5. Hovda.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 51 ---

Namnet vert umkr. 1550 skrive Hofde. Det vert no sagt Hòvda2; han bur pao, è tao, ska tì Hovda. Det er same ordet som ein hovde, framstigande høgd eller fjell (gn. họfði m., i genitiv, dativ og akkusativ họfða).

Hovda var i 1661 halv gard med skyld 2 laup 1 spann. Elles er um garden berre sagt at der var brennefang og ei liti kvern. I 1723 heiter det det same, og at der var humlagard, men ikkje fiske. Garden var letvinn, hadde fjelljord og var noko uviss til kornavling. Skyldi var ogso i 1838 2 laup 1 pund,

--- side 52 ---

men er då umskrivi til 9 dalar 1 ort 9 skill. I 1777 var det to kvernar. Hovda fekk samanlikningstalet 1400 ved matrikkeleringi i 1830-åri. Det var turvande vedaskog er det sagt.

Matrikkelen av 1865 syner at der var 27,5 mål åker, 3 mål dyrka eng, 39 mål god, 74 mål medels natureng og 68 mål skrapebø. 5-6 mål høvde til dyrking. Hamnegangen var god. Der var turvande vedaskog, men ikkje timberskog. Ingen sers lunnende. To av bruki var tungbrukte, eit var medels lettbrukt. Alle var dyrka vanleg godt. Til Hovda høyrer skogteig i Kollshaugen ovanfor Kolle. I 1918 var det 24,6 mål åker, 39 mål kunsteng og 46 mål natureng.

Folketalet på Hovda var 1801 31, 1865 19 og 1920 25.

Fødnad og avling (i tunnor) på Hovda.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 17 26
1723 2 29 24 18
1865 3 31 66 72 56
1918 5 25 57

Oluff på Hovda betalte i 1521 3 lodd sylv i skatt og 4 mark i breffbrot. Erling på Hovda har betalt skatt i 1563 med 1 dalar og i 1591 1 kalvskinn. Jordboki åt Vangens prestebol syner, at prestebolet i 1585-1616 fekk i årleg landskyld av Hovda 1½ aske korn og 2 pund smør. Knut er leiglending i 1603. I 1611 er det tri leiglendingar: Erling, Lars og Knut. Den siste er nemnd åleine i 1614 som leiglending. Det er truleg son hans den Sjur Knutson som deretter er nemnd som einaste brukar fleire gonger 1614-1645 og var brukar av noko seinare og.

Etter leidangsboki 1624 var leidangen av Hovda 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 kalvskinn. Det er tilført at jordi var tenleg til avling, men der var ikkje fiske eller skog til gardsbruk. I 1626-27 vart pålagt skatt til ryttarhald 5 dalar 6 skill. for odelsgodset 2 laup 1 spann.

Ovanfor umtala Sjur Knutson var gift fyre 1645 med Marta og dei hadde tenestedrengen Johannes og tenestegjenta Ingebjørg. Sjur åtte noko i garden som er ført upp med ymis skyld frå 2 pund 6 mark i 1621 til 2 laup i 1652. Han har truleg kjøpt

--- side 53 ---

3 spann i Hovda av Mons Vestrheim, som Mons åtte i 1621. Anders var tenestedreng i 1636. Det var tri brukarar i 1657: Eirik, Steffa og ei enkje.

Landkommisjonen av 1661 har skrive at Vangens prestebol åtte 1 spann og presten resten av garden med bygselretten. Steffa Johannesson var brukar både då og i 1664. Kirsten Miltzow, enkja etter presten Henrik Miltzow, åtte 2 laup i 1676 og 1½ laup i 1680. Enkja etter Aksel Larsson har vorte eigar av 2 laup fyre 1691. Det er då to brukarar: Steffa og Johannes, men i 1701 er det leiglendingane Svein Steffason


Bilete 6. Hovda. Fot. L. Å. Uppheim 1901.
Bilete 6. Hovda. Fot. L. Å. Uppheim 1901.

37 år og enkja Ingjerd Andersdr. Ho hadde sonen Sjur Steffason, 37 år og har vel vore gift med fyrr nemnde Steffa. Svein hadde sonen Steffa 4 år. I 1724 er umtala at han og fleire andre gjekk umkring kvar i sin krins for å samla pengar til Lars Skutle og Kjel Berge som skulde reisa til Kjøbenhavn og tala med kongen um ei sak for Vossane. Sr. Randolfs myndlingar eig i 1714 2 laup i garden. Johannes og Svein er brukarar i 1715 og 1723. Då eig Vangens prestebol 18 mark i garden og brukarane resten.

Steffa Johannesson var leiglending frå umlag 1657. Son

--- side 54 ---

hans var Svein Steffason f. 1665, g. m. Gudve Nilsdr. og døydde 1735. Ho var f. 1662 og døydde 1736. Svein heldt fram som leiglending etter foreldri sine og har i 1717 kjøpt 1 laup. Born: Steffa f. 1697, Anders f. 1702, som vart buande på Dymbe og døydde 1769.

Steffa Sveinson f. 1697 var g. m. Anna Hansdr. og døydde 1780. Ho var f. 1701 og døydde 1786. Dei heldt fram som brukarar etter foreldri hans og fekk i 1734 skøyte på ½ laup. Born: Johannes, Ingjerd f. 1731, død 1754, g. m. Erling Brynjulvson Hovda.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Hovda. Johannes Steffason, død 1761, 30½ år gl., var g. m. Eli Larsdr. f. 1731, død 1794. Han åtte 1 laup etter skøyte 1754. Born: Gjertrud f. 1758, Marta f. 1760, g. 1782 m. Johannes Andersson Flògo. Gjertrud Johannesdr. f. 1758 var g. 1776 m. Kolbein Johannesson Berge og døydde 1787. Han var f. 1735 og døydde 1785. Han fekk i 1776 skøyte på 1 laup som ved skifte etter han var verdsett 280 rd. Bruttomidelen var 522 rd. Born: Johannes f. 1778, Brita f. 1776, g. 1803 m. David Nilsson Rekve.

Johannes Kolbeinson f. 1778, var g. 1797 m. Brita Brynjulvsdr. Liland og døydde 1876. Ho døydde 1856, 77½ år gl. Han fekk farsgarden. Born: Kolbein f. 1798, Brynjulv f. 1799, g. 1828 m. enkja Mari Gudleiksdr. Berge, Amerika, Olav f. 1801, g. 1823 m. Kari Eiriksdr. Seim, busette i Mandal. Johannes f. 1809, fyrst skulemeister og seinare lensmann i Evanger, g. 1. 1851 m. Herborg Olavsdr. Skiple, 2. 1857 m. Anna Nilsdr. Helland, Olav f. 1820, g. 1861 m. Marta Brynjulvsdr. Væte, gardbrukar på Væte og dreiv mykje med massingarbeid, Torstein f. 1822, handelsmann i Ålesund, Gjertrud f. 1803, g. 1821 m. Torgeir Larsson Seim, Amerika, Marta f. 1806, g. 1842 m. Viking Vikingson Repål, Anna f. 1811, g. 1840 m. Lars Gudleikson Hovda, Brita f. 1815, g. 1842 m. ekm. Knut Gusskalkson Eide.

Kolbein Johannesson f. 1798, var g. 1822 m. Sigvor Velomsdr. Berge og døydde 1876. Ho var f. 1800 og døydde 1892. Han er skriven for postdreng då han var gift og tok mot garden i 1828. Kolbein var sin eigen snikkar, smed, skomakar og skreddar og arbeidde alt elles som han trong. Grendi søkte råd hjå han

--- side 55 ---

for sjukdom på folk og krøter. Kjømeister var han ofte i brudlaup og talsmann i likferder. Postmann var han og ei tid. Born: Johannes f. 1824, død ugift 1851, Velom f. 1836, Brynjulv f. 1839, prest i Amerika, Kari f. 1822, Brita f. 1827, g. 1847 m. Anders Gudleikson Hovda og Anna f. 1833.

Velom Kolbeinson f. 1836, var g. 1866 m. Ingebjørg Olavsdr. Liland og døydde 1916. Ho var f. 1839 og døydde 1918. Han fekk farsgarden i 1858 for 1000 spd. og kår åt foreldri. Born: Kolbein f. 1867, Olav f. 1869, Sigvor f. 1872, Johannes f. 1875, Brynjulv f. 1877. Det er Kolbein og Johannes som no har garden saman.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 5, lnr. 13 med gamal skyld 1 laup 12 mark, urevidert 4 dalar 3 ort 4 skill., revidert 4 dalar 1 ort 13 skill. No er skyldi mark 6,28.

Bruk 2. Hovda. Johannes var leiglending i 1715. Han kjøpte 1 laup i 1717 og budde der og i 1730. Dotter hans, Brita Johannesdr. f. 1685, var g. m. Anders Larsson og døydde 1761. Han var f. 1661, døydde 1734 og var leigl. på Vestrheim. Deira son Lars Andersson f. 1811, død 1787, var fyrst g. m. Brita Brynjulvsdr. f. 1704, død 1745, og sidan 1747 m. Marta Ivarsdr. Takla f. 1702, død 1773, og tridje gongen 1773 m. Marta Olavsdr. Hellesnes. Lars fekk i 1731 skøyte på 1 laup i Hovda som besteforeldri hadde ått. Panthavarar hadde teke garden i 1735, men Lars har kjøpt han attende i 1751 og har heile tidi vore brukar av han. Born m. Brita: Anders f. 1734, Eirik f. 1742, var i Lindås i 1787. Lars hadde ikkje born med andre eller tridje kona.

Anders Larsson f. 1734, var g. 1. 1754 m. Eli Knutsdr. Store Saude, skifte 1757, 2. 1758 m. Sigrid Larsdr. Uppheim f. 1739, død 1764, 3. 1766 m. Lisbet Knutsdr. To f. 1736, død 1814. Anders døydde 1819. Han har fått skøyte på farsgarden i 1754. Born m. EM: Brita f. 1754, g. 1778 m. Mattis Torsteinson Lunde. Born m. Sigrid: Gudleik f. 1761, Lars f. 1762, død 1793, Johannes f. 1764, g. 1805 m. Ragnhild Knutsdr. Røte, Eli f. 1759, g. 1792 m. Anders Hallsteinson Lekven. Born m. Lisbet: Knut f. 1767, g. 1803 m. Herborg Mikkjelsdr. Gjukastein, Nils f. 1769, g. 1820 m. ek. Guri Jonsdr. Gjerstad, Anders f. 1772, død 1852 ugift, Lars f. 1776, g. 1820 m. Marta Steffadr. Lisseim.

--- side 56 ---

Gudleik Andersson f. 1761, var g. 1790 m. Kari Tormodsdr. Kolle, og døydde 1850. Ho døydde 1828, 60 år gl. Han fekk skøyte i 1776 og 1790 frå far sin på garden. Gudleik skifte garden millom sønene Anders og Lars. Born: Anders f. 1790, Tormod f. 1792, Lars f. 1803, Tormod f. 1807, Nils f. 1810, Sigrid f. 1798, død ugift 1846, Barbrå f. 1800, skifte 1861, var ugift.

Anders Gudleikson f. 1790, døydde 1856, var g. 1847 m. Brita Kolbeinsdr. Hovda f. 1825, død 1908. Han fekk i 1847 halve farsgarden, som framleies vart bruk 2. Born: Gudleik f. 1851, Kolbein f. 1855. Gudleik Andersson f. 1851, død 1891, var g. 1873 m. Guri Steffadr. Væte. Farsgarden fekk han i 1884 for 2400 kronor og kår åt mori. Guri selde til Olav Velomson Hovda, som er f. 1876 og g. m. Kari Gudleiksdr. Hovda f. 1877.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 5, lnr. 14, gamal skyld 1 laup 12 mark, urevidert 2 dalar 1 ort 15 skill., revidert 2 dalar 18 skill. Ny skyld mark 3,13.

Bruk 3. Hovda. Lars Gudleikson f. 1803, er g. 1840 m. Anna Johannesdr. Hovda. Han fekk hjå foreldri halvparten av garden (bruk 2) i 1847, som vart bruk 3, og budde der til 1857, då han selde garden til Anders Tren for 1000 spd. og reiste til Amerika.

Anders Larsson Tren var g. 1. 1850 m. Brita Rognaldsdr. Nestås, død 1864, 46 år gl., 2. 1866 m. Anna Knutsdr. Brekku f. 1827, død 1906. Anders døydde 1877, 60 år gl. Born m. Brita: Lars f. 1851, Eli f. 1853, g. m. Viking Oddson Uppheim. Bom m. Anna: Brita f. 1867, Knut f. 1869, død ugift 1919. Knut var skulelærar. Anna selde garden i 1880 til Lars Gudleikson Vestrheim for 7200 kronor. Han var f. 1842, døydde 1923 og var g. 1882 m. Kirsti Knutsdr. Veka f. 1842. Lars reiste mykje og skal ha vore i dei fleste norske byar for å selja vevskeier og andre varor. Han selde garden i 1887 for 5500 kronor til Kolbein Andersson f. 1855. Kolbein var g. 1. 1879 m. Marta Brynjulvsdr. Røte, 2. 1888 m. Marta Andersdr. Hæve. Han let garden i 1895 for 2400 kronor og kår til sonen Brynjulv, som i 1895 selde til Kolbein Knutson Lisseim for 5000 kronor. Han selde i 1910 til Sjur Larsson Nesheim, Eksingadalen for 5200 kronor. Han er f. 1877, g. m. Ingebjørg Pettersdr. og er medlem av soknerådet.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 5 lnr. 14 b, gamal skyld 1 pund 18 mark, urevidert 2 dalar 1 ort 14 skill., revidert 2 dalar 18 skill. Ny skyld mark 3,13.

--- side 57 ---

Husmannsplass på Hovda.

Husmannsplass er det ikkje ført upp i 1701 eller 1723, men i 1702 er husmann Sjur Magnusson stemnd for retten av futen og fekk 1 rd. i bot fordi ho Marta, kona hans, åtte barn straks etter dei var gifte. I 1801 er Johannes Andersson husmann utan jord som det heiter i folketeljingi. Han var då 57 år gamal og g. m. Marta Johannesdr. 41 år gl. Dei hadde seks born: Johannes f. 1787 bygsla Vetla Hornve i 1817, Anders f. 1790 var fargar i Bergen, Svein f. 1796 var bankmann i Bergen, Anna f. 1791, g. m. enkjemann Torgeir Ingebriktson Dolve, Eli, f. 1793, g. m. ein i Heggegarden, Eidfjord og Marta, g. m. målar Gjermo i Bergen. Svein var gift, og millom borni hans var den kjende skodespelarinna Lucie Wolf.

Nils Gusskalkson f. 1812, lauskar på Hovda, var god massingsmed og dreiv med å støypa massingspenne til biblar, testament og salmebøker. Han hadde so søkkjande fine graveringar på spenni, er det fortalt, og selde mykje til bokhandlarane i Bergen. Han arbeidde og mykje bjøllor.

Stølen.

Stølen var 1 mil frå garden er det skrive i 1723. Ser vårstøl har dei ikkje. Sumarsstølen heiter Fljote. Ein gong brann husi og to gonger har snøskridor teke dei, so stølshusi har vore flytte fleire gonger. Ei stor steinskride som gjekk over selsbøen, tok ei løde og hadde med ein stor stein, som dei kalla Kjyrasteidn. Kolbein Johannesson fødde mest 20 kyr. På stølen hadde han floren i ein heller under ein stor stein. I denne floren stod kyrne i to rader med romsleg gang millom radene. Der var åre og elles tilstelt som der skulde ha butt huldafolk. Denne steinen var noko nærmare til selet enn Kjyrasteidn.

Kvern.

På Hovda vart det bygt nytt kvernhus i 1882. Tidlegare stod kverni lenger uppe. Vass-sag var bygd i 1886 og vart bygd upp att 1910.

Ymse.

Eit stort jordras gjekk i 1886 og øydela mykje jord og skog. På fjellnuten Skansen er Langagjels-kyrkjo. Ho er i ei hole langt inne i fjellet, der det er store rom. Der er og som ein preikestol og benkjer.

Det er fortalt at det i 1700-talet skal ha vore brand på garden. Stova og eldhuset strauk med. Ei kvinne berga lang-

--- side 58 ---

bordet ut or stova. Det var um lag 5 alner langt, 35 turnar breidt og 2 turnar tjukt.

Offentlege forretningar.

Forretning mot Lisseim og Vestrheim vart halde 1779, og millom brukarane på Hovda um eit gjerde i 1781. Åstadsak mot Geitle var det 1800, forretning um eit gjerde 1803, åstadsak 1801, merkeskilsak 1822, utskifting 1823-25, forretning um gjerdehald 1833 og 1888 og semje um vegumleggjing 1905.

Bumerke teikna på Hovda.

Johannes Hovda 1714 tavle 1 nr. 16, Svein 1716 t. 1 nr. 17. I 1725, 1733 og 1743 har han teikna t. 2 nr. 64. Steffa 1739 t. 1 nr. 18, men det er mykje brigda i 1747. Lars 1743 t. 1 nr. 19, mykje brigda i 1747. Anders 1773, 1776 t. 1 nr. 20 Anders Larsson 1775 t. 1 nr. 21. Olav 1781 t. 1 nr. 22. Kolbein Johannesson, f. 1798, teikna t. 2 nr. 9.