134. Kvåle (i Raundalen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 350 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Huale. Det vert no sagt Kvaolé út í Dalè; han búr pao, è tao Kvaolé, ska tì Kvaols. Namnet er same ord som gn. hváll m. liten haug (dativ hváli, genitiv hváls).

Kvåle var på 1½ laup og hadde ein brukar i 1661 skriv Landkommisjonen. Det er likeins i matrikkelen 1723. Det var ein toleg god fjellgard, heiter det vidare, nokolunde årviss til kornavl og hadde vedaskog, men var elles utan lunnende. Husmannsplass var der ikkje. Skyldi er 1777 og 1838 førd upp med 1 laup 18 mark og i 1838 umskrivi til 5 dalar 1 ort 12 skill. Samanlikningstalet var 800. Der var då timber- og vedaskog til gardsbruk og dessutan never til sal.

Matrikkelen 1865 melder at der var 14 mål åker, 2 mål dyrka eng, 26 mål god, 24 mål medels natureng og 34 mål skrapebø, 3 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var

--- side 351 ---

medels. Garden hadde skog til husbruk, var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. Der var utrygt for steinsprang. Ved uppteljingi 1918 var der 17,4 mål åker, 13 mål kunsteng og 54 mål natureng.

På Kvåle budde det 10 menneske i 1801, 21 i 1865 og 23 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Kvåle.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 16 18
1723 1 11 12 7 ½
1865 2 18 40 34 32
1918 3 16 55

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte 6 laup i Kvåle og Vangens prestebol 1 laup. Brønild var brukar 1591 og 1611 og betalte båe åri 1 kalvskinn i fredholdt. Jordboki for Vangens prestebol 1585-1616 fortel at prestebolet fekk 1 såld korn og 1 spann smør i landskyld av eigedomen sin på Kvåle. Jens og Erling var og brukarar i 1611, Erling og Eirik 1614 og Erling åleine 1621. Oluff Nedre Graudo åtte 1621 1 spann på Kvåle og Lasse Vinsand ½ laup i Kvåle og Skjeldal. Leidangsboki 1624 upplyser at leidangen var 6 mark smør og 1 geitskinn. Lasse og Mons var brukarar 1635. Mons Snareson g. fyre 1645 m. Marta hadde dotteri Ingebjørg og er skriven fleire gonger som leiglending 1636-1661. Arve var leiglending 1657 og 1664 og hadde sonen Anders f. 1652.

F. Broderson har 1649 ved makebyte med kongen late noko på Kvåle til han. I 1652, 1655 og 1659 åtte F. Broderson ½ laup og Vangens prestebol ½ laup, men i 1661 var prestebolet eigar av 1 laup og Broderson ½ laup. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på ½ laup som då var Munkelivgods, men selde det att same året til Klas Miltzow, som åtte det til 1692. I 1695 var Henrik Miltzow eigar av det og Vangskyrkja ½ laup. Berge var leiglending 1691 og 1695.

Folketeljingi 1701 har som leiglending på Kvåle Olav Jonson, 60 år gl. og på rudningsplasset Kvålsstølen Olav Steffason, 46 år gl. Olav Jonson har 1703 kjøpt ½ laup av Henrik Miltzow

--- side 352 ---

for 20 rd. og bygsla prestebolgodset. Olav var g. andre gongen m. Ingebjørg Larsdr. og døydde 1714. Med fyrste kona hadde han sønene Svein f. 1675, død fyre 1714, Anders som var reist or bygdi fyre 1714, og Nils. Med Ingebjørg fekk Olav borni Ingebjørg f. 1705, g. 1735 m. Ingebrikt Olavson Hildestveiti, skriven for Ullestad 1743, Lars f. 1708, g. 1733 m. Ingebjørg Olavsdr. Haugen som 1743 budde i Aurland, Mikkjel f. 1711, g. 1736 m. Kari Eilivsdr. Øyaflòten, som 1743 budde på Trondal i Aurland, og Ingebrikt.

Ingebjørg Larsdr. gifte seg uppatt 1715 m. Olav Erlingson Øvsthus og døydde 1743, 70 år gl. Olav gifte seg andre gongen 1746 m. enkja Gunnhild Hallesdr. Ho var g. 1. 1715 m. Torleiv Olavson Helle og 2. 1722 m. Olav Ivarson Kolvu. Olav Erlingson fekk skøyte 1735 på ½ laup frå medervingane sine, bygsla prestebolgodset og døydde 1751. Han fekk med Ingebjørg borni Olav f. 1720, g. 1743 m. Ingebjørg Ivarsdr. Berde og Ingebjørg, g. 1744 m. Anders Sjurson Urdland.

Olav Olavson f. 1720 fekk 1748 skøyte på ½ laup frå ervingane ved skifte etter mor hans og bygsla ½ laup av prestebolet. Olav og Ingebjørg fekk borni Olav f. 1747, Ivar f. 1750, Brita f. 1753, Orlog f. 1756 og Lars f. 1760. Olav selde 1761 ½ laup til Askjel Mikkjelson, som dessutan var leiglending på prestebolgodset. Ei dotter hans Askjel, Gunnvor, var g. 1766 m. Anders Oddson Klyve og dei fekk 1773 dotteri Guri. Gunnvor døydde 1773. Dei er umtala på Klyve.

Soknepresten bygsla 1779 til Nils Vikingson Tvilde eller Mala ½ laup og overbygsel til ½ laup. Askjel åtte då landskyldi av sistnemnde halve laupen. Nils var son åt lensmann Viking Tvilde, var g. 1751 m. Anna Åmundsdr. Bjørku og døydde 1799, 80¼ år gl. Anna døydde 1818, 99 år gl. Bruttomidelen ved skifte etter Nils var 80 rd. Det er fortalt um Nils at garden han brukte på Tvilde, vart teken frå han til presteenkje-sete. Nils vilde ikkje flytta, men futen kom og sette ut or husi alt det Nils åtte. Nils sette det so under ei gran på Gjeraokshaugen og laga ei bråfenges sval til det. Reiste so til kongen og bad um å få att garden. Kongen kunde ikkje det, sa han, men Nils skulde få velja millom dei tri gardane som vart fyrst bygsleledige. Mala vart fyrst ledigt og Nils flytte dertil, budde der tri år, men treivst ikkje. Kvåle vart so bygsleledigt og Nils flytte dertil og vart buande. Sju born: Eirik Gravdal f. 1752, død fyre

--- side 353 ---

1819, og hadde etter seg seks vaksne born, Kari f. 1753, Ingegjørg f. 1755, g. m. Per Larsson Alver, Alversund, Brita f. 1759, død ugift, Anna f. 1762, Viking f. 1766 og Marta f. 1770, g. 1792 m. Olav Nilsson Lid, sjå bruk 3.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Kvåle. Viking Nilsson f. 1766 gifte seg 1. 1794 m. Sigrid Olavsdr. Skiple f. 1752, 2. 1834 m. Arngunna Oddsdr.


Kvåle i Raundalen, bruk 1.
Bilete 43. Kvåle i Raundalen, bruk 1. Fot. P. Braaten 1936.

Himle f. 1789. Viking døydde 1844 og Arngunna gifte seg att 1858 m. ekm. Knut Erlingson på Kvitno, Bord., der ho døydde 1870. Mor hans Viking let han i 1800 bygsli si på ½ laup og overbygsli til ½ laup prestebolgods og bygsla til han 18 mark. Viking kjøpte i 1817 18 mark av Gudleik Nilsson Gjerdåk som hadde kjøpt det 1799. Jon Arneson Kolvu fekk 1837 auksjonsskøyte på laus landskyld på Kvåle og skøytte henne same året til Anna Vikingsdr. og Anna Nilsdr. Kvåle. Arngunna, enkja etter Viking, fekk kongeskøyte på bruk 1 i 1856 for 450 spd. og jordavgift 1 tunne 6 skjeppor 3 fjerdingkar bygg. Viking fekk med Sigrid døtterne Kari f. 1794 og Anna f. 1799,

--- side 354 ---

som døydde ugift 1876. Nettomidelen ved skifte etter Viking var 82 spd.

Viking vart dømd 1821 til å betala 6 lodd sylv eller 9 spd. for skoghogster med tillegg av kostnader. Til fatigkassa skulde Viking betala 10 spd. for skjellsord mot Jon Skiple. Same dag vart Arne O. Skiple dømd til å betala Viking 5 spd. dersom han gjorde eiden på det han hadde vitna um kjøp av noko never. Det er fortalt at Viking skulde vera ein drivande kar, og at det var han som dreiv gjenom at reidslevegen i Raundalen vart innarbeidd til køyreveg. Raundølene var svært hatige på han for det til dess dei tok til å bruka vegen, men då snudde det um.

Brynjulv Nilsson og Anders Jonson Kvåle kjøpte bruk 1 i 1856 for 450 spd. I 1885 vart fråskilt bruk 2. Brynjulv var f. 1828, g. 1856 m. Anna Jonsdr. Lid f. 1835 og døydde 1892. Dei hadde borni Nils f. 1855 (g. m. Ingebjørg Larsdr. Lid, døydde 1882, og hadde med henne sonen Nils f. 1882), Ingjerd f. 1867, død 1879, Brita f. 1869, Johan f. 1873, g. 1899 m. Anna Nilsdr. Skiple f. 1876. Johan fekk skøyte 1897 hjå mor si for 2297 kronor. Johan har vore med i heradsstyret og har havt andre tillitsyrke.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 135, lnr. 270, med gamal skyld 1 pund 21 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 1 ort 2 skill. fyrr brak 2 var skilt frå. Ny skyld mark 3,23.

Bruk 2. Kvåle. Det er skilt ut frå bruk 1 i 1885 og skøytt av Brynjulv Nilsson og Anders Jonson Lid til Jon, son hans Anders, for 1200 kronor. Anders Jonson var f. 1806, g. 1839 m. Gjertrud Nilsdr. Kvåle f. 1819 og døydde 1869. Dei fekk borni Jon f. 1841, Nils g. m. Eli Andersdr. Kvåle, Gullfj., bygningsmann i Chicago, Olav f. 1853, g. m. Anna Larsdr., gardmann på Davidhaugen, Arngunna f. 1856, g. m. presten Holter i Amerika, Josef f. 1859, død ugift 1881, Eirik f. 1862 (Amerika), Brita.

Jon Andersson f. 1841, g. 1865 m. Marta Torgeirsdr. Lid f. 1840 fekk som ovanfor meldt bruk 2 i 1886. Jon dreiv ei tid med ljåarbeid. Han døydde 1928 og hadde borni Gjertrud f. 1867, Brita f. 1870, Olav f. 1878, død 1909, Brita f. 1881, Anders f. 1872, g. m. Guro Nilsdr. Vinjo og fekk sonen Johan f. 1892. Han fekk skøyte frå bestefaren 1912 på garden for 300 kronor og selde att 1914 for 2800 kronor til Johan Brynjulvson på bruk 1.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 135, lnr. 270 b med ny skyld mark 1,61.

--- side 355 ---

Bruk 3. Kvåle. Olav Nilsson Lid f. 1766, g. 1792 m. Marta Nilsdr. Kvåle f. 1770, nemnde ovanfor, var korporal då han gifte seg og sersjant i 1799. Han var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på Veteranbautaen. Olav fekk 1817 skøyte på 18 mark landskyld og døydde 1847. Fire born: Nils f. 1792, Synneva f. 1797, g. m. Steffa, gardmann på Myra, Alverstraumen, Anna f. 1802, g. 1824 m. Torstein Person Hegg, Ragnhild f. 1806, g. 1825 m. Torstein Knutson Brekku, jordamann på Brekku, Rd.

Nils Olavson f. 1792, g. 1816 m. Brita Brynjulvsdr. Øvsthus f. 1788, bygsla 1825 bruk 3 og døydde 1846. Nils skulde vera ein sers dugande mann og skreiv m. a. steiningsforretningar. Fire born: Gjertrud f. 1819 g. 1839 m. Anders Jonson Lid, framhald bruk 2, Marta f. 1823, g. 1842 m. Olav Åmundson Bø f. 1820, som er umtala på Saude, Borstr., Olav f. 1825, Brynjulv f. 1828, g. 1856 m. Anna Jonsdr. Lid, framhald bruk 1.

Olav Nilsson f. 1825, g. 1851 m. Marta Larsdr. Øyaflòten f. 1827 fekk 1856 kongeskøyte på bruk 3 for 500 spd. og jordavgift 1 tunne 1¼ fjerdingkar bygg. Olav døydde 1913 og hadde borni Nils f. 1851, Jon f. 1857, g. 1884 m. Ingebjørg Larsdr. Lid, jordamann på Lid, Lars f. 1854, g. m. Sigrid Oddsdr. Bø, sjå bruk 2 Øyaflòten, Olav f. 1862, død, g. m. Lina Knutsdr. Farestveit, Brita f. 1867, g. m. Svein Bergkvist. Nils Olavson f. 1851, g. 1884 m. Guri Erlendsdr. Lindberg f. 1849, fekk 1924 garden for 4000 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 135, lnr. 271 med gamal skyld 1 pund 21 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 1 ort 2 skill. Ny skyld mark 3,23 fyrr bruk 4 var fråskilt.

Bruk 4. Kvåle. Skyld mark 1,08. Skilt frå bruk 3 i 1899 og selt av Olav Nilsson for 1200 kronor til versonen Svein Bergkvist, umtala ovanfor. Sonen Per f. 1905 fekk skøyte 1932 på eigedomen for 2500 kronor.

Husmenn.

Åmund Nilsson f. 1666 er i folketeljingi 1701 førd upp med sønene Nils f. 1694 og Henrik f. 1698. Torbjørn Torbjørnson, g. m. Liva Sjursdr. fekk sonen Sjur i 1846. Marta Larsdr. f. 1808 døydde som husmannskone 1881. Anna Vikingsdr. f. 1789 hadde i 1856 husmannsplass og hadde fått sonen Nils i 1829 med Bjarne Olavson Lid og dotteri Brita i 1839 med Per Larsson Heimberde. Anders Torsteinson f. 1840 var skreddar, men hadde ikkje husmannsplass.

--- side 356 ---

Støl.

Stølen var ½ mil frå garden er det sagt i matrikkelen 1723. Kvåle har vårstøl saman med Lid og Øyaflòten på Nerestødl'n på sørsida av storelvi og sumarsstøl saman med Heimberde på Mòn som ligg ovanfor dei gardane. På eine selet der står årstalet 1765.

Kvern og sag.

I 1723 var der ikkje kvern, men 1776 og 1791 var der ei som er rivi for lenge sidan. Johan B. Kvåle bygde sirkelsag ved Ljosaonæ på Nerestødl'n, men har rive henne og bygt sag attmed kraftstasjonen åt Bøjarfoss Kraftlag og får kraft derfrå.

Offentlege forretningar.

Godviljug utskifting 1855 og jarnbanetakst 1900.

Bumerke.

Olav 1722 tavle 6 nr. 45. Olav Erlingson 1745 t. 1 nr. 45. Same merket er teikna av Olav Olavson 1748 og av Olav 1756 og 1757. Askjel t. 5 nr. 46.