Klyve.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 262 ---

Namnet vert pålag år 1300 skrive vndir Klifi, genitiv Klifs. Det vert no sagt (øvra og nèra) Kl2; han búr pao, è tao Klvé, ska tì Klvs, i sms. Klfsnolten. Namnet er same ordet som gn. klif n. (kleiv), dativ klifi, og er upphavleg brukt um vegen der utanfor som fyrr gjekk brattare, og som enno vert kalla Klve1 eller Styggakl.

Fyrste gong me finn Klyve nemnt, er i ei notisbok med vokstavlor frå straks fyre år 1300. Boki er funni 1885 i Hoprekstad kyrkje og har 10 skrivne sidor. Ho inneheld ei melding um ei rettssak millom fru Åsa og Torgaut um garden Veiken i Granvin (DN. XIII. nr. 2). I notisboki er nemnd «Hafr under Klifi».

Vegabotbrev frå 1343 (DN. VI. nr. 167) umtalar at Raundølene skulde halda istand vegen i Raundalen og heile «Raundalskleiv» med undantak av nedste parten, som mennene på Klyve og Kvarakvål skulde ha tilsyn med. På Fagnastølen er fortalt at i gamle dagar gjekk Raundalsvegen um Raukjeldo. Nedanfor Svartadiket tok av ein veg som gjekk ned «Bratta-

--- side 263 ---

gòto» um Øvre Klyve, Kvarakvål, Tundal og til Bjørkebruæ, som må vera Uppbrui umtala i vegabotbrevet. Denne vegen reiste dei som skulde framover og til Hardanger og han har vore mykje brukt. Raundalskleivi er umtala ovanfor; me veit ikkje kvar ho er, men mykje talar for at det er det same som no heiter Brattagòto.

Brev frå 1451 (DN. VI nr. 537) fortel at Alv Torgarson, prost ved Apostelkyrkja i Bergen, selde m. a. til Sigurd Ketilson og Arnfinn Sigurdson 8 mmb. i Øvre Klyve.

Tore «under Klyve» var brukar 1521, betalte 5 mark i skatt og 5 mark 3 lodd sylv i breffbrot. I 1563 var det to brukarar, Gregorius som betalte 1 dalar i skatt og Torbjørn som betalte 2½ mark 3 skill. i landskyld. Mikkjel var tenestedreng. I 1590 er umtala at Øvre Klyve hadde slåtteteig på Lemme. Laurits budde på Klyve i 1591. Med «under Klyve» ovanfor er visst meint Nedre Klyve. Kyrkjerekneskapen 1585-1616 melder at Vangskyrkja fekk 1½ aske korn og 9 merker smør i årleg landskyld av eigedomen sin på Klyve. I 1600-talet og seinare er det skilt millom Øvre Klyve og Nedre Klyve.

118. Øvre Klyve.

Landkommisjonen skriv 1661 at skyldi var 1½ laup med ein brukar og at der var brennefang. I 1723 er sagt at skyldi var likeins og at der var lite skog til husvøling, men turvande vedaskog og humlagard. Skyldi er den same 1838 og er då umskrivi til 4 dalar 1 ort 13 skill. Der var skog, humlagard, vassfall «og alt fornødenhed». Samanlikningstalet var 650.

Matrikkelen .1865 har ført upp 16 mål åker, 5½ mål dyrka eng, 11¼ mål god og 12 mål medels natureng og 26 mål skrapebø. Hamnegangen var god. Der var skog til husbruk og det kunde seljast timber for 10 spd. årleg. Garden var tungbrukt, noko utsett for turk og dyrka betre enn vanleg. Ved uppteljingi 1918 var det 12,7 mål åker, 20 mål kunsteng og 20 mål natureng.

På Øvre Klyve budde 11 menneske i 1801, 9 i 1865 og 18 i 1920.

--- side 264 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Klyve.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   15   22          
1723 1   15   18   16 ½    
1865 1 ½ 14   36   37   33 ½
1918 2   2   8   23      

Bruk 1. Øvre Klyve har vore einbølt gard til 1908. Mikkjel er skriven som leiglending nokre gonger 1603-1614 og Arne 1621-1636. I 1635 står at Arne då hadde 1½ laup, men var so utarma at han slapp betala skatt. Kåre Seve åtte 1621 ½ spann i Øvre Klyve og Knut Ronve åtte noko. Ei enkje åtte 6 mark og Laurits Skjeldal 6 mark. Leidangsboki 1624 fortel at leidangen var 13 mark smør og 1 geitskinn og at Arne var brukar. Torgis Håkonson, g. m. Sigrid, var brukar 1645. Huskona Gjertrud budde der og då. F. Broderson har ved makebyte med kongen i 1649 late noko på Øvre Klyve til han. Eirik var brukar. I 1652 og 1655 var skyldi 1½ laup, som Eirik brukte. Knut Ronve åtte 3½ spann, F. Broderson 27 mark og Per Rekve 18 mark. Knut hadde bygsleretten. Eirik Olavson var og brukar i 1657, 1659 og 1661. Torstein Haugo åtte 1659 3½ spann, Munkeliv 27 mark og Per Rekve 18 mark.

Munkeliv åtte 1661 3 spann og Klas Miltzow resten av Øvre Klyve, og han hadde bygsleretten til alt. Hermann Garmann fekk kongeskøyte 1662 på 2½ spann av Munkelivgodset i Øvre Klyve og selde det att same året til Klas Miltzow. Endre Knutson var leiglending 1664. Klas Miltzow var 1676 eigar av 2 laup (pund?) og Helge Saude ½ laup, alt ført upp under Apostelgodset. Klas Miltzow var eigar av alt i 1680 og 1691. Brynjulv var leiglending i 1691 og 1695. Han har havt desse fem borni, og kann henda fleire: Gjøa, g. 1. m. Hollgeir Jonson Kvarakvål, 2. m. Mons Larsson Bjørku på Kvarakvål, Marta g. m. Isak Andersson Kvitno, Bord., Anders. Ei dotter var g. m. Olav Ingebriktson Kyte og ein son budde på Kvormo eller Kvamme. Anders Brynjulvson f. 1769, var brukar i 1701 og kjøpte i 1723 Øvre Klyve av Henrik Miltzow. Anders var g. m. Anna Guttormsdr. og døydde 1741. Dei hadde dotteri Anna.

--- side 265 ---

Anna Andersdr. f. 1699, g. 1736 m. Lars Gullaugson Bjørku f. 1700, døydde 1781. Lars døydde 1770. Han vart stemnd i 1745 av Olav Vikingson Tvilde. Olav sa at Lars hadde selt 6 våger smør til han for 3 skill. morki, men so reiste Lars til Bergen med smøret og selde det der. Saki vart utsett. Mons Kvarakvål stemnde han Lars i 1740 for ulovleg skoghogst. Lars fekk skøyte frå far hennar Anna i 1736 på garden, og i skøytet er sagt at Lars skulde gifta seg med henne Anna. Ved skifte etter Lars er jodgodset verdsett 375 rd. Brutto-


Øvre Klyve
Bilete 30, Øvre Klyve. Fot. P. Braaten 1936.

midelen var 408 rd. To born: Arngunna og Kari. Kari var f. 1739 og gift til Fjose m. Styrk Åmundson.

Arngunna Larsdr. f. 1738 vart gift 1762 m. Jon Andersson Nedre Kyte f. 1727. Dei fekk garden hjå foreldri hennar. Han skreiv ei sers god handskrift. Jon døydde 1810 og Arngunna 1828. Fem born: Anders f. 1763, Anna f. 1765, g. til Grytestølen m. Arne Sjurson, Lars f. 1777, g. 1. 1798 m. Ingebjørg Nilsdr. Bø, 2 m. Anna Gullbrandsdr., leiglending på Bø, Tkb., Ingebjørg f. 1781, død ugift 1841, Sigvor, g. 1806 til Nedre Graudo m. Lars Person.

Anders Jonson f. 1763, g. 1796 m. Ingebjørg Andersdr. Skutle f. 1768, fekk garden hjå far sin 1794. Han Anders døydde

--- side 266 ---

1839 og ho 1854. Han var valmann ved stortingsvalet til umframt-stortinget 1814, då Odd Klyve vart tingmann. Anders skreiv ei sers god handskrift. Bladet «Efterretninger fra Adressekontoret» i Bergen har 1788 ei melding um at Anders hadde levert fleire vakre teikningar. Attestar fylgde med som vitna at Anders hadde laga teikningane utan å ha lært hjå nokon korkje teikning eller fargeleggjing. Han hadde og laga nokre vakre forskrifter som fylgde med. Bergens Nyttige Selskab gav han 4 rd. i premi. I Bergens Museum er ei fin fargelagd primstavteikning med tydingar som Anders har laga. Voss Folkemuseum har fått kopi av teikningen. Fem born: Jon f. 1797 vart tollkasserar i Drøbak, Anders f. 1798, Brita f. 1800, g. 1824 til Ringheim m. Anders Knutson, David f. 1803, g. 1829 m. Sigrid Isaksdr. Nyre (Amerika), Arngunna f. 1810. Anders Andersson gifte seg 1824 med Gunnvor Knutsdr. Indre Ringheim, reiste til Amerika og dreiv stor handelsforretning der. Anders hadde fått farsgarden 1827, men let han til systri Arngunna, då han reiste til Amerika i 1843.

Arngunna Andersdr. f. 1810 gifte seg 1840 m. David Larsson Lemme f. 1805. Fyrst var han skulehaldar på Bordalen nokre år, reiste umlag 35 år gl. til Stord seminar, tok god eksamen og vart lærar og kyrkjesongar på Voss. Han slutta i 1857 og var sidan organist. David gav upplæring til unge gutar som vilde verta skulemeistrar. Han åtte ei tid Grovendal, bygde «Vetlebygningen» og budde der. Han var god til å arbeida både med tre- og smedarbeid og massingstøyping. Fyrr han reiste på seminaret, dreiv han mykje med å arbeida ymse ting t. d. ljosestakar, ljosekrunor åt kyrkjor, dørhandtak av massing, dørlås, navrar og anna som han selde. Umlag 19 år gamal byrja han med orgelbygging og heldt fram med det so lenge han levde. Mange husorgel og nokre kyrkjeorgel har han bygt. 75 år gamal arbeidde han siste husorglet, og det er enno i bruk på garden. Ho Argunna fekk som nemnt garden hjå bror sin i 1843 for 1350 spd. David vølte mykje på garden på sine gamle dagar. Han døydde 1883 og Arngunna 1875. Borni deira var: Anna f. 1842, g. m. Ivar J. Rivenes på Setre, Ingebjørg f. 1844, g. 1863 til Leiddal m. Styrk Andersson, Kari f. 1846, g. m. Lars Klyve (Amerika), Anders f. 1848.

Anders Davidson f. 1848, g. 1872 m. Brita Samsonsdr. Bryn f. 1848 var sersjant og fekk garden i 1873 for 650 spd. Då

--- side 267 ---

kong Oskar den 2dre vitja Voss som prins i 1872, vart det skipa eit vossabrudlaup so prinsen skulde få sjå det. Anders og Brita, som var gifte um våren, var brudfolk. Til minne gav prinsen dei eit sylvstaup. Anders døydde 1875 og Brita 1918 og har sonen David etter seg. Han er f. 1875, g. 1899 m. Guro Eiriksdr. Graudo f. 1872 og har fått farsgarden både hans og hennar.

Øvre Klyve var fyrr mtrnr. 119, lnr. 238 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 4 dalar 1 ort 13 skill., revidert likeins og ny skyld mark 6,28.

Bruk 2. Belsnes. Skilt frå bruk 1 i 1908 med skyld 4 øre og ervefest til Samson Belsnes som har bygt og bur der. Han er jarnbanevaktar.

Bruk 3. Jonsstølen. Skyld 10 øre. Skilt frå bruk 1 i 1926 -27 og selt til Knut H. Grovu, Rd.

Bruk 4. Jonsstølen. Skyld 10 øre. Skilt frå bruk 1 i 1926-27 og selt til Viking T. Grovu, Rd.

Bruk 5. Jonsstølen. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1926-27 og selt til Lars K. Grovu, Rd.

Bruk 6. Jonsstølen. Skyld 5 øre. Skilt frå bruk 1 i 1926-27 og selt til Lars K. Kvarakvål.

Bruk 7. Jonsstølen. Skyld 3 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1926-27 og selt til Marta Kvarakvål.

Bruk 8. Jonsstølen. Skyld 12 øre, Skilt frå bruk 1 i 1926-27 og selt til A. Rykke.

Husmenn.

Der var ikkje husmann i 1723. På plasset Stampehaugen har butt: Lars Ivarson, g. m. Kirsti. Deretter var det Trond Brynjulvson Davidhaug f. 1793, g. 1826 m. Marta Larsdr. Gjukastein f. 1799, skriven som plassmann i 1865 og døydde på Klyve 1876. Borni deira er førde upp på Davidhaugen. So var det Lars Gudleikson Dukstad, g. 1878 m. Ingjerd Andersdr. Kvitno. Då dei flytte til Kvitno, kom Brynjulv Håkonson Ukvitshaugen, g. 1874 m. Kristi Eiriksdr. Kytesgeilane, som reiste til Amerika. Sidan var det Gusskalk L. Veka f. 1830, g. 1858 m. Kari Herbrandsdr. Takla budde der til han døydde 1888. Ho døydde 1924. Dei hadde ni born: Brita f. 1858, g. m. Lars Olavson Vele, Nedkvitno, Kirsti f. 1860, Margreta f. 1862, g. m. Per N. Tofte (Amerika), Lars f. 1864, bygningsmann i Amerika, Anders f. 1867, sjå bruk 6 Flatekvål, Ingjerd

--- side 268 ---

f. 1870, gift i Amerika, Marta f. 1873, gift og død i Bergen, Eirik f. 1877, død ugift, og Olav f. 1880 (Amerika).

Kvern.

I 1661 har der ikkje vore kvern ser det ut til, men i 1723 var det ei flaumkvern som og er nemnd i 1776 og 1791. Lars Gudleikson Klyve kjøpte 1754 ein kvernedam av Gitle Olavson Øvre Graudo, som han hadde fått ved skifte 1734. På Øvre Klyve sin eigedom ved Svinaonæ syner det etter 6 kvernhus. Svinaonæ kjem or ei tjørn som dei demmer upp når vatnet skal brukast til drivkraft. Attmed Svinaonæ har stade 12 kvernhus, 3 sagbruk, 1 stampe, 1 vasshammar i smidja, 1 overvasshjul for treskjing og dreiing. Det var gardane Kyte, Norheim, Repål, Klyve, Kvarakvål og Graudo som åtte dei. No er der att berre 4 kvernhus og 2 sagbruk. I 1808 sette Øvre Klyve upp kvern som var i bruk til 1899. I Stampehaugen var det stampe til i 1880-åri. David Lemme styrde henne lenge, og sidan Gusskalk Veka.

Støl.

Matrikkelen fortel at det var 2 mil til stølen. Øvre Klyve hadde sumarsstøl på Jonsstølen til han vart seld 1926-27. Høgste sumar var dei på Fjellset ein tur, men dette har ikkje vore brukt dei siste 50 åri. Som vårstøl har vore brukt Vetlestølen til nyleg. David kjøpte 1927 bruk 9 Eggjareid og har støl der.

Offentlege forretningar.

Semje er sett upp 1739 um merki millom Øvre Klyve og Nedre Klyve. Sak med Repål 1766 og 1772 um veiting, og med Lemme i 1776 um ein teig. Sak mot Repål 1771 og åstadsak på dei tider på Jonsstølen. Godviljug utskifting 1827, kommisjonsforlik um Jonsstølen 1838 og 1872. Utskifting på Jonsstølen 1916.

Bumerke.

Anders 1729 tavle 6 nr. 2. Lars 1741, 1748 t. 2 nr. 3, noko brigda 1753 og atter brigda 1754. Jon Andersson 1764, 1766 og 1774 t. 6 nr. 4 og teikna A S i 1783.

119. Nedre Klyve.

Skyldi på Nedre Klyve var 3 laup 9 mark i 1661 med to brukarar, og der var turvande vedaskog skriv landkommisjonen. Matrikkelen 1723 melder at skyldi då var 2 laup 1 pund 15 mark med ein brukar. Der var humlagard og brennefang. Skyldi er likeins til 1838, då ho vart umskrivi til 6 dalar 3 ort 3 skill. Vidare er då skrive at der var skog, humlagard, vassfall «og

--- side 269 ---

alt fornødenhed», og dessutan never til sal. Samanlikningstalet var 1000.

Matrikkelen 1865 melder at der var 21¼ mål åker, 5 mål dyrka eng, 15 mål god, 5 mål medels natureng og 91 mål skrapebø. 1 mål høvde til uppdyrking. Vårhamni var god, men sumarhamni ring. Skog til husbruk og ved, og det kunde seljast timber for 16 spd. um året. Innkoma av vassfallet var sett til 2 spd. årleg. Garden var tungbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var det 22 mål åker, 28 mål kunsteng og 15 mål natureng.

Folketalet på Nedre Klyve var 13 i 1801, 20 i 1865 og 31 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Klyve.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3   15   ?          
1723 2   23   24   20      
1865 2   18   42   51   46  
1918 3   12   40          

Bruk 1. Nedre Klyve var einbølt gard til ikring 1900. Under Øvre Klyve er fortalt noko um Nedre Klyve i tidi fyre 1600. Ivar er skriven som leiglending på Nedre Klyve mange gonger i tidi 1603-1645. I 1645 står det at han heitte Ivar Torleivson og var g. m. Ragnhild. I 1611 har dessutan Laurits vore brukar. Etter eit skinnbrev på Klyve av 2. mai 1634 selde Ivar Torleivson sin part i Klyve, 7 mmb., til Jens Jensson Schifue «straks at annamme, njude, bruge og beholde» for 40 rd. Ivar si kone var då Ingebjørg Olufsdr. Ragnhild må difor ha vore andre kona hans Ivar. Gudleik Giljarhus var bror hans Ivar. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 spann smør og 1 kalvskinn. Ivar var leiglending. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset 1 laup 1 spann med 2½ dalar 1 ort 6 skill. Tollak Giljarhus åtte i 1621 1 laup i Nedre Klyve. Skyldi er førd upp med 3 laup i 1635. Ivar hadde sønene Olav og Odd. Odd var g. fyrst med Anna og deretter med Åsa. Ho vart truleg gift andre gongen med Torgeir Sjurson Nedre Hylle f. 1658.

--- side 270 ---

Odd var brukar saman med faren i 1640, men hadde heile garden i 1652 og 1655. Vangskyrkja åtte i 1652 og 1659 1 spann, Vangens prestebol 9 mark, Svein Øystese 2 laup 18 mark. Kyrkjerekneskapen 1654 syner at Vangskyrkja fekk i årleg landskyld 1½ aske korn og 9 merker smør av sine 18 mark i Klyve. I 1657 og 1659 var Odd leiglending saman med Gullbrand og i 1661 saman med ei enkje, truleg enkja etter Gullbrand. Odd var so fatig i 1655 og 1659 at han fekk avkorting i skatten. Det same var tilfelle med Gullbrand i 1659. Per Person var brukar av alt i 1664.

I Norges Riksregistranter band II er meldt at i 1656 stadfeste Ove Bjelke eit makebyte. Stiftsskrivar Anders Masson bytte då frå seg ½ laup i Nedre Klyve og fekk att Våge og Kvalvik som kyrkjone i Kinn og Svanøy åtte. Skyldi på Nedre Klyve var 2 laup 2 pund 15 mark i 1661. Vangskyrkja var eigar av 1 spann, prestebolet 12 mark og 1 laup 54 mark var bondegods som bygsleretten høyrde til. Garden er førd upp under Apostelgodset i 1676 og 1680. Klas Miltzow åtte i 1676 1 laup 18 mark. Odd hadde i 1678 lånt 8 rd. hjå Klas Miltzow og pantsett ein skogteig i Mæringi. Då Odd fleire gonger vilde betala lånet attende, vilde Klas ikkje ta imot pengane men vilde ha skogteigen. Odd klagde då til tinget hausten 1680. Truleg har Klas lote ta imot pengane. Odd Klyve kjøpte i 1680 2 pund i Nedre Klyve av Helge Saude og Olav Bakke i Hardanger og åtte 1682 26 mark i Skjerve. Torgeir Sjurson, nemnd ovanfor, var brukar av heile garden i 1691 og 1695. Eigarane i 1695 var: Vangens prestebol ½ laup, Vangskyrkja 30 mark, Lars Miltzow 35 mark, Eiliv Rykke 1 laup og brukaren Torgeir ½ laup. Olav Torbjørnson f. 1673, var leiglending 1701. Ryttarskatten på odelsgodset i 1691 var 2 mark 4 skill.

Odd Ivarson som er umtala ovanfor, var etter eit skiftebrev på Leiddal i 1720 halvbror åt etternemnde syskin, -- born til Nils: Brita, g. m. Steffa Nilsson Leiddal, Steffa, Lars, Ivar Lemme, Sjur Dymbe, Gudve, g. m. Endre Knutson Nesheim, Marta g. m. Jon Kvåle. Odd Ivarson hadde desse borni: Eiliv, David, Ivar, Nils og Gudve. Ei Sigrid Oddsdr. Klyve som døydde 1728 85 år gl. er kann henda syster eller halvsyster åt dei. Det er fortalt at Davidnavnet skal vera kome til Klyve frå garden Ramsøy i Nerheimsdalen. Eiliv var g. m. Gjertrud Ivarsdr. og døydde 1697. Han åtte 14 mark i Nedre Klyve og 12 mark i

--- side 271 ---

Eide, som enkja fekk ved skifte etter han. Dei hadde dotteri Torbjørg f. 1695. Ivar Oddson f. 1681, g. 1716 m. Guro Tormodsdr. Helland hadde garden Mæringi, vart so leiglending på Kvòrmo og døydde der fyre 1775. Ordførar David Hustveit ættar frå dei. Nils Oddson f. 1691, g. 1735 m. Guro Olavsdr. Bø, budde i Røyrlidi og døydde 1739. Gudve Oddsdr. gifte seg 1. m. ekm. Lars Nilsson Berde, 2. 1721 m. David Olavson Bø. I 1749 var ho enkje og er då skrivi for Ulven.

David Oddson f. 1672, g. m. Kari Andersdr. truleg frå Nedre Kyte, døydde 1728. Ho vart attgift 1729 m. Nils Jonson Nedre Kyte. Då ho døydde 1749, gifte Nils seg 1750 m. enkja Torbjørg Hermundsdr. Vinjo. David bygsla i 1709 2 pund 2 mark i Nedre Klyve. I 1714 åtte Kirsten Miltzow 1 pund 9 mark, Torgeir Hylle ½ laup, David Klyve 1 laup, Brudvik kyrkje ½ laup, Vangskyrkja 18 mark og Vangens prestebol 12 mark.

David er i Skattemanntalet 1720 skriven som eigar av 1½ laup og i 1723 av 1 laup 2 pund 21 mark og var brukar av heile garden. David døydde 1728 og Nils Jonson vart brukar. Han åtte ½ laup og kjøpte 1739 1 pund 9 mark av Joakim Friele i Bergen, som hadde fått det 1732 og 1733 av presten Henrik Baltzer Miltzow. Han hadde fått noko ved skifte etter Laurits, farbror sin, og noko ved skifte 1720 etter Hermann Stockhoff og kone Kirsten Miltzow. David og Kari hadde seks born som vart vaksne: Torbjørg f. 1703, g. 1728 m. Knut Torbjørnson Øvre Rykke (eidsvollsmannen Brynjulv Gjerdåk ættar frå han), Brita f. 1709, g. 1730 m. Knut Jonson Mølster, Ingebjørg f. 1712, g. 1737 til Bjørgo m. Trond Johannesson, Odd f. 1717, Ragna f. 1720, død fyre 1749, Torgeir f. 1722, g. 1757 m. Marta Andersdr. Vinjo og budde i Røyrlidi, på Nedre Vinjo og sist på Stuarjo der han døydde.

Odd Davidson f. 1717, gifte seg 1743 m. Arngunna Ivarsdr. Osgjerd f. 1722, som døydde 1798. Han kjøpte i 1734 1 pund 14 mark av sine medervingar Knut Rykke og Knut Mølster, i 1742 10 mark av Trond Bjørgo og Torgeir Hylle og i 1750 2 pund 11 mark av ervingane etter skiftebrev 1749, og åtte ialt 1 laup 2 pund 21 mark i Nedre Klyve. Odd har i 1773 skøytt til sønene Anders og Ivar 2 pund 22½ mark. Eldste sonen David var død og ervingane hans skulde ha 2 pund 22½ mark. Ved «dispensasjon» i 1780 har Odd bestemt at når han var død, skulde hans eigedom i Nedre Klyve, 1 laup 2 pund 21 mark vera

--- side 272 ---

sonasonen Odd Davidson sin eigedom med overbygsel til 3 spann i garden.

I 1790 har so Odd skøytt til sonesonen Odd ovannemnde 1 laup 2 pund 21 mark med overbygsel til 3 spann 12 mark (1½ pund til Brudvik kyrkje, 18 mark til Vangskyrkja og 12 mark til Vangens prestebol). Odd var svært liten av vekst og meir enn vanleg sparsam. Arngunna var namngjeti som sers dugande og varmhjarta kvinne og skulde vera so overlag flink til å dra smør. Odd og Arngunna hadde fire born: David,


Nedre Klyve
Bilete 31. Nedre Klyve. Fot. P. Braaten 1936.

Anders f. 1747, g. 1. 1766 m. Gunnvor Askjelsdr. Kvåle, 2. 1774 m. Inga Eiriksdr. Osgjerd og døydde som leiglending på Lirhus 1817, Ivar f. 1749, g. 1. 1775 m. enkja Ingebjørg Brynjulvsdr. Tøn, 2. 1823 m. Anna Knutsdr. Tvilde og var leiglending på Øvre Tøn, Bård f. 1761, g. 1. m. Gjertrud Ivarsdr., 2. 1825 m. Guro Nilsdr. Møn og 3. 1834 m. Gjertrud Eiriksdr. Rykke. Bård døydde som gardmann på Osgjerd.

David Oddson f. 1744, var g. 1768 m. Jorunn Knutsdr. Ringheim f. ikr. 1740. Ho var dotter åt lensmann Knut Ringheim. Farmor hennar heitte og Jorunn og var frå Villand i Hallingdal. David fekk i 1765 skøyte frå Mikkjel Ivarson på

--- side 273 ---

Røyrlidi, bytte 1768 med Brynjulv Ingebriktson uti 2 pund 23 mark i Lydvo, men Ivar Lydvo trette på odelen og fekk etter lagtingsdom 1773 skøyte på eigedomen for 350 rd. Skifte var halde 1775 etter både David og Jorunn. Dei hadde sonen Odd.

Odd Davidson f. 1772, vart g. 1792 m. Sigrid Brynjulvsdr. Norheim f. 1774 og døydde 1841. Ho gifte seg uppatt 1850 m. Mikkjel G. Ronve og døydde 1851. Odd fekk som fyrr nemnt skøyte frå bestefaren på garden og ho Sigrid som var einbidne, fekk Norheim i 1793 og 1794 hjå foreldri sine. Odd var 3dje representant frå Hordaland til umframt-stortinget 1814 og var der medlem av sendelaget til kong Fredrik i oktober 1814. Etter Odd var det mykje skrivne saker, men dei vart brende etter ein smittsam sjukdom på garden. Ei noteringsbok med mange upplysningar um ymse ting og hendingar har dei att, Der står m. a. at brudlaupet hans byrja den 17. og slutta den 24. juni. Odd og kona køyrde ein gong på tremeiaslede over Vossastrondi til Ramsøy utanfor Gudvangen i gjestebod til nokre slektningar. Fem born: Jorunn f. 1795, g. 1816 m. Gitle Vikingson Repål som fekk Repål hjå foreldri hans og Norheim hjå foreldri hennar, David f. 1796, Ingebjørg f. 1802, g. 1826 til Mølster m. Bjarne Mattisson, Arngunna f. 1803, g. m. Nils Johannesson Møn, Brita f. 1812 gift til Fjose m. Styrk Åmundson.

David Oddson f. 1796, var g. 1. 1822 m. Ingjerd Johannesdr. Møn, 2. m. Marta Helgesdr. Lofthus. Han styrde Norheim til 1829, og fekk då skøyte frå far sin på Nedre Klyve for 900 spd. Jorunn og Gitle fekk same dag skøyte på Norheim for 700 spd. David trette 1831 på odelsretten til Norheim, men fekk ikkje medhald i domen 1832. David dreiv mykje med å ta akkortar på vegarbeid kring i bygdene, hadde akkort på uppreinsking av Bolstadstraumen, og kjøpte skogteigar til uthogst. Han var lagrettemann ved matrikuleringi 1823, valmann og med i heradsstyret og formannskapet frå 1837 og til sonen Odd tok romet i 1858. David var med i Thranerørsla og var utsending til «Vesle-tinget» som Thranefolket heldt i Oslo 1850. Der vart vedteke ein resolusjon som førde med seg at alle som hadde underskrive, fekk stor straff. Utsendingane frå Voss, Odd Klyve og Torgeir M. Bokkatun, skulde vera dei einaste som slapp fri for dei hadde hepna til og vore på hestaleiting medan resolusjonen vart vedteken. Dei hadde hestane sine gangande i ein hamnehage uppe i Aker. Ved skifte etter Ingjerd 1858 var

--- side 274 ---

bruttomidelen 3151 spd. Ni born med Ingjerd, Ingebjørg f. 1824, g. 1. m. Johannes Torsteinson Vinjo, 2. m. lærar Mons Botnen, og reiste til Amerika (ein son med Johannes, Odd, vart høgsterettsdomar i Wisconsin), Odd f. 1826, Brita f. 1827 gift til Øvsthus m. Knut Eirikson, Johannes f. 1829, gardmann på Hylle, Sigrid f. 1831, g. m. Nils Klasson Selheim (Amerika), Brynjulv f. 1836, døydde i krigen i Amerika, Lars f. 1838, g. 1. m. Kari Davidsdr. Øvre Klyve, 2. m. Guri N. Sonve, kjøpmann i Amerika, Guro f. 1842, g. m. Torbjørn Knutson Tøn, farmar i Iowa, Arngunna f. 1844, g. m. Lars Nilsson Lid, Nyre.

Odd Davidson f. 1826, g. 1852 m. Marta Eiriksdr. Øvsthus f. 1827, fekk skøyte på garden i 1858 for 1000 spd. Han dreiv som handelskar fyrr han tok mot garden, var medlem av futedømekommisjonen for den nye matrikkelen, valmann 9 gonger og med i formannskapet frå 1858 til 1885. Odd kjøpte alle partar som gardmennene på Voss åtte i Raundalens Almenning og tok horvelege tak med uppdyrking på garden sin. På sine handelsferder kom han ein gong til Vinjo utanfor Aurlandsvangen og vart der godt traktert. Dei fortalde at David-namnet fyrst var kome fra Klyve til Ramsøy og derfrå til Vinjo. Odd døydde 1905, kona hans 1902 og dei hadde seks born: David f. 1852, Eirik f. 1854, g. m. Eli Brynjulvsdr. Kyte (sjå Almenningen), Ingjerd f. 1861, g. m. Anders Brynjulvson Kyte, Guro f. 1864, Lars f. 1866, g. m. Gjertrud Andersdr. Kvarakvål (sjå Almenningen), Marta f. 1870, g. m. Per Person Vinjo (i Amerika).

David Oddson f. 1852, g. 1879 m. Ingebjørg Persdr. Vinjo f. 1858, fekk farsgarden for 5600 kronor. Han var med i heradsstyret 1885-1913 derav 23 år i formannskapet, varaordførar 3 år, åstadsforlikskommissær, presten sin medhjelpar, medlem av kyrkjetilsynet, av forstandarskapet i sparebanken og skulekommisjonen, var lagrettemann og domsmann og mykje med på utskiftingar, skyn og skylddeilingar. David døydde 1931. Seks born: Marta, f. 1881, g. m. Brynjulv Norheim, Odd f. 1884, Per f. 1888, g. m. Gjertrud Eiriksdr. Lemme, lærar i Klyve krins, Johannes død ung, Kristi f. 1895, g. m. kunstmålar Mons Breidvik, Ingjerd f. 1898. Odd Davidson g. 1. 1912 m. Brita Eiriksdr. Lemme, 2. 1919 m. Marta Eiriksdr. Lemme, f. 1898, fekk farsgarden i 1930 for 3200 kronor.

--- side 275 ---

Nedre Klyve var fyrr mtrnr. 120, lnr. 239 med gamal skyld 2 laup 1 pund 15 mark, urevidert 6 dalar 3 ort 3 skill., revidert 5 dalar 3 ort 2 skill. Ny skyld mark 8,18.

Bruk 2. Sarpen. Skyld 15 øre. Denne fossen i Raundalselvæ er skilt frå bruk 1 i 1898 og selt til staten for 5000 kronor.

Bruk 3. Klyve skule. Skyld 2 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1905 og selt til Voss herad.

Bruk 4. Utskilt frå bruk 1 i 1910 etter oreigning til jarnbanen. Skyldi er 95 øre.

Bruk 5. Klyve lærarjord. Utskilt frå bruk 1 og frå Kvarakvål bruk 2 i 1919 og selt til Voss herad. Skyldi er 15 øre.

Husmenn på Nedre Klyve.

Det gamle plasset Klyvshuset låg ovanfor gaadshusi. Der budde Mikkjel Styrkson, f. 1732 og kona hans Ragnhild Mattisdr. f. 1746. Han døydde 1802 og hadde borni: Styrk, Olav, Mikkjel f. 1778 og Ingjerd f. 1787. Olav f. 1775 var g. m. Ingjerd Sverkvesdr. Skiple og døydde 1845. Dei hadde dotteri Guri til dåpen 1821. Styrk Mikkjelson, skriven for Bø i 1795, då han gifte seg med Dønåt Tormodsdr. Brattåker, var fødd 1770, døydde 1827 og hadde borni Marta, Mikkjel og Olav. Marta gifte seg 1821 m. Svein Øyulvson Dukstad, fekk sonen Olav i 1822 og kom seinare til Ask ved Bergen. Mikkjel Styrkson, g. 1840 m. Torbjørg, dotter åt Lars Styrkson Klyve, Stampehaugen, fekk plass på Møn. Olav Styrkson (Bakken) hadde plasset ei tid etter foreldri hans. Olav Olavson g. m. Barbrå Larsdr. budde der då dei fekk dotteri Ingebjørg i 1850. Sidan kom Anders Jonson Kvitno f. 1798, g. m. Anna Samsonsdr. Tverberg, men dei flytte sidan til Kvarakvål. Sjå meir um dei på Kvitno, Rd.

Anders Olavson Knapskog bygde på det nye plasset Klyvshuset eller Huset som det og er kalla. Han var g. 1875 m. Maria Larsdr. Nedkvitno. Oddmund Sjurson Honve f. 1835, g. m. Anna Hansdr. Heimberde hadde fyrst dette plasset, men bygde ikkje på det. I futerekneskapen 1770 er umtala husmann Viking Mikkjelson Klyve av di han då som fyrr hadde selt øl.

Støl.

Det var ½ mil til stølen fortel matrikkelen i 1723. Fyrste stølen åt Klyve har vore Mòrset. Sidan hadde Nedre Klyve støl i Rastaliæ og bygde rundt 1740-åri på Nyestødl'n lenger

--- side 276 ---

ute mot Brattåkermerket. Fyrr det vart veg gjenom Styggaklyve, reiste dei um våren med krøteri upp um stølen Mòrset og Skaret ned til vårstølen Nyestødl'n som ligg ovanfor Ryssaberge i Rastaliæ. Der var dei til dei hadde fått ein stor embar full med smør og flytte so til stølen høgre uppe. Midtsumars var dei 6-8 vikor på stølen Saotedalen (til ikring 1825). Flytte so heim i Hagen (utanfor husi heime millom bøgarden og Styggaklyve). Odd som var fødd 1824, kjøpte fyrst 10/67 i Almenningen og hadde sidan støl på Borgarbu til 1878. Då bygde dei på Liaset i Almenningsliæ ovanfor Mjøllfjell st. og har sidan støla der. I ramen på selet i Klyvsliæ står O. D. S. 1756 og over døri til floren står O. D. S. KLØWE 1752.

Kvern og sag.

Kvern har det nok ikkje vore i 1661, men i 1723 var det ei flaumkvern. Ho er nemnd både i 1776 og 1791 og stod til 1859, då nytt kvernhus med 2 par kvernsteinar vart bygt ved fossen Sarpen i Raundalselvi. Der vart male mykje åt andre. Ein vinter då dei fleste kvernar var fastfrosne, kom det so mykje melder at dei laut lagra det heime på Klyve. Ein flaum i 1904 reiste med kvernhuset. Odd fekk i 1801 kongeløyve til på visse vilkår å byggja uppgangssag, - som enno står ved Svinaonæ, men ho er umskipa til sirkelsag i 1905. På tinget 1818 er tilført at det kunde skjerast inntil 6 tylvter timber årleg på denne sagi.

Ymse.

På Nedre Klyve er to bualoft på to høgder med gang millom, båe av rundtimber. Det nordlegaste har årstalet 1716 over buadøri. Det andre er uvanleg stort og har 4 faste utkrota sengjer på kvar side i loftet. Dei hermer etter stortingsmann Odd Klyve, at då godfar hans bygde loftet på Klyve, reiv han ned eit gamalt loft. I det var det tri oljemåla stokkar, som måtte vera av eit endå eldre hus. I samband med dette er fortalt ei segn um at ei frue skal ha butt på Klyve. På buadøri er mange tjørekrossar med solring umkring. Eldhuset har havt moldbenkjer på øvre sida og der er eit langbord av 4 turnar tjukt timber. I 1802 bygde dei tohøgda stovehus med vindaugo. Ho heitte glasstovo og vart rivi 1931. Nytt tohøgda bustadhus er sett upp i staden. Ei rotstove er bygd i 1842. I 1804 vart uthuset bygt med steinflor under. Odd, fødd 1772, planta ask langs etter vegen til Øvre Klyve og jamsides dermed ei rad på slette bøen, eit

--- side 277 ---

døme på kor høgt dei då sette foringi av asken. Odd, fødd 1826, grov vasspringsbrunn so stor at 20 menn fekk rom i han. Til vassleiding la han trekubbar som han bora hol igjenom. Sjølv smidde han tappekran av jarn.

Ved grindastødet til heimste Klyvsgrindi stod ein stein med årstalet 1760. Han vart riven då jarnbanebyggjingi vølte um vegen Klyve-Uppsete. Steinen skal vera sett upp då dei laga reidsleveg gjenom Styggaklyve. Ein mann kom då frå Kongsberg skulde læra arbeidarane til å minera. Vegen var so smal at det var vanskeleg å fara der med klyv. Ein gong han Endre Heimberde kom med smørklyv, tok klyvi inni på øvre sida og sette hesten utfor. Endre var eldande snåp til å triva i klyvi og hesterova og fekk godt spennetak. Anten hesten eller klyvi kunde han redda tykte han, men ikkje båe. Medan han låg soleis og funderte, kom det hjelp, og alt vart berga.

Vegen vart umbygd til køyreveg ikring 1840. Kaptein Øvre stod for arbeidet.

Sverrestigen er i Styggaklyve ovanfor vegen, og har namnet etter kong Sverre som for der med krigsfolki sine. Vossabøndene hadde samla seg uppe ved Raukjeldo, der vegen til Raundalen då gjekk, og vilde ta han der. Segni segjer at Sverre sette jarnboltar i berget, hogde ned tre og la ovanfor dei og kom so fram med heren sin. Nokre jarnboltar står enno.

Ovanfor Drivhaugen som er ovantil vegen i Rastaliæ, ligg Smørsteid'n som ruver som eit tohøgda hus. På nedre kanten under han ligg det nokre småsteinar på skrått, glatt fjell. Det ser ut som vilde Smørsteid'n rulla nedover um småsteinane kom undan. For å hindra det ofra dei smør til stemen etter at det vart veg gjenom Styggaklyve. Rastakleivæ ligg i byte millom Klyve og Urdland. Seljeflekjen skal vera bygd av selje då vegen vart bygd der og er millom Rastakleivæ og Drivhaugen. Rastaliæ er rekna frå Styggaklyve utover til Urdlandsmerket.

Per Sivle hadde ein hellebard som han synte fram til gjester som han retteleg vilde æra. Per fortalde, at han hadde fått hellebarden på ein støl ovanfor Sverrestigen. Hellebarden er no i museet på Mølster.

Offentlege forretningar.

Godviljug utskifting 1827. Forretning um tiendi var halde 1850 for Nedre eller Øvre Klyve.

--- side 278 ---

Bumerke.

David 1723 tavle 6 nr. 1. Knut 1733 t. 5 nr. 9. Nils fleire gonger 1735-1746 t. 6. nr. 3. Odd 1766, 1776 t. 6 nr. 5.

Ymse.

Dei gamle har fortalt at Nedre Klyve var fyrste garden i Klyvsgrendi likeins som Øvre Kyte var det i Kytesgrendi og Øvre Graudo i den grendi. I dette trikløveret er det Klyvsbonden som fyrst har skilt lag med hine. Han kosta og heldt ved lag merkesgjerde heilt frå Raundalselvi millom Klyve og Graudo og lenger uppe millom Klyve og Kyte. Vònd hadde Klyvsbonden rett til å finna på kva side av merkeskilet han fann for godt - etter sed og skikk den gong. Seinare har gjerdehaldet vorte skift soleis at kvar held seg sjølv med vònd. Berre på stykket millom Nedre Klyve og Repål er det soleis at Nedre Klyve held gjerde i stand og Repål held vònd. Når Klyvsbonden sette på merkesgard, må det vel vera av di han då har teke Mòrset til sumarsstøl og bygt der.

Odd Klyve som døydde 1841 har fortalt som ei gamal segn at Kvarakvål skal ha vore kalvahage og Øvre Klyve vårstøl til Nedre Klyve, og dette er godt truleg. Øvst på bøen åt Øvre Klyve står både flor og sel, og det heiter Vetlestølen. Storestølen åt Nedre Klyve kann då ha vore Mòrset. Då Klyve so bygde hus åt krøteri midt ute i Rastaliæ på ein stad som no heiter Floren, har truleg Mòrset vorte delt so Kvarakvål fekk ein part mot Kytesmerket, Øvre Klyve midten og Nedre Klyve resten. Vetlestølen vart då på teigen åt Øvre Klyve og Mòrset på stølsteigen åt Kvarakvål. Desse stølane har vore brukte som vårstølar, Mòrset til ikring 1880 og Vetlestølen til nyleg.