Leiddal.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 434 ---

Gardsnamnet Leiddal vert i 1300-talet skrive i Læiðdale. Det vert no sagt Leiddal2; han búr pao, è tao Leiddal, ska tì Leiddals. Namnet er samansett av gn. leid f. leid, veg, og dal, det går ein gamal bygdeveg der.

--- side 435 ---

Fyrst i 1652 vert skilt i manntali millom øvre og nedre tun. Det som her vert fortalt um tidi fyre 1652, gjeld difor både Øvre og Nedre Leiddal.

Diplom frå 1300 (DN. II. s. 54 c) melder at Ulf Håvardson åtte 2 mmb. i Leiddal. I brev frå 1341 (DN. X. nr. 45) er umtala at Håvard Halleson hadde klaga over Ulv Håvardson på Vestrheim fordi han ikkje hadde betalt kjøpesummen for Leiddal. Lensmann Gaute på Voss og to andre vitnar i brev frå 1341 (DN. V. nr. 150) at Håvard Halleson hadde pengar til gode


Bilete 49. Frå Leiddal. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 49. Frå Leiddal. Fot. P. Braaten 1935.

hjå avlidne Ulv på Vestrheim. Eirik Torfinnson makebytte i 1428 (DN. I. nr. 720) 2 laupsbol i Brekku til brørne Håvard og Odd Håvardsøner mot 2 laupsbol i «Lakhusene» i Leiddal. I Munkeliv jordbok frå 1427 er Leiddal ført upp med 11 mamatabol, og i 1463 står at 2 laup då høyrde til Munkelivgodset. I jordboki 1480-90 er og Leiddal innført med 10 mamatabol. Serquill var brukar i 1521 og betalte 2 lodd sylv i skatt og 8 lodd sylv i breffbrot. Eirik betalte 6½ mark 4 skill. 4 lodd 1 kvintin sylv i bøter. 3 leiglendingar var der i 1563: Sjur og Gard, som hadde ½ laup kvar, og Askjel. Knut og Suit var leiglendingar i 1591. Tormod er ofte skriven som leiglending

--- side 436 ---

1603-1621; Samstundes er ført upp som leiglending Per i 1603, Arnfinn i 1611, Svein i 1611 og 1614, og Eirik i 1629. Skatt for odelsgods er betalt av Svein i 1611 og 1614 for 3 spann, i 1621 for 3½ spann, av Tormod for 3 laup i 1611 og ½ laup 1 spann i 1629. Likeins av Tormod med sine brorborn i 1614 og 1621 for 6 laup i ymse gardar. Anders Olde åtte i 1621 5 spann i Leiddal, og Marta En ½ laup. Halldor Kolbeinson, g. m. Ingebjørg, og Nils Steffason, g. m. Gjertrud, er ofte skrivne som leiglendingar 1635-1650. Leidangsboki 1624 fører upp leidang på to bruk på Leiddal. På det eine var det 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn, der Tormod var brukar, og på det andre bruket 1 spann smør og 1 bukkskinn med Eirik som brukar. Det er tilført: «Er god jord paa ager og eng», Ryttarskatt var i 1627 lagt på odelsgodset i to bruk soleis: Det eine bruket på 1 laup 2 pund 20 mark fekk i skatt 4 dalar 1½ ort. Det andre på 2½ laup laut skatta 5½ dalar 1½ ort. Kongen selde i 1662 til Hermann Garmann 2 laup 12 mark Munkelivgods i Leiddal.

75. Øvre Leiddal.

Landkommisjonen har i 1663 skrive at Leiddal var heil gard med 4 laup 1 pund i skyld og to brukarar. Garden hadde turvande lunner og kverndam. I 1723 og seinare er skilt millom øvre og nedre tun. Skyldi på Øvre Leiddal var 2 laup 12 mark. Der var skog til husvøling og brensel, humlagard og ei flaumkvern. Garden var årvand og tungvinn, og der var ein brukar. Skyldi var den same i 1838 og er då umskrivi til 7 dalar 2 ort 7 skill. Der. var skog til eige bruk og sal, god humlagard og vassfall. Samanlikningstalet var 1125.

Matrikkelen 1865 fører upp to brukarar, som hadde 23,5 mål åker, 6 mål dyrka eng, 38 mål god, 68½ mål medels natureng og 22 mål skrapebø. God vårhamn og medels sumarhamn. Skog til husbruk og timber til sal for 4 spd. årleg på kvart bruk. Garden var sers lettvinn. Fårlegt for skred, men det hende sjeldan. Dyrka som vanleg. I 1918 var det 27¾ mål open åker, 5 mål kunsteng og 22 mål natureng.

Folketalet på Øvre Leiddal var 13 i 1801, 25 i 1865 og 11 i 1920.

--- side 437 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Leiddal.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 18 24
1723 2 20 24 22
1865 2 27 54 64 ½ 61
1918 4 24 49

I 1652 er skyldi på Øvre Leiddal ført upp med 2 laup 12 mark, som Munkeliv åtte. Nils var brukar. Skyldi var den same i 1661. Nils Steffason var leiglending 1659, 1661 og 1664. Det er skrive upp to søner i 1664: Steffa Nilsson f. 1646 og Lars Halldorson f. 1648. Nils var fødd på Gjerstad og er ofte nemnd som postbonde på Leiddal og som lagrettemann. Sokneprest til Nykyrkja, Otto Hansen, åtte garden i 1676 og 1680. Steffa Nilsson åtte i 1691 2 laup 12 mark og Vangskyrkja 1 pund. Det er likeins i 1695.

Steffa Nilsson, nemnt ovanfor, var brukar i 1701 og var eigar av 1 laup 6 mark i garden. Han var f. 1646, g. m. Brita Nilsdr. Ho døydde 1720 utan born. Steffa har som postbonde fått 2 rd. 4 mark i årleg løn for åri 1695-97 og i 1716 den same løn med tillegg av 2 mark 4 skill. i munderingspengar. For 1698-99 var løni 4 sletdalar. Han selde garden sin i 1721 til Torstein Olavson Myrland for 65 rd. Han hadde i 1713 kjøpt 1 laup 6 mark og åtte soleis 2 laup 12 mark i garden. Torstein var f. 1683, g. 1710 med Gjertrud Knutsdr. Leiddal (dotter åt Knut N. Nesheim f. 1646). Torstein var ein av dei siste som brende jarn på dei kantar av bygdi. Torstein og Gjertrud døydde 1756. Dei hadde fem born: Nils f. 1713, Synneva f. 1719, Brita f. 1720, g. 1741 med ekm. Mons Heggland, Guro g. 1735 med Jakob Ivarson, og Ingebjørg. Torstein selde 1 laup 6 mark i 1742 til versonen Jakob Ivarson og i 1725 39 mark. Jakob kjøpte dessutan i 1758 39 mark og åtte altso 2 laup 12 mark, taksta til 364 mark ved skifte etter Jakob i 1759. Jakob og Guro hadde fem born: Ivar f. 1736, Nils f. 1749, g. 1781 med enkja Ingebjørg Eiriksdr., Gjertrud f. 1739 g. 1779 med ekm. Sjur Halldorson Øvre Grovu (Graudo?), Anna f. 1742, g. 1762 med Nils Larsson Rene, Torbjørg f. 1746, g. 1785 med Mikkjel Åmundson Løn.

--- side 438 ---

Ivar Jakobson f. 1736, var g. 1765 med Ingebjørg Olavsdr. Høyland og døydde 1784. Ho vart gift att 1785 med Lars Larsson Saude. Ivar fekk skøyte på Øvre Leiddal i 1759 og 1764. Ivar og Ingebjørg hadde fem born: Torstein f. 1776, Olav f. 1779, Jakob f. 1781, død ugift 1846, Guro f. 1767, g. 1792 med Mons Sylfestson Fletre, som budde på Gjeraldstveit, Gjertrud f. 1773, g. 1815 med Jon Nilsson Flatekvål. Olav var god smed, men det var som sylvsmed han dreiv mest og vart vida kjend for sitt arbeid. Han reiste mange år austover for å selja av sylvvarone og budde 7 år i Hallingdal, der han heldt fram med sylvarbeidet. Stoveklokkor arbeidde han og. Ein lærar i Hallingdal har ei av klokkone hans, og ein urmakar har sagt um henne at ho kann godt gå 100 år enno. Det er åttedagsur med dato- og sekundvisar. Olav hadde seinare sylvsmedverkstad i Bergen og vart ein dag funnen død i sjøen. Sylvsmedane i Bergen likte ikkje på at ein sjølvlærd bondemann kunde gå framum dei i sitt arbeid, og folk trudde at nokon av dei hadde lurt for mykje drikka i han og skutt han på sjøen. Broren Jakob var god massingsmed.

Torstein Ivarson f. 1776 var g. 1799 med Brita Johannesdr. Rogne og fekk skøyte på garden 1795 og 1816. Torstein døydde 1826. Han var smed, arbeidde skruested, kolsted, øksar osf. og var hendig med anna arbeid og. Ved skifte etter Brita i 1831 var garden taksta 850 spd. og skogen 150 spd. Nettomedelen var 1476 spd. Åtte born: Ivar f. 1806, Johannes f. 1807, Olav f. 1810, g. 1842 med Ingebjørg Erlingsdr. Leiddal, Amerika, Knut f. 1813, g. 1836 til Kvarakvål med Anna Ivarsdr., Ingebjørg f. 1800, g. 1822 med Tormod Torsteinson Fletre, Amerika, Marta f. 1802, g. 1826 med gardmann Torgeir Styrkson Tvinno, Jorunn f. 1817, g. 1842 med gardmann David Larsson Gjøastein, Brita f. 1819, g. 1844 til Saude med Nils Eirikson.

Johannes Torsteinson f. 1807 var g. 1. 1831 m. Sigvor Torbjørnsdr. Rygg, 2. 1865 med Marta Eilivsdr. Skiple og døydde 1884. Han hadde fyrst gard på Rygg, fekk i 1871 feste på plasset Åsbrekketeigen under Nedre Leiddal, og budde sidan der. Johannes var kunnande med ymse arbeid både i tre, jarn, muring og anna. Han fortalde mykje um seg og sine, serleg um sitt arbeid og hendingar han hadde vore med på, både slikt som var trulegt og utrulegt. Han er nok den Kolbein Hauso som Per Sivle har skrive so mykje um. Johannes hadde med Sigvor

--- side 439 ---

tri born (a-c) og med Marta tri born (d-f): a. Guro f. 1832, sjå bruk 2, b. Brita f. ikr. 1833, g. 1851 m. gardmann Knut Knutson Hefte, c. Torstein f. 1836, d. Ivar f. 1866, e. Olav f. 1869, f. Brita f. 1872.

Ivar Torsteinson f. 1805, g. 1831 med Rannveig Torbjørnsdotter Rogne, fekk farsgarden i 1831. Dei var barnlause og Ivar skifte garden millom to av borni åt Johannes, bror sin: Torstein og Guro.

Bruk 1. Øvre Leiddal. Den halvparten Torstein fekk, vart bruk 1. Han var som ovanfor nemnt f. 1836, og var g. 1866 med Brita Larsdr. Saude. Dei var og utan born. Johannes Knutson Hefte pakta garden i 1883, og fekk skøyte på han i 1901. Han var f. 1856, g. m. Maria Persdr. f. 1863 og døydde 1914. Dotteri Brita f. 1899 fekk garden i 1914 for 5470 kronor. Ho gifte seg 1920 med Sjur Andersson Gjøastein.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 75, lnr. 152, med gamal skyld 2 laup 1 pund 12 mark, urevidert 7 dalar 2 ort 7 skill. Etter at bruk 2 var skilt frå, er den reviderte skyldi på bruk 1 3 dalar 4 ort 21 skill. Ny skyld mark 5,78 etter at bruket sin part i Åsbrekkefossen er skilt frå.

Bruk 2. Øvre Leiddal. Skilt frå bruk 1 i 1864. Skyldi er den same som på bruk 1 etter at bruk 2 var skilt frå. Guro Johannesdr. fekk dette bruket ved skifte etter Ivar Torsteinson i 1847. Guro var f. ikr. 1833 og gifte seg 1855 med Knut Larsson Gjøastein, som var f. 1829 på Kvåle og døydde 1909. Born: Ivar, Sigvor og Anders. Ivar f. 1857, var g. 1886 med Kirsti Styrksdr. Leiddal og døydde 1915. Han fekk garden hjå far sin i 1891 for 3200 kronor.

76. Nedre Leiddal.

Matrikkelen 1723 melder um Nedre Leiddal, at skyldi var 2 laup 1 pund med ein brukar. Skog var det til husvøling og brensel. Der var humlagard og ei flaumkvern. Garden var årvand og tungvinn. Skyldi var i 1777 2 laup 1 pund 6 mark, som i 1838 vart umskrivi til 6 dalar 4 ort 19 skill. Der var då skog til eige bruk og til sal, god humlagard og vassfall. Det var to brukarar. Samanlikningstalet var 1050.

Matrikkelen 1865 fortel at der var ein brukar som hadde 27 mål åker, 6 mål dyrka eng 45,5 mål god, 61 mål medels natur-

--- side 440 ---

eng og 105 mål skrapebø. Vårhamni var god og sumarhamni medels. Skog til husbruk og det kunde seljast timber for 8 spd. og bjørkeved for 3 spd. um året. Garden var lettbrukt. Det var fårlegt for skred. Dyrka som vanleg. I 1918 var det 15 mål open åker, 26 mål kunsteng og 32 mål natureng.

På Nedre Leiddal budde 15 menneske i 1801, 28 i 1865 og 16 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Leiddal.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 15 24
1723 2 20 24 22
1865 2 28 59 67 65
1918 2 19 31

Skyldi på Nedre Leiddal i 1652 var 2 laup 12 mark. Derav åtte Halldor 1 laup 6 mark, som han brukte sjølv, og Rongue Olde åtte 1 laup, som Nils brukte. Nils var postbonde. Skyldi er den same i 1661. Derav var 12 mark bondegods, men det segjest ikkje kven som eig resten. Nils Steffason d. y. var leiglending. Han åtte i 1691 garden og brukte han. Det er likeins òg i 1695 med det undantak at skyldi då er 2 laup 30 mark.

Bruk 1. Nedre Leiddal. Fyrr bruk 2 og 3 vart skilde frå i 1923 og 1924, var det berre dette eine bruket på Nedre Leiddal.

Styrk Knutson var brukar i 1701 og hadde fått skøyte 1728 og 1733 på tilsaman 2 laup 8 pund i Leiddal. Han var f. 1671, g. 1. m. enkja Sigvor Andersdr., 2. 1735 med Ragnhild Monsdr. Henrikstveit og døydde 1746. Styrk var son til Knut Nesheim som var f. 1646. Styrk fekk 4 sletdalar i årleg løn for føring av posten i 1696-1698. Med Sigvor hadde Styrk fire born: Nils f. 1700, g. 1721 med Gudve Knutsdr. Hefte, gardmann på Nesheim, Knut f. 1705, Ingebjørg, g. 1. 1733 med Lars Knutson Hefte, 2. med Knut Erlingson Skutle, Marta f. 1702, g. 1. med Knut Eirikson Øvsthus, 2. 1759 med Styrk Oddson Dukstad, som budde på Dukstad.

Knut Styrkson f. 1705, g. 1726 med Ingebjørg Knutsdr. Hefte døydde 1780. Han åtte 2 laup 1 pund i Leiddal etter

--- side 441 ---

skøyte 1735, 1744 og gåvebrev 1746, verdsett 336 rd. ved skifte 1764 etter Ingebjørg. Fem born: Steffa, g. 1754 med Ragna Brynjulvsdr. Øvre Lemme, budde på Nesheim, Anders f. 1740, Styrk f. 1746, død ugift 1780, Gjertrud, g. 1749 med Nils Andersson Midtun, Sigvor g. 1758 til Tvinno med Torgeir Torgeirson, Gudve g. 1769 med Olav Olavson Gavle.

Anders Knutson f. 1740 var g. m. Ingebjørg Eiriksdr. og døydde 1780. Han fekk skøyte på 1 laup 12 mark i 1769. Fire born: Styrk f. 1771, Ingebjørg f. 1775, g. 1794 med Viking Larsson Hauge, Vossastr., Sigrid f. 1778, g. 1799 med Mattis Bjarneson Mølster. Enkja etter Anders gifte seg att 1781 med Nils Jakobson Leiddal og fekk med han dotteri Marta f. 1784, g. 1809 med Klas Knutson Finne. Styrk Andersson f. 1771 var g. 1801 med Guro Arnfinnsdr. Gjerstad og døydde 1848. Han fekk skøyte på halve garden i 1800 frå stykfar sin og på den andre halve i 1819 frå ervingane etter Anders, far sin. Styrk og Guro hadde fire born: Anders f. 1802, Arnfinn f. 1804, Amerika, Ingebjørg f. 1820, død 1851 ugift og Marta f. 1823, g. 1848 med Olav Olavson Armot.

Anders Styrkson f. 1802, var g. 1825 med Kristi Tormodsdr. Fletre og døydde 1890. Han fekk garden i 1824. I 1845 betalte han avgift for brennevinsbrenning. Fem born: Styrk f. 1834, Ingebjørg f. 1831, g. til Grjotland med Ivar Steffason, Ingjerd f. 1836, gift til Nesheim med Nils Steffason, Torstein f. 1841, g. 1894 med Olina Nilsdr. Stadheim, husmann i Lonane på Leiddal, Knut f. 1843, Amerika. Styrk Andersson f. 1834, g. 1863 med Ingebjørg Davidsdr. Øvre Klyve fekk farsgarden i 1862 for 900 spd. Han døydde 1921 og hadde fleire born. Nils Olavson Saude eller Giljarhus kjøpte garden i 1905 for 7500 kronor, men Anna Styrksdr. f. 1873, dotter til Styrk Andersson, tok garden att ved odelssøknad i 1909 for 13 000 kronor.

Nedre Leiddal var fyrr mtrnr. 76, lnr. 153 med gamal skyld 2 laup 1 pund 6 mark, urevidert 6 dalar 4 ort 19 skill., revidert 7 dalar 2 ort 14 skill. Ny skyld mark 8,41 etter at bruk 3 er skilt frå.

Bruk 2. Moheim. Skyld mark 1,82. Skilt frå bruk 1 i 1923. Skøyte frå Anna Styrksdr. til Knut Ivarson Hefte d. y. for 5500 kronor. Han er f. 1894 og g. m. Maria Andersdr. Gjøastein.

--- side 442 ---

Bruk 3. Lonane. Skyld 72 øre. Skilt frå bruk 1 i 1924 og skøytt for 2500 kronor til Nils Torsteinson Leiddal f. 1894. Foreldri hans var fyrr husmannsfolk på Lonane.

Husmenn på Leiddal.

Husmenn som ikkje er nemnde ovanfor: Styrk Andersson Haug g. m. Ingebjørg Davidsdr., feste i 1794 plass på Åsbrekketeigen og fekk 1792 dotteri Anna. Johannes Åmundson Haug feste òg plass på same teigen i 1798. Han skulde sjølv byggja der er det sagt i festesetelen. Tradisjonen fortel at det var Styrk Haug frå Bordalen som rudde Rindaplasset. Folketeljingi 1801 har tri husmenn: Knut Herlaugson f. 1741, g. m. Barbrå Torleivsdr. f. 1733, død 1807. Johannes Andersson f. 1750, g. m. Anna Larsdr. f. 1751 med sønene Anders f. 1791 og Anders f. 1795, Lars Olavson, f. 1750, g. m. Gjertrud Persdr. f. 1747 og sonen Olav f. 1786. Johannes Andersson f. 1750, død 1819 budde på Leiddalsteigen.

I folketeljingi 1865 er desse husmenn: A. i Geilahaugen: Jørgen Torbjørnson f. 1815, g. 1840 m. Rannveig Olavsdr. Kronstad og døydde 1868. Ni born: Eli f. 1842, gift til Tvinno, Marta f. 1845, Ivar f. 1847, Torbjørn f. 1850, husmann på Tvinno, Olav f. 1853, Eirik f. 1856, Gunnvor f. 1859, Ragnhild f. 1863, Kristense f. 1863. B. på Mod'n: Enkja Guri Jonsdr. f. 1798. Ho var frå Afdal, var g. 1842 med ekm. Per Person f. 1799, død 1854 og hadde dotteri Synneva f. 1845. C. i Lunden: Brynjulv Monsson Hefte f. 1833, g. 1861 med Maria Knutsdr. Haga f. 1841, underoffiser, urmakar og felespelar, budde seinare på Vangen, Ivar Torbjørnson f. 1826, handelskar. D. på Leiddalsmod'n: a. Halldor Knutson frå Lunde f. 1803, g. m. Ragnhild Olavsdr. og døydde 1889. Born: Knut f. 1843, budde på Tvinno, Olav f. 1848, Anders f. 1856. b. Lars Olavson f. 1774, g. m. Ragnhild Mattisdr. Born: Gjertrud f. 1849, Olav f. 1851, Knut f. 1854, Anna f. 1855, Knut f. 1858, Lars f. 1860, Marta f. 1863 og Mass f. 1866. E. på Lonane: a. Lars Gudleikson f. ikr. 1825, g. 1854 med Marta Torbjørnsdr. Løkjo. Born: Ivar f. 1854, Ingebjørg f. 1857, Torbjørn f. 1860 og Gudve f. 1867. b. Eirik Gudleikson f. ikr. 1828, snikkar.

Seinare har butt på Lonane: Sjur Sjurson Haugo f. 1827, død 1885, g. m. Guri Torgeirsdr. med sonen Lars f. 1860. Sjur var skulemeister og seinare lensmannsdreng. Torstein Anders-

--- side 443 ---

son, nemnt fyrr, f. 1841 død 1921, g. m. Olina Nilsdr. Stadheim. Born: Kirsti f. 1888, Nils f. 1894, Anders f. 1895, Ingebjørg f. 1899 og Knut f. 1902. På Rindaplasset bur no Viking Johannesson Dagestad f. 1867, g. m. Marta Johannesdr.

For etternemnde husmenn er ikkje uppgjeve kva plass dei hadde: a. Olav Eilivson f. 1768, død 1848. b. Anders Halldorson f. 1775, død 1865. c. Sjur Larsson, g. m. Johanna Persdr. og sonen Per f. 1784. d. Lars Larsson, g. m. Ragnhild Larsdr. og sonen Lars f. 1786. e. Gudleik Eirikson f. 1790, død 1850, g. m. Gudve Larsdr. og borni Gudve f. 1830 og Jon f. 1834. f. Arnfinn Styrkson nemnt fyrr, g. 1832 med Sigrid Styrksdr. Tvinno og hadde tri born: Guro f. 1831, Styrk f. 1834 og Ingebjørg f. 1837. g. David Olavson, g. 1844 m. Brita Olavsdr. Løkjo og hadde borni Brita f. 1847, Olav f. 1849. h. Lars Larsson, g. m. Ragnhild Mattisdr. og sonen Lars f. 1860. i. Olav Jørgenson, g. 1884 med Arnbjørg Larsdr. Gilbakken. j. Johannes Larsson, g.m. Herborg Ivarsdr.

Støl.

Stølen var ¾ mil frå garden er det skrive i 1723. I 1762 var rettsmøte på Leiddal um fjellstølen Helset. Leiddalane hadde stemnt Gjøasteinane fordi dei trengde seg inn på Helsetbeiti. Då vart upplyst at ikr. 1730 hadde Leiddal vårstøl på Åsbrekko og sumarsstøl på Helset. Denne stølen bruker Leiddal no og.

Kvern.

To flaumkvernar var der i 1723, ei på Øvre og ei på Nedre Leiddal. I 1776 var der tri, som står endå i Nigardsgroæ, men dei har ikkje vore brukte i seinare tid. Den fjorde kverni er nedlagd for ei tid sidan. I Rynningsgroæ har vore uppgangssag.

Ymse.

Leiddal var postgard i siste helvti av 1600-talet og lang tid i 1700-talet. Den 4. mai 1795 gjekk det jordskred på Leiddal. Ved lauseld i 1902 på Nedre Leiddal brann husi og mesteparten av innbuet. Berre kårstova og ein stall stod att. Eigaren med kona og barnet deira brann inne. Nye hus vart bygde i same tunet, men 9. februar 1928 tok ei snøskride dei nye husi. No er det bygt att lenger nede på flaten.

Offentlege forretningar.

I 1755 var det sak med Hefte um «Røgjellen og Testensgjellen», semja med Grotland i 1766, merkeskilsforretning mot Hefte 1774, tingsvitne i 1679 um grensa mot Gjøastein, steiningsforretning mot Gjøastein i 1798, takst på Øvre Leiddal 1830, utskifting 1890 og 1897.

Bumerke teikna på Leiddal.

Styrk 1710 tavle 4 nr. 54. Steffa 1711 t. 4 nr. 55. Styrk 1716 t. 4 nr. 56. Torstein 1721-

--- side 444 ---

1743 t. 2 nr. 63. Knut 1735 t. 4 nr. 57. Jakob 1754 t. 4 nr. 58. Nils Jakobson 1786 t. 4 nr. 59. Lars Larsson 1786 teikna L L S.