126. Lassahaugen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 306 ---

Det gamle namnet, som enno er mest brukt, er Haugen, no sagt Haujén1; han búr pao, è tao Haujè, ska pao Haujén, det vert nemnt i 1500-talet. I 1695, då Davidhaugen var utskilt, finn ein namnet skrive Lassehougen, no sagt Lassahaujén, etter eit mannsnamn Lasse. Ei tid var garden og kalla Knutshaugen etter eigar Knut.

Som umtala på Davidhaugen er Lassahaugen utskilt i 1670-åri av Haugen som eigen gard og har sidan vore einbølt, bruk 1. Stundom i 1700-talet er Lassahaugen skriven for Knutshaugen. I matrikkelen 1723 står at skyldi på Lassahaugen var 18 mark og at der var ein brukar. Det var ringt med vedaskog og ikkje humlagard eller kvern. Garden var tungbrukt, hadde kald jord og det var ymist med kornavlingi. Skyldi var likeins 1838 og vart då umskrivi til 2 dalar 3 ort 6 skill. Samanlikningstalet var 400. Der var vedaskog, vassfall, men lite humlaavl.

Matrikkelen 1865 melder at der var 104/5 mål åker, 2 mål dyrka eng, 8 mål god, 13 mål medels natureng og 28 mål skrapebø. 2 mål var skikka for dyrking. Vårhamni var medels og Sumarhamni god. Der var vedaskog, men ikkje timber. Garden var svært tungbrukt, dyrka mindre godt og kornet fraus sume år. I 1918 var der 5 mål åker, 14,5 mål kunsteng og 4,5 mål natureng.

Folketalet på Lassahaugen var 7 i 1801, 6 i 1865 og 10 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Lassahaugen.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 4 6
1723 1 5 6 3
1865 1 10 20 22 18
1918 1 5 13

Uppgåva for 1657 gjeld Haugen (Lassahaugen og Davidhaugen tilsaman).

Klas Miltzow åtte Lassahaugen i 1675 og 1680, Folkvard Broderson i 1901 og Ingjerd Miltzow i 1695. Johannes var

--- side 307 ---

brukar 1691 og Arnfinn 1695. Olav Olavson f. 1674 var leiglending 1701, g. m. Anna Hallesdr. og døydde 1751. Ho døydde 1743, 68 år gl. Olav var leiglending til 1729, då han kjøpte Lassahaugen av Knut Raustad for 70 rd. I 1738 kjøpte Olav 9 mark på Vetla Grovu for 50 rd. og i 1740 er han skriven som odelsmann der. Born: Lars, Brita, Olav f. 1707, g. 1738 m. Guro Vikingsdr. Davidhaugen f. 1716, Ingebjørg f. 1712, g. 1733 m. Lars Olavson Kvåle, Rd., Kjel f. 1715, husmann på Flisaram, Levor f. 1718 og Kari, g. 1738 m. Olav Alverson


Lassahaugen
Bilete 38. Lassahaugen 1917. Fot. Ludv. Bru.

Kvitno. Olav Olavson, g. m. Guro Vikingsdr. kom ikring 1779 til Håland (Hålandsdalen) der han døydde 1787 og ho Guro 1779. Teatersjef Ingjald Håland ættar frå dei i femte led. Brørne Kjel og Levor og Lars Hermannson var ofte for retten for slagsmål. Levor var m. a. i slagsmål med Nils Lid i likferd på Fagnastølen.

Lars Olavson f. 1707, g. 1734 m. Guro Larsdr. Lid, Rd. f. 1711, døydde på Kvåle, Tjukkeb. 1773. Der døydde og ho Guro 1786. Lars fekk skøyte 1734 frå far sin på Lassahaugen for 77 rd. Han bygde buahus i 1743. Over buadøri står på innsida:

--- side 308 ---

«O Gud bevare dette hus fra al ulykke og fare. Amen. Anno 1743. L O S 36 A.» Loft er bygt på bui i 1800. Voss Folkemuseum har kjøpt huset. Lars bytte i 1759 m. Lars Hermannson uti 1 laup 3 spann på Kvåle i Tjukkeb. Lassahaugen var då rekna 380 rd. og Kvåle 580 rd. Lars selde att 1762 til Viking Johannesson Vetla Grovu.

Per Olavson Uppheim kjøpte i 1763 av han Viking 9 mark og 1772 9 mark. Per var g. m. Anna Larsdr. og «bortkom ved ulykkelig hendelse» 1783. Tri born: Guri f. 1760, Lars f. 1768, Kari (død fyre 1783 og hadde sonen Gudleik Vikingson f. 1782). Viking Johannesson Fagnastølen kjøpte 1781 9 mark på Lassahaugen og selde det att 1782 til Nils Person Rjodo. Han kjøpte 1782 ogso dei andre 9 mark på Lassahaugen av ervingane ved skifte 1782. Nils gifte seg etter kgl. løyve 1783 m. Guri Persdr. Lassahaugen og fekk på Lassahaugen borni Kari f. 1783 og Per f. 1785. Nils bytte i 1787 m. Sjur Halldorson Grovu uti hans eigedom og det han hadde bygsla i Grovu, Kv.

Sjur Halldorson frå Øvre Skjervheim, Myrkdalen, gifte seg 1. 1766 m. Torbjørg Larsdr. Grovu, 2. 1779 m. Gjertrud Gusskalksdr. Leiddal og 3. 1783 m. Guri Styrksdr. Mala og døydde på Lassahaugen 1789, 50 år gl. Med Torbjørg hadde Sjur dotteri Anna f. 1772 og med Guri tri born Torbjørg f. 1783, g. 1817 m. ekm. Brynjulv Jonson Kolvu, Styrk f. 1786, g. 1824 m. Brita Nilsdr. Voll, som hadde dotteri Guri, Sjur f. 1789, husmann. Gastgjevar Pyk på Eide i Granvin tok henne Guri (dotter åt Styrk og Brita) til seg, og ho vart g. m. lensmann Johannes Aga i Ullensvang og vart 103 år gl. Bruttomidelen var 563 rd. ved skifte etter Sjur og derav for garden 300 rd. Ervingane etter Sjur selde garden 1790 til Mikkjel Larsson, som i 1792 kjøpte odelsretten i garden av Lars Person Lassahaugen. Styrk Sjurson var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på Veteranbautaen.

Mikkjel Larsson Jordal f. 1758, gifte seg 1790 m. enkja Guri Styrksdr., nemnd ovanfor, og døydde 1820. Ho døydde 1830. Dei hadde borni Sigrid f. 1793 og Lars f. 1795. Lars gifte seg 1823 m. Marta Bårdsdr. Osgjerd og fekk garden hjå far gin i 1813 for 400 rd. Dei fekk på Lassahaugen borni Guri f. 1825 og Mikkjel f. 1826. Lars bytte 1828 m. Bård Jonson uti garden hans på Store Rokne. Bård var f. 1795, g. 1817 m. Ingjerd Andersdr. Nedre Kyte og hadde borni: Jon,

--- side 309 ---

Brita, Anders, Marta, Arnfinn f. 1829, Sygni f. 1832, Ingjerd f. 1834. Bård reiste med huslyden sin til Amerika 1837 og selde Lassahaugen til Eirik Magneson Rykke for 760 spd.

Eirik Magneson f. 1805, g. 1829 m. Brita Steffadr. Hagen, Rd. døydde 1880. Ho Brita var f. 1804 og døydde 1886. Dei hadde borni: Brita f. 1829, Steffa f. 1832, Kari f. 1836, g. 1862 m. Erling Erlingson Rykke, Marta f. 1837, g. 1860 m. Gudleik Nilsson Kolvu, Lars f. 1842 og Siselja f. 1847, g. 1873 m. Halldor Olavson Kvåle. Steffa gifte seg 1859 m. Jorunn Hermundsdr. Fagnastølen, fekk same året Lassahaugen hjå far sin for 400 spd. og farsgarden hennar Jorunn på Fagnastølen for 300 spd. Steffa selde Lassahaugen 1865 til Olav Halleson Ringheim for 610 spd.

Åmund Sjurson Hornve kjøpte Lassahaugen 1866 for 500 spd. Han gifte seg same året m. Anna, Hansdr. Heimberde og hadde borni: Sjur f. 1869, Marta f. 1871, Hans f. 1874, g. 1900 m. Anna Andersdr. Sygnaberde, sjå på Sygnaberde, Olav f. 1877, Knut f. 1880, Nils f. 1883 og Anna f. 1885. Åmund selde Lassahaugen 1872 til Gudleik Nilsson Helland, som seinare kom til Mølsterteigen og kjøpte same året bruk 2 Hagen.

Knut Knutson Lid, Rd., kjøpte Lassahaugen 1878 for 3360 kronor. Han var f. 1832, g. m. Anna Olavsdr. og døydde 1906. Han dreiv ei tid med krøter- og hestahandel. Ein son Knut f. 1863 vart g. 1888 m. Ingjerd Bjarnesdr. Voll, budde på Hegg der han døydde 1917 og ho 1921. Knut og Anna hadde og sonen Olav f. 1865 som var g. 1903 m. Brita Andersdr. Reime og fekk garden 1904 for 2400 kronor. Han bleiv i Raundalselvæ 1915. Joakim Åmundson kjøpte Lassahaugen 1916 for 4500 kronor. Han er f. 1884, g. 1906 m. Synneva Trondsdr. Reime f. 1873.

Lassahaugen var fyrr mtrnr. 127, lnr. 249 a med gamal skyld 18 mark, urevidert 2 dalar 1 ort 6 skill., revidert 1 dalar 3 ort 6 skill. Ny skyld mark 2,40.

Bruk 2. Helgaset støl. Skilt frå bruk 1 i 1865. Brynjulv G. Norheim og Øvre-Kytane har 1854 skøytt stølspartane sine på Helgaset til Torstein Larsson Graudo. Han selde 1865 til Styrkar Sveinson Graudo, som let att 1878 til Jon Andersson Kvitno. Olav Olavson Graudo kjøpte stølsparten 1903 og han har sidan fylgt med bruk 2 på Øvre Graudo.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 127, lnr. 249 a2, urevidert skyld 12 skill., revidert 18 skill. og ny skyld 22 ore.

--- side 310 ---

I panteregistret er på Lassahaugen ført upp etternemnde stølspartar lnr. 249 b og 249 a 3:

Matrnr. 127, lnr. 249 b. Jonsstølen. Gamal skyld 1⅛ mark, urevidert 20 skill. Eirik Magneson Lassahaugen har ved makebyte 1838 late denne stølsparten til Torstein og Anders Kyte og fått att deira stølspart på Helgaset (Ljoseliæ). Skyldi på stølsparten som Kytane fekk, er lagt saman med skyldi på Nedre Kyte.

Matrnr. 127, lnr. 249 a 3. Lassahaugen (Haugstræet). Utskilt frå bruk 1 i 1865 med urevidert skyld 16 skill., revidert 19 skill. og ny skyld 23 øre. Steffa Eirikson let stølsparten saman med Fagnastølen til Hermund, son sin. Stølsparten er førd saman med Fagnastølen.

Husmenn.

Olav Larsson f. 1652 var husmann i 1701. Sjur Sjurson, nemnd ovanfor, f. 1789 var g. 1. 1811 m. Sigrid Olavsdr. Øvsthus, 2. 1824 m. Kristi Kristensdr. Fagnastølen og døydde 1834. Han hadde borni Marta f. 1812, Sjur f. 1827 og Olav f. 1831. Knut Jonson, g. m. Kari Gudleiksdr. fekk dotteri Eli i 1829. Olav Olavson, g. m. Guro Henriksdr. hadde plass 1813. Nils Olavson, g. m. Sigrid Persdr. fekk dotteri Marta 1847. Odd Jonson Bø, f. på Kvitno 1804, død 1891, hadde vore plassmann.

Støl.

Stølen var ei mil frå garden i 1723. Sjå på Davidhaugen um Lassahaugsstølen. Til ikring 1860 var Hagastødl'n sumarsstøl åt Lassahaugen. No er sumarsstølen på Nygryten bruk 3 som Knut Lid åtte, då han i 1878 kjøpte Lassahaugen.

Kvern.

Kvern har der ikkje vore fyrr i 1800-talet. Ho stod ved Leirgroæ på vårstølstræet deira.

Offentlege forretningar: Åstadsak 1799, sak 1806 med Graudo og fleire um stølsbruk, skyldsetjing på Jonsstølen 1838 og jarnbanetakst 1896, 1900 og 1907.

Bumerke.

Olav Knutshaugen 1711 tavle 6 nr. 18. Han vert kalla Olav Haugen 1715, 1716, fleire gonger 1720, 1721 og 1722. Han har teikna merket utan kross nokre gonger i 1721 og i 1722. Viking Knutshaugen 1764, 1765 t. 1 nr. 23. I 1765 er merket ørlite brigda. Per Knutshaugen 1766 t. 6 nr. 22. Same merket brukte Per Olavson Knutshaugen 1778.