218. Jeraldstveiti.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 352 ---

Namnet vert i 1723 skrive «Jaralsteyen eller Jaralstvet». Det vert no sagt Jèralstveitè2; han búr pao, è tao -tveit'ne, ska pao -tveitè. Namnet er samansett av gardsnamnet Jerald og tveit f. (slåtte, rudning). Den eldre formi på «-teyen», d. v. s. -teigen, er ikkje i bruk lenger.

--- side 353 ---

Jeraldstveiti er ikkje nemnd av Landkommisjonen i 1661. I matrikkelen 1723 er sagt at det var ein «ring husmanssæde» rudt av Jerald sin eigedom. Der var ein brukar, og skyldi var 9 mark. Skyldi var likeins 1838 då ho vart umskrivi til 1 dalar 1 ort 8 skill. Dei hadde nok vedaskog. Samanlikningstalet var 190. Matrikkelen 1865 melder at der var 11¾ mål åker, 3 mål dyrka eng, 13 mål god, 12 mål medels natureng og 30 mål skrapebø. Medels hamnegang og turvande vedaskog, men ikkje timber. Garden var svært tungbrukt og dyrka som vanleg. Kornet fraus i kalde sumrar. I 1918 var der 7,8 mål åker, 18 mål kunsteng og 2 mål natureng.

Der budde 5 menneske i 1801, 10 i 1865 og 11 i 1920.


Bilete 41. Jeraldstveiti. Fot. P. Braaten 1937.
Bilete 41. Jeraldstveiti. Fot. P. Braaten 1937.
Fødnad og avling (i tunnor) på Jeraldstveiti.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 2 6 2
1865 1 8 20 27 14
1918 2 7 21

--- side 354 ---

Olav Mikkjelson budde der 1701. Han var f. 1665 og hadde sonen Kåre f. 1696. Sidan budde Håvard der og var g. m. Marta Johannesdr. Han døydde fyre 1723, og ho døydde 1726, 72 år gl. Dei hadde dotteri Jorunn, g. m. Ivar, som hadde fire born: Marta f. 1713, Olav f. 1714, Lars f. 1717 og Gjertrud f. 1718. Jorunn døydde fyre 1726. Magne Mikkjelson, g. m. Jorunn Olavsdr., budde der då ho Marta døydde. Dei fekk borni Mikkjel f. 1726, Kari, g. 1759 m. Rasmus Andersson Flògo og Rannveig g. 1770 m. ekm. Erling Rognaldson Brekku. Magne døydde 1733 34 år gl. I 1730-åri og 1740-åri budde på Jeraldstveiti Anders Larsson, Eirik, Nils Bergeson og Kåre Olavson. Anders hadde sonen Knut f. 1739. Nils hadde to born: Eli f. 1742 og Anna f. 1745. Kåre hadde sonen Brynjulv f. 1749.

Svein Bergeson fekk 4½ mark på eit skifte i 1748. Han gifte seg 1749 m. Kari Sveinsdr. Rong og fekk fem born: Guri f. 1749, Berge, g. 1785 m. Marta Sjursdr. Finne, Torilda f. 1752, Torstein f. 1757 og Eli f. 1761, g. 1799 m. Eirik Olavson Jerald. Enkja Sigtru Andersdr. kjøpte 1772 4½ mark av Olav Knutson Bokkatun og selde same år til Viking Ivarson Helleve. Han selde det 1775 til Olav Nilsson Jerald, sjå bruk 2 Jerald.

Berge Sveinson kjøpte 1778 dei 4½ mark og selde att 1782 til Sjur Bergeson. Dotteri Guro f. 1763 gifte seg 1785 m. Johannes Rasmusson Giljarhus som 1786 fekk 4½ mark hjå verfaren. Dei fekk tri born: Lars f. 1785, g. 1805 m. Sigrid Ivarsdr. Tvilde, Marta f. 1786 og Anders f. 1789. Guro døydde 1810 og Johannes 1819, 66 år gl. I panteregistret er på Jeraldstveiti ført upp fire eigedomar: bruk 1, lnr. 430, lnr. 430b og bruk 2.

Bruk 1. Jeraldstveiti. Anders Johannesson fekk 1809 skøyte frå far sin på dette bruket som hadde 4½ mark i skyld. Anders vart g. 1810 m. Anna, Kjelsdr. og fekk tri born: Johannes f. 1811, Guro f. 1812, g. 1839 m. Eirik Nilsson Rjodo og Eli f. 1818, død ugift 1869. Anna døydde 1862, 69 år gl. og Anders 1884. Johannes fekk 1842 skøyte frå far sin på garden og vart same år g. m. Gudve Sjursdr. Rong. Dei fekk fire born: Anders f. 1846, Guri f. 1850, Sjur f. 1853 og Anna f. 1856. Dei reiste til Amerika.

Nils Trondson Ålvik kjøpte 1871 heile Jeraldstveiti for 700 spd. Han var f. 1836, g. 1861 m. Gjertrud Halldorsdr. Lofthus, f. 1836. Ho døydde 1912 og Nils 1917. Dei hadde borni: Trond

--- side 355 ---

f. 1862, Guri f. 1865, g. m. Nils Torbjørnson Jerald, Kristi f. 1873, g. m. snikkar Lars Gudleikson Jernes og Halldor f. 1876. Trond gifte seg 1882 m. Ragnhild Larsdr. Tesdal og fekk 1890 skøyte på garden for 2350 kronor. Deira son Nils f. 1892 vart g. 1917 m. Ingebjørg Torsteinsdr. Øvsthus, og fekk 1921 skøyte på garden for 4000 kronor.

Jeraldstveiti var fyrr mtrnr. 220, lnr. 429, 430, 430 b med gamal skyld 9 mark, urevidert 1 dalar 1 ort 8 skill., revidert 1 dalar 3 ort 12 skill. Ny skyld mark 2,48.

Lnr. 430. Jeraldstveiti. Olav Herlaugson Vinjo vart 1764 g. m. Kari Eiriksdr. Jerald, f. 1734, og har vore brukar. Kari døydde 1782, Olav 1798, 34½ år gl. og hadde to born: Eirik f. 1764 og Marta f. 1768. Ved skifte etter Kari åtte dei 27 mark i Mestad i Teigdalen. Svein Larsson Rong fekk 1795 skøyte på garden saman med bruk 1 Jerald der han budde. Eirik Olavson Jeraldstveiti, g. 1799 m. Eli Sveinsdr., var leiglending og fekk sonen Lars f. 1799. Til 1805 hadde halve Jeraldstveiti (4½ mark) høyrt til bunadsmenn på Jerald, men 1805 selde Svein Larsson eigedomen til Gusskalk Sjurson. Han bytte 1814 med Mons Sylfestson uti bruk 2 Litlere. Gusskalk kom seinare til Vetla Rokne, der han er umtala.

Mons selde halvparten av garden til Samson Halleson Kinne. Mons var g. m. Guro Ivarsdr. og døydde 1824, 60 år gl. Guro døydde 1845, 78 år gl. Dei hadde ni born: Anna, Ingebjørg, Ivar, g. 1843 m. Maria Larsdr. Klyve, Sylfest, g. 1835 m. Anna Larsdr. Rogne, Nils, Anna, Ragnhild, Marta og Gjertrud f. 1793-1810. Ved skifte etter Mons åtte dei 1¾ mark verdsett 70 spd. og skogen 5 spd.

Nils Erlingson Kvitno fekk som panthavar jordgodset etter Mons og selde det 1832 til Anders Mikkjelson. Han selde att 1836 til Olav Nilsson som var g. m. Ingeleiv Eiriksdr. Dei fekk på Jeraldstveiti sønene Eirik f. 1841 og Olav f. 1847. Johannes Andersson kjøpte 1849 garden og selde att 1871 til Nils T. Ålvik. Eigedomen vart då ført saman med bruk 1.

Lnr. 430b. Jeraldstveiti. Utskilt frå lnr. 430 med skyld 1¾ mark og selt til Samson Halleson Kinne. Han var g. m. Anna Aslaksdr. Båe døydde 1838, han 60 og ho 50 år gl. Dei fekk dotteri Eli f. 1820 som gifte seg 1847 m. Nils Larsson Løno. Ivar Sveinson Lydvo kjøpte eigedomen på auksjon og selde han 1838 til henne Eli. Ho fekk med Nils sonen Lars f. 1848.

--- side 356 ---

Lars Eirikson kjøpte 1849 eigedomen og selde 1852 til Nils Torsteinson som atter selde 1855 til Lars Nilsson. Johannes Andersson kjøpte 1857 eigedomen på auksjon og selde han 1871 til Nils T. Ålvik. Han fekk eigedomen ført saman med bruk 1.

Bruk 2. Veskre. Utskilt 1816 frå lnr. 430 med 1 øre i skyld og selt til Brynjulv Halleson Kinne. Lars Monsson Skutle kjøpte stølen i 1825, og sonen Anders fekk han 1860. Marta Torgeirsdr. Jerald kjøpte 1869 stølen for 200 spd. og let han 1876 til sonen Ivar Torbjørnson. Stølen vart då ført saman med bruk 2 Jerald.

Bruk 3. Jerald Skule. Utskilt 1921 frå bruk 1 med skyld 2 øre og selt til Voss herad som har bygt skulehus der åt Jerald skulekrins. Skulen ligg i Vihovden.

Husmenn.

Hallvard Erlendson fekk sonen Mikkjel f. 1756 som døydde 1777. Johannes Ivarson hadde sonen Lars f. 1761. Lars fekk 1763 dotteri Torilda. Kolbein Salamonson, g. m. Ragnhild Nilsdr., fekk dotteri Gudve f. 1778. Olav Godvinson Himle f. 1783, g. 1822 m. Marta Hallesdr. Kinne fekk 1827 feste hjå Samson Halleson på «hus og en liden ager» på Jeraldstveiti. Olav vart utkommandert 1809 i krigen mot Sverike. Han døydde 1863, og Marta 1841, 61 år gl. Det er fortalt at på Jeraldstveiti budde fyre 1779 ein Ivar med Eli, kona si. Han var god sylvsmed, laga syljor, ringar og spenne og arbeidde navrar og sokser. Dei flytte frå Jeraldstveiti etter saki millom Jerald og Rokne.

Støl.

Stølen åt Jeraldstveiti er på Veskre.

Kvern.

Kvern har der vore både 1776 og 1791. Ho står i Tveitagroæ.

Offentlege forretningar.

Sak 1795 mot Jerald. Sak 1797 og 1798 millom Jerald og Stora Rokne. Dom 1799. Forretning 1816 um stølen Veskre. Godviljug utskifting 1842.

Bumerke.

Magne 1729 tavle 8 nr. 87. Anders 1740 t. 4 nr. 5. Olav Herlaugson 1772 t. 8 nr. 88. Sjur Brynjulvson 1775 t. 8 nr. 70. Botolv Larsson 1785 t. 8 nr. 89.

Utanfor Jeraldstveiti kom 1928 ei stor snøskride som gjekk over elvi og tok med seg kvernhuset. I 1930 gjekk ei fæl snøskride heimpå Skre'una på Roksbotn. To gutar frå Jeraldstveiti som var på heimveg frå rjupefangst, kom i skrida. Den eine av dei gjekk med.