Kyrkjegardane på Vangen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 316 ---

Med innføringi av kristendomen fylgde skikken å jordfesta dei døde i vigd jord i staden for den heidne haugleggjing. Til gravplass tok dei eit høvelegt jordstykke, som vart vigt til det bruk. Oftast var det ved kyrkja. I Gulatingslovi er det påbode at kyrkjegardane skulde skiftast i fleire partar. Dei fornemste skulde liggja nærmast kyrkja og so etter rang nedover til trælen, som fekk plass i utkanten. I millomalderen byrja dei å gravleggja stormenn, helst av presteskapet, i sjølve kyrkja. I 1680-åri kom det reglar um gravleggjingi på dei ymse plassane under golvet i kyrkja og på kyrkjegarden.

Som ovanfor umtala er i to av kjellarane under koret sett fleire lik, nemleg to i den eine og 13 i den andre. Under golvet i skipet er og fleire likkistor. Då nytt golv var lagt i skipet

--- side 317 ---

i 1860-70, åri tok dei ut mange likkistor som vart lagde i ei sams grav på kyrkjegarden.

Kyrkjerekneskapane syner, at det er ikkje fåe som har vore gravlagde i kyrkja både under koret og under skipet. Ikring 1790 vart det forbode å gravleggja' nokon i kyrkja.

Til kyrkja på Vangen var berre ein kyrkjegard heilt til 1834. Det er fortalt, at kyrkjegarden var skift i åtte bolkar, ein til kvar åttung og dessutan ein bolk til framande. Av eit skriv frå 1834 ser me at ålmugen nokre år fyrr hadde sett upp murar til gjerde umkring kyrkjegarden. Dei står endå med undantak av på nordsida og nordanfor porten på vestsida der dei i 1882 vart bytte uti det jarngjerdet som no er der. Jarnporten på vestsida kom i 1866 og på nordsida i 1882. Fyre 1866 var det på vestsida port av tre med tak over.

Kyrkjegarden var alt for liten etter folketalet, Difor varde det ikkje lenge millom kvar gong dei for over han med graver. Ikring 1833 byrja dei å rydja ny kyrkjegard på Tunshovden i Lekvesmoen. Det vart bygt steingard umkring, han, og 10. juli 1834 vart kyrkjegarden vigd og det fyrste liket sett ned. Det vår den nordre halvparten av kyrkjegarden i Lekvesmoen. I 1857 vart han utvida mot sør og gjord dubbelt so stor, og steingarden vart sett rundt den.

Men enno var det for lite. I 1883 vart det so av Lekve og Prestegarden kjøpt grunn til ny kyrkjegard sør for Haldeplassen i Uttråæ. Denne kyrkjegarden er sidan utvida to gonger, siste gongen i 1925.

Fyre 1870-åri var det minnesmerke berre på nokre fåe graver. Det var kista eller plata av malm på gravene åt nokre kondisjonerte og trekross på nokre andre graver. Seinare kom minnesmerke av hoggen stein. I fyrstningi av 1900-talet vart reist mange hellesteinar, men seinare har monument av hoggen stein helst vore brukt. Siste åri er kome nokre monument støypte av betong. No er det mange som set minnesmerke på gravene, og gravene vert mykje betre vyrdsla enn tidlegare.

Sidan 1857 har det vore tilsett fast gravar ved kyrkjegardane. Fyrr var det vanleg at to-tri av grannane åt den døde tok upp gravi. Heilt til i 1890-åri var det mennene i likfylgjet som kasta til gravi medan likfylgjet var på gravabakken. Den tilsette gravaren har gjort det seinare.