130. Kolvidi.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 324 ---

Gamal skriftform vantar. Det vert no sagt Kòlvíè (sjeldan Kòllíè?); han búr i, è ór Kòlvíénè, ska í Kòlvíè. Namnet synest vera samansett, fyrelekken må vera same ordet som ein hev i Kòlvù, garden nett ovanfor, etterlekken kunde vera umlaga av ei ide (bakevja), som der er nedanfyre i elvi, men er kanskje heller bundi form av ordet ei lid, soleis Upphavleg «Kolve-lidi»?

Kolvidi var fyrst husmannsplass under Kolvu, men vart i 1809 skilt frå bruk 3 som eige bruk mtrnr. 131, lnr. 261 med gamal skyld 3 mark, urevidert og revidert 16 skill. og ny skyld

--- side 325 ---

19 øre. Bård Jonson Øyaflòten kjøpte det. Han var g. 1813 m. Anna Eilivsdr. Berge og døydde 1837, 66 år gl., men hadde ikkje born. Ved skifte etter han vart garden taksta 52 spd. og skogen 8 spd.

Samanlikningstalet var 20 i 1838 og der var då turvande vedaskog. Ho Anna selde eigedomen i 1849 til Halldor Olavson Vålo for 150 spd. Han døydde 1881 og Brita, kona hans, døydde 1883. Dei fekk borni Ingebjørg f. 1847, g. 1872 m. Olav Larsson Lid, Anna f. 1850 og Ingjerd f. 1857. Anna fekk eigedomen etter foreldri for 920 kronor, gifte seg 1896 m. ekm. Per Hansson Heimberde og døydde 1925. Olav Frantsson Steen fekk eigedomen ved testament. Jon Steen på Lid er no eigar.

Kolvidi har ein teig, Osgjerdsteigen, som dei fekk av Kolvu ved utskiftingi. Osgjerd må ha ått denne teigen i eldre tid.

Kvern har Kolvidi havt ved Justdølo, som kjem or Justdalsvatne. Husmannen Nils Brynjulvson, umtala på Kolvu, åtte kverni. Då han fekk vita at kvernhuset var reist i ein flaum, sa han: «Å, da va godt. No faor ikkje han Bjedne Vaolo stela seg te mala oftare.»