Lekve.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 223 ---

Lekve er gard nummer 47 på Voss. Gardsnamnet Lekve vert no uttala «Lekvè», i genitiv «(te) Lekves». Det vart i gamle dagar (1389) skrive Leykvin, og er samansett av leik (det å leika) og vin (beite, naturleg eng). Vollen der har i eldgamal tid truleg vore nytta til leik. Same namnet finn ein att mange andre stader.

Landkommisjonen av 1661 har ført upp Lekve nedre tun som øydegard med skyld 1½ laup og ein brukar. Noko anna tun er ikkje meldt um i matrikkelen, truleg av di at sokneprest Miltzow då åtte eine tunet. Der var ingen lunnende er det sagt. Skyldi er den same og i 1723, og likeins ein brukar. Der var korkje skog, humlehage, kvern eller fiske er det sagt. Skyldi er i 1777 2½ laup, i 1838 2 laup 1 pund 3 mark og då umskrivi til 6 dalar 3 ort 3 skill. Samanlikningstalet var 1000. Der var brennefang og skog til husvølingar. I matrikkelen 1865 er ført upp 18 mål åker, 31 mål dyrka eng, og av natureng 39 mål god, 33 mål midels og 9 mål skrap. Hamnegangen var ring. Det var skog til husbruk, og der kunde seljast timber for 14 spd. um året. Garden var lettbrukt og dyrka betre enn vanleg. Av lunnende var det fiske, verdsett til 1½ spd. årleg. I 1918 er ført upp på Lekve medrekna burtsette parsellar, 32 mål åker, 12½ mål kunsteng og 26¼ mål natureng.

Fødnad og avling (i tunnor) på Lekve.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1   11   12   14      
1865 2   19   35   39   56  
1918 3   5   18          

Krøtertalet i 1657 har ein ikkje av di Lekve då var Finnegods.

I eit brev frå 1389 (DN. I. s. 375) er fortalt at Torgaut Ketilson på Lekve bytte til seg garden Brekke i Gullfj. frå Steingrim Håkonson på Flògo, som i staden fekk garden Bolstad. I bisp Eysteins jordbok over det geistlege gods i Oslo umkring år 1400 er det ført upp 6 mmb. i Lekve, som var

--- side 224 ---

brev av 1438 (DN. I. s. 553) i medhald testamente frå Odd, gjevne av Pål Petersson. Håvard Botolvson på Finne har etter bror sin, på dødssengi lagt ut millom anna 1 laupsbol i «Skemma» på Lekve til kyrkja og presten på Vangen for sjeli si. Munkeliv kloster åtte 3 mmb. i Lekve i 1480-åri. I 1521 betalte Gudrid på Lekve ½ mark i skatt. Der var 2 brukarar i 1563, Gudleik og Sjur, men i 1591 berre ein: Knut.

Sokneprest Mass Jensson budde på Lekve i 1617. Sjur er nemnd som leiglending fleire gonger 1603-1636. Jørgen var og leiglending i 1611. Sokneprest Henrik Miltzow var brukar av heile Lekve 1640-1664 og truleg til han døydde 1666. Han åtte øvre tunet, medan Finnegodset åtte 1½ laup i nedre tunet. Sokneprest Gjert Miltzow brukte Lekve etter far sin, åtte i 1680 1½ laup i garden og hadde det truleg til han døydde 1688. Borgarmeister Peter Troyer åtte 1 laup i Lekve både 1680 og 1691.

Hans Lauritsson er nemnd oftare som brukar på Lekve 1675-1685. I 1676 hadde han 2 drenger, 1 tenestgjente og 2 paktarar på Lekve. Elles var han borgar i Bergen. Han var son åt futen Laurits Andersson på Lydvo og Kirsten Jakobsdr., som var gift 2dre gongen med presten Henrik Miltzow. Det er fortalt meir um Hans i boki um Glimmeætti av L. Kindem s. 151. Gjert Miltzow sin son, Henrik Miltzow, åtte 1½ laup i Lekve 1695. Brukaren i 1691 og 1695 heitte Sjur.

Kapellan Peder Torbenson Arctander var leiglending på Lekve i 1701 og enkja hans, Judithe, i 1706. Ludvig Holberg umtalar han som ein «stor predikant». «Madame Miltzow» åtte 1½ laup i Lekve 1714 og Henrik Miltzow og systri «madame Stud» brukte i 1715 kvar halvparten av Lekve. Madame Miltzow og madame Stud er Kristense, dotter åt presten Gjert Miltzow. Ho var fyrst gift med kaptein Rasmus Stud, og det må truleg ha vore i 1714-15. 2dre gongen var ho gift 1722 med løytnant Jens Nordahl, fødd i Nidaros 1694. Han vart premierløytnant ved Vossiske kompani 1722, kaptein ved same kompani 1732 etter Barclay, steig seinare til oberstløytnant og døydde på Lekve 1751. Kristense var fødd 1676 og døydde 1752. Båe er gravlagde under korgolvet i Vangskyrkja. Innskrifti på likkista hans syner at han var med ved umlægring av Marstrand festning i 1719. I slutten av den store nordiske krig var Nordahl nemleg på flåten, truleg som løytnant, der

--- side 225 ---

Tordenskjold var øvstkommanderande. Nordahl kom til Voss. Det var altso fyrr Nordahl kom till Voss

I 1724 har Nordahl gjeve panteobligasjon for 500 riksdalar til ein i Bergen i jordgods som ho Kristense åtte i Kinne, Takla, Gjerstad, Kyte og Graue (Grovu?). Nordahl var i 1730 eigar av 1½ laup i Lekve etter «ældgammel odel» heiter det. Det er altso same jordgodset som bestefar hennar Kristense, sokneprest Henrik Miltzow hadde ått. Presten Morten Ruus skøytte


Bilete 34. Lekve. Fot. P. Braaten 1933.
Bilete 34. Lekve. Fot. P. Braaten 1933.

i 1731 til Nordahl 1 spann i Lekve. Han har vidare ått to tridjepartar i kongetiendi på Voss. Det var sak i 1725 millom J. Nordahl og «landbønderne hans» um tiendi. Truleg er det ved kjøpet av tiende at Nordahl har pantsett jordgodset umtala ovanfor.

Natti til 4. juli 1725 brann husi på Lekve so nær som ein flor og ei løde, som stod eit stykke frå dei andre husi. 2 bustadhus, 12 andre hus og noko nytt timber gjekk med. Kona åt leiglendingen, Velom Knutson, hadde bakt nokre leivar flatbrød dagen fyreåt og so raka glørne ihop på åren, er det upplyst ved tingsvitne, som vart halde. Sætehuset som no er på Lekve, må so vera bygt etter branden.

--- side 226 ---

I 1733 var tinglese eit kausjonsdokument frå Nordahl - for Knut, bror hans - der Nordahl pantsette Lekve, to tridjepartar i kongetiendi og 19 laup jordgods i 10 gardar. Han kjøpte i 1734 halvparten i Apostelgodset på Voss og 1739 den andre halvparten, Jens Nordahl og kona hans sette upp gjensidig testamente i 1743, som fekk kongeleg stadfesting 1747. Etter det skulde brorsønene åt J. Nordahl, Joakim og Peter Tønder Nordahl, erva han. Peter var i 1753 gift på Lekve etter kgl. løyve, med Bergitte Johanna Fürstenberg.

Brørne Joakim og Peter Nordahl skifte i 1754 midelen dei ervde etter farbror sin, soleis: Joakim fekk Apostelgodset på Voss, verdsett 4000 riksdalar, 2½ laup i Lekve med buskap, innbu og reidskap, verdsett 700 riksdalar, og 3 laup i Skylje og i Nedre Vinjo i Tjukkebygdi, verde 600 riksdalar. Ialt verdsett 5300 riksdalar. Peter fekk ein tridjepart i kongetiendi på Voss og av nokre gardar i Stamnes verdsett 1200 riksdalar, 17 laup jordgods i 8 gardar, sett til 3400 riksdalar, for halvparten i Lekve og 2 laup 18 mark i Grovu og Takla 700 riksdalar, ialt verdsett 5300 riksdalar. Joakim kjøpte 1759 løysingsretten til 2½ laup i Lekve. Han selde 1764 til sorenskrivar Fleischer Apostelgodset og garden Lekve med buskap. Same året selde Joakim til Hermann Fleischer «sigt- og sagfaldretten» åt Apostelgodset i Voss.

Sorenskrivar Fleischer er umtala under Grovendal. Han let til eldste sonen Herman Reinholdt Fleischer i 1768 Lekve og 1776 kyrkjone på Vangen, Vinjo, Uppheim og Evanger med jordgodset som høyrde til dei. Herman var juridisk kandidat og er seinare kalla krigsråd og proprietær. Han døydde 1824, 88½ år gamal og var gift med Marie Finde, fødd Astrup, som døydde 1804, 49¾ år gamal. I skifte etter han i 1826 er ført upp desse 8 borni: a. Justitsråd Hans Astrup Fleischer i Aarhus, b. proprietæ Johan Sechman Fleischer, c. Gjertrud Marie Fleischer, 46 år, d. Mechtele Elisabeth, gm. major Hans Møinichen Geelmuyden, e. Drude Sophie, gm. sorenskrivar Nannestad i Vesterålen, f. Karen Henriette, gm. baron Hoff Rosenkrone, g. Christiane Margrete, 34 år, h. Marie Finde, gm. kaptein Peter Martin Blytt. Bruttomidelen var 14519 spd.

Johan Sechman Fleischer var fødd 1788, gift med Cecilia Susanne Ørum, og døydde 1863. I 1810 fekk han skøyte frå

--- side 227 ---

far sin på Lekve og kyrkjone på Vangen, Vinjo og Uppheim med jordgodset som høyrde til, 1 pund 18 mark i Hylle, 1 laup 18 mark i Endeve og dertil leiding, «sigt- og sagefald» - innkomone av Apostelgodset, alt for 11000 riksdalar. Johan var forliksmann og oftast kalla proprietær. Han har fleire gonger møtt som aktor eller forsvarar i justissaker. Johan og Cecilia hadde 5 born etter seg: a. Herman Reinholdt f. 1826, død 1857 ugift, b. Christian Henrik Hoff, c. Gustava Fredrikke f. 1830, d. Marie Kristine f. 1831, død 1872, gift 1872 med dyrlækjar Peder Kristoffer Venås, e. Fredrik Lyth Ørum Fleischer f. 1834, gift 1864 med Magdalena Margreta Schlanbusch. Sjå vidare um dei under Fleischers Hotell, s. 211-214.

Christian Henrik Hoff Fleischer var fødd 1828, gift med Mathilde Laurentse, fødd Stub 1827, og døydde 1902. Han fekk Lekve i 1864 for 1500 spd. Medan han hadde garden, tok det til med byggjing utanfor Gamle Vangen, og mange fekk då tufter av Lekve sin eigedom. Sjå um dette dei einskilde bruksnummer. Christian og Mathilde hadde borni: Johan Sechman f. 1860, død 1884, Hans Gerhard Stub f. 1861 død 1888, Herman Reinholdt f. 1862, død 1933, Fanny Andrea f. 1867, Helga f. 1870, Cicilia f. 1872. Hans var fotograf i Odda då han døydde. Fanny og Helga bur i Lundhaugen, bruk 40 av Rogne, og er ugifte. Cecilia er sjukesyster i Oslo og ugift. Herman Fleischer fekk Lekve etter foreldri sine. Han var gift med Anna Alvilde Jensine, f. Jacobsen 1865 (Kjøbenhavn). Fleischer var fylkesdyrlækjar i Hordaland til 1910, då han flytte til Gjøvik, der han sidan var dyrlækjar til han fall for aldersgrensa. Tri born: Gerda f. 1890, Karen f. 1892 og Christian f. 1895. Gerda er gm. lektor J. T. Lillegraven, styrar av Østre Aker kommunale høgre ålmenskule. Karen er gm. ingeniør Fritz Lorentzen, Milwaukee, Wisconsin. Cristian Henrik Hoff er gm. Bodil Krantz Pedersen og bur i Oslo. Mange tufter vart burtsette av Lekve og Lekvesmoen medan H. Fleischer hadde garden. I 1911 selde han det gamle tunet og ein part av garden og det vart heretter rekna for bruk 1.

Dei einskilde bruk på Lekve.

Bruk 1. Lekve. Jakob Skorve kjøpte dette bruket i 1911. Han er fødd 1866 og gift med Kristi Larsdr. Eimstad. Han flytte eit gamalt eldhus, som stod på Lekve, og sette det upp.

--- side 228 ---

att ved Ustaoset. Ved døri til gangen millom eldhuset og stova som står att, var 2 dørstolpar. På dei stod Anno 1727. Truleg har eldhuset vore bygt det året. Umlag på same tid må hovudbygningen og vera bygd. Det har altso vore etter den ovanfor umtala lauselden i 1725. Skorve kjøpte ikring 1917 bustadhuset på bruk 11 av Lekve, flytte det til sin eigedom på Lekve og leiger det burt. Han har late nokre tufter som det er fortalt um under dei einskilde bruk.

Lekve var fyrr mtrnr. 47 lnr. 104 med gamal skyld 2 laup 1 pund 3 mark, urevidert 6 dalar 3 ort 3 skill., revidert 5 dalar 4 ort 14 skill. Ny skyld fyrr noko var burtlate var mark 8,62. Etter at bruk 214 er fråskilt, er skyldi på bruk 1 mark 1,16.

Bruk 2. Uthus. Dette stykket som ligg austanfor Rognsbakkavegen, er skilt ut frå bruk 1 i 1888 med skyld 8 øre. Brita Larsdr. Uthus kjøpte eit tohøgda hus på Lekve og flytte det i slutten av 1860-åri til denne tufti. Ho dreiv mykje med sying av konehuvor, var den fyrste fastbuande fotograf her, og dreiv seinste åri pensjonat. Ho døydde 1896. Ervingane hennar selde eigedomen i 1897 til Victor Albert Lund, som driv pensjonat. Han er f. 1847 og gm. Josefine Karoline.

Bruk 3. Lyshaug ligg tett med bruk 2. Skilt ut frå bruk 1 i 1888. Skyld 5 øre. Askjel Knutson bygde stove og smidje og dreiv med smedearbeid. Enkja Brita Persdr. selde eigedomen i 1902 til jarnbanearbeidar Gulbrand Kristiansen. Lokomotivførar Ragnvald Zakariassen kjøpte eigedomen i 1925.

Bruk 4. Lien, nord for Tunshovden. Utskilt frå bruk 1 i 1888 med skyld 3 øre og ervefest til Johan Andersson Kindem, som bygde tohøgda hus der. I 1891 vart utskilt bruk 43. Klas A. Kvåle kjøpte eigedomen i 1901. Dotteri Brita Kvåle fekk han i 1906. Ho er f. 1864, har vore lærarinne frå 1884 til ho tok avskil i 1924. Sjå bruk 42.

Bruk 5. Grønberg, ved Hestavangen. Skilt frå bruk 1 i 1888 med skyld 5 øre og ervefest til Johannes V. Uppheim. Han bygde tohøgda bustadhus og dreiv med skreddararbeid. Bruk 142 vart fråskilt i 1919. Johannes I. Øvsthus kjøpte eigedomen i 1919. Han er f. 1889 og er pakkhusformann på Voss Jarnbanestasjon.

Bruk 6. Vonheim. Utskilt 1888 frå bruk 1 med skyld 2 øre, med namn Zion og ervefest til Klas A. Kvåle, som let det att 1889 til Den biskopelige Metodistmenighed. Dei bygde

--- side 229 ---

samlingshus og hadde møti sine der til 1894 då Voss Ungdomsforeining kjøpte eigedomen og hadde han til 1931. Då vart tufti utlagd til gate og huset flytt til ny tuft av Prestegarden ved sida av den nye kyrkjegarden.

Bruk 7. Bakkely, ved Sivlevegen. Skilt ut frå bruk 1 i 1888 med skyld 8 øre og ervefest til banemeister Samuel Solemslie, som var gm. Matilda Larsina, fødd Simonsen, og døydde 1907. Han bygde og budde der. Frk. Susanne Wenche v. d. Lippe Sivle, dotter åt diktaren Per Sivle, kjøpte eigedomen i 1917 og budde der saman med mor si til 1924 då Johannes Høisæter kjøpte eigendomen. Han var f. 1859, gm. Berta Olsen og døydde 1927. Ho er sidan uppattgift med Osvald Vidt.

Bruk 8. Nygard. Utskilt 1889 frå bruk 1 med skyld 2 øre og ervefest til Bernt Johannessen. Framh. bruk 31.

Bruk 9. Litleskarvet. Skilt ut frå bruk 1 i 1886 med skyld 2 øre og ervefest til Olav Oddson Lid, som bygde bustadhus og dreiv med snikkararbeid. Gjert N. Eggjareir kjøpte eigedomen 1893. Statsbanane oreigna han i 1899.

Bruk 10. Bruland. Skilt frå bruk 1 i 1887 med skyld 6 øre og ervefest til Olav L. Hylle. Han kjøpte av David Prestegard huset som stod på Vangen, tuft 73, flytte det til Bruland, og innreidde Krambuer i det, Bjarne J. Lissheim kjøpte eigedomen i 1900 og selde att 1910 til Gudleik B. Mugås. Eigedomen var so seld 1912 til skomakar Ludvig Danielsen, 1917 til E. T. Hoven og 1922 til Voss Indremisjonsforeining, som driv kafé der. Sjå bruk 142 og 157.

Bruk 11. Fortun. Skilt frå bruk 1 i 1887 med skyld 3 øre. Gitle Ivarson Norekvål hadde i 1870-åri bygt tohøgda bustadhus der og fekk 1887 ervefeste på tufti. Versonen Johannes Lægreid fekk so eigedomen og deretter David Hustvedt. Medan Gitle og Johannes åtte huset, vart ofte halde til der med likfylgje og andre veitlor. Brørne Ramsdal kjøpte eigedomen i 1916 og selde att 1917 til O. Loven, O. Folkedal og L. Helgeland. Nils O. Giljarhus med sønene Olav og Johannes kjøpte so i 1918 og Nils Gjeitle i 1924. Huset har Jakob Skorve kjøpt ikring 1917 og flytt det til Lekve, so no har tufti stade ubygd i lenger tid. Berre uthuset står der, sjå bruk 66. Dei eigedomane som er kalla Fortun, ligg i Lekvesmoen sør for plassen der Strandavegen tek av frå Vossagata.

Bruk 12. Fortun. Skilt frå bruk 1 i 1887 med skyld 3 øre

--- side 230 ---

og ervefest til Lars S. Midttun, som bygde stove der. Han selde umlag 1890 til Odd E. Rjodo. Han dreiv skomakarverkstad. Enkja hans let sonen Mass Rio få eigedomen i 1928. Han driv skreddarforretning med butikk, er f. 1878 og gm. Maria A. Bergstrøm. Rio kjøpte i 1919 bruk 98, som ligg ved sida av bruk 12.

Bruk 13. Seim. Skilt frå bruk 1 i 1887 med skyld 4 øre. og ervefest til Lars T. Seim. Han bygde i 1884 bustadhus og smidjeverkstad, som han dreiv til dess sonen Torstein overtok verkstaden og eigedomen. Han har halde fram med smidjeverkstaden. Ei tid dreiv dei mykje med å laga Vossakjerror. I verkstaden er smedemaskinor med elektrisk drift og autogen sveiseinnretning. Lars er f. 1858, gm. Synneva Johannesdr. Lid og har 7 born: Torstein, Johannes, Margreta, Knut, Ingebjørg, Jon og Lars. Torstein er f. 1890. Johannes, f. 1891, har bygt og driv verkstad for bilvøling, har agentur for Ford og Fordson og kommisjonslager av bilringar. Knut er f. 1897 og har på same eigedomen kommisjonslager av bensin og olje.

Bruk 14. Flatebø. Skilt frå bruk 1 i 1887. Skyld 4 øre. Ervefest til Odin Hedenskau, som kjøpte ei stove på Nyre og flytte til denne tufti. Sjur Handegård kjøpte eigedomen i 1895 og Knut Farestveit i 1902. Døtterne hans fekk eigedomen etter han.

Bruk 15. Nygard, ved Uttrågata. Utskilt frå bruk 1 i 1887 med skyld 4 øre og ervefest til Lars G. Holme, som bygde bustadhus der og var bygningsmann. Målar Sjur P. Småbrekke kjøpte eigedomen i 1902, skilde ifrå bruk 140 og 141 og selde i 1922 bruk 15 til Knut Olavson Saude. Skyldi var no 1 øre. Bustadhuset var på bruk 141.

Bruk 16. Lundhaugen. Skilt 1887 frå bruk 1. Skyld 6 øre. Sakførar M. Schumann hadde kjøpt eigedomen i 1873. Sjå bruk 40 under Rogne.

Bruk 17. Fagerheim. Det ligg ovanfor gamle Lekvestunet. Skilt i 1886 frå bruk 1. Skyld 2 øre. Ervefest til lokomotivførar Martin N. Narum, som tidlegare hadde bygt bustadhus der. Sonen Nils fekk eigedomen 1886 og selde 1896 til Olav H. Dale. Nils T. Hellesnes kjøpte eigedomen i 1904, og selde att 1909 til lokomotivførar Sigurd Hansen, som bur der. Han er f. 1874 og gm. Marta Larsdr. Sjå bruk 96 og 127.

--- side 231 ---

Bruk 18. Kjønnegård, ved Strandavegen. Skilt frå bruk 1 i 1885. Skyld 2 øre. Smed Sivert Pedersen hadde tidlegare bygt bustadhus med smedjeverkstad på tufti, selde so 1886 til konduktør Hans Hansen, som let det 1887 til sonen Håkon. Han skilde ut bruk 39, og selde bruk 18 i 1892 til skreddar Anders A. Dagestad. Huset brann i 1897, men vart bygt upp att. Dagestad fekk i 1898 skøyte på tufti. Fru Anna Vatne var eigar i 1909 til 1921 då Sjur P. Endeve kjøpte eigedomen og har sykkel- og sportsforretning der. Han er f. 1885 og gm. Guro Andersdr. Rykke. Sjå bruk 57. Jon Tvilde har her Voss Farvehandel. Han er f. 1902 og g. m. Maria Aarreberg. Sjå bruk 39.

Bruk 19. Damsgård, ved Vossagata. Skilt 1885 frå bruk 1. Skyld 2 øre. Ervefest til Brita Isaksdr. Grimastad, som fyrst bygde seg ei hytte i jordbakken og budde der med huslyden sin. Seinare bygde ho bustadhus mot gata. Ho vart landskjend på grunn av prosessane ho førde um garden Grimastad. Bakar P. Trondsen kjøpte eigedomen i 1900 og selde att 1906 til Josef Olson. Han selde so i 1914 til Bjarne J. Lissheim, som i 1920 skilde frå bruk 159. Deretter var skyldi 1 øre.

Bruk 20. Farestveit, ved Vossagata. Skilt ut frå bruk 1 i 1885. Skyld 4 øre. Ervefest til Knut J. Farestveit, som bygde der og dreiv med køyring og skyssing. Sonen Johannes fekk eigedomen i 1902. Han heldt fram med køyring og skyssing og hadde ei tid automobil til skyssing. Johannes let frå bruk 117, 122, 133 og 139. Skyldi vart so 1 øre. Johannes var f. 1874, gm. Maria Knutsdr. Dagestad og døydde 1930. Sjå bruk 54.

Bruk 21. Fortun, ved Vossagata. Utskilt frå bruk 1 i 1884 med skyld 2 øre og ervefest til Lars L. Grove, som fekk bygt tohøgda bustadhus med krambu. Han dreiv kolonial- og manufakturforretning og selde eigedomen 1891 til distriktslækjar Halvor Gjestland. Han ervefeste same året bruk 41 og 43, kjøpte på Bokkatun eit tohøgda stovehus og bygde det upp att saman med det tidlegare bustadhuset på eigedomen. Gjestland var f. 1838, og gm. Jensine Marie Jensen. Han var distriktslækjar på Voss frå 1887 til han døydde 1907. Dokter Alf Harlem kjøpte eigedomen 1907. Han er f. 1873, gm. Signy f. Sætre, og har borni Gjertrud, Ola, Bergliot og Alf.

Bruk 22. Nygard, ved Vossagata. Skild frå bruk 1 i 1884 med skyld 2 øre og ervefest til Sjur T. Rue, som fekk bygt bustadhus der. P. Magnussen kjøpte eigedomen 1909 og gull-

--- side 232 ---

smed E. Bergesen i 1916. Han fekk i 1918 lagt til bruk 104 og selde alt i 1919 til O. Vågen. Han flytte huset som var på eigedomen, bygde nytt stort bustadhus på tufti og dreiv pensjonat. I 1920 skilde han frå bruk 160, og let so i 1926 eigedomen til døtterne Marie, Torry og Agnes. Vågen var f. 1869 og gm. Marta Olavsdr. Saude. Dei er flytte frå Voss.

Bruk 23. Eidsgård, ved Rognsbakkavegen. Skilt frå bruk 1 i 1884. Skyld 2 øre. Ervefest til Knut Oddson Eide. Han var f. 1849, gm. Anna Styrksdr. Uppheim og døydde 1932. I lang tid reiste han som handelskar. Sonen Odd er forretningsmann i Amerika. Knut Græe kjøpte «Bispestova» i Prestegarden, då ho vart rivi i 1850-åri, og sette henne upp att der bruk 23 no er. Lars J. Mølsterteig kjøpte stova, budde der i lang tid og dreiv med skreddararbeid. Knut Eide kjøpte stova etter Lars.

Bruk 24. Vambheim, millom Vossagata og Strandavegen. Utskilt frå bruk 1 i 1884 med 6 øre i skyld og ervefest til Hans Vambheim frå Ulvik. Johannes O. Mølsterteig hadde tidlegare bygt der og selt husi til Hans Vambheim som stelte til fargeri der som han dreiv. I 1890 brann huset ned, og han bygde då nytt bustadhus. Vambheim skilde frå bruk 25 og 77 og selde fargeriet og forretningen til Voss Ullvarefabrikk. Bruk 24 med skyld 2 øre selde han i 1908 til fargar Olav Folkedal. Han har skruva upp huset, og bygt 1ste høgdi i mur med 2 krambuer. Der er manufakturforretning i den eine og mjølkesal i den andre krambui. Folkedal er f. 1867 og gm. Margreta Helgesdr. Sjå bruk 77 og 83.

Bruk 25. Kvalheim, millom Vossagata og Strandavegen. Skilt frå bruk 24 i 1884 med 2 øre i skyld og ervefest til Eirik Væte, som bygde tohøgda bustadhus og dreiv strikkeforretning der. Gabriel Gudim kjøpte eigedomen i 1915. Han er f. 1871 og gm. Marta Nilsdr. Gudim bygde nytt hus ved sida av det andre, og driv salmakerverkstad der, og ho driv pensjonat i det gamle.

Bruk 26. Litle Lekve, på vestsida av Rognsbakkavegen. Utskilt frå bruk 1 i 1883 med 5 øre i skyld og ervefest til lensmann Jon Lillegraven. Han bygde tohøgda bustadhus og hadde lensmannskontoret der. Lillegraven var f. 1827, gm. Margreta Olavsdr. Espeland og døydde 1895. Han var lensmann på Voss frå 1876. Dei hadde 9 born: Lisbet, Jorunn, Josef, Olav, Guri, Jens, Margreta, Johan og Ingebjørg. Tri av dei vart buande

--- side 233 ---

på Voss, nemleg Margreta, som var f. 1864 og gm. Ivar T. Kvåle, Ingebjørg, f. 1868, gm. Nils J. Finne, og Jens. Jens er f. 1861, gm. Anna J. Finne og var lensmann etter far sin til 1932, då han tok avskil. Han overtok eigedomen hjå far sin i 1896 og fekk i 1912 lagt til bruk 80 og 85. Skyldi er no 16 øre. 7 born: Jon, Olav, Gunnar, Harald, Margreta, Knut og Guri.

Bruk 27. Borg, nedanfor Eggjane. Skilt frå bruk 1 i 1883 med skyld 5 øre. Lars N. Jæger bygde der og dyrka upp stykket. Sjå bruk 2 på Rogne. Målar Bernt Jørgensen kjøpte eigedomen i 1883, skulestyrar Lars Eskeland i 1899, Anders S. Ullestad i 1901, skulestyrar Bjerk Amundsen i 1909 og Knut K. Egdetveit i 1911. Han er f. 1884 og gm. Gudve Torkjelsdr.

Bruk 28. Lunden, ved Sivlevegen. Skilt frå bruk 1 i 1883. Kommandersersjant Eirik A. Rogne bygde tohøgda bustadhus der, han var f. 1850, gm. Ingjerd Ullestad, døydde 1916, og hadde borni Anna, f. 1887 og Anders, f. 1890. Dei fekk huset etter foreldri og fekk skøyte på tufti frå Fleischer, etter at det i 1922 var fråskilt bruk 178. Skyldi er no 3 øre. Anders er adjunkt i Oslo. Johannes I. Ygre kjøpte eigedomen i 1932. Han er f. 1881, gm. Kari Torsteinsdr. Lirhus og driv meklarforretning.

Bruk 29. Sørheim. Utskilt frå bruk i 1883 med 2 øre i skyld og ervefest til Søren Johannesen, som bygde der og dreiv pensjonat. Ingebrikt Mikkelsen kjøpte eigedomen i 1891, utvida husi og dreiv hotell. Han selde 1912 til Lars O. Teigland, som skruva huset upp, bygde ny 1ste høgd med butikk og hadde slaktarforretning. Jakob og Olav Viste fekk skøyte på eigedomen i 1929, og far deira Fredrik Viste held fram med slaktarforretningen. Bruk 152 er i 1929 ført saman med bruk 29. Overrettssakførar S. Mossige Nygard har kontor der.

Bruk 30. Nygard, ved Vossabrui. Skilt ut frå Bruk 1 i 1881 med 1 øre i skyld og ervefest til Lars N. Møn, som bygde bustadhus og bakeri. Han var f. 1839, gm. Brytva, og døydde 1903. Sonen Lars, f. 1871, gm. Lisa Åkre, fekk forretningen og eigedomen etter foreldri. Han døydde 1929. Han selde i 1912 til Olav Arneson, som held fram med bakeriet og dessutan har kolonialforretning. Han er f. 1881, gm. Jørgina. Han har bygt noko til på huset. Der er E. Bergesens gullsmedforretning. Bergesen er f. 1878 og var gm. Karen Adelaide Danielsen, som er død. Sjå bruk 93.

--- side 234 ---

Bruk 31. Nygard ved Vossabrui. Skilt frå bruk 1 i 1881 med 1 øre i skyld og ervefest til Olav L. Vinje, som bygde bustadhus med garveri, som han dreiv. Bernt Johannessen kjøpte det i 1889 og heldt fram med garveriet, men selde 1900 til Jørgen H. Brekke saman med bruk 8. Han let det til sonen Nils i 1917, som har handel serleg med ler, skinn, sko- og seletyvaror. Han er f. 1885 og gm. Marit Haram.

Bruk 32. Solbakken, vest for gamle Lekvestunet. Skilt frå bruk 1 i 1881 med 10 øre i skyld og ervefest i 1887 til overretts-


Bilete 35. Vossabrui i 1870-åri, sedd mot vest mot fureskogen i Lekvesmoen. Fot. Johanne Skagen.
Bilete 35. Vossabrui i 1870-åri, sedd mot vest mot fureskogen i Lekvesmoen. Fot. Johanne Skagen.

sakførar A. Schanke, som fekk bygt tohøgda bustadhus og har drive sakførarforretning. Han var f. 1848, gm. Aslaug Klingenberg (f. 1851, d. 1924)og døydde 1931. 8 born: Birger f. 1878, Sigrid f. 1879, Aslaug f, 1881, Andreas f. 1883, Olaf Klingenberg f. 1885 (ingeniør, død i Amerika 1910), Henriette Schønhøyder f, 1877, Kirsten f. 1889, Hjørdis f. 1890. Birger er advokat i Oslo og gm. Martha Alfhild Paulsen. Sigrid var gm. Hans Fossum som døydde 1912, ho er no tannlækjar i Bergen. Aslaug er gm. med telegrafinspektør Benjamin Vold, Molde. Andreas er skogforvalter i Solør og Romerike, gm. Lita Dahl-

--- side 235 ---

Andersen. Henriette er lærarinne ved Ullern komm. millomskule i Aker. Kirsten er tannlækjar i Bergen. Hjørdis er kasserar ved Kvinnefengslet i Oslo. Kirsten, Henriette og Hjørdis har no eigedomen.

Bruk 33. Lekvesmoen, vest og sør for Skarvet. Utskilt frå bruk 1 i 1875 med skyld 11 øre og ervefest til forstmeister A. T. Gløersen. Han let frå bruk 34, 44, 45, 46, 48, 49, 50, 52 og skøytte so bruk 33 i 1896 til Odd Mølster. Han skilde frå bruk 61, 62, 63 og 64 og selde bruk 33 til Anders K. Raustad i 1899. Han bygde tohøgda bustadhus. Arne S. Eide kjøpte eigedomen i 1908 og selde i 1916 til blekkmakar Karl Ingebrigtsen. Han er f. 1874 og gm. Dortea Knutsdr. Dagestad. Skyldi på bruk 33 er no 2 øre. Sjå bruk 62.

Bruk 34. Nordhaug. Skilt ut frå bruk 33 i 1889 med 1 øre i skyld og selt til Hermann Stensæth, som bygde stort tohøgda hus der og hadde agentur for ølbryggjeri. Voss Sykepleierforeining kjøpte eigedomen i 1910 og har sidan havt sjukehus der. Sjå bruk 44 og 122. Anleggskontoret for Voss-Taugevassbanen var i mange år i dette huset.

Bruk 35. Eldorado, ved jarnbanebrui over Vosso. Skyld 8 øre. Hotellmannèn Kjeller feste tufti og bygde hotell der som han dreiv eit par år. Panl Berghs skule leigde skulerom der frå hausten 1888. Christian Fleischer kjøpte eigedomen i 1892 og selde att i 1895 til Sjur Fadnes og Ola H. Flatekvål. Huset vart flytt til Skjervet i Granvin der det vart brukt til kafé. H. Vambheim kjøpte tufti Eldorado i 1899 og bygde fargeri der og dreiv det til 1904. Då selde han til Olav Folkedal, som utvida fargeriet med vaskeri og bad. I 1917 gjekk eigedomen over til eit lutlag, som let fargeriforretningen til Voss Ullvarefabrikk i 1919, tok til med hårdukveveri og heldt fram med vaskeri og bad. Lutlaget heiter no Voss Dampvaskeri & Hårdukvæveri og har ein lutmidel på 30 000 kroner. N. Stavnes er disponent.

Bruk 36. Kvalheim, austanfor Rognsbakkavegen. Utskilt frå bruk 1 i 1888 med skyld 5 øre og fest til Ivar T. Kvåle, som bygde bustadhus og smidje og dreiv med smedarbeid. Snikkar Olav M. Mølster kjøpte bustadhuset etter Ivar og fekk ervefeste frå Herman Fleischer. Olav var f. 1871, gm. Synneva Sveinsdr. Ukvitno og døydde 1904.

Bruk 37. Lydvheim, på austsida av Rognsbakkavegen.

--- side 236 ---

Skilt frå bruk 1 i 1888. Skyld 4 øre. Snikkar Ivar K. Lydvo bygde bustadhus der. Han var f. 1856, gm. Maria Helgesdr. Seim og døydde 1888. Maria fekk i 1906 ervefeste på parsellen. Ho driv vaske- og strykeforretning saman med dotteri Anna.

Bruk 38. Lunheim, austanfor Rognsbakkavegen. Utskilt frå bruk 1 i 1888. Skyld 4 øre. Rannveig K. Opkvitne fekk bygt bustadhus der, ervefeste parsellen i 1901 og dreiv pensjonat. Ho var f. 1847 og døydde ugift 1928. Lars M. Ringheim skøytte eigedomen i 1928. Sjå bruk 111, 150, 196.


Bilete 36. Vegaskiftet der Strandavegen. tek av frå Vossagata. Fot. P. Braaten 1933
Bilete 36. Vegaskiftet der Strandavegen. tek av frå Vossagata. Fot. P. Braaten 1933

Bruk 39. Kjønnegård. Utskilt 1889 frå bruk 18 med skyld 1 øre og selt til Knut K. Raustad og Olav H. Flatekvål. Dei bygde tohøgda bustadhus med krambu og handla med kolonial- og manufakturvaror. Josef Bakketun kjøpte eigedomen i 1892 og selde han 1898 til N. J. Finne. Han fekk skøyte på parsellen i 1909 frå Fleischers ervingar. Finne dreiv kolonial-og manufakturforretning nokre år saman med David Bakketun. Huset brann i joli 1897 og Finne bygde då nytt og større bustad- og forretningshus. Han utvida forretningen med mjøl-og steintyvaror. N. J. Finne var f. 1868, gm. 1. Ingebjørg J. Lillegraven, 2. m. Ingebjørg R. Eide og døydde 1927. Han var stortingsmann, mange år ordførar på Voss og hadde mange

--- side 237 ---

andre offentlege yrke. 3 born lever: Guri, f. 1893, gm. rektor G. Bonsaksen, Johannes, f. 1903 og Rikolv, f. 1907. Johannes hadde so forretningen saman med Lars M. Ringheim. Han er f. 1879 og gm. Brita H. Trones. Jon Tvilde har kjøpt eigedomen i 1933. Sjå bruk 18.

Bruk 40. Damsgård, ved jarnbaneundergangen for Strandavegen. Skilt frå bruk 1 i 1891 med skyld 1 øre og ervefest til skreddar Anders N. Eggjareir, som har stovehus og bur der. Det var bygt av foreldri hans, som budde der. Anders er f. 1858 og gm. Kristi Monsdr. Saude.

Bruk 41. Fortun. Utskilt frå bruk 1 i 1891 med 1 øre i skyld og ervefest til distriktslækjar H. Gjestland. Sjå bruk 21.

Bruk 42. Lekve. Skilt i 1891 frå bruk 1 med 1 øre i skyld og late til Klas A. Kvåle. Sjå bruk 4.

Bruk 43. Fortun. Utskilt frå bruk 4 i 1891 med skyld 1 øre og ervefest til distriktslækjar H. Gjestland. Sjå bruk 21.

Bruk 44. Sørhaug. Skilt i 1892 frå bruk 33 med skyld 2 øre og selt til Hermann Stensæth. Etter at bruk 84 var fråskilt i 1910, kjøpte Voss Sykepleierforeining eigedomen saman med bruk 34.

Bruk 45. Kringen, ved Strandavegen i vest for Skarvet. Utskilt frå bruk 33 i 1892 med skyld 1 øre og selt til Otto Stensæth, som bygde tohøgda bustadhus der. O. K. Bjerk kjøpte eigedomen i 1918. Sjå bruk 84. N. Hatlestad kjøpte so eigedomen og hadde han til 1932, då han selde att til Jørgen Mork. Olav Moberg har frukt- og fiskeforretning i huset.

Bruk 46. Lekve, ved Vossagata i sør for Skarvet. Skilt ut frå bruk 33 i 1893 med skyld 1 øre og selt til Eirik Flatekvål, Th. Lirhus og Eirik N. Saude, som bygde tohøgda bustadhus. Bruk 73 er i 1900 fråskilt. Bruk 46 vart selt i 1916 til O. Loven og O. Folkedal, og i 1917 til a/s Stephansen, som har strikkeforretning der. Voss kommunale millomskule heldt mange år til i bygningen og frå 1910 Voss Gymnas.

Bruk 47. Krokklev, ved Strandavegen vestanfor Skarvet. Skilt frå bruk 1 i 1893 med skyld 1 øre og ervefest til Knut G. Midttun, som har bustadhus og målarverkstad der. Han er f. 1871 og gm. Ingjerd Andersdr. Natvik, som er død.

Bruk 48. Fredensborg, ved Vossabrui. Skilt frå bruk 33 i 1894 med skyld 1 øre og selt til Sjur Fadnes, som bygde bustadhus og selde so i 1897 til Randulf Rasmussen. Orgelbyggjar

--- side 238 ---

N. P. Kvarme kjøpte eigedomen 1901 og selde att 1906 til frk. Mimmi Jansen, som har fotografforretning der. Ho er f. 1873,

Bruk 49. Skutle, ved Vossabrui. Skilt frå bruk 33 i 1894 med skyld 1 øre og selt til Sjur Fadnes, som i 1901 selde att til garvar M. C. Madsen. Han bygde tohøgda bustadhus med garveri som han dreiv. Sonen Mathias Madsen overtok eigedomen i 1914 og driv skomakarforretning. Garveriet la han ned i 1915. Han er f. 1885 og er gm. Marta M. Dagestad.

Bruk 50. Rokne, ved Vosso. Skilt frå bruk 33 i 1894 med skyld 1 øre. Brita K. Lissheim bygde stovehus der og fekk 1898 ervefeste på tufti. Anders S. Småbrekke kjøpte eigedomen 1916 og selde att 1919 til fanejunkar Isak Flatebø. Snikkar Odd Sonve kjøpte so eigedomen i 1923. Han er f. 1875 og gm. Nelly Madsen.

Bruk 51. Fagerheim, ved bedehuset Nain. Skilt ut frå bruk 1 i 1894 med skyld 2 øre og ervefest til Johannes B. Lissheim. Same året kjøpte han huset, som mange år fyrr var bygt der, for 600 kroner. Han selde til skomakar Johan Klausen i 1897. Sjur Handegård kjøpte so eigedomen i 1919. Han er snikkar, er f. 1866 og gm. Begga Oddsdr.

Bruk 52. Sødermanland, millom Strandavegen og Vossagata. Skilt frå bruk 33 i 1894 med 1 øre i skyld og selt til Johan Søderman, som selde att til Betania metodistmenighet. Dei bygde samlingshuset Betania og har havt møti sine der.

Bruk 53. Vågsgård. Skilt ut frå bruk 1 i 1895 med skyld 1 øre og fest til Ola Vågen, som tidlegare hadde bygt bustadhus med krambu. Han handla med kolonial- og feitevaror. Slaktar Aspelin kjøpte seinare eigedomen og dreiv slaktarforretning Huset brann i 1897, men vart bygt upp att. Aspelin fekk skøyte i 1899 på tuftene bruk 53 og 58 og selde eigedomen same året til Karl Nord, som ei tid hadde manufakturhandel. Torstein A. Kyte kjøpte so i 1917, dreiv slaktarforretning, men selde eigedomen 1921 til A. J. Liljedal, som dreiv kolonial- og feitevareforretning. Han er f. 1864 og gm. Anna Andersdr. Ingebr. Høgheim overtok forretningen i 1933.

Bruk 54. Farestveit. Skilt ut frå bruk 33 i 1896 utan skyld og ervefest til Knut Farestveit. Sonen Johannes fekk det i 1909 saman med bruk 20.

Bruk 55. Sandbrekka. Utskilt frå bruk 1 i 1898 med skyld

--- side 239 ---

1 øre. Voss Ungdomslag fekk skøyte på det i 1907. Sjå bruk 22 av Prestegarden.

Bruk 56. Sollid. Skilt frå bruk 10 i 1898 med skyld 4 øre og selt til Anders Raustad, som bygde tohøgda hus der. Voss Veksel-og Landmandsbank leigde der til han fekk eige hus. I 1899 var fråskilt bruk 65. Anders Opkvitne kjøpte eigedomen i 1901 og hadde urmakarforretning. Han var f. 1869, g.m. Marta Andersdr. Natvik og døydde 1910. Brørne Abel og Anders Ramsdal kjøpte eigedomen i 1917 og driv manufaktur- og kolonialforretning. Huset brann ned i 1925, og nytt bustad- og forretningshus vart bygt. Abel Ramsdal er sersjant, er f. 1881 og gm. Guro Olavsdr. Møn. Anders Ramsdal, f. 1883, var gm. Ingerid Trondsen og døydde 1930. Ivar Ringheim og Anders Midttun har no urmakarforretningen.

Bruk 57. Kjønnegård. Skilt frå bruk 1 i 1898 og selt til skreddar Anders A. Dagestad. Framhald som bruk 18.

Bruk 58. Vågsgård. Skilt frå bruk 1 i 1898 med skyld 1 øre og selt til slaktar Aspelin. Framhald som bruk 53.

Bruk 59. Flatabø, millom Skarvet og Eidesbanen. Skilt frå bruk 35 i 1899 med skyld 3 øre og ervefest til Martinus Bjørndal, som bygde bustadhus der og skilde frå bruk 135 i 1917. Han var mange år vaktar på Elektrisitetsverket, var f. 1855, gift fyrst med Ingebjørg J. Løtveit, deretter med Anna S. Birkeland og døydde 1921.

Bruk 60. Fyllingen, ved jarnbaneundergangen for Strandavegen. Skilt frå bruk 1 i 1899 med skyld 2 øre og selt til Knut O. Saude, som bygde bustadhus og dreiv med skyssing. Sjå bruk 112. Bruk 79 er fråskilt 1908. Statsbanane oreigna eigedomen for Eidesbanen og selde huset til Svein Stuve på bruk 71 og 134. Etter semje med jarnbanen flytte han huset i 1928.

Bruk 61. Høgheim, i sør for Skarvet. Skilt frå bruk 33 i 1899 utan skyld og ervefest til Johannes J. Endeve, som bygde stove der. Han har vore lokomotivpussar, er f. 1866 og gm. Gunnvor K. Grovu.

Bruk 62. Bjørkelund. Skilt frå bruk 33 i 1899 utan skyld og ervefest til Guri L. Bjørku. Konduktør Arne Eik skøytte stykket i 1910, som sidan har fylgt saman med bruk 33.

Bruk 63. Gudvang, i sør for Skarvet. Skilt frå bruk 33 i 1899 utan skyld og ervefest til Johannes J. Endeve, som let det att 1904 til Jorunn Svanga. Ho bygde seg stove der og arbeidde

--- side 240 ---

mykje med perlesaum. Då ho var død, kjøpte Anna L. Hellesnes eigedomen. Sonen, Ivar Olavson Hellesnes, fekk han i 1929. Han er fyrbøtar, f. 1900. Sjå bruk 73.

Bruk 64. Vang, ved Vossagata. Skilt frå bruk 33 i 1899 utan skyld og selt til Olav N. Hylle, som let att 1909 til Nils T. Hellesnes. Det vart so bygt bustadhus. A. Hetle kjøpte eigedomen i 1920 og har skomakarverkstad med utsal av skoty. Han er f. 1885, gm. 1. Anna Lien, 2 m. Astrid J. Skjerven.

Bruk 65. Bruland. Skilt frå bruk 56 i 1899 utan skyld og selt til N. J. Finne på bruk 39.

Bruk 66. Fortun. Skilt ut frå bruk 1 i 1899 med skyld 1 øre og ervefest til Johannes P. Lægreid, som bygde uthus med snikkarverkstad. Eigedomen har sidan fylgt saman med bruk 11.

Bruk 67. Strengjarhaugen. Skilt frå bruk 1 i 1900 med skyld 2 øre og ervefest til Anders J. Fadnes, som bygde stovehus der. P. Magnussen kjøpte eigedomen 1906 og ingeniør Haugland i 1917. Han utvida huset. Lærar Helge Valtysson kjøpte det i 1919, kjøpmann B. Jersin i 1920 og telegrafstyrar Ingebret Mossige i 1929. Sjå bruk 110. Mossige er f. 1895 og gm. Signe Eide.

Bruk 68. Solhaug, ved Rognsbakkavegen. Skilt frå bruk 1 i 1901 med skyld 6 øre og ervefest til advokat Fr. Lyng, som bygde bustadhus der. Overrettssakførar Kr. Tønneberg kjøpte eigedomen i 1915. Han er f. 1874 og gm. Ragnhild Hauan.

Bruk 69. Kronhaugen, ved Lundhaugen. Skilt frå bruk 1 i 1901 med skyld I øre og ervefest til frk. Fredrikke Ameln, som fekk bygt bustadhus der. Ho døydde 1928 og systeri frk. Karen Ameln har no eigedomen. Ho er f. 1852.

Bruk 70. Furulund. Utskilt frå bruk 1 i 1902 med skyld 3 øre og ervefest til losjane Vossingen og Framstig, som fekk bygt samlingshus og har møti sine der.

Bruk 71. Fredriksberg, ved Strandavegen. Skilt ut i 1902 frå bruk 1 med 2 øre i skyld og ervefest til murar Fredrik Lundgren, som bygde bustadhus. Han selde i 1917 til Knut Lirhus, O. Loven og O. Folkedal. Brusfabrikken Fram og brusfabrikken åt Eirik Fagnastøl vart kjøpt og flytt dertil. Svein Stuve kjøpte i 1920 eigedomen og har halde fram med fabrikken. Han er f. 1880 og gm. Anna Johannesdr. Utne. Sjå bruk 60 og 134.

Bruk 72. Øvre, austanfor Rognsbakkavegen. Utskilt frå

--- side 241 ---

bruk 1 i 1903 med skyld 3 øre og fest til Halle Røte, som bygde stove der. Han var f. 1854, gm. Marta O. Tvilde og døydde 1898. Sonen Olav fekk skøyte på eigedomen i 1920 og har utvida huset. Han er lokomotivpussar, f. 1882 og gm. Ingebjørg Antonsdr.

Bruk 73. Gudvang. Skilt ut frå bruk 46 i 1903 med 1 øre i skyld og late til Jorunn Svanga. Framhald som bruk 63.

Bruk 74. Haugane, ved Strengjarhaugen. Utskilt frå bruk 1 i 1903 med skyld 5 øre. Eigar var fru Mathilde Fleischer og døtterne frk. Fanny, Helga og Cecilia Fleischer. Bruk 132 vart fråskilt i 1917. Brynjulv Styve kjøpte bruk 74 i 1924 og skilde frå bruk 192. Skyldi på bruk 74 er deretter 2 øre. Styve fekk i 1924 feste ogso på stykket Kringsjå av Prestegarden. Han let so byggja tohøgda bustadhus der. Frøken G. Ådnekvam kjøpte eigedomen i 1926 og har pensjonat og hushaldskule der.

Bruk 75. Skogheim, i Lekvesmoen. Utskilt 1905 frå bruk 1 med 2 øre i skyld og ervefest til Lars S. Prestegard, som bygde stove der. Arnfinn Dolve kjøpte eigedomen i 1908. Han er f. 1860 og gm. Herborg K. Rokne. Arnfinn har i lang tid reist med handel og som agent. Ho Herborg driv med syarbeid.

Bruk 76. Hedenstad, ovanfor gamle Lekvestunet. Skilt frå bruk 1 i 1905 med skyld 2 øre og late til Arnt Jonson, som bygde stovehus der. Lokomotivførar Olaus Hedenstad kjøpte eigedomen 1918, har utvida huset og bygt nytt uthus. Han er f. 1877 og gm. Marta Andersdr. Natvik. Sjå bruk 126.

Bruk 77. Fortun. Skyld 2 øre. H. Vambheim hadde bygt seg hus der åt fargeriet, som vart flytt frå bustadhuset hans. Då han gjekk med i a/s Voss Ullvarefabrikk, kjøpte det fargeriet åt Vambheim og flytte det til fabrikken. Jordstykket vart fråskilt bruk 24 i 1906, då Anders Vinje hadde kjøpt det saman med fabrikken. Han let det til Vossavangens Elektrisitetsverk, og O. Folkedal fekk tufti i 1913. Sjå bruk 24.

Bruk 78. Kjønnegård. Skilt frå bruk 1 i 1906 med 1 øre i skyld og selt til N. J. Finne. Sjå bruk 39.

Bruk 79. Kalstad, der Eidesbanen går over Stranda-vegen. Utskilt frå bruk 60 i 1908 med skyld 1 øre og skøytt til Anders L. Kyte. Han flytte dertil eit stovehus han kjøpte på Finne. Herman Pahlm kjøpte eigedomen i 1927 og driv blekkmakarverkstad. Han er f. 1881 og gm. Gustava Viste.

--- side 242 ---

Bruk 80. Litle Lekve. Skilt ut frå bruk 1 i 1908 med skyld 1 øre, ervefest til lensmann Jens Lillegraven og ført saman med bruk 26.

Bruk 81. Åse, nedanfor Eggjane. Utskilt frå bruk 1 i 1909 med 2 øre i skyld og ervefest til Helena Birkeland, gift med Kristoffer Åse. Dei bygde stovehuset der. Han er død og eigedomen er seld til Nils K. Kvåle.

Bruk 82. Klengstova, ved Hestavangen. Statens skogvesen bygde Klengstova i 1881 på tufti der bruk 101 no er. Bergens Skoglag leigde Klengstova frå 1903, kjøpte henne i 1908 og flytte henne til bruk 82. Det er skilt frå bruk 1 i 1909 med 2 øre i skyld. Det var forstmeister A. T. Gløersen som gjorde upptaket til å få Klengstova bygd.

Bruk 83. Eldorado. Skilt ut frå bruk 1 i 1909 med skyld 1 øre og selt til O. Folkedal. Sjå bruk 24 og 77.

Bruk 84. Kringen, nedre. Utskilt frå bruk 44 i 1910 med 1 øre i skyld. Hermann Stensæth har kjøpt det i 1893. Han let det i 1914 til Otto Stensæth. Sjå bruk 45.

Bruk 85. Litle Lekve. Utskilt frå bruk 1 i 1911, selt til lensmann Jens Lillegraven og ført saman med bruk 26. Sjå bruk 80.

Bruk 86. Nordheim, ovanfor gamle Lekvestunet. Utskilt frå bruk 1 i 1911 med skyld 4 øre. Anders Person Kvarmastøl har i 1926 skøytt det til sonen Per Kvarmastøl.

Bruk 87. Moen, i Lekvesmoen. Utskilt i 1911 frå bruk 1 med 2 øre i skyld og selt til Olav Rogde, som bygde bustadhus der. I 1923 vart fråskilt bruk 181. Han er f. 1874 og gm. Ragnhild.

Bruk 88. Lundheim, Lekvesmoen. Skilt ut frå bruk 1 i 1911 med 1 øre . skyld og ervefest ti Lars T. Jerald, som bygde stove der. Ivar Hegg kjøpte eigedomen i 1923 og selde att 1924 til enkja Brita Brunborg.

Bruk 89. Vangens folkeskule. Skilt ut frå bruk 1 i 1911 med skyld 8 øre og skøytt til Voss herad, som bygde hus der åt Vangens folkeskule. Sjå stykket um skulane på Vangen.

Bruk 90. Bekkevoll, ovanfor Sivlevegen. Skilt ut frå bruk 1 i 1914 med skyld 1 øre. Smidja på Lekve har stade der. Kari Gudleiksdr. Skiple, f. 1829, feste smidjetufti og bygde stovehus på henne. Då ho døydde, kjøpte Christian Fleischer stova, men selde att til lokomotivførar Henriksen. Fleischer kjøpte

--- side 243 ---

atter stova og selde henne til Anders K. Rokne, gm. Sigrid K. Ukvitno, som fekk ervefeste på tufti i 1914. Anders Rokne er f. 1853, var gift fyrst med Brita Persdr. Gjerme og var ei tid gardmann på Seve. Han er utlærd som målar i Bergen og har drive målarforretning på Vangen.

Bruk 91. Åsly, ovanfor jarnbanestasjonen. Skilt ut frå bruk 1 i 1911 med skyld 8 øre. Dyrlækjar Herman Fleischer bygde bustadhus der i 1900 og selde eigedomen i 1911 til Lars Kindem. Han har vore handelsmann på Vangen, sjå bruk 13 av Prestegarden, tuft 16-25 og 89, 90 på Vangen og bruk 116 av Lekve. Kindem er f. 1856, gm. Guro T. Dagestad f. 1861 og har dotteri Ingebjørg. Ho er f. 1883 og var gm. sokneprest Torleiv Farnes, som døydde i 1933.

Bruk 92. Ny-Lekve. Skilt frå bruk 1 i 1911 med skyld mark 4,33. Eigar dyrlækjar Herman Fleischer. Han skilde ut i 1913 bruk 96-103, i 1915 bruk 107, 109-111, i 1916 bruk 118-120, 125, 126, 128, i 1917 bruk 131, 134, 136, i 1920 bruk 152, 153, 157, og selde resten av bruk 92 i 1926 til Leiv Nesheim. Han skilde ifrå i 1926 bruk 205-207. Deretter var skyldi på bruk 92 1 øre.

Bruk 93. Nygard. Skilt frå bruk 92 i 1912 med skyld 1 øre. Eigar Lars L. Møn, som same året selde til O. Arnesen. Sjå bruk 30.

Bruk 94. Elvelund, ved Vosso. Skilt frå bruk 92 i 1912 med 1 øre i skyld og ervefest 1913 til Johannes P. Ukvitno, som bygde bustadhus der. Han er lokomotivpussar, f. 1886 og gm. Soffi Brynjulvsdr.

Bruk 95. Bjørkehus, i sør for Skarvet. Skilt frå bruk 92 i 1912 med skyld 1 øre og ervefest til Guri Larsdr. Bjørke.

Bruk 96. Fagerheim. Skilt frå bruk 92 i 1913. Skyld 8 øre. Ervefest til Sigurd Hansen. Sjå bruk 17.

Bruk 97. Solvang, i aust for gamle Lekvestunet. Skilt frå bruk 92 i 1913. Skyld 6 øre. Ervefest til Knut K. Aldal, som bygde bustadhus der. Han var f. 1885, gm. Sigvor G. Hovda, og er død. Ho har no eigedomen.

Bruk 98. Lilletun. Utskilt frå bruk 92 i 1913. Skyld 1 øre. Ervefest 1914 til Elisabet Johannessen, som åtte stova som tidlegare var bygd på tufti. Mass Rio kjøpte eigedomen i 1919. Sjå bruk 12.

Bruk 99. Lekvesmoen, på flaten austanfor Tunshovden.

--- side 244 ---

Skilt ut frå bruk 92 i 1913. Skyld 80 øre. Ervefest til L. Teigland og K. N. Lirhus. Dei skilde frå i 1915 bruk 104-106, 112, 113, i 1917 bruk 129, 130, i 1920 bruk 161, og selde so 1921 til Knut Dukstad, A. Holsen og L. Eltrevåg. Dei skilde frå bruk 165, 166 i 1921 og bruk 210, 211 i 1928. Skyldi er deretter 13 øre.

Bruk 100. Krokkleiv. Utskilt frå bruk 92 i 1913. Skyld 3 øre. Skøytt 1914 av Statsbanane til Knut G. Midttun. Sjå bruk 47.

Bruk 101. Heggelund, ved Strandavegen vestanfor Skarvet. Skilt frå bruk 92 i 1913. Skyld 1 øre. Lars J. Endeve fekk skøyte på det i 1914 og bygde stovehus. Han er arbeidar, f. 1879 og gm. Anna Torkjelsdr. Tøn.

Bruk 102. Lundberg, midt imot det Private Sjukehus. Utskilt frå bruk 92 i 1913. Skyld 2 øre. Knut G. Midttun fekk skøyte frå Statsbanane i 1914, selde att 1916 til Nils O. Saude, som bygde tohøgda bustadhus. Olav Bratthole og O. Draugsvoll kjøpte eigendomen 1919, selde att 1924 til Per N. Saude. Han er f. 1854, og var gm. Jensina J. Hjellum, som er død. Sonen Eirik, f. 1895, fekk eigedomen i 1928. Gjeitles slaktarforretning er no der.

Bruk 103. Elvarheim. Skilt frå bruk 92 i 1913. Skyld 2 øre. I 1915 ervefeste Lars N. Brunborg denne tufti, kjøpte huset der av Lars Møn og selde att 1919 til Nils J. Brekke. Han skilde frå bruk 143 i 1919. Deretter var skyld 1 øre. Sjå bruk 31.

Bruk 104. Nygard. Skilt frå bruk 99 i 1915. Skyld 2 øre. P. Magnussen fekk skøyte på det 1915 og selde 1916 til E. Bergesen. I 1918 vart bruket ført saman med bruk 22.

Bruk 105. Fagerheim, ved Vosso. Utskilt i 1915 frå bruk 99, Skyld 2 øre. Ervefest 1915 til steinhoggar 0. Andersen. Lars Eltrevåg kjøpte det 1916, og har bustadhus der. Han er snikkar, f. 1886 og gm. Gunda Olava.

Bruk 106. Lien. Skilt frå bruk 99 i 1915. Skyld 1 øre. Brita Kvåle skøytte det i 1915 som tillegg til bruk 4.

Bruk 107. Trudvang, på Skarvet. Skilt ut frå bruk 92 i 1915. Skyld 20 øre. O. Folkedal, O. Loven og N. Torkildsen fekk skøyte i 1916 på dette stykket. Dei skilde frå i 1916 bruk 123, 124 og selde 1919 til O. Folkedal.

Bruk 108. Solbakken. Skilt frå bruk 1 i 1915 med skyld 3 øre og selt til overrettssakførar A. Schanke. Sjå bruk 32.

--- side 245 ---

Bruk 109. Straumen. Skilt ut frå bruk 92 i 1915. Skyld 2 øre. Eigar: Voss Mylne- og Sagbruk. Sjå bruk 65 av Rogne.

Bruk 110. Haugheim. Utskilt frå bruk 92 i 1915. Skyld 2 øre. Ervefest til Brynjulv Styve, som let det 1917 til ingeniør Haugland. Framhald som bruk 67.

Bruk 111. Lundheim. Skilt frå bruk 92 i 1915 med skyld 5 øre og ervefest til Lars M. Ringheim. Sjå bruk 38.

Bruk 112. Opkvitne, ved Uttrågata i Lekvesmoen. Skilt ut frå bruk 99 i 1915. Skyld 3 øre. Ervefest til Knut S. Ukvitno, som bygde tohøgda bustadhus. Knut O. Saude kjøpte eigedomen i 1925. Han er f. 1857, gm. Brita Olavsdr. Fjose og har tidlegare drive med skyssing, sjå bruk 60.

Bruk 113. Soltun, ved Uttrågata i Lekvesmoen. Utskilt frå bruk 99 i 1915. Skyld 2 øre. Skomakar Abraham Hetle hadde bustadhus der og kjøpte tufti 1916, selde att 1922 til fru Kvinnesland. I 1924 kjøpte Knut K. Seim eigedomen. Han er sjåffør, f. 1889, gm. Herborg Furuberg.

Bruk 114. Fredenslund. Utskilt frå bruk 48 i 1915. Skyld 1 øre. Katrina Kvåle fekk skøyte på det i 1916 og let det 1917 til Nils T. Hellesnes, som selde det 1920 til skomakar A. Hetle. Sjå bruk 64.

Bruk 115. Elvebakken. Skilt frå bruk 48 i 1915. Skyld 1 øre. Katrina Kvåle skøytte det 1916 og selde det att 1917 til garvar M. C. Madsen. Sjå bruk 49.

Bruk 116. Solkvelv. Skilt frå bruk 1 i 1916. Skyld 15 øre. Brynjulv L. Vete kjøpte det og selde att 1917 til Lars Kindem. Sjå bruk 91 av Lekve, bruk 13 av Prestegarden og tuft 16-25 på Vangen.

Bruk 117. Midtby. Utskild frå bruk 20 i 1916. Skyld 1 øre. Selt til Knut P. Endeve, som bygde tohøgda bustadhus med Krambu og verkstad. Han driv cykleforretning, er f. 1882 og gm. Guro Olavsdr. Graudo. Sjå bruk 139.

Bruk 118. Fjellheim. Utskilt frå bruk 92 i 1916. Skyld 20 øre. Selt til Kristoffer Åse, sjå bruk 81.

Bruk 119. Solvang. Skilt frå bruk 92 i 1916 med 40 øre i skyld. Nils K. Kvåle kjøpte det som tillegg til bruk 23 av Prestegarden.

Bruk 120. Nygard. Skilt frå bruk 92 i 1916. Skyld 1 øre. Eigar: Sjur Småbrekke.

Bruk 121. Solberg, ved Sivlevegen. Utskilt frå bruk 1 i 1916.

--- side 246 ---

Skyld 23 øre. Selt til lokomotivførar Oskar Pedersen, som bygde tohøgda bustadhus der. Han er f. 1879 og gm. Johanna Kristiana. Sjå bruk 176.

Bruk 122. Nordhaug. Skilt frå bruk 20 i 1916. Skyld 1 øre. Selt til Voss Sykepleieforeining. Sjå bruk 34 og 44.

Bruk 123. Fagervoll, på Skarvet. Skilt frå bruk 107 i 1916 med 14 øre i skyld og selt til E. T. Hoven. Nils Giljarhus på Nesheim og sonen Olav kjøpte det i 1922. Bruk 182 er fråskilt i 1923. Då Nils og Olav døydde, fekk systerne Åsa og Brita Nilsdr. Nesheim eigedomen. Brita er f. 1893 og Åsa 1897. Det gamle bustadhuset på eigedomen skal vera bygt umlag 1847 av «Ola pao Skarvæ». Han var husmann der og dreiv med garving, som han hadde lært i Bergen. Foreldri hans hadde stove på øvre sida av den gamle hovudvegen. «Jakop pao Skarvæ» frå Horvei kjøpte sidan husi etter Ola, hadde husmannsfeste på jordstykket og dreiv med smedarbeid.

Bruk 124. Flatabø. Skilt ut frå bruk 107 i 1916. Skyld 1 øre. Selt til M. Bjørndal. Sjå bruk 59.

Bruk 125. Litle Mølster. Utskilt frå bruk 92 i 1916. Skyld 30 øre. Selt til Anders Oddson Mølster.

Bruk 126. Løvås, ovanfor gamle Lekvestunet. Skilt ut frå bruk 92 i 1916 med skyld 20 øre og selt til Arnt Jonson. Han selde att 1918 til lokomotivførar Hedenstad, som fekk teigen ført saman med bruk 76.

Bruk 127. Fagerheim. Skilt ut frå bruk 1 i 1916. Skyld 2 øre. Selt til Sigurd Hansen. Sjå bruk 17.

Bruk 128. Kronhaug. Utskilt frå bruk 92 i 1916. Selt til frk. Fredrikke og Nora Ameln. Sjå bruk 69.

Bruk 129. Voss Landsgymnas. Skilt ut frå bruk 99 i 1917. Skyld 45 øre. Eigaren selde det til Voss herad, som let det i 1923 til Staten saman med bruk 91 av Prestegarden. I 1923 er fråskilt bruk 183 og i 1930 bruk 212. Skyldi på bruk 129 er no 42 øre. Der er bygt skulehus til Voss Landsgymnas, bustadhus åt rektoren og arbeidt upp stor idrottsplass. Tunshovden heitte fyrr den flaten der gymnaset og folkeskulebygningen no er.

Bruk 130. Vegamot. Skilt ut frå bruk 99 i 1917. Skyld 1 øre. Selt til Voss herad.

Bruk 131. Solhovd, sør for Lundhaugen. Utskilt frå bruk 92 i 1917 med skyld 8 øre. Selt til Sjur Småbrekke, som bygde

--- side 247 ---

der. Parsellen er i 1923 ført saman med bruk 84 på Rogne. Sorenskrivarkontorist I. L. Nesheim har no eigedomen. Han er underoffiser, f. 1873 og gm. Marta Davidsdr. Vestrheim.

Bruk 132. Lundheim, austanfor Strengjarhaugen. Skilt frå bruk 74 i 1917. Skyld 2 øre. Selt til Johannes L. Seim, som bygde bustadhus der. Han er f. 1891, gm. Anna Norheim.

Bruk 133. Kjørervangen, millom Vossagata og Strandavegen. Utskilt frå bruk 20 i 1917. Skyld 1 øre. Selt med uthuset på eigedomen til Jakob Farestveit som driv køyre- og skyssforretning. Han er f. 1895 og gm. Eli Jakobsen.

Bruk 134. Mellum. Skilt frå bruk 92 i 1917 med skyld 1 øre og skøytt av Statsbanane til Fredrik Lundgren. Eigedomen har sidan fylgt med bruk 71. Sjå og bruk 60.

Bruk 135. Nubben, ved Skarvet. Skilt ut frå bruk 59 i 1917. Skyld 1 øre. Martin Bjørndal bygde stovehus der og selde eigedomen til skreddar K. M. Larsen. Eigedomen er oreigna av Statsbanane.

Bruk 136. Leikvin. Utskilt frå bruk 92 i 1917. Skyld mark 1,69. Selt til Voss herad for 43500 kroner. Der er fråskilt i 1919 bruk 144-150, i 1920 bruk 154-156, 158, 162, 164, i 1922 bruk 167-175, 179, i 1923 bruk 184-188, i 1924 bruk 190, 191, 193-197, i 1925 bruk 199-202 og i 1926 bruk 204, 208. Deretter er skyldi 29 øre.

Bruk 137. Skjoratræet. Utskilt frå bruk 1 i 1917 med skyld 1 øre. Selt til distriktslækjar B. Lærum, som selde att til Eirik V. Mølster. Han let det att 1926 til versonen Per O. Ringheim.

Bruk 138. Skjoratræet. Skilt frå bruk 1 i 1917. Skyld 3 øre. Eigarar som bruk 137. Skjoratræet ligg på Hangur ovanfor Mølster.

Bruk 139. Midtby. Skilt frå bruk 20 i 1918 med skyld 1 øre og selt til Knut P. Endeve. Sjå bruk 117.

Bruk 140. Myrvang, ved Vossagata i Lekvesmoen. Utskilt frå bruk 15 i 1918 med skyld 1 øre og selt til Knut E. Bryn og Peter Tveranger. Dei kjøpte huset åt Voss Kunsthandverkskule, flytte det til bruk 140 og har seinare utvida det. Dei har mekanisk snikkarverkstad med snikkarmaskinor drivne med elektrisk kraft, og har utsal av møblar.

Bruk 141. Fagerheim, ved Vossagata i Lekvesmoen. Skilt frå bruk 15 i 1919 med skyld 2 øre og selt til Olav Fagnastøl.

--- side 248 ---

Han bygde til bustadhuset og verkstaden som fyrr var der. Han er f. 1890, gm. Olina Torkjelsdr. Tøn og handlar med brensel og høy. Voss Samvirkelag har forretningen sin der og handlar med kolonial- og mjølvaror, klæde, kjøkensaker, steinty og glasty.

Bruk 142. Nain. Skilt frå bruk 5 i 1919 med skyld 1 øre og selt til bedehuset Nain, som var bygt der i 1888, sjå Voss Indremisjonsforeining.

Bruk 143. Nygard. Utskilt frå bruk 103 i 1919 med skyld 1 øre og selt til bakar O. Arnesen som tillegg til bruk 30.

Bruk 144. Nyborg, ved Lundhaugen. Skilt frå bruk 136 i 1919. Skyld 3 øre. Selt til lokomotivførar Gustav Lund som har bygt seg bustadhus der. Han er f. 1875 og gm. Tea Johanna.

Bruk 145. Solhaug, vestanfor Lundhaugen. Utskilt frå bruk 136 i 1919 med skyld 3 øre. Selt til lokomotivførar Gustav A. Trengereid, som har bygt bustadhus. Han er f. 1887 og gm. Katrina Mikkelsen.

Bruk 146. Solbakken, vestanfor Lundhaugen. Skilt frå bruk 136 i 1919. Skyld 3 øre. Selt til lokomotivførar Hans Hansen, som har bustadhus der. Han er f. 1887 og gm. Rannveig K. Afdal.

Bruk 147. Fagerborg, vestanfor Lundhaugen. Utskilt frå bruk 136 i 1919 med skyld 3 øre og selt til fyrbøtar Edvard Hermansen, som bygde bustadhus der. Statsbanane kjøpte eigedomen i 1926 og selde att til jarnbaneelektrikar Jakob Olavson Mæland. Han var gm. Martina Olavsdr., f. 1899 og døydde 1929. Enkja har eigedomen.

Bruk 148. Bergheim, i vest for Lundhaugen. Skilt frå bruk 136 i 1919 med skyld 2 øre og selt til fyrbøtar Lars Storevik, som bygde bustadhus åt seg. Han er f. 1891 og gm. Marta Knutsdr.

Bruk 149. Kronhaugen. Utskilt i 1919 frå bruk 138 med skyld 1 øre og selt til frk. Fredrikke Ameln. Sjå bruk 69.

Bruk 150. Lundheim. Skilt frå bruk 136 i 1919. Skyld 1 øre. Selt til Rannveig Opkvitne, som i 1928 let det til L. M. Ringheim. Sjå bruk 38.

Bruk 151. Nyborg. Utskilt frå bruk 36 i 1919 med skyld 1 øre. Eigar: Voss herad.

Bruk 152. Sørheim. Skilt frå bruk 92 i 1920 med skyld 1 øre og selt til Lars Grove, som same året selde til L. Teigland. Dette stykket er ført saman med bruk 29.

--- side 249 ---

Bruk 153. Utsikten. Skilt frå bruk 92 i 1920 med skyld 1 øre og selt til Lars L. Grove. Han let det i 1920 til Voss Avhaldskafé, bruk 39 under Prestegarden.

Bruk 154. Teigen. Utskilt frå bruk 136 i 1920 med skyld 3 øre og selt til Katrina Kvåle, som i 1927 let det til sonen Nils, sjå bruk 23 av Prestegarden.

Bruk 155. Øvre. Skilt frå bruk 136 i 1920. Skyld 1 øre. Eigar: Olav H. Røte. Sjå bruk 72.


Bilete 37. Rognsbakkane, Lekvesmoen og Haugamoen. Fot. P. Braaten 1933.
Bilete 37. Rognsbakkane, Lekvesmoen og Haugamoen. Fot. P. Braaten 1933.

Bruk 156. Rosenborg, i nord for Lundhaugen. Skilt frå bruk 136 i 1920. Skyld 3 øre. Selt til lokomotivførar O. Schive, som bygde bustadhus på parsellen. Statsbanane har overteke eigedomen.

Bruk 157. Nain. Skilt frå bruk 92 i 1920 med skyld 1 øre og selt til Voss Indremisjonsforeining i 1930. Sjå bruk 142.

Bruk 158. Kveldsro, austanfor Rognsbakkavegen. Utskilt frå bruk 136 i 1920 med skyld 3 øre og selt til telegrafstyrar Aksel Schreiner, som har bygt bustadhus på eigedomen. Han er f. 1867 og gm. Ragnhild Finkelhagen. I 1932 kjøpte tannlækjar A. Kvalvaag eigedomen. Han er gm. Ruth Lund.

--- side 250 ---

Bruk 159. Framland, ved Vossagata i Lekvesmoen. Utskilt i 1920 frå bruk 19 med skyld 1 øre og selt til Olav og Anders L. Kyte. Dei selde 1922 til skreddar H. Steiro som bygde der, og Synneva Rene kjøpte eigedomen i 1925. Ho driv kafé.

Bruk 160. Elverum, i Lekvesmoen. Skilt frå bruk 22 i 1920. Skyld 1 øre. O. Vågen hadde flytt dertil bustadhuset som fyrr stod på bruk 22, og skøytte i 1924 eigedomen til versonen sjåffør Richard Andersen.

Bruk 161. Solvang, i Lekvesmoen. Utskilt frå bruk 99 i 1920. Skyld 1 øre. Brita Seiland kjøpte det og fekk bygt bustadhus der.

Bruk 162. Holbergs Minde, austanfor Rognsbakkavegen. Skilt frå bruk 136 i 1920 med skyld 2 øre og ervefest til fru Justine Nagel, fødd Bernstorff, som har bustadhus der. Ho var gm. hattemakar Sivert Nagel, f. 1835, død 1912.

Bruk 163. Heimly, vestanfor gamle Lekvestunet. Skilt frå bruk 1 i 1921 med skyld 2 øre og selt med bustadhus til apotekstyrar Armon Johannessen. Han er f. 1892 og gm. Maria Nilssen.

Bruk 164. Helgheim, vestanfor Rognsbakkavegen. Skilt frå bruk 136 i 1921 med skyld 12 øre og selt til overrettssakførar Lars Helgeland, som har bygt tohøgda bustadhus der. Han er f. 1875 og gm. Karen Søreide.

Bruk 165. Solvang, i Lekvesmoen ved Vosso. Skilt ut frå bruk 99 i 1921 med skyld 3 øre og ervefest til A. Holsen, som bygde bustadhus der.

Bruk 166. Sandvoll, i Lekvesmoen. Utskilt frå bruk 99 i 1921 med 3 øre i skyld og ervefest til Knut O. Dukstad, som bygde bustadhus. Han er snikkar, f. 1888 og er gm. Synneva J. Sanden.

Bruk 167. Kartevoll, ved Rognsbakkavegen. Skilt frå bruk 136 i 1922 med skyld 6 øre og selt til maskinist Karl Kartevoll, som har bygt der.

Bruk 168. Fredbo, ved Rognsbakkavegen. Skilt frå bruk 136 i 1922 med skyld 6 øre og ervefest til snikkar Jonas Glenjen. Han bygde bustadhus der og selde i 1925 til Guri S. Gjøstein, som driv pensjonat.

Bruk 169. Ljosvang ved Sivlevegen. Utskilt frå bruk 136 i 1922. Skyld 5 øre. Selt til Eirik Vinje som har bygt bustadhus. Han er lokomotivpussar, f. 1894 og gm. Anna Andersen.

--- side 251 ---

Bruk 170. Solvang. Skilt frå bruk 136 i 1922. Skyld 2 øre. Eigar: Sigvor Aldal. Sjå bruk 97.

Bruk 171. Solem, millom Sivlevegen og Ringheimsvegen. Utskilt frå bruk 136 i 1922. Skyld 6 øre. Selt til Sivert Skreien, som har bustadhus der. Han er maskinarbeidar i lokomotivstallen, f. 1891 og gm. Klara Solberg.

Bruk 172. Lund millom Sivlevegen og Ringheimsvegen. Utskilt frå bruk 136 i 1922. Skyld 6 øre. Selt til lensmann T. Hellesnes, som har bygt bustadhus. Han er f. 1878 og gm. Brita Tormodsdr. Vinsand.

Bruk 173. Midtgård, ved Sivlevegen. Skilt frå bruk 136 i 1922. Skyld 6 øre. Ervefest til byggmeister A. L. Møn. Han selde til snikkar Torstein Andersson Dukstad, som har bygt tohøgda bustadhus. Han er f. 1902 og gm. Ingebjørg Sjursdr. Ulvund.

Bruk 174. Fredheim, ved krysset av Rognsbakkavegen og Ringheimsvegen. Skilt frå bruk 136 i 1922. Skyld 6 øre. Selt 1928 til fru Kari T. Lirhus saman med bustadhuset som var bygt der av lensmann Ingebrikt Sundve. Ho selde eigedomen att i 1932 til Luis O. Honve, som har butikkhandel der.

Bruk 175. Gullhaug, ovanfor Strengjarhaugen. Utskilt frå bruk 136 i 1922. Skyld 4 øre. Selt til Knut S. Eide, som har bygt der. Han er elektrisk montør ved jarnbanen.

Bruk 176. Bekkevoll. Utskilt frå bruk 1 i 1922 med skyld 4 øre og selt til Olav Næss. Han selde att 1923 til Oskar Pedersen. Sjå bruk 121.

Bruk 177. Leikvin. Utskilt 1922 frå bruk 1 med skyld 9 øre og selt til Voss herad. Bruk 180 er fråskilt i 1922. Deretter er skyldi 8 øre.

Bruk 178. Leikvin. Skilt frå bruk 28 i 1922. Skyld 1 øre. Eigar: Voss herad.

Bruk 179. Solbakken, ved Sivlevegen. Utskilt frå bruk 136 i 1922. Skyld 6 øre. Selt til skomakar N. Andersen, som bygde bustadhus. Lokomotivførar Jakob Andersen kjøpte eigedomen i 1927. Sjå bruk 188. Han er f. 1891 og gm. Marta Eiriksdr. Røte.

Bruk 180. Helgheim. Skilt frå bruk 177 i 1922 med skyld 1 øre og selt til Voss herad. Overrettssakførar L. Helgeland kjøpte eigedomen i 1923. Bruk 203 vart fråskilt 1925. Sjå bruk 164.

Bruk 181. Midtgård, i Lekvesmoen. Utskilt frå bruk 87 i 1923. Skyld 1 øre. Selt til O. Rogde som bygde bustadhus og

--- side 252 ---

selde i 1923 til Eiliv Rene. Han har agenturforretning, er f. 1867, gm. Kari Sylfestdr.

Bruk 182. Sandbu, ved Skarvet. Skilt i 1923 frå bruk 123 med skyld 2 øre og selt til Odd K. Himle. Han selde i 1926 til Pinsemenigheten, som i 1932 har bygt seg samlingshus der.

Bruk 183. Brålund, ved Landsgymnaset. Utskilt frå bruk 129 i 1923 med skyld 1 øre og fest til lektor Erik Eggen, som har bustadhus der. Han er f. 1877 og gm. Margot Selvig.

Bruk 184. Fjellberg, austanfor Strengjarhaugen. Utskilt 1923 frå bruk 136. Skyld 4 øre. Selt til Karl Hansen, som bygde bustadhus der. Han er smed ved Bergensbanen på Myrdal og gm. Anna Almenningen.

Bruk 185. Tungevoll, millom Ringheimsvegen og Sivlevegen. Skilt frå bruk 136 i 1923. Skyld 5 øre. Selt til skulestyrar B. Sudmann, som har bygt bustadhus på eigedomen. Han er f. 1874, var fyrst gm. Seselia Bondhus og 2dre gongen m. Torbjørg Brandstveit. Ho er lærarinne.

Bruk 186. Jonsvoll, ved Sivlevegen. Skilt frå bruk 136 i 1923. Skyld 5 øre. Selt til lærar Jon Nedkvitne. Han har bustadhus der, er f. 1895 og gm. Ingebjørg Jonsdr. Lid.

Bruk 187. Lunden. Utskilt frå bruk 136 i 1923 med skyld 1 øre. Eigar: Anna E. Rogne. Sjå bruk 28.

Bruk 188. Solbakken. Skilt frå bruk 136 i 1923 med skyld 1 øre og selt til skomakar Nils Andersen. Framhald som bruk 179.

Bruk 189. Fagerholt, ovanfor lokomotivstallen. Skilt frå bruk 1 i 1923 med skyld 15 øre og selt til Gusskalk Lydvo. Han driv gartneri, er f. 1886 og gm. Janette Ragnhildstveit.

Bruk 190. Solberg, i aust for Strengjarhaugen. Utskilt frå bruk 136 i 1924 med skyld 4 øre og selt til Trygve Hansen, som har bustadhus der. Han er smed ved Flåmsbanen og gm. Kristina O. Stalheim.

Bruk 191. Speidarhaugen, austanfor Strengjarhaugen. Skilt frå bruk 136 i 1924 med skyld 5 øre. Voss Speidartropp feste tufti av heradet og flytte i 1930 dertil huset som stod på tuft 40 på Gamle Vangen.

Bruk 192. Haugabu, ved Strengjarhaugen. Utskilt frå bruk 74 i 1924. Skyld 1 øre. Selt til Ivar E. Væte.

Bruk 193. Leikvin ved Sivlevegen. Skilt ut frå bruk 136 i 1924. Skyld 5 øre. Selt til bankbokhaldar Knut A. Graue, som har bygt bustadhus der. Han er f. 1895 og gm. Otilie Olavsdr.

--- side 253 ---

Bruk 194. Bøjatun ved Sivlevegen. Utskilt frå bruk 136 i 1924. Skyld 5 øre. Ervefest til lektor Sjur Bøyum, som har bygt bustadhus på eigedomen. Han er f. 1884 og gm. Eli Aga.

Bruk 195. Leikvin. Skilt ut frå bruk 136 i 1924 med skyld 5 øre. Eigar: Voss herad.

Bruk 196. Lundheim. Utskilt frå bruk 136 i 1924. Skyld 1 øre. Rannveig Opkvitne fekk det i byte og har 1928 late det til L. M. Ringheim. Sjå bruk 38.

Bruk 197. Lyshaug. Skilt ut frå bruk 136 i 1924. Skyld 1 øre. Selt til lokomotivførar Ragnvald Zakariassen. Sjå bruk 3.

Bruk 198. Helgheim. Skilt frå bruk 168 i 1924-25. Skyld 1 øre og selt til overrettssakførar L. Helgeland. Sjå bruk 164.

Bruk 199. Solheim, austanfor Strengjarhaugen. Utskilt frå bruk 136 i 1925 med skyld 4 øre og selt til snikkar Johannes O. Dukstad, som har bygt bustadhus. Han er f. 1889 og gm. Brita Hermundsdr. Fagnastøl.

Bruk 200. Helgheim. Skilt ut frå bruk 136 i 1925. Skyld 1 øre. Eigar: Overrettssakførar L. Helgeland. Sjå bruk 164.

Bruk 201. Jonsvoll. Utskilt frå bruk 136 i 1925. Skyld 1 øre. Eigar: Lærar Jon Nedkvitne, Sjå bruk 186.

Bruk 202. Bøjatun. Skilt frå bruk 136 i 1925 med skyld 1 øre og ervefest til lektor Bøyum. Sjå bruk 194.

Bruk 203. Helgheim. Utskilt frå bruk 180 i 1925. Skyld 1 øre. Eigar: Voss herad.

Bruk 204. Trekanten. Skilt frå bruk 136 i 1926 med skyld 1 øre. Eigar Vossavangens Bygningskommune.

Bruk 205. Fredheim, ved Hestavangen. Skilt ut frå bruk 92 i 1926 med 1 øre i skyld og selt til fru Maria Nilsen. Ho er dotter åt Arnfinn Græe og Guro Olavsdr. Dei hadde bygt stove der og betalt årleg leige for tufti fyrr. Arnfinn dreiv med frukthandel på torget. Maria er f. 1890, gm. gruvearbeidar N. Nilsen frå Sverike.

Bruk 206. Meinskroken. Utskilt frå bruk 92 i 1926 med skyld 1 øre. Eigar: Leiv Nesheim.

Bruk 207. Vosso. Skilt frå bruk 92 i 1926. Eigar: Leiv Nesheim.

Bruk 208. Fagerheim, austanfor Rognsbakkavegen. Utskilt frå bruk 136 i 1926 med 3 øre i skyld og selt til Gjertrud Ringheim, som i 1929 selde til snikkar Olav Hemre. Han bygde der same året, er f. 1885 og gm. Nilla Hermundsdr. Nordeide.

--- side 254 ---

Bruk 209. Vågsgård. Skilt i 1927 frå bruk 79. Eigar A. J. Liljedal. Sjå bruk 53.

Bruk 210. Sandtun, i Lekvesmoen. Utskilt i 1928 frå bruk 99 med skyld 4 øre og selt til Vossavangens Bygningskommune.

Bruk 211. Elverhøi, i Lekvesmoen. Skilt frå bruk 99 i 1928. Skyld 1 øre. Selt til Olav I. Vinje. Han kjøpte ogso bustadhuset som Voss Byggeforretning hadde sett upp der. Vinje er død, og Eirik Kvammen har kjøpt eigedomen. Han driv fiskeforretning, er f. 1894 og gm. Maria Pettersen.

Bruk 212. Heimtun, ved Landsgymnaset. Utskilt frå bruk 129 i 1930 med skyld 4 øre og fest til adjunkt Anders Rio, som har bygt bustadhus der. Han er f. 1890 og gm. Kirsti Torsteinsdr. Leiddal.

Bruk 213. Speidarhaugen. Skilt ut i 1931 frå bruk 136 med skyld 1 øre og ervefest til Voss Speidartropp som tillegg til bruk 191.

Bruk 214. Solstad, ovanfor lokomotivstallen. Skilt frå bruk 1 i 1932 med skyld 4 øre og selt til lokomotivførar Knut S. Honve. Han har bygt bustadhus, er f. 1891 og gm. Maria Fredriksdr. Lundgren.

Bruk 215. Solhaugen, vest for Lundhaugen. Skilt ut 1932 frå bruk 136 med skyld 2 øre og selt til Torstein A. Dukstad, som atter selde same året til systerne Anna, Ingebjørg og Johanna Arstein. Dei har late byggja bustadhus.

Bruk 216. Bergly, i vest for Lundhaugen. Utskilt i 1932 frå bruk 136 med skyld 2 øre og selt til Ingebjørg og Olina Knutsdr. Olde. Dei har bygt seg bustadhus der. Ingebjørg er f. 1890 og Olina 1895.

Bruk 217. Sandbu. Skilt ut frå bruk 123 i 1932 med skyld 1 øre og selt til Pinsemenigheten. Sjå bruk 182.

Bruk 218. Soltun, sør for Lundhaugen. Utskilt frå bruk 136 med skyld 3 øre og ervefest til lærar Nils N. Skutle, som har bygt bustadhus. Han er f. 1894 og gm. Ingebjørg Larsdr. Seim, Vossavangen.

Bruk 219. Solheim på Skarvet. Skilt frå bruk 123 i 1932 med skyld 2 øre og selt til smed Kornelius Mandelid, som har bygt smidje og bustadhus og driv med smedearbeid. Han er f. 1902 og gm. Synneva Olavsdr. Svartaberg.

Bruk 220. Smedtun. Utskilt frå bruk 123 i 1932 med skyld 2 øre og selt til Kornelius Mandelid som tillegg til bruk 219.

--- side 255 ---

Husmansplass på Lekve.

Jens er i 1611 skriven som husmann eller øydegardsmann. I 1728-1732 er Lars Endreson husmann, gift med Marta Olavsdr., og i 1735 Nils. På plasset Rognsgarden budde 1756 til 1780 Mattis Larsson. Han var fyrst gift med Gunnhild Olavsdr., som døydde 1779. Same året gifte han seg med Magli Larsdr. Han var smed. Fleire gonger er han stemnd for retten av di han har vore ute i slagsmål. Det er fortalt at presten ofte kom upp til han Mattis og gav seg i prat med han. Smeden tykte det gjekk for ofte på, og at han vart mykje burtheft. Ein dag han såg presten koma, tok han noko gloande kròkor or avlen og la utanfor døri, der presten var van til å stå. Kròkone hadde ikkje forvel svartna då presten kom. Han tok som vanleg til å prata, men den venda vart han ferdig i snare laget har han Mattis fortalt. Mattis døydde 1780 og hadde 7 born med fyrste kona. I 1786 var Mons Larsson og Brita Knutsdr. husmannsfolk. Knut Larsson og Anna Oddsdr. er umtala oftare som husmannsfolk på plasset Rognsgarden i åri 1784-1793. Lars Andersson, gm. Anna Sylfestdr. Fletre hadde plass ei tid på Lekve, der han døydde 1876, 75 år gamal. Ho Anna gjekk vanleg under namnet Helgaseto, av di dei hadde butt ei tid på Helgaset ovanfor Dale. Ho var god til å doktera, helst for svullar og sår. Det var serleg med grautumslag ho var so svær. Ho var og flink til å doktera krøter og då helst når det trongst hjelp under kalvingi. Ho hadde lese seg til det ho kunde med doktering, og hadde mykje søknad. Anders Larsson Mosafinn gm. 1. Gunnvor Larsdr. Norekvål og 2. med Margreta Torsteinsdr. Saude, var husmann i 1860-åri og til 1871, då han kjøpte gard på Takla. På Skarvet budde Olav Olavson og Anna Olavsdr. i 1850- og 1860-åri. Dei reiste til Amerika i 1873. Sjå vidare bruk 123.

Stølane.

I matrikkelen 1838 er sagt um stølen at Lekve hadde stølsrett berre solenge Fleischerane sat med garden, men det er ikkje sagt kvar det var. Det har vore fortalt at Lekve ei tid hadde støl på Væskre. På Skjor ovanfor Mølster har Lekve vårstøl.

--- side 256 ---

Offentlege forretningar.

Forretning 1684, sak i 1732 millom Lekve og Prestegarden umtala under Prestegarden, utskifting med Prestegarden 1733, forretningar mot Prestegarden 1734 og 1735, sak millom Prestegarden og Lekve um utmarki 1739, merkeskilsforretning 1758 mot Prestegarden, Ullestad, Mølster og Ringheim, skylddeling 1776 då Tungeteigen vart skild frå Lekve som gardnr. 227, åstadsak mot Mølster 1793, utskifting 1809, åstadsak 1849, utskifting med Prestegarden 1859, og forretning um plasset Skarvet 1861.

Ymse.

På Lekve har lokomotivførar Sigurd Hansen under graving på sin eigedom funne eit gravkammer. Der var ei urne og ein liten stein som har vore brukt ved spinning med handtein. Urna skriv seg frå det 5te hundradåret segjer professor Haakon Shetelig. I nærleiken vart og funne eit par hestemilar.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Lekve.

Mons 1722 t. 3 nr. 22. Husmann Lars Endreson 1725, 1729 t. 3 nr. 23. Olav Johannesson 1779 t. 3. nr. 24. Mons Larsson t. 3 nr. 25. Knut Larsson har i 1786 teikna som bumerke KLS.