Kyte.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 135 ---

Namnet vert i 1303 skrive Kytuin. Det vert no sagt (øvra og nèra) Kýtè2, han búr pao, è tao Kýtè, ska tì Kýtés. Namnet er samansett av kút m. eller kyta f. uppbøygning, kul, kryl, og ordet vin (beite).

Einar Pinung har ikring 1303 gjeve Aksel Sakariasson, Torbjørn på Hval (Kvåle), Sigurd Snjall og Sigurd Skjalg kvar sitt mamatabol i Kyte for at dei skulde vitna i saki hans um Byrkjo (sjå DN. I. 98). To lagrettemenn vitnar i 1417 (DN. I. nr. 653) at Sigurd Halldorson selde 2½ laup i Nedre Kyte til Håvard Botolvson. Tri menn melder i brev 1438 (DN. I. nr. 763) at Håvard Botolvson på si sotteseng i medhald testamente frå broren Odd, hadde gjeve ymist jordgods til kyrkja og presten på Vangen, m. a. 3 mmb. i Nedre Kyte. Odd hadde gjeve det for si sjel. To lagrettemenn kunngjer i diplom 1468 (DN. I. nr. 885) at Alf Knutson hadde kjøpt av sokneprest på Voss, Mattis Hemmingson, 4½ mmb. i Nedre Kyte.

Jon betalte i 1561 12 skill. i skatt og 8 mark i breffbrot, og Tord betalte 16 lodd sylv i skatt og breffbrot. Oluf og Ingebrikt budde der 1563 og Sjur i 1591. Gyrvild Fadersdr. (Gyldensparre) selde 1582 til kongen 1 laup i Nedre Kyte og 5 laup med 4 skill. i kvernleige på Øvre Kyte. I tingsvitne 1590 um nokre eigedomar på Lemmesteigane er umtala at avlidne Mons Kyte hadde brukt teigen på Lemme åt rektoratet i Bergen,

--- side 136 ---

og Oluf Nedre Kyte brukte ein part av eigedomen åt Voss prestebol på Lemme etter løyve av soknepresten på Voss, Nils Henrikson. Det er og upplyst at etter Oluf på Nedre Kyte budde Arne Schotte på Nedre Kyte, som brukte «Omundz stødl» og etter han Sigurd som fyrr budde på Berg (Berge) og døydde på Kyte. Etter han kom Torstein på Nedre Kyte. Sigurd på Øvre Kyte var og vitne i 1590.

I 1603 og 1611 var Torstein leiglending på Nedre Kyte og Sigurd på Øvre Kyte. I 1614 var det Torstein og Torgeir.


Kyte med helleberget bakanfor
Bilete 20. Kyte med helleberget bakanfor. Fot. P. Braaten 1936.

Torgeir vart då utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Torstein og Toris var leiglendingar 1621. Sigurd åtte noko jordgods i 1603. Torgeir åtte ½ laup odelsgods i 1611 og Toris var 1621 eigar av 21 mark i Rekve og 15 mark i Graudo. Sigrid hadde 2 laup 18 mark odelsgods i 1629.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen for Apostelgodset på Nedre Kyte var 1 spann smør, 1 bukkskinn, og på Øvre Kyte ½ laup smør og 2 bukkskinn. Øvre Kyte var god avlsgard, står det. Torstein og Torgeir var brukarar. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset: a. 3 spann, skatt 1½ dalar ½ ort

--- side 137 ---

6 skill. b. 2 laup 1 spann, skatt 5 dalar 6 skill. Torgeir og Sigrid var då brukarar.

Baste Nedre Kyte brukte 1635 2 laup i Nedre Kyte, Eirik 2½ laup i Øvre Kyte og Sjur 2½ laup i Øvre Kyte. Sjur var so utarma at han slapp betala pendingskatt. Mons var og leiglending, truleg på Øvre Kyte. Trond og Anders budde på Øvre Kyte i 1640 og Jon på Nedre Kyte. Anders Andersson, g. m. Marta, var leiglending på Øvre Kyte i 1645, og Jon Salveson, g. m. Ingebjørg på Nedre Kyte.

Hannibal Sehested fekk kongeskøyte 1649 på leidangen 1 pund smør og 1 bukkskinn på Øvre Kyte og 1 spann smør 1 geitskinn på Nedre Kyte av Apostelgodset. Kongen skøytte 1648 til Sehested 1 laup i Nedre Kyte og 5 laup i Øvre Kyte som høyrde til Finnegodset. For laupen på Nedre Kyte skulde svarast 1 spann smør og 1 geitskinn i leidang, 2 dalar i skatt, ½ ort i fornødspengar, ½ ort i arbeidspengar og ½ dalar 16 skill. i avgift til jordeigaren. Jon var leiglending. Vangens prestebol var eigar av 1 laup. Svarelsen for Øvre Kyte var 1 pund smør og 1 bukkskinn i leidang, 5 dalar i skatt, 5 ort i fornødspengar, 5 ort i arbeidspengar og 1½ dalar i avgift til jordeigaren. Anders og Ivar var leiglendingar. Sehested laut lata jordgodset att 1651 til kongen som selde det 1657 til Gabriel Marselis.

103. Nedre Kyte.

Sidan 1590 har det i manntali sume tider vore skilt millom Nedre og Øvre Kyte. Frå 1661 er dei alltid skrivne kvar for seg.

Nedre Kyte er i 1661 førd upp som halv gard med 2 laup i skyld og med ein brukar. Elles er sagt at der var humlagard og skog til husbruk. Likeins var det i 1723 med tillegg at der var ei flaumkvern. Garden var tungvinn, men hadde nokolunde god jord. Skyldi var den same til 1838. Då vart ho umskrivi til 5 dalar 3 ort 4 skill. Det var då skog til eige bruk, fureskog jamvel til sal og god humlagard. Samanlikningstalet var 850.

Matrikkelen 1865 syner at der var 17½ mål åker, 2½ mål dyrka eng, 38 mål god, 37¾ mål medels natureng og 17 mål skrapebø. Vårhamni var ring, men sumarhamni god. Skog til eige bruk og timber kunde seljast for 24 spd. årleg. Garden

--- side 138 ---

var sers lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var det 25 mål open åker, 64 mål kunsteng og 4 mål natureng.

Det budde 10 menneske på Nedre Kyte i 1801, 16 i 1865 og 26 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Kyte.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 13 16
1723 1 14 12 18
1865 1 ½ 17 42 40 35
1918 5 20 46

Landkommisjonen fører i 1661 som eigarar av Nedre Kyte: Vangens prestebol 1 laup og Finnegodset 1 laup. Jon Salveson var brukar både då og 1670 og hadde sonen Baste f. 1646. Jon var fleire gonger lagrettemann. Klas Miltzow kjøpte Finnegodset sin laup i 1676 og hadde han ogso i 1691. I 1695 var Henrik Miltzow eigar av 1 laup og prestebolet framleies 1 laup. Likeins i 1723. Olav var brukar 1691 og 1695. Nedre Kyte er einbølt gard:

Bruk 1. Nedre Kyte. Jon Monsson f. 1695 var leiglending i 1701, g. m. Kari Andersdr. og døydde 1716. Kari hadde fyrr vore g. m. Steffa og hadde med han to born: Knut f. 1691 og Gjertrud f. 1691, g. 1730 m. ekm. Eiliv Eilivson på Skiple. Med Jon hadde ho Kari fem born: Steffa f. 1693, Mons f. 1696, Bryttva f. 1696, død ugift 1748, Anders f. 1698, Nils f. 1709, g. 1. 1729 m. Kari Andersdr. Nedre Klyve, 2. 1750 m. Torbjørg Hermundsdr. Nedre Vinjo, budde på Nedre Klyve.

Anders Jonsson f. 1698, g. 1722 m. Ingebjørg Davidsdr. Øvre Graudo, var leiglending etter foreldri sine og kjøpte 1759 løysningsretten til 1 laup i garden. Han døydde 1769. Sju born: Jon f. 1727, g. 1762 m. Arngunna Larsdr. Øvre Klyve, gardmann på Øvre Klyve, David f. 1730, død ugift 1785, var vanfør og sinnssjuk, Torstein f. 1733, Steffa f. 1738, g. 1767 m. Mari Arnvedsdr. Almenningen, husmann på Uppheim, Vossastr., Marta, g. 1748 m. Hallvard Larsson Bø på Haga, Vossastr., Kari f. 1735, g. 1754 m. ekm. Anders Jonson Øvre Kyte, budde på

--- side 139 ---

Øvre Kyte, Sigvor f. 1744, død ugift 1775, var vanfør og sinnssjuk.

Torstein Andersson f. 1733, var g. 1764 m. Ingjerd Monsdr. Kvarakvål og døydde 1791. Han var leiglending etter foreldri sine. I 1763 kjøpte han på auksjon 1 laup for 155 rd. og fekk same året skøyte frå far sin på forkjøpsretten til det. Torstein skreiv ei sers god handskrift. Ved skifte etter Ingjerd i 1780 var bruttomidelen 817 rd. og der er ført upp seks born: Anders f. 1765, Brita f. 1767, g. 1792 m. David Brynjulvson, gardmann på Hylle, Mål f. 1770, g. 1797 m. Knut Olavson, gardmann på Brekku, Rd., Mons f. 1773, Ingebjørg f. 1773, død ugift 1846, Sigvor f. 1777, g. 1799 m. gardmann Mons Knutson Øvre Graudo.

Anders Torsteinson f. 1765, g. m. Brita Olavsdr., fekk skøyte i 1789 og 1790 på heile garden, 2 laup. Anders var underoffiser og døydde 1838. Fem born: Ingjerd f. 1793, g. 1817 m. Bård Jonson på Rogne, Torstein f. 1795, Olav f. 1798, g. 1830 m. Sigrid Nilsdr. Grovu, Kari f. 1800, g. 1825 m. Knut Sjurson Haga, skriven for Vinjo i 1829, Ingebjørg f. 1804, g. 1830 m. Olav Larsson Nesheim.

Torstein Andersson f. 1795, var g. 1. 1825 m. Kari Åmundsdr. Fjose, 2. 1829 m. Synneva Persdr. Vinjo, og døydde 1887. Han fekk farsgarden. Ho Synneva var jordmor. Med Kari hadde han sonen Anders d. e. f. 1826 og med Synneva fem born: Kari f. 1829, g. 1851 m. Knut Johannesson Grevle (Amerika), Brita f. 1832, g. 1855 m. Lars Larsson på Øvsthus, Synneva f. 1834, g. 1862 m. Sjur Larsson Vinjo, Vossastr., Ingebjørg f. 1836, g. 1860 m. Knut Johannesson på En, Anders d. y. f. 1840, g. 1866 m. Anna Ivarsdr. på Bø, Tjukkeb., og fekk gard der, Olav f. 1844 (Amerika), Kirsti, g. 1846 m. Viking Gitleson Norheim (Amerika).

Anders Torsteinson d. e. f. 1826, g. 1856 m. Brita Olavsdr. Tundal fekk skøyte på garden i 1865, og døydde 1897. Tri born: Synneva f. 1858, g. 1879 m. Brynjulv Johannesson Hylle, Ingebjørg f. 1867, g. m. Olav Davidson Skjervheim, Torstein f. 1860, g. 1891 m. Ingebjørg Brynjulvsdr. Osgjerd. Han fekk skøyte på garden i 1895 for 4000 kronor. Både Anders og serleg sonen Torstein har dyrka mykje på garden. Torstein fekk på 75-årsdagen sin, 1935, medalje for framifrå dugleik som jord- og husdyrbrukar.

--- side 140 ---

Nedre Kyte var fyrr mtrnr. 103, lnr. 204 med gamal skyld 2 laup, urevidert 5 dalar 4 ort, revidert 5 dalar 4 ort 2 skill. Ny skyld mark 8,30 etter at bruk 2 er skilt frå.

Bruk 2. Fredheim. Skyld 17 øre. Skilt frå bruk 1 i 1919 og selt til K. M. Kårstad, som har bygt der. Han har drive med hellebenk, var f. 1885, g. m. Herborg Olavsdr. og er død.

104. Øvre Kyte.

Landkommisjonen har i 1661 skrive Øvre Kyte for heil gard med 5 laup i skyld og to brukarar. Der var ring timberskog og humlagard og ei bekkekvern, er det sagt. Skyldi var likeins i 1723, men det var då fire brukarar. Vidare er sagt at der var skog til husvøling og brensel, humlagard og to flaumkvernar. Garden var noko tungvinn. Skyldi var 4½ laup i 1777, som vart umskrivi i 1838 til 9 dalar 4 ort 3 skill. Då er og sagt at der var skog til eige bruk og god humlagard. Samanlikningstalet var 1560.

Matrikkuleringi 1865 melder at der var 30 mål åker, 4 mål dyrka eng, 55¾ mål god, 42 mål medels natureng og 138 mål skrapebø. Hamnegangen var ring. Skog til husbruk. Bruk 3 kunde selja timber for 7½ spd. og var lettbrukt. Dei andre to bruki var medels lettbrukte. Alle bruki var dyrka som vanleg. I 1918 var det 47,4 mål open åker, 43,8 mål kunsteng og 61 mål natureng.

Folketalet var 17 i 1801, 34 i 1865 og 135 i 1920. Helledriftene der umkring er årsaki til den store auking av folketalet i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Kyte.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 28 34
1723 4 36 36 36
1865 3 30 69 73 58
1918 4 25 76

Øvre Kyte høyrde til Finnegodset i 1661 og var på 5 laup. Anders Andersson og Ivar Arnfinnson var brukarar i 1661 og

--- side 141 ---

1664. Anders var skriven som leiglending ogso i 1668 og 1672, var fleire gonger lagrettemann og hadde sonen Anders. Klas Miltzow var eigar av garden 1680 og 1691. Gudleik og Ingebrikt brukte kvar 2 laup 18 mark. Kaptein Rasmus Stoud åtte 4½ laup i 1695. I 1714 var Kristense Miltzow eigar av heile garden, og i 1723 var det mannen hennar, løytnant Jens Nordahl. Ingebrikt hadde heile garden i 1695. I folketeljingi 1701 er ført upp to leiglendingar: Olav Ingebriktson og Kolbein Brynjulvson, som var brukarar ogso i 1698. Dei bad då på tinget um å sleppa betala skatt av di at husi deira og det dei elles åtte hadde brunne.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvre Kyte. Kolbein Brynjulvson f. 1665, g. 2. 1722 m. Ingebjørg Bårdsdr. Nedkvitno, var leiglending frå ikring 1698 og døydde 1734. Han hadde sonen Brynjulv f. 1696. Sjå meir um han på bruk 2. På Kyte budde ein Anders Larsson, som var sersjant til 1766, då han ved umregulering vart sett på pensjon. I 1769 kom han i teneste att og steig til furer. Olav Andersson Svanga bygsla i 1735 1 laup 18 mark av Jens Nordahl og kjøpte det 1756 av Peter Tønder Nordahl. Same året selde Olav att til Olav Torgeirson Håtveit eller Øvre Hæve. Han selde att 1763 til Lars Larsson Rene for 303 rd. Lars bytte so i 1773 med Jon Olavson uti 9 mark i Mæringi. Jon var g. m. Marta Ivarsdr. og døydde 1798, 75 år gl. Fire born: Nils, Olav, Ivar f. 1763, g. 1784 m. enkja Ingebjørg Aslaksdr. Norheim, Orlog f. 1760, g. 1788 m. Lars Olavson Midberde.

Olav Jonson, g. 1784 m. enkja Marta Nilsdr., fekk skøyte 1779 frå far sin på 1 laup 18 mark og bytte i 1802 med Jon Olavson uti Kolvu. Jon var g. m. Brita Josefsdr. og døydde 1832, 76 år gl. Seks born: Synneva f. 1788, Olav f. 1795, Josef f. 1802, g. 1829 m. Marta Ivarsdr. Melve, skulelærar, organist og postopnar, budde på Vangen, Sigrid f. 1802, død ugift i Kjeringastovo på Vangen, Margreta, g. m. Lars Larsson Almenningen, Ingerid, g. m. Johannes Person Trefall i Bergen.

Jon selde garden i 1805 til Steffa Larsson Tròdo for 950 rd. Steffa var sersjant, var g. 2. 1807 m. Marta Larsdr. Litlere, døydde 1816 og hadde to døtter: Inga f. 1793 og Marta g. 1. m. Lars Larsson Litlere, 2. 1819 m. ekm. Olav Åmundson Prestegarden. Lars Litlere fekk skøyte på garden i 1815 for 560 spd. Ved skifte etter Marta Steffadr. i 1829 var garden taksta 320 spd.

--- side 142 ---

og skogen 25 spd. Marta hadde med Lars dotteri Kristi f. 1814 og med Olav tri born: Steffa f. 1820, Sigvor f. 1823, g. 1854 m. Kolbein Larsson Skiple, som kjøpte gard på Rjodo, og Lars f. 1826. Olav Åmundson gifte seg for tridje gong i 1830 m. Marta Knutsdr. Rong.

Steffa Olavson, f. 1820, g. 1850 m. Kari Torgeirsdr. Røte, døydde 1900. Han fekk garden utlagd på skifte etter mori i 1829. Dotteri Marta f. 1851, gifte seg 1877 m. Knut Sveinson Tverberg og dei fekk garden i 1885 for 1000 kronor. Knut døydde 1909 og sonen Steffa fekk då bruk 1 for 2800 kronor. Steffa var f. 1880 og døydde ugift 1913. Ervingane etter han skøytte i 1922 garden til bror hans Steffa, Svein Knutson, for 5000 kronor. Han er f. 1882 og g. m. Marta Olavsdr. Repål.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 104, lnr. 205 med gamal skyld 1 laup 9 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 23 skill., revidert 2 dalar 1 ort 16 skill. Ny skyld mark 3,00 etter at bruk 24 er skilt frå.

Bruk 2. Øvre Kyte. Brynjulv Kolbeinson, nemnd ovanfor f. 1696, var g. 1. 1713 m. Anna Larsdr. Øvre Lid, 2. 1733 m. Kari Andersdr. Øvre Klyve, 3. 1736 m. Guri Jonsdr. Øvsthus, 4. 1750 m. Sigvor Eilivsdr. Flògo, 5. 1753 m. Synneva Gudleiksdr. Gjøastein f. 1699. Brynjulv bygsla i 1713 1 laup 18 mark av madam Stoud. Han fekk åtte born: Sigrid f. 1714, Lars f. 1716, g. 1743 m. Anna Nilsdr. Øvsthus, Ragnhild, f. 1717, g. 1759 m. Torgeir Guttormson Øvsthus, Svein f. 1718, som budde på Himle i 1756, Anna f. 1736, g. 1773 m. ekm. Velom Larsson Nedre Himle, Kolbein f. 1738, g. 1769 m. Rannveig Eiriksdr. Nedre Himle, Olav f. 1750, Gusskalk f. 1752.

Svein Brynjulvson f. 1718, kjøpte i 1756 1 laup 18 mark av Peter Tønder Nordahl, som far hans Svein hadde brukt til då. Svein selde att 1766 til Olav Sjurson Dukstad for 200 rd. På Øvre Kyte fekk Olav dotteri Ragnhild i 1771. Olav bytte i 1773 burt 1 laup i Øvre Kyte til Ivar Gudleikson Midberde og fekk att ein part i Midberde, og selde 1775 18 mark i Kyte til Jon Olavson Øvre Kyte for 97 rd. Ivar selde att 1776 til Olav Eirikson Apaltun 1 laup for 410 rd. Olav kjøpte i 1779 18 mark av Jon Olavson Øvre Kyte. Olav var g. m. Rannveig Samsonsdr. og døydde 1799, 67 år gl. Ved skifte etter Olav i 1799 var garden taksta 340 rd. Fire born: Eirik, Samson, g. 1799 m. Ingebjørg Monsdr. Helleve, Torleiv f. 1779, g. 1807 m. Marta Torgeirsdr. Graudo, Kari f. 1786.

--- side 143 ---

Eirik fekk garden i 1800 og gifte seg same året m. Anna Tormodsdr. Gjelle. Deira dotter Rannveig, g. m. Magne Jonsson Skiple, fekk garden i 1819 for 200 spd. Han døydde 1860. Fem born: Johannes f. 1821, g. 1844 m. Brita Johannesdr. Hyrt, Eirik f. 1824, Herborg f. 1836, g. 1. 1867 m. ekm. Sjur Brynjulvson Mosafinn, 2. 1869 m. Jon Herlaugson Kyte, Olav f. 1838, død 1902, Sisselja f. 1847, død ugift 1928. Magne selde garden i 1850 til Svein Bjarneson Kvòrmo for 510 spd. Han budde der til 1876 og selde då til Lars Arneson Sausjord for 300 spd. Lars er f. 1858, g. m. Gudve Sjursdr. Dukstad. Deira son Sjur fekk skøyte på garden i 1919 for 2500 kronor. Han er f. 1887, g. m. Brita Kristensdr.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 104, lnr. 206 med skyld som bruk 1 sonær som at den nye skyldi er mark 2,56 etter at bruk 26 er skilt frå.

Bruk 3. Øvre Kyte. Olav Ingebriktson f. 1655, umtala ovanfor, g. m. Sigvor Brynjulvsdr., var leiglending frå ikring 1698. Sigvor døydde 1718 og hadde to born: Marta f. 1693, g. 1718 m. ekm. Herlaug Jonson Øvsthus, Kari f. 1690, g. 1719 m. Jon Eilivson Gjerme. Han bygsla 1709 av Henrik Miltzow 1 laup 18 mark og fekk ny bygslesetel i 1721 frå den same. Jon døydde 1743 og Karl gifte seg att 1744 m. ekm. Anders Jonson Fadnes. Jon og Kari hadde fire born: Sigvor, f. 1721 g. 1760 m. Ivar Andersson Flatlandsmoen, Ingebjørg f. 1723, g. 1750 m. Brynjulv Torleivson Graudo, Marta f. 1728, død ugift 1749, Rannveig f. 1731, g. 1768 m. Svein Nilsson Fenno.

Ho Kari døydde 1749 og Anders gifte seg uppatt 1754 m. Kari Andersdr. Nedre Kyte. Han var leiglending frå 1744 på 2½ laup på Øvre Kyte og kjøpte det i 1756 av Peter Tønder Nordahl. Anders døydde 1771 og Kari gifte seg andre gongen 1772 m. Kristoffer Larsson Nedkvitno. Kari hadde med Anders fem born: Anders f. 1757, død ugift 1776, Jon f. 1759, Nils f. 1760, Kari f. 1763, g. 1787 m. Lars Henrikson Nedkvitno, Maria f. 1766. Med Kristoffer hadde Kari sonen Anders f. 1773.

Jon Andersson f. 1759, g. 1793 m. enkja Brita Johannesdr. En, fekk skøyte i 1776 på garden og døydde 1820. Dei hadde sonen Anders f. 1793. Han gifte seg 1813 m. Synneva Gjerdåk, dotter åt Eidsvoll-mannen Brynjulv Andersson Gjerdåk og Arnbjørg L. Takla. Anders fekk garden i 1820 og døydde 1870. Synneva døydde 1836 og ved skifte etter henne var bruk 3 taksta 560 spd. og skogen 50 spd. Dei åtte og 9 mark i Vetla

--- side 144 ---

Grovu, Bruttomidelen var 983 spd. Det er fortalt at Anders var kvækar. Han var ofte talsmann i gravferder og kjømeister i brudlaup. Jon, far hans, skulde vera ein påpasseleg mann og hadde fullt i bu og loft med mat og klæde. For Anders gjekk det nedover etter at Synneva døydde. Anders og Synneva hadde seks born: Brita f. 1814, g. m. Jon Herlaugson Øvsthus, Rd., husmann i Kytesgeilo, Arnbjørg f. 1818, død 1886 sinnssjuk, Kari f. 1820, g. 1851 m. gardmann Johannes Andersson Lavik, Eksingedalen, som stortingsmennene Lavik og deira syskin ættar frå, Brynjulv f. 1826, Anders f. 1829 (Amerika), Johannes f. 1831 (Amerika).

Brynjulv Andersson f. 1826, g. m. Kristense Torbjørnsdr. Rogne fekk farsgarden 1846 for 600 spd. Han arbeidde garden mykje upp, løyste seg or skuldi, var lenger tid med i heradsstyret og hadde andre tillitsyrke. Når store mastetre or skogane der umkring skulde køyrast til Eide, laut Brynjulv i vegen med blakken sin. Brynjulv døydde 1892 og hadde åtte born: Synneva f. 1848 (Amerika), Eli f. 1849, g.m. Eirik Oddson Klyve, Brita f. 1851, g. m. gardmann Arnbjørn Knutson Haugo, Gudve f. 1855, g. m. Knut Knutson på Nedre Graudo, Anders f. 1848, Torbjørn f. 1862, g. 1. m. Marta Ivarsdr. Tillung, 2. m. Brita Persdr. Midtun, Vossastr., gardmann på Håtveit, Marta f. 1867 (Amerika), Johannes f. 1873, død ugift 1898.

Anders Brynjulvson f. 1858, g. 1883 m. Ingjerd Oddsdr. Klyve fekk skøyte på garden i 1887 for 3600 kronor. Han gjorde sjølv alt smed- og snikkararbeid som han trong um, var med i fatigstyret, heradsstyret og hadde andre tillitsyrke. Anders døydde 1921 og hadde fleire born. Sonen Odd driv no garden. Han er f. 1888, g. m. Bergljot Flatabø frå Kvam, er med i heradsstyret, formannskapet, likningsvesenet, er varaordførar og har andre tillitsyrke.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 104, lnr. 207 med gamal skyld 2 laup 18 mark, urevidert 4 dalar 3 ort 5 skill., revidert 3 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 5,41 etter at bruk 29 er skilt frå.

Bruk 4. Steinheim. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 2 i 1907. Synneva Eiriksdr. Fjose f. 1847 er eigar.

Bruk 5. Steinbakken. Skyld 30 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1909 og skøytt til Svein Knutson Kyte.

Bruk 6. Skarvet. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 i 1909 og ervefest til Olav A. Klyve. Han selde i 1914 til Jakob

--- side 145 ---

Olavson Lid f. 1877, g. m. Anna Olavsdr. Han driv med hellebenk.

Bruk 7. Steinbø. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1912 og ervefest til Johannes Arnvedson Dolve. Mons Brynjulvson Lemme kjøpte det i 1918, er f. 1881 og g. m. Anna Maria Olavsdr. Han driv med hellebenk.

Bruk 8. Solstad. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 1 i 1912 og ervefest til Gustav K. Rogne, som selde i 1912 til Per A. Grøneng f. 1885, g. m. Marta Halldorsdr. Olav K. Kyte kjøpte det i 1916 og selde att 1920 til Sivert Ness.

Bruk 9. Grimshagen. Skyld 10 øre. Skilt frå bruk 2 i 1913. Eigar Olav Larsson Kyte. Ført saman med bruk 14 i 1919. Olav er f. 1890 og g. m. Guro Kolbeinsdr. Skjervheim.

Bruk 10. Solbakken. Skyld 15 øre. Skilt frå bruk 5 i 1913 og selt til Gustav K. Rogne. Sonen Olav kjøpte det i 1915 og selde att 1919 til Nikolai og Samuel Rørvik.

Bruk 11. Skarvet. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 5 i 1913 og ervefest til Olav A. Klyve, som selde 1914 til Jakob O. Lid. Sjå bruk 6.

Bruk 12. Dynjemyr. Skyld 8 øre. Skilt frå bruk 2 og skøytt til Olav Larsson Kyte i 1914, sjå bruk 9.

Bruk 13. Bergstad. Skyld 4 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1914 og ervefest til Anders G. Gjerme, som selde att 1928 til Elias Mandelid. Kristian Seim kjøpte det i 1935 for 5000 kronor.

Bruk 14. Grimsberget. Skyld 20 øre. Skilt frå bruk 2 i 1914 og skøytt til Olav Larsson Kyte. Bruk 9 er i 1919 ført saman med bruk 14 og skyldi vart då 30 øre som er sett ned til 16 øre etter at brak 20 og 23 er skilt frå.

Bruk 15. Flaten. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 10 i 1919 og selt til Olav G. Rogne, som 1920 bytte med Brynjulv Norheim uti bruk 5 på Norheim.

Bruk 16. Solbø. Skyld 25 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1919 og skøytt til Ivar Larsson Kyte f. 1894. Ivar er g. m. Guro Eiriksdr. Øvsthus.

Bruk 17. Nyheim. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 2 i 1919 og skøytt til Olav Johannesson Kindem, som selde att 1924 til Lars Olavson Fjose.

Bruk 18. Grøneng. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 3 i 1919 og selt til Samuel Grøneng f. 1888.

--- side 146 ---

Bruk 19. Hammaren. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 2 i 1922 og skøytt til l/l Norheims og Arbeidernes Handelslag.

Bruk 20. Grimsberget II. Skyld 7 øre. Skilt frå bruk 14 i 1922 og skøytt til Eirik K. Øvsthus, Ivar L. Kyte og Tomas Hernes.

Bruk 21. Høgheim. Skyld 3 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1923 og skøytt til Olav Knutson Kyte.

Bruk 22. Lundheim. Skyld 8 øre. Skilt frå bruk 2 i 1923 og skøytt til Steffa Knutson Røyrlidi.

Bruk 23. Grimsberget III. Skyld 7 øre. Utskilt frå bruk 14 i 1926. Eigarar Ivar Kyte og Eirik Øvsthus.

Bruk 24. Seltun. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 1 i 1927 og selt til Kristian Lasseson Seltun.

Bruk 25. Grannatun. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 3 i 1931. Eigar er Klyve Ungdomslag. Sjå bruk 5 på Repål.

Bruk 26. Høgtun. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1932. Eigar Mattis Hårklau.

Bruk 27. Solbakken. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 3 i 1932 og skøytt til Per A. Grøneng.

Bruk 28. Fossheim. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 3 i 1932 og skøytt til Johannes B. Kyte.

Bruk 29. Geilane. Skilt frå bruk 3 i 1934 med skyld 7 øre og selt til Johannes Jonson Kyte.

Bruk 30. Solberg. Skilt frå bruk 2 i 1935 med skyld 1 øre. Knut og Olav Dolve er eigarar.

Ervefeste, på tuft av bruk 2 i 99 år frå Lars Arneson Kyte til Lars L. Kyte. Han kjøpte husi på tufti av Eirik L. Kyte.

Husmenn på Kyte.

Knut var husmann på Øvre Kyte i 1690-åri og fekk 1691 sonen Hans. Torleiv Brynjulvson, g. m. Barbrå Jensdr. fekk dotteri Brita i 1779. Samson Olavson døydde som husmann 1840, 70 år gl. Knut Larsson, g. m. Ingebjørg Sjursdr. fekk sonen Sjur 1834. På plasset Kyteshagen på Nedre Kyte budde Anders Larsson, g. m. Mari Andersdr. Dei hadde borni Lars, f. 1831, Ingerid f. 1835, Anders f. 1838, Olav f. 1842, Ivar f. 1844 og Ingjerd f. 1847. Anders Larsson døydde ikr. 1870. Sonen Lars budde sidan der, var g. 1868 m. Anna Ingebriktsdr. Gjerdåk og fekk borni Olina f. 1875 og Lars f. 1878.

Olav Andersson f. 1842, g. 1868 m. Gjertrud Ivarsdr. Graudo

--- side 147 ---

budde på Kyteshagen då dei fekk døtterne Maria i 1869 og Brita i 1870, men fekk seinare plass på Fjosøyjorna. Seinare budde Per Johannesson Tøn der, g. m. Kari Jonsdr. Dei fekk sidan plasset Vele på Nedkvitno. Lars Isakson Graudo var og nokre år i Kyteshagen til han døydde 1913. Der budde sidan ikkje nokon fyrr ingeniør G. E. Bonde i Bergen kjøpte husi, og han har sidan butt der sume tider.

På Øvre Kyte bruk 3 er no to husmannsplassar: Øvregeilane og Lunden. På Øvregeilane budde Jon Herlaugson f. 1813 på Øvsthus i Rd. og døydde 1895. Han var g. 1. 1837 m. Brita Andersdr. Kyte, 2. 1869 m. enkja Herborg Magnesdr. Kyte, som 1867 var g. m. ekm. Sjur Brynjulvson Mosafinn. Jon hadde borni: Herlaug, Synneva, Ingebjørg, Anna, Brynjulv (alle i Amerika), Sigrid f. 1852, Gudve f. 1854, Brita f. 1869, Anna f. 1872 og Johannes f. 1879. Johannes er g. m. Torbjørg Mikkjelsdr. Seim, Granvin, og har no plasset. På plasset Lunden bur Anders Larsson Draugsvoll, f. 1870 g. m. Guri Sjursdr. Han driv med hellearbeid.

Nedre-Geilane på bruk 3 har tidlegare vore husmannsplass. Der budde Eirik Arneson Mork f. i Ål, Hallingdal 1808, g. 1. m. Gudve Olavsdr., 2. 1865 m. Guri Larsdr. Skiple. Han hadde borni Knut f. 1850 og Kristi f. 1853. Eirik døydde 1893. Sidan budde Olav Heimberde der nokre år og deretter Bernt Lemme.

På Kyte budde ein arbeidar Styrk Olavson f. på Skiple 1825, som har vore umtala m. a. av di han skulde vera ein meister til å rekna. Han arbeidde mykje med tresko um vintrane. Rett som det var tok han til å rekna med blyant på treskone han sat og arbeidde med, so dei var heilt utskrivne med reknestykke når skone var ferdige. Sterkt religiøst interessert var han og hadde lært mykje utor av bibelen. Han var harm på den nye bibelumsetjingi og tok seg difor fyre å reisa umkring, tinga burt biblar av den gamle umsetjingi og spreidde mykje biblar på den måten.

Stølane.

Både Nedre og Øvre Kyte hadde støl 1 mil frå garden heiter det i 1723. Oddmundsstølen er gamle stølen åt Nedre Kyte som har støla der fyre 1590, er det upplyst i eit tingsvitne på Lemme det året. Stølen låg millom Liasethamni og Skjevlingshamni. Nedre Kyte fekk so stølen Hòlo ovanfor Fjosstølen.

--- side 148 ---

Panteregistret syner at Nedre Kyte i 1838 bytte frå seg stølen sin Ljoseliæ heimanfor Helgaset til Eirik M. Lassahaugen og har fått att parten hans i Jonsstødl'n, som då vart ført saman med skyldi på Nedre Kyte. Øvre Kyte har stølen Skjevlingen med beite som heng saman med heimeeigedomen. Det er fortalt at dei ei tid hadde støl på Fjellset utanfor Jonsstølen. Plassen der selet stod ber endå namnet Kytestuftna. Anders Brynjulvson på bruk 3 fekk i 1888 hjå verfar sin stølen Borgarbu på Ljosandalen. Han selde ein part att til bruk 3 på Kvåle, Gullfj. Svein som budde på bruk 2, brukte å beita der for å halda uppe beiteretten.

Kvern.

Ei kvern var det på Nedre Kyte og to på Øvre Kyte i 1723, men i 1776 og 1791 var det berre ei på kvar stad. Alle fire bruk har havt kvern hjå Svinaonæ i Øvre Klyvshagen. Kverni på bruk 2 bygde Svein i 1862 og ho er enno i full stand. Nedre Kyte skal ei tid ha havt kverni si i Storåsen, men flytte henne til Svinaonæ.

Helledrift og sylv.

På Øvre Kyte bruk 1 og 2 har vore mykje helledrift sidan i 1890-åri. Utanfor stølen Skjevlingen i fjellet Graoskadl'n skal ha vore funne sylv ikring 1870, men det var for lite til lønsam drift.

Offentlege forretningar.

Merkeskilforretning innbyrdes 1778. Vedkomande Nedre Kyte: Kommisjonssemje 1872 ura beiting på Jonsstølen semje 1898 um beiting i Vinja-åsen, utskifting av skogen og stølstræe på Jonsstølen 1913. Vedkomande bruk 1 og 2 på Øvre Kyte: Merkeskilforretning 1797-99 mot Kvarakvål, steiningsforretning 1801, godviljug utskifting 1827, semje 1867 med Lemme um gjerdehald, godviljug utskifting 1903 av skogen i stølsmarki, semje 1909 med Reppen Skytterlag um skjotebane ved Lemmeskjødnæ, ymse dokument um helledrifti. For bruk 3 er tilførd godviljug utskifting 1827.

Ymse.

På Fagnastølen er fortalt um vegen i gamle dagar frå Skiple i Raundalen til Koladikje i Kytesmarki. Frå Vossastrondi kom veg gjenom Langedalen saman med Raundalsvegen ved Singesetvatnet. I vegabotbrev av 1343 heiter det at bøndene i Vinjar åttung skal byggja heile «Bodubru» frå Tvildeslandet til midtdjupni og halda i stand Tvildeskleivæ og vegen i Brunsberg og Auregòto ovanfor Tøn. Frå Koladiket må vegen ha gått um Verjùbakkane, Verjù, Auregòto, Tønakrikkane, Vinjo, Helleve, Kvåle, Brunsberge på Rykke, Tvildeskleivane, Båbruæ og til Vangen. Ein arm gjekk frå Koladikje ned til Bjørkebruæ for dei som skulde til Hardanger eller til den kant. Ein veg tok

--- side 149 ---

av nedanfor Svartaberget og gjekk til Bjørkebruæ. Meir um han på Øvre Klyve. Alle desse vegane må ha vore brukte sidan vegabotbrevet av 1343. Gamle Bjørkebruæ må vera den same som Uppbrui umtala i vegabotbrev 1343.

På Vossatinget 1707 er uppteke tingsvitne um at garden Kyte hadde brunne i 1699. - President W. F. K. Christie har i 1824 skrive at på Kyte var det gravhaugar.

Det er fortalt etter dei gamle, at i Kytesgrendi bygde dei fyrst på Øvre Kyte. So skal ein son åt Kytesbonden ha bygt på Nedre Kyte og butt der som husmann. Seinare budde på Kyte ein mann som hadde fire søner og som skifte garden millom dei, soleis at den eldste fekk Øvre Kyte, ein Norheim, den tridje Lemme og den f jorde Repål. Nedre Kyte skulde og då verta sjølveigedom.

Segn.

For lang tid sidan skal det ha butt ein svær kjempekar på Kyte som heitte Grim. På Lemme budde og ei kjempe som heitte Dunder. Desse to bussane var umlag like sterke og gjorde mangt eit karsstykke, som det er mange forteljingar um. Ei jol då Grim som vanleg var beden upp til Dunder i drykkjelag i joli, og frå fyrr visste at ølet hans var sterkt, kom Grim i tankar um at det var ikkje utan livsfare å koma seg ned att til Kytes um natti. For der var ei høg bergufs millom gardane. Dagen fyreåt gjekk so Grim upp, traska sund bergufsi og sende mold og stein nedover, so det vart ein lang bratt bakke i staden. Tett attmed han ligg Grimsberge og nedanfor er Grimshagen. - Ein gong det var so sterk storm at løda hans Grim heldt på å velta, surra Grim eit sterkt tog um henne og heldt henne til dess stormen la seg.

Ei onnor segn melder at kong Sigurd Sleva vart drepen på Kyte av Klyp herse. Erling Gamle kom til i det same og hogde ned Klyp herse. Gravhaugane deira syner endå. Den eine er på Kyte, den andre på Norheim. Det er umlag 100 meter millom dei. Denne segni strider mot dei historiske meldingar, og er eit døme på at segn ikkje alltid er å lita på.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Kyte.

Olav Øvre K. 1711-1727 tavle 4 nr. 5, brigda i 1714 og atter 1727 og 1750. Olav Andersson Øvre K. 1752, 1754 umlag som t. 2 nr. 85. Kolbein Øvre K. 1711 t. 4 nr. 22. Brynjulv 1721, Brynjulv Øvre K. 1723 t. 5 nr. 47. I 1730-1754 t. 4

--- side 150 ---

nr. 22, snutt på ymse måtar. Jon Øvre K. 1730-1736 t. 1 nr. 23. Anders Nedre K. 1733, t. 5 nr. 48. Same merket teikna Torstein Nedre K. 1766-1773. Torstein Andersson teikna anna merke 1787. Gudleik Nedre K. 1745 t. 5 nr. 49. Anders Øvre K. 1748 og Anders Jonson 1750, 1752 t. 5 nr. 50. Torstein Nedre K. t. 5 nr. 51.