var kardemakar og god snikkar. Han døydde 1894 og Ingebjørg 1895. Dei hadde borni: Marta f. 1840, umtala nedanfor, Margreta f. 1844, g. 1868 m. Rognald Knutson på Glymme, Brita f. 1847, g. 1886 m. ekm. Karle Brynjulvson på Bulko, Lars f. 1848.

Nils Sjurson Lillegraven kjøpte garden for 2000 kronor i 1888. Han var g. m. Marta Styrksdr. Hildestveiti, nemnd ovanfor, f. 1840. Nils var rokkadreiar og hadde ei tid stove på Lillegraven. Han selde garden att 1890 til Anders Jonson Nesheim, Granvin, for 2800 kronor. Då Nils var død, gifte ho Marta seg 1893 m. Torgrim Mikkjelson Seim som hadde stove på Fenno. Anders var f. 1831, g. m. Marta Hansdr. f. 1837

--- side 533 ---

og døydde 1926. Marta døydde 1925. Deira dotter Torbjørg f. 1875 gifte seg 1897 m. Knut Ludvikson Sunde frå Jølster f. 1868. Dei fekk i 1900 skøyte frå far hennar på garden for 3200 kronor. Knut døydde 1930.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 165, lnr. 316 med gamal skyld 1 pund, urevidert 1 dalar 4 ort 7 skill., revidert 1 dalar 4 ort 20 skill. Ny skyld mark 2,86.

Bruk 2. Hildestveiti. Det er skilt ut frå bruk 1 i 1824. Johannes Naeson, nemnd ovanfor, hadde kjøpt det 1810. Han var g. m. Sigrid Davidsdr. Mo'o, Granvin, som døydde 1828, 75 år gl. utan born. Sjur Person Nedre Fenno kjøpte bruket 1822 for 300 spd. Han var g. m. Kari Andersdr. og fekk 1825 sonen Johannes. Olav Brynjulvson Ronve kjøpte garden 1827. Han var g. 1. 1828 m. Brita Larsdr. Fenno, 2. 1830 m. Ingebjørg Olavsdr. Saude. Olav bytte 1835 med Anders Nilsson uti Tundal.

Anders var g. 1833 m. Guri Samsondr. Tverberg og døydde 1850, 51 år gl. Dei fekk på Tundal og Hildestveiti borni: Nils f. 1833, Olav f. 1837, Samson f. 1840, død ugift 1877 og Sigrid f. 1843. Brynjulv Larsson Alland kjøpte 1852 garden på auksjon og selde han same året til Torbjørn Gudleikson Tvilde. Hans dotter Anna f. på Tvilde 1832 vart gift 1854 m. Brynjulv Nilsson. Han var fødd på Kvilekvål 1826. Dei fek skøyte 1854 frå far hennar på garden. Brynjulv var god til å arbeida både i tre og jarn, barka leret som han hadde bruk for, brende tjøre og trekol og arbeidde det han elles hadde bruk for. Han døydde 1911 og Anna 1906. Dei fekk tri born: Ingebjørg f. 1855, g. 1882 m. Nils Larsson på Vike, Nils f. 1856 og Kari f. 1861, død 1880. Nils Brynjulvson gifte seg 1885 m. Kristi Larsdr. Istad f. 1856 og fekk garden i 1886 for 1000 kronor. Nils døydde 1911 og sonen Brynjulv fekk i 1929 farsgarden for 1500 kronor. Han er f. 1887 og g. 1921 m. Olianna Andreasdr. Hjørnevik f. 1891.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 165, lnr. 317 med skyld som bruk 1.

Husmenn.

Lars Eilivson, g. m. Kari Sveinsdr. døydde 1846, 68 år gl. og ho døydde 1852, 56 år gl. Dei budde på plasset Laudalen under bruk 1. Dei fekk sønene Eiliv og Knut og kann henda fleire born. Eiliv var f. 1813, g. 1847 m. Sigvor Hallesdr. Afdal og fekk plasset etter foreldri. Knut var f. 1823, g. 1849

--- side 534 ---

m. Ingebjørg Sveinsdr. Brattåker og fekk same året dotteri Marta.

Støl.

Støl er ikkje umtala 1723. Vòkeberg ovanfor Fennastølane er gamal Hildestveitstøl, men dei bruker han ikkje no. I staden har dei sumarsflor i bøgarden.

Kvern.

Ei flaumkvern var der 1723, 1776 og 1791. Dei to bruki har no kvernhus saman med kvar si kvern, men dei har ikkje vore brukte i seinare tid.

Offentlege forretningar.

Semje 1800 med Nedre Fenno um grensa. Utskifting 1824.

Bumerke.

Olav 1714, 1722, 1733 tavle 7 nr. 15. Torstein teikna same merket 1749, men i 1758 er det mykje brigda. Tormod Torsteinson 1781 t. 7 nr. 15, men 1787 teikna han T H samandrege. Lars Knutson 1781 t. 7 nr. 16.