33. Vetla Hornve.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 217 ---

Gardsnamnet Hornve vert i 1300-talet skrive Hornvin. Det vert no sagt Hòdnvè eller Hònvè; han búr pao, è tao Hòdnvè, ska tì Hòdnvés. Namnet er samansett, etterlekken er vin (beite), fyrelekken er eit horn, som kann brukast um eit hyrna og um bergtopp. På eigedomen er og ein teig som heiter Hòdnagjerde.

Hornve var halv gard i 1661 med skyld 3 laup 12 mark og ein brukar. Der var vedaskog, ein liten humlagard og ei ring skvettekvern. Vetla og Store Hornve har då vore i eit bruk, men i 1701 er dei førde upp kvar for seg. Vetla Hornve hadde i 1723 skyld 1 laup 6 mark og ein brukar. Der var lite brennefang og knapt med beite. På garden var ein liten humlagard, men ikkje kvern eller fiske. Han var årvand og tungvinn. Skyldi var den same i 1838 og vart då umskrivi til 2 dalar 23 skill. Samanlikningstalet var 330 for Vetla Hornve. Det var lite skog.

Matrikkelen av 1865 melder at der var 8,5 mål åker, 12 mål god, 4,5 mål medels natureng og 8 mål skrapebø. Der var ring vårhamn, turvande vedaskog, men ikkje timber. Garden var medels lettbrukt, utsett for sviding, dyrka som vanleg og utan lunnende. I 1918 var det 15,5 mål åker, 21 mål kunsteng og 7 mål natureng. Apaltun er medrekna her for 1918.

Folketalet på Vetla Hornve var i 1801 8, i 1865 9 og i 1920 13.

Fødnad og avling (i tunnor) på Vetla Hornve.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1 8 9 10
1865 1 9 18 23 16
1918 2 12 21

Vetla Hornve er i 1657 rekna saman med Store Hornve.

Bjørgynjar Kalfskinn fører upp at Vangskyrkja åtte 3 laup i «Arhusum» og 5 laup i «Tyrflinga husum» på Hornve. I eit brev av 6. aug. 1350 (DN. I. nr. 322) er avgjerd um den godtgjering Hallstein Josteinson skal ha for styring av Finnegodset. Det er upplyst, at han åtte 12 mmb. i Hornve. I 1521 har Ivar betalt 2 lodd sylv i skatt og 4 lodd sylv 4 mark i breffbrot. Kåre betalte 1½ lodd 1 kvintin sylv 4 mark i skatt og 3 mark

--- side 218 ---

i breffbrot. 1563 og 1567 var Jon brukar. Kyrkjerekneskapen 1585-1616 syner at Vangskyrkja hadde 4 askar korn og 1 pund smør i landskyld årleg av parten sin i Hornve. Det var likeins i 1654. Gregorius er brukar av 1½ laup i 1591 og 2 laup i 1597 og 1611. Han er nemnd i eit brev frå 1590 som 70 år gamal. I 1597 betalte han tridje års bygsel for 2 laup som stiftet og kruna åtte. I 1610 var det og ein brukar Laurits.

Forutan Gregorius var i 1611 òg Hallvor og Knut Sigurdson leiglendingar og Endre øydegardsmann. Mons, Knut og Gre-


Bilete 25. Hornve. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 25. Hornve. Fot. P. Braaten 1935.

gorius var leiglendingar i 1614. Halldor åtte då 2 laup jordgods, truleg i Hornve. Mons og Knut var utskrivne til Svinesund med byrse og sverd. Knut brukte 4½ laup 6 mark i 1616, 2 laup i 1619 og 1636. Truleg er det den same Knut som 1645 er skriven for Knut Sjurson, gift med Marta og var brukar ogso i 1652. I rettssaki på stølen Krossaset 1664 er det nemnt at Knut var død, 80 år gl. Han var lagrettemann fleire gonger 1648-1656. I 1621 var Rognald øydegardsmann.

Leidangsboki 1624 melder at for det eine bruket var leidangen 5 mark smør og 1 sauskinn med Ragnhild som leiglending. Leidangen for det andre var 1 spann smør og 1 bukkskinn, og

--- side 219 ---

Knut var leiglending. Stiftet åtte 2 laup i 1627 som Knut brukte. Hannibal Sehested fekk kongeskøyte 1649 på leidangen til Apostelgodset 15 mark smør, 1 bukkskinn, 1 geitskinn og 1 sauskinn. I 1650 var Sehested eigar av 1½ laup i Hornve, som han hadde fått ved makebyte med kongen. På det var det 15 mark smør, 1 bukkskinn, og 1 sauskinn i leidang, 2 dalar 8 skill. i skatt, ½ dalar 2 skill. i fornødspengar, ½ dalar 2 skill. i arbeidspengar og ½ dalar 182/3 skill. i avgift til eigaren. Knut var leiglending. Sehested laut i 1651 lata jordgodset attende til kongen som i 1657 selde det til Gabriel Marselis. Skattemanntalet for Finnegodset melder at det då skulde eiga 2½ laup 6 mark i Hornve. Peter Reedtzs kjøpte 1665 av kongen ½ laup øydejord i Hornve, som høyrde til Apostelgodset.

Eigarane i 1661 var: Vangens prestebol ½ laup 6 mark, Vangskyrkja ½ laup 6 mark, Apostelgodset ½ laup og Finnegodset 1½ laup. Brukaren var Ivar Sveinson både då og i 1657. Han fekk i 1656 14 rd. i bot fordi han hadde brote seg inn til Klemet Rasmussen på Vangen og slått han og kona hans. Marta Hornve stemnde han Ivar i 1662 fordi han ikkje svara henne kår etter kårabrevet. Han vart dømd til å svara kåret. I 1680 åtte Klas Miltzow 1½ laup og ervingane etter Per Andersson ½ laup i garden. I 1691 åtte Klas Miltzow 1½ laup 6 mark, lagmann Coch 1 laup og Vangens prestebol ½ laup 6 mark. Gudleik og Mikkjel var brukarar. Mikkjel døydde 1699 og hadde fem born: Svein, Mikkjel, Magdelje, Soffi og Ingebjørg. Svein var gift 1713 med Anna Knutsdr. Finne og kom til Fenno. Ingebjørg var gift 1719 med Rikolv Larsson.

Folketeljingi 1701 fører upp som leiglendingar: Knut Knutson, 33 år, på Vetla Hornve, og Olav Hallsteinson, 30 år, på Store Hornve. Det er fyrste gongen me finn skilje millom gardane Vetla og Store Hornve. Heretter vert dei tekne kvar for seg, og eg held her fram med Vetla Hornve. Garden var i 1714 på 1 laup 6 mark. Vangens prestebol åtte 1 pund 18 mark og Hans Davidson ½ laup. Sjur var brukar i 1715. Meisterskreddar i Bergen, Byrre Velomson, skøytte i 1723 til Jean v. d. Lippe ½ laup i Vetla Hornve.

Fyrr nemnde Knut Knutson var g. m. Marta Sjursdr., som døydde 1699 og hadde to born: Torbjørg og Sjur. Sjur var leiglending etter far sin og hadde sonen Nils, som i 1727 bygsla av sokneprest Weinwich 1 pund 18 mark. Nils Sjurson var g. m.

--- side 220 ---

Brita Tormodsdr. og hadde borni: Åmund, Tormod f. 1730, Kari f. 1736, Sjur f. 1737 og Ragnhild f. 1740. - I 1731 har Johannes Olavson bygsla av Miltzow 1 laup 3 (5?) mark i garden, som var uppsagt åt han. Johannes er nokre år seinare vorten leiglending på Store Hornve. Sorenskrivar Fleischer kjøpte i 1753 ½ laup i Vetla Hornve av Jean v. d. Lippe i Bergen.

Olav Monsson Brekkhus, gift fyrst med Ingebjørg Åmundsdr. Byrkjo, andre gongen med Guro Arnfinnsdr. Ullestad og tridje gongen 1764 med Kari Nilsdr. Gjukastein, bygsla i 1751 av Voss prestebol 1 pund 18 mark i Vetla Hornve. Han døydde 1790, 71 år gl. Buet hans var fallitt. Med Ingebjørg hadde han to born: Rannveig f. 1752 og Mons f. 1754. Med Guro hadde Olav dotteri Ingebjørg f. 1759 og med Kari fem born: Guro f. 1765, Nils f. 1766, Åmund f. 1769, Brita f. 1771 og Herborg f. 1778. Ho Rannveig vart gift 1774 med Jørgen Larsson Brekku. Mons var gift 1780 med Gjertrud Persdr. Rekve. Han vart avretta på Vangen 1786 etter krigsrettsdom, fordi han hadde stunge Olav Knutson Gjukastein med kniv, so han døydde av det. Åmund var gift 1793 med enkja Kari Mikkjelsdr. Seim. Nils Olavson gifte seg 1791 med Ingjerd Olavsdr. Hæve og vart leiglending etter far sin. Medan dei budde på Hornve, fekk dei borni: Olav, Knut, Kari og Per, fødde 1795-1802.

Gitle Torbjørnson har so bygsla Vetla Hornve i 1804 av Vangens Fatighus, som åtte 1 pund 12 mark, og av Vangens prestebol, som åtte 1 pund 18 mark. Gitle var g. m. Ingebjørg Jørgensdr. og døydde 1813, 54 år gl. Ho gifte seg att 1814 med Johannes Gudleikson Svanga. Gitle og Ingebjørg hadde fem born: Torbjørn f. 1801, Jørgen f. 1803, Guro f. 1804, Borghild f. 1809 og Knut f. 1812. Jørgen gifte seg 1832 med Ragna Persdr. Gjerme. Guro var gift 1835 med Nils Larsson Rokne. Johannes Gudleikson bygsla Vetla Hornve i 1814 og hadde sonen Gitle f. 1814. Han gifte seg 1845 med Gudve Oddsdr. Tesdal og vart husmann på Rokne. Johannes Johannesson bygsla Vetla Hornve i 1817, var g. m. Brita Andersdr. og døydde 1854, 68 år gl. Fire born: Johannes f. 1820, Hallstein f. 1826, Marta f. 1829 og Synneva f. 1836. Hallstein gifte seg 1859 med Sisselja Knutsdr. Gjukastein og fekk i 1858 kongeskøyte på Vetla Hornve for 700 spd. og jordavgift 2 tunnor 12/3 fjerdingkar bygg. Hallstein døydde 1897 og hadde 5 born: Tvillingane Brita og Marta f. 1859, Eli f. 1861, Ingebjørg f. 1865, og Johannes f. 1867.

--- side 221 ---

Ho Marta gifte seg 1905 m. Eirik Knutson Røte, f. 1850. Johannes gifte seg 1893 med Anna Brynjulvsdr. Osgjerd og fekk i 1891 garden for 1000 kronor.

Vetla Hornve var fyrr mtrnr. 33, lnr. 77 med gamal skyld 1 laup 6 mark urevidert 2 dalar 23 skill., revidert 2 dalar 1 ort 17 skill. Ny skyld mark 3,41.

Husmenn

Som husmenn er nemnde Knut Knutson, f. 1636, som hadde plass 1701 og Knut Andersson, nemnd i 1760-åri.

Støl

Støl var det ikkje i 1723. Seinare var det sumarsstøl på Kvitla, men han er seld att. I staden er kjøpt støl på Langevass-stølen i Raundalen. Vårstøl er det på Hornvesstølen i heimamarki. Joledagskvelden 1865 eller 1866 gjekk ei jordskride, som losna i bergi ovanfor husi av di det regnde so mykje. Ho braut upp dørene til floren og stallen, men gjorde elles ingen skade på hus, folk eller krøter.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning i 1799, sak um ei slåtte på fjellstølen 1809, semje med Rekve 1847, takstforretning 1851, godviljug utskifting 1843 og 1862, semje med Apaltun um merkeslina, jarnbanetakst 1878, utskifting av Søteigen 1826, utskifting 1913-14.

Bumerke.

Per 1745 tavle 1 nr. 23. Olav 1759 t. 2 nr. 61. I 1773 teikna han t. 2 nr. 60. Johannes Hornve 1742-1752 t. 2 nr. 59 og har brigda det litegrand i 1753.

34. Store Hornve.

Store Hornve er i 1723 førd upp med skyld 2 laup 6 mark og hadde ein brukar. Der var vedaskog og humlagard til eige bruk og ei kvern, men ikkje fiske. Garden var tungvinn, turr og årvand. Skyldi er den same 1838, då ho vart førd upp med 8 dalar 1 ort 19 skill ny skyld. Samanlikningstalet var 1260. Der var rikeleg vedaskog.

I matrikkelen for 1865 er førd upp 24 mål åker, 18,5 mål dyrka eng, 35,5 mål god, 38 mål medels natureng og 32 mål skrapebø. Vårhamni var ring, men Sumarhamni god. Der var vedaskog og noko timber. Garden var medels lettbrukt og utsett for turk. Bruk 2 var dyrka som vanleg og bruk 1 betre enn vanleg. Ikkje fiske eller andre lunnende. I 1918 var det 23 mål åker, 11,5 mål kunsteng og 51,5 mål natureng.

Folketalet var på Store Hornve 19 i 1801, 27 i 1865 og 16 i 1920.

--- side 222 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Store Hornve.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3 21 32
1723 2 13 18 20
1865 3 ½ 25 48 60 48
1918 5 15 39

Det er fyrst i 1701 at det er skilt millom Vetla og Store Hornve i manntal og andre uppgåvor. Dei tidlegare meldingar um Hornve har eg ført under Vetla Hornve. På Store Hornve var i 1701 Olav Hallsteinson, 30 år gl., leiglending, og hadde styksonen Svein f. 1683. I 1714 og 1723 åtte Vangskyrkja 1 pund 18 mark og Henrik Miltzow 1½ laup i Store Hornve. Kongen selde Vangskyrkja i 1723 saman med hennar part i Hornve. Olav var brukar både 1714 og i 1723. Torstein Olavson har 1726 bygsla 1 laup av Miltzow. Johannes Olavson var fyrst nokre år leiglending på Vetla Hornve, men er so vorten leiglending på Store Hornve truleg etter Torstein. Johannes hadde sju born: Mikkjel, Gjertrud, Torbjørg, Knut, Magnhild, Per og Marta, fødde 1732-1750. Mikkjel var gift 1762 med Anna Sjursdr. Hæve.

Ho Gjertrud var f. 1733 og gifte seg 1754 med Sjur Arnfinnson Ullestad f. 1729. Han kjøpte 1759 løysningsretten til 1½ laup i Store Hornve av kongen for 90 rd. Gabriel Marselis hadde kjøpt jordgodset i 1657. Sjur fekk skøyte 1763 på dette jordgodset. I 1784 kjøpte Sjur av Fleischer 1 pund 18 mark, som han i 1760 hadde kjøpt av fru Inger Alstrup. Sjur døydde 1809 og hadde sju born: Arnfinn f. 1755, Olav f. 1761, Torgis f. 1767, Johannes f. 1770, Marta, Rannveig og Kari. Torgis var gift 1808 med Brita Eiriksdr. Brekku og Rannveig i 1822 med ekm. Botolv Larsson Gjelle. Sjur Arnfinnson let i 1784 2 pund 6 mark til eldste sonen Arnfinn, og i 1790 til andre sonen Olav 2 pund 6 mark. Framhald um Arnfinn under bruk 2 og um Olav under bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Store Hornve. Olav Sjurson, f. 1761, gifte seg 1790 med Ragnhild Olavsdr. Hæve og døydde 1798. Ho gifte seg att 1799 med Åmund Arnfinnson Gjerde. Åmund døydde

--- side 223 ---

1804, 39 år gl. Ved skiftet etter Olav vart dei 2 pund 6 mark han åtte utlagde til major Nils von Dahl. Ho Ragnhild hadde med Olav fire born: Sjur f. 1797, Gjertrud f. 1791, Ingjerd f. 1795 og Anna f. 1797. Med Åmund hadde Ragnhild sonen Olav f. 1803. Ho Gjertrud vart gift 1817 med Styrk Aslakson Jernes. Ingjerd gifte seg 1819 med Lars Klasson Mosafinn. Anna vart gift 1830 med Per Jonson Mosafinn. Olav gifte seg 1829 med Arnbjørg Gudleiksdr. Saude og reiste seinare til Amerika. Sjur vart gift 1823 med Marta Torsteinsdr. Hellesnes og døydde 1876. Han hadde fått skøyte i 1800 frå major Dahl på 2 pund 6 mark i garden med bygsel og lunnar og overbygsel til 21 mark som Vangskyrkja åtte.

Sjur og Marta hadde ni born: Olav f. 1824, Torstein, Ragnhild, Knut, Åmund, Johanna, Anders, Marta, Johannes, fødde 1826-1847. Torstein vart gift 1848 med Anna Persdr. Vestrheim og reiste til Amerika. Åmund gifte seg 1866 med Anna Hansdr. Heimberde. Sjå bruk 2 Hagen, Rd. Johanna vart gift 1862 med gardmann Nils Askjelson Skiple. Anders, gift 1876 med Brita Torgeirsdr. Kvåle, var snikkar og kjøpte gard på Himle. Marta vart gift 1873 med underoffiser Håkon Herlaugson Voll, husmann på Skiple. Olav Sjurson gifte seg 1854 med Brita Olavsdr. Norekvål og døydde 1898. Han fekk farsgarden i 1856 for 600 spd. Dei hadde sju born: Marta, Sjur, Synneva, Brita, Olav, Johannes, Anna, fødde 1855-1873. Sjur f. 1858, g. m. Marta Knutsdr. Dagestad, fekk garden i 1887 for 2800 kronor. Fem born: Brita, Olav, Knut, Margreta og Marta, fødde 1884-1897. Olav Sjurson f. 1885, g. m. Marta Olavsdr. Dolve, fekk farsgarden i 1910 for 4500 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 34, lnr. 78 med gamal skyld 1 laup 3 mark, urevidert 4 dalar 21 skill., revidert 3 dalar 3 ort 13 skill. Ny skyld mark 5,40. Etter at bruk 3 var skilt frå i 1900, er skyldi mark 5,39.

Bruk 2. Store Hornve. Arnfinn Sjurson f. 1755, gift 1785 med Kari Nilsdr. Ukvitno, døydde 1826, 70 år gl. Han fekk som fyrr nemnt 2 pund 6 mark i bruk 2 i 1784. Arnfinn og Kari hadde sonen Sjur f. 1785 og dotteri Brita f. 1789. Ho var gift 1811 med Lars Larsson Gjukastein. Sjur gifte seg 1811 med Kristi Johannesdr. Raustad og fekk farsgarden i 1826. Deira sju born var: Arnfinn f. 1812, Johannes, Knut, Marta, Kari, Kirsti og Anna, fødde 1813-1830. Johannes gifte seg 1842 med Guro Knutsdr. Rekve. Knut vart gift 1843 med Ragnhild

--- side 224 ---

Oddsdr. Gjerstad. Marta vart gift 1842 med Eirik Davidson. Rekve. Kirsti gifte seg 1849 med Nils Knutson Rekve. Arnfinn Sjurson vart gift 1835 med Bryttva Styrksdr. Rekve, fekk farsgarden 1832 og budde der til 1846, då han selde til Jon Hollgeirson og fekk etter odelssøknad skøyte i 1848 på gnr. 16, bruk 1 Rekve.

Jon Hollgeirson var fødd på Kjønnagard på Vossastrand 1818, g. m. Brita Jonsdr. og døydde 1899. Dei hadde sonen Jon f. 1846 og dotteri Anna f. 1849. Ho vart gift 1. 1868 med Knut Larsson Dolve og 2. 1877 med Kjel Olavson Skjervheim. Jon fekk garden i 1869 for 500 spd., gifte seg same året med Synneva Olavsdr. Tvilde og døydde 1921. Tri born: Brita f. 1869, Marta f. 1874 og Johanna f. 1881. Brita gifte seg 1890 med Arnfinn Halleson Gjerstad og Marta i 1894 med Olav Brynjulvson Røte f. 1867. Dei fekk garden i 1893 for 3500 kronor, og selde i 1928 til Ingebrikt M. Dyrdal for 15 500 kronor. Brynjulv Olavson Hornve fekk odelsskøyte på bruk 2 i 1931 for 16 000 kronor. Han er f. 1900 og g. 1924 m. Borghild Gudleiksdr. Flògo.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 34, lnr. 79-80 med skyld som bruk 1. Etter at bruk 5 var skilt frå, er skyldi mark 3,00.

Bruk 3. Torfinno. Utskilt frå bruk 1. W. Konow fekk skøyte på denne elveretten frå Sjur Olavson Hornve for 100 kronor, tinglese 1901. Skyld 1 øre.

Bruk 4. Torfinno. Utskilt frå bruk 2. W. Konow kjøpte det i 1900 av Olav Brynjulvson for 100 kronor. Skyld 1 øre.

Bruk 5. Hagen. Skilt frå bruk 2 i 1928. Skyld mark 1,39. Eigar er Olav Brynjulvson. Han tok undav denne eigedomen då han selde bruk 2 og har sidan bygt på bruk 5.

Husmannsplass på Hornve.

På plasset Hornveshagen har butt: Knut Jørgenson f. 1695, gm. Brita Gautesdr. og døydde 1787. Dei hadde 4 born. Sjur Arnfinnson stemnde han Knut i 1761 fordi han hadde sett seg ned i fehagen utan løyve og rudt seg åker og eng der og bygt seg hus. Saki vart utsett, men Knut budde der seinare og. Svein Larsson, g. m. Guri Knutsdr., budde der ikring 1780 og Knut Erlingson, g. m. Kari Jørgensdr. i 1790. Dei hadde 5 born. Nils Sveinson Kvåle, g. m. Sisselja Hermannsdr. budde der frå 1842 til 1858, då dei kjøpte seg gard på Vele. Arve Rasmusson f. ikring 1819, g. m. Marjo Magnesdr. f. ikring 1824, var der

--- side 225 ---

frå um lag 1860 til 1890. I stova deira var det jordgolv. Arve spådde ofte um veret. Slo det ikkje til, hadde han alltid ein grunn for det. Presten trefte ein dag han Arve og spurde kva slag ver det no vilde verta. Arve vart liksom litt flat og svara: «Å dan so spaor gjere no antan lygo eldo seie sant». Det var to husmannsplass i Hornveshagen i lenger tid. Andre husmenn på Hornve har vore: Gudleik Hallvardson i 1769, Jørgen Larsson, g. m. Rannveig Olavsdr. i 1776, Olav Åmundson, g. m. Arnbjørg Gudleiksdr., umtala ovanfor, i 1830 dessutan Torstein Sjurson, g. m. Anna Persdr., nemnde ovanfor, var plassfolk i 1852 og 1855.

Støl

Stølen var 1½ mil frå garden heiter det i 1723. Hornvesvårstølen er i heimemarki. Sumarsstølen er på Skirsstølen ved Torfinno. Brynjulv Liland stemnde i 1711 Olav Hornve og mennene på Gjukastein for det at dei hadde stølsdrift over bøen hans.

Hornve hadde fyrr ein skogteig, «Søteigen» nedanfor fjellstølen åt Dagestad, men han er for mange år sidan seld til Dagestad. Store Hornve hadde fyrr ein markateig ved Gjukastein og denne garden hadde ein skogteig i innmarki på Hornve. Ved utskiftingi 1892 vart desse teigane umbytte. Segni segjer at Hornve hadde fått denne teigen som fadragåve. - I 1870-åri gjekk det ei jordskride på bruk 2. Ho losna uppe under berget. Der uppe syner endå etter henne.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning i 1799, sak um ei slåtte på fjellstølen 1809, semje med Rekve 1847, takstforretning 1851, utskifting millom bruk 1 og 2 i 1799, godviljug utskifting 1843, jarnbanetakst 1878, utskifting 1892, kontrakt 1896 med Konow um Torfinno på Skirsstølen, utskifting på Søteigen 1902. Ved utskiftingi 1892 flytte bruk 2 husi sine. For bruk 1, 2 og 5 er halde overskya vedkomande reguleringi av Torfinno.

Bumerke.

Maritte 1673 tavle 2 nr. 39. Olav 1710-1734 t. 2 nr. 59. Sjur 1773, 1783 t. 2 nr. 62. Merke er noko brigda 1781 og atter i 1783. I 1786 har Sjur Arnfinnson teikna likt med fyrr nemnde Sjur i 1781.