122. Kvitno (i Raundalen)

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 287 ---

Namnet vert i 1695 skrive Quitne. Det vert no sagt Kvìnó út ì Dalè; han búr pao, è tao Kvìtnó, ska tì Kvìtna. Kva namnet tyder er uvisst, sjå gard 81 i band 2.

Kvitno er ikkje umtala i manntali fyrr i 1695 og so i folketeljingi 1701. I 1695 og i Odelsskattemanntalet 1714 står at skyldi var 12 mark. Matrikkelen 1723 fortel at garden var rudd for mange år sidan og lagd 12 mark i skyld. Vidare er meldt at der var turvande vedaskog, ikkje humlagard, kvern eller støl. Garden var tungbrukt og kornavlingi uviss. Skyldi var den same til 1838 og vart då umskrivi til 2 dalar. Der var vedaskog og vassfall til kvernebruk. Samanlikningstalet var 300.

Matrikkelen 1865 melder at der var 12¾ mål åker, 2¾ mål dyrka eng, 18 mål god, 17 mål medels natureng og 78 mål skrapebø. Der var ring hamnegang, knapt um ved og ikkje timberskog. Garden var tungbrukt, dyrka som vanleg, men ofte vart kornet ikkje moge. Det var ¼ mil klyvjaveg til bygdavegen. Ved uppteljingi 1918 var der 11,4 mål åker, 2,5 mål kunsteng og 12 mål natureng.

På Kvitno budde 11 menneske i 1801, 10 i 1865 og 9 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Kvitno.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1 10 12 3
1865 2 11 29 23 18
1918 2 9 15

Olav var leiglending i 1695. I 1701 var det to leiglendingar: Sjur Olavson f. 1661 og Lars Olavson f. 1669, men me veit ikkje kva tid dei kom der. Sjur hadde fire born: Lars f. 1691, Ingebrikt f. 1694, Olav f. 1697 og Kari g. 1738 m. Nils Torkjelson. Sjur vart i 1705 på Bolstadøyri stukken med kniv so han døydde. Drapsmannen reiste umkring og selde tobakk. Sjur hadde nok slått drapsmannen. Lars Olavson bygsla på nytt 6 mark i garden i 1709, døydde 1737, og let etter seg to born: Alver og Brita. Lars åtte 1 mark i Kvitno. I 1714 var det same eigarar av Kvitno som av Røyrlidi. Det var Anders Andersson

--- side 288 ---

Graudo, Gusskalk Fjose og Knut Osgjerd. Alver Larsson f. 1692 var g. 1. 1715 m. Ragnhild Olavsdr. Bø, 2. 1729 m. Brita Jonsdr. Øvre Lid og døydde 1737. Alver kjøpte i 1728 av Odd Bogastad 4 mark i Kvitno med overbygsel til 1 mark. Born m. Ragnhild: Olav f. 1716 og Sjur f. 1719.

Olav Alverson f. 1716 vart g. m. Kari Olavsdr. og døydde 1773. Han fekk skøyte i 1737 frå fleire på tilsaman 6 mark i Kvitno og var brukar etter foreldri sine. Fire born: Oliver


Kvitno i Raundalen
Bilete 35. Kvitno i Raundalen. Fot. P. Braaten 1936.

som i 1773 budde på Vetla Grovu i Rd., Alver f. 1751, Ragnhild f. 1740 og Brita f. 1743, som vart g. 1773 m. Per Kolbeinson Nedre Graudo. Alver fekk skøyte frå far sin i 1760 på 6 mark i garden og gifte seg 1767 m. Steinvor Ivarsdr. Norheim. Alver bytte i 1773 m. Mikkjel Knutson, som då kom til Kvitno, men han bytte i 1774 med Anders Jonson uti Røyrlidi. Han var g. m. Marta Oddsdr. og fekk 1776 sonen Odd. Anders selde i 1779 3 mark til Jon Larsson og i 1778 3 mark til Torgeir Torgeirson, som i 1804 har kjøpt ogso av Jon. I panteregistret er Torgeir Torgeirson so førd upp som eigar av bruk 1 og av bruk 3.

Ivar Sjurson Osgjerd fekk i 1718 skøyte på 6 mark i Kvitno og let det 1745 til sonen Eirik. Han selde det 1785 til Anders,

--- side 289 ---

son sin. I handelen fylgde med «bord og bordstol med forsæte og hand-benkskap» i stova. Dette jordgodset hadde høyrt til Osgjerd i fire manns-aldrar, heiter det. Utmarki som høyrde til, hadde vore brukt til støls-hage åt Osgjerd, og noko slåttemark hadde i uminnelege tider vore brukt under Osgjerd, er det sagt i skøytet. Anders selde eigedomen att i 1778 til Bård, bror sin, men tok undav stølen og to inngjerde slåttor som skulde fylgja garden Osgjerd for all framtid.

Medan Osgjerdsmennene åtte denne eigedomen, har der vore desse paktarar: Sjur Alverson f. 1719, g. 1738 m. Rannveig Olavsdr. Lirhus. So var det Arne som var gift andre gongen 1750 med Guri Knutsdr. Øvsthus. Deretter kom Åmund Torgeirson, g. 1. m. Barbrå Nilsdr., død 1781, 2. 1782 m. Brita Karlsdr. Bokkatun. Med Barbrå fekk han borni Brita f. 1775, Torgeir f. 1777 og Barbrå f. 1781. Bård Eirikson selde i 1788 eigedomen som var på 6 mark til Mikkjel Johannesson. Framhald bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Kvitno. Torgeir Torgeirson åtte dette bruket etter skøyte 1787 og 1804. Nils Torgeirson f. 1762, som truleg var son åt gardeigaren, var paktar der ikring 1800. Han var g. m. Marta Endresdr. og dei fekk då borni Marta i 1798, Brita 1799, Torjus 1801 og Sisselja 1806. Torgeir har i 1807 skøytt garden til versonen Torleiv Olavson, g. m. Marta Torgeirsdr., for 400 rd. Dei fekk sonen Olav i 1812. Torleiv skøytte i 1811 2 mark til Anders Torgeirson for 100 rd. og bytte i 1819 4 mark til Gudleik Sjurson Bø og fekk att eit bruk i Lid, Rd. Gudleik selde so 1825 til Brynjulv Karlson Bulko for 300 spd., som atter selde 1828 til Mikkjel Jonson Kvitno. Han var f. 1804, g. 1830 m. Marta Monsdr. Ettesvoll og fekk borni: Mons f. 1830, Jon f. 1832, Anders f. 1834 og Anna f. 1836. Garden vart seld på auksjon 1837 til Knut Jonson Lirhus for 106 spd. og han selde att same året til Torleiv Brynjulvson Graudo for 197 spd.

Torleiv budde der til 1844, då han for 180 spd. selde til Knut Styrkson Tøn som skøytte i 1848 til Anders, bror sin for 300 spd. Han var f, 1814, g. 1847 m. Gjertrud Olavsdr. Graudo og døydde 1896. Dei fekk borni: Ingjerd f. 1848, Olav f. 1851, Styrk f. 1854, Marta f. 1858, Anna f. 1861 og Marta f. 1867.

--- side 290 ---

Ingjerd vart g. 1878 m. Lars Gudleikson Dukstad og dei fekk garden i 1885 for 1320 kronor hjå foreldri hennar.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 123, lnr. 242 med gamal skyld 6 mark til 1811 og sidan mark 4, urevidert 3 ort 8 skill., revidert 3 ort. Ny skyld 87 øre.

Bruk 2. Kvitno. Mikkjel Johannesson umtala ovanfor, var f. 1731, g. tridje gong m. Brita Knutsdr. f. 1734, og døydde 1812. I 1794 selde han ein slåtteteig Kvitnaborjæ eller Kvitnaberje til Knut Andersson Rykke. Mikkjel hadde to born: Nils f. 1770, g. 1812 m. Synneva Olavsdr. Lekve og Anna f. 1775. Ho gifte seg 1798 m. Jon Andersson Nedre Graudo og dei fekk skøyte i 1797 og 1799 på tilsaman 6 mark i Kvitno. Jon var f. 1771, døydde 1836 og Anna døydde 1832. Dei hadde borni Anders f. 1798 og Odd f. 1806, g. 1842 m. Gjertrud Persdr. Hegg. Anders vart g. 1823 m. Anna Samsonsdr. Mæringi og fekk farsgarden i 1827. Garden vart seld på auksjon i 1851 for 266 spd. til Hermund G. Fagnastølen. Anders vart seinare husmann på Klyve. Han og Anna hadde borni: Anna f. 1823, Brita f. 1825, Gjertrud f. 1829, g. 1867 m. Samson Olavson Tverberg, Jon f. 1830, Marta f. 1834, Samson f. 1838, Brita f. 1842, Anders f. 1845 og Marta f. 1848.

Hermund Fagnastølen selde ein part i Kvitno i 1854 til Viking Vikingson Nedkvitno. Jon Andersson Kvitno, nemnd ovanfor, kjøpte so bruk 2 i 1854 for 350 spd. og gifte seg 1855 m. Brita Aslaksdr. Helleve. Jon var fødd 1830 og døydde 1910. Ho Brita døydde 1897. To born: Anna f. 1856, g. 1887 m. Olav Olavson Knapskog, sjå bruk 2 Øvre Graudo, og Brita f. 1862, g. 1885 m. Svein Styrkson Graudo. Dei hadde bruk 2 og fekk borni Jon f. 1889 og Marta f. 1896, som i 1928 gifte seg med Jon Asleson Lid, Rd. Jon har fått skøyte på bruk 2 for 1000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 123, lnr. 243 med gamal skyld 6 mark, urevidert 1 dalar, revidert 3 ort 14 skill. Ny skyld mark 1,04.

Bruk 3. Kvitno. Torgeir Torgeirson åtte det i medhald skøyte 1781 og 1804 og let det 1807 til versonen Torleiv Olavson, som selde det att 1811 til Anders Torgeirson. Han bytte 1825 med Brynjulv Torleivson som då fekk bruk 3. Ervingane etter Jon Alland fekk skøyte på det frå skifteretten i 1848 og selde same året til David Person, som seinare kom til Tvinno. Knut Andersson Lae kjøpte eigedomen i 1863 og let han att 1885

--- side 291 ---

til Knut, son sin, saman med bruk 2 Nedre Graudo, som stølar der.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 133, lnr. 244 med gamal skyld 2 mark, urevidert 1 ort 16 skill., revidert 1 ort 7 skill. Ny skyld 38 øre.

Husmenn

Husmenn var der ikkje i 1723. Sidan har det vore ein, Per Kolbeinson Nedre Graudo, g. 1773 m. Brita Olavsdr. Dei fekk borni Olav i 1774, Lars 1775, Sjur 1777, Kolbein 1779 og Knut 1781.

Kvern

Kvern har det nok ikkje vore fyrr i 1800-talet. Ho stod i Tvagroæ.

Støl.

Bruk 1 kjøpte i 1876 stølsrett på Furteset av bruk 3 på Dukstad og stølar der. Bruk 2 har ikkje støl, men hamnar krøteri i utmarki umkring garden og har flor i bøjagarden.

I Kvitnatròæ ovanfor bøjagarden har frå gamal tid og til ikring 1880 hesta- og krøterdrifter stogga og hamna 1-2 døger fyrr dei drog vidare. Folk kom der då for å selja, byta eller kjøpa.

Offentlege forretningar.

Utskifting var halde 1871 og 1895 og overutskifting 1896.

Segn.

Då Raundølene hadde vore på Vangen og vorte tvinga av kong Olav Haraldson til å lata seg døypa og dei var på heimvegen, so tvaga (vaska) dei dåpen av seg i ei gro, som derav skal ha fått namnet Tvagroæ. Ho kjem or Singesetvatnet, renn forbi Kvitno og ut i Urdlandselvæ. Då dei kom heim att, sa konone til dei: «De va noko store stakkara so let deko døypa.» Mennene sa då at det stod ikkje på, for dei hadde tvaga det av seg att.

Bumerke.

Lars 1718 tavle 5 nr. 9. Olav 1722 t. 6 nr. 11, noko brigda 1732 og mykje brigda 1736. Eirik 1762 t. 6 nr. 12.