110. Hylle (med Lae).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 184 ---

Namnet Hylle vert i 1326 skrive i Hyllini. Det vert no sagt Hydlè2; han búr pao, è tao Hydlè, ska tì Hydlés, det er samansett av eit hill-, same ord som ei hylle og ein hjell, og vin (beite). Det andre namnet Lae er no namn på eit bruk av garden. Det vert i 1500-talet skrive Lade, og vert no sagt Laé2, han búr pao, è tao Laé, ska tì Laés, sms. Laés-stèttè. Etter den form namnet no har, må det koma av eit hlad-vin, gn. hlad n. (lad, mur, steinsetjing) og vin (beite).

Lae har vore eigen gard til 1862, då mannen på bruk 2 på

--- side 185 ---

Hylle kjøpte Lae og førde det saman med sitt bruk. Då Lae i det gamle matriklane vanleg var ført upp fyre Hylle, vil det same verta gjort her. Lae låg øyde i 1661 skriv landkommisjonen, men garden hadde vore i bruk frå 1563 og visst noko tidlegare. I matrikkelen 1723 er sagt at Lae hadde lege øyde i lang tid av di jordi var so ring. Anders Nedre Hylle åtte og brukte då Lae, som var på 1 laup. Der var ikkje kvern, skog eller humlagard. Fødnaden i 1657 var 1 hest 5 storfe og 2 smalar. I 1723 fødde dei 4 storfe og avla 4 tunnor korn. Skyldi er i 1777 og 1838 førd upp med ½ laup. Der var då turvande skog heiter det. Skyldi vart i 1838 umskrivi til 1 dalar 8 skill. Samanlikningstalet var 160 og der var skog til husbruk. I matrikkelen 1865 og seinare er Lae ført saman med Hylle bruk 2.

Mikkjel på Hylle var i 1563 brukar på Lae og betalte 1 dalar i skatt for det. Ivar budde der 1591. På Lae budde i 1611 Ivar og Gaute, Gaute i 1614, Laurits i 1621 og Knut i 1635, som hadde 3½ pund, men var fri garnisonsskatten av di han var so fatig. Leidangsboki 1624 melder at leidangen for Apostelgodset i Lae var 7 merker smør og 1 geitskinn, at der var god jord og at der budde mange folk. Bård Monsson g. m. Ingjerd budde der 1645, ei enkje i 1652, Per i 1655, Jon i 1657 og Per att i 1659. Både enkja og Per var fatige og fekk ettergjeve skatt. I 1661 var skyldi på Lae 1 laup og Per Torgilsson var brukar.

Mons Rekve åtte 1 laup 12 mark i Lae i 1621, Tomas Røte 1 laup og Nils Tren 2 pund i 1652 og Munkeliv 1 laup i 1659. Hermann Garmann fekk kongeskøyte 1662 på 1 laup som var munkelivgods. Klas Miltzow åtte ½ laup og ½ laup er ført under Apostelgodset i 1676. Han åtte den halve laupen ogso 1691 og Knut var brukar. Ryttarskatten var 12 skill. Ingjerd Miltzow var eigar av Lae i 1695 og Laurits var brukar. Folketeljingi 1701 har på Lae berre husmannen Styrk Larsson, 49 år og sonen Arne 14 år. Styrk vart gift 1714 m. Brita Sjursdr. Grjotland.

Skyldi er i odelsskattemanntal 1714 1 laup som Torgeir åtte og brukte. Han er umtala på Hylle. Etter Torgeir hadde Torbjørg, enkja hans, garden til dess Anders Andersson tok han i bruk umlag 1720. Anders hadde i 1712 kjøpt ½ laup i Lae. Han var frå Nedre Graudo f. 1686 og gifte seg 1718 m. ek. Torbjørg Rasmusdr. Rokne. Ho hadde fyrr vore gift m. ekm. Torgeir Sjurson Nedre Hylle. Anders var gift andre gongen 1733 m. Kari Henriksdr. Opeland og døydde 1760. Ho Kari

--- side 186 ---

gifte seg upp att 1761 m. Lars Ivarson Norheim, som vart gift andre venda 1789 m. Gjertrud Andersdr. Giljarhus og døydde 1799.

Mons Larsson kjøpte 1708 153/10 mark i Lae og hadde det og i 1750, men har visst ikkje brukt garden. Johannes Torgeirson f. 1713, son til Torgeir og Torbjørg Hylle, kjøpte i 1750 ½ laup i Lae av ervingane etter skiftebrev 1728 og 1733 for 30 rd. Johannes budde på Lae til han døydde ugift 1773. Torbjørn Brynjulvson Store Rokne kjøpte då 1 pund 9¾ mark i garden, men let att til Åmund Torgeirson. Han var g. m. Barbrå Nilsdr. og dei fekk på Lae sonen Torgeir f. 1776.

Åmund selde att 1780 1 laup til Anders Sjurson, som var g. m. Ingebjørg Andersdr. og døydde 1784, 37 år gl. Ved skifte etter han åtte buet 2½ pund i Lae, taksta 250 rd. Bruttomidelen var 250 rd. Krigsråd Fleischer fekk utlagt jordgodset. To born: Kristi f. 1778 og Marta f. 1782. Ho Ingebjørg gifte seg uppatt 1790 m. Askjel Nilsson Gjerdåk, som kjøpte av Fleischer og ervingane etter Anders tilsaman 1 laup i Lae. Askjel døydde utan etterkomarar 1792, og ho Ingebjørg 1806. Kristi, dotter hennar, var då g. m. Knut Brynjulvson Davidhaug.

Åmund Johannesson, husmann i Moatròæ på Mo'o i Granvin, kjøpte Lae i 1793 av ervingane etter Aslak. Åmund var f. 1760, g. m. Torbjørg Larsdr. Dei fekk på Lae tri born: Johannes f. 1791, Lars f. 1795 og David f. 1800. Åmund bytte i 1803 med Knut Larsson uti hans bruk på Øvre Himle, der Åmund vart buande. Knut stemnde han Åmund i 1804 for at han hadde teke burt eit kvernhus som han etter makeskiftebrevet ikkje hadde rett til. Dei vart samde soleis at Åmund skulde betala 2 rd. til Knut. Knut selde alt i 1804 til Knut Andersson Bruen for 550 rd. Han var g. m. Gjertrud Oddsdr. og døydde barnlaus 1826, 77 år gl.

Knut selde Lae i 1812 til Knut Isakson Leiddal. Han gifte seg 1819 m. Guro Davidsdr. Hustveit, farsyster åt ordførar David Hustveit. Som militær er Knut skriven for Vike og har i 1817 fått vitnemål um at han hadde tent 12½ år som soldat i Vossiske kompani og var i 1813 førd over til landevernet. Han fekk i 1820 dotteri Guri som gifte seg 1847 m. Knut Andersson Tverberg f. 1824. Dei fekk garden hjå far hennar og budde der til 1862, då dei selde til Johannes Davidson Hylle. Lae vart då ført saman med bruk 2 Hylle. Knut og Guro kjøpte seg gard på Graudo.

--- side 187 ---

Nedre og Øvre Hylle.

I 1661 har landkommisjonen ført upp Øvre og Nedre Hylle kvar for seg. Munkeliv åtte 2 pund 20 mark i Øvre Hylle og Torbjørn 1 laup 32 mark. Han hadde bygsleretten til alt. Magne var brukar og betalte 3½ rd. 8 skill. i skatt. Eigarane i Nedre Hylle var Munkeliv 1 spann, bondegods 1 spann og Vangskyrkja 2 laup. Sjur var leiglending og skatta 3½ rd. 1 ort. Vedaskog og humlagard var det på båe gardane. Matrikkelen 1723 melder um Øvre Hylle at brukaren Jon åtte garden som var på 2 laup 28 mark og var førd upp under Apostelgodset.

Der var litt vedaskog og humlagard. Jordi var turr, noko skarp og misleg til kornavling.

I Nedre Hylle åtte Vangskyrkja 2 laup, som Anders brukte og han åtte dessutan ½ laup i garden, alt ført upp under Apostelgodset. Jordi var ring. I 1777 og 1838 var skyldi på Nedre Hylle 2 laup og på Øvre Hylle 2 laup. Det var turvande skog i 1838. Skyldi vart då umskrivi til 7 dalar 4 ort 18 skill på heile Hylle og samanlikningstalet var 1200.

Matrikkelen av 1865 fører upp 29 mål åker, 3½ mål dyrka eng, 30 mål god, 32 mål medels natureng og 59 mål skrapebø. Medels hamnegang for Hylle, men Lae hadde ikkje sumarhamn. Der var vedaskog til husbruk og timber kunde seljast årleg på bruk 1 for 18 spd. og på bruk 2 for 24 spd. Bruk 1 var tungbrukt og bruk 2 var so medels. Båe bruki var dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var det 29 mål åker, 52 mål kunsteng og 8 mål natureng.

Folketalet på Hylle med Lae var 20 i 1801, 25 i 1865 og 21 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Hylle.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 24 20
1723 2 23 24 36
1865 2 ½ 22 48 73 57 ½
1918 6 19 35

Brev frå 9. juni 1326 (DN. I. nr. 187) fortel at Halldor Duk gav Gulbrand Peterson på Finne eit sverd med tilhøyrsle mot

--- side 188 ---

3 mmb. i Hylle. Sju menn kunngjer 1339 (DN. II. nr. 231) at Sørkver Ormson førde vitne mot stykmor si, Ingegerd Torgautsdr., enkja etter Orm Kafle, um vilkåri for at ho skulde få bruka garden Hylle. Eit anna brev skrive på Hylle 6. april 1339 (DN. IL nr. 232) har melding frå 12 menn um at Sørkver Ormson førde vitne for at han hadde fullmakt frå Hallstein, halvbror sin, til å stemna stykmori si for at ho skulde ta imot løysningssumen. Ho hadde vedgjenge at brørne hadde rett til å løysa inn garden Hylle på Voss.

Ingegerd Torgautsdr. har vore andre kona åt Orm (Borgarson) Kavle som budde på Graudo og er umtala der. Sørkver er son deira. Med fyrste kona si har Orm havt sonen Hallstein. Sume meiner at det gamle Hylle skal vera skift millom Ingegerd og Sørkver og at eine parten vart kalla Bokkatun og den andre har ei tid vore kalla for Kavletun (Kabletun), sjå nedanfor. Ætti Bukk eller Bokke som samstundes budde på Finne, hadde eigedom på Hylle, og Bokkatun har truleg fått namnet etter dei. 29. juli 1564 er skrive eit brev på Vangen (DN. IX nr. 790) som melder at Gyrid og Sigvor Ivarsdøtter kjøpte av systri Gunnhild jordgods i mange gardar og derimillom 4 mmb. i Hylle i Kabletun, Bøjar åttung, som Sigvor vart eigar av.

Det var to leiglendingar på Hylle i 1521: Jorunn som betalte 2½ mark i skatt, 6 lodd 1 kvintin sylv og 1½ mark 4 skill. i breffbrot og Torgis med skatt 4½ lodd sylv og 1 lodd sylv 7 mark i breffbrot. I 1563 var det og to brukarar: Mikkjel og Daniel, som kvar betalte 1 dalar i skatt. Berre ein brukar, Sjur, er skriven i 1591. Gyrvild Fadersdr. (Gyldensparre) selde 1582 til kongen 6 laup på Hylle av Finnegodset.

Laurits var leiglending 1603. I 1611 var det Sjur, Laurits og Magnus. Laurits åtte då ½ spann og Magnus 3 spann. Magnus vart utskreven med byrse og sverd til Svinesund i 1614. Leiglending var då Mons Kåretun. Ivar var brukar i 1621. Ei enkje på Hylle åtte då 1 spann i Hylle, 1 spann i Repål, 1 spann i Hagen i Ulvik og 13 mark i Ygre. Leidangsboki for 1624 over Apostelgodset melder at det var leidang på to bruk på Hylle, 1 pund smør og 1 bukkskinn på det eine med Laurits som brukar og 1 spann smør 1 bukkskinn på det andre, der ei enkje var brukar. Jordi var «temmelig til avl» står det. Ryttar skatt vart 1627 lagt på 1½ laup med 3 dalar 1½ ort.

Sverkve Bø åtte 1½ spann i Hylle og Anna Flògo og borni

--- side 189 ---

hennar 1 spann. Torbjørn og Lasse brukte 2½ laup kvar i 1635. Torbjørn betalte 1½ ort 4 skill. i garnisonsskatt og ½ dalar i pendingskatt. Lasse var so fatig at han slapp skatta. Torbjørn Ivarson, g. m. Ingebjørg, er ofte nemnd som brukar på Øvre Hylle til 1661. På Nedre Hylle var i 1645 Lasse Knutson g. m. Marta. Dessutan budde då på Hylle tenestgjenta Andgier, enkja Ingebjørg og husfolki Nils Olavson, g. m. Mari. Sjur Torgeirson er førd upp som leiglending på Nedre Hylle fleire gonger 1652-1664.

Folkvard Broderson har 1649 late noko Munkelivsgods i Øvre Hylle og noko i Nedre Hylle til kongen ved makebyte.

Eigarar var i 1652 av Øvre Hylle F. Broderson 2½ pund 7½ mark og Torbjørn 1 laup 1 spann 14½ mark. I Nedre Hylle åtte Vangskyrkja 2 laup og F.Broderson 2 spann. Dessutan åtte Torgeir Helland, Bord., 1 spann i Hylle. Likeins var det i 1655 med den skilnad at F. Broderson åtte 1 spann i Nedre Hylle. I 1659 var det som i 1655, men Munkeliv hadde kjøpt F. Broderson sitt jordgods. Landkommisjonen skriv i 1661 at skyldi på Øvre Hylle var 2 laup 28 mark. Munkeliv åtte 2 pund 20 mark, med Magnus Nilsson som brukar og Torbjørn åtte 1 laup 32 mark. Torbjørn hadde bygsleretten til alt. Nedre Hylle var på 2½ laup. Munkeliv åtte 1 spann med Sjur Torgeirson som brukar, Vangskyrkja 2 laup og 1 spann var bondegods. Vangskyrkja hadde bygsleretten til alt. Hermann Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 1 laup i Øvre Hylle og 1 spann i Nedre Hylle som høyrde til Munkelivgodset. Klas Miltzow kjøpte det same året. I 1660 er nemnt at Torleiv Hylle fekk avskil som soldat.

Skyldi på heile Hylle er 1664 førd upp med 4 laup 2 pund 18 mark og brukarane då og i 1670 var Sjur Torgeirson og Magne Nilsson. Odelsskattemantalet 1676 og 1680 har som eigarar Klas Miltzow av 1 laup i Øyre og 1 spann i Nedre Hylle. I 1691 var Klas Miltzow eigar av 1 laup i Øvre Hylle med Eirik som brukar og Vangskyrkja åtte 1 laup, der Hallvor var brukar. I Nedre Hylle åtte Klas Miltzow 18 mark, Hr. Per Finde 1½ laup og brukaren 18 mark. Sjur brukte alt og betalte 1 dalar 4 mark 8 skill. i odelsskatt og 3 mark i ryttarskatt. Matrikkelen 1695 har som eigarar på Øvre Hylle Eids kyrkja 1 laup, Ingjerd Miltzow 1 laup med brukar Hallvor. På Nedre Hylle var eigarane Ingjerd Miltzow av 18 mark, Henrik H. Miltzow

--- side 190 ---

2 laup og brukaren Sjur 18 mark. Dette stemmer ikkje med heile skyldi som samstundes er førd upp med 2 laup.

Folketeljingi 1701 har som leiglendingar på Øvre Hylle Hallvard Olavson, 61 år, Olav Andersson, 55 år med sonen Odd, 29 år. På Nedre Hylle var det Torgeir Sjurson, 43 år. Etter matrikkelen 1714 var eigarar av Øvre Hylle Laurits Miltzow 1 laup 28 mark, Håvard Brekke i Hardanger ½ laup og brukaren Jon ½ laup. Heile skyldi er då førd upp med 2 laup 28 mark. Skyldi på Nedre Hylle var då 2½ laup. Derav høyrde til Vangskyrkja 2 laup og til brukaren ½ laup. Namnet hans står ikkje.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Hylle. Det er vanleg skrive for Nedre Hylle i eldre tid. Sjur Torgeirson nemnd ovanfor døydde 1697. Han åtte i 1682 1 pund i Eide og 4 mark i Ygre og har fleire gonger vore lagrettemann 1668-1671. Ved skifte etter Sjur er umtala seks born som alle var gifte: Torgeir, Ivar, Torgis, Gjertrud, g. m. Olav Torbjørnson Bokkatun, Ågota og Guro. Dei to sistnemnde var døde og det var 4 born etter kvar. Buet åtte ½ laup i Olde og ½ pund i Eide. Torgeir, Ivar og Torgis fekk kvar ½ pund i Olde og Gjertrud ½ pund i Eide. Ivar f. 1661 var g. m. Eli Andersdr. og budde på Helleve. Torgis f. 1668 gifte seg andre gongen m. Sigrid Olavsdr. Uppheim, Vestb. og var leiglending på Melve.

Torgeir Sjurson f. 1658 var g. fyrste gong truleg med Åsa, enkja etter Odd Ivarson Klyve, og andre gongen m. Torbjørg Rasmusdr. Rokne f. 1675 og døydde 1716. Ho Torbjørg gifte seg uppatt 1718 m. Anders Andersson Nedre Graudo f. 1686. Han gifte seg att 1733 m. Kari Henriksdr. Opeland og døydde 1760. Kari vart so gift 1761 m. Lars Ivarson Norheim, som i 1789 gifte seg med Gjertrud Andersdr. Giljarhus. Torgeir var brukar på Nedre Klyve i 1695 og åtte 9 mark i den garden. Ved skifte etter Torgeir 1716 åtte dette buet 1 spann i Nedre Hylle etter skøyte 1699 frå Ingjerd Lauritsdr. Mosafinn (Miltzow) og ½ laup i Lae med bygsel etter same skøyte, taksta tilsaman 39 rd. Buet åtte vidare 1 spann i Nedre Hylle, som etter segni skulde vera kjøpt av Svein Olavson Bokkatun, og 5 mark i Mæringi. Bruttomidelen var 227 rd. Derav sylv for 12 rd. 88 skill. Dette var eit sylvbelte 9 rd. to ringar, ei skeid og eit signet.

--- side 191 ---

Torgeir hadde med Åsa sonen Odd f. 1681 og med Torbjørg Brynjulv f. 1694, Sjur f. 1698, Viking f. 1700, Andri f. 1703, Ragna f. 1708 og Johannes f. 1713. Odd gifte seg 1711 m. Brita Eilivsdr. Brekku og vart buande på Brekku, Gullfj. Brynjulv vart gift 1719 m. Kristi Knutsdr. Finne og vart buande på Rokne. Viking vart g. 1. 1720 m. Kari Andersdr. Nedre Graudo, 2. 1755 m. Marta Gitlesdr. Nedre Auro og var leiglending på Øvre Rykke. Ragna gifte seg fyrst 1727 m. Mons Bjarneson, leiglending på Bokkatun og andre gongen 1754 m. Halldor Knutson Rokne.

Anders Andersson Graudo bygsla Nedre Hylle etter Torgeir og kjøpte 1736 ½ laup i garden av Mons Bokkatun og Olav Auro. Knut Nilsson Bokkatun stemnde Anders til tings i 1784 for di han hadde skulda kona hans Knut for at ho skulde ha klypt rumpehåri av krøteri hans Anders og andre samstundes med sine eigne. Anders kunde ikkje skaffa prov for skuldingane sine og vart dømd til å be kona um tilgjeving og skulde bøta 24 rd. og betala 3 rd. i sakskostnad. Det vart upplyst at dei vanleg laga seg mjølkesil av rumpehåri. Etter påbod av 1713 skulde dei som klypte av andre sine krøter dømast til høgste straff. Ved skifte etter Anders i 1761 kjøpte kancelliråd Fleischer den halve laupen i garden som Anders hadde ått. Anders var nok for retten nokre gonger til. Ein gong for di han var komen full inn i retten og gjorde uppstyr medan saki hans var fyre. Det var fem born etter Anders: Anders som døydde som soldat i Holstein, Henrik f. 1743, g. 1784 m. Gjertrud Sjursdr. Brurestolen og budde i Brurestolen, Eli f. 1748, g. 1769 m. Sjur Sjurson Kvitno, husmann i Tymbraodlæ under Bokkatun, Gudleik f. 1750, Brita f. 1753, g. m. ryttar Knut Knutson Kinne, som budde på Vangen i 1788.

Fyrr nemnde Lars Ivarson bygsla Nedre Hylle etter Anders og døydde 1799, 74 år gl. utan etterkomarar. Gjertrud, enkja etter Lars, hadde garden til 1809, då ho døydde 59 år gl. utan born. På vegne av Vangskyrkja ervefeste so Fleischer bruk 1 i 1809 til Jon Andersson mot årleg avgift 30 rd. og skøytte sin halve laup i garden til son sin, Johan Fleischer. Jon var f. 1769, g. 1810 m. Brita Knutsdr. Opeland og døydde 1840. Tri born: Johannes f. 1810, Anders f. 1815, g. 1843 m. Marta Persdr. Høyland, Knut f. 1817, g. 1844 m. Sigvor Andersdr. Lid, Kv. og reiste til Amerika.

Enkja etter Jon hadde garden til 1845 då Lars Olavson pakta

--- side 192 ---

og kjøpte han i 1864 for 1800 spd. Lars var f. 1820, g. 1842 m. Gjertrud Torbjørnsdr. Rene og døydde 1900. Åtte born: Olav, Anna, Torbjørn f. 1845, Kristi, Synneva, Ingebjørg, Knut f. 1855 og Gjertrud. Anna f. 1847 gifte seg m. Lars Knutson Ygre og døydde 1878. Kristi f. 1849 vart g. m. Nils Styrkson Fjose, gardmann på Nyre. Synneva f. 1851 gifte seg m. gardmann Lars Person Bø. Ingebjørg f. 1854 døydde 1871. Gjertrud f. 1858 vart gift til Skutle med Kolbein Kolbeinson. Olav f. 1842, g. m. Ingjerd Sjursdr. Endeve fekk farsgarden i 1885 for 4000 kronor. Han var snikkar og var ei tid saman med Nils Norheim um handel med hellor. Born: Sjur, Nils, Knut, Ingebjørg, Ingjerd, Gjertrud. Nils fekk garden i 1903 for 8400 kronor. Han er f. 1872 og g. m. Marta Sjursdr. Lid, Kv.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 111, lnr. 219 med gamal skyld 2 laup, urevidert 3 dalar 4 ort 21 skill., revidert 3 dalar 3 ort 17 skill. Ny skyld mark 5,45, sett ned til mark 4,35 etter at bruk 5 er skilt frå.

Bruk 2. Hylle. I eldre tid er det vanleg skrive for Øvre Hylle. Hallvard Olavson f. 1640 var som ovanfor meldt leiglending på Øvre Hylle i 1701, og åtte ½ laup i garden. Det selde han i 1721 til Jon Olavson. Hallvard sa upp bygsli si i 1713 so Jon skulde få den og Hallvard fekk til kår 1 såld «saasæd», eit kyrafoster og to smalafoster solenge han og kona hans levde. Når den eine døydde, skulde det vera 4 askar «saasæd» og eit kyrafoster. Jon hadde i 1709 kjøpt 1 laup. Han var gift andre gongen 1711 m. Magli Andersdr. Skutle, som døydde 1741. Jon døydde 1757, 90 år gl. og hadde sonen Olav f. 1712. Han gifte seg 1736 m. Guri Nilsdr. Bokkatun og døydde 1744. I 1737 bygsla han 2 pund 3 mark i bruk 2 av Ingjerd Raustad, fekk skøyte hjå far sin i 1741 på ½ laup og let han få kår. Olav døydde 1744, åtte då 1 laup og hadde tri born: Guro f. 1736, g. 1763 m. Mons Larsson Fenno, Per f. 1739 og Eiliv f. 1742, g. 1773 m. Ragnhild Larsdr. Endeve. Ho Guri gifte seg uppatt 1754 m. Olav Arneson Tren. Dei fekk ved skiftebrev 1744 og skøyte frå Olav N. Tren tilsaman 1 laup 14 mark i garden. Olav Arneson døydde 1777, 69½ år gl. og Guri, kona hans, 1778, 68½ år gl. Då åtte dei 2 pund 2 mark i garden og hadde sonen Olav f. 1750, som 1777 vart g. m. Marta Monsdr. Nesthus.

Per Olavson nemnd ovanfor g. 1778 m. Magli Styrksdr. Hæve fekk i 1764 frå medervingane sine skøyte på 1 laup og kjøpte

--- side 193 ---

noko i 1777. Dette var truleg dei 2 pund 2 mark som Hans Rødberg selde i 1724 til Olav Mosafinn. Assessor v. d. Lippe kjøpte det 1728, kancelliråd Fleischer i 1753 og Olav Sjurson i 1755, som må ha selt det 1777 til Per. Han vart eigar av ialt 2 laup 28 mark i garden, men selde det 1781 til Knut Erlingson Nedre Skutle og flytte til Skutles. Knut var g. 1. 1750 m. Ingebjørg Hefte, 2. 1768 m. Marta Torbjørnsdr. Rogne. Ho døydde 1782 og han 1785, 64 år gl. Ved skifte etter han er jordgodset taksta 690 rd. Bruttomidelen var 1231 rd. Dei hadde fire born: Erling f. ikring 1769, Ingebjørg f. ikring 1773, Barbrå f. ikring 1775 og Kari f. ikring 1778. Garden vart seld på auksjon i 1786 til David Brynjulvson Øvre Graudo.

David Brynjulvson gifte seg 1792 m. Brita Torsteinsdr. Nedre Kyte og døydde 1804, 47½ år gl. Ho gifte seg att 1807 m. Knut Sjurson Vinjo, som døydde 1836, 60 år gl. Det er fortalt at då David kom til auksjonen på Hylle, var stova fullpakka med folk. David kraup då upp på stovetaket, baud på garden gjenom ljoren og fekk tilslaget. Fire born: Ingebjørg f. 1793 død ugift, Ingjerd f. 1796, g. 1. 1821 m. Anders Mikkjelson Brekku, 2. 1823 m. Knut Vikingson, gardmann på Nedkvitno, Kari f. 1799, g. 1827 m. Styrk Larsson Lemme, gardmann på Brattåker, og Brynjulv f. 1802.

Ho Brita hadde med Knut to born: David f. 1808 og Sjur f. 1811. David gifte seg 1843 m. Marta Larsdr. Skjerven og vart farmar i Amerika. Sjur vart gift 1838 m. Ingebjørg Persdr. Vinjo umtala på bruk 1 på Bø (andre tunet).

Brynjulv Davidson f. 1802 vart g. 1830 m. Ingebjørg Johannesdr. Møn. Ho var av Losnaætt (Sjå Kindem: Losnaætti på Voss nr. 583). Brynjulv fekk i 1826 skøyte på garden frå stykfaren. Brynjulv døydde 1838 og Ingebjørg 1873. Dei hadde to born: Ingjerd og Brita. Brita var f. 1834 og g. m. Brynjulv Eirikson Øvsthus, gardmann på Melve.

Ingjerd Brynjulvsdr. f. 1832, gifte seg 1853 m. Johannes Davidson Klyve og døydde 1871. Han gifte seg andre gongen 1872 m. Arngunna Eiriksdr. Øvsthus. Ingjerd fekk halve garden 1839 ved skifte etter faren, og mor hennar skøytte den andre halve til dei i 1856. Ved skifte 1872 var garden deira med Lae taksta 1000 spd. Johannes var med i skulestyret og heradsstyret og mykje brukt som takstmann. Johannes og Ingjerd hadde seks born: Brynjulv, Ingjerd d. e., Ingebjørg, Brita,

--- side 194 ---

David og Ingjerd d. y. Med Arngunna hadde Johannes borni Guro, Eirik, Marta, Anna og Arngunna. Ingjerd d. e. f. 1854 var g. m. Isak Knutson Ygre. Ingebjørg f. 1856 gifte seg m. Brynjulv Johannesson En. Brita f. 1870 er diakonisse. David f. 1863 døydde 1897 i Amerika. Ingjerd d. y. f. 1871 er g. m. Ivar Eirikson Norekvål. Guro f. 1873 er i Amerika. Eirik f. 1874, død 1904, var g. m. Kristi Vikingsdr. Urdland. Marta f. 1877 er g. m. Isak Halleson Gjelle. Anna f. 1879 er g. m. Brynjulv Andersson Vinjo. Arngunna er f. 1883.

Brynjulv Johannesson f. 1853, g. m. Synneva Andersdr. Nedre Kyte fekk farsgarden i 1873 for 1000 spd. Deira son Johannes f. 1879, g. 1914 m. Brita Hallesdr. Gjelle fekk garden i 1929 for 5000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 111 lnr. 220 med gamal skyld 2 laup, urevidert 3 dalar 4 ort 21 skill. Lae var mtrnr. 110 lnr. 218 med gamal skyld ½ laup, urevidert 1 dalar 8 skill. Revidert skyld på bruk 2 med Lae var 5 dalar 1 ort 1 skill. og ny skyld mark 7,59, sett ned til mark 5,79 då bruk 6 var skilt frå.

Bruk 3 skilt frå bruk 1, og bruk 4 skilt frå bruk 2, med skyld mark 1,10 kvar er ført saman med Bømoen, gardsnr. 92 bruk 5.

Bruk 5. Bømoen. Skilt ut frå bruk 1 i 1907 med skyld 1 øre. Eigar er militæretaten.

Bruk 6. Utskilt frå bruk 2 i 1910 med skyld 70 øre og oreigna til jarnbanen. Olav O. Frivold fekk i 1909 kjøpa 424 rutemeter av dette bruket.

Bruk 7. Sævik. Skilt frå bruk 6 med skyld 3 øre og selt til baneformann Sævik.

Bruk 8. Tjukkebygdi Telefonautomat. Skilt frå bruk 2 og av gardsnr. 111 bruk 1 i 1930 med skyld 1 øre. Rikstelegrafen er eigar.

Bruk 9. Seierstad. Skyld 4 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1933. Handgjeve 1933 til Odd D. Klyve og fleire.

Bruk 10. Rynningen. Skyld 15 øre. Skilt ut frå bruk 2 i 1834. Knut B. Hylle er eigar.

Husmenn på Hylle.

Styrk Larsson var som fyrr nemnt husmann på Lae i 1701. På Hylle er då ført upp Anders Helgeson, 13 år. Faren var husmann, og må vera død nyleg. I 1723 var der ingen husmann.

--- side 195 ---

Mons Kåreson vart i 1766 dømd for tjuvri av ein hest og to andre tjuvri til å betala dobbelt upp det han hadde stole. Han skulde dertil «stryges til kagen og bære tyvsmerket på panden.» Halve buet hans skulde gå til kongen. Det var upplyst at Mons åtte ikkje noko anna enn dei usle fillone han gjekk i. Brynjulv Steffason, g. m. Ingebjørg Knutsdr. var husmannsfolk og fekk i 1825 dotteri Synneva. Nils Johannesson Tveiti f. 1830, g. 1862 m. Gudve Olavsdr. Fenno hadde plasset Hydleshagen hjå bruk 2. Seinare var han husmann på Nedre Fenno. Eldste sonen Olav f. 1862 vart gardmann på Fenno. Andre sonen, Johannes, f. 1868, g. m. Marta O. Moen var skreddar, budde på Vangen og er død.

Kvern.

På Øvre Hylle var i 1723 ei flaumkvern, men ingi på Nedre Hylle eller Lae. I 1776 og 1791 var det to kvernar på Hylle. Dei to bruki på Hylle har kvar si kvern i Ygresgilæ, men dei har ikkje vore i bruk på lang tid.

Støl.

Lae og dei to bruki på Hylle hadde i 1723 stølar ½ mil burte. Hylle har no vårstøl på Gilset og sumarsstøl på Nyestødl'n, båe på Hòraldsdalen.

Ymse.

David Brynjulvson selde i 1796 skogteigen Kavleteigen, som ligg utanfor Skiple, til Lars Eilivson og Anna Olavsdr. Store Skiple. Det er fortalt at fyrr Knut S. Vinjo kom til Hylle budde der to enkjor. Mons Bokkatun paste då på og gjerde inn noko i stølsmarki Hòraldsliæ, som var sameigneteig for Hylle og Bokkatun. Då Knut kom til Hylle, gjerde han inn Hydleshagen av sameigni i heimemarki som vederlag.

Offentlege forretningar.

På Lae var forretning 1729 og odelssak 1730. I 1733 hadde ein av brukarane på Hylle odelssak um Rokne. På Hylle var utskifting 1886, overutskifting 1888 semje 1922 um lægjing av Bøløkjen, og semje 1910 med militæretaten um skjotebane. For bruk 1 var oreignstakst 1897 på Bømoen og gjerdeskyn 1903 mot Bømoen. Bruk 2 gjorde i 1906 semje med militæretaten um veg.

Bumerke.

Torgeir 1709, 1711 og 1714 tavle 5 nr. 71. Hallvard 1712 t. 5 nr. 72. Jon Øvre H. 1727 t. 5 nr. 73. Anders 1736, 1747 t. 5 nr. 74. Olav 1742 t. 5 nr. 75. Olav Arneson t. 1 nr. 49. Olav mange gonger 1754-1769 t. 1 nr. 49. Lars 1764 t. 5 nr. 76. Mykje brigda på ymse måtar 1766-1786. Åmund Lae 1778 t. 5 nr. 77. Knut Erlingson 1784 t. 5 nr. 28.