215. Jerald.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 329 ---

Namnet vert i 1563 skrive Jerdall, i 1610 Joerdall, i 1695 Jarald. Det vert no sagt Jèrald2 (i Hardanger: Jarald); han búr pao, è tao Jèrald, ska tì Jèralds, sms. Jèralds-kleivané. Namnet må vera avleidt av gn. jaðarr m. (jar, kant), eit namn som synest høva godt på lendet der. Dertil kann ein tenkja seg at elvi der har vore kalla Jaðra og dalen Jaðardalr eller Jọðrudalr (jfr. formene frå 1563 og 1610). Den formi Jèrald, som no er brukt, kann då anten vera avleidt med endingi -ald (jfr. stølsnamn som Kyrald, Horald) av Jaðarr, eller umlaga av Jaðardalr.

Jerald hadde 1661 og 1723 7 spann i skyld og to brukarar. I 1661 er sagt at der var vedaskog og 1723 at der var skog til husbruk og brensel. Det var god fjellgard heiter det. Skyldi var 2 laup i 1777 og vart 1838 umskrivi til 9 dalar 2 ort 18 skill. Der var turvande fureskog, rikeleg vedaskog og vassfall. Samanlikningstalet var 1440.

I matrikkelen 1865 er ført upp 49¼ mål åker, 2 mål dyrka eng, 49¾ mål god, 49 mål medels natureng og 91 mål skrapebø.

--- side 330 ---

9 mål var skikka til dyrking. Bruk 2 hadde medels vårhamn men ikkje sumarhamn. På dei andre bruki var det medels hamnegang. Alle hadde skog til husbruk. Garden var tungbrukt og mindre godt dyrka so nær som bruk 1. Det var dyrka som vanleg. Kornet fraus sume tider. I 1918 var der 37,3 mål åker, 27 mål kunsteng og 41 mål natureng.

Folketalet var 38 i 1801, 43 i 1865 og 47 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Jerald.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   13   12          
1723 2   18   24   20      
1865 5   40   95   118 ½ 84  
1918 7   26   64          

Halldor budde der 1563. Sonne er ofte skriven som leiglending 1591-1621. Han åtte ½ laup i 1611, 1614 og ½ laup 6 mark på Rjodo i 1621. Eirik var husmann eller øydegardmann i 1611 og vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Leidangen var 1624 etter leidangsboki 12 merker smør og 1 bukkskinn. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 1 spann med ½ dalar 6 skill.

Olav er ofte umtala som leiglending 1621-1659. I 1645 står det um Olav Larsson, at han var g. m. Ragnhild og hadde borni Torgis og Marta. Olav åtte 1652 1 pund på Rjodo, og i 1655 og 1659 9 mark på Vetla Rokne og 1 laup på Rjodo. Jerald var Apostelgods 1652 og 1661. Arve Olavson var leiglending 1661 og 1664 og hadde styksønene Odd f. 1649 og Eirik f. 1651.

Peter Reedtzs fekk 1655 kongeskøyte på 2 spann Apostelgods på Jerald. Per Andersson var 1676 eigar av 1 laup 3 spann, som ervingane hans åtte 1680. Lagmann Coch åtte garden i 1691. I 1695 åtte Hans Akselson 1 laup og brukaren Berge 1 laup. Odd Sonve var 1614 og 1723 eigar av 31½ mark og brukarane av resten. Eirik og Berge var brukarar 1691 og Berge 1695. I folketeljingi 1701 er ført upp som brukarar enkja Anna Olavsdr. og odelsbonden Berge Larsson f. 1660.

--- side 331 ---

Anna var enkje etter Eirik Olavson. Han kjøpte 1698 2 pund 6 mark av Idevart Hansson og 1699 9 mark av Berge Larsson. Eirik døydde 1699 og hadde dotteri Kari, som vart g. m. Odd Sonve. På skiftet etter Eirik vart jordgodset skift millom enkja og dotteri, so kvar fekk 1 spann 13½ mark. Anna gifte seg att med David Nilsson, som då vart brukar. Han var 1723 lagrettemann ved matrikuleringen. Odd Sonve vilde 1726 driva David frå garden og sådde til åkeren hans


Jerald
Bilete 39. Jerald. Fot. P. Braaten 1937.

David. Det vart sak, og domen gjekk ut på at David skulde få ha garden og skulde hausta det som Odd hadde sått til. Anna døydde 1723. Dei åtte då 2 pund 6 mark i Jerald og 9 mark i Jeraldstveiti. David gifte seg att 1724 m. Brita Eiriksdr. Stora Saude.

Odd Sonve skøytte 1727 1 pund 22½ mark på Jerald med Jeraldsteigen til Eirik, son sin, for 100 rd. Eirik gifte seg 1729 m. Ingjerd Knutsdr. Raustad og fekk fem born: Klas f. 1730, Anna f. 1732, g. 1752 m. Olav Person Glymme, som budde fyrst på Finne og sidan på Hæve, Brita f. 1734, g. 1764 til

--- side 332 ---

Fære med Nils Torsteinson, Kari f. 1736, g. 1764 m. Olav Herlaugson Vinjo, umtala på Jeraldstveiti og Nils f. 1746. Eirik var lagrettemann i 1739. Ingjerd døydde 1770, 60 år gl. og Eirik 1775, 74½ år gl. Ved skifte etter Ingjerd åtte dei 1 pund 18 mark på Jerald, 4½ mark på Jeraldstveiti, verdsett tilsaman 403 rd. Dei åtte og ½ laup 6 mark på Meland i Holbygdi, 2 pund 19½ mark på Finne og 3 spann på Mestad i Teigdalen. Bruttomidelen var 1349 rd.

Nils Eirikson fekk 1775 skøyte frå far sin på 1 pund 18 mark i Jerald, 4½ mark i Jeraldstveiti for 405 rd. og 16½ mark på Jerald som faren hadde fått etter lagtingsdom 1728. Nils døydde 1832 som kårmann på Stora Rokne utan etterkomarar. Klas, bror hans, hadde hjå foreldri fått deira eigedom på Meland og budde der ei tid. Han gjorde krav på eigedomen på Jerald. Etter heimtingsdom av 1779 fekk han skøyte på 2 pund 15 mark på Jerald. Klas var f. 1730, g. m. Synneva Herlaugsdr., og fekk døtterne Ingjerd og Marta f. 1777, g. 1804 m. Åmund Gusskalkson Vinjo som budde på Meland. Synneva døydde 1792, 59 år gl. og Klas 1806. Ingjerd vart g. 1790 m. Svein Larsson Rong, som 1791 fekk skøyte frå far hennar på 1 pund 7½ mark. Svein kjøpte og 1 pund 7½ mark i 1795 med plasset Jeraldstveiti av Per Halldorson Kyvingen. Framhald bruk 1.

Berge Larsson var som fyrr nemnt brukar frå fyre 1691 og odelsbonde i 1701. Han fekk 1706 tinglese skøyte frå presten Christen Weinwich på det kjøpte jordgods. Berge var som ekm. g. 1711 m. Torilda Eiriksdr. Fære og fekk seks born: Nils Jeraldstveiti, Svein, g. 1749 m. Kari Sveinsdr. Rong, Sjur f. 1724, g. 1753 m. Guri Larsdr. Rue, Brita f. 1727, g. 1758 m. Lars Bergeson Rue, Eirik f. 1730, var som tambur g. 1758 m. Sigrid Sjursdr. Rong og Lars f. 1733, død fyre 1784. Eirik budde ei tid på Espeland i Granvin, og bytte seg derfrå 1784 til Gjerde. - Berge hadde med fyrste kona si sønene Lars, g. 1730 m. Botilda Andersdr. Brekku, og Torstein, g. 1740 m. enkja Synneva Gudleiksdr. Gjerdåk. Berge døydde 1748 og Torilda 1783, 932/3 år gl.

Synneva Gjerdåk kjøpte 1748 15 mark av Berge. Nils Bergeson vart g. 1. m. Magnhild Olavsdr., 2. 1751 m. Gudve Mikkjelsdr. Brekku, 3. 1772 m. enkja Guri Knutsdr. Kvitno. Nils fekk 1749 og 1775 skøyte på 2 pund 15 mark. Han hadde fem born m. Magnhild og to med Gudve: Brita f. 1739, g. 1773 m.

--- side 333 ---

Olav Larsson Tveito, Eli f. 1743, g. 1768 m. Torstein Hansson Gjerstad, skriven for Klevendal i 1786, Anna f. 1744, g. 1772 m. Godvin Eirikson Nedre Himle, Olav f. 1747, Ragnhild f. 1748, g. 1780 m. Arnfinn Åmundson Gjerde, Magnhild f. 1752, g. 1778 m. Kolbein Magneson Litletun, var 1786 på Nordnes i Bergen, og Mikkjel f. 1754. Eigedomen hans Nils vart skift millom sønene Olav og Mikkjel, so kvar av dei fekk 1 pund 7½ mark. Parten hans Olav vart bruk 2 og hans Mikkjel bruk 4.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Jerald. Svein Larsson vart som fyrr nemnt eigar av bruk 1 og gifte seg med Ingjerd Klasdr. Ho døydde 1820, 49 år gl., og Svein vart attgift 1823 m. Dordei Erlingsdr. Vele. Ho døydde 1850, 59 år gl. og Svein 1852, 89 år år gl. Han hadde sju born med Ingjerd: Eirik f. 1790, Lars f. 1792, død ugift 1826, Synneva f. 1793, g. 1815 m. Mikkjel Bårdson Rokne, husmann, Olav f. 1798, g. g. 1831 m. Brita Hallesdr. Væte, Klas f. 1802, husmann, Torbjørg f. 1807, g. 1830 m. Gudleik Andersson Rue, Nils f. 1812, g. 1841 m. Marta Gudleiksdr. Helland. Ved skifte 1821 etter Ingjerd åtte dei 1 laup som vart taksta 670 spd. Bruttomidelen var 950 spd.

Eirik Sveinson gifte seg 1822 m. Ingebjørg Endresdr. Rong, f. 1798 og fekk 1823 halve garden. Han døydde 1840 og hadde fem born: Endre f. 1824, Ingjerd f. 1826, g. 1847 m. Lars Torsteinson Kvanndal, Lars f. 1830, Klas f. 1832 og Marta f. 1835. På skifte etter Eirik fekk enkja ein fjordepart av garden og Endre ein fjordepart. Ho Ingebjørg gifte seg att 1842 m. Gulbrand Nilsson Himle og døydde 1879. Gulbrand døydde 1867, 60 år gl.

Endre Eirikson kjøpte 1851 halve garden på auksjon, fekk 1852 skøyte frå stykfaren på ein fjordepart og åtte då heile bruk 1. Endre vart g. 1857 m. Ingebjørg Eiriksdr. Ronve, Haugo, f. 1836 og fekk borni: Ingebjørg f. 1857, g. 1879 m. Olav Knutson Rokne, Gudve f. 1859, g. 1887 m. Steffa Larsson Rokne, Anna f. 1867, g. 1893 m. Per Knutson Jerald, Marta f. 1869, g. 1902 m. Olav Klasson Vele, Brita f. 1871, Eirik f. 1874 og Ingjerd f. 1876. Endre var ein drivande kar. I ungdomen gjekk han um vintrane ofte på jakt og var fleire år reinsdyrgjætar. Ei av simlone fekk han so tamd, at ho la framføtene på akslene hans Endre når han gav dyri salt. Han sette taumar

--- side 334 ---

på henne og stundom. Ein gong tok Endre og to andre karar ørnungane or eit ørnereir. Elles tok dei vanleg ørnar med glefs. Ein vinter tok dei soleis 10 ørnar. Hausten 1867 då bjørnen gjorde mykje skade, fekk Endre han Lars Nilsson Jerald, på Tråbare på Rong, med seg for å leita etter bjørnen. Dei fekk auga på han i ei to der han låg og solte seg. Endre skaut, bjørnen rymde og Endre og Lars sette etter. Men rett som det var, kom bjørnen attende med gapande kjeft mot Endre som var fremst. Bjørnen beit Endre fyrst i handi, so i oksli og deretter i låret. Medan Endre var i tak med bjørnen, slo Lars til bjørnen i hovudet og på ryggen so byrsa gjekk av. Endre fekk so høve til å skuta bjørnen utover, og han slo seg ihel i urdi nedanfor. Endre reiste likevel dagen etter saman med Lars på Vangen med bjørnen. Eine bjørnelabben er enno på Jerald. Endre døydde 1911 og Ingebjørg 1912. Han fekk 1896 utskilt bruk 6 og skøytte 1900 bruk 1 til Eirik, son sin. Han vart g. 1. m. Anna Eiriksdr. Himle og 2. m. Anna Styrksdr. Haug.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 217, lnr. 426 a, 426 b med gamal skyld 1 laup, urevidert 4 dalar 4 ort 4 skill., revidert 5 dalar 13 skill. Ny skyld mark 7,44, eller mark 3,72 etter at bruk 6 er skilt frå.

Bruk 2. Jerald. Olav Nilsson fekk som fyrr nemnt dette bruket og gifte seg 1775 m. Guro Oddsdr. Helland. Han bytte 1790 med Torbjørn Ivarson uti hans eigedom på Kinne. Torbjørn var f. 1754, g. 1783 m. Ragnhild Larsdr. Ukvitno og fekk tri born: Ivar f. 1786, Lars f. 1796 og Mikkjel f. 1801. Torbjørn døydde 1808 og Ragnhild 1819, 61 år gl. Ivar fekk 1807 garden og gifte seg 1811 med Guri Knutsdr. Rong. Ivar døydde 1829 og hadde åtte born: Ragnhild f. 1812, død ugift 1879, Torbjørn f. 1814, Gudve f. 1815, g. 1837 m. Brynjulv Larsson Lemme, Knut f. 1816, g. 1841 m. Anna Trondsdr. Rong, paktarfolk i Strandebarm, Lars f. 1817, g. 1848 m. Kristi Nilsdr. Rjodo, Svein f. 1819, Ivar f. 1820 og Brita f. 1824, gift i Strandebarm. Ivar var seminarist, g. m. ei frå Stord og fekk der ein liten gard med henne. Han var seinare lærar i Bergen. Ho Guri, enkja etter Ivar Olavson, vart attgift 1831 med Nils Erlingson Kvitno, som døydde 1854, 66 år gl. og Guri døydde 1861, 74 år gl.

Torbjørn Ivarson fekk halve garden på skifte etter faren og 1831 skøyte på den andre halve frå mor si. Torbjørn vart g. 1845 m. Marta Torgeirsdr. Seim, Granvin, f. 1826, og døydde

--- side 335 ---

1867, 53 år gl. Ho Marta kjøpte 1869 stølen Veskre, bruk 2 Jeraldstveiti. Marta døydde 1903. Dei fekk fem born: Guri f. 1848, død ugift 1927, Ivar f. 1852, Torgeir f. 1855, g. m. Kristi Eiriksdr. Eide, Granvin, Nils f. 1859, g. 1885 m. Guri Nilsdr. Jeraldstveiti og Lars f. 1866, g. m. Kristina Karlsdr. Brandtenberg. Dei budde på Vangen, der han døydde 1926. Ivar fekk garden med stølsparten Veskre i 1876 for 700 spd. og gifte seg 1877 m. Anna Malena Hallesdr. Folkedal. Ho døydde 1915 og Ivar 1927. Deira dotter Marta f. 1884 vart g. m. Engjel Jørgenson Ålvik f. 1889. Dei fekk garden for 2000 kronor. Han døydde 1931.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 217, lnr. 427 med gamal skyld ½ laup, urevidert 1 dalar 4 ort 10 skill., revidert 2 dalar 1 ort. Ny skyld mark 3,20 etter at bruk 3 er fråskilt. Til bruk 2 er 1910 overført gnr. 210 bruk 2 stølen Veskre. Skyldi på bruk 2 Jerald vart so mark 3,35.

Bruk 3. Stølen Veskre. Utskilt 1852 frå bruk 2 med skyld 44 øre. Olav Litsheim på Tvilde kjøpte eigedomen og dei Tvilde støla der i lenger tid. Aksel Selberg på Bryn kjøpte 1925 stølen for 2775 kronor.

Bruk 4. Mikkjel Nilsson fekk som fyrr fortalt denne garden. Han vart g. 1781 m. Anna Larsdr. og fekk ti born: Nils f. 1781, Lars f. 1783, g. 1819 m. Anna Sjursdr. Finne, husmann, Gudve f. 1885, g. 1808 m. Lars Nilsson Torpe, skriven for Ålvik i 1836, Torbjørg f. 1787, g. 1808 m. Eirik Nilsson Fære, Anders f. 1788, g. 1826 m. Rannveig Torgeirsdr. Grovu, Svein f. 1790, Berge f. 1792, g. 1819 m. Anna Larsdr. Litlere, Guri f. 1794, Anna f. 1803, g. 1825 m. Anders Jonson Ronve og Eli g. 1818 m. Gusskalk Brynjulvson Ronve. Mikkjel døydde 1836 og Anna 1837, 87 år gl.

Eirik Fære fekk 1809 skøyte frå verfaren på garden for 700 spd. Eirik døydde 1811 og hadde dotteri Brita f. 1808. Torbjørg vart attgift 1818 m. Lars Person Vetla Rokne og fekk 1819 sonen Eirik. På skifte etter Eirik Fære fekk kreditorane garden, men selde att 1812 til henne Torbjørg. Ho selde so same året til Nils, bror sin. Han var f. 1781 og g. 1817 m. Marta Styrksdr. Tesdal. Nils var med i krigen mot Sverike. Då kapteinen såg at Klas Glymme fall i krigen, ropte han at no fall Jerald. Nils svara då til at Jeralden står endå. Nils døydde 1846 og Marta 1862, 69 år gl Dei fekk seks born: Mikkjel f. 1818, Styrk f. 1820, g. 1858 m. Kristi Knutsdr.

--- side 336 ---

Kvitno, budde på Nedre Kvitno, Sjur f. 1822, Lars f. 1824, g. 1850 m. Anna Andersdr. Fære, Sigvor f. 1828 og Nils f. 1831, g. m. Anna Persdr. Nesthus.

Sjur Steffason Bø kjøpte garden i 1837. Han var g. m. Anna Magnesdr. I 1834 fekk han fråskilt bruk 5, selde bruk 4 til Styrk Nilsson og reiste til Amerika med huslyden sin. Styrk selde 1849 til Olav Nilsson. Han var g. m. Ingeleiv Eiriksdr. og fekk tri born: Johannes f. 1829, Eirik og Olav f. 1847. Olav Nilsson døydde 1859 og på skifte etter han fekk Johannes garden for 520 spd. Han gifte seg 1859 m. Brita Johannesdr. Tveit, Eidfjord og selde garden 1862 til Olav Hermundson Bulko f. 1809. Han var g. 1. 1829 m. enkja Kristi Nilsdr. Uppheim, Kv. 2. 1868 m. enkja Sigrid Knutsdr. Grovu og 3. 1889 m. Randi Olavsdr. Brekke frå Vang i Valdres. Olav var husmann på Grovu fyrr han kom til Jerald. Han fekk tri born m. Kristi: Sigvor g. 1865 m. Knut Jakobson Grovu, budde i Steinbruhaugen, Nils f. 1835, g. 1863 m. Brita Nilsdr. Kvåle, Tjukkeb. og Hermund f. 1830, g. m. Brita Torgeirsdr., husmann på Dale. Olav gav Nils, son sin, kjøpekontrakt i 1864 på garden, men skøytte han 1882 til Nils Nilsson Jerald for 2260 kronor og døydde 1901. Nils var f. 1831, g. 1865 m. Anna Persdr. Nesthus f. 1835. Han hadde fyrr butt i Tungeteigen, og døydde 1908. Anna døydde 1906. Per Knutson Gjelle fekk 1905 skøyte på garden for 2130 kronor. Han var f. 1867, g. m. Anna Endresdr. Jerald og døydde 1922.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 217, lnr. 428 med gamal skyld ½ laup, urevidert 1 dalar 22 skill., revidert 1 dalar 16 skill. Ny skyld mark 1,65.

Bruk 5. Jerald. Utskilt 1844 frå bruk 4 og selt til Lars Ivarson. Han var som fyrr nemnt f. 1817, g. 1. 1848 m. Kristi Nilsdr. Rjodo og 2. 1877 m. Guri Askjelsdr. Rokne. Lars fekk fem born med Kristi, tri med Guri og døydde 1900. Borni var: Anna f. 1849, g. m. Gudleik Gudleikson Løkjo, Ragnhild, Marta, død ugift 1878, Nils, Lars, Ivar, Ingebjørg og Kristi f. 1852-1885. Gudleik fekk 1878 kjøpekontrakt frå verfaren på garden for 2400 kronor. Ingebjørg Larsdr. og mannen hennar Johan Storli frå Samnanger kjøpte 1909 garden på auksjon for 3100 kronor.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 217, lnr. 428 b med gamal skyld 18 mark, urevidert 1 dalar 21 skill., revidert 1 dalar 16 skill. Ny skyld mark 1,65.

--- side 337 ---

Bruk 6. Utskilt 1896 frå bruk 1 med skyld mark 3,72. Olav Knutson Rokne f. 1850, g. m. Ingebjørg Endresdr. Jerald f. 1857, fekk 1896 skøyte frå far hennar på garden for 2800 kronor. Olav var utlærd smed, men dreiv ikkje so mykje med det etter at han fekk garden. Olav døydde 1921 og Ingebjørg 1929. Dei hadde ikkje born, men ei fosterdotter Anna Persdr. Jerald f. 1894. Ho vart g. 1919 m. snikkar Johannes Knutson Himle. Dei fekk 1919 skøyte på bruk 6 for 4000 kronor.

Husmenn på Jerald.

Jakob Eilivson var husmann i 1645. Anders Nilsson fekk 1763 dotteri Eli. Torstein Hansson, g. m. Brita Oddsdr. fekk borni Gudve f. 1769 og Liva f. 1783. Nils Askjelson hadde 1779 plasset Jeraldsteigen. Botolv Larsson f. 1752, g. m. Marta Herlaugsdr., f. 1738 var husmannsfolk i 1801. Torstein Larsson, g. m. Ragnhild Larsdr. Dymbe f. 1751 hadde plasset Jeraldsteigen. Sjå meir um han på Rjodo. Husmannskona Sigvor Larsdr., døydde 1822, 65 år gl. Olav Larsson døydde 1816, 45 år gl. Mikkjel Bårdson Rokne, nemnd fyrr, g. 1815 m. Synneva Sveinsdr. Jerald, f. 1793, fekk 1820 husmannsfeste og døydde 1827, 51½ år gl. Dei fekk seks born: Gudve f. 1816, g. 1840 m. Odd Johannesson Helland, Torbjørg f. 1817, g. 1844 m. Johannes Larsson Bjørgo, Bård f. 1820, g. 1867 m. Marta Andersdr. Tøn, Ingjerd f. 1823, g. 1845 m. Viking Olavson Olde, Olav f. 1825, Lars f. 1826.

Anders Mikkjelson, g. m. Rannveig Torgeirsdr. fekk dotteri Anna f. 1826. Svein Mikkjelson f. 1802, g. m. Anna Nilsdr. Utne døydde 1829, 44 år gl. Ho døydde 1831 og hadde to små born. Klas Sveinson f. 1802, g. 1. 1836 m. Synneva Åmundsdr. Meland, 2. 1837 m. Ragnhild Nilsdr. Himle, hadde plasset Haujen og døydde 1880. Ragnhild døydde 1878, 83 år gl. Med Synneva fekk han dotteri Ingjerd f. 1836, g. 1865 m. Eirik Gudleikson Rue. Lars Mikkjelson, nemnd ovanfor, f. 1783, g. 1819 m. Anna Sjursdr. Finne (Grjotateigen), hadde plasset Leirflåten og døydde 1858. Lars var med i krigen mot Sverike og vart teken til fange, men fekk høve til å røma. Lars og Anna fekk borni Mikkjel f. 1821, Brita f. 1831 og Svein f. 1835. På plasset Nygjerdslo budde ein som heitte Bård og kona heitte Synneva. Ho var so svær til å hjelpa folk når noko kom på helsa. Dei hadde ein son Lars.

--- side 338 ---

Sidan var det to husmenn på Nygjerdslo Olav og Lars. Olav Sveinson f. 1798 var som fyrr nemnt g. 1831 m. Brita Hallesdr. Væte og døydde 1879. Brita døydde 1879 og hadde sønene Svein f. 1833 og Lars f. 1840, båe husmenn på Helland. Den andre husmannen, Lars, var son til Torstein Longeskåræ, umtala på Vele. Lars var f. 1818 og g. 1847 m. Ingjerd Eiriksdr. Jerald. Han var bygningsmann, treskomakar, felespelar og arbeidde hardangerfelor. Dei fekk fire born: Torstein f. 1848 husmann på Gjelland, Eirik, Lars, husmann på Gjelland og Ingebjørg, g. m. Svein Nilsson Helland, husmann på Helland. Lars døydde 1893 og Ingebjørg 1909. På eit plass kalla Træe har i tidlegare dagar butt ein husmann som heitte Olav.

Lars Nilsson Jerald f. 1824, g. 1850 m. Anna Andersdr. Fære budde ei tid på Jerald og ei tid på Tråbare på Rong. Dei fekk borni: Marta f. 1850, Anders f. 1852, g.m. Ingebjørg Knutsdr. Litlere, husmann på Fære. Lars f. 1854, Rannveig f. 1859, g. 1886 m. Knut Jakobson Istad, husmann i Velesliæ, Anna f. 1863, Nils f. 1866 og Gudve f. 1869, g. 1900 m. Lars Larsson Jerald, Gjelland. Marta og Rannveig var fødde på Fære, Anna og Nils på Jerald og Gudve på Rong. Anna og Nils er på Haug. Lars Nilsson var som fyrr umtala saman med Endre Jerald og skaut bjørn. Lars døydde 1914 og Anna 1922, båe på Haug.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden er det sagt i 1723. Stølen heiter Veskre. Segni fortel at det ei tid var berre ein buande mann på Jerald, og han hadde to døtter. Den eine vart gift til Sonve og fekk halve Veskre. Systeri budde på Jerald og fekk den andre halvparten av stølen, Lekve hadde ei tid støl på Veskre, og der er ein brunn kalla Lekvesbrunnen. Fyrr i tidi var det so bjørnsgjengt på Veskre, og i Otehaujen låg alltid sjølvskot. Under Veskrehorjæ har vore flekt hellor.

Kvern.

Ei kvein var der 1661, 1723, to i 1776, 1791 og fire so langt attende folk kann minnast. Når det sume år ikkje var kvernabyr, reiste dei til Grønlidi med komet og mol det der. Endre Eirikson hadde uppgangssag. No er der sirkelsag i Matgroæ.

Offentlege forretningar.

Odelssaker 1727, 1728 og 1778. Åstadsak 1794 og 1797 med Rokne. Sak 1795 med Jeraldstveiti. Dom 1798. Åstadsak 1807. Semje 1828 um ikkje å halda geiter. Godviljug utskifting 1835 og 1855. Overtakst 1840. Odelstakst 1841. Semje 1853 um gjerde.

--- side 339 ---

Bumerke.

David 1711 tavle 8 nr. 74. Brynjulv 1715 t. 1 nr. 103. Berge 1724 t. 8 nr. 75. Nils 1762 t. 8 nr. 76. Eirik 1765 t. 8 nr. 77. Klas 1781, 1793 t. 5 nr. 36. Sjur Bergeson 1777 t. 8 nr. 78. Olav Nilsson 1783 t. 8 nr. 79. Olav Herlaugson t. 8 nr. 80.

Ymse.

Ho Legda-Guri fortalde so mykje um huldri som ho hadde set. Ein gong dei buferte heim frå Veskre, kom det ei fin blåsidut kyr som vilde slå lag med kyrabølingen. På horni hadde ho gullknappar og ei mjølkebytte. Då dei jaga henne, høyrde dei det ropte i Goffarhaujen: «Kom Fløyma, kom Fløyma, sjete ha'kje vet te å gjøyma.» Ein gong såg ho Guri i Vihovden kor huldafolki steikte flesk åt seg. Då huldafolki hadde ete, tok dei til å dansa og spela. Ein gamling som heitte Olav, fortalde at ein gong han kom i Gullbrekko, sat ei huldatysja uppi ei stor selje og kjemde seg. Ho hadde fine blåe klæde. Olav lo åt henne. Då vart ho sint, tok full neven med lus og kasta på han. Sidan var det ikkje råd å verta fri for lus, sa han. Olav høyrde ofte kor huldafolki song og prata i Hitahedler'n.