Kapellansgarden.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 219 ---

Det var bruk 4 av Nedre Ullestad som vart teke til kapellansgard.

Christen Nielsen med tilnamnet Weinwich kjøpte i 1674 medan han var personellkapellan gard på Store Ringheim og budde der. Han er nok flytt til Voss Prestegard, då han i 1688 vart sokneprest etter Gjert Miltzow. I 1685 eig Weinwich 3 laup 1 spann i Ringheim. Sonen sokneprest Nils Weinwich har sidan havt garden saman med mori, Karen Schrøder. Ho selde garden 1729 til personellkapellan Morten Ruus, som i 1732 selde øvre tunet til Olav Knutson Ringheim frå Hallingdal. Ved tingsvitne 1746 er upplyst, at kapellan Ola Wærdal hadde butt på kapellansgarden Store Ringheim til han reiste frå Voss 10. august 1740, og sidan var det bønder som åtte og brukte garden.

Ved reskript av 2. mars 1742 vart skipa Voss residerande kapellani. Fyrste kapellanen i dette embetet var Peter Blytt frå 1744 til 1759. Han var fødd i Bergen og hadde vore perso-

--- side 220 ---

nellkapellan på Voss 1740-1744. Han budde då på Grovendal. Peter Blytt tok i 1746 tingsvitne um kapellansgard. Det var ved kongeleg resolusjon fastsett at kapellanen skulde ha ein av dei benifisera gardane av Mensalgodset på Voss, 2 laup stor, til å bu på. Han spurde um det var nokon slik som høvde til det. Det vart då upplyst, at på Nedre Ullestad var 3 laup, som var benifisera stiftsprosten ved Domkyrkja i Bergen. Halvparten av det er so teke til kapellansgard i 1740-åri. Sjå gnr. 45, bruk 4 Nedre Ullestad side 214.


Bilete 33. Gamle Kapellansgarden. Fot. P. Braaten 1933.
Bilete 33. Gamle Kapellansgarden. Fot. P. Braaten 1933.

Då Blytt reiste frå Voss, vart det halde åbotsforretning i 1759 på Kapellansgarden. Desse husi er då umtala: 1. borgstova eller røykstova (tuft 119), 2. eldhus. 3. matbu eller «mønekove» bygt inn til eldhuset (tuft 120). 4. underbu. 5. loft over underbui (tuft 120). 6. hestestall (tuft 117). 7. flor (tuft 116). 8. lødebygning (tuft 118). 9. smidje. 10. «skykkjen». 11. utløde. 12. sel på stølen Skitset. I åbotsforretning 1771 er same husi upprekna. Det står då at husi nyleg var flytte «hid fra sit forrige tun», d. v. s. frå garden Ullestad. Dessutan åtte då kapellansgarden halvparten i eit kvernhus på

--- side 221 ---

Finne. Det heiter vidare at dei andre husi var presten sin eigedom. Sidan (1785) er og upprekna at 1 naust og halvparten i «Prestestuen» på Vinjo, Vossastrand, høyrde til embetet.

Etter Blytt kom Even Meldal som residerande kapellan frå 1759 til 1770. Han var fødd 1728, gm. Maren C. Diurhuus. So var det Edvard Meyer frå 1770 til 1785, Jørgen Peter Meldal 1785-1788, Nikolai Astrup 1788-1792, og Peter Ulrik Magnus Hunt 1783-1800. Han var gm. Øllegaard Margrete Jersin. Georg Burchard Jersin, f. 1767, var nokre år personellkapellan hjå faren på Voss og sidan residerande kapellan 1800-1808. Hakvin Hannestad (Hagen), f. 1772, var her 1808-1815 og Johan Balthazar Flottmann 1815-1823. Regjeringi vedtok 7. februar 1825 at husi som Flottmann åtte på Kapellansgarden, skulde kjøpast åt embetet for 470 spd.

Claus Winther Kamstrup var residerande kapellan 1825-1831, Holger Ferslev Sinding 1831-1836, Hans Wille 1837-1844, Edvard Georg Hagen 1844-1855. Han var fødd i Trondheim 1811, g. 1. m. Olava Marie Nerdrum, 2. 1859 m. Anna Olavsdr. Gjerdåk. Etter Hagen var det Lars August Gleditsch 1859-1865. Han var fyrst g. m. Ellen Døderlein i 1849 og deretter med Johanne Margreta Gran. Millom borni av 2dre ekteskap var bispen Jens Gran Gleditsch, f. 1860. Johan Michael Lund var so resid. kapellan 1866-1876, gm. futedotteri Hedvig Marie Thode. På visitasen 1867 er upprekna at på Kapellansgarden var då desse husi: Hovudbygningen (tuft 115), drengestova (tuft 119), lødebygning (tuft 118), flor (tuft 116), hestestall (tuft 117), eldhus (tuft 119), vedhus (tuft 121) vognhus, (tuft 121), matbu (tuft 120) og sel, alle i god stand. Kapellansgarden hadde støl på Skitset saman med dei andre på Ullestad. Han er seld seinare.

Wilhelm Fredrik Høyer, f. 1848, var kapellan hjå prost Smitt frå 1873, stiftskapellan frå 1876 og residerande kapellan på Voss 1878-1887. Han var g. m. Ragna Petersen og døydde 1918. Ivar Hesselberg, f. 1850 i Vestre Stjørdalen, var residerande kapellan her 1887-1899. Han var gm. Marie Sofie Frost. Hans Torvald Hansen, f. 1857 i Stokke, var resid. kapellan 1899-1909, og gm. Ellevine Andersen, f. 1861.

Voss Jarnbanestasjon vart lagd på Kapellansgarden sin eigedom med noko av Prestegarden, då Vossabanen vart

--- side 222 ---

bygd. Nedre parten av Kapellansgarden sin teig og alle uthusi vart oreigna i 1878. Berre bustadhuset og hagen var att nedanfor stasjonstufti og kapellanen budde framleis der. Nytt uthus vart sett upp i nordkanten av hagen. Då jarnbanen skulde byggjast vidare austover, tok dei til utviding av stasjonstufti meir av Prestegarden og alt som var att av Kapellansgarden nedanfor stasjonstufti. Likeins noko på nordsida av henne. Det gamle bustadhuset (bilete 33) med resten av hagen vert no brukt av tenestemennene ved jarnbanen. Sjå vidare i stykket um Voss Stasjon side 98.

I 1906 vart bygt nye hus åt Kapellansgarden ovanfor jarnbanestasjonen, nemleg bustadhus og uthus, der kapellanen har butt sidan. Johan Lavik, f. 1858 på Lavik, Eksingedalen, var resid. kapellan 1909-1918 og gm. Givuna Andrea Gauslå. So kom Olaf Strømme i 1919. Han er f. i Herøy 1881 og gm. Dorothea Schelderup. Sidan Strømme i 1927 vart sokneprest på Voss, er Jon Mannsåker resid. kapellan. Han er f. 1880 og gm. Nany Stueland, f. 1881. Hausten 1933 er Mannsåker utnemnd til resid. kapellan ved Trefoldighetskyrkja i Oslo.

Kapellansgarden (bruk 4 Nedre Ullestad) var mtrnr. 45, lnr. 101 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 2 dalar 4 ort 14 skill. revidert 3 dalar 1 skill. Samanlikningstalet i 1838 var 440. Der var då noko vedaskog. Ved matrikuleringi 1865 var det på Kapellansgarden 9¾ mål åker, 8 mål dyrka eng og av natureng 20 mål godt og 22 mål midels godt. Fødnaden var 6 kyr, 7 smalar og 1 hest. Avling: 21 tunnor korn og 44 tunnor potetor. Vårhamni var ring. og der var ikkje sumarhamn. Garden var sers lettbrukt, noko utsett for å svida av og dyrka betre enn vanleg. Til garden høyrde ein slåtteteig som var burtleigd. No vert født 2 kyr og avla noko potetor.

Bruk 5-12 og 16, førde upp under Nedre Ullestad, har vore skilt ut frå Kapellansgarden. I 1923 vart teke frå Prestegarden og lagt til Kapellansgarden eit jordstykke ovanfor jarnbanestasjonen, sjå bruk 96 på Prestegarden. Dette jordstykket vart 1925 ført saman med Kapellansgarden, som deretter har i skyld mark 1,53. Ingeniør Søren Bentsen og ingeniør Erling Tyholt bygsla kvar si tuft på dette jordstykket og bygde bustadhus der. Bentsen har selt sin eigedom til postekspeditør Ivar Væte. Han er f. 1888. Tyholt selde sin eigedom til lektor Gunstein Langerak, som er f. 1891 og gm. Ragna V. Flugum.