68. Høyland.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 407 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Høylondum. Det vert no sagt Høyland1 eller Høyland2; han búr pao, è tao Høyland, ska tì Høylands. Namnet er samansett av høy (gras) og land. Formi Høylondum er dativ fleirtal.

Høyland er uppført som øydegard i 1661 med skyld 1 laup 18 mark og ein brukar. Elles er berre sagt at det var brennefang til husbruk. I 1723 var det same skyldi, ein liten humlagard, litt skog til husvøling og brensel, men ikkje kvern. Det var ein tungvinn fjellgard og uvisst med kornavlingi, heiter det. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 5

--- side 408 ---

dalar 1 ort 12 skill. Gode hamner var det då, fureskog og vedaskog til eige bruk og til sal. Samanlikningstalet var 800.

Matrikkelen i 1865 fører upp 9,5 mål åker, 10 mål god natureng, 18 mål medels og 16 mål skrapebø. Hamni var medels og låg lagleg til, skog til husbruk, og det kunde seljast timber og bjørkeved for 8 spd. årleg. Garden var svært tungvinn og mindre godt dyrka. Ei fjellslåtte og nokre utslåttor var då burtleigde. Av foret derifrå fødde dei 1 ku og 7 smalar, som er medrekna i fødnaden nedanfor.

I 1918 var det 14 mål open åker, 17 mål kunsteng og 15 mål natureng.

På Høyland budde 15 menneske i 1801, 21 i 1865 og 19 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Høyland.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 11 15
1723 1 14 18 8
1865 2 14 47 28 32
1918 3 15 28

Bruk 1. Høyland. Vangskyrkja åtte ½ laup i Høyland er det fortalt i B. K. Jordboki 1585-1616 melder at Vangens prestebol fekk i landskyld av Høyland 1 hud og 3 spann smør og har difor ått noko i garden. Elles har eg ikkje funne noko um Høyland fyrr 1611, då Tormod var leiglending der. Han budde der og i 1614 og 1621. Leidangsboki 1624 melder at leidangen på Høyland var 9 mark smør og 1 geitskinn. Henrik betalte i 1635 garnisonsskatt for 1 laup 1 spann. Knut var leiglending då og i 1636 og hadde sonen Olav. I 1645 var enkja Astrid Holtesdr. brukar med sonen Holte og dotteri Åsa. Ho Astrid og Olav Knutson var brukarar i 1652. Vangskyrkja åtte då 1 laup 1 spann i Høyland. Olav er ført upp fleire gonger som einebrukar i tidi 1655-1670. Han hadde sønene Olav f. 1651 og Jakob og visstnok fleire born. Det heiter i 1661 og 1664 og seinare, at det er Vangens prestebol som eig 1 laup 1 spann i Høyland. Torbjørn var leiglending 1691 og 1695.

Jakob Olavson var leiglending i 1701. Han var fødd 1654, var son åt ovanfor umtala Olav Knutson, og hadde borni

--- side 409 ---

Styrk, Odd, Brita og Begga, og kann henda fleire. Styrk var f. 1688, g. 1730 med Ragnhild Bergesdr. Væte. Odd f. 1698 gifte seg 1716 med Marta Eiriksdr. Kvitno. Brita var g. 1714 med Johannes Sverkveson Gjerde. Begga gifte seg 1718 med Brynjulv Jørgenson Fenno f. 1690, skifte 1760. Han var g. 2. 1739 med enkja Brita Jonsdr. Kvitno. Brynjulv var leiglending på Høyland. Begga og Brynjulv sine born var: Lars f. 1721, Torbjørn f. 1723, båe døde utan etterkomarar, Sylfest f. 1725, g. 1756 med Anna Monsdr. Fletre og fekk gard på Fletre, Styrk f. 1727, Ingjerd f. 1730, g. 1751 med Åmund Nilsson Bø, Brita f. 1732, g. 1. 1755 med Halldor Eirikson Afdal, 2. med Lars Knutson Kvårmo, Afdal, Kristi f. 1735, g. m. Mons Olavson Bø.

Styrk Brynjulvson f. 1728, var g. 1. 1750 med enkja Ragnhild Nilsdr. Fletre, 2. 1778 med Jorunn Gusskalksdr. Endeve. Styrk og Jorunn hadde sonen Olav f. 1751. Han gifte seg 1782 med Synneva Larsdr. Endeve og bygsla Høyland i 1768 av Vangens prestebol. Seks born: Lars f. 1787, Styrk f. 1789, Brynjulv 1 1792, død ugift 1844, Gusskalk f. 1797, død 1846 ugift, Ragnhild f. 1783, g. 1824 med ekm. Brynjulv Halldorson Løno, Gjertrud f. 1800, g. 1835 med Endre Larsson Uppheim, Gullfj. Lars var med i krigen og døydde på Austlandet 1814. Namnet hans er på Veteranbautaen.

Styrk Olavson f. 1789, gifte seg 1828 med enkja Margreta Larsdr. Uppheim og døydde 1839. Han bygsla Høyland i 1826 av soknepresten. Ho Margreta var enkje etter Per Bårdson En. Tri born: Olav, Per og Lars. Per var f. 1831 og g. 1856 med Anna Jonsdr. Bergo. Lars var f. 1835. Olav var f. 1828, g. 1852 med Kristense Olavsdr. Afdal og døydde 1920. Han fekk kongeskøyte på Høyland i 1860 for 900 spd. og jordavgift, som han løyste med 246 spd. 50 skill. Olav var flink smed og laga seg mange slag verkty for ymse arbeid. Fire born: Margreta, Styrk, Kari og Olav. Styrk f. 1856, g. 1880 med Ingebjørg Ivarsdr. Grjotland, fekk farsgarden i 1890 for 2400 kronor. Han selde garden 1902 til Johannes P. Hylland for 6800 kronor, men etter odelssøknad fekk Ivar Styrkson Høyland skøyte på garden for 7000 kronor i 1905. Ivar er f. 1898, g. m. Synneva Askjelsdr. Øvsthus. Garden er i 1933 seld til Olav M. Steinsland som fyrr hadde gard på Gilbakken. Han er g. 1. m. Ågot O. Straume, død 1931, 2. 1934 m. Brita N. Gjerdåk.

--- side 410 ---

Høyland var fyrr mtrnr. 68, lnr. 142 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill., revidert 3 dalar 3 ort 17 skill. Ny skyld mark 4,73 etter at bruk 2-4 er skilt frå.

Bruk 2. Høyland. Skyld 53 øre. Skilt frå bruk 1 i 1876 og selt til Øystein Larsson Njøs for 400 spd. Han skøytte det til Lars, son sin, i 1916. Lars er f. 1877, g. m. Anna Nilsdr. Førde f. 1876.

Bruk 3. Øygard. Skyld 12 øre. Selt til Voss herad for 500 kronor.

Bruk 4. Utsikten. Skyld 7 øre. Skilt frå bruk 1 i 1930 og selt til Johannes O. Myklebust.

Husmenn.

Gusskalk Larsson f. 1761, g. m. Kristi Knutsdr. f. 1767 hadde plass på Høyland ikr. 1800. Tri born: Gjertrud f. 1796, Knut f. 1798 og Brita f. 1801. I 1865 var Anders Johannesson husmann f. 1794, død 1875, g. m. Ingebjørg Persdr. f. 1798, død 1872. Siste plasset ein no hugsar um, er Guroplasset innanfor gardshusi på stykket Husur'na. Ho Guro som budde der, var frå Vinjo, Vossastr.

Støl.

Støl er det ikkje nemnt um på Høyland i 1723. No har dei vårstølen Berge, som ligg uppe i lidi på berget Hallsteinsberg. Floren og løda der er bygde i 1777. Sumarsstølen heiter Løyning. Det er fortalt, at Tvinnane for lang tid sidan bygde stølshus på Brilset innanfor Løyning. Men det var Høyland som hadde beiteretten der, og dei Høyland sette eld på husi so Tvinnane laut flytta derifrå.

Kvern.

Kvern var det ikkje på Høyland i 1723, men i 1777 var det ei. Kvernhuset, som hadde årstalet 1779, vart rive i 1925.

Offentlege forretningar.

Åstads- og Synsforretning var halde 1749 vedkomande Høyland, Bergo, Afdal og Tvinno. Det er meir umtala på Tvinno. I 1759 var det sak millom Høyland og Tvinno. Godviljug utskifting var halde i 1861.

Bumerke.

Bumerke på Høyland. Brynjulv 1718-1734 tavle 4 nr. 42. I 1743, 1745 teikna han HB. Ivar 1783 IKH.