131. Kolvu.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 325 ---

Namnet vert i 1563 skrive Koluenn, i 1611 Kolffue. Det vert no sagt Kòlvù2; han búr pao, è tao, ska tì Kòlvù. Namnet må koma av eit ord kalfa f. som finst i gamalnorsk med uviss tyding (eit stykke land?), eller det kunde vera av verbet kolva (kvelva, på Voss vert sagt kvølva og hølva) med same tyding som ei kvelva, i Ryfylke brukt um ein skålforma dal, og det vilde høva etter lendet på garden.

Landkommisjonen skriv 1661 at skyldi på Kolvu var 5 spann med ein brukar, men upplyser elles ikkje noko um garden. I matrikkelen 1723 er sagt at garden var tungbrukt og årvand, hadde litt vedaskog, men ikkje kvern. Skyldi var den same då, men er 1777 førd upp med 1½ laup. Kolvidi vert skilt frå i 1809 med 3 mark i skyld. På Kolvu var det att 1 laup 1 pund 9 mark som i 1838 vart umskrive til 6 dalar 2 ort 12 skill. Samanlikningstalet var 980. Der var turvande vedaskog.

Matrikkelen 1865 har ført upp 27 mål åker, 36½ mål god, 38½ mål medels natureng og 51 mål skrapebø. 2 mål var skikka til dyrking. Vårhamni var medels, men sumarhamni var ring.

--- side 326 ---

Bruk 1 og 2 hadde turvande vedaskog, men det var knapt um han på bruk 3 og 4. Timberskog var det ikkje på nokon av dei. Alle var svært tungbrukte og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var det 17,3 mål åker, 2,4 mål kunsteng og 15,5 mål natureng.

Folketalet på Kolvu med Kolvidi var 21 i 1801, 27 i 1865 og 32 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Kolvidi.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 15 7
1723 2 22 24 12
1865 3 ½ 31 64 65 ½ 56
1918 4 16 51

Ivar heitte brukaren på Kolvu i 1563 og 1591. Han betalte 1563 1 dalar i skatt og 1591 1 kalvskinn i «fredholdt». Knut var leiglending 1603, Ivar i 1611 og Knut 1611, 1614 og 1621. Knut d. e. og Knut d. y. åtte 1621 tilsaman 1½ laup og betalte 3 mark i odelsskatt. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var ½ pund smør 1 kalvskinn med Knut som brukar. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 3 spann odelsgods med 1½ dalar ½ ort 6 skill. Knut er skriven som eigar av 3 spann i 1629 og 1½ laup i 1635. Ivar var leiglending på heile Kolvu i 1629.

Knut betalte 1635 1 ort i garnisonsskatt for 1½ laup. Sonen Endre Knutson var so utarma at han slapp fri for pengeskatt i 1635. Han var gift fyre 1645 m. Gjertrud, hadde borni Ivar og Sigrid, åtte 1642 1½ laup og betalte odelsskatt 18 skill. Folkvard Broderson let 1649 ved makebyte noko til kongen og åtte deretter 2 spann av Kolvu i 1652 og 1655. Øyvind var leiglending. Munkelivgodset åtte det 1659. Endre åtte dei åri 3 spann og brukte heile garden.

Munkelivgodset åtte 1661 heile Kolvu (5 spann) skriv Landkommisjonen. Endre Knutson og Ivar Endreson var leiglendingar. Ivar var f. 1613 og hadde borni Arve f. 1653, leiglending på Rene, Olav f. 1661 og truleg fleire. Garmann kjøpte 1662 eigedomen av Munkeliv og selde same året til Klas Miltzow. Garden er ikkje nemnd i manntalet 1664. Klas Miltzow var

--- side 327 ---

ogso eigar av Kolvu 1691, men i 1695 var det brukarane som åtte garden. Skyldi er førd upp med 6 spann i 1695 og 5 spann i 1714. Folketeljingi 1701 har Olav Ivarson og enkja Ingjerd Aslesdr. som eigarar av Kolvu.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Kolvu. Olav Ivarson f. 1661, g. som ekm. 1722 m. Gunnhild Hallesdr. Lid, døydde 1743. Gunnhild hadde fyrr


Frå Kolvu
Bilete 40. Frå Kolvu. Fot. P. Braaten 1936.

vore gift m. Torleiv Olavson Helle og gifte seg tridje gongen 1746 m. Olav Erlingson Kvåle. Olav Ivarson var eigar og brukar av halve Kolvu i 1695. I 1714 og 1735 åtte han 1 pund 21 mark og var brukar til han døydde. Ved skifte etter Olav var det ein son Ivar.

Ivar Olavson f. 1725, vart g. 1745 m. Marta Eilivsdr. Skiple, død 1797, 68 år gl. Ivar døydde 1786 og var då eigar av 3 spann som faren hadde skøytt til han i 1741. Ved skifte 1786 var det taksta 350 rd. Bruttomidelen var 524 rd. Åtte born: Margreta f. 1753, g. 1779 m. Knut Knutson Reime, gardmann på Espeland i Granvin, Olav f. 1755, død ugift, Lars f. 1756,

--- side 328 ---

Kjel død ugift 1808, Eiliv f. 1760, g. m. Gjertrud Brynjulvsdr. Øvsthus, leiglending på Øvsthus, Rd., Ivar død ugift 1788, Gunnhild f. 1767, g. m. Knut Knutson, brukar på Voll, Sigrid f. 1769, g. m. Knut Olavson Bø, Rd.

Lars Ivarson f. 1756 var fyrst g. 1795 m. enkja Gjertrud Gitlesdr. Bø og andre gongen 1805 m. Gudve Larsdr. Skiple, som levde etter han. Gjertrud var fyrste gong g. m. Olav Knutson Bø. Lars fekk skøyte 1793 og 1798 på tilsaman 2 pund 6 mark, som ved skifte etter han 1833 vart taksta 510 spd. og skogen 20 spd. Lars hadde ikkje born med Gjertrud, men fem med Gudve: Ivar f. 1807, Marta f. 1808, g. m. Hallstein Gudleikson Kolvu, Guri f. 1809, g. 1841 m. Eirik Olavson Nedre Auro, Eiliv f. 1813, Lars f. 1818, g. 1814 m. Brita Ivarsdr. Kvarakvål (Amerika).

Ivar Larsson f. 1807 fekk halve farsgarden ved skifte etter far sin og resten ved skøyte frå mori 1836 og døydde ugift 1839. Garden vart då verdsett 580 spd. og skogen 30 spd. Brørne hans Ivar, Eiliv og Lars, fekk då kvar ein halvpart av garden. Parten til Lars vart utskilt som bruk 2. Eiliv gifte seg 1836 med Gunnhild Andersdr. Sygnaberde. Dei reiste til Amerika og selde garden 1857 til Jon Sjurson Kolvu for 500 spd. Han vart g. m. Tora Olavsdr. og dei fekk på Kolvu borni: Tora f. 1851, Sjur f. 1854, Olav f. 1857, Jensina f. 1859 og Jon f. 1862.

Arne Jonson kjøpte so garden. Arne var f. 1833, g. 1861 m. Ingjerd Knutsdr. Vetla Hegg f. 1837. Han døydde 1889 og ho 1882. Åtte born: Marta f. 1864, Knut f. 1866, død ugift 1894, Ingjerd f. 1869, Anna f. 1871, Jon, Lars f. 1875, Sisselja f. 1877 og Ivar f. 1880. Jon f. 1862 gifte seg m. Marta Brynjulvsdr. og fekk garden 1889 ved skifte etter far sin for 2 700 kronor. Jon døydde 1899. Dei hadde borni Ingjerd f. 1887 og Synneva f. 1890. Hans Kristianson, g. m. Berta Anna Larsdr. kjøpte garden i 1901 for 2300 kronor og selde att 1915 til Olav Knutson Lid for 1500 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 132, lnr. 258a med gamal skyld 2 pund 6 mark. Etter at bruk 2 var fråskilt var skyldi urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill. og revidert 1 dalar 2 ort 15 skill. Ny skyld mark 2,04, etter at bruk 5 var skilt frå.

Bruk 2. Kolvu. Det var skilt frå bruk 1 i 1842. Lars Larsson f. 1818 fekk denne parten ved skifte etter Ivar, bror sin, i 1839. Lars gifte seg 1840 m. Brita Ivarsdr. Kvarakvål. Dei

--- side 329 ---

fekk borni Gudve f. 1841, Karen f. 1843 og Ivar f. 1847, Lars selde garden 1849 til Jon Sjurson for 596 spd., umtala på bruk 1. Han selde att 1859 til Hallstein Gudleikson Lid for 500 spd. Han var fødd på Skiple 1820, g. m. Marta Larsdr. Kolvu og døydde 1910. Hallstein var presten sin medhjelpar i mange år og var med på skylddeilingar. Dei fekk borni Ivar f. 1844, g. 1871 m. enkja Sigrid Torsteinsdr. Kinne og fekk gard på Helland, Ingebjørg f. 1846, g. 1. 1868 m. Svein Olavson Kolvu, 2. 1895 m. Bjarne Knutson Lid, Eggjareid, Guri f. 1849.

Olav Olavson Nedre Auro kjøpte garden i 1887 for 2400 kronor og selde att 1890 til Jens Larsson Hagen for 2690 kronor. Jens var g. 1877 m. Gjertrud Sjursdr. Lid. Deira son Sjur f. 1879, g. 1908 m. Karen Boletta Hansdr., fekk garden 1919 for 7500 kronor og selde 1919 for 13000 kronor til Jakob Nilsson Ekse. Jens Kolvu kjøpte garden att 1922 for 8000 kronor og let han til Olav, son sin, for same pris. Johannes B. Lemme kjøpte i 1930 garden for 6600 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 132, lnr. 258b med urevidert skyld 1 dalar 3 ort 7 skill., og revidert 1 dalar 2 ort 15 skill. Ny skyld mark 2,22.

Bruk 3. Kolvu. Enkja Ingjerd Aslesdr. var eigar av dette bruket i 1701. Ho hadde vore g. m. Knut Olavson Villand f. ikring 1640 på Villand, Hol i Hallingdal. Bestefar hans Knut, Børge Olavson Villand, var f. ikring 1560. I Villandætti var fleire kjempekarar. Nils, bror hans Knut var oldefar til dei mest umtala Villandskjempone Torleiv og Svein som vart dømde for mord. Dei hadde sju syskin og millom dei Torkjel. Han var lensmann og framifrå god bygningsmann og treskjerar. I ætti var fleire sers dugande menn. Jorunn Aslaksdr. (g. m. Olav Knutson Espedal og budde på Ringheim) var syskinbarn til mor åt det nemnde syskinlaget på Villand.

Knut Olavson kjøpte 1688 og 1692 7 løbol i Søre Villand og er død millom 1693 og 1699. Han og Ingjerd hadde borni Torleiv f. 1680, Asle f. 1686, som kom til Reime, Olav f. 1692, Eli, sjå nedanfor, og kann henda fleire. Ho Ingjerd og sonen Torleiv bytte 1699 m. Erling Nilsson uti 3 spann i Kolvu.

Eli Knutsdr. var gift fyrst med Kjel og deretter 1710 m. Lars Bårdson Sponheim, Lid, som døydde 1751, 63 år gl. Lars vart gift andre gongen med Anna Åmundsdr. Ho Anna gifte seg andre gongen med Gitle Vikingson Lid. Eli fekk skøyte 1708 på 3 spann på Kolvu. Lars bygsla 1713 av Henrik Miltzow

--- side 330 ---

2 laup på Skiple og kjøpte 1728 noko på Lid, der det er fortalt meir um han.

Jon Endreson er vorten leiglending på 3 spann i 1716. Han var gift fyrst med Kari Helgesdr. og sidan med Kari Olavsdr. og fekk borni Torbjørg f. 1716, Endre f. 1719, båe med fyrste kona, og Ingebjørg f. 1728. Jon kjøpte 1727 3 spann av Styrkår Brakestad for 148 rd. og selde det 1729 til Nils Gudleikson for 100 rd. Nils var g. m. Brita Ivarsdr. og fekk på Kolvu borni Gudleik f. 1730 og Marta f. 1733.

Lars Andersson Almenningen kjøpte dei 3 spann av Nils 1733 for 300 rd. Lars var f. 1683, døydde på Kolvu 1751 og var son åt husmann Anders Almenningen, død fyre 1701. Lars hadde borni Anders f. 1712, g. 1733 m. Arnbjørg Kjelsdr. og vart jordamann på Dukstad, Sisselja og Herbrand, som vart eigar av Ytre Takla. Lars gav i 1740 1 spann 9 mark i Kolvu til kvar av sønene Anders og Herbrand. Herbrand selde same året parten sin til Anders. Han var lagrettemann 1740 og budde på Kolvu til 1760, selde då til Olav Olavson Sygnaberde og flytte til Dukstad, der det er fortalt vidare um han.

Olav Olavson var f. 1729, g. m. Margreta Eilivsdr. og døydde 1773. Ho gifte seg upp att 1783 m. ekm. Ivar Johannesson Bjørgo og døydde 1812. Ved skifte etter Olav er jordgodset taksta 500 rd. Bruttomidelen var 626 rd. Seks born: Jon f. 1756, Eiliv f. 1761, g. 1790 m. enkja Brita Nilsdr. Hagen, Olav f. 1767 g. 1792 m. Sisselja Vikingsdr. Nedre Rykke, Steffa f. 1772, g. 1802 m. Brita Nilsdr. Haga, Guri f. 1758, g. 1791 m. Nils Person Lydvo, Gjertrud f. 1769, g. i Kinsarvik 1798 m. Tobias Ivarson Utne. Ivar Bjørgo var gift fyrste gong med Kari Ivarsdr. og hadde med henne dotteri Sisselja, som vart g. m. Karle Larsson Bulko.

Jon Olavson fekk 1783 skøyte på garden og gifte seg 1784 m. Brita Josefsdr. Grindaland. Dei fekk borni Olav f. 1784, Synneva f. 1787, Margreta f. 1791, Olav f. 1795 og Ingerid f. 1798. Jon bytte 1802 med Olav Jonson Kyte uti bruk 1 Øvre Kyte. Han selde i 1804 18 mark til Gudleik Nilsson Gjerdåk, sjå nedanfor mtrnr. 132, lnr. 260. Brynjulv Jonson fekk 1805 skøyte på 36 mark for 900 rd.

Brynjulv Jonson var gift fyrst med Marta Trondsdr., som døydde 1815, 62 år gl. og i 1817 m. Torbjørg Sjursdr. Lassahaugen. I skifte 1817 er ført upp borni Nils, som var myndig,

--- side 331 ---

Trond 24 år, Kari 21 og Sigrid 17 år. Sigrid var g. 1837 m. Jon Gudleikson Tvilde. Brynjulv og Torbjørg fekk på Kolvu sonen Jon f. 1819. Brynjulv selde 1809 3 mark av plasset Kolvidi til Bård Jonson Øyaflòten og i 1819 halvparten av garden til Nils, son sin. Framhald bruk 4. Den andre halvparten, som framleies vart bruk 3, bytte Brynjulv 1821 til Olav Larsson Grovu eller Helleve og fekk att ein part på Vetla Grovu.

Olav Larsson var g. m. Ingjerd Olavsdr., døydde på Kolvu 1830 og hadde då fem born: Lars som var skriven for Tverberg, Knut f. ikring 1807, Olav f. ikring 1811, Anna f. 1818 og Per f. 1815. Knut fekk halve garden ved skifte etter faren og den andre halve ved skøyte frå mor si 1831. Knut bytte same året med Jon Arneson uti gard på Tverberg. Jon var g. 1831 m. Ingjerd Arnesdr. Nygryten, døydde 1843, 47 år gl. på Kolvu og hadde då fem born: Guri f. 1831, Arne f. 1833, sjå bruk 1, Anna f. 1836, Olav f. 1838 og Jon f. 1842.

Anna fekk garden ved skifte etter faren 1843 og budde der. Anders Andersson Reime kjøpte garden 1864 og selde 1867 til Lars Andersson Lid, som selde att 1870 til Johannes Olavson Helland for 400 spd. Johannes var g. m. Ingjerd Johannesdr. Dei fekk på Kolvu borni Marta f. 1872, Johannes f. 1874, Knut f. 1878, Ingebjørg f. 1882, Lars f. 1884 og Malena f. 1888. Olina Erlandsdr. Lindberg f. 1863 kjøpte bruket 1892 for 2100 kronor og gifte seg 1898 m. Trond Olavson Mæringi f. 1864.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 132, lnr. 259 a med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert etter at bruk 4 var fråskilt 1 dalar 7 skill., revidert 1 dalar 5 skill. Ny skyld mark 1,52.

Bruk 4. Kolvu. Det er skilt frå bruk 3 i 1819 og skøytt av Brynjulv til sonen Nils. Han gifte seg 1820 m. Eli Olavsdr. Lindberg f. 1799 og fekk på Kolvu borni: Brynjulv f. 1821, Marta f. 1824, Olav f. 1827, g. 1859 m. Gjertrud Johannesdr. Rasdal, Gudleik f. 1831, g. 1860 m. Marta Eiriksdr. Lassahaugen, Rannveig f. 1833, g. 1857 m. Nils Andersson Leiddal, Ingebjørg f. 1838, g. 1858 m. Olav Mikael Nilsson Underdal, Ivar f. 1841. Nils døydde som husmann i Kolvidi 1872, 82 år gl. og ho Eli 1886. Brynjulv Nilsson var kramkar og kom burt ikring 1850. Broki hans vart funni vrengd i elvi, skreppa i Tvildeskleivæ og huva ein annan stad. Andre upplysningar um korleis han kom burt, veit dei ikkje um. Det hadde vore eit stort slagsmål på Vangen den tid Brynjulv kom burt.

--- side 332 ---

Bjarne Knutson Sygnaberde kjøpte bruket 1826 for 370 spd. og selde det 1827 til Torgis Jonson Øyaflòten for 340 spd. Torgis vart g. 1823 m. Brita Larsdr. Skiple og døydde 1849, 65 år gl. Brita døydde 1870, 71 år gl. Ved skifte 1849 er garden taksta 300 spd. og der var desse borni: Gudve f. 1823, Jon f. 1830, Lars f. 1837, g. 1862 m. Guri Larsdr. Auro, Guri f. 1836. Olav Sveinson Kolvu kjøpte garden på auksjon 1840 for 200 spd. Han var f. 1815, g. 1841 m. Torbjørg Monsdr. Ettesvoll og døydde 1879. Seks born: Brita f. 1841, g. 1878 m. Eirik Tørisson Seiland, Svein f. 1843, g. 1868 m. Ingebjørg Hallsteinsdr. Kolvu, Mons f. 1845, Olav f. 1853, g. 1898 m. Synneva Aslesdr. Lid f. 1874, Lars f. 1859 og Olav f. 1862. Lnr. 260 vart 1846 ført saman med bruk 4.

Mons Olavson gifte seg 1882 m. Marta Eiriksdr. Almenningen f. 1854 og fekk 1880 skøyte på garden frå mori for 3200 kronor. Lars H.Fagnastølen kjøpte garden 1912 for 5200 kronor og selde att 1916 til Brynjulv Isakson Graudo for 7300 kronor. Han var f. 1862, g. 1895 m. Marta Larsdr. Grovu f. 1855 og døydde 1919. Deira son Isak f. 1896, g. 1920 m. Severina Larsdr. Kolvu fekk garden 1925 for 5000 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 132, lnr. 259 b med gamal skyld 16½ mark, urevidert 2 dalar 5 skill. etter at lnr. 260 var lagt til, og revidert 2 dalar 2 ort 18 skill. Ny skyld mark 3,71.

Matrnr. 132, lnr. 260 vart skilt frå bruk 3 i 1804 med 18 mark i gamal skyld og selt til Gudleik Nilsson Gjerdåk. Han bytte 1807 med Sjur Jonson Vossabakken, som 1803 var g. m. Brita Tormodsdr. Gjelle. Sjur selde att 1825 til Svein Olavson Davidhaugen som 1846 let eigedomen til Olav, son sin. Eigedomen vart so førd saman med bruk 4.

Bruk 5. Ytre-Hagen. Skyld 18 øre. Skilt frå bruk 1 og selt til Anna Olavsdr. Hegg i 1915.

Bruk 6. Haugheim. Skyld 90 øre. Skilt frå bruk 1 i 1910 og selt til Lars Larsson Bø.

Bruk 7. Brustad. Skyld 30 øre. Utskilt frå bruk 4 i 1919. Anna J. Kolvu er eigar.

Bruk 8. Livhaug. Skyld 48 øre. Utskilt 1924 frå bruk 1 og selt til Lars Larsson Bø. Olav B. Lemme kjøpte det 1935.

Husmenn.

Ivar Endreson, umtala ovanfor, var husmann 1701 og var då 88 år gl. Ivar Ivarson var husmann 1723. I 1801 var det to husmenn: Torleiv Olavson f. 1775, g. m. Brita Ras-

--- side 333 ---

musdr. Han døydde 1849. Den andre var Johannes Larsson f. 1761, g. m. Abelue Johannesdr., som hadde borni Olav f. 1795, Jon f. 1798 og Lars f. 1802. Ein halling Olav var ikring 1840 husmann på Nyestødl'n i fjellbeiti ovanfor Kolvu. Dyrka jord og husmurar syner endå. Olav var «rakkar» i Raundalen. Rakkar vart den kalla som skar eller drap hundar og kattar åt folk. Det vart rekna for burtimot ærelaust arbeid.

Støl.

Stølen var ¾ mil frå garden segjer matrikkelen 1723. Kolvu og Kolvidi har vårstøl på Skòrstølen ovanfor Kolvu og sumarsstøl på Haoset.

Kvern.

Kvern var det ikkje 1723, men i 1776 og i 1791 var der ei flaum-kvern. Kolvu har havt kvern i Bøgroæ, men ho er rivi for ei tid sidan.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning 1804, utskifting 1842 då bruk 2 vart skilt frå bruk 1, friviljug utskifting 1846, jarnbanetakst 1896 og 1900, semje med. jarnbanen 1906 um bru-overgang, utskifting 1908 og 1910.

Ymse.

Ei natt i november 1873 losna ein stor stein i fjellet ovanfor Kolvu og førde med seg mykje stein. Skrida gjekk millom husi på Kolvu, 15 alner frå stova hans Arne og 8 alner frå ei Uti stove som Hallstein åtte. - I ein gravhaug på Kolvu vart funne ei kvinnegrav som skal vera frå det 8de eller 9de hundradåret.

Lindberg skal i gamal tid ha høyrt til Kolvu er det fortalt, og det er godt truleg at det har vore so. Alle dei andre gardane på nordsida åt elvi har teigar på sørsida av elvi, men det har ikkje Kolvu. Likeins er å merka at i sume gamle matriklar står Lindberg straks etter eller fyre Kolvu.

Bumerke.

Olav 1715, Olav Ivarson 1730, Ivar 1754, 1769, 1775 og Ivar Olavson 1775 har alle brukt merket tavle 3 nr. 81. Ivar Olavson brukte eit anna merke 1784. Husmann Ivar Ivarson 1723 t. 6 nr. 31. Anders 1735, 1747 t. 6 nr. 32. Anders har 1738, 1743, 1745 og 1756 teikna tri slag merke.