196. Jernes.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 189 ---

Namnet vert i 1341 skrive Hiannesse (eller Hiaun-), i 1447 i Hiernes. Det vert no sagt Jèdnés2; han búr pao, è tao, ska tì Jèdnés. Namnet er samansett med nes n. Fyrelekken er tvilsam (gn. hjarn n. skare, hardfrosen snø, eller gn. hjọrr m. sverd?).

Jernes er 1661 ført upp med 4 laup 10 mark i skyld og tri brukarar. Der var vedaskog og to små humlagardar. Det var likeins 1723. Vidare er då sagt at garden var sers lettbrukt, noko årvand og skin-næm. I matrikkelen 1777 og 1838 er skyldi førd upp med 4 laup 21 mark på Jernes og 3 mark på

--- side 190 ---

Vossabakken. Skyldi vart umskrivi 1838 til 10 dalar 3 ort 1 skill. for Jernes og 1 ort på Vossabakken. Samanlikningstalet var 1600 for Jernes og 30 for Vossabakken. På Jernes var vedaskog jamvel til sal, mest det som trongst av fureskog, vassfall og litt humla-avl. På Vossabakken var humlagard.

I matrikkelen 1865 er ført upp på Jernes 46 mål åker, 15½ mål dyrka eng, 43 mål god, 125½ mål natureng og 71½ mål skrapebø. 13 mål høvde til dyrking. På Vossabakken er ført upp 1½ mål åker, 1 mål dyrka eng, 7 mål god natureng og ½ mål skrapebø. Vårhamni var ring og sumarhamni medels. Skog til husbruk på Jernes, men ikkje på Vossabakken. Skog kunde dei selja årleg på bruk 1 for 6 spd., bruk 2 for 16 spd. og bruk 3 og 4 for 10 spd. kvar. Bruk 1, 3 og 4 var lettbrukte og bruk 2 og Vossabakken sers lettbrukte. Bruk 1, 2 og 4 var dyrka som vanleg, bruk 3 minder godt og Vossabakken betre enn vanleg. Bruk 4 hadde vassfall verdsett til ½ spd. årleg innkome. I 1918 var der 42,5 mål åker, 57,2 mål kunsteng og 40,5 mål natureng.

Folketalet var 39 i 1801, 54 i 1865 og 63 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Jernes.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3   23   27          
1723 3   28   24   49      
1865 4   34   92   110   94  
1918 9   27   78          

Vossabakken er teke saman med Jernes i desse uppgåvone.

Sone Erikson, sokneprest på Voss, og fem lagrettemenn på Voss kunngjorde 1447 (DN VI nr. 506) at Eilif Åmundson hadde selt 4 mmb. i Jernes til Askjel Torsteinson. Dette må vera Askjel Bjørku. Halldor er skriven som leiglending 1563, 1567 og 1597 og dessutan Ragnhild i 1563.

Norsk herredags-dombok melder, at 1578 møtte Sjur Steffason for herredagen i Bergen og klagde over at bisp Olaf Torkjelson for 45 år sidan (altso 1533) med urett hadde teke frå avlidne far åt Sjur, Steffa Halldorson, 9 mmb. i Jernes og 3 mmb.

--- side 191 ---

i Fære og lagt det under bispestolen. Etter klage til mester Geble let han av medkjensle betala noko for desse 9 mmb. i Jernes, men ikkje noko for dei 3 mmb. i Fære. Det som Steffa hadde fått for dei 9 mmb. var ein smidjested på 8 pund, ein kjel på 1 våg, nokre gamle sengedyner, 4 alner klæde og ei ny rye fora med vadmål. Sjur la vidare fram i retten klage av 1568 og 1569. Derav gjekk fram, sa han, at skiftet ikkje hadde fått hevd på jordgodset. Sjur gjorde krav på å få jordgodset attende og då serleg Fære. Geble heldt då fram at Sjur ikkje kunde få det att utan at han skaffa betre prov for sin rett til det.


Jernes fyre utskiftingen 1917
Bilete 24. Jernes fyre utskiftingen 1917.

Domen gjekk ut på at når Sjur kunde skaffa slikt prov i medhald kapitel 8 i odelslovi, skulde lagmannen i Bergen døma i saki. Sjur er og nemnd 1590 i eit tingsvitne um Lemmesteigane.

Fru Gyrvild Fadersdotter skøytte 1582 2 laup til kongen. Jordboki 1585-1616 melder at Vangens prestebol fekk i landskyld 1 såld korn og 1 pund smør. Nils og Knut er oftare skrivne som leiglendingar 1603-1614. Knut betalte 1610, 1613 og 1616 tridje års bygsel av 1½ laup 4 mark med 1½ dalar 6 skill., og åtte 1611 1 laup. Nils åtte 1611 1 laup 1 pund og 1614 2½ pund. Viking Knutson betalte 1619 7 dalar til kongen i fyrste bygsel for 1½ laup 4 mark. Nils og Viking var leiglendingar 1621 og

--- side 192 ---

1629. Nils åtte 1621 saman med sine medervingar ½ laup på Himle, 1 spann på Herre og 1 spann på Rong. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var ½ pund smør 1 geitskinn på ein part og ½ pund smør 1 bukkskinn på ein annan. Stiftet fekk 1627 som landskyld 1½ laup 4 merker smør. Viking og Nils betalte 1635 garnisonsskatt 1 ort 8 skill. for 2 laup kvar.

Viking og Arne var brukarar 1635. Nils var då leiglending på Eimstad. I 1645 er ført upp to brukarar: Viking Knutson, g. m. Sigrid og Arne Nilsson, g. m. Målle og ei huskone Barbrå. Viking hadde borni Arne og Gjertrud. Giskegodset åtte 1647 2 laup som H. Sehested fekk kongeskøyte på i 1649. Arne var leiglending. Sehested kjøpte 1649 av kongen leidangen ½ pund smør og 1 bukkskinn som høyrde til Apostelgodset. Sehested åtte 1650 3½ laup 4 mark. Derav var 2 laup av Finnegodset og 1½ laup 4 mark hadde han fått ved makabyte med kongen. På eigedomen var det 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn i leidang, 3½ dalar 6 skill. i skatt, 3½ dalar 1½ skill. i fornødspengar, 3½ ort 1½ skill. i arbeidspengar og 1 dalar 18 skill. i avgift til jordeigaren. Arne og Viking var leiglendingar. Sehested skøytte 1651 til kongen 3½ laup 4 mark, og han selde det att 1657 til Gabriel Marselis. I Skattemanntalet 1657 for Finnegodset er Arne, Viking og Hermann skrivne som leiglendingar.

I 1661 åtte Vangens prestebol ½ laup 6 mark, og resten var ført upp under Finnegodset. Arne, Viking og ei enkje var brukarar. Futen stemnde 1662 han Arne med krav på at han skulde lata halve buet sitt til kongen for di at kona hans hadde skore seg i halsen, so ho døydde nokre dagar etter. Saki var fyre fleire gonger, og det vart upplyst at ho hadde vore noko underleg av seg. Fyrr ho døydde hadde ho bede um tilgjeving, presten hadde gjeve henne sakrament og ho vart gravlagd på kyrkjegarden. Domsmennene våga ikkje å segja dom, sidan saki var so uklår, men bad lagmannen gjera det. Arne vart so i 1664 frikjend for tiltale.

I 1664 var Arne Nilsson, Ivar Hansson og Per Johannesson brukarar. Arne hadde sonen Rasmus f. 1646. Per vitna 1670 i den store skogsaki at han hadde hogge timber i Almenningen. Klas Miltzow åtte 1680 og 1691 3½ laup 4 mark, Pål Hudstern(?) i Mjelde 15 mark i 1680 og Vangens prestebol 42 mark i 1680 og 1691. Øystein og Bård var leiglendingar 1691 og 1695 og dess-

--- side 193 ---

utan ei enkje i 1691. Henrik Miltzow åtte 3½ laup 4 mark og Vangskyrkja 42 mark i 1695, 1714 og 1723.

Folketeljingi 1701 har tri leiglendingar: Øystein Erlingson f. 1658, Bård Knutson f. 1651 og Brynjulv Arneson f. 1671. Øystein hadde styksonen Arne Magnusson f. 1675. Bård hadde sonen Lars f. 1694. Det var same leiglendingar i 1715. Anders Håvardson bygsla 1708 ½ laup, men er slutta fyre 1715. I 1723 var det Brynjulv, Ivar og Knut. Øystein har fått ny bygslesetel 1721 hjå Henrik Miltzow på 1 laup, var g. m. Ragnhild Brynjulvsdr. og døydde barnlaus 1722.

Brynjulv Arneson var g. m. Gjertrud Torleivsdr. og døydde 1734, 60½ år gl. Dei hadde borni: Torleiv f. 1700, død ugift 1737, Nils, Ragnhild, g. 1724 m. Knut Olavson Mugås, Anna f. 1713, g. 1733 m. Eirik Styrkson Nedre Rjodo, Jørgen f. 1715 og Steinvor f. 1717, g. 1740 m. Lars Helgeson Jernes. Nils bygsla 1733 1 laup av Henrik Miltzow og gifte seg same år m. Torbjørg Olavsdr. Vetla Rokne. Han kjøpte 1760 løysningsretten til 1 laup 2 pund 8 mark som Gabriel Marselis hadde ått og fekk 1763 skøyte på 1 laup 37 mark. Nils døydde 1783, 73 år gl., Torbjørg 1788, 78 år gl. og hadde borni Marta f. 1738, g. 1763 m. Åmund Godvinson Tyrlingteigen og Gjertrud f. 1740, g. 1764 m. Åmund Olavson Tvinno.

Nils skøytte 1775 1 laup til versonen Åmund Godvinson for 200 rd. Åmund døydde 1784, 50½ år gl., Marta 1817, 80 år gl. og hadde fire born: Brita f. 1763, g. 1788 m. Olav Tormodson Gjelle, Nils f. 1765, Torbjørg f. 1775 og Ragnhild f. 1779, g; 1807 m. Johannes Olavson Mølsterteigen. Ved skifte etter Åmund var jordgodset (1 laup) verdsett 250 rd. Framhald bruk 2.

Magne Mikkjelson Rong bygsla 1723 1 laup av Henrik Miltzow og gifte seg same år med Jorunn Olavsdr. Nyre, men har vel ikkje butt der lenge. Knut Olavson Mugås, nemnd ovanfor, bygsla 1723 1 laup av Henrik Miltzow som enkja etter Øystein då sa upp. Knut og Ragnhild fekk borni: Øystein f. 1726, Anna f. 1729, g. 1767 m. ekm. Askjel Knutson Evanger, Synneva f. 1732, Brynjulv f. 1736 og Sjur g. 1755 m. Anna Larsdr. Lekve. Knut var ein av dei som saman med Lars Skutle stemnde Henrik Miltzow og løytnant Nordahl for di dei hadde kravt for stor avgift. Knut fekk attende 38 rd. Erling Rognaldson bygsla 1737 1 laup av Henrik Miltzow. Erling var g. m. Eli Oddsdr.

--- side 194 ---

som døydde 1753. Ho hadde med Knut, fyrste mannen sin, sonen Jakob Rjodo og fekk med Erling fire born: Knut, Barbrå f. 1732, Lars f. 1735 og Sjur f. 1744. Lars Eirikson, g. m. Åsa Tormodsdr., var leiglending etter Erling og døydde 1765, 87 år gl. utan born.

Knut Brynjulvson Rokne kjøpte 1 laup i 1763. Han var f. 1731 og g. m. Brita Andersdr. Ringheim. Knut selde 1769 Vossabakken (3 mark) til Jon Brynjulvson Grovu og bytte 1738 2 pund 21 mark til Aslak Henrikson uti garden hans på Ullestad. Framhald bruk 3.

Ivar Oddson har vorte leiglending fyre 1723, var g. m. Gjertrud Mikkjelsdr. og døydde 1739, 52 år gl. Gjertrud døydde 1766. Dei hadde borni Kari f. 1722, g. 1740 m. Torgis Olavson Jernes og Anders f. 1726, g. 1769 m. Ingebjørg Larsdr. Vivås. På den store ljoskruna i kyrkja står m. a.: IVER ODESEN JERNES 1733. Torgis Olavson vart leiglending etter Ivar og kjøpte 1760 løysningsretten til 1 laup 2 pund 8 mark som Gabriel Marselis hadde ått. Torgis selde 1761 denne retten for 1 laup 4 mark til sorenskrivar Fleischer som hadde lånt Torgis pengar til kjøpet. Torgis kunde nemleg ikkje greida rentone.

Fru Inger Alstrup selde 1761 til sorenskrivar Fleischer 1 laup 2 pund 8 mark. Torgis hadde av det bygsla 1 laup 4 mark og Knut Erlingson 2 pund 4 mark. Torgis var g. 1. 1740 m. Kari Ivarsdr. Jernes, 2. 1750 m. Kristi Åmundsdr. Fjose og hadde med Kari to og med Kristi fem born: Sjur f. 1745, Ivar f. 1748, Kari f. 1752, Styrk f. 1754, Anders f. 1755, død ugift 1776, Olav f. 1757, g. 1782 m. Brita Torgeirsdr. Stora Rokne, og Åmund f. 1762, g. 1789 m. Sigvor Andersdr. Ringheim. Torgis døydde 1769, 51 år gl. og Kristi vart attgift 1770 m. Mons Andersson Vetla Rokne, som døydde 1780, 59½ år gl. utan born. Kristi døydde 1793, 72½ år gl. Styrk kjøpte 1789 på auksjon 1 laup 4 mark som sorenskriver Fleischer hadde ått. Framhald bruk 4.

Knut Erlingson bygsla som fyrr nemnt 2 pund 4 mark i 1750-åri og gifte seg 1753 m. Kari Jørgensdr. Dagestad. Dei fekk fem born: Jørgen, Eli g. 1794 m. Knut Nilsson Rue, Gudve, Eli d. y. og Kristi f. 1753-1765. Per Oddson var leiglending etter Knut og fekk borni Rannveig f. 1764 og Ragnhild f. 1768 Per kjøpte 1779 garden Skår i Granvin, og Olav Eilivson bygsla bruk 1 på Jernes av Vangens prestebol.

--- side 195 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Jernes. Olav Eilivson var f. 1744 av foreldri Eiliv Person Glymme og Rannveig Persdr. Olav var g. m. Ingebjørg Trondsdr. Tveito i Granvin som var av Galtungætti og Agaætti. Olav døydde 1804, Ingebjørg 1843, og dei hadde ni born: Rannveig f. 1778, Eiliv f. 1779, Ragnhild f. 1781, død ugift 1841, Sigrid f. 1784, død ugift 1839, Ingjerd f. 1788, Trond f. 1790, g. 1816 m. Torbjørg Andersdr. Rong (Amerika), Ingebjørg f. 1794, Mikkjel f. 1799, g. 1849 m. Ingjerd Nilsdr. Bø, Dyrvd., og Lars f. 1802, g. m. Marta Rognaldsdr. Glymme, gardmann på Bryn. Ragnhild skulde vera uvanleg flink til å sy svartsaum. Rannveig vart g. 1798 m. Ivar Larsson Øvre Fenno som reiste til Vesterålen i Nordland, Ingjerd gifte seg 1811 m. Per Ivarson Lid, umtala på Grovu, Kv. Ingebjørg g. 1824 m. Olav Person Fenno reiste til Svanøy, Sunnfjord og har mange etterkomarar.

Eiliv Olavson bygsla garden i 1807, gifte seg 1. 1812 m. Marta Bjarnesdr. Gjelland, 2. 1833 m. enkja Marta Magnesdr. Lid. Ho døydde 1851 og Eiliv 1862. Med Marta Gjelland fekk han dotteri Anna f. 1813 som 1837 gifte seg med Olav Larsson f. 1804, gardmann på Tveito. Han fekk 1847 kongeskøyte på bruk 1 Jernes for 300 spd. og jordavgift som seinare er løyst. Gudleik Knutson Vossabakken kjøpte bruk 1 i 1860 for 900 spd. Gudleik var f. 1832, g. 1. m. Anna Larsdr. Sonve, 2. 1874 m. Marta Larsdr. Finnesteigen. Han fekk tri born med Anna og eit med Marta: Guro f. 1862, død ugift 1892, Maria f. 1866, g. m. Jørgen M. Nesthus, sjå bruk 7 Ytre Haugo i band 1, Knut f. 1870 og Lars f. 1874, g. 1897 m. Kristi Nilsdr. Jeraldstveiti, som har gard på Lofthus. Marta døydde 1902 og Gudleik 1909.

Knut fekk farsgarden, gifte seg 1889 m. Rannveig Johannesdr. Fadnes og døydde 1926. Dei fekk borni: Anna f. 1890, g. m. Johan Knutson Græe, Gudleik f. 1891 (Amerika), Brita f. 1894, g. m. Olav Person Olde, og Guro f. 1899, g. m. Lars Nilsson Gjelland. Johan og Anna fekk 1936 heimelsbrev på garden.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 197, lnr. 378 med gamal skyld 1 pund 20 mark, urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill., revidert 2 dalar 12 skill. Ny skyld mark 3,06. Heri er medrekna Vossabakken mtrnr. 198, lnr. 382 som i kring 1859 vart førd saman med bruk 1.

--- side 196 ---

Bruk 2. Jernes. Nils Åmundson vart som fyrr umtala eigar av bruk 2 i 1788. Han var f. 1765 og g. 1792 m. Ragna Torgeirsdr. Bokkatun. Nils døydde 1832, Rannveig 1857, 91 år gl., og hadde fire born: Åmund f. 1793, Ingebjørg f. 1798, g. 1821 m. Per Erlingson Vele, Torgeir f. 1801 og Marta f. 1805, g. 1838 m. Olav Davidson Vestrheim. Åmund fekk 1827 garden hjå far sin og døydde ugift 1866. Torgeir gifte seg 1837 m. Guro Davidsdr. Vestrheim og styrde garden for Åmund. Torgeir og Guro fekk seks born: Ingebjørg f. 1837, død ugift 1910, Brita f. 1838 (Amerika), Marta f. 1840, død ugift 1912, Nils f. 1843, David f. 1845, g. 1867 m. Marta Vikingsdr. Jernes og Kolbein f. 1848, død ugift i Amerika. Torgeir døydde 1848, og Guro vart attgift 1850 m. Anders Larsson Nyre. Dei fekk dotteri Eli f. 1850 som reiste til Amerika.

Nils Torgeirson fekk 1861 skøyte på garden frå farbroren Åmund for 500 spd. og gifte seg 1866 m. Anna Olavsdr. Tveito. Nils var god til å arbeida både i tre og jarn og gjorde alt sers fint og nøgje. Han laga seg piggtreskjemaskine, dryftemaskine, plogar og andre reidskap. Han hadde mykje ans for nye ambod og fann på fleire slike. Det var han som fekk den fyrste dampmaskina til Voss. Ho stod på hjul. Nils brukte henne m. a. til å driva treskjemaskina med. Han treskte både åt seg sjølv og andre. Vassleidingi tvers over Jernesgili til Breidablikk var det Nils som fann på. Anna døydde 1919 og Nils 1923 barnlause. Brordotter hans Nils, Brita Davidsdr., g. m. Gusskalk Olavson Sonve fekk 1900 garden for 4000 kronor. Dei er båe døde, og sonen Olav fekk 1933 skøyte på garden for 14700 kronor. Han er f. 1894 og g. m. Johanna Håvardsdr. Berge.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 197, lnr. 379 med gamal skyld 1 laup 1 pund 16 mark, urevidert 3 dalar 4 ort 6 skill., revidert 4 dalar 3 ort 3 skill. Ny skyld mark 6,74.

Bruk 3. Jernes. Aslak Henrikson vart som ovanfor umtala eigar av 2 pund 21 mark i 1783. Han kjøpte 1796 21 mark av Olav Håvardson Nyre. Aslak er skriven for Øvre Rykke då han 1781 vart g. m. Anna Andersdr. Lid. Ho døydde 1795, 37 år gl., og Aslak gifte seg att 1796 m. Marta Eiriksdr. Vinsand og døydde 1835, 80 år gl. Han hadde fem born med Anna og eitt med Marta: Ingjerd f. 1781, g. 1809 m. Eirik Godvinson Himle, Styrk f. 1783, Anders f. 1784, Knut f. 1786, Marta f. 1793, g. 1815 m. Klas Arnfinnson Stora Rokne og Anna f. 1797, g. 1819

--- side 197 ---

m. Endre Endreson Rudi frå Valdres. Ved skifte etter Anna var jordgodset 2 pund 21 mark, taksta 340 rd.

Anders budde på florslemmen, der han gjorde upp eld i ei gryte og kokte maten sin. Røyken gjekk gjenom ljoren i taket. Han vart mulkta i 1816 for sal av brennevin. Broren Knut, vanleg kalla Haukjen, var god til å svarva og arbeida smørøskjor. Ein meister var han til å dikta visor og dikta ofte treffande på ståande fot. Ofte var det sneidord til ein eller annan i visone. Systri Marta dikta og nokre visor. Styrk Aslakson fekk 1804 og 1813 skøyte på garden frå far sin og gifte seg 1817 m. Gjertrud Olavsdr. Store Hornve. Styrk bytte 1827 med ovanfor nemnde Klas Arnfinnson uti bruk 5 Stora Rokne.

Klas døydde 1837, 45 år gl. og hadde med Marta fire born: Guro f. 1817, g. 1838 m. Jørgen Halleson Dagestad, Anna f. 1820, g. 1848 m. Lars Torbjørnson Løno, husmann på Helgavangen, Torbjørg, g. m. ekm. Lars Torkjelson Uthus, umtala på Stuarjo og Marta f. 1828, g. 1863 m. Olav Sjurson Tyrlingen. På skifte etter Klas var garden verdsett 460 spd. og skogen 80 spd. Bruttomidelen var 1004 spd. Jørgen fekk garden på skiftet og let han 1859 til Halle, son sin, for 500 spd.

Anders Larsson Jernes kjøpte 1861 garden for 950 spd., men Halle fekk garden attende i 1863 for 800 spd. Halle var f. 1839, g. 1864 m. Brita Jensdr. Rivenes. Han selde garden 1890 til Knut Larsson Rasdal, Evanger, for 9800 kronor, bygde bustadhus på bruk 12 og budde sidan der. Halle var mykje med lensmannen på auksjonar og registreringar. Halle og Brita døydde båe 1911 barnlause. Knut Larsson var f. 1830, g. m. Anna Brynjulvsdr., og døydde 1910. Deira son Helge fekk 1908 garden for 5000 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 197, lnr. 380 med gamal skyld 1 laup 3 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,09.

Bruk 4. Jernes. Styrk Torgeirson kjøpte som fyrr umtala bruk 4. Han var f. 1754, g. 1786 m. Torunn Andersdr. Ringheim. Ho døydde 1808 og han 1841; dei hadde tri born: Torgis f. 1787, Kristi f. 1796, g. 1824 m. Anders Knutson Øvre Himle, husmann på Tverberg, og David f. 1799, g. 1835 m. Maria Steffadr. Ygre, gardmann på En. På skifte 1809 var garden verdsett 368 rd. Torgis fekk 1811 og 1820 skøyte frå faren på garden og gifte seg 1813 m. Gudve Oddsdr. Sonve. I 1813 vart

--- side 198 ---

han utkommandert i krigen mot Sverike. Ho Gudve døydde 1846 og Torgis 1857. Dei fekk tri born Anders f. 1813, Odd f. 1816 og Styrk f. 1818. Odd vart g. m. Kristina Olavsdr. Lærdalsøyri, var ei tid postførar millom Voss og Lærdal og seinare tollbòd i Bergen.

Anders Torgeirson vart g. 1835 m. Marta Tormodsdr. Gjelle og fekk 1838 garden for 400 spd. Året etter bytte Anders med Henrik Olavson uti garden hans på Hæve. Henrik var f. 1800, g. 1823 m. Ingebjørg Eiriksdr. Overland. I 1844 let han garden til Viking, bror sin, for 600 spd. og reiste til Amerika. Viking var f. 1803, g. 1. 1835 m. Marta Olavsdr. Rekve, 2. m. Brita Eiriksdr. Veka. Ho døydde 1889 og Viking 1894, og dei hadde tri døtter: Marta f. 1840, g. 1867 m. David Torgeirson Jernes f. 1845, Ingjerd f. 1844, g. 1870 m. Anders Nilsson Skjelde og Olina f. 1848, død ugift 1874.

David og Marta fekk 1873 farsgarden hennar for 600 spd. Ho døydde 1912 og David 1917. Dei hadde borni: Brita f. 1868, g. m. Gusskalk O. Sonve, Olav f. 1870, Guro f. 1872, Oleanna f. 1876, Marta f. 1881 og Nils f. 1885, g. m. Olina Halldorsdr. Hallanger, Ulvik. Olav fekk garden i 1906 for 2400 kronor. Han døydde ugift 1928, og broren Nils kjøpte 1929 garden for 27 000 på skiftet etter Olav.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 197, lnr. 381 med gamal skyld 1 laup 6 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 2 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,96.

Mtrnr. 198, lnr. 382. Vossabakken. Det var husmannsplass til 1769 då Jon Brynjulvson Grovu, som fyrr nemnt, kjøpte eigedomen, 3 mark. Jon var g. 1762 m. Sigrid Olavsdr. Midt Skutle. Dei hadde borni Brynjulv, g. 1790 m. Marta Trondsdr. Bjørgo, Sjur, g. 1803 m. Brita Tormodsdr. Gjelle og Marta, g. 1806 m. Olav Olavson Apaltun. Jon let 1772 eigedomen til sonen Sjur, som 1823 selde til Halle Jonson Olde for 300 spd. Han selde året etter til Knut Gudleikson Seve. Han var f. 1785 og g. 1822 m. Guro Knutsdr. Hæve. Knut vart utkommandert 1811 i krigen mot Sverike. Han har fortalt at svulten var deira verste fiende. Dei brukte å blanda havremjøl og vatn saman til deig og laga kakor som dei steikte på glørne, glohoppa dei kalla. I 1837 betalte Knut godviljug 10 spd. i bot for fyrste gongs brennevinshandel. Knut døydde 1859 og Guro 1871, 82 år gl. Dei hadde sju born: Eli f. 1822, død ugift 1908,

--- side 199 ---

Ingjerd f. 1823, død ugift 1915, Marta f. 1826, g. 1861 m. Johannes Olavson Mølsterteigen (Amerika), Gudve f. 1828, g. 1857 m. ekm. Mikkjel Knutson Glymme, gardmann på Eimstad, Guro f. 1830, g. 1877 m. ekm. Sjur Jakobson Bryn, Gudleik f. 1832 og Sigvor f. 1837, g. 1873 m. lensmann Torkjel Davidson Hustveit. Gudleik fekk 1859 skøyte frå far sin på eigedomen som sidan har fylgt med bruk 1.

Bruk 5. Møllendal. Utskilt 1899 frå bruk 4. Skyld 8 øre. Kverni til bruk 4 er på denne eigedomen og ligg ved den vesle fossen i Jonæ (Jerneselvæ). Eigedomen hadde fylgt med garden då David Torgeirson fekk han hjå verfaren. David selde bruk 5 i 1895 til Gudleik Vestrheimsteigen. Han sette upp greidor til å turka korn med og dreiv med kornturking og maling. Knut Kvåle kjøpte saman med fleire på Vangen bruk 5 i 1901. Kverni har sidan ikkje vore i bruk.

Bruk 6. Symra. Skilt frå bruk 4 i 1902 med skyld 25 øre og selt til Magnus Dagestad som har bygt bustadhus. Han er f. 1865, g. 1. m. Helena Røynstrand, 2. 1931 m. Ragnhild Agnette Johnsen, og 3. 1935 m. Brita Botolvsdr. Mølster. Dagestad gjorde mykje for skiping av Norsk Kunsthandverksskule og har vore styrar av skulen til 1935 då han tok avskil ved nådd aldersgrense. Både gjenom skulen og i si verksemd elles har Dagestad gjort mykje for fremjing av brukskunst etter gamal norsk stil. Han har laga innbu etter eigne teikningar i mange heimar og til møtehus og gjeve teikningar til mange hus, fleire minnesmerke og ymist anna. Dagestad er og god felespelar og felemakar. Han sit i styret for Voss Folkemuseum.

Bruk 7. Symra. Skilt frå bruk 1 i 1902. Skyld 1 øre. Det er selt til Magnus Dagestad og ført saman med bruk 6.

Bruk 8. Rinden. Skilt ut frå bruk 6 i 1904 og ervefest til Torvald S. Bu, som har bygt der. Skyldi er 1 øre.

Bruk 9. Jernes Skule. Utskilt 1910 frå bruk 2 og 3 med skyld 4 øre og skøytt til Voss herad som har bygt skulehus der.

Bruk 10. Jernes Skule. Utskilt 1916 frå bruk 2 og 3 med skyld 5 øre og selt til Voss herad som tillegg til skulehustufti.

Bruk 11. Hjåbekk. Skilt frå bruk 3 i 1916. Skyld 3 øre. David Jernes er eigar.

Bruk 12. Vossabakken. Utskilt 1917 frå bruk 3. Skyld 2

--- side 200 ---

øre. Det var her Halle Jernes bygde bustadhus då han 1890 selde bruk 3. Sisselja J. Rivenes fekk huset etter Halle og Brita og selde det 1914 til Hans Oddmundson Tveit frå Eidfjord. Han fekk 1917 skøyte på jordstykket frå eigaren av bruk 3 og skøyte 1929 heile eigedomen til kona si, Amanda Lovise.

Bruk 13. Rinden. Skilt ut frå bruk 6 i 1918 og skøytt til Torvald Bu. Skyldi er 2 øre.

Bruk 14. Heimtun. Utskilt frå bruk 6 i 1920. Skyldi 16 øre. Skøytt til Hordalands Ungdomslag. Etter fyrebuing i lengre tid av Magnus Dagestad hadde Vestlandske Kunstindustrimuseum i 1905 sett i gang her ein snikkar- og treskjerarskule som heldt fram i sju år. Hordaland Ungdomslag sette skulen i gang att 1920 under namn Norsk Kunsthandverksskule. Han hadde ei deild for snikkar- og treskurd og ei for smedarbeid. Dagestad har heile tidi vore styrar av skulen til utgangen av 1935, då han 70 år gamal trødde frå ved nådd aldersgrense. Sjå bruk 6. Jørgen Kildal som i mange år hadde vore lærar på skulen, vart då styrar. Sjå bruk 12 Ytre Nyre i band 1.

Bruk 15. Helgavangsbaret. Skilt 1924 frå bruk 3. Skyld 1 øre. Selt til Magnus Dagestad.

Bruk 16. Helgavangen. Utskilt 1924 frå bruk 3 med skyld 3 øre. Tomas K. Jernes kjøpte det og har bygt der. Han er lokomotivpussar, er med i heradsstyret, styret for elektrisitetsverket, er lagrettemann og har andre tillitsyrke.

Bruk 17. Vadheim. Skilt ut 1926 frå bruk 14. Skyld 13 øre. På eigedomen er huset som Tintrane, umtala under husmenn, budde i. Magnus Dagestad kjøpte huset, bygde på det og hadde der i lang tid verkstad og bustadrom. Olav Larsson kjøpte so huset og fekk 1926 skøyte på jordeigedomen, bruk 17, Olav er f. 1894 og er elektrikar.

Bruk 18. Jernes. Utskilt 1933 frå bruk 2. Skyld mark 2,60. Sjur Gusskalkson Jernes fekk skøyte på det for 4000 kronor.

Johan Fleischer og Ludvik Petersen fekk 1892 feste av bruk 2 på tuft i 50 år og bygde der kafé Breidablikk. Nilsina Brekke vart medeigar i 1912. N. Hatlestad kjøpte 1920 saman med fleire andre kaféen.

Synneva Andersdr., f. 1837 i Evanger, hadde ei liti stove ved Vosso ovanfor Tintrebakken og dreiv med føring. Ho vart g. 1878 m. ekm. Mikkjel Styrkson Setre og døydde 1918. Mikkjel

--- side 201 ---

døydde 1894. Nedanfor Tintrebakken bygde Anders Jørgenson Dagestad f. 1849 stove og budde der til han døydde ugift 1931.

Husmenn på Jernes.

Lars er fyrste husmannen me har funne på Jernes. Han hadde dotteri Gyrid som gifte seg 1713 m. Simon Sjurson Vele. Lars Sjurson Kvitno, g. 1722 m. Barbrå Knutsdr., fekk borni Gjertrud, Kari og Dordei f. 1728-1733. Lars døydde 1736, 45 år gl. og Barbrå levde etter han. Anders Sjurson, g. m. Åsa Jonsdr., fekk dotteri Jorunn i 1730. Olav Gitleson var som ekm. g. m. Kari Gusskalksdr. og fekk med båe konone borni: Anna f. 1761, g. 1786 m. Sjur Bergeson Flògo, Brita, Ragnhild og Synneva f. 1761-1771. Olav døydde 1783, 48 år gl. Nils Andersson, g. m. Brita Larsdr., døydde 1795, 75 år gl., utan born. Alle ovanfor umtala var husmenn på Vossabakken. Marjo Larsdr. budde og der då ho døydde 1819, 61 år gl.

Jens Sjurson, g. m. Ragnhild Knutsdr., fekk 1730 sonen Knut. Svein Larsson f. 1721, g. som ekm. m. Guri Knutsdr., fekk 1786 dotteri Kari. Svein og Guri døydde båe 1809. Nils Torleivson, g. m. Ingebjørg Åmundsdr., døydde 1751 barnlaus. Mons Olavson, g. m. Dordei Olavsdr., døydde 1773 utan born. Lars Halldorson, g. m. Brita Mattisdr., fekk dotteri Synneva f. 1778. Olav Knutson, g. m. Kari Nilsdr., fekk 1781 dotteri Synneva. Svein Larsson, g. m. Guri Sveinsdr. hadde borni Olav f. 1783, g. 1807 m. Eli Nilsdr. Dukstad og Kari f. 1786., Svein var med i krigen mot Sverike og døydde 1814 på Austlandet. Olav Torgisson, g. m. Brita Torgeirsdr., fekk 1784 dotteri Ingjerd. Ivar Karleson feste 1830 plasset Helgavangen på bruk 3. Johannes Ivarson, g. m. Guri Larsdr., hadde plass på Jernes i kring 1850 og seinare på Hestabakken (sjå s. 155 i band 1).

I folketeljingi 1865 er ført upp husmannsplassi Lùtatræe, Helgavangen, to med namn Vossabakken og eit på Sumartræe. Anders Larsson, g. m. Guri Davidsdr., umtala ovanfor, fekk 1862 feste på det siste. Knut Larsson Hildestveiti f. 1822, g. 1849 m. Ingebjørg Sveinsdr. Brattåker, fekk 1854 feste på plasset Lutatræe. Dei fekk borni: Marta f. 1848, g. 1869 m. Åmund Larsson Mosafinn, husmann på Takla, Brita f. 1850, g. 1871 m. Mikkjel Larsson Hosås. Lars, Knut, Kari og Marta,

--- side 202 ---

f. 1853-1864. Knut reiste 1868 til Amerika med kona og borni Lars, Knut, Kari og Marta. Lars Torbjørnson Løno, nemnd ovanfor, fekk 1855 feste på plasset Helgavangen. Han var f. 1825, g. 1848 m. Anna Klasdr. Jernes som døydde 1907. Lars reiste med handel og kom burt på ei reis. Dei hadde borni: Anna, g. 1878 m. Nils Nilsson Graudo (Amerika), Brita (Haugamoen), Torbjørn, g. 1885 m. Sigvor Kolbeinsdr. Rjodo, sjå bruk 4 Gjelle, Klas død ugift 1879, Anders og Arnfinn (Amerika) f. 1848-1865.

Mari Ivarsdr. f. 1785 budde på eine Vossabakkaplasset. Ho var enkje etter Knut, som døydde 1854, 75 år gl. Mari døydde 1875, 89 år gl., og hadde sønene Olav f. 1809 og Ivar f. 1813, som båe budde der til dei døydde. Olav dreiv med å fiska og føra over Vosso, budde i bui og døydde ugift 1896. Ivar var skreddar, arbeidde mykje med karahuor og var hendig med ymse andre arbeid. Mest dreiv han med hjulmakararbeid. Han vølte og klokkor, arbeidde felor og felestrenger og var god felespelar. Ivar vart gift 1871 m. Anna Bergitte Olavsdr. Midtun og døydde 1895. Ho døydde 1885, 61 år gl. Olav og Ivar var vanleg kalla Tintrane og plasset Tintrebakkjen,

Toris Johannesson hadde det andre plasset på Vossabakken. Han var frå Haus f. 1816, g. m. Magli Filipsdr. f. 1817 på Voss, og fekk borni Nils, Olina, Marta og Anna f. 1855-1864. Toris var føringsmann. I band 1 um Vossavangen s. 44 og 45 er fortalt um føringi over Vosso. På plasset Kveinetræe budde Nils, g. m. Ingebjørg, som fekk borni: Anders, Lars, Knut, Jakob og Margreta. Alle i Amerika. Halldor Knutson døydde 1848, 80 år gl. Gudleik Knutson Setre døydde 1880, 50 år gl. Enkja Ragnhild Knutsdr. døydde 1885, 81 år gl. Lars Knutson f. 1839 på Bryn, døydde 1901.

Stølen.

Det var ½ mil til støls står det i matrikkelen 1723. Smågiljane ved Vanjolo er no Jernesstøl. Det er fortalt at Jernes fyrr hadde støl i Almenningen på Bordalen, men bytte med Glymme uti Smågiljane. På fjellet ovanfor stølen er ein stor stein, Daurmaolssteidn. Når soli står over han, er det tid til å eta dauren (middag). Bruk 1 selde 1916 sin part i stølen Torfinnsdalen til Voss Reinsdyrlag som selde att 1928 til Voss herad.

--- side 203 ---

Kvern.

Ei flaumkvern var der 1723 og tri 1776 og 1791. Jernes har seinare havt to kvernar i Sonvesgroæ, men har no berre ei der. Tormod Isakson Gjelle fekk 1821 ervefeste av bruk 4 på kvernedam. Bruk 4 har so lenge folk veit um, havt kvern i Jonæ (Jerneselvæ) ved den vesle fossen. Viking dreiv mykje med maling til andre òg sidan han 1844 kom til Jernes. Då han let garden til versonen David fylgde kverni med. Sjå vidare bruk 5.

Offentlege forretningar.

Sak 1728 millom eigar og leiglending. Forretning 1772 innbyrdes millom Jernesane og um Vossabakken. I 1774 forretning um vassflaumen. Godviljug utskifting 1802 av stølsutmarki. Semje 1828 um ikkje å halda geiter og um beiting på bøen. Utskifting 1848 og 1917. Skyn 1932 um veg og landingsplass ved Vosso. Bruk 1, 3 og 4 flytte husi sine etter utskiftingen 1917, so det er berre bruk 2 sine hus som står att i gamle tunet.

Bumerke.

Brynjulv 1716 tavle 8 nr. 13, brigda på tri måtar 1718-1732. Øystein 1718 t. 8 nr. 14. Ivar 1724 t. 8 nr. 15 og 1736 t. 1. nr. 2. Knut 1727 t. 8 nr. 16, noko brigda 1778. Ivar 1733 fleire gonger t. 8 nr. 17. Erling 1740-1751 mange gonger t. 3 nr. 78. Anders 1740 t. 8 nr. 18. Torgis svært ofte 1743- 1769 t. 2 nr. 91. Same merket brukte Olav Torgisson i 1783. Nils 1751-1770 t. 8 nr. 19. Lars 1755 t. 8 nr. 20 og teikna 1761 E S. Knut Larsson teikna K L B i 1778. Per 1767 t. 8 nr. 21. Jon Brynjulvson 1776 t. 8 nr. 22, litt brigda 1778. Olav Eilivson 1789-1797 t. 5 nr. 4 med tverrstrik på midten.

Ymse.

Ein stor sprake på Surmartræ'e er freda i 1935. - På Vossatinget 1707 er upplyst at Hermann Ivarson hadde vore innkommandert på Tøyhuset i Kjøbenhavn og var der framleies. Den fyrste brui over Jonæ for vegen frå Giljane og Viki var der brui no er, men vart, truleg i 1850-åri, flytt eit stykke nedanfor fossen. Men då denne brui nokre gonger vart øydelagd av vassflaum, vart ho flytt upp der ho no er. Under røtene på ein sprake vart 1868 funne ein spennereidskap av jarn til ein boge frå millomalderen. Han er i Bergens Museum. Storehaugen ovanfor gamletunet skal vera gravhaug. - Tenestdrengene Brynjulv og Sjur Nilsson Jernes laut 1706 bøta, den fyrste 2 lodd og den andre 1 lodd sylv, for di dei heilagtrikongarsdag under preiki hadde skride på skeisor, dei kom ikkje i kyrkja fyrr midt i preiki.

--- side 204 ---

Segn.

Då Vangskyrkja skulde byggjast, var det stor strid um kvar ho skulde stå. Mange heldt sterkt på at ho skulde setjast på Helgavangen på Jernes. Men ein myrk haustkveld høyrde dei ei røyst som sa at kyrkja skulde byggjast der alle fire dalane støytte i hop, og so bygde dei på Vangen. Denne segni vert fortalt med ymse brigde.

Dei gamle fortel at det budde huldafolk i Storehaugen. Seint ein kveld kom ein flokk av dei til han Torgis og bad um å få låna hesten hans, for dei vilde flytta til Hangurn. Torgis torde ikkje nekta dei det. Um morgonen då Torgis kom i stallen, hekk det eit stort sylvstaup i øyro på hesten, men han var svært medteken. Huldafolki hadde lest so mykje på at det endå er merke etter meiane nedetter Maridalen.