1. Kolle.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 21 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Kolle. Det vert no sagt: gar'n eité Kòdlé2; han bur pao Kòdlé, è tao Kòdlé, ska tì Kolls (el. Kòdlés, yngre); i samansetning: Kòllsvèjén. Namnet er same ordet som det gamalnorske kollr m, koll, rund topp, i dativ kolli.

Kolle er ein fjellgard på grensa mot Evanger. Vegen til gards tek upp frå hovudvegen ved Geitlesbrui og er um lag 5 km. lang. På tåkkeføre må dei reida eller bruka tremeiaslede. Landkommisjonen skriv i 1661 at Kolle var øydegard. Elles er berre sagt at der var vedaskog, og at Indre Kolle var lunnalaus. I matrikkelen 1723 er fortalt at på Kolle var turvande vedaskog, ei flaumkvern og at det var god foring på garden, men at han var tungvinn. På Indre Kolle var ikkje skog eller kvern. Korn kunde ikkje dyrkast, fordi det fraus. Denne parten var tidlegare upprudd, men var no berre febeite og støl åt eine bruket på Eide. Skyldi var 1661 og 1723 på Kolle 3 spann og på Indre Kolle 12 mark. I 1723 vart skyldi sett upp til 1 laup for Kolle, men ikkje brigda for Indre Kolle. Det var ei kvern i 1776 og 1791. Kolle fekk samanlikningstalet 840 ved matrikkeleringi i 1830-åri. Då er og tilført: Det var noko fureskog, men ikkje nok til husvølingar. Turvande vedaskog og neverskog var der, og likeins kvern. Skyldi var likeins som i 1723, men er 1838 umskrivi til 5 dalar 2 ort 20 skill.

Av matrikkelen 1865 ser me at det på Kolle var 16 mål åker, 2 mål dyrka eng, 34 mål god, 58 mål medels natureng og 84 mål skrapebø. 4 mål var skikka for uppdyrking. Der var godt beite, skog til husbruk og ved kunde seljast for 2 spd. årleg. Garden var medels lettbrukt og vanleg godt dyrka. Ved uppteljingi 1918 var det 11 mål åker, 15 mål kunsteng og 57 mål natureng.

På Kolle budde i 1801 8, i 1865 22 og i 1920 14 menneske.

--- side 22 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Kolle.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 11 11
1723 2 19 21 9
1865 2 22 60 40 60
1918 4 10 32

(Det er selt høy på eine bruket i 1918.)

Voss prestebol er i Bjørgynjar Kalfskinn ført upp som eigar av 5 mamatabol i Kolle. Prestebolet har i 1580-åri fått som årleg landskyld derav ½ laup smør. Kolle er skriven for øydegard i 1621. Jens var leiglending då og betalte ½ dalar i skatt. Han betalte 1624 9 mark smør i leidang for parten som han hadde. Ingebjørg Himle åtte 1621 1 spann i Kolle. Ivar er nemnd som leiglending på 3 spann i 1635 og 1636 og Adser Sjurson fleire gonger 1640-1659. Han var gift fyre 1645 med Gjertrud. Ved makebyte med Folkvard Broderson 1649 har kongen fått noko jordgods (truleg 1 spann) i Kolle. I 1661 var Kolle og øydegard. Adser var leiglending på Kolle og Trond på Indre Kolle. Kongen åtte 1 spann og prestebolet 2 spann i Kolle, og prestebolet 12 mark i Indre Kolle.

Olav Andersson er nemnd som leiglending på Indre Kolle i 1664 og 1691, men i 1695 har Nils den parten. Tormod var leiglending på Kolle 1677, 1691 og 1695 og var lagrettemann i 1677. Som eigarar av 1 spann i Kolle er ført upp i 1680 Per Anderssons ervingar, i 1691 laugmann Coch og i 1695 Hans Axelson. Voss prestebol åtte 1691 og 1695 3 spann i Kolle og 12 mark i Indre Kolle.

Nils Gudleikson fødd 1666, død 1758, har i 1694 fått feste på 1 pund 12 mark i Kolle og åtte 1 spann i garden etter skøyte 1712 frå Jochum Rai(?) i Bergen, verdsett 9 riksdalar ved skifte etter Nils. Indre Kolle er i 1712 fest til Velom Gusskalkson Eide og har sidan vore brukt av mennene på Eide. Nils var gift fyrst med Marta Larsdr., død 1717, og andre gongen 1718 med Rannveig Knutsdr. Seim, skifte 1772. Med Marta hadde han sonen Tormod f. 1694 og ei dotter. Tormod var g. 1712 m. Sigvor Bergesdr. Vetla Røte. Rannveig døydde barnlaus.

Knut Eirikson Bø, Rd. som meinte seg å vera rette odels-

--- side 23 ---

mannen, har i 1704 stemnt Torleiv Knutson Kolle til å gjeva upp sitt kjøpebrev på Kolle. Torleiv vart av retten pålagd å syna fram heimelsbrevi sine på 3 spann, men eg har ikkje funne noko um korleis det gjekk. I 1708 er tinglese heimelsbrev på 3 spann frå Laurits Miltzow, som då var eigar, men det står ikkje kven det er til.

Nils Gudleikson f. 1666 var leiglending i 1701, kjøpte 1722 18 mark i Kolle og betalte dagskatt 1715. Voss prestebol åtte framleies 2 spann i Kolle og 12 mark i Indre Kolle. Nils sa upp festet sitt på Kolle i 1748 so dottersonen Nils Oddson skulde få garden. Han gifte seg 1749 med Barbrå Knutsdr. To. Ervingane etter Nils har i 1759 selt 1 spann han åtte i garden, til Tormod Helgeson Århus, som skulde gifta seg med syskinbarnet sitt, enkja etter fyremannen på Kolle, Nils Oddson. Tormod hadde i 1752 bygsla av soknepresten 2 pund 6 mark i garden. Tormod og Barbrå hadde borni: Nils f. 1755, Helge f. 1759, Magli f. 1762, Kari f. 1768, g. 1790 m. Gudleik Andersson Hovda.

Nils Tormodson f. 1755, g. m. Ragnhild Torsteinsdr. Eide f. 1765 (sjå boki um Lidætti nr. 180) har i 1786 bygsla av soknepresten 1 pd. 12 mrk. i Kolle som far åt Nils til den tid hadde havt. Nils har i 1827 selt det han åtte i Kolle (1 spann) til Jon Brynjulvson som var g. m. Anna Endresdr. og døydde 1862, 85 år gl. Ho døydde 1874, 82 år gl. Han har i 1843 fått kongeskøyte på 2 pund 84/7 mark av prestebolsgodset i Kolle med årleg jordavgift 1 tunne 4 skjeppor 3½ fjerdingkar bygg. Jon og Anna sine born var: Nils f. 1819, Brynjulv f. 1820, Endre f. 1832 og Jon f. 1835.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Kolle. Når me tek undan Indre Kolle som høyrde til Eide og som ligg inne under Nonhaugen, hadde Kolle til denne tid vore i eit bruk. I 1864 skifte Jon Brynjulvson garden millom to av sønene soleis, at Brynjulv fekk bruk 2 i 1846 og Nils fekk bruk 1 i 1846 og 1855. Nils vart gift 1866 med Ingebjørg Knutsdr. Steine, Vassvøri, og døydde 1906. Borni deira var: Nils, Anna, Brita, g. m. snikkar Lars Olavson Styve, Knut og Ragnhild, fødde 1867-1874. Nils Nilsson f. 1867, g. m. Anna Knutsdr. Skjeldal fekk garden i 1894. I 1917 var skilt frå noko vassrettar som bruk 5.

--- side 24 ---

Bruk 1 var fyrr matrikkelnummer 1, løpenummer 1 med gamal skyld 1 laup, urevidert skyld 2 dalar 3 ort 6 skill. og revidert 2 dalar 1 ort 20 skill. Etter at nemnde vassrettar er fråskilde, er skyldi no mark 3,39.

Bruk 2. Kolle. Som fyrr nemnt fekk Brynjulv Jonson dette bruket hjå far sin i 1846. Brynjulv var f. 1820 og gift 1856 med Marta Olavsdr. Skjerven. Han let garden 1858 til Endre, bror sin, som vart gift 1861 med Barbrå Magnesdr. Berge og hadde borni: Tormod, Anna, Jon, Ingebjørg, Ragnhild, fødde 1862-1877. Jon fekk garden i 1910. Han er f. 1867 og g. m. Guro Herlaugsdr. f. 1867.

Frå bruk 2 var skilt ut noko vassrettar i 1917 som bruk 5. Skyldi på bruk 2 er likeins som bruk 1.

Bruk 3. Indre Kolle eller Tødna. Vårstøl til bruk 1 Eide. Nils Nilsson Eide bygsla bruk 3 saman med bruk 1 Eide i 1827 og fekk kongeskøyte på dei i 1859 for 1200 spd. Sonen Nils fekk båe eigedomane i 1862 for 1500 spd. Han skifte bruk 3 i 1896 i to like partar. Sonen Johannes Nilsson fekk den eine halvparten, bruk 3, og sonesonen Nils Nilsson den andre, som vart bruk 4. Skylddeling var ikkje halde fyrr i 1912. Nils Johannesson Eide fekk bruk 3 i 1922.

Fyrr var bruk 3 mtrnr. 2, lnr. 2 med gamal skyld 12 mark, urevidert 1 ort 8 skill., revidert 1 ort 1 skill. Ny skyld er 15 øre etter at bruk 4 er skilt frå.

Bruk 4. Tødna, er skilt frå bruk 3 i 1912. Nils Nilsson Eide fekk skøyte på bruk 4 i 1896 frå bestefar sin. Skyld 15 øre. Anders N. Eide fekk skøyte på det i 1921.

Bruk 5. Kolleavsnittet. Det er i 1917 skilt frå bruk 1 og 2 med skyld tilsaman 12 øre. Det er vassrettar i Teigdalselvi og Grasdalen, som D. W. Blaauw i Bergen kjøpte i 1917 for 3000 kronor. Han skøytte det i 1919 til Bergens kommune.

Husmannsplass.

Sjur var husmann i 1645, gift med Magdalena. Sidan veit me ikkje um nokon husmann fyrr 1877, då Helge Larsson Bjørndalen og kona på bruk 2 har fått feste på plass, som dei rudde og bygde på. Plasset heiter Nygjerdslo. Sonen Odd hadde det nokre år, men no bur der ikkje nokon. På bruk 1 er husmannsplasset Kollsliæ. Det var Knut Person Steine frå Evanger som vølte upp plasset og bygde der. So budde Lars

--- side 25 ---

Nilsson Bolstad der og etter han kom fyrnemnde Knut Person sin son Knut. Knut Nilsson bur der no. Det var eit plass til i Kollsliæ. Jon Brynjulvson, som døydde 1862, hadde rudt dette plasset utanfor bøjagarden. Etter han budde Knut Knutson Steine der. Han hadde vore skulemeister ei tid. No bur der ingen.

Stølar.

Stølen var 1½ mil frå garden heiter det 1723. Heggjastølen er no vårstøl åt Kolle um lag 1 km. frå garden. Sumarsstølen er på Nere-Fanadalen, um lag 10 km. nord for garden. Han er ikkje i bruk no.

Kvern.

Det har vore to kvernar til nyleg. Nils J. Kolle bygde i 1850-åri vass-sag og stampe, som var mykje i bruk, men vart nedlagde um lag 1915.

Offentlege forretningar på Kolle.

Uppgang av merke mot Geitle 1734, 1736 og 1743, «åverkssak» 1813, odelstakst 1854, godviljug utskifting 1840 og utskifting av bruk 1 i 1847.

Ymse.

På Kolle er eit gamalt bualoft, bygt av stort fint tilvølt timber.

Gamla-Tuftna heiter ein plass på Kolle, so ei 100-150 meter ovanfor der husi no står. Denne plassen ligg soleis at ein ser både nedover dalen og uppover mot Edal og Steine. På denne staden låg husi fyrr.

Tett attmed Gamla-Tuftna ligg fleire gravhaugar, som Bergens Museum har freda. I ein av dei, der gravi nok hadde vore plundra, vart 1934 funne i moldi ein nokso tærd sylvmynt, truleg ein romersk mynt. Han er no i Bergens Museum.

Segn.

Dei gamle fortel at det var tri brør, Adam og to som heitte Abraham, som fyrst busette seg på Kolle. Dei skal vera gravlagde i Brorhaugen, som er på heimebøen. Det har vore grave i haugen, og ymse ting skal vera funne. Det er og fortalt at Indre Kolle i gamle dagar var gjeve til Eide som brudgåve eller fadragåve. Den eine stova på Kolle trur dei skal vera um lag 200 år gamal, og det skulde vera den fyrste glasstova i grendi.

Bumerke.

Nils Kolle 1712, 1719, sjå tavle 2 nr. 7. I 1722 har han snutt krossen på det upp.