151. Kleivane.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 449 ---

Namnet vert no sagt Kleivané2; han búr í (eller ùndé), è ór (eller undao) Kleivó, ska út í (eller ùndé) Kleivané. Ordet er fleirtal av ei kleiv. Garden er ikkje nemnd i eldre skrifter. Kleivane er ytste garden i Raundalen, tunet lig 649 m. o. h.

Garden Kleivane er ikkje førd upp i matrikkelen 1723, men 1838 står at skyldi var 1 ort 8 skill. og at der budde to brukarar. Samanlikningstalet var 40. Garden var svært frostnæm og med

--- side 450 ---

skog og vassfall var det likeins som på Hellene. I matrikkelen 1865 er ført upp 3 mål åker, 6 mål god, 2 mål medels natureng og 40 mål skrapebø. Garden hadde god hamnegang og skog til husbruk, var tungbrukt og mindre godt dyrka. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. I 1918 var det 1,5 mål åker, 7,5 mål kunsteng og 1,5 mål natureng.

Der budde 7 menneske i 1801, 8 i 1865 og 18 i 1920.

Dei fødde i 1865 2 hestar, 10 storfe og 32 småfe og avla 4 tunnor korn og 12 tunnor potetor. I 1918 var født 1 hest, 8 storfe og 9 småfe.

Kleivane har høyrt til Almenningen. Det er fortalt at det var Lange-Brynjulv som fyrst budde der. Rette namnet hans var Brynjulv Hollgeirson frå Kvarakvål f. 1700. Som umtala på Hegg kom Brynjulv der i klammeri i 1742 med Knut Hegg og drap han, men vart frikjend ved domen. Tradisjonen segjer no at han ved domen vart pålagd å bu i Almenningen, og han bygde og budde so under Kleivane. Brynjulv skal vera gravlagd ein stad heimanfor Kleivane kalla Øyræ, er det fortalt, men dette er lite truleg. I kyrkjebøkene er han 1751 skriven for Brynjulv under Kleivane. Han fekk då ein son Guttorm med Gunnhild Guttormsdr. og hadde fyrr og eit barn med henne, båe gonger som gift mann. I 1746 var Brynjulv under tiltale for ulovleg skoghogst og neverflekkjing. Brynjulv var som ekm. gift 1754 m. Marta Andersdr. Njåtveit. Han var tilslutt husmann i Eideshagen.

Per Sveinson har butt på Kleivane då han fekk borni Kristi f. 1757, Kristi f. 1760, g. 1786 m. Lars Larsson Voll, Olav f. 1764, og hadde fyrr døtterne Barbrå og Ingebjørg. Per døydde 1784, 87 år gl. Han var son åt Svein Sjurson Øvsthus frå Aurland. Per sa upp plasset 1770 og i staden kom versonen Torbjørn Bårdson Store Skiple g. 1770 m. Barbrå Persdr. Kleivane. Dei fekk borni: Herborg f. 1770, g. 1. 1815 m. Olav Olavson Larsgård, 2. 1832 m. Lars Olavson Raksteinsdal, Ingebjørg f. 1774, g. 1802 m. Knut Styrkson Store Hegg, Torbjørn f. 1776, Bård f. 1779, Per f. 1781, Lars f. 1784, død 1807 på fjellet, Marta f. 1791, død 1869, g. 1814 m. Sjur Jonson Skiple. Ho Herborg fekk fyrr ho vart gift, sonen Lars i 1796 med Olav Grytebekken frå Hallingdal, som dreiv med handel.

Torbjørn Torbjørnson f. 1776, g. m. Marta Ivarsdr. vart husmann etter foreldri hans. Torbjørn døydde 1835 og Marta

--- side 451

1862, 85 år gl. og hadde då fire born: Barbrå f. 1812, g. 1831 m. Nils Nilsson Haga, Torbjørn f. 1815, g. 1844 m. Liva Sjursdr. Kleivane, Lars f. 1818, g. 1853 m. Anna Tormodsdr. Grovu, Marta f. 1821.


Kleivane
Bilete 56. Kleivane. Fot. P. Braaten 1936.

Sjur Jonson Skiple, g. 1814 m. Marta Torbjørnsdr., nemnde ovanfor, var husmannsfolk under Kleivane. Sjur døydde 1844, 52 år gl. og Marta 1869. Dei hadde ti born: Gunnhild f. 1815, g. 1832 m. Anders Larsson Hellene, Barbrå f. 1816, g. 1837

--- side 452 ---

m. Anders Monsson Ettesvoll, Liva f. 1818, g. 1844 m. Torbjørn Torbjørnson Kleivane, Jon f. 1820, Torbjørn f. 1822, død ugift 1854, Rannveig f. 1824, g. 1846 m. Knut Bjarneson Eggjareid d. e., Lars f. 1826, g. 1853 m. Marta Persdr. Tunshelle, Aurland, Marta f. 1828, g. 1860 m. Lars Nilsson Lid, Ingebjørg f. 1832, g. 1861 m. Knut Bjarneson Eggjareid d. y., Brita f. 1835, død ugift 1889.

Nils Nilsson Haga, g. 1831 m. Barbrå Torbjørnsdr., nemnde ovanfor, var plassfolk etter Sjur. Han døydde 1850, 50 år gl. og ho 1871. Dei fekk borni: Torbjørn f. 1834, Brita f. 1837, g. 1861 m. Gjert Gjertson Eggjareid, Marta f. 1843, g. 1868 m. Sjur Andersson Hellene, Olav f. 1846, Ingebjørg f. 1849, g. 1883 m. Anders Andersson Hellene. Olav Larsson bygsla noko i 1855, men vart seinare leiglending i Almenningen. Kristi Andersdr. f. 1834, døydde som kårkone på Kleivane i 1919.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Kleivane. Odd D. Klyve vart eigar av Kleivane ved skøyte 1865 på Almenningen. Etter at bruk 2 var skilt frå 1867, selde Odd bruk 1 til Torbjørn Nilsson Kleivane. Kjøpesummen var 50 spd., ei liti blakk merr, Kleivablokkjæ, og ein blåsidut bukk. Torbjørn var f. 1834 og g. 1867 m. Eli Knutsdr. Lassahaug f. 1830. Eli døydde 1895 og Torbjørn 1920. Dei hadde borni: Kari f. 1868, Barbrå f. 1869 og Nils f. 1872, g. 1913 m. Olina Sjursdr. Hellene. Han fekk i 1895 skøyte på garden frå far sin for 300 kronor.

Bruk 1 er i panteregisteret fort upp som mtrnr. 152, lnr. 300 a med revidert skyld 16 skill. og ny skyld 36 øre.

Bruk 2. Kleivane. Utskilt frå bruk 1 i 1867. Odd Klyve skøytte det då til Knut Larsson Kleivane for 100 spd. Han var son til Lars Olavson Kleivane som 1824 var g. m. Ingebjørg Larsdr. Hellene og 1829 m. Barbrå Knutsdr. Hegg. Med Barbrå fekk han borni Olav f. 1829, g. 1855 m. Anna Ivarsdr. Brattåker (Skaftedal) og kom til Almenningen, Ingebjørg f. 1831, Knut f. 1841. Både Lars og Barbrå døydde 1874, ho 74 og han 82 år gl. Knut gifte seg 1868 m. Kari Hermundsdr. Hellene og fekk 1906 skøyte på bruk 2 for 400 kronor. I 1921 selde han garden til Nils Gjertson Kårdal for 6400 kronor.

--- side 453 ---

Bruk 2 er ført upp i panteregisteret som mtrnr. 152, lnr. 300 b med skyld som bruk 1.

Støl.

Støl har Kleivane havt i Ljosandalen, kalla Kleivastødl'n, men flytte derfrå ikring 1900-1910 og har ikkje støl no.

Kvern.

Kvern har det vore i Storelvæ, men ho er burte for ei tid sidan.

Offentlege forretningar.

Av offentlege forretningar har vore jarnbanetakst som var halden 1899.

Ymse.

Trond Reime f. 1845 har fortalt at han minnest at i Kleivane «brende dei på sup» som det var kalla. Supen var spikra ihop av fire bord. Um kveldane stakk dei han upp gjenom ljoren og hekta han fast med hakar. Sette so på golvet under supen ein stabbe med ei helle uppå. På henne brende dei spik, og folki sat umkring der med sitt arbeid. Ein måtte passa på og leggja spik på etterkvart det trongst. Tidlegare skal slikt ljos ha vore vanleg i bruk.

Under Kleivane er der nokre store jordholor som segjest å vera etter jarnbrenning. Raueggjæ er på fjellet millom Borgarbu og Uppsete. Segni segjer at ein gong skal der ha stått eit slag. Store verdiar skal vera nedgravne der, m. a. salar krota med sylv og gull. Ein sogning som for der på reinsjakt, høyrde at det glumde i jordi ein stad og da han grov litt, kom han på ei stor steinkiste. Det var ikkje råd til å røkja betre etter då. Han vilde gjera det til sumaren, men so døydde han fyrr sumaren kom. To engelskmenn kom ein gong til Sogn og reiste med ein gong til ein stad der dei grov upp to armband av gull. Dei fortalde um slaget og skattane som var nedgravne der.