Lid (i Kvitli).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 128 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive Lid. Det vert no sagt (øvré og nèré) Lí (i Kvítl'né); han búr pao, è tao Lí, ska tì Lía, sms. Líar-aos'n. Det er same ordet som ei lid, gn. hlíð f. (genitiv hlíðar).

Ulfr a Lid har saman med seks andre menn kunngjort 1339 (DN II nr. 231) at Sørkver Ormson førde vitne mot stykmor si, enkja etter Orm Kafle, Ingegerd Torgautsdr. um vilkåri for at ho fekk bruka garden Hylling på Voss. Ulfuer a Lid

--- side 129 ---

har vidare i 1342 saman med sekstan andre menn på Voss meldt til lagmannen i Bergen at alle bønder på Voss alltid skiftevis hadde vore med i vegarbeidet (DN I nr. 281). Ulfuer er og nemnd i brev frå 1343 (DN VI nr. 167) som og talar um vegarbeidet. Bjørgynjar Kalfskinn melder at 3 laup og 1 laup i ein teig var kyrkjegods, og Vangens prestebol åtte ½ laup. Munkeliv klostergods åtte 1480-90 3 mmb i Nedre Lid.

Eiliv og Ivar var brukarar i 1521. Eiliv betalte 10 mark i skatt og Ivar betalte 9 skill. i skatt, 3 lodd sylv og 5 mark i pengar for breffbrot. I 1535 høyrde 1 laup 3 huder i Lid til Vincens Lunges jordgods. Eiliv, Orm og Hallvard var leiglendingar i 1563. Hans var tenestdreng og Nils var lauskar. Halldor og Mons var leiglendingar i 1591. Etter kyrkjerekneskapane 1585-1616 fekk Vangskyrkja 8 askar korn og 1 pund smør i landskyld av Øvre Lid. I 1603 var Bård og Arne leiglendingar på Øvre Lid, Josef og Justinus på Nedre Lid. Det var seks leiglendingar i 1611: Halldor, Mons, Josef, Sjur, Lasse og Torfin. Sjur åtte då 1 laup og Josef 3 laup.

I brev frå 1620 (i Bergens Museum) er umtala at Knut Gudleikson Graudo, g. m. Arngunna Torsteinsdr., hadde selt hennar odelsjord 6 mark smør og 1 sauskinn i Indre Bu, Eidfjord til Bård Johannesson Sponheim i Ulvik. Det er vitna at Bård var forlikt med borni åt morsyster si, Viking Jørdre, Eirik Såkvitno og Sjur Lid på Voss um deira odelspartar som dei hadde ått i Indre Bu. Bård var og forlikt med sine syskin og brorson sin um deira part i Bu, tilsaman 6 mark 1 sauskinn. Lars Sjurson Øvre Lid selde 1615 14 mark odelsjord på Hefte til Eirik Hermundson Dolve og hans stykson Jon Andersson fødd på Hydningen. Josef, Sjur, Ivar, Torfinn og Lars var leiglendingar i 1614 og Josef åtte 3 laup. På tinget 1671 er umtala at Josef for lang tid sidan hadde vore kyrkjeverje i mange år.

I 1621 var Ivar, Torfinn, Sjur og Jon leiglendingar. Styrk Møn åtte 12 mark, Bård Ukvitno 1 laup 1 pund, alt på Lid, Madelene Lid og borni hennar 5 laup i fleire gardar, Arve Skutle og medervingar 2 laup i Skutle og Lid, 1 spann i Lid, og på vegne av fostersonen ½ laup på Ygre. I leidangsboki 1624 er ført upp leidang på tri eigedomar: a. 30 mark smør, 1 bukkskinn, 1 geitskinn og 1 kalvskinn der Ivar var leiglending, b. 1 spann smør og 1 bukkskinn der ei enkje var leiglending, c. ½ laup smør og 1 bukkskinn med Torfinn og Jon som leiglen-

--- side 130 ---

dingar. Desse tri jorder var «temmelig til avl» står det. Ryttarskatt var 1627 lagt på 1 pund odelsgods med 3 ort. Anna var brukar.

Sjur Larsson Lid selde 1618 til Asbjørn Jakobsen Tveisme 6 mark og ½ geitskinn i øydejordi Ulsnes for 6 gamle rd. og 2 rd. i skøytningsøre (skøytekostnad). Anna Persdr. Lid, kona hans Sjur, kunngjorde 1633 at Asbjørn hadde spurt henne um ho vilde godkjenna salet, då det var hennar odelsjord. Anna godkjende salet og bad «svogeren» sin, Styrk Møn, og Viking Tvilde um å stadfesta det.

Odelsskifte vart 1636 halde på Erdal etter Per Olavson Tveit og kona hans, Katla Åmundsdr. Buet åtte m. a. 12 mark smør og 8 askar korn på Lid og ½ laup smør og 8 askar korn på Gjukastein. Millom ervingane var Nils E. Øydvin, g. m. Arngunna Persdr., og Sjur Sekse, g. m. Lisbet Persdr. Ho og Arngunna var truleg systre til Anna. I 1635 brukte Ivar 3 laup 1 spann, Torfinn 2 laup, Brynjulv 2½ laup og Magne 2 laup. Ivar åtte 3 laup i 1635 og 2½ laup i 1636.

I 1645 var det fem leiglendingar: Ivar Gitleson, g. m. Torunn, Torfinn Torkjelson, g. m. Guri Øvre Lid, Asgrim Bjarneson, g. m. Berete, Åmund Olavson, g. m. Ragnhild og Anders Ivarson Nedre Lid, g. m. Marta. Asgrim hadde tenestgjenta Anna og Åmund huskona Boedell. Torunn var dotter åt fyrr nemnde Josef og hadde med Ivar borni Josef, Anders, nemnd ovanfor, Magdelone og truleg fleire. Magdelone var g. 1. m. Jakob Knutson, 2. m. Mikkjel Sveinson som båe budde på Skulestad. Ivar var truleg etterkomar av Ivar som budde på Lid 1521. Ivar var fleire gonger lagrettemann 1648-1657 og er død fyre 1662. Allehelgensgods åtte 1647 1 pund og 1 bukkskinn. Frå 1652 er det skilt millom Øvre og Nedre Lid.

189. Øvre Lid.

Landkommisjonen har 1661 ført upp Øvre Lid med skyld 4 laup 13 mark og tri brukarar. Der var ikkje noko lunnar er det sagt. Matrikkelen 1723 fører upp to tun, kvar med 2 laup i skyld og to brukarar. Litt vedaskog var der og ein liten humlahage i kvart tun. Um båe tuni er sagt at dei var lettbrukte og kornavlen var årviss. Skyldi var den same til 1838 då

--- side 131 ---

ho vart umskrivi til 11 dalar 3 ort. Samanlikningstalet var 1750. På bruk 1 og 3 var litt humleavl. Bruk 5 og 6 hadde turvande vedaskog.

Matrikkelen 1865 melder at der var 372/9 mål åker, 8 mål dyrka eng, 57 mål god, 153 mål medels natureng og 98 mål skrapebø. 14 mål høvde til dyrking. Ring hamnegang. Garden var lettbrukt, dyrka som vanleg, hadde turvande vedaskog og noko timber. I 1918 var der 46,4 mål åker 67 mål kunsteng og 38,7 mål natureng.

Folketalet var 22 i 1801, 28 i 1865 og 54 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Lid.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3   28   15          
1723 4   42   48   40      
1865 4   32   74   98   74  
1918 8   24   58          

Det var to tun på Øvre Lid, kalla indre og ytre tun. Kirsten Bolstad åtte 1652, 1655 og 1659 1 laup, Vangskyrkja 2 pund, Torfinn Lid 1 pund, F. Broderson 16 mark, Mikkjel Urdal 1 pund, og 1½ laup er skrive som Apostelgods. Asgrim, Åmund og ei enkje var leiglendingar 1652, Asgrim og Åmund 1655 og 1659. Kyrkjerekneskapen 1654 syner at Vangskyrkja fekk 7 askar korn og 1 pund smør i årleg landskyld og 1859 2 pund smør. På Bu i Hardanger vart halde skifte 1654 etter Mikkjel Person Erdal, g. m. Astrid Sjursdr. Bu. Dei åtte 1 pund på Lid og 1 laup på Gjukastein.

I 1661 åtte Vangskyrkja 2 pund, Evanger kyrkja 9 mark, soknepresten 1 laup 1 pund, Munkeliv 16 mark, bondegods 1 pund og som Apostelgods er ført upp 1½ laup. Asgrim Bjarneson, Per Berveson og Eirik Monsson var leiglendingar 1661 og 1664. Asgrim hadde 1664 sonen Jørgen f. 1648. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 16 mark frå Munkeliv. Peter Reedtzs fekk kongeskøyte i 1665 på 1½ laup 10 mark og Eirik Krag og medeigarar fekk s. å. 1 pund og 1 bukkskinn av Allehelgensgodset.

--- side 132 ---

Per Andersson åtte 1676 1½ laup 10 mark, enkja etter Henrik Miltzow 1 laup 1 spann og Lars Takla 3 laup. I 1691 var eigarane: Vangskyrkja 2 pund, Evanger kyrkje 2½ pund, Aksel Larssons ervingar ½ laup og lagmann Coch 2 laup. Leiglendingane var Johannes, ei enkje, Jon og Lars, kvar på 1 laup. I 1695 var det desse eigarar: Vangskyrkja 2 pund, Ingjerd Miltzow 1 laup 1 pund og Hans Akselson 2 laup. Johannes og Halle var brukarar, kvar på 2 laup.

Folketeljingi 1701 har fire brukarar: Johannes Eirikson, Samson Person, Halle Larsson og Per Torgeirson. Dei to fyrste budde i ytre tun og dei andre to i indre tun. I 1714 åtte Vangskyrkja 2 pund i ytre tun, Evanger kyrkje 9 mark og Henrik Miltzow 1 laup 15 mark. Eigarane av indre tun var då: Oluff Brun 1 pund, Fatighuset i Bergen 12 mark og brukarane 1½ laup. Det var same eigarane av ytre tun i 1723, men på indre tun åtte då brukarane 1 laup 2½ pund og Enkjefatighuset 12 mark.

Johannes Eirikson hadde 1688 bygsla 1 laup 4½ mark på ytre tun og fekk 1721 ny bygslesetel hjå Henrik Miltzow. Johannes var f. 1657 og døydde 1734. Han var lagrettemann ved matrikuleringi 1723. Johannes hadde borni Ingebjørg, g. 1718 m. ekm. Torbjørn Knutson Løno, Marta, g. 1729 m. Lars Sveinson Store Grovu og Lars f. 1693, g. 1721 m. Bothilde Andersdr. «Houch».

Åmund Masson kjøpte 1734 2 pund. Han var g. m. Apallone Gunnarsdr. Holven og døydde 1736, 25 år gl. Ho ætta i fjorde led frå presten David Petræus i Granvin. Apallone gifte seg att 1737 med Torgeir Larsson Lid som var i slekt med Åmund i tridje ledd. Torgeir var son åt Lars Brynjulvson Seim og Ingebjørg Knutsdr., Granvin, og fekk 1738 skøyte på 2 pund i Øvre Lid. Apallone fekk med Åmund dotteri Lisbet f. 1735 og med Torgeir borni: Åmund, g. 1773 m. Barbrå Nilsdr. Tròdo, Askjel f. 1743, Ingebjørg f. 1745, Brita f. 1748 og Svein f. 1752. Torgeir døydde 1768, 60 år gl. og Apallone 1777, 68 år gl. Torgeir selde 1753 2 pund til Åmund Godvinson, som skulde gifta seg med Lisbet, stykdotteri hans Torgeir. Åmund fekk på Lid borni Godvin f. 1754 og tvillingane Åmund og Rannveig f. 1757. Åmund var 1758 borgar i Bergen og selde 1 pund 9½ mark til sin «svoger» Svein Larsson Øvre Lid.

Samson Person Øvre Lid f. 1656, g. m. Rannveig Josefsdr.

--- side 133 ---

Nedre Lid f. 1666 var leiglending på ytre tun og døydde 1704. Samson var bror åt Bård Person Litlere. Samson og Rannveig hadde fem born: Per f. 1689, g. 1719 m. Guri Torbjørnsdr. Såkvitno, husmann på Nesheim, Granvin, Josef f. 1692, død fyre 1752, Johannes f. 1697, g. m. Ellen Johannesdr., gardmann på Nesheim, Granvin, Anders f. 1700, død 1782, Samson f. 1704, g. 1729 m. Marta Gitlesdr. Auro og budde på Nedre Auro.

Ho Rannveig vart attgift 1719 med Lars Sveinson, skriven for Hesthammer då dei var gifte. Han hadde i 1718 bygsla 1 laup 4½ mark av Henrik Miltzow. Rannveig døydde 1732, 66 år gl. og Lars gifte seg att 1733 m. enkja Brita Larsdr. Lydvo og budde sidan på Lydvo. Lars ættast frå syster hans Rike Torstein Bjørku og hadde seks syskin: Torstein, Olav, død ugift 1737, Lars d. e. som budde på Lid, Herborg, g. m. Knut Hefte, Anna, g. m. Eirik Syndve og Dordei, g. m. Olav Bidno. Lars Sveinson d. e. f. 1684, g. m. Kristi Massdr., kjøpte 1734 2 pund. Båe døydde 1736, han 52 og ho 23 år gl.; dei hadde sonen Svein f. 1735. Han fekk på skifte etter foreldri utlagt deira 2 pund i Øvre Lid.

Svein Larsson vart g. m. Sigrid Larsdr. Holven. Ho ættast frå syster hans Rike Torstein Bjørku. Svein vart eigar av 1 laup 15 mark etter skiftebrev 1737 og skøyte 1758. Svein og Sigrid fekk fem born: Lars d. e. f. 1756, Kristi f. 1759, g. 1791 m. ekm. Olav Knutson Lid, Sisselja f. 1760, g. 1. m. Samson Torbjørnson Holven, 2. m. Hans Nilsson Dale som båe hadde gard på Hausnes, Lars d. y. f. 1765 og Anna f. 1769, død 1799. Svein døydde 1808 og Sigrid 1812, 87½ år gl.

Lars Sveinson d. e. gifte seg 1782 m. Torbjørg Jonsdr. Bjørku f. 1760 og fekk skøyte 1781 og 1800 frå far sin på tilsaman 1 laup 15 mark. Torbjørg døydde 1812 og Lars 1815. Dei hadde fem born: Svein f. 1783, Ingebjørg f. 1785, Jon f. 1788, Sigvor f. 1792, g. 1813 m. Sjur Gudleikson Vike, Ivar f. 1796, g. 1828 m. Maria Larsdr. Istad, enkja etter Lars Mikkjelson Indre Takla (Amerika). Ved skifte etter Torbjørg var bruttomidelen 3109 rd., som var likt med 516 riksbankdalar. Lars skifte garden millom dei to eldste sønene, so Svein fekk bruk 3 og Jon bruk 1. Sjå vidare bruk 1 og 3.

Halle Larsson var 1701 leiglending på indre tun. Han var f. 1661, g. 1. m. Gudve Kjelsdr. (Persdr.?) som døydde 1706, 2. m. Halldis Larsdr. Med Gudve fekk han borni Ivar f. 1692

--- side 134 ---

og Gunnhild, g. 1715 m. Torleiv Olavson Helle. Med Halldis fekk Halle borni: Lars f. 1707, Hermund f. 1711, Anders, g. 1734 m. Kristi Johannesdr. Gjerde, Gudve f. 1713, g. 1740 m. Brynjulv Knutson, Åmund g. 1730 m. Barbrå Sjursdr. Himle, Anna f. 1716. Ved skifte etter Gudve åtte dei 2 laup 5 mark som vart verdsett til 48 rd. Halle fekk utlagt 1 laup 5 mark og sonen Lars 1 laup. Halldis døydde 1743, 58 år gl. og Halle 1747. Han var bror åt Sjur Arhelleren. Lars Halleson gifte seg 1736 med Gjertrud Gitlesdr. Auro og fekk 1740 skøyte frå far sin på 1 laup for 72 rd. Dei fekk borni: Eli f. 1740, Anna f. 1746, g. 1776 m. Brynjulv Olavson Flatekvål Kristi f. 1751. Gjertrud døydde 1768, 57½ år gl. og Lars 1782.

Halle Brynjulvson, systerson til Lars Halleson, fekk 1768 og 1776 skøyte på 1 laup. Halle gifte seg 1770 m. Ingebjørg Samsonsdr. Auro. Han bytte 1788 med Olav Knutson uti ½ laup på bruk 4 Kinne. Ho Brita, fyrste kona hans Olav, var død 1787 43 år gl., og Olav vart attgift 1791 m. Kristi Sveinsdr. Øvre Lid som døydde 1799. Ved skifte etter henne åtte dei 1 pund 17 mark som vart taksta 450 rd. Olav døydde 1812 og hadde fire born etter seg: Anna f. 1773, Marta f. 1781, g. 1805 m. underoffiser Olav Olavson Ronve, Brita f. 1793, g. 1833 m. Nils Vikingson Rogne og Sigrid f. 1797, g. 1838 m. ekm. Eirik Hermundson Bulko. Anna gifte seg 1800 m. Lars Brynjulvson, som same år fekk skøyte på 1 laup. Det vart bruk 6, som det vert halde fram med nedanfor.

Per Torgeirson f. 1664 var leiglending i indre tun i 1701 og var g. m. Botilde Torsteinsdr. Per døydde 1733 og Botilde 1748, 84 år gl.; og skifte etter henne viser at dei åtte 2½ pund. Dei hadde tri born: Rannveig, g. 1731 m. Odd Himle, Marta, og Torstein, g. 1734 m. Ingebjørg Sjursdr. Berge. Han fekk 1733 skøyte på 2½ pund og døydde 1770, 70 år gl. Ingebjørg døydde 1791, 78½ år gl. og hadde åtte born: Gudve f. 1735, g. 1787 m. Ivar Mikkjelson Vivås, Per f. 1740, død 1773, Sjur f. 1745, var 1770 soldat i Kjøbenhavn og døydde på Voss 1789, Torgeir f. 1747, Brita f. 1749, g. 1777 m. Mons Larsson Øvre Fenno, Synneva f. 1752, Gjertrud f. 1755, g. 1790 m. Knut Nilsson Kinne eller Vivås og Marta f. 1758. Ved skifte etter Torstein var jordgodset taksta 120 rd.

Torgeir Torsteinson fekk 1773 skøyte på 2½ pund og gifte seg 1784 m. Synneva Knutsdr. Skutle. Ho døydde 1798, 53 år

--- side 135 ---

gl. og Torgeir 1829, 82 år gl. barnlause. Ved skifte etter Synneva var jordgodset verdsett 350 rd. Torgeir og Synneva hadde fosterdotteri Ragnhild Monsdr. f. 1787 som var systerdotter hans Torgeir. Ho vart g. 1811 m. Berge Larsson Istad, husmann i Vivåsliæ. Framhald bruk 5.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvre Lid. Jon Larsson f. 1788 fekk som ovanfor nemnt bruk 1 hjå far sin i 1811. Vangskyrkja åtte 1 pund og Evanger kyrkje 4½ mark laus landskyld i garden. Jon gifte seg 1813 m. Ragnhild Gudleiksdr. Vike og døydde 1837. Ragnhild døydde 1844, 50 år gl. På skiftet 1837 vart deira 1 pund 19½ mark taksta 390 spd. og skogen 25 spd. Seks born: Torbjørg f. 1814, g. 1839 m. Mikkjel Johannesson Spildo f. 1796, Lars f. 1817, g. 1843 m. Brita Larsdr. Takla, Ragna f. 1819, Gunnbjørg f. 1823, Nils f. 1830 og Anna f. 1835. Dei fire siste reiste til Amerika. Lars fekk garden på skifte etter far sin, men selde att 1843 til Mikkjel og reiste til Amerika. Lars skulde vera ein meister til å rekna og hadde mykje greide på stjernehimmelen. Mikkjel døydde 1857, 62 år gl. og Torbjørg 1876. Dei fekk fem born: Johannes f. 1839, Gjertrud f. 1844, Jon f. 1848 (båe i Amerika), Ragnhild f. 1851, død ugift 1894 og Lars f. 1854. Johannes fekk garden i 1876 for 500 spd. og let han att for 2600 kronor til Lars, bror sin, og døydde 1887 ugift.

Lars vart g. 1881 m. Knutsdr. Anna Skjeldal og døydde 1896. Fire born, Torbjørg, Guro, Anna og Marta, dei 3 siste i Amerika. Torbjørg f. 1882 fekk garden. Ho vart g. 1905 m. Olav Andersson Skjelde. Knut Larsson Alland kjøpte 1899 bruk 1 for 6800 kronor. Han var f. 1861, g. 1890 m. Sisselja Larsdr. Haugo og døydde 1920. Han dreiv med snikkararbeid fyrr han kjøpte gard. Deira son Lars f. 1891 fekk skøyte på garden 1932 for 7000 kronor. Han er g. m. Karolina Torleivsdr. Rokne. Johan, bror hans Lars, f. 1894, g. 1919 m. Kari Olavsdr. Hornve, er styrar av bladet Horda Tidend.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 172, lnr. 332 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 2 dalar 3 ort 2 skill. Ny skyld mark 3,81 (fyrr bruk 2 og 7 vart skilt frå).

Bruk 2. Palmafossteigen. Utskilt 1885 frå bruk 1 Øvre Lid med skyld 10 øre og selt til brørne Knut og Ivar Nilsson Lid. Bruk 4 Øvre Lid, bruk 2 og 5 Nedre Lid vart 1923 ført saman

--- side 136 ---

med bruk 2 Øvre Lid. Brørne reiv det gamle sagbruket og kverni på bruk 2 Nedre Lid, bygde i staden nytt sagbruk med fleirblada uppgangssag og sirkelsag som vart drive med vassturbin. L/l Voss Sagbruksinteressentskap kjøpte 1889 eigedomen med sagbruk, bygde hyvleri, sette nn fleire sirkelsagblad og dreiv trelasthandel. I 1897 kjøpte selskapet bruk 4 Palmafossen av Gjerdåk, bygde fleirblada uppgangssag i Vanjolo og kjøpte 1916 bruk 12 Nedre Lid. Selskapet vart 1922 umskipa til l/l Trelastforretningen som heldt fram med drifti og handelen og bygde elektrisk kraftanlegg på bruk 4 Gjerdåk. Trelastforretningen kjøpte bruk 5 og 16 med sagbruk på Løno, bygde sagbruk og dreiv trelasthandel på Svartenakken, bruk 16 av Øvre Ullestad. Lutlaget Gjerde Bruk kjøpte 1936 bruk 2 Palmafossteigen med sag og hyvleri, bruk 13 av Nedre Lid, bruk 16 av Øvre Ullestad og bruk 5 og 16 av Løno. L/l Trelastforretningen har no att kraftstasjonen på bruk 4 av Gjerdåk, fossen, elveretten, bruk 12 av Nedre Lid og uppdemningsretten. Frå kraftstasjonen har heile tidi vore levert elektrisk straum til heradet.

Bruk 3. Øvre Lid. Svein Larsson fekk som fyrr fortalt bruk 2 hjå far sin i 1811. Svein var f. 1783, g. 1809 m. Marta Magnusdr. Lid og fekk tri born: Lars f. 1809, Nils f. 1817 og Torbjørg f. 1827, g. m. Odd Håvardson Nyre. Svein døydde 1829 og Marta vart attgift 1833 med ekm. Eiliv Olavson Jernes. Lars vart g. 1833 m. Ragnhild Josefsdr. Nedre Lid f. 1813 og fekk same år skøyte på garden. Lars var skulelærar og vart difor fri soldattenesta. Han døydde 1840 og hadde borni Svein f. 1834 og Brita f. 1840 (Amerika). Ho Ragnhild vart attgift 1844 med Nils, bror åt fyrste mannen hennar, og reiste 1850 til Amerika. Ved skifte etter Lars vart garden lagd på Svein, men vart deretter seld 1851 til Josef Torleivson Bjørgo for 750 spd.

Eldste son hans Josef, Lars, fekk 1880 skøyte på garden for 4000 kronor, budde der og skreiv seg for Lid. Han var f. 1845, g. 1870 m. Ingjerd Josefsdr. Nedre Lid f. 1845. Han var heradskasserar, valmann, forlikskommissær, overformyndar, medlem av heradsstyret og formannskapet, var mykje med på utskiftingar, skylddelingar og skyn og hadde elles andre tillitsyrke. Var med og skipa Vossabladet og ei tid med i bladstyret. Lars reiste med huslyden til Amerika i 1887. Som påskyning for sitt

--- side 137 ---

arbeid fekk han fyrr avreisi ei lummeklokke med gullkjede av sine sambygdingar. Han døydde 1906 og har fleire born etter seg.

Systermannen Olav Gitleson Opeland kjøpte 1888 garden av Lars for 5500 kronor. Olav var f. 1859, g. 1883 m. Maria Josefsdr. Bjørgo f. 1855, og døydde 1928. Ved sida av gardsarbeidet dreiv Olav handel med krøter, skinn og andre varor. Saman med Sjur Lid stelte han mange år med reinsdyrflokken


Bilete 20. Lid. Fot. P. Braaten 1937.
Bilete 20. Lid. Fot. P. Braaten 1937.

i Bordalsfjelli. Både Olav og Maria har vore med i heradsstyret og styret for Barneheimen. Maria var fyrr ho vart gift, lærarinne i Granvin og har vore med i skulestyret og verjerådet. Sju born: Josef f. 1884, Johannes f. 1886, g. m. Dagny Tande, konservator ved Universitetets Botaniske Museum i Oslo, Anna f. 1888, død ugift 1932, Nils f. 1890, g. m. Dagny Fosse, dr. philos., tilsett ved Kulturforskningsinstituttet (og dosent), Oslo, Brita f. 1893, student, Lars f. 1896, g. m. Aslaug Steinsland, gardmann på Saude i Viki, og Ingebjørg f. 1898, student, g. m. sokneprest Hjalmar Svennevik. Josef er g. m. Katrina Arnesdr. Skutle og fekk 1923 skøyte på garden for 6000 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 172, lnr. 333 med skyld som bruk 1.

--- side 138 ---

Bruk 4. Palmafossteigen. Skilt ut frå bruk 3 i 1886. Skyld 10 øre. Knut og Ivar Lid kjøpte det 1886. I 1923 vart det ført saman med bruk 2. I 1916 var det grenseregulering mot bruk 9 av Bryn og 1922 var bytt 5 ar med same bruket.

Bruk 5. Øvre Lid. Torgeir Torsteinson var som fyrr umtala eigar av bruk 5. Han skøytte 1811 garden til systerdotteri Ingebjørg Monsdr. og Knut Steffason Bryn som same år vart gift med henne. Straks etter laut han reisa for å vera med i krigen mot Sverike, var burte eit år, men kom ikkje med i noko slag. Knut døydde 1848, 65 år gl. og Ingebjørg 1846, 70 år gl. Dei fekk tri døtter: Synneva f. 1813, Sigvor f. 1817, g. 1839 m. korporal Mikkjel Andersson Lid og Brita f. 1820, g. 1844 m. Anders Nilsson Lirhus.

Synneva vart g. 1836 m. Nils Johannesson Møn f. 1814. Dei fekk same år hennar farsgard. Nils var med og skipa Voss Sparebank, var lenge direktør i banken, medlem av heradsstyret, formannskapet, heradsnemndi ved matrikuleringi, kasserar for fatig- og skulekassa, revisor for heradsrekneskapen, kyrkjeverje, valmann og mykje på utskiftingar. Synneva døydde 1857 og Nils vart attgift 1861 med Kristense Eiriksdr. Rokne. Nils døydde 1893 og Kristense 1886. Med Synneva fekk han sju born: Ingebjørg f. 1837, g. m. Johannes Jonson Nedre Lid, Knut f. 1839, Johannes f. 1841, sjå bruk 6, Lars f. 1844, gardmann på Nyre, Steffa f. 1847 (Amerika), Brita f. 1851, g. m. Johannes Gitleson Opeland, Ivar f. 1853, g. m. Ingebjørg Helgesdr. Uppheim, sjå bruk 3 Gjerdåk.

Knut Nilsson gifte seg m. Guro Nilsdr. Møn f. 1844 og fekk 1863 skøyte på garden for 600 spd. Han var lang tid med i heradsstyret, formannskapet, skulestyret, i styret for Stend jordbruksskule og mykje med på utskiftingar, takstar og skyn. Knut bygde saman med Ivar bror sin Palmafossen Sagbruk og var handelsstyrar for l/l Voss Sagbruksinteressentskap. Knut døydde 1902 og hadde fem born: Synneva, g. m. Halldor Halldorson Espeland, Odda, Arngunna f. 1868, g. m. agronom Anders Eilivson Spjeldnes, Lindås, Nils f. 1870, Johannes f. 1875, g. m. Kaia Storm Bull, ingeniør i Amerika og Brita f. 1888. Nils er g. m. Gunnhild Halldorsdr. Espeland og fekk 1906 skøyte på farsgarden for 4000 kronor.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 172, lnr. 334 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 4 ort 2 skill., revidert 2 dalar 2 ort 2 skill. Ny skyld mark 3,62.

--- side 139 ---

Bruk 6. Øvre Lid. Lars Brynjulvson fekk som fyrr fortalt skøyte i 1800 på bruk 6 og var g. m. Anna Olavsdr. Lars døydde 1808, 28½ år gl. og hadde tri born: Olav f. 1801, g. 1827 m. Sigvor Arnfinnsdr. Skutle, Kari f. 1805, g. 1840 m. Kristoffer Gunnarson Grimastad, Brynjulv f. 1807. Ved skifte etter Lars var garden verdsett 375 rd. Bruttomidelen var 571 rd. Anna vart attgift 1810 med Olav Larsson Norekvål og fekk sonen Lars f. 1813. Olav let 1828 garden til styksonen Olav Larsson f. 1801. Han reiste 1843 med huslyden sin til Amerika. Per Knutson Flògo, g. 1838 m. Sisselja Johannesdr. Lisseim, styrde garden for Olav til 1850 og reiste so til Amerika. Sylfest Monsson Vivåsliæ kjøpte 1850 bruk 6 for 400 spd. Han var frå Fletre og vart 1863 gardmann på Rene.

Nils Johannesson Lid umtala på bruk 5 kjøpte 1855 bruk 6 for 775 spd. og let det 1875 til Johannes, son sin, for 600 spd. Johannes var f. 1841, g. m. Kristi Larsdr. Rokne f. 1844 og døydde 1927. Ho Kristi døydde 1905. Johannes arbeidde ofte kardor um vintrane. Tri born: Nils f. 1870, Lars f. 1871, g. m. Anna Knutsdr. Raustad og Johannes f. 1874 som er snikkar. Lars er handelsstyrar på Palmafossen for l/l Trelastforretningen. Nils er g. m. Kristi Knutsdr. Raustad og fekk 1896 farsgarden for 2800 kronor.

Bruk 6 var fyrr mtrnr. 172, lnr. 335 med skyld som bruk 5.

Bruk 7. Lidarheim. Utskilt frå bruk 1 i 1918. Skyld 76 øre. Skøytt av Sisselja Larsdr. til sonen Knut Larsson Lid.

Bruk 8. Nygard. Skilt 1929 frå bruk 2. Skyld 1 øre. Selt av l/l Trelastforretningen til Per Bergkvist som har bygt og driv handelsforretning der.

Bruk 9. Flyateigen. Utskilt 1930 frå bruk 6. Skyld 7 øre. Eigar er Knut N. Lid.

Bruk 10. Fredly. Utskilt 1931 frå bruk 5. Skyld 7 øre. Ervefest frå Nils Knutson til sonen Anders Nilsson.

Bruk 11. Nygård. Skilt ut frå bruk 2 i 1933. Skyld 1 øre. Selt til Per Bergkvist.

190. Nedre Lid.

Skyldi er 1661 ført upp med 3 laup 1 spann i eine tunet og 2½ laup i det andre, med ein brukar i kvart tun. I 1723 var skyldi likeins, men det var då to brukarar i kvart tun. Båe

--- side 140 ---

tuni hadde humlahage, turvande vedaskog og var sers lettbrukte. I 1777 var skyldi for heile garden 5½ laup og 1838 5 laup 1 pund 13 mark som då vart umskrivi til 15 dalar 2 ort 2 skill. Samanlikningstalet var 2325. På bruk 1 var humlagard.

I matrikkelen 1865 er ført upp 56 mål åker, 28½ mål dyrka eng, 87½ mål god, 176 mål medels natureng og 176 mål skrapebø. 23 mål var skikka til dyrking. Ring hamnegang. Skog til husbruk, og bruk 1 kunde selja timber for 2½ spd. um året. Garden var lettbrukt. Bruk 1 og 3 var dyrka som vanleg og bruk 4 og 8 betre enn vanleg. Bruk 1 og 4 hadde vassfall som vart verdsett til ½ spd. årleg innkoma for kvar. I 1918 var der 79 mål åker, 160 mål kunsteng og 25,5 mål natureng.

Der budde 27 menneske i 1801, 31 i 1865 og 53 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Lid.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   28   38          
1723 4   47   45   44      
1865 5   43   88   137 ½ 100  
1918 12   47   84          

Ivar Lid åtte 1652 4 pund, Eirik 4 pund, Allehelgensgods

1 pund og Berge Juel 2½ laup. Ivar og sonen Anders var leiglendingar, og Ivar budde ogso på eigi odelsjord. Det var likeins 1655 og 1659 so nær som at Eilert Jensson var eigar 1659 av 2½ laup i staden for Juel. Ivar budde då og på eigi odelsjord. Ivar Lid åtte 1655 1½ laup på Takla, ½ laup på Nedre Ygre, 3 spann 4 mark på Grjotland, 1 pund 16 mark på Hyrt og 1 spann på Nedre Auro.

I 1661 åtte Allehelgensgods 1 pund 18 mark, bønder 2 laup 2 pund og Lungegården 2½ laup. Brørne Josef Ivarson og Anders Ivarson var brukarar. Anders var ein av dei som samla pengar inn til reisi åt Lars Skutle til Kjøbenhavn. Josef var ofte lagrettemann 1662-1674 og Anders 1664-1670. Josef døydde 1680-90 og hadde borni: Gjertrud Graudo, Torunn f. 1654, g. m. Mikkjel Anderson Nedre Lid, Barbrå, g. 1. m. Torstein Hermundson Grovu, 2. m. Hallvard Gudleikson,

--- side 141 ---

Rannveig f. 1666, g. 1. m. Samson Person f. 1656, 2. 1719 m. Lars Sveinson Hesthammer, båe på Øvre Lid.

Klas Miltzow åtte 1676 1 pund, oberst E. Jensson 2½ laup og Lars Takla 3 laup 1 pund 15 mark. I 1691 var det desse eigarar: Borgarmeister Trøyel 1 pund 18 mark, Klas Miltzow 26 mark, Halle Lid ½ laup og brukaren Halle 1 laup 2 pund, alt i fyrste tun. Brukaren Mikkjel var eigar av heile andre tun, 2½ laup. I 1695 åtte borgarmeister Trøyel 1 pund 18 mark, Ingjerd Miltzow 1 laup 14 mark, Torstein Grovu 2 pund 3½ mark, Mikkjel Lid 31 mark, Nils Hornve 30½ mark og brukaren Halle i fyrste tun 31 mark og Mikkjel, brukaren i andre tun, åtte då og andre tunet, 2½ laup.

I folketeljingi 1701 er ført upp som brukarar Hallvard Gudleikson f. 1669 i fyrste tun og odelsbonde Mikkjel Andersson f. 1647, som budde i andre tunet. Torstein Hermundson, umtala ovanfor, døydde 1696 og hadde fire born: Per f. 1686 som døydde utan etterkomarar, Josef f. 1688, Hermund f. 1693 og Rannveig f. 1697, død ugift 1746. Jordgodset 2 pund 3½ mark var på skiftet etter Torstein verdsett 26 rd. Enkja etter Torstein, Barbrå Josefsdotter, gifte seg att med ekm. Hallvard Gudleikson, men fekk ikkje born med han. Hallvard kjøpte 1719 1½ pund av Hartvig Markusson i Bergen. Rannveig døydde 1732. Dei åtte då 1 laup 15½ mark, taksta 60 rd. Hallvard vart attgift 1724 m. Brita Larsdr. Øvre Lid og døydde 1735 67 år gl.

I 1714 åtte i fyrste tun Hallvard 2 pund 3½ mark, Hermund 1 pund 3½ mark (båe brukte sitt), Mikkjel 31 mark, Nils Øvsthus 34 mark, Knut Raustad 38 mark og Boye Rafnsdorffs myndlingar ½ laup. Johannes og Arne var brukarar i 1715. Johannes var lagrettemann ved matrikuleringi 1723. Mikkjel åtte andre tunet og brukte det i 1714. Sonen Anders åtte og brukte noko av det i 1723. Eigarane av fyrste tun var då: Enkjefatighuset i Bergen 16 mark, Hermund 27½ mark og brukarane åtte 2 laup 1 pund 22½ mark. Hallvard og Josef var brukarar.

Josef Torsteinson vart 1723 g. m. enkja Sigvor Bergesdr. Vetla Røte. Han fekk same år skøyte frå Nils Øvsthus og Knut Raustad på 1 laup i fyrste tun og kjøpte 1736 1 pund av Hermund, bror sin. Josef døydde 1733 og Sigvor vart attgift same år med ekm. Mons Olavson. Fyrste kona hans Mons var visst enkja etter lensmann Mass Seve. Mons kjøpte 1733 30

--- side 142 ---

mark av ervingane etter Josef, bygsla 1735 31 mark og 1738 1 laup 2½ mark. Mons og Sigvor døydde båe 1751, han 50 og ho 59 år gl. Sigvor var gift fyrste gong med Tormod Vetla Røte og hadde fire born med han: Marta død ugift 1724, Berge Dolve, Gudleik som reiste til Viborg i Jylland og Lussi, g. m. Torleiv Bryn. Med Josef fekk Sigvor tri born: Barbrå f. 1724, g. 1752 m. Torgeir Steffason Bryn, Tormod f. 1727, død 1751 ugift, Per f. 1729, g. 1766 m. Soffi Olavsdr. Graudo. Mons og Sigvor hadde sonen Josef f. 1735.

Hermund Torsteinson f. 1693, nemnd ovanfor, g. m. Ragnhild Oddsdr. (truleg frå Sonve), fekk 1712 skøyte frå Odd Sonve på 27½ mark i Lid. Hermund bygsla 1713 av Mikkjel 31 mark som Hallvard då sa upp og fekk 1733 skøyte frå Hallvard på 36½ mark. Hermund bygsla 1735 1 laup til Mikkjel Torgeirson Fjeli, vart sjølv leiglending på Vetla Røte og døydde der 1737. Mikkjel vart g. 1735 m. Brita Larsdr. Lid, enkja etter Hallvard Gudleikson.

Mikkjel Andersson f. 1647, nemnd ovanfor, var g. m. Torunn Josefsdr. Lid f. 1654. Mikkjel fekk 1689 skøyte på andre tunet som var 2½ laup og åtte 31 mark i fyrste tun. Mikkjel var lagrettemann i 1700 og vart 1713 vald saman med fleire til å likna ut dagskatten. Dei våga seg ikkje til å gjera det av di bøndene var so hatige på den skatten. Både Mikkjel og Torunn døydde 1736. Dei hadde tri born: Rannveig, g. 1. m. ekm. Eiliv Sjurson Kvåle, 2. 1711 m. Sjur Aslakson Hefte, båe leiglendingar på Kvåle, Gullfj., Sigvor f. 1696, g. 1723 m. Knut Steffason Midt Ringheim, Anders f. 1700.

Anders Mikkjelson var g. 1. 1721 m. Brita Gudleiksdr. Uppheim, Vestb., 2. 1723 m. Ragnhild Nilsdr. Eide, 3. 1732 m. Marta Johannesdr. Dukstad eller Lofthus. Anders fekk 1716 som gåve frå far sin 1 spann, ved skifte 1737 etter mor si 31 mark, ved skøyte 1738 frå stykfaren Mons 1 laup 1 pund og åtte 1750 heile andre tunet, 2½ laup. Anders har 1747 vore saman med prestane og femtan bønder og gjort framlegg til ordning av skulestellet på Voss. Marta døydde 1773, 60 år gl. og Anders 1776. Han fekk med Brita sonen Josef f. 1722, som døydde 1744, og med Ragnhild to born: Nils f. 1724 og Brita f. 1727, g. 1753 m. ekm. Lars Monsson Ukvitno. Med Marta fekk Anders sju born: Mikkjel f. 1734, Svein f. 1735, Ragnhild f. 1739, g. 1771 m. Halldor Bårdson Lunde, Sigvor

--- side 143 ---

f. 1745, g. 1777 m. Olav Åmundson Tundal, Josef f. 1746, g. 1781 m. Guri Larsdr. Vike, framhald bruk 4, Johannes f. 1749, g. 1778 m. Gjertrud Torgeirsdr. Skjelde, gardmann på Skjelde, Lars f. 1752, død 1779 ugift. Ved skifte 1773 etter Marta åtte dei 5 laup som vart taksta 500 rd. Bruttomidelen var 716 rd. Jon Person Lid la upp odelssak 1758 mot Anders og påstod å ha odelsrett til noko av jordgodset hans Anders, men fekk ikkje medhald ved domen.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nedre Lid. Mikkjel Andersson f. 1734 var g. 1. 1753 m. enkja Gudve Styrksdr. Dukstad, 2. 1777 m. Kristi Jørgensdr. Graudo. Gudve var gift fyrste gong 1714 m. ekm. Viking Brynjulvson Øvre Graudo. Gudve fekk farsgarden sin på Dukstad (1 laup). Mikkjel budde der til han 1758 kjøpte av Svein, bror sin 1 laup 2 pund 10 mark på Lid. Med Kristi fekk Mikkjel borni Anders f. 1777 og Gudve f. 1778, g. 1805 m. Torleiv Steffason Bryn. Mikkjel døydde 1779 og Kristi vart uppattgift 1780 med Magnus Sjurson Spildo. Ved skifte 1779 etter Mikkjel vart jordgodset taksta 500 rd. Bruttomidelen var 738 rd. Magnus fekk same år skøyte på jordgodset.

Anders Mikkjelson gifte seg 1808 m. Marta Steffadr. Bryn og fekk 1797 skøyte frå stykfaren Magnus på bruk 1. Marta døydde 1836, 50 år gl., og Anders 1837 og hadde to born: Mikkjel f. 1813 og Sigvor f. 1824, g. 1844 m. Knut Johannesson Hylle (Amerika). Mikkjel var korporal då han 1839 gifte seg med Sigvor Knutsdr. Lid. Han fekk 1835 skøyte på farsgarden, selde han att 1850 til Jon Johannesson Mo'o for 1300 spd. og reiste til Amerika.

Jon var fødd på Jørdre 1806, g. 1832 m. Anna Larsdr. Bjørku og fekk farsgarden Jørdre. Jon bytte med Sjur, bror sin, uti Mo'o og budde der til han kjøpte på Lid. Anna døydde 1874, 67 år gl. og Jon 1880. Fire born: Johannes f. 1833, Ingebjørg f. 1835, g. 1865 m. Olav Sjurson Sonve, Lars f. 1840, g. 1869 m. Marta Josefsdr. Lid, Elisabet f. 1847, g. 1870 m. Josef Nilsson Lid. Johannes gifte seg 1859 m. Ingebjørg Nilsdr. Øvre Lid og fekk 1864 garden for 800 spd. Ingebjørg døydde 1890 og Johannes 1923. Fem born: Anna f. 1860, g. m. A. G. Knutson, sjå bruk 11, Synneva f. 1862, g. m. smed Lars Torsteinson Seim, sjå bruk 13 av Lekve, Jon f. 1866, Brita f. 1869, g. m. Anders

--- side 144 ---

Knutson Møn, Nils f. 1876, g. m. Alma Pedersen, utskiftningsformann i Hordaland. Jon var g. m. Kristi Torsteinsdr. Hellesnes og fekk 1905 skøyte på farsgarden for 5000 kronor. Han var med i fatigstyret, skulestyret, heradsstyret og hadde andre tillitsyrke. Jon døydde 1914. Sonen Johannes f. 1904, har no garden. Han er g. m. Eli Persdr. Rykke.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 171, lnr. 328 med gamal skyld 2 laup, urevidert 4 dalar 3 ort 1 skill., revidert 4 dalar 21 skill. Ny skyld mark 6,08.

Bruk 2. Palmafossen. Utskilt frå bruk 1 i 1881. Skyld 5 øre. Brørne Knut og Ivar Lid kjøpte det. Eigedomen er seinare ført saman med bruk 2 Øvre Lid. Der var gamal kvern og uppgangssag, som fylgde med.

Bruk 3. Nedre Lid. Per Vikingson Øvsthus kjøpte 1743 1 laup 12 mark av ervingane ved skifte 1737. Han var g. m. Ingjerd Nilsdr. og døydde 1751, 44 år gl. og hadde fire born: Jon f. 1738, Eirik f. 1740, g. 1762 m. enkja Bryttva Sjursdr. Gjelle, Anna f. 1743, g. 1773 m. Aksel Davidson Skjervheim og Gjertrud f. 1746, g. 1768 m. Ivar Erlingson Bø. Jon gifte seg 1764 m. Brita Eiriksdr. Øvsthus og kjøpte 1760 2 pund 23 mark av ervingane etter far hans. Dei fekk borni: Per, Ingebjørg, Gudleik, Nils og Eirik f. 1766-1776. Jon selde 1786 1 laup 12 mark til Ivar Vikingson Havås, Granvin. Han var son til Viking Nesheim, som var g. m. enkja Anna Jonsdr. Folkedal. Ivar vart g. m. Anna Monsdr. og døydde barnlaus 1802, 72 år gl. På skifte etter Ivar var garden taksta 730 rd. og bruttomidelen var 2393 rd. Anna vart uppattgift 1804 m. Gudleik Jonson Lid, men fekk ikkje born med han heller. Gudleik vart gift andre gongen 1845 m. Sigrid Steffadr. Lid. Gudleik hadde ein bror Jon som var fanejunker og fekk gard på Rjodo.

Olav Sjurson Nesheim, Granvin, kjøpte 1847 bruk 3 for 300 spd. Han var f. 1806, g. m. Kristi Andersdr. og døydde 1889. Kristi var f. på Nesheim 1809 og døydde 1897. Dei fekk dotteri Torbjørg som 1869 gifte seg med Sjur Person Vinjo f. 1841. Han fekk skøyte 1875 hjå verfaren på garden for 100 spd. Sjur var snikkar, var med i fatigstyret, heradsstyret, byggjenemndi for skulehusi og var mange år gjætar saman med Olav G. Lid for reinsdyrflokken på Bordalsfjelli. Sjur døydde 1923. Born: Olav f. 1869, død 1886, Kristi d. e. f. 1871, g. m. Botolv Giljarhus, Marta f. 1873, g. 1896 ra. Nils Olavson Hylle, Eli I. 1876, g. 1902 m. lærar Knut L. Gjerdskvål (død 1904), Per

--- side 145 ---

f. 1879, g. 1915 m. Ingjerd Eiriksdr. Bryn, Kristi d. y. f. 1882, g. 1907 m. Anders Andersson, Olav f. 1886, g. m. Jensina Jensdotter Knutstad, og Anders f. 1890, g. m. Brita Netland. Per f. 1879 fekk farsgarden i 1911 for 3000 kronor. Han er med i heradsstyret og har ymse andre tillitsyrke.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 171, lnr. 329 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 1 ort 15 skill., revidert 2 dalar 1 ort 6 skill. Ny skyld mark 3,28.

Bruk 4. Nedre Lid. Josef Andersson f. 1746, nemnd ovanfor,

g. 1781 m. Guri Larsdr. Vike fekk 1777 skøyte hjå foreldri sine på 1 laup 18 mark. Av deira sju born vart berre Marta vaksi. Ho var f. 1785 og g. 1805 m. Ivar Jonson Bjørku f. 1775. Dei fekk garden hjå far hennar i 1806 for 100 rd. og fekk sonen Josef f. 1820. Han vart g. 1842 m. Anna Nilsdr. Gjelland og fekk 1853 skøyte på garden. Josef var overformyndar, valmannvaramann, medlem av heradsstyret, brandtakstmann og hadde andre tillitsyrke. Josef laga seg treskjemaskine som han dreiv med vasshjul. Både han og kona reiste 1890 til Chicago for å vitja borni sine og slektningar og var der tri år. Anna var f. 1819, døydde 1903, og Josef døydde 1909. Seks døtter: Marta f. 1844, Ingjerd f. 1845, g. 1870 m. Lars Josefson Lid, Guri f. 1847, g. 1871 m. Lars Jonson Bjørku, Kirsti f. 1850 (Amerika), Sigvor f. 1858, g. m. Olav Brynjulvson Glymme (Amerika) og Soffi f. 1862, g. m. Lars N. Hefte (Amerika). Ho Marta vart g. 1869 m. Lars Jonson Lid f. 1841, og dei fekk skøyte 1878 frå far hennar på garden for 3200 kronor. Lars døydde 1887, og Marta let garden til systri Guri og hennar mann Lars Jonson Bjørku og reiste med borni sine til Amerika. Deira son Lars f. 1892 gifte seg med Ingjerd Knutsdr. Kvormo og fekk 1922 garden hjå mor si for 2000 kronor. Han er etterkomar i 9de ledd etter Josef som budde på Lid i fyrstningi av 1600-talet.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 171, lnr. 330 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 4 dalar 7 skill. revidert 3 dalar 4 ort 17 skill. Ny skyld mark 5,74.

Bruk 5. Palmafossen. Utskilt 1881 frå bruk 4 med skyld 2 øre og selt til Knut og Ivar Lid. Bruket er seinare ført saman med bruk 2 Øvre Lid.

Bruk 6. Moldalidi. Ivar Jonson Lid skøytte det 1834 til Torstein Jonson Fagnastølen for 220 spd. Han selde 1839 til

--- side 146 ---

Kristoffer Oddmundson Graudo. Knut Larsson Bolstad kjøpte 1851 denne stølen saman med Graudo og selde same året til Knut Andersson Øvre Graudo, og stølen har siden fylgt med denne garden. Skyldi er 34 øre.

Bruk 7. Vetlestølen. Skyld 12 øre. Ivar Jonson Lid selde 1834 denne stølen til Anders Torgeirson Graudo. Lars Larsson Bjørku kjøpte 1845 stølen saman med bruk 7 Øvre Graudo og selde bruk 7 i 1846 til Jørgen Åmundson Gilbordo og stølen har sidan fylgt med Gilbordo.

Bruk 8. Nedre Lid. Nils Andersson f. 1724, nemnd ovanfor, fekk 1754 skøyte på 1 laup 18 mark som vart bruk 8, for 200 rd. Nils var g. 1763 m. Ingebjørg Sjursdr. Sonve f. 1744 og fekk seks born: Josef f. 1764, Anders f. 1769, død ugift 1841, Ingjerd f. 1771, Ragnhild f. 1774, død utan etterkomarar, Knut død ugift som handverkssvein i Bergen, Marta f. 1775, g. 1. 1801 m. ekm. Bård Nilsson Bjørku, 2. 1816 m. Knut Brynjulvson Løno. Nils døydde 1776, og Ingebjørg vart attgift 1778 m. ekm. Anders Arnfinnson Saude, Viki. Han fekk same år skøyte på garden og fekk sonen Sjur f. 1783, som vart husmann på Lid. Anders døydde 1819, 94 år gl. og hadde sju born med fyrste kona som er umtala på Saude.

Josef Nilsson f. 1764, g. 1801 m. Brita Larsdr. Gjukastein, fekk 1794 skøyte frå stykfaren på garden. Dei fekk seks born: Ingebjørg f. 1802, g. 1838 m. Lars Rasmusson Kinne, Nils f. 1805, Guri f. 1810, g. 1837 m. Nils Larsson Bjørku, Ragnhild f. 1813, g. 1833 m. Lars Sveinson Øvre Lid, Eli f. 1816, g. 1845 m. Lars Sjurson Vike, Lars f. 1821, g. 1850 m. Marta Olavsdr. Herre, skulelærar (Amerika). Josef døydde 1838 og Brita 1852, 72 år gl. Nils Josefson gifte seg 1840 m. Marta Torbjørnsdr. Rogne og fekk 1832 skøyte frå far sin på garden. Nils døydde 1862 og Marta 1886. Dei hadde to born som vart vaksne: Josef f. 1842 og Torbjørn f. 1860, død 1875.

Josef Nilsson gifte seg 1. 1870 m. Elisabet Jonsdr. Lid, 2. 1890 m. Sigvor Nilsdr. Bjørku. Han fekk 1863 skøyte på garden hjå mor si for 400 spd. Josef var direktør i Voss Sparebank, kyrkjeverje, medlem av skulestyret og heradsstyret og var mykje med på skylddeilingar, utskiftingar og skyn. Sigvor døydde 1924 og Josef 1928. Josef hadde fem born med Elisabet: Marta f. 1872, g. m. Nils Davidson Prestegard, Nils f. 1874, Jon f. 1877, g. m. Anna Ingeborg Alstad, Torbjørn f. 1880,

--- side 147 ---

død 1905, Anna f. 1882, g. m. Nils Åmundson Fjose på Nyre. Jon var kaptein i artilleriet, hadde mange militære stillingar og var sjef for artillerikontoret i armestyret. Nils gifte seg med Marta Mattisdr. Dukstad og fekk 1913 skøyte på garden for 3500 kronor. Nils og syskini hans er etterkomarar i 9de ledd etter Josef som budde på Lid i fyrstningi av 1600-talet.

Bruk 8 var fyrr mtrnr. 171, lnr. 331 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 3 dalar 4 ort 21 skill., revidert 3 dalar 4 ort 17 skill. Ny skyld mark 5,74.

Bruk 9. Borgestad. Utskilt frå bruk 4 i 1901. Skyld 16 øre. Gjertrud Andersdr. Ringheim kjøpte det og selde att 1918 til fabrikkeigar E. T. Hoven. Han selde same år til lokomotivførar J. T. Kristiansen. Anton Borge kjøpte eigedomen 1923 og selde att 1928 til Nils J. Borge.

Bruk 10. Liarbø. Skilt ut frå bruk 4 i 1903. Skyld 28 øre. Gunnar Olavson Fykse frå Hardanger kjøpte det og bygde der. Sonen Olav fekk det 1922 og selde 1926 til Anders Sjurson Lid.

Bruk 11. Palmaflaten. Utskilt 1905 frå bruk 1. Skyld 14 øre. Anna Johannesdr. Lid fekk det hjå far sin og bygde der. Ho er f. 1860 og g. m. A. G. Knutson.

Bruk 12. Palmafossteigen. Skilt i 1916 frå bruk 11 med skyld 1 øre og selt til Voss Sagbruksinteressentskap.

Bruk 13. Palmafossteigen. Utskilt 1922 frå bruk 1, 3 og 11. Det er i 1923 ført saman med bruk 12, som deretter har skyld 4 øre. L/l Trelastforretningen er eigar.

Bruk 14. Seimsflat. Skilt ut frå bruk 11 i 1922. Skyld 6 øre. Lars T. Seim kjøpte det.

Bruk 15. Bjørkelund. Skilt ut frå bruk 1 i 1925 med skyld 3 øre. Eigar: Helge Århus.

Bruk 16. Helgaset (ligg ovanum Dale). Utskilt 1926 frå bruk 1, 3, 4, 8 Nedre Lid og bruk 1, 3, 5 og 6 Øvre Lid og selt til Anton Gunderson, f. 1884, g. 1914 med Kari Åmundsdotter Takla, f. 1886. Eigedomen var fyrr husmannsplass. Skyld 28 øre.

Bruk 17. Elvheim. Skilt frå bruk 3 i 1927 med skyld 2 øre og ervefest til Bror Svenson.

Bruk 18. Skoglund. Utskilt frå bruk 12 i 1929 med skyld 12 øre. Knut Ivarson Møn, g. m. Anna. Jonsdr. Lid, fekk 1930 skøyte på eigedomen. I 1933 vart fråskilt eit stykke med 1 øre i skyld og lagt til bruk 20.

--- side 148 ---

Bruk 19. Bortheim. Skilt i 1932 frå bruk 14 med skyld 1 øre og selt til Ingebjørg O. Tvilde.

Bruk 20. Lidheim. Utskilt 1933 frå bruk 18 Nedre Lid og bruk 2 Øvre Lid med skyld tilsaman 2 øre. Johannes L. Lid kjøpte det.

Bruk 21. Hagateigen. Utskilt 1934 frå bruk 1 Nedre Lid med skyld 10 øre. Kirsti T. Lid er eigar.

Bruk 22. Damteigen. Skilt 1936 frå bruk 13 Nedre Lid med skyld 1 øre. Trelastforretningen er eigar.

Palmafossen.

Palmafossen er namnet på fossen der i Raundalselvæ. Ovanfor fossen var Palmavadet. Etterkvart det har vorte bygt der umkring, er desse eigedomane på båe sidor åt elvi kalla med samnamnet Palmafossen. Då den nye postvegen frå Vangen til Hardanger i 1860-åri var teken i bruk, vart det lagt veg frå vegen i Nedre Tjukkebygdi til postvegen med trebru over Raundalselvæ nedanfor Palmafossen. Fyrr gjekk denne vegen um Gjerdåkshaugen, Tvilderåæ, Båbruæ og til Vangen. Trebrui vart seinare umbytt med steinbru. På bruk 2 Palmafossen av Øvre Lid er umtala sagbruket og matrialhandelen der. Palmafossen skule vart bygd i 1892. Sidan 1890-åri har det vore bygt noko um senn på Lid og Bryn sin eigendom på sørsida av elvi og på Gjerdåk og Rykke sin eigedom på nordsida. Til Palmafossen vert no rekna bruk 3, 4 og 8 på Gjerdåk, bruk 4-6 og 8-12 på Øvre Rykke, bruk 3, 4 8, 9, 12 og 13 på Nedre Rykke, bruk 2, 4, 8, 9, av Øvre Lid, bruk 2, 5, 9, 11-22 av Nedre Lid, og bruk 6, 9-12, 21, 22 av Bryn sin eigedom. Skomakar Olav H. Bulko har og stove der på bruk 3 Nedre Lid sin eigedom. Han er f. 1866, g. m. Marta Knutsdr. Rosseland, Vikør og har fleire born. Granvinbanen har stasjon på Palmafossen. Der er og postopneri og rikstelefonstasjon, tri handelsmenn, bakeri og nokre handverkarar. Ved folketeljingi i 1920 var der 132 menneske. I 1937 er der 13 bustadhus med 74 menneske på Tjukkebygdarsida og 15 bustadhus med 116 menneske på Kvitlarsida.

Husmenn på Lid.

Olav Lid var husmann i 1711. Ein annan Olav fekk 1770 sonen Samson. Olav Larsson, g. m. Synneva Knutsdr., døydde

--- side 149 ---

1791 og hadde tri born: Lars, Knut og Anna f. 1748. Guri Sjursdr. døydde 1806 som husmannskone barnlaus. Knut Nilsson døydde 1820, 62 år gl. Sjur Andersson Øvre Lid f. 1783 døydde 1827. Enkja Guri Nilsdr. levde att med tri born: Ingebjørg, Gunnbjørg og Anders f. 1819-1824. Torgis Knutson, g. m. Sigvor Persdr., fekk sonen Per f. 1843. Brynjulv Steffason hadde borni Steffa og Sigvor og truleg fleire. Ho gifte seg 1854 m. Mikkjel Knutson Skjeldal. Steffa vart g. 1846 m. Eli Nilsdr. Sonve og fekk 1847 husmannsfeste. Dei fekk borni Knut, Marta og Anders f. 1850-1853.

Erling hadde plasset Liabødn nedanfor den gamle postvegen ved Brynamerket. Sidan budde Brynjulv der og hadde plasset til 1840-1850-åri. Han hadde to born: Ingebjørg og Eirik som vart gardmann på Bø i Tjukkebygdi (bruk 4). Gjenta Guro Nilsdr. f. 1806 hadde plasset i 1860-1870-åri. Lars Andersson Takla f. 1811, g. 1839 m. Anna Brynjulvsdr. Fletre f. 1811, var husmann fyrst i Takladokkjæ, deretter 19 år på Helgaset, hadde so nokre år gard på Kolvu og budde sidan i Lekvebakkane og er umtala på Lekve. Dei hadde dotteri Anna f. 1841. Gitle Nilsson Fenno f. 1826, g. 1851 m. Brita Herbrandsdr. Takla budde so på Helgaset. Han var sers god til å øksa og saga timber med handsag (timbersag). Gitle døydde 1897, Brita 1915 og hadde borni: Nils (Amerika), Anders død ugift, Inga (Amerika), Marta, g. m. Karl By, Lærdalsøyri, og Brita f. 1874. Helgasetplasset er no bruk 16 Nedre Lid. På Nedre Lid har i gamal tid vore eit plass uppe under Skutlesvegen. Tuftna heiter ein stad i Geilo på Øvre Lid (no bruk 7) der det var husmann i kring 1830. Stadnamnet Humlagar'n i Geilo syner at husmannen der har havt humlagard.

Støl.

Stølen var ei mil frå garden heiter det i 1723. Lid har havt vårstøl på Helgaset ovanum Dale, men då dei slutta med å bruka vårstølen, sette dei (so nær som bruk 3 Nedre Lid) mesteparten av stølstrædi burt til husmannsplass. Sumarstøl eig sume bruk på Løkjane ovanfor Helgaset og sume på Haset som ligg lenger uppe, men berre sume av Lidane bruker no desse stølane. Um stølane Moldaliæ og Vetlestødl'n sjå bruk 6 og 7 Nedre Lid. Bruk 1 Øvre Lid kjøpte 1928 på Nyestødl'n og Kulset av bruk 5 Stora Rokne, og bruk 3 Øvre Lid kjøpte 1907 støl på Jonsstølen. - I Håsetvatnet skal det i gamal tid ha vore fisk, men ikkje seinare fyrr Sjur Lid slepte fisk der.

--- side 150 ---

Kvern og sag.

På Øvre Lid var ei flaumkvern i 1723 og 1776 og 1791 var det ei på Øvre Lid og tri på Nedre Lid. Då Jon Person i 1786 skøytte 1 laup 12 mark fylgde det med kvernhus med reidskap. På Øvre Lid var fire kvernar og likeins på Nedre Lid til i 1860-åri. I Palmafossen var kvern og sag til dess Knut og Ivar Lid bygde nytt sagbruk.

Offentlege forretningar.

Forretning 1677 um skiftelina mot Dale. Merkeskilsforretning 1756 millom Øvre og Nedre Lid og 1762, 1767 millom Nedre Lid og Bryn. Åstadsak 1759 på Nedre Lid. Steiningsforretning 1791 på Nedre Lid. Odelssak 1795. Semje 1834 um gjerde og beiting. Takst 1832 og 1850. Utskifting 1860, 1864-65 og i Helgasetliæ 1870. Kontrakt 1873 um veg til postvegen. Godviljug skifte 1906 av gjerde. Godviljug utskifting 1902 millom bruk 5 og 6 Øvre Lid. Utskifting 1935. Ved utskifting i 1860-åri vart ikkje huseflytting. På Øvre Lid hadde bruk 1 og 3 tun saman og likeins bruk 5 og 6. På bruk 1 og 3 kalla dei bruk 5 og 6 for Burtigar'n og bruk 5 og 6 kalla umvendt bruk 1 og 3 for Burtigar'n. Bruk 1 og 3 heitte seg millom Burtistovo. Bruk 3 heitte Uppistovo og bruk 1 Nistovo. På Nedre Lid har bruk 1 og 3 tua saman og likeins bruk 4 og 8 (Nigarden). Etter utskiftingi 1902 flytte bruk 6 på Øvre Lid husi sine lenger aust til Kolgrovehaugen og vert no kalla Innpå Haugen. Etter utskiftingi 1935 skal bruk 1 Øvre Lid flytta vestover og på Nedre Lid bruk 3 vestover og bruk 4 nedover og 8 austover.

Bumerke.

Hallvard 1713, 1733 tavle 7 nr. 85, noko brigda 1729 og 1732. Knut 1716 t. 7 nr. 86. Johannes Øvre Lid 1718, 1733 t. 5 nr. 6, mykje brigda 1732. Lars Øvre Lid 1718, 1734 t. 2. nr. 86, mykje brigda 1738. Han teikna 1721, 1750 t. 7 nr. 87 og litt brigda 1723. Jon Nedre Lid 1771 t. 7 nr. 88. Per Øvre Lid 1729 t. 1. nr. 18. Per Lid teikna 1748, 1749 W. Åmund Øvre Lid 1735 t. 7 nr. 89 og teikna 1756 eit anna merke. Torstein Øvre Lid fleire gonger 1735-1770 t. 7 nr. 90, men brigda mykje 1753. Mikkjel 1737, 1743 t. 3 nr. 21, brukte to andre merke 1762-1778. Anders 1737, 1750 t. 7 nr. 91 og brukte tri andre merke 1778-1783. Mons 1750 t. 1 nr. 91. Torgeir 1754 t. 7 nr. 97, mykje brigda 1766. Viking 1758 t. 7 nr. 98, noko brigda 1764, Svein mange gonger 1763-1780 t. 7 nr. 99. Per 1763 t. 7 nr. 100. Nils Nedre Lid 1776 t. 7 nr. 101.

Ymse.

Olav Nilsson Møn f. 1790, g. 1842 m. Brita Brynjulvsdr. Bryn, kjøpte 1853 kår på bruk 3 Øvre Lid og flytte smidja med seg frå Veiseteigen der han fyrr hadde butt. Han var sers god til å arbeida både i tre og jarn og alt hans arbeid var sers fint fråseggjort. Han laga mykje trekjørold, arbeidde smidjestedar, skruestedar, koparkjelar, bjøllor og mykje anna.

--- side 151 ---

Emne til større smedearbeid laga han sume tider ved å sjoda ihop gamle jarnsaker. Olav var ein av dei fyrste på Voss som arbeidde hjulkjerror. Han kokte trematerialane til hjulene. På Nyre er ei kjerre i bruk, der hjulhòve og eikor er av ei kjerre som Olav arbeidde.

Anders Mikkjelson og Per Vikingson bytte 1745 ein skogteig ved Brynamerket med ein skogteig ved Vikesmerket, men der er uvisst kva kvar åtte. Andres Mikkjelson og sonen Mikkjel bytte og skogteigar i 1762.

Liafuro ovanfor postvegen er freda. I 1924 var ho mælt til å vera 2,89 meter umkring 1,25 meter ovanfor roti. Ei segn segjer at i ei røys ved Storafuro skal vera nedgrave ein embar med sylvpengar. På bøen uppe mot åsen syner det etter lange flåveiter som tidlegare har vore brukte til å føra flaumvatn til groi. På Helgaset var nokre år i kring 1900 drive med hellearbeid. Stadnamni Humlagarden på Nedre Lid ved Skutlesvegen og Humlagarden på Smidjehaugen på Øvre Lid syner at der har vore drive humleavl. Nedanfor stølen Løkjane er i ei myr funne ei stor jarnkròka og i groi lenger nede er funne fleire jarnkròkor som må vera etter jarnbrenning.

I 1736 var det nervefeber på Lid og sju menneske døydde.

Gamle bygdavegen til Skutlesgardane tok or gamle postvegen austanfor husi på bruk 4 Nedre Lid, gjekk austover til øvst på Kinnesbøen, der den nye Skutlesvegen kjem frå postvegen på Kinne. Sidan er det gamle vegen som held fram til Skutle og vidare um Grovu og til postvegen ved Malahaugen. I reina under Storåkeren på bruk 3 Øvre Lid vart 1891 i ei grav funne sverd, skjold, piler og ymse andre saker frå vikingetidi som er i Bergens Museum. I 1902 er det i ei røys på Kakkarehaugen på bruk 3 Øvre Lid funne krukkebrot, glaskulor, i kring 30 ravperlor og ymse andre ting frå vikingetidi som og er i Bergens Museum.

Etter segni var det «Killingåkern» nedanfor husi på bruk 8 Nedre Lid som fyrst vart dyrka på Lid. Det skulde vera to kjerringar på Rykke som fyrst grov seg nepegjerde der.

Den namngjetne Storevikjen kom i 1834 til Øvre Lid der det var dansemoro i stova på bruk 6. Storevikjen skapte seg til, skipla dansen og bykste upp på langbordet og tok krakken under spelemannen og slengde inn i danseflokken. Fire handfaste karar sprang då til og drog Storevikjen etter buksa på

--- side 152 ---

golvet, kvelvde langbordet over han og la seg på det. Han var likevel um og reiste seg. Ein reiv då fotafjøli av ei seng og slo han i kruna til han gav seg og kraup på alle fire at gjenom døri og fór sin veg.

Etternemnde ting er funne på Lid (sumt av det kann likevel gjelda fund gjorde på Lid i Raundalen): I Rundehaugen eit sverd. I ein annan haug eit kjer av kleberstein. I ei grav var brende bein, 3-4 skjoldbular, 8 pileoddar, øks, krumkniv, reimskoning, 5 klinkenaglar, jarnstykke og ein reimskoning av bronse. På marki var funne ei øks.