Himle

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 248 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Hymlin, a Hymlini. Det vert no sagt Hìmlè2; han búr pao, è tao Hìmlè, ska tì Hìmlés, sms. Hìmlés-hajén. Namnet er samansett med -vin (beite). Fyrelekken er uviss, men kunde vera humul m. (stein, serleg små runde, på Voss hùmmùdl, fast aur, grusjord, gn. homulgrýti).

To menn kunngjorde 1311 (DN III nr. 94) ei semje millom husfru Birgit og Halle (på Rogn?) som formyndar for Trond sine born på Røte(?). Deri er umtala 4 mmb. på Himle. Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte ½ laup og Vangens prestebol ½ laup i Himle. Tri lagrettemenn gjorde kjent i 1402 (DN V nr. 412) at Åsa Håvardsdr. hadde makabytt med Steingrim Håkonson, so han fekk 3 mmb. i Øvre Bolstad og Åsa fekk m. a. 8 mmb. i Øvre Himle. Ebdrit betalte 1518 1 mark i kongsgarden i Bergen som rest på drotningsskatten.

I 1521 var det tri brukarar: Åmund som betalte 6 skill. i skatt, 3½ mark i breffbrot, Torbjørn 2 mark i skatt og 7 lodd sylv og 1 mark som breffbrot og Bjarne skatt 1 mark og 8 mark i breffbrot. Lensmann Torstein Bjarneson og fem lagrettemenn på Voss tilkjende 1536 (DN VI nr. 727) Steffa Halldorson 9 mmb. i Nedre Himle som Anna Hendriksdr. hadde eigna til seg. Laurits Eirikson, underprost på Voss, og to lagrettemenn kunngjorde 1556 (DN VI nr. 787) at Askjel Helgeson på Øvre Himle og Ågota Ormsdr., mor hans, "unte sin frende" Jørund Rikolvson Nesheim i Granvin 5 mmb. i Holven. Det var deira rette odelsgods, men Jørund hadde løyst det i Bergen hjå riksråden for nokre år sidan. Dette jordgodset hadde 1447 høyrt til Galtungætti.

Laurits, Torgeir, Knut og Arne var brukarar i 1563, Lars, Nils og Atle i 1591. I rekneskapane 1585-1616 for Vangskyrkja er umtala at ho fekk i landskyld 2 askar korn 9 merker smør av ein part, 1 såld korn 1 spann smør av ein annan og 5 såld 3 askar korn og 1 laup smør av den tridje. Vangens prestebord fekk 6 askar korn og 12 merker smør i landskyld. Fru Gyrvild Fadersdr. skøytte 1582 til kongen 2 laup som høyrde til Finnegodset.

Nils, Pål, Atle og Laurits var 1603 leiglendingar. I 1611 var det Johans i staden for Pål. Torstein var husmann eller øydegardmann. Atle åtte 2 laup og Nils 1 laup. I 1614 var

--- side 249 ---

Nils, Pål, Torfinn og Lasse leiglendingar. Den siste vart utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Arnfinn, Torgeir og Knut var leiglendingar 1621. Knut åtte då 1 laup på Himle og Litlere, Ingebjørg 42 mark på Himle, 1 spann på Kolle og 12 mark på Brekkhus, Nils Jernes ½ laup på Himle, Kåre Seve 42 mark på Nedre Himle og Styrk Møn 1 laup på Nedre Himle. Leidangen var 1624 ½ laup smør 1 bukkskinn for ein part på Nedre Himle og 10 merker smør for ein annan. Torgeir og Lasse var leiglendingar. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 1½ laup 1 spann med 1½ ort 6 skill. der Torgeir var brukar og på 1 laup var det 2 dalar 1 ort i skatt der Knut var brukar. Torgeir, Knut og Helge var brukarar 1629.

Halle Jørgenson Himle kunngjorde 1636 (DN XXIX s. 143) at han med samtykke av kona si hadde selt hennar odelsjord i Lote etter at han til fånyttes hadde lovbode jordgodset på Vossatinget til odelservingane. Halle, Knut, Jon og Lasse var leiglendingar i 1635 og Lasse og Halle i 1640. I 1648 var det fire leiglendingar: Knut Nilsson, g. m. Eli Endresdr. Tesdal, Lars Eirikson, g. m. Torbjørg, Halle Jørgenson, g. m. Brita, og Jon Andersson, g. m. Marta. Lasse hadde sonen Lars, Halle hadde sonen Mikkjel og Jon dotteri Helga. Lukris var huskone. Knut hadde tenestgjenta Anna.

Knut og Eli fekk borni: Nils, Kåre, Lars og Dønåt. Nils døydde fyre 1725 og hadde fire born: Knut Vivås, Odd Himle, Gudve, g. m. Svein Hovda, og Dønåt, g. m. Sone Himle. Odd og Sone vert umtala nedanfor. Kåre gifte seg med Marta Arnesdr. som døydde 1721, og Kåre døydde fyre 1725. Dei fekk fire born: Knut En, Lars f. 1667, Synneva, g. m. Olav, og Eli, g. m. Sjur En. Synneva og Olav hadde tri born: Guro f. 1690, Mål f. 1692 og Marta f. 1696. Dønåt var g. m. Jon Andersson Himle. Då Knut døydde, vart Eli gift att med Nils og fekk dotteri Synneva. Ho var gift og fekk tri born: Mål, g. m. Arne Sevestad i Nordhordland, Marta og Eli.

Folkvard Broderson har 1649 late noko av Øvre Himle til kongen ved makabyte. Knut var leiglending på det. Giskegodset åtte 1648 2 laup på Himle. Hannibal Sehested fekk 1648 kongeskøyte på 2 laup og 1649 på leidangen ½ laup 8 merker smør og 2 bukkskinn. Sehested åtte 1650 2 laup som Giskegodset hadde ått. På det var det 14 merker smør 1 bukkskinn i leidang, 2 dalar i skatt, ½ dalar fornødspengar, ½ dalar

--- side 250 ---

arbeidspengar og ½ dalar 16 skill. i avgift til eigaren. Enkja Torbjørg var leiglending på det. Hannibal skøytte dette jordgodset 1651 til kongen som selde det att 1657 til Gabriel Marselis.

Jon Andersson Himle selde 1652 med samtykke av kona si, Dønåt Knutsdr., på vegne av henne og hennar tri brorborn 2 pund på Himle til Eli Endresdr. Ho var vermor hans Jon. Dei tri brorborni heitte Nils, Kåre og Lars Knutssøner, alle umtala ovanfor. Skattemanntalet 1652 har ført upp desse eigarar: Brukaren Knut 1 laup 1 spann, Torgeir Rache 1 laup, F. Broderson 1 pund, Knut Sonve 1 pund og ei enkje 1 laup odelsgods som ho budde på. 2 laup 1 pund var klokkargard. Alle eigarar er nok ikkje komne med der. Same eigarane er førde upp ogso 1655 og dessutan desse: Vangskyrkja 30 mark, prestebolet ½ laup, Sylfest Elje 1 laup 9 mark, Ragne Olde 1 pund og Torgeir Helland 14 mark. Det var likeins 1659 med desse brigde: Sylfest Elje åtte då ½ laup, enkja var der ikkje, men i staden er komen Kåre som åtte 1 pund.

Kyrkjerekneskapen for 1654 melder at Vangskyrkja fekk landskyld av tri partar: 5 såld korn 1 laup smør av den eine, 1½ aske korn 9 merker smør av den andre og 1 såld korn og 1 pund smør av den tridje. Det var klokkaren som fekk desse landskyldene. Knut, Halldor og Jon var leiglendingar 1652, 1655, og ei enkje budde på 1 laup eige odelsgods. I 1657 var Nils, Kåre, Halldor og Øystein leiglendingar og i 1659 Knut, Halldor og Jon og dessutan Kåre som budde på 1 pund eige odelsgods. Jon var lagrettemann fleire gonger 1648-1657. Øystein, Sjur, Styrk og Håver var med 1663 og reiv stølshusi på Krossaset. Kåre hadde sagt seg samd i at det skulde gjerast. Frå 1661 er det skilt millom Nedre og Øvre Himle.

202. Nedre Himle.

Landkommisjonen har 1661 ført upp to tun, kalla tridje og fjorde tun. Skyldi var 3 laup, på tridje tun med to brukarar og 2 laup 1 spann på fjorde tun med ein brukar. Båe tuni var lunnalause er det sagt. I 1723 hadde båe tuni 2 laup 1 pund i skyld kvar. Der var vedaskog til eige bruk på tridje tun, men lite på det fjorde. Ikkje humlagard. Garden var tung-

--- side 251 ---

brukt, årvand og mindre god. Skyldi var 1777 5 laup 6 mark og 1838 5 laup som vart umskrivi til 12 dalar 3 ort 1 skill. Samanlikningstalet var 1140.

I matrikkelen 1865 er ført upp 38 mål åker, l1¼ mål dyrka eng, 44 mål god, 122 mål medels natureng og 83 mål skrapebø. 20 mål høvde til dyrking. Sumarhamni var medels, men vårhamni ring. Bruk 1 og 3 hadde turvande vedaskog, men på bruk 4 var det for lite. Litt timberskog hadde alle. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 34 mål åker, 48,5 mål kunsteng og 17 mål natureng.

Folketalet var 27 i 1801, 21 i 1865 og 30 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Himle.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3 29 29
1723 4 34 30 42
1865 4 35 84 100 60
1918 5 20 52

Tridje tun hadde etter manntali desse eigarar: I 1661 åtte bøndene 2 pund og Munkeliv 2 laup 1 pund som Hermann Garmann fekk kongeskøyte på i 1662. Klas Miltzow åtte 1680 2½ laup 14 mark som han 1677 hadde kjøpt av ervingane etter Garmann. Klas Miltzow åtte 1691 1 laup og brukarane 1½ laup. Knut Finne var 1695 eigar av 21/3 laup 4 mark og brukaren Nils 1 pund 20 mark. Iddevart Hansson åtte 1709 1 laup 2 pund 4 mark som Marcus Faye åtte 1714. Odd var då eigar av 5 mark og 1 laup 15 mark som han hadde bygsla burt. Til 18 mark hadde ikkje meldt seg eigar heiter det på tinget. I 1723 var eigarane: Marcus Faye av 1 laup 2 pund 4 mark, Vangskyrkja 18 mark og brukarane 1 laup 18 mark.

Fjorde tun hadde i 1661 eigarane: Vangskyrkja 18 mark, og Finnegodset 2 laup. Hans Akselson åtte 1691 og 1695 2 laup som Boye Raffndorffs myndling åtte 1714. Vangskyrkja åtte 1714 og 1723 18 mark. Hartvik Markusson skøytte 1720 1 laup til Werner Hosewinckel i Bergen. Werner Døstewinkel er 1723 skriven som eigar av 1 laup og brukarane 1 laup.

--- side 252 ---

Brukarane på Nedre Himle var 1661 Knut og Nils og Kåre Knutssøner. Nils og Kåre og Lars Gusskalkson budde der 1664. Nils, ei enkje og Lars var leiglendingar 1691, Nils og Lars 1695. I folketeljingi 1701 er skrivne som leiglendingar Lars Gusskalkson f. 1639 og Olav Asbjørnson, Lars hadde sonen Olav f. 1666, som døydde 1751. Olav Asbjørnson f. 1661, g. m. Ingebjørg Ivarsdr. var leiglending til 1729, då han kjøpte 1 laup av Hosewinckel i Bergen. Ingebjørg døydde 1739, 70½ år gl. og Olav 1748, 87 år gl. Dei hadde tri born: Knut, g. 1734 m. enkja Sisselja Gjukastein, Guro f. 1702, g. 1738 m. Bård Larsson Selheim f. 1717, og Ingebjørg f. 1709, g. 1740 m. Eirik Godvinson Himle. Olav Asbjørnson hadde ei ugift syster Anna og ein bror Torgeir. Ikring 1687 vart Torgeir utkommandert til Tøyhuset i Kjøbenhavn. I 1707 er umtala på Vossatinget at Torgeir då var død i Kjøbenhavn.

Bård Larsson fekk 1738 skøyte frå verfaren på 1 laup. Han døydde 1744 og hadde sonen Lars f. 1741. Ved skifte etter Bård var jordgodset taksta 90 rd. Guro, enkja hans, vart attgift 1745 m. Svein Brynjulvson Dukstad f. 1719. Ho døydde 1777 og Svein 1790. Ved skifte etter Guro åtte dei 1 laup i Dukstad og ½ laup i Himle. Lars Bårdson fekk 1744 ½ laup på skifte etter faren og gifte seg 1761 m. Ingebjørg Ivarsdr. Skjerpe. I 1760 kjøpte han saman med fleire løysningsretten til 2 laup for 42 rd. Lars døydde 1767 og hadde tri born: Bård f. 1762, Ragnhild f. 1764, g. 1789 m. Gudleik Person og Lars f. 1768. Ingebjørg vart attgift 1769 m. Velom Larsson Ullestad. Ingebjørg døydde 1772, 42 år gl. Ved skifte etter henne åtte dei 18 mark. Velom vart g. 2. 1773 m. Anna, Brynjulvsdr. Øvre Kyte og 3. 1776 m. Ingebjørg Larsdr. Gjøastein. Med Anna fekk Velom dotteri Ingebjørg f. 1774.

Bård Larsson f. 1762 fekk skøyte 1774, 1777 og 1783 på tilsaman 2 laup og bytte 1783 med Steffa Knutson uti 1 laup på Øvre Skutle. Han kjøpte 1792 av Eirik Godvinson odelsretten til 1 laup. Steffa døydde ugift 1799 og Kari Davidsdr. Ringheim fekk jordgodset etter Steffa. Ho vart g. 1799 m. Knut Nilsson Sonve. Sjå vidare bruk 1.

Godvin Jørgenson Nedre Skutle kjøpte 1716 1 laup. Han var g. 1. m. Rannveig Endresdr., 2. 1729 m. Brita Andersdr. Øvre Skutle og fekk med Rannveig fire born: Eirik f. 1715, Nils f. 1717, g. 1747 m. Marta Knutsdr. Rekve, Torilda f. 1719,

--- side 253 ---

g. 1. 1767 m. ekm. Jakob Knutson Rjodo, 2. 1773 m. Eirik Eilivson Luren og Åmund f. 1722, g. 1753 m. Lisbet Åmundsdr. Godvin, døydde 1740, 50½ år gl. Eirik bygsla 1738 1 laup 12 mark av v. d. Lippe og fekk 1740 skøyte frå stykmori på 1 laup. Eirik vart g. 1740 m. Ingjerd Olavsdr. Himle og fekk borni: Rannveig f. 1742, g. 1769 m. Kolbein Brynjulvson Kyte, Godvin f. 1745, Ingebjørg f. 1748, g. 1783 m. Torgeir Henrikson Luren og Olav f. 1752, g. 1790 m. Ingebjørg Larsdr. Dymbe.


Bilete 30. Himle set frå Dymbe. Fot. P. Braaten 1937.
Bilete 30. Himle set frå Dymbe. Fot. P. Braaten 1937.

Godvin Eirikson fekk 1773 skøyte frå far sin på 1 laup og vart 1772 g. m. Anna Nilsdr. Jerald. Dei fekk fem born: Ingebjørg f. 1772, g. 1808 m. Knut Olavson Auro, Eirik f. 1774 g. 1809 m. Ingjerd Aslaksdr. Jernes, Nils f. 1777, g. 1812 m. Mari Nilsdr. Himle, Magli f. 1779, Olav f. 1783, g. 1822 m. Marta Hallesdr. Kinne. Han var husmann på Jeraldstveiti. Eirik fekk 1 laup etter foreldri sine og selde 1792 odelsretten til 1 laup til Steffa Knutson, umtala ovanfor. Eirik døydde 1826 og Ingjerd 1842, 60 år gl. og hadde fem born: Anna d. e. f. 1811, død ugift 1879, Marta f. 1812, g. 1. 1835 m. Ingebrikt

--- side 254 ---

Olavson Herre, 2. 1842 m. Olav Andersson Graudo, Gjerde, Anna, d. y. f. 1820, g. 1847 m. Hermund Nilsson Evanger, Gudve f. 1822, g. 1856 m. Mons Knutson Fenno og Brita f. 1824, g. 1849 m. Nils Knutson Fenno.

Sone Oddson, nemnd ovanfor, kjøpte 1709 1 laup. Han var g. m. Dønåt Nilsdr. og fekk sonen Nils f. 1712. Han fekk 1734 og 1738 skøyte frå mor si på tilsaman 1 laup og kjøpte 1734 odelsretten til det av Knut Vivås og Mons Kvarakvål. Sone døydde 1734, 51 år gl. Nils vart g. 1740 m. Arngunna Sjursdr. Gjelle og døydde 1779, 672/3 år gl. Arngunna døydde 1801, 91 år gl. Dei hadde ikkje born. Argunna selde 1780 ½ laup til Odd Tormodson Himle, umtala nedanfor.

Odd Nilsson f. 1671, nemnd ovanfor, var g. 1. m. Anna Larsdr. Glymme, 2. 1731 m. Rannveig Persdr. Øvre Lid. Odd kjøpte 1735 2 pund 14 mark på Øvre Himle av sokneprest Marcus Faye og 12 mark på Øvre Himle av Gudve Nilsdr. Hovda, Anders Dymbe og Torstein Helland. Odd døydde 1752 og hadde fem born med Anna og fire med Rannveig: Tormod f. 1709, Guri f. 1713, g. 1744 etter kongelegt løyve med syskinbarnet sitt Knut Person Glymme, Anders f. 1717, g. 1745 m. Ingebjørg Larsdr. Vestrheim, husmann i Svelgane, Ingjerd, g. 1727 m. Torgeir Trondson Olde, Ragnhild f. 1726, Anna f. 1732, g. 1764 m. ekm. Gudbrand Sjurson Himle, Per f. 1734, g. 1762 m. Kari Gudleiksdr. Møn, Kari f. 1737 og Gudve g. 1780 m. Sjur Bårdson Øyaflåten.

Tormod Oddson, g. 1740 m. Arngunna Larsdr. Rue f. 1715, fekk 1739 skøyte frå far sin på 1 laup 2 mark på Øvre Himle. Dei fekk sonen Odd f. 1746. Tormod døydde 1786 og Arngunna 1789. Odd fekk 1773 skøyte frå far sin på 1 laup, 1780 skøyte på ½ laup på Nedre Himle frå enkja Arngunna Sjursdr. og kjøpte 1781 ½ laup i Nedre Himle av ervingane etter Nils Soneson. Framhald bruk 3.

Lars Jakobson kjøpte 1734 2 pund 14 mark av sokneprest Marcus Faye. Lars var g. 1. m. Åsa Torgilsdr., 2. 1767 m. enkja Dønåt Nilsdr. Helland, som døydde 1811. Lars døydde 1783 og hadde med Åsa borni Torgeir, Ingjerd f. 1726, g. 1767 m. Anders Knutson Ygre og Marta f. 1731, g. 1768 m. Knut Oddson Tøn. Lars har 1762 late sine 2 pund 14 mark til Torgeir, men har fått det attende og skøytte det 1770 til versonen Anders. Han fekk med Ingjerd dotteri Åsa, g. 1795 m. Eirik Klasson

--- side 255 ---

Tesdal og Knut f. 1771. Eirik fekk 1794 skøyte frå verfaren på 2 pund 14 mark og på 10 mark frå Odd Tormodson Himle og Mons Ivarson Kvarakvål. Sjå vidare bruk 4.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nedre Himle. Knut Nilsson Sonve fekk som ovanfor umtala bruk 1 med kona si, Kari Davidsdr. Ho døydde 1844 og Knut 1852. Dei hadde seks born: Nils f. 1803, Steffa f. 1807, g. 1832 m. Anna Torsteinsdr. Herre (Amerika), David f. 1811, g. 1838 m. Karen Isaksdr. Nyre, Gudve f. 1816, g. 1842 m. Åmund Erlingson Himle, Anders f. 1821 (Amerika), Marta f. 1824. Nils fekk 1823 farsgarden og gifte seg 1827 m. Anna Larsdr. Tveito. Han selde 1850 garden til Ivar Jakobson Vedå for 1000 spd. og reiste til Amerika. Ivar hadde sonen Jakob som var g. m. Maria Johannesdr. og fekk på Himle tri born: Marta f. 1852, Ivar f. 1855 og Johannes f. 1857.

Nils og Anders Steffasøner Sonve kjøpte 1856 garden for 1850 spd. og selde att 1857 til Olav Larsson Skjelde for 2300 spd. Han var f. 1827, g. 1. 1856 m. Anna Torsteinsdr. Dagestad f. 1835, 2. 1878 m. Brita Nilsdr. Gjelland f. 1854. Olav døydde 1889 og Brita 1914. På skifte etter Anna 1878 var garden taksta 8000 kronor. Bruttomidelen var 10399 kronor. Olav fekk to born med Anna og seks med Brita: Anna, f. 1862, g. m. Knut Bjarneson Herre, Guro f. 1867, g. m. Knut Andersson Tøn, Lars f. 1879, Anna f. 1880, g. m. Jon Andersson Overland, Olav f. 1882, Nils f. 1884, Marta f. 1886 og Ingjerd f. 1888. I 1889 vart fråskilt bruk 2. Lars fekk 1915 bruk 1 på skifte etter foreldri for 6000 kronor og gifte seg med Ragnhild Sveinsdr. Helland.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 204, lnr. 399 med gamal skyld 2 laup, urevidert 5 dalar 5 skill., revidert 4 dalar 3 ort 13 skill. Ny skyld mark 6,86 eller mark 3,30 etter at bruk 2 var fråskilt.

Bruk 2. Nedre Himle. Utskilt frå bruk 1 med skyld mark 3,56. Knut B. Herre fekk 1889 skøyte frå verfaren på dette bruk for 5600 kronor. Knut var god til å arbeida i tre, og flink ljåsmed. Knut døydde 1923 og Anna 1926 og hadde borni: Ragnhild f. 1885, Bjarne f. 1886, Olav f.1888, Torstein f. 1890,
g. m. Ingebjørg Eiriksdr. Olde, sjå bruk 2 Olde. Johannes f. 1893, g. 1919 m. Anna Persdr. Jerald, gardmann på Jerald,

--- side 256 ---

Odd f. 1896, g. m. Anna Larsdr. Takla. Odd har elektrisk forretning på Vangen. Bjarne er g. m. Anna Olavsdr. Borlaug og fekk 1920 farsgarden for 4000 kronor.

Bruk 3. Nedre Himle. Odd Tormodson fekk som fyrr umtala bruk 3. Han var f. 1746 og g. 1773 m. Inga Nilsdr. Gjelland. Dei fekk sju born: Marta f. 1774, g. 1801 til Herre m. Torstein Bjarneson, Nils f. 1775, Tormod f. 1782, g. 1828 m. Gudve Bjarnesdr. Herre, gardmann på Vetla Grovu, tvillingane Knut og Anna f. 1786 (Knut var g. 1833 m. Sigrid Larsdr. Gjerdskvål og Anna g. 1813 m. Johannes Åmundson Øvre Himle), Arngunna g. 1. 1834 m. ekm. Viking Nilsson Kvåle, Rd., 2. 1858 m. ekm. Knut Erlingson Kvitno, og Ingjerd f. 1791, g. 1819 m. Lars Olavson Dymbe. Odd og Inga døydde båe 1834, ho 84 år og han 88 år gl.

Nils Oddson, g. 1804 m. Brita Bjarnesdr. Herre fekk 1803 og 1821 skøyte frå far sin på garden. Ho døydde 1831 og han 1849 og hadde to born Odd f. 1805 og Bjarne f. 1810 (Amerika). Som ung skreid Bjarne ein gong utover berget ved Himlesfossen og kom vel ifrå det. Odd vart g. 1832 m. Brita Johannesdr. Nyre og fekk 1833 farsgarden. Odd selde att 1852 til Hermund Nilsson Evanger for 1300 spd. og reiste til Amerika. Odd var ein ferm kar og ein av beste hallingdansarane på Voss. Stundom la han livbelte sitt samanspent på marki, stod i det med båe føtene, gjorde hallingkast inntil 4 alner høgt og kom ståande att i livbeltet. Hermund var som ovanfor umtala g. m. Anna Eiriksdr. Himle f. 1820 og hadde huseigedom på Evanger der han dreiv handel fyrr han kom til Himle. Hermund døydde 1860, 46 år gl. og Anna, 1904. På skifte etter Hermund var garden verdsett 1700 spd. Bruttomidelen var 7117 spd. Dei hadde seks born: Eirik f. 1849, Brita f. 1851, g. m. Olav Olavson Litsheim, Tvilde, Nils f. 1853, g. m. Marta A. Vete (Amerika), Ivar f. 1855, g. m. Anna Olavsdr. Tvilde, Ingjerd f. 1858, g. m. Lars Olavson Tvilde, og Hermund f. 1860, g. m. Brita Eiriksdr. Bø, gardmann på Bø, Tjukkeb. Ivar er handelsmann på Vangen, sjå bruk 17 av Prestegarden.

Eirik fekk 1878 garden for 3200 kronor og gifte seg med Anna Torsteinsdr. Rjodo. Ho døydde 1899 og han 1908 og hadde to born: Anna, f. 1877, g. m. Eirik Endreson Jerald og Ingebjørg f. 1887. Eirik fekk 1905 garden for 3200 kronor og selde att 1916 for 10750 kronor til Knut Sjurson Flatlands-
Himle.

--- side 257 ---

moen. Han er g. m. Ragnhild Torsteinsdr. Loven frå Aurland og er arbeidsformann ved telegrafstellet.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 204, lnr. 400 med gamal skyld 2 laup, urevidert 5 dalar 5 skill., revidert 4 dalar 3 ort 13 skill. Ny skyld mark 6,86.

Bruk 4. Nedre Himle. Eirik Klasson Tesdal fekk som fyrr umtala bruk 4 med Åsa, kona si. Han var skulemeister i krinsen Bryn til Skylje i 10 år, gjorde stundom teneste som kyrkjesongar og var konstituert lensmann 1801 og 1802. Når han styrde kyrkjesongen, høyrdest han over heile kyrkjelyden. Stod kordøri opi, høyrdest omen av songen hans heilt til Rokne, er det fortalt. Sers gode talegåvor hadde han og var mykje brukt som kjømeister i brudlaup og talsmann i likferder. Eirik og Åsa fekk tri born: Ingjerd f. 1794, g. 1826 m. Arnbjørn Olavson Himle som budde i Himleshagen, Klas f. 1799, g. 1827 m. Gjertrud Styrksdr. Midtun (Amerika), og Anders f. 1804, g. 1. 1828 m. Synneva Rognaldsdr. Glymme f. 1808, 2. 1853 m. enkja Marta Aslaksdr. Himle. Åsa døydde 1838, 70 år gl. og Eirik 1846, 78 år gl.

Torleiv Davidson Øydvin frå Ulvik kjøpte 1850 garden for 600 spd., men selde att 1854 for same pris til ovanfor nemnde Anders Eirikson. Han var ein høg, ferm kar, best kjend under namnet Stor-Anders. Anders hadde eit kraftigt mål, var ordhittig og snakka ofte på rim, var ofte kjømeister i brudlaup og hadde lett for å få liv i laget. Ei tid dreiv han litt handel saman med Botolv Himle. Med Synneva fekk han sonen Eirik f. 1830, g. m. Eli Arnfinnsdr. Græe, som reiste til Amerika. Anders døydde 1881 og Marta 1889.

Olav Knutson Opeland fekk 1881 garden for 2800 kronor. Han var f. 1849, g. 1874 m. Ingebjørg Johannesdr. Himle f. 1847, som døydde 1925. Olav døydde 1937. Han har vore med i skulestyret, heradsstyret og styret for Voss Sagbruksinteressentskap. Olav selde 1901 garden til Nikolai Olavson Rognebakke for 3200 kronor. Han er f. 1880 og g. m. Margreta Andersdr. Rokne f. 1871.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 204, lnr. 401 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 2 ort 15 skill., revidert 2 dalar 2 ort. Ny skyld mark 3,50.

Bruk 5. Fossheim. Utskilt 1913 frå bruk 3 med 16 øre i skyld. Eirik Jerald selde det 1923 til Johannes Olavson Olde.

Bruk 6. Fossheim. Skilt ut frå bruk 3 i 1918. Eirik Jerald er eigar.

--- side 258 ---

203. Øvre Himle.

Landkommisjonen har 1661 skrive upp to tun, fyrste tun som hadde 2½ laup i skyld og andre tunet med 2 laup 1 pund i skyld. Der var ein brukar på kvart tun. Elles er berre sagt at fyrste tun var lunnalaust. Skyldi var 1723 for båe tuni tilsaman 5 laup 1 pund 18 mark, i 1777 og 1838 5 laup 6 mark som 1838 vart umskrive til 11 dalar 2 ort 23 skill. I 1723 er um Øvre Himle elles sagt det same som um Nedre Himle. Samanlikningstalet var 1750 i 1838.

I matrikkelen 1865 er ført upp 432/3 mål åker, 13¼ mål dyrka eng, 40 ½ mål god, 89 mål medels natureng og 98 mål skrapebø. 10 mål høvde til dyrking. Hamnegangen var ring. Bruk 2 hadde for lite vedaskog, men dei andre hadde til eige bruk. Bruk 1, 3 og 4 hadde litt timber. Bruk 2 var tungbrukt, men dei andre var lettbrukte. Bruk 1 var dyrka betre enn vanleg, og dei andre som vanleg. I 1918 var der 45,5 mål åker, 72 mål kunsteng og 13 mål natureng.
Der budde 31 menneske i 1801, 36 i 1865 og 35 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Himle.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 18 16
1723 4 36 39 40
1865 4 34 83 96 ½ 77
1918 7 32 58

Fødnaden på bruket åt klokkaren er ikkje ført upp i 1657. Vangskyrkja er skrivi som eigar i manntali 1661 til 1723 av fyrste tun. Klokkaren hadde innkoma av alt som kyrkja åtte på Øvre Himle. Eigarane av andre tunet var i 1661 Vangskyrkja 1 pund, Vangens prestebol ½ laup, presten 1 laup 28 mark og bønder 20 mark. Soknepresten til Nykyrkja, Otto Hansson er 1676 og 1680 skriven som eigar av 1 laup. 1 1691 og 1695 åtte prestebolet ½ laup, Fatighuset ½ laup og Otto Schrøder 1 laup 27 mark i 1691 og 1 laup 6 mark i 1695. Eigarane i 1714 var: Fatighuset 18 mark, prestebolet ½ laup, Vangskyrkja 30 mark og Hans Otteson Schrøder 1 laup 1 pund.

--- side 259 ---

Det var likeins 1723 med det brigde, at i staden for Schrøder åtte brukarane 1 laup 12 mark.

Brukarane på Øvre Himle var 1661 og 1664 Øystein Endreson og klokkaren. Sjur, Jørgen og Mattis var leiglendingar 1691 og Sjur og Mattis 1695. Folketeljingi 1701 har ført upp fire leiglendingar: Nils Knutson f. 1635, enkja Marta Arnesdr., Sjur Hermundson f. 1654 og Nils Andersson f. 1656. Nils Knutson hadde sonen Odd f. 1671, som er umtala på Nedre


Bilete 31. Himle. Fot. P. Braaten 1937.
Bilete 31. Himle. Fot. P. Braaten 1937.

Himle. Marta Arnesdr. var enkja etter Kåre. Sjur Hermundson er skriven som leiglending ogso 1715 og døydde 1733, 80 år gl. Han hadde borni Guri, g. 1716 m. Nils Sjurson Dymbe, Jon f. 1688 og Torstein f. 1699.

Nils Sjurson vart leiglending etter verforeldri og kjøpte 1727 1 laup 1 pund av enkja etter Christen Weinwich for 200 rd. Nils døydde 1762, 78½ år gl. og Guri 1768, 75½ år gl. Dei hadde sju born: Lars, Sjur Graudo, Odd Øvre Kvitno, Ragnhild, g. 1739 m. ekm. Sjur Rong, Anna f. 1721, død 1795, Brita
g. 1747 m. Styrk Gitleson Mala, Rannveig g. 1749 m. Lars Olavson Ronve, Dymbe. Ved skifte etter Nils var jordgodset

--- side 260 ---

taksta 160 rd. Lars gifte seg 1758 m. Brita Knutsdr. Øvre Skutle. Han fekk same år skøyte frå far sin på 2 pund og 1768 på 2 pund frå ervingane etter mori, tilsaman 1 laup 1 pund. Brita døydde 1777, 43 år gl. og Lars 1804, 79 år gl. Dei hadde tri born: Kari f. 1763, g. 1781 m. Lars Knutson Takla, husmann på Himle, Knut f. 1768 og Nils f. 1771. Ved skifte etter Brita er sagt at dei åtte jordgods for 450 rd. Knut fekk 1790 skøyte frå far sin på 2 pund og odelsretten til 4 pund, men let 1798 odelsretten for 2 pund til Nils, bror sin. Knut var g. m. Sigvor Jonsdr. Sjå vidare lnr. 403. Nils Larsson fekk 1798 skøyte frå far sin på 2 pund. Framhald bruk 1.

Nils Andersson, f. 1656, g. m. Torbjørg Mikkjelsdr., er skriven som leiglending i folketeljingi 1701 og var det til han døydde 1718. Dei fekk borni: Anders, Odd, død ugift 1719, Sone f. 1696, g. 1731 m. Ingebjørg Eiriksdr. Tøn, og Lars f. 1702, g. 1730 m. Dorta Sjursdr. Hemre. Ho Torbjørg vart attgift 1719 m. Gudleik Larsson Tverberg. Han var leiglending 1723 og fekk 1726 nytt festebrev frå Carsten Horsenius på 1 laup 12 mark. I 1734 fekk han atter festesetel på 1 laup 12 mark frå Jean v. d. Lippe. Gudleik døydde 1748, 72 år gl. og Torbjørg 1756, 79 år gl. utan etterkomarar.

Anders Nilsson var g. 1717 m. Kristi Larsdr. Øvre Vinjo. Han var leiglending 1723 på klokkargarden, fekk 1726 nytt festebrev og 1735 festebrev frå Jean v. d. Lippe på 1 laup 12 mark. Anders døydde 1740, 52½ år gl. og hadde tri born: Anna f. 1719, g. 1743 m. ekm. Lars Litlere, Brita f. 1725, g. 1750 m. Nils Jonson Mølster og Ingebjørg f. 1727. Ho Kristi vart attgift 1741 m. Jon Larsson Hemre og døydde 1744, 51 år gl. Jon var leiglending etter Anders. Dei fekk ikkje born. Jon gifte seg att 1745 m. Kristi Josefsdr. Graudo og døydde 1746, 41 år gl. Kristi gifte seg andre gongen 1746 m. Gudbrand Sjurson Urdland og døydde 1763, 60 år gl., barnlaus. Gudbrand var leiglending etter Jon og vart attgift 1764 m. Anna Oddsdr. Himle, som døydde 1765, 33½ år gl. og hadde same år fått sonen Sjur.

Gudbrand gifte seg tridje gong 1767 m. Ragnhild Larsdr. Litlere. Dei fekk fire born: Anna f. 1768, g. 1789 m. Nils Erlingson Gjelland, Kristi f. 1770, g. 1796 m. Lars Larsson Litlere, Lars f. 1775. Gudbrand hadde og ei dotter som var g. m. Trond Monsson Langaseter. På Vossatinget 1767 er upplyst at Trond

--- side 261 ---

utan løyve hadde reist ut or landet. Der vart då dømt at for di Trond hadde gløymt sin truskapseid til kongen og fedrelandet og rymt or landet, skulde namnet hans verta uppslege på galgen. Trond skulde og missa all sin arv og den skulde gå til kongskassa. Gudbrand døydde 1798, 88 år gl. og Ragnhild 1804, 59½ år gl. Nils Erlingson var leiglending etter Gudbrand. Sjå vidare bruk 4.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvre Himle. Nils Larsson fekk 1798 som fyrr umtala 2 pund i bruk 1, og fekk 1807 skøyte frå Lars Knutson på 1½ mark i Himleshagen. Vangskyrkja åtte 15 mark landskyld i bruk 1, Vangens Fatighus 9 mark og Vangens prestebord 18 mark. Nils var f. 1771, g. 1801 m. Brita Knutsdr. Dolve. Ho døydde 1839, 67 år gl. og Nils 1850. Fem born: Knut f. 1802, g. 1831 m. Marjo Kjelsdr. Helleve, Brita f. 1804, g. 1844 m. Botolv Arnfinnson Græe, Lars f. 1807, g. 1834 m. Kari Eilivsdr. Rjodo, Gudve f. 1810, g. 1846 m. Steffa Arnfinnson Græe og Odd f. 1813, g. 1837 m. Ragnhild Eiriksdr. Dymbe, husmann. Lars var ein kjempekar.

Knut Nilsson fekk 1833 garden og selde han att 1842 til systeri Brita og Botolv, mannen hennar, for 550 spd. Knut var ikkje høg av vekst, men uvanleg armsterk og ei kjempe av rette slaget. Han brukte aldri handyvle, men slo motmannen i svime med neven. Det var ikkje noko meisterstykke å bruka handyvle, hermer dei etter han. Meir enn ein gong slost han med Grimastadane. I Skaondalshorjæ er ei to, Vaokatonæ, uppkalla etter han. Det var vanskeleg å koma i den toi, for det er stupbratt fjell både ovanfor og nedanfor. Der slo Knut um sumrane. Kona var og med. Vogga åt barnet hengde dei i ei bjørk. Då det var nervefeber på Helleve, reiste ho Marjo dertil for å få sjukdomen. Ho fekk han og døydde 1842, 35 år gl. Knut døydde 1882. Seks born: Brita, Nils, Kjel, Anna, Knut, Lars f. 1831-1842. Dei fleste reiste til Amerika.

Botolv og Brita selde garden 1846 til Nils Knutson for 650 spd. Han var f. 1803, g. 1827 m. Anna Larsdr. Tveito og fekk borni Anna, Knut, Lars, Anders og Olav f. 1829-1841. Nils reiste med huslyden til Amerika og selde garden til Botolv att for 600 spd. Han selde so 1865 til Aslak Johannesson Himle for 854 spd. Botolv hadde uvanleg godt minne. Når han

--- side 262 ---

i ungdomen kom heim att or kyrkja kunde han lesa upp att ord til anna heile preiki. Sers givnad hadde han til å etterlikna folk i tale og åtferd og skapte mykje moro i lag og samver elles. Ei tid dreiv han litt handel saman med Stor-Anders.

Aslak Johannesson var f. 1829 og g. 1852 m. Magli Gudleiksdr. Tillung f. 1826. Han hadde 1852 fått skøyte frå far sin på lnr. 403, og det vart 1865 ført saman med bruk 1. Aslak var flink smed, arbeidde alt som han trong og mykje til sal, serleg plogar og ymse ting elles til gardsbruk. Skog kjøpte han på roti og dreiv fram til sal. Han var ofte med på utskiftingar og skyn. Magli døydde 1906 og Aslak 1916. Sju born: Johannes f. 1852, Gudleik f. 1854, g. m. Taletta Tomasdr. Sigmundstad, Marta f. 1856, g. m. Halle Knutson Gjelle, Kristi f. 1859, g. m. Ivar Solheim, Naustdal, Ingebjørg f. 1861, g. m. Sjur Bjarneson Rong, Anna f. 1864, død ugift 1926 og Kristi f. 1867. Gudleik har gard på Fiska, Ryfylke og driv med smedarbeid og mekanisk arbeid.

Johannes gifte seg 1879 m. Guri Bjarnesdr. Rong og hadde farsgarden. Johannes var god til å arbeida både i tre og jarn og var med i fatig- og skulestyret. På sine gamle dagar vitja han slektningar og kjenningar i Amerika. Johannes og Guri døydde båe 1922 og hadde tri born: Malina f. 1880, g. m. Johannes Olavson Olde, Anna f. 1885 og Aslak f. 1888, g. 1917 m. Brita Endresdr. Vivelid frå Eidfjord. Alt frå Aslak var liten gut har han havt sers hug til å teikna og har øvt seg med det når han hadde tid. Ikring 17 år gåmål byrja han å teikna portrett etter levande modell. I 1920-åri tok han til å måla og modellera når han hadde fristunder frå gardsarbeidet. Han har måla mange bilete av folk, hus, gardar og landskap og modellert fleire bystor etter levande modell. Aslak har ikkje fått nokor upplæring. Arbeidi hans syner sers god kunstgivnad.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 205, lnr. 402 med gamal skyld 1 laup 1 pund 413/20 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 19 skill., revidert 2 dalar 4 ort 11 skill. Ny skyld mark 4,21 eller mark 8,76 etter at lnr. 403 er ført saman med bruk 1.

Bruk 2. Himleshagen. Utskilt 1836 frå bruk 1 med skyld 78 øre. Det var fyrr husmannsplass. Nils Larsson selde bruket til Odd, son sin, for 200 spd. Han selde att 1849 til Steffa Arnfinnson Græe og var sidan husmann. Steffa selde 1851 til Odd Nilsson Kvitno og var sidan husmann på Græe. Arnbjørn Olavson Himle kjøpte bruket 1851 for 320 spd. og selde att

--- side 263 ---

1856 til Tomas Helgeson for 340 spd. Han var f. 1827 i Granvin, g. 1853 m. Anna Nilsdr. Dymbe og fekk borni: Nils f. 1853 og Brita f. 1855, g. 1.1882 m. Gudleik Brynjulvson Vete f. 1811, kårmann på Olde, 2. 1900 m. ekm. Eirik Isakson Stamstad. Ho Brita fekk bruket for 2300 kronor. Eirik selde bruket 1910 til Kjel Larsson Hyrt for 4450 kronor og kjøpte bruk 7 Saratun i Haugamoen og bruk 14 på Bryn. Kjel er g. m. Monsina Arnfinnsdr. Nummedal frå Sogn. Deira son Ivar fekk 1936 bruket.

Mtrnr. 205, lnr. 403. Øvre Himle. Knut Larsson, g. m. Sigvor Jonsdr. fekk 1790 som ovanfor umtala skøyte på 2 pund. Vangskyrkja åtte av landskyldi 15 mark, Vangens Fatighus 9 mark og Vangens prestebord 18 mark. Lars Nilsson, far hans Knut, selde 1803 1½ mark i Himleshagen til Olav Hansson Legreid. Han var g. m. Guri Larsdr. Himle og båe døydde 1806 barnlause. Lars Knutson kjøpte det 1806 på auksjon og selde att 1807 til Nils Larsson. Knut Larsson og Sigvor fekk borni Brita f. 1798, Lars f. 1801 og Knut, og selde lnr. 403 til Åmund Johannesson.

Åmund var g. m. Torbjørg Larsdr. Fenno, var fyrst husmann i Moatråæ på Mo'o, kjøpte 1793 Lae og bytte 1803 uti garden på Øvre Himle. Frå 1782 var Åmund bataljonstambur ved Bergenhusiske Skarpskytterbataljon og fekk 1810 etter søknad avskil med 20 rd. i årleg pensjon. I vitnemålet som Åmund då fekk frå bataljonssjefen er m. a. sagt at Åmund var "av midels statur", hadde svart hår, blå augo, var breidaksla og "tyk af ben". Åmund var god smed og snikkar, arbeidde mykje klædeskistor og var sers ordhittig. Han døydde 1823, 62 år gl. og Torbjørg 1824, 57 år gl. Dei hadde sju born: Ragna f. 1787, g. 1817 m. Erling Nilsson Øvre Himle, Johannes f. 1791, Lars f. 1795, g. 1845 m. Ingebjørg Knutsdr. Vinsand (Amerika), David f. 1799, g. 1836 m. Guro Knutsdr. Bokkatun, Sjur f. 1804, g. 1832 m. Ragnhild Gusskalksdr. Rokne (Amerika), Ivar f. 1807, død ugift 1843, og Ragnhild f. 1811, g. 1835 m. Arnbjørn Rognaldson Finnesteigen.

Johannes Åmundson var g. 1. 1813 m. Anna, Oddsdr. Nedre Himle, 2. 1825 m. Marta Aslaksdr. Flatekvål f. 1805 og fekk 1820 skøyte på farsgarden. Johannes var liksom faren ordhittig og kunnande med arbeid både i tre og jarn. Johannes døydde 1852, og Marta gifte seg att 1853 med Anders Eirikson

--- side 264 ---

Himle, sjå bruk 4 Nedre Himle. Johannes hadde tri born med Anna og fem med Marta: Åmund f. 1814, død 1843 ugift, Odd f. 1816, g. 1845 m. Mari Larsdr. Gjerme, Brita f. 1819, g. 1840 m. Knut Rognaldson Glymme, Aslak f. 1829, Lars f. 1834, g. m. Marta Rekve (Amerika), Anders f. 1836 (Amerika), Anna f. 1845, g. m. Torbjørn Monsson Litlere og Ingebjørg f. 1847, g. m. Olav Knutson Opeland, Himle. Odd reiste til Amerika. Då han ein gong vitja fødebygdi, arbeidde han ei dryftemaskina etter amerikansk system, den fyrste på Voss. Seinare er slike komne i vanlegt bruk på Voss. Odd lærde og folk til å bruka skoplugg. Fyrr var brukt reim til å festa skosolane med. Torbjørn og Anna hadde gard og landhandleri i Naustdal, Sunnfjord. Deira son var den kjende Mons Litlere som hadde bokhandel i Bergen. Aslak fekk 1852 garden som vart ført saman med bruk 1, der det held fram um Aslak.

Mtrnr. 205, lnr. 403 hadde gamal skyld 1 laup 1 pund 17/20 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 3 dalar 15 skill. Ny skyld mark 4,55.

Bruk 3. Øvre Himle. Vangskyrkja åtte heile bruket. Knut Andersson, g. m. Ragnhild Larsdr. var leiglending frå ikring 1770. Ho døydde 1804, 59½ år gl., Knut 1810, 70 år gl. og hadde tri born: Anders f. 1778, g. 1824 m. Kirsti Styrksdr. Jernes, Marta f. 1781, g. 1825 m. ekm. Lars Karlson Bulko og Guro f. 1786, g. 1822 m. Torstein Johannesson Rogne. Anders var leiglending til ikring 1825 og fekk 1824 sonen Knut. Kirsti døydde 1876, 68 år gl. Arnbjørn Olavson Dymbe bygsla 1826 garden og gifte seg same år med Ingjerd Eiriksdr. Himle. Dei fekk borni Olav f. 1827 og Eirik f. 1832. Ingjerd døydde 1855, 60 år gl. og Arnbjørn 1863, 73 år gl.

Anders Person Ronve kjøpte 1864 garden for 900 spd. Han døydde 1876, 66 år gl. og hadde dotteri Sigvor f. 1836 og sonen Per f. 1849, død ugift 1875. Sigvor vart g. 1876 med Lars som var f. 1841 på Fenno, son til Olav Rasmusson Himle. Lars og Sigvor fekk garden hjå far hennar. Sigvor døydde 1879 og Lars gifte seg att 1881 m. Guro Oddsdr. Kvitno. Han dreiv noko med krøterhandel og døydde 1904. Deira son Olav fekk 1905 garden for 4900 kronor. Han er f. 1882 og g. m. Guro Steffadr. Rokne.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 205, lnr. 404 med gamal skyld 1 laup 12 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 1 ort 18 skill. Ny skyld mark 3,42.

--- side 265 ---

Bruk 4. Øvre Himle. Nils Erlingson, g. m. Anna, Gudbrandsdr. var som fyrr nemnt leiglending på bruk 4. Det er fortalt at Nils var son åt Erling Bjarneson Mølster og at Erling reiste til Gudbrandsdalen. Nils kom 12 år gl. til Voss, og farbroren Nils Bjarneson Gjelland tok Nils til seg og ol han upp. Nils var gløgg og ein meister til å smida. Sonen Erling var og god smed og likeins sønene hans. Anna døydde 1843, 76 år gl. og Nils 1844, 82 år gl. Dei fekk åtte born: Mari f. 1790, g. 1812 m. Nils Godvinson, Erling f. 1793, Ragnhild f. 1796, g. 1837 m. Klas Sveinson Jerald, Ingebjørg f. 1798, g. 1851 m. Knut Eilivson Opeland, Anders f. 1801, g. 1832 m. Marta Knutsdr. Bjørgo, Lars f. 1803, g. 1834 m. Kari Eilivsdr. Rjodo, Gudbrand f. 1807, g. 1842 m. Ingebjørg Endresdr. Jerald og Brita f. 1809, død 1830. Erling vart g. 1817 m. Ragna Åmundsdr. Himle og bygsla 1826 bruk 4. Ragna døydde 1842 og Erling 1843, 49 år gl. Dei hadde fire born: Åmund f. 1820, g. 1842 m. Gudve Knutsdr. Himle, Nils f. 1823, g. 1843 m. Eli Isaksdr. Nyre, Ivar f. 1827 og Lars f. 1831, alle i Amerika.

Olav Rasmusson Vassenden bygsla 1845 garden. Han var f. 1799 og g. 1839 m. Guri Sjursdr. Ukvitno. Dei hadde fire born: Olav f. 1841, umtala på bruk 3, Anna f. 1846, g. 1870 m. Hermann Nilsson Vele, Ragnhild 1 1848 og Olav d. y. f. 1855, g. 1883 m. Brita Olavsdr. Olde. Olav Rasmusson døydde 1881 og Guri 1878, 69 år gl. Anders Sjurson Hornve kjøpte 1882 garden av Fleischers ervingar for 6000 kronor. Anders var f. 1841 og g. 1876 m. Brita Torgeirsdr. Kvåle. Brita døydde 1897 og Anders 1937, barnlause. Anders har drive med snikkararbeid.
Olav Nilsson Eide kjøpte 1898 garden på auksjon for 6300 kronor. Han var f. 1847, g. 1894 m. Kristi Knutsdr. Ukvitno f. 1863. I lengre tid hadde han vore lærar på Voss då han kom til Himle. Der døydde han 1910. Odd Larsson Hyrt kjøpte 1909 garden for 6300 kronor. Odd er død, og enkja har no garden.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 205. lnr. 405 med skyld som bruk 3.

Bruk 5. Bakke. Utskilt 1914 frå bruk 1 med skyld 65 øre og selt til Johannes Olavson Olde. Han er f. 1875, g. m. Malina Johannesdr. Himle, f. 1880.

--- side 266 ---

Husmenn på Himle.

Kolbein Brynjulvson hadde sonen Jakob f. 1769. Knut Knutson, g. m. Brita Andersdr. fekk sonen Knut f. 1780. Lars Knutson Takla, g. 1781 m. Kari Larsdr. Øvre Himle, nemnde fyrr, feste 1792 plasset Kallhagen på Øvre Himle. Dei fekk fem born: Guri f. 1783, g. 1804 m. Olav Hanson Legreid, sjå lnr. 403, Brita f. 1784, Lars f. 1786, som var vanfør, Marta f. 1789 og Anna f. 1794, g. 1833 m. Anders Halldorson Leiddal. Kari døydde 1799, 36 år gl. og Lars 1814, 57 år gl. Anders Nilsson f. 1730, g. som ekm. m. Steinvor Persdr., var husmann i 1701. På plasset Himleshagen brann husi i joli 1820. Mannen, kona og eit barn brann inne. Ein krank mann kom seg ut. Ingebrikt Olavson Gjerde, g. m. Marta Eiriksdr. Himle fekk sonen Olav f. 1835. David Knutson, g. m. Kari Isaksdr. hadde plass nokre år på Himle i 1840-åri, seinare på Haugo. Gitle Johannesson Hornve, g. m. Gudve Oddsdr. Tesdal var husmann nokre år i 1850-åri på Himle og seinare på Rokne.

Odd Nilsson f. 1813 var som fyrr umtala g. m. Ragnhild Eiriksdr. Dymbe f. 1815, brordotter til danebrogsmannen Odd Gjelle. Odd Nilsson vart husmann etter Gitle og selde Himleshagen. Sermerkt med han Odd var at han var so ivrig til å røkja etter skjerp, men det førde ikkje til noko drift. Dei fekk sju born: Gudve f. 1837, Nils f. 1842, g. 1871 m. Anna Larsdr. Jerald, Eirik f. 1844, umtala på bruk 7 Ytre Nyre, Brita f. 1847, g. 1870 m. Ingebrikt Olavson Gjerde, Lars f. 1851, g. 1874 m. Kari Gudleiksdr. Finne, husmann på Grovu, Arnfinn f. 1854, g. 1878 m. Rannveig Knutsdr. Grimastad og Torstein f. 1857. Ragnhild døydde 1882 og Odd 1890. Arnfinn og Torstein var lærarar og reiste til Amerika. Torstein er prest og var nokre år misjonær i Kina. Han har skrive ei forvitneleg bok um tilhøvi i Kina. Han har og funne upp ei redningsdrakt for sjøfolk som skulde vera sers praktisk. Lars Ivarson Himle, g. 1881 m. Synneva Nilsdr. Gjelland hadde plass på Himle til han 1921 kjøpte Tungeteigen. Merkvane i Djupåsen ved vegen frå Himle til Skutle har fyrr vore husmannsplass, og tuftene syner no og. Fyre svartedauden skulde det vera gard kalla Merkvane, fortel dei gamle.

Stølane.

I matrikkelen 1723 er sagt at det var 1½ mil til stølen. Nedre Himle har støl på Øyaset ved Furevatnet og Øvre Himle på Helgaset sør for Grønlidvatnet. I gamal tid

--- side 267 ---

skulde det vera 13 bruk som hadde stølsrett på Helgaset: Øvre Himle, Olde, Helland og Kvitno. I ei gro på Helgaset og i nærleiken er funne kròkor etter jarnbrenning. I nærleiken av Øyaset er Vekkjarure. Det er to uppreiste steinar med ein stein ovanpå. Brurastolen er på fjellet. Det er ein stein god til å sitja i og i fjellet er mange troppestig upp til han.

Kvern.

Der var fem flaumkvernar i 1723, 1776 og 1791. Nolivande folk fortel at dei hugsar um fire kvernar. Bruk 1 Øvre Himle hadde kvern for lenger tid sidan i Kjøtlo og likeins i Himlesfossen til 1880-åri, då ho vart flytt til Rong.

Offentlege forretningar.

Sak 1731 med assessor v. d. Lippe um bygselavgifti, tingsvitne 1802 um Himleshagen, Åmund hadde sak 1804 um eit kvernhus på Lae, semje 1802 um stølen Haugaflåten, sak 1807 um ein åker på Øver Himle. Utskifting 1815 på Øvre Himle, semje 1828 um ikkje å halda geiter, utskifting 1835 på Øvre Himle, godviljug utskifting 1828 på Øvre Himle, odelstakst 1846, odelssak 1848, odelstakst 1854 på Himleshagen, odelstakst 1856 på Nedre Himle, utskifting 1865, utskifting 1884-1889, rettssemje 1885 um beiting i Hallandsteigen og semje 1888 um skifting av gjerde.

Bumerke.

Nils 1711, 1716 tavle 7 nr. 81, noko brigda 1767. Lars Nilsson brukte liknande merke 1770 og 1784. Sjur 1712, 1719 t. 8 nr. 45. Gudleik Øvre Himle 1722, 1727 t. 5 nr. 35, brigda på to måtar 1730 og 1739. Knut Andersson 1789 t. 7 nr. 25. Nils Øvre Himle 1723 t. 8 nr. 46, mykje brigda 1727 og 1741, um lag likt med Nils Sjurson i 1745. Knut Øvre Himle 1783 t. 5 nr. 41 Olav Nedre Himle 1725 t. 8 nr. 47, mykje brigda 1733. Godvin Nedre Himle fleire gonger 1725-1773 t. 8 nr. 48. Odd Nedre Himle 1727, 1738 og Tormod Oddson ni gonger 1747-1772 t. 2 nr. 64. Same merket brukte Odd 1777 og Odd Tormodson 1781, 1790. Nils Nedre Himle sju gonger 1741-1773 t. 1 nr. 13. Lars 1747 t. 8 nr. 49. Svein 1747, 1755 t. 8 nr. 50. Eirik 1749 og Eirik Godvinson 1773 t. 1 nr. 19. Gudbrand Sjurson sju gonger 1749-1782 t. 1 nr. 49, noko brigda 1765.

Ymse.

I 1842 og 1843 var det streng nervefeber på Himle og mange var sjuke. I oktober 1842 vart søkt til formannskapet um løn til sjukepassar, men det vart ikkje løyvt noko. Dei sjuke låg i to stovor. Folk i bygdi la saman pengar i februar 1843 til løn for dokter Nesheim, som då var i Hardanger, for å få han til Voss. Han kom og budde her ei tid. På Voss var det nervefeber på fleire gardar i 1840-åri.

--- side 268 ---

Øvre Himle har utslåttor utmed Rong og likeins i Færesmarki. På ein teig kalla Humlabakken må humlagarden ha vore. - Ein åker kalla Kjyrkjesaoldaokurn har vel fått namnet av at avlingen gjekk som avgift til kyrkja. - Fyrr kom dei sume tider over Bordalselvi i Dymbesbykse. Der er to store steinar som dei bykste på. Stundom gjekk dei i Gjøtto ned til elvi og kom seg over der.

I Røvshaugen nede på flaten har vore ein gravhaug som vart utgraven i fyrstningi av 1880-ån. Der fann dei eit sverd som ein umreisande fekk byta til seg. Ein annan gravhaug, Mysehaugen, er utgraven seinare og der skal ha vore ei kvinnegrav. På Øvre Himle er under jordarbeid funne noko av ei steingryte og ein ting av stein som likna på bakfoten av eit dyr. På Himle er og funne to ovale bronsespenne frå den yngre jarnalder. - I Hagane er ein flate der det er småe haugar. Nedst i matjordi over leira er der mykje trekol. Sume trur at der må ha vore skogbrand.