117. Kvarakvål.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 253 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Karahuale. Det vert no sagt Kvarakvaol2; han búr pao, è tao Kvarakvaol; ska tì Kvarakvaols. Namnet er samansett, etterlekken er gn. hváll m. liten haug. Fyrelekken er vel helst mannsnamnet Kåre, genitiv Kåra, som har vorte påverka av etterlekken so det har vorte til Kvara. Den gamalnorske formi skulde då vera Kárahváll.

Landkommisjonen har i 1661 ført Kvarakvål upp med 1½ laup 1 spann i skyld og segjer elles at der var vedaskog. Heilt til 1885 var Kvarakvål einbølt gard. I matrikkelen 1723 står at skyldi var 1 laup 1 pund 21 mark og at der var vedaskog og humlagard. Garden var lettbrukt og godt skikka for kornavling. Skyldi er den same i 1838 og vart då umskrivi til 4 dalar 1 ort 13 skill. Der var då fureskog og vedaskog til gardsbruk og god humlagard. Samanlikningstalet var 650.

Matrikkelen 1865 upplyser at der var 16½ mål åker, 5½ mål dyrka eng, 20½ mål god, 47 mål medels natureng og 120 mål skrapebø. 4 mål var høvelegt til uppdyrking. Vårhamni var ring, men sumarhamni god. Skog til eige bruk, og det kunde seljast timber og ved for 13 spd. um året. Garden var tungbrukt, men dyrka betre enn vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 19,3 mål åker, 28,7 mål kunsteng og 32 mål natureng.

Folketalet på Kvarakvål var 11 i 1801, 24 i 1865 og 44 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Kvarakvål.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 10 14
1723 1 16 15 12
1865 1 ½ 16 40 36 ½ 36
1918 3 16 53

--- side 254 ---

Vegabotbrev frå 14. mars 1343 (DN. VI. nr. 167) umtalar at mennene på Klyve og Kvarakvål skulde ha tilsyn med vegen i nedste parten av «Raundalskleiv». Meir um det på Klyve. I Bjørgynjar Kalfskinn er det fortalt at Vangens prestebol åtte 1 laup i Kvarakvål. Jordboki 1585 syner at prestebolet fekk 12 merker smør i årleg landskyld av Kvarakvål.

Fyrste mannen på Kvarakvål me har namn på, er Jørgen som var leiglending 1603, 1611 og 1614. Odd er skriven som brukar fleire gonger 1621-1642, han hadde 1½ laup i 1635. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var ½ pund smør, 1


Kvarakvål
Bilete 29. Kvarakvål. Fot. P. Braaten 1936.

geitskinn og 1 kalvskinn. Odd var brukar. Ryttarskatt vart 1627 lagt på ½ laup odelsgods med 1 dalar ½ ort. Enkja Begga Jakobsdr. var brukar i 1645 og hadde sonen Lars og dotteri Ragnhild. Truleg må Begga vera enkja etter Odd. I 1652 og 1655 åtte Vangens prestebol 13 mark og Kristen Helland 2 pund 20 mark i garden. Kristen hadde bygsleretten. Brukaren heitte Olav og han åtte 13 mark i Skutle. Likeins var det og 1659, berre det at Isak «Schorge» no åtte 1 laup 32 mark i staden for Kristen Helland.

Landkommisjonen fortel at i 1661 åtte Vangens prestebol framleies 13 mark, 1 laup 41 mark var bondegods og det hadde

--- side 255 ---

bygsleretten. Ei enkje var brukar i 1661 og 1664 og hadde sonen Arne Olavson, f. 1644. Ho må ha vore g. m. fyrrnemnde Olav. Arne er vorten brukar etter foreldri sine. Han vitna 1670 i den store skogsaki, at han hadde hogge timber i Almenningen. Gjert Miltzow åtte i 1680 1 laup 1 spann, buet hans 1 laup 28 mark i 1691, som kaptein Stoud var eigar av 1695. Vangens prestebol åtte 1691 16 mark. I 1691 var odelsskatten 1 rd. 2 mark 51/3 skill., og ryttarskatten 2 mark 11/3 skill. Odelsskattemanntalet 1714 melder at Vangens prestebol framleies åtte 16 mark og at madame Miltzow åtte 1 laup 29 mark i Kvarakvål.

Arne Olavson f. 1644, nemnd ovanfor, var g. m. Gjøa Brynjulvsdr. Gjerdåk og fekk borni: Odd f. 1669, Asgjerd f. 1677 og Marta f. 1682. Då Arne døydde, gifte Gjøa seg med Hollgeir Jonson f. 1647. Han er skriven som leiglending 1695 og 1701. Hollgeir var frå Rjodo, bror åt Styrk Jonson, leiglending på Rong, Gjøa var dotter åt Brynjulv Gjerdåk og hadde fem syskin: Odd, Tormod som budde på Kvormo i 1716, Anders f. 1669 som budde på Øvre Klyve, Sigvor, g. m. Olav Ingebriktson på Øvre Kyte, Marta, g. ml Isak Andersson, gardmann på Gjerdåk.

Hollgeir og Gjøa fekk fem born: Arne f. 1686, død 1704, Anna f. 1695, død 1758, Marta f. 1697, g. 1727 m. Pål Knutson Haga, Brynjulv f. 1700, g. som ekm. 1754 m. Marta Andersdr. Njåtveit (budde ei tid på Kleivane, der han er umtala, og var til slutt husmann i Eideshagen), Sjur f. 1702, g. 1726 m. Bryttva Larsdr. Bjørku f. 1709. Dei var husmannsfolk på Osgjerd og sidan på Ygresbødn. Hollgeir døydde 1704 og Gjøa gifte seg tridje gongen med Mons Sylfestson. Dei fekk sonen Hollgeir, som var husmann på Brurestolen. Mons Sylfestson upplyste som vitne i ei sak 1724 på Selheim, at han var fødd på Takla, uppalen under Ygre, hadde butt 16 år på Kvarakvål og var no tilhuse på Selheim. Mons døydde 1739, 70 år gl.

Mons Larsson Bjørku f. 1683, var g. 1. 1710 m. Torunn Sjursdr. Mølster, 2. 1724 m. Mål Knutsdr. Vivås. Mons bygsla 1722 29 mark på Kvarakvål av enkja Kristense Miltzow. I ei sak på Lekve 1739 er upplyst, at Mons var son åt Lars Larsson skriven for Kvarakvål og Lars var 84 år då han døydde. Han hadde tent hjå Henrik Miltzow for 24 år sidan. Mons hadde

--- side 256 ---

og tent på Lekve hjå prestenkja og vore paktar der 9 år. Mons stemnde i 1740 Lars Øvre Klyve for ulovleg skoghogster.

Mons og Torunn hadde tri born: Sjur f. 1710, g. m. Åsa Torgrimsdr. (som hadde borni Ingebjørg, Brita og Lars f. 1730 -1739), Ingebjørg f. 1713, g. 1738 m. Mons Andersson Svanga, Brita f. 1717, g. 1753 m. Sjur Olavson Ringheim. Mons og Mål hadde fem born: Torunn f. 1725, g. 1. 1751, m. Ivar Knutson Repål, 2. 1780 m. ekm. Rasmus Jørgenson Graudo, Torbjørg f. 1727, g. 1760 m. Knut Vikingson Graudo, Steinvor f. 1731, g. 1. 1750 m. ekm. Gitle Knutson Repål, 2. 1794 m. Lars Kolbeinson Graudo, Ingjerd f. 1732, g. 1764 m. Torstein Andersson Nedre Kyte, Knut f. 1735, g. 1766 m. Kari Steffadr. Melve. Dei var leiglendingar på Bø, Tjukkeb. og var besteforeldre til den rike Ivar Larsson Bø i Chicago. Mons døydde 1749 og ved skifte etter han var bruttomidelen 309 rd. Ho Mål fekk kår då ho i 1750 sa upp bygsli på 1 laup 29 mark og overbygsli til 16 mark so versonen Ivar Knutson skulde få bygsli i staden. Mål døydde 1769, 84½ år gl.

Ivar Knutson Repål bygsla so 1 laup 29 mark i Kvarakvål og kjøpte eigedomen i 1755 av Peter Tønder Nordahl med overbygsel til 16 mark som prestebolet framleies åtte. Ivar døydde 1776, 62½ år gl. og ho Torunn døydde på Graudo 1785. Ved skifte etter han var jordgodset verdsett 430 rd. og bruttomidelen var 596 rd. Det er ført upp fire born: Knut f. 1753, død 1776, Mons f. 1756, Nils f. 1760, død ugift, og Lars f. 1769.

Lars vart som ovanfor meldt tidleg både far- og morlaus og var ein viltring i sine unge dagar. På Graudo var det ikkje nokon god ungdom i hans uppvekst. Både Lars og broren Nils var med då «Grauakjetto» synte seg. Att i millom var Lars sterkt religiøst gripen og hadde harde strider med seg sjølv. Men han kunde ikkje slita seg laus frå kameratane sine, som var med på kva som trefte. Fyrst i sitt 29de år vart han vekt upp or den sterke syndesvøvn, har han fortalt. I 1798 reiste Tore Toreson på Voss og heldt uppbyggjingsmøte og Lars var med der. Våren 1801 kom Hans Nilsson Hauge til Voss. Lars fylgde med han til Bergen og fekk rettleiding og styrkjing. Sidan tok Lars til å forkynna Guds ord og reiste mykje umkring. Han skal ha reist gjenom Noreg 3-4 gonger. I 1818 flytte han med kona si som var frå Evanger og sonen frå Bergen til Nordland og kjøpte 1819 garden Kjeldmoen i

--- side 257 ---

Målselva, der han sidan budde når han ikkje var ute på reis, og døydde der. Han var best kjend under namnet Lars Voss. Fra 1818-1853 var den gåverike og utrøyttelege lekmannen leidaren av det kristelege liv i Målselv og Bardu, skriv Heggtveit i «Den Norske Kirke». Eirik Saude hermer etter Hans Hauge, at han sa til Lars Kvarakvål ein gong: «Du Lars talar meir vekkjande enn eg, men eg talar meir lærande.»

Mons Ivarson f. 1756, var g. 1783 m. Anna Eiriksdr. Osgjerd d. y., død 1831, 77 år gl. Han fekk i 1780 skøyte på 1 laup 29 mark og overbygsel til 16 mark. Ho Anna skulde vera stor, før og sers gløgg, med sterk rettskjensle. Ho gav kvar av borni sine ein bibel og Kristian den 5tes lovbok. Mons døydde 1814 og ved skifte etter han var jordgodset hans verdsett 885 riksdalar. Bruttomidelen var 1430 riksdalar. Dei hadde tri born: Ivar f. 1786, Marta, g. 1813 m. Endre Jonson Heimberde, Rannveig, g. 1813 m. Knut Knutson Store Grovu.

Ivar Monsson var g. 1. 1813 m. Kari Jonsdr. Heimberde, 2. 1824 m. Brita Andersdr. Tròdo. Kari døydde 1823, 37 år gl., Ivar 1833 i eit brudlaup på Repål og Brita 1875, 88 år gl. Ivar fekk skøyte 1814 og 1824 på garden. Han dyrka mykje humle og selde for umlag 50 dalar um året av umlag ½ mål jord. Han bygde nye alle husi på garden, det var stove og 9 uthus. Ivar vart utkommandert til Austlandet, men slapp heim att då far hans døydde. Ved skifte etter Ivar var 1 laup 3¾ mark i Kvarakvål verdsett 400 spd. og skogen 20 spd. Bruttomidelen var 880 spd. Born m. Kari: Anna f. 1818 og Brita f. 1820. Born m. Brita: Kari f. 1825, Inga f. 1828, gift til Øvsthus, Rd. 1868 m. Eiliv Ivarson. Brita og Kari reiste til Amerika.

Anna Ivarsdr. f. 1818 vart gift 1836 m. Knut Torsteinson Leiddal f. 1813. Ho Anna fekk garden ved skifte etter far sin i 1834 og styrde halve garden til ho gifte seg. Knut var hendig og kunnande med alt slag arbeid serleg smiing og trearbeid og ein av dei fyrste som tok større tak med nydyrking. Han dyrka ikring 1850-åri upp ei blautmyr på 8 mål. Knut las mykje, var presten sin medhjelpar, sat 16 år i heradsstyret, var mange år tilsynsmann for telegraflina, var med og skipa Voss Sparebank, og var mykje brukt som takstmann og ved skylddeilingar. Ho Anna var ei tenksam haugianarkvinne av det gode gamle slaget, godt kjend i bibelen og var til rettleiding

--- side 258 ---

for mange i det religiøse. Knut døydde 1901 og Anna 1881. Dei fekk 15 born, 9 av dei vart vaksne: Ivar d. e. f. 1837, Kari f. 1841, død 1866 ugift, Torstein f. 1844, død ugift 1866 (var lærar i Brattåker og Skjerve krins), Mons f. 1846, død ugift 1867, Ivar d. y. f. 1849, Brita f. 1851, g. m. Johannes Knutson Dukstad, Øvsthus i Reppen, Ingebjørg f. 1852, Lars, Olav sjå bruk 3.

Ivar Knutson d. e. g. 1868 m. Ingebjørg Olavsdr. Kvarakvål, døydde 1884. Ho vart uppattgift m. Anders Oddson Bø, Rd. som kjøpte garden Brattåker. Ivar var brukar på Kvarakvål. Ved skifte etter han er ført upp fem born: Anna f. 1869, g. m. Sjur Andersson Nesheim, Vossastr., snikkar og vaktmeister på Voss Landsgymnas, Knut f. 1871, Gjertrud f. 1873, g. 1898 m. Lars Jonson Kolvu, Torstein f. 1876, gift, og er overlærar på Majorstua skule i Oslo (han har brigda namnet sitt til Torstein Kvarre), Olav f. 1882. Då Ivar d. e. døydde 1884, skifte far hans garden i tri partar millom sønene sine, Lars som fekk bruk 1, Ivar d. y. fekk bruk 2 og Olav bruk 3.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Kvarakvål. Skyld mark 2,66. Lars Knutson f. 1857 g. m. Anna Katrina Kjærland f. 1870. Han fekk skøyte 1885 på bruk 1 for 1800 kronor. Han var nokre år sluttar ved Voss Fengsel, mange år med i skulestyret, heradsstyret, formannskapet, tilsynsmann for Rikstrygdeverket og ofte med på skylddeilingar, skyn og takstar. Han sit inne med stort kjennskap til ætter og den gamle bondekultur på Voss.

Bruk 2. Kvarakvål. Skyld mark 2,69. Utskilt frå bruk 1 i 1885. Ivar Knutson d. y. som var f. 1849, g. 1896 m. Marta Nilsdr. Mæringi f. 1867 og døydde 1918, fekk bruket i 1885 hjå far sin for 1800 kronor.

Bruk 3. Svartaberget. Utskilt frå bruk 1 i 1885 med skyld 67 øre. Olav Knutson fekk då eigedomen hjå foreldri sine for 800 kronor. Han er f. 1860, g. 1881 m. Gudve Jonsdr. Kyte f. 1854 og er død. Olav tok til med uppdyrking, var snikkar, skomakar, skreddar, gartnar, naturlækjar og fram for alt bibelforskar. Hans kjennskap i bibelen var reint utruleg. Oftenes i Kyrkjedepartementet, som kjende godt han Olav, sa ein gong at i teologiske lærespursmål var dei vanlege teologane smågutar mot han Olav. Han reiste som. emissær for Santalmisjonen og

--- side 259 ---

sidan 1910 som emissær millom jødane i Norge, helst i Oslo, Trondheim og Bergen. Svartaberget var husmannsplass ikring 100 år fyrr han Olav kjøpte det.

Bruk 4. Nyheim. Utskilt frå bruk 1 i 1902 med skyld 3 øre og selt til Anders Sjurson Hellene, som har bygt og bur der og er skreddar. Han er f. 1868 og g. 1900 m. Helga Gurina Tørrisdr. Rafdal.

Bruk 5. Skilt ut bruk frå 2 i 1910 med skyld 37 øre etter oreigning av jarnbanen.

Kvarakvål var fyrr mtrnr. 118, lnr. 237 med gamal skyld 1 laup 45 mark, urevidert 4 dalar 1 ort 13 skill., revidert 4 dalar 19 skill. Ny skyld mark 6,06.

Husmenn på Kvarakvål.

Johannes Ingebriktson f. 1645 er fyrste husmannen me veit um på Kvarakvål. Han budde der i 1701, men i 1723 var der ingen husmann. Askjel Torgeirson, g. m. Steinvor Jørgensdr. var husmannsfolk då dei 1772 fekk dotteri Elisabet og 1776 dotteri Brita. I 1788 har husmann Anders Larsson, g. m. Marta Andersdr., havt sonen Anders til dåpen. Kvar desse husmennene har butt på Kvarakvål, veit me ikkje.

Nedste parten av Morsteigen har vore teke til husmannsplasset Svartaberg. Mons Ivarson sette i 1795 plasset burt til Sjur Larsson f. 1756, g. m. Johanna Persdr. f. 1746. Han døydde 1828, ho 1827, og dei hadde tri born: Per f. 1785, Lars og Gudve. Per var godt skrivefør, var med i krigen mot Sverike og budde seinare i Bergen, der etterkomarane hans skriv seg for Pedersen. Sonasons dotter hans er g. m. verksmeister Knutsen i Bergens Gassverk. Lars var med på kanonbåtar og døydde der. På Veteranbautaen er namnet hans Per, men ikkje hans Lars. Systri Gudve gifte seg 1819 m. Mikkjel Person En og fekk i 1828 husmannsfeste hjå Ivar Monsson på Svartaberg. Gudve døydde 1837, 58 år gl. og Mikkjel gifte seg att 1838 m. Gunnvor Knutsdr. Ullestad f. 1806. Mikkjel døydde 1852, 67 år gl.

Seinare hadde desse plasset: Knut Nilsson Hegg (Heggjahaugen) som reiste til Amerika, Nils Brattåker fyrr han kjøpte Brattåker og Anders Nese, seinare husmann på Nese, Hegle. So kom Knut Bjarneson Eggjareid, g. 1846 m. Rannveig Sjursdr. Kleivane f. 1825. Knut døydde 1863, 43 år gl. og ho Rannveig

--- side 260 ---

gifte seg att 1865 m. Isak Larsson Lemme, fødd på Stampehaugen, Klyve. Dei budde sidan på Byrkjo hjå dotteri Gjertrud Knutsdr. som vart g. m. Knut Larsson Lid på Byrkjo. Olav Kvarakvål kjøpte Svartaberget i 1885, sjå bruk 3.

På Krakktveit har vore husmenn tid til onnor. Den fyrste me veit um, er Kolbein Nilsson som i 1801 fekk feste på plasset. Han var f, 1744, g. m. Synneva Steffadr. f. 1744. Ein gong han Kolbein kom med ei stor høybyrde og det kom ei sterk regnflod, sette han seg under ein stor stein ved husi på garden. Då regnbya ikkje gav seg, gjekk han inn i stova ei stund. Komen ut att synte det seg at steinen som var stor som eit hus, hadde kanta, og dei såg berre i endane på toget. Det lever enno folk som fortel at dei har sett desse togendane. Kolbein miste armen sin av kolbrand. Lars Istad stelte um han og tok av armen. Det var fyrr han hadde fått lov til å doktera, og han laut difor under forhøyr i Bergen, men vart frikjend sidan han hadde berga Kolbein frå døden.

Det gamle Krakktveitplasset hadde fleire småteigar kring på garden. Krakktveitplasset som no er, vart sett burt i 1850-åri til Olav Olavson Bygd, f. 1804, g. m. Gjertrud Olavsdr. og døydde 1867. Ho døydde 1881. Ivar Klasson Selheim bygsla so plasset. Han er g. m. Marta Arnesdr. Kolvu og dei bur der no. Krakktveitplasset hadde frå gamalt brunn i utmarki åt Nedre Graudo, der vatnet var so jarnhaldigt, at det vog to merker meir for kanna enn vanlegt vatn. Sume reisande som vilde til Sverrestigen, drakk av vatnet og sume tok med seg på ei flaske av det. I 1870-åri fekk Anders Anderson Klyve plassteig på Kvarakvål og bygde der, men reiste snart til Amerika. Foreldri hans, Anders Jonson Kvitno, g. m. Anna Samsonsdr. flytte då frå det gamle Klyvshusplasset til plasset etter sonen Anders. Anders Jonson døydde 1877, 78 år gl. Deira døtter Brita og Marta hadde noko av plasset. Marta reiste til Amerika og Brita er død 92½ år gl. Per Olavson Mæringi bur der no.

På Kvarakvål har og vore ein husmann Knut Nilsson, g. m. Anna Olavsdr. som fekk døtterne Anna i 1856 og Ingjerd 1857. Anders Torsteinson Mo frå Lærdal, f. 1812, g. 1867 m. Ingerid Andersdr. Kyte, dyrka seg upp ein teig og er skriven som husmann. Han var sterkt religiøst interessert og tala ofte på uppbyggjingsmøte. Det vart bygt eit lite bedehus til møti truleg etter upptak av Anders. Huset er sidan brukt til sundags-

--- side 261 ---

skule og kvinneforeiningar. Anders døydde 1894 og Ingerid 1922. Deira dotter Gjertrud vart g. m. Lars Oddson Klyve. Mons Sylfestson fødd på Takla 1669 og uppalen på Ygre, har butt 16 år på Kvarakvål, men det er ikkje sagt anten det var som husmann eller leiglending.

Stølar.

Som umtala på Klyve har Kvarakvål havt støl på Mòrset. I 1723 var det 1½ mil frå garden til stølen, er det sagt i matrikkelen. No har Kvarakvål støl på Jonsstølen. På Fjellset var dei ei tid ein tur høgste sumar, men dei siste 50 åri har Fjellset ikkje vore brukt og der er ikkje hus lenger. I 1912-13 vart halde offentleg utskifting på Jonsstølen, men han vart underkjend ved dom. Då Øvre Klyvesstølen på Jonsstølen vart seld i 1926-27 og skift på sume av dei andre stølseigarane, fekk Lars Kvarakvål bruk 6 og Marta Kvarakvål bruk 7. Bruk 3 Svartaberget har no stølen Mòrset, men har ogso stølsrett på Jonsstølen.

Kvern.

Kvern var det ikkje på Kvarakvål i 1723, men det vart bygt ei i 1750-åri som stod nedst ved Svinaonæ til hausten 1874, då ein stor flaum tok kvernhuset med seg. Uppgangssag vart bygd i 1860-åri, og gjord til sirkelsag i 1894. Sagi står ved Svinaonæ, der ho kjem i Raundalselvæ. Kvernhuset stod og der.

Offentlege forretningar.

Det var sak mot Kyte i 1797 og 1798. Dom vart sagd 1799 um merket mot Kyte. Merkeskilforetning var halde 1801. Kommisjonsforlik um Jonsstølen vart vedteke i 1838 og 1872. Jarnbanetakst var halde 1899 og utskifting på Jonsstølen i 1916. Bruk 2 har semje med Voss Skiferbrud um løypestreng.

Ymse.

Heimanfor Kvarakvål er ein plass ved Krakktveitgrindæ som heiter Raundalsalmenningjen. Raundølene kvilte der når dei skulde heim i bygdi eller var på utveg. Stundom låg dei over på Krakktveit.

I Nepehaugen er det funne ei øks frå gamal tid, som no er i Bergens Museum. Knut Torsteinson fann i myri nedanfor husi oversteinen av ei høgsætekvern umlag 1 meter nede i jordi. Denne oversteinen er no i museet på Mølster. På stølen Mòrset er leivingar etter jarnbrenning. Der har vore brent tjøre og.

Det er hermt etter dei gamle at Kvarakvål, Øvre og Nedre Klyve skal ha vore ein gard. Kvarakvål skulde då vera kalvehage og heitte Krakktveit, og Øvre Klyve var vårstøl. Fyrste

--- side 262 ---

husi på Kvarakvål skal ha stade på Tuftæ, dei kalla, og garden heitte då Krakktveit. Då husi vart flytte til tunet som no er fekk garden namnet Kvarakvål. - Bjørnen var fyrr i tidi svært nærsøkjen. Ein gong i 1840-åri kom han soleis jagande etter noko smale radt heim i tunet og gjenom gangen millom stova og eldhuset. I 1760-åri var det ein bjørn som reiv nokre steinar ut or muren under kalvahuset rett ovanfor garden og tok ein årsgamal gris. Denne bjørnen vart skoten i Reimegrendi. Skrubb var det mykje av i 1830-åri, og han tok ofte smale um sumrane og for umkring og drap hundar um vintrane. Ein kveld vart hunden på Kvarakvål teken av to skrubbar som sprang på kvar si side av ei bjørk og sleit hunden tvert av.

På Kvarakvål skal det ha butt ei kvinne som var so stor og tung at øyken gjekk kroken når ho reid.

Bumerke.

Mons 1722 tavle 3 nr. 22. Det er brigda på 3 ymse måtar 1736-1744. Ivar 1758, 1756 tavle 5 nr. 104. Mykje brigda i 1771.