133. Lid (i Raundalen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 341 ---

Namnet vert i 1563 skrive Liidt. Det vert no sagt Lí út i Dale; han búr pao, è tao Lí, ska tì Lía. Det er same ord som ei lid, fjellside, gn. hlíð (gen. hlíðar).

Landkommisjonen har ført upp Lid 1661 med 2 laup 1 pund i skyld og at der var to brukarar. Det er likeins i matrikkelen 1723. Då er det fortalt at Lid var ein god fjellgard, nokolunde lettbrukt og årviss til kornavl. Der var ei flaumkvern, ikkje husmannsplass og lite ved. Skyldi 2 laup 1 pund vart 1838 umskrivi til 9 dalar 1 ort 2 skill. Samanlikningstalet var 1390 og der var timber- og vedaskog til gardsbruk.

Matrikkelen 1865 melder at der var 381/3 mål åker, 34½ mål god, 41 mål medels natureng og 66½ mål skrapebø. 6 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var ring. Skog til husbruk og timber kunde seljast på bruk 1, 2, 4 og 5 for 1½ spd. um året og på bruk 3 for 3 spd. Garden var nokolunde lettbrukt, bruk 1-4 var dyrka mindre godt og bruk 5 betre enn vanleg. Ved uppteljingi 1918 var det 19,1 mål åker, 7 mål kunsteng og 47 mål natureng.

Folketalet på Lid var 23 i 1801, 31 i 1865 og 42 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Lid.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 17 25
1723 2 19 18 11
1865 5 39 78 83 67
1918 3 16 44

Oluff på Lid var brukar 1563, 1591 og 1611 og betalte 1563 1 dalar i skatt og 1591 og 1611 1 kalvskinn i fredholdt. Jordboki for Vangens prestebol 1585-1616 melder at prestebolet fekk 1 såld korn og ½ laup smør i landskyld. Lasse var leiglending 1611, 1614 og 1621. Oluff Skjerve åtte 9 mark i Lid 1621. Leidangsboki 1624 fortel at leidangen var 15 mark smør og 1 geitskinn. Eirik og Arne var leiglendingar. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset 1 laup ½ pund med 2½ dalar ½ ort i skatt. Eirik var brukar på det. Han betalte 1635 odelsskatt

--- side 342 ---

for 2 pund. Åmund Josteinson g. m. Brønild betalte 1640 det han orka i skatt med 1 ort.

I 1652, 1655 og 1659 er skyldi førd upp med 2 laup 18 mark. Munkelivgodset åtte 1½ laup og Vangens prestebol 3 spann. Ei enkje og Åmund var leiglendingar 1652. Han hadde heile garden 1655 og 1659. Åmund og Lars var leiglendingar 1657 og Åmund og Steffa 1661. H. Garmann fekk kongeskøyte 1662 på 1½ laup Munkelivgods og selde det att same året til Klas Miltzow. Lid er ikkje kome med i manntalet 1664. Tri


Lid i Raundalen
Bilete 42. Lid i Raundalen. Fot. P. Braaten 1936.

spann lå ubrukte i 1672 og slapp fri for skatt. Klas Miltzow åtte 1½ laup og Vangens prestebol 3 spann i 1680 og 1691. I staden for Klas var Henrik Miltzow eigar av 1½ laup 1695. Gudleik og Halle var leiglendingar 1691, men 1695 hadde Halle heile garden.

Folketeljingi 1701 har tri leiglendingar: Halle Åmundson, d. e. 57 år, Knut Villemson, 43 år og Halle Åmundson d. y. 54 år. Halle d. e. var g. m. Steinvor Mikkjelsdr. Ho døydde 1714 og hadde borni Nils f. 1687, Anna, Sygni, Gunnhild, g. 1. 1715 m. Torleiv Olavson Helle, 2. 1722 m. Olav Ivarson

--- side 343 ---

Kolvu, Åmund f. 1701 g. 1730 m. Barbrå Sjursdr. Himle og døydde 1765, og Anders. Knut Villemson, nemnd ovanfor, var g. m. Botilda Helgesdr. og var leiglending på ½ laup 4½ mark til 1718, då han i staden bygsla 13½ mark av prestebolet. Han døydde 1721 og hadde dotteri Gjertrud f. 1705.

Johannes Olavson Lid bygsla 1708 1 pund av Lauritz Miltzow. Eigarane i 1714 var framleies som i 1695. Der var tri leiglendingar i 1715: Ragnhild, Knut og Helge. Gulbrand Bjarneson frå Hallingdal bygsla 1718 prestebolgodset. Ivar og Mattis er skrivne som leiglendingar i matrikkelen 1723. Jon Olavson kjøpte 1724 1½ laup av Henrik Miltzow og bygsla 1727 3 spann som prestebolet åtte.

Lars Bårdson Sponheim kjøpte 1728 1½ laup på Lid. Han var gift 1710 m. enkja Eli Knutsdr. Villand, Kolvu, som var gift fyrste gong med Kjel. Lars hadde sidan 1713 butt på Skiple som leiglending. Då Eli døydde, gifte Lars seg med Anna Åmundsdr. Lars døydde 1751, 63 år gl. og Anna, gifte seg 1753 m. Gitle Vikingson Lid. Kjel og Eli sine born var: Lars, Knut og Arngunna. Lars bygsla 1740 1 laup 4½ mark på Lid og døydde ugift 1744, 40½ år gl. Knut f. 1706 vart g. 1732 m. Marta Torleivsdr. Bø, sjå på Bø. Arngunna f. 1707 gifte seg 1733 m. Anders Larsson Kolvu, som kom til Dukstad.

Lars og Eli hadde tri born: Kjel, Bård og Guro. Kjel f. ikring 1710 vart g. 1. 1731 m. Ingjerd Torleivsdr. Lid, 2. 1736 m. Gudve Eiriksdr. Gjerde og 3. 1750 m. Anna Herbrandsdr. Lindberg. Kjel bygsla 1732 ½ laup av prestebolgodset, kjøpte same året av far sin 18 mark og fekk 18 mark som gåve frå han. I 1748 fekk Kjel dertil skøyte frå faren på 1 pund i Lid. Kjel bytte 1767 med Mikkjel Knutson uti Gjukastein, der Kjel sidan vart buande. Bård f. 1716 vart g. 1. m. Herborg Torbjørnsdr., 2. 1747 m. Ingebjørg Johansdr. Vetla Høn, var husmann på Lid og fekk sonen Torbjørn 1745.

Guro Larsdr. f. 1713 gifte seg 1734 m. Lars Olavson Haugen f. 1709, som bytte seg til Kvåle, Tjukkeb. Lars Bårdson og Anna fekk dotteri Eli og dessutan Marjo og Torstein som truleg døydde som born. Eli f. 1729 gifte seg 1748 m. Mattis Sjurson Vålo. Han fekk skøyte 1748 frå verfaren på 3 spann i Lid og selde det att 1750 til stykfar sin, Styrk Mikkjelson.

Mikkjel Knutson som i 1767 ved byte hadde fått 3 spann i Lid selde det 1773 til Tormod Torsteinson, som selde att

--- side 344 ---

1775 til Anders Oddson Kvåle for 290 rd. Han var g. m. Inga Eiriksdr. og fekk på Lid sonen Ivar f. 1781. Anders selde dei 3 spann 1786 til Nils Brynjulvson Gjerdåk, som då var leiglending på Lirhus. Nils var g. 1762 m. Ragnhild Hermannsdr. Lirhus f. 1743 og hadde borni: Synneva f. 1765, g. 1795 m. Olav Hallsteinson Grindaland, Olav f. 1767, g. 1792 m. Marta Nilsdr. Kvåle, Brynjulv f. 1767, Hermann f. 1769, Gudleik f. 1772, Marta f. 1775, g. 1796 m. Jon Erlendson Grindaland, framhald bruk 3, Anders f. 1777 og Knut f. 1786.

Helge er skriven som leiglending 1715 og hadde to døtter Barbrå og Botilda. Barbrå var g. m. Rognald Halldorson, som var leiglending nokre år millom 1701 og 1715. Barbrå døydde 1716 og hadde fem born: Halldor 23 år, Erling 13 år, Lars 13 år, Guri g. m. Henrik Heimberde og Marta 11 år.

Botilda Helgesdr. var som ovanfor umtala gift fyrst med Knut Villemson og andre gongen 1722 m. Mattis Eirikson Lydvo. Han vart då leiglending og døydde 1751, 52½ år gl. I 1749 sa han upp bygsli, og versonen hennar Botilda, Nils Vikingson Lid, g. m. Gjertrud Knutsdr. f. 1705, bygsla i staden. Nils hadde to born som me veit um, Brita f. 1741 og Marta f. 1746 og døydde 1793, 86 år gl.

Brita Nilsdr. gifte seg med Endre Torbjørnson og døydde 1806, 65 år gl. Han bygsla 1759 2 pund 6 mark av soknepresten. Endre døydde 1812, 84½ år gl. Dei hadde ni born: Knut f. 1760 som budde på Byrkjo, Ingebjørg f. 1760, g. m. Olav Larsson Lid, framhald bruk 2, Marta f. 1763, g. 1795 m. Nils Torgeirson Vetla Grovu, Nils f. 1766, Gjertrud f. 1769, g. 1826 m. Nils Torgeirson Lindberg, Torbjørn f. 1772, som var underoffiser og døydde 1848, Brita f. 1878 g. 1825 m. Anders Jonson Heimberde, Brita f. 1780, Olav f. 1783, g. 1813 m. Marta Persdr. Kjønnagard. Nils Endreson bygsla 1807 1 pund 3 mark av prestebolgodset. Framhald bruk 1.

Torgeir Larsson bygsla 1737 2 pund av sorenskrivar Fleischer. Styrk Mikkjelson, g. m. enkja Brynhild Torleivsdr., umtala på Bø, kjøpte 1750 2 pund 6 mark landskyld på Lid og selde det att 1752 til Jon Olavson Lid, som selde att 1754 til Gudleik Larson Graudo. Han selde 1½ spann landskyld 1756 til Viking Knutson og 1½ spann landskyld i 1759 til Bjarne Knutson. Viking var g. m. Brita Kolbeinsdr. og fekk borni Marta f. 1761, Knut f. 1764 og Kolbein f. 1769.

--- side 345 ---

Bjarne Knutson bygsla 1759 1 pund 3 mark av soknepresten og 1770 2½ spann av Viking. Bjarne var som ekm. g. m. enkja Marta Torleivsdr. Dei døydde båe 1791, han 69 år gl. og ho 75 år. Dei hadde dotteri Gunnhild. Bjarne hadde i fyrste ekteskap dotteri Gunnhild, g. 1780 m. Knut Andersson Sygnaberde. Ho Marta hadde med Lars, fyrste mannen sin, fire born: Torleiv, Olav, Marjo, g. m. Lars Snareson Såkvitno og Ingebjørg, g. m. Jon Sverkveson Øyaflòten. Knut og Gunnhild budde på Lid til 1794, då han fekk skøyte på Sygnaberde og budde sidan der. Dei fekk sonen Knut f. 1781 og fleire born som er tilførde på Sygnaberde.

Knut Knutson f. 1781 fekk skøyte på landskyldi til 2 pund 6 mark på Lid frå ervingane ved skifte 1791 etter Marta Torleivsdr. Olav Andersson Sygnaberde kjøpte i 1794 av Knut landskyldi til 1 pund 3 mark. Framhald bruk 4. Det som Knut hadde att, vart bruk 5.

Dei einskilde bruk på Lid.

Bruk 1. Lid. Nils Endreson umtala ovanfor bygsla 1807 bruk 1 av soknepresten. Nils var f. 1766 og døydde 1857 som kårmann. Anders Jonson Heimberde, g. 1825 m. Brita, syster hans Nils, bygsla bruk 1 i 1825. Anders døydde 1831, 41 år gl. utan etterkomarar. Ho Brita fekk kongeskøyte på garden 1847 for 300 spd. og jordavgift 7 skjeppor 2¼ fjerdingkar bygg, selde att 1849 til Lars Olavson Lid for 300 spd. og døydde 1866 utan etterkomarar. Lars er umtala på bruk 2. Ved skifte etter Ingebjørg, kona hans Lars, fekk deira son Olav garden for 350 spd.

Olav Larson f. 1843 var g. 1872 m. Ingebjørg Halldorsdr. Kolvidi f. 1847. Dei fekk borni Lars f. 1873, død ugift 1913, Brita f. 1875, g. 1902 m. Frants Larsson f. i Bergen 1870. Olav døydde 1915 og Ingebjørg 1920. Jon Frantsson Steen kjøpte garden 1926 for 2000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 134, lnr. 264 med gamal skyld 1 pund 3 mark, urevidert 1 dalar 2 ort 23 skill., revidert 1 dalar 3 ort 10 skill. Ny skyld mark 2,45.

Bruk 2. Lid. Olav Larsson Heimberde, g. 1791 m. Ingebjørg Endresdr. Lid døydde 1834, 80 år gl. Ho døydde 1829, 69 år gl. Han bygsla bruk 2 av soknepresten, og hadde fire born: Marta

--- side 346 ---

f. 1791, g. 1839 m. Knut Knutson Byrkjo, Lars f. 1793, Endre f. 1795, død ugift 1869, Bjarne f. 1799, g. 1839 m. Ingjerd Torkjelsdr. Vålo. Lars bygsla 1826 bruk 2, gifte seg 1839 m. Ingebjørg Knutsdr. Byrkjo og døydde 1855. I skifte etter Ingebjørg 1858 er ført upp tri born: Ingebjørg f. 1841, død ugift 1923, Olav f. 1843 og Knut.

Knut Larsson f. 1844, g. 1870 m. Gjertrud Knutsdr. Kvarakvål, fekk 1859 kongeskøyte på bruk 2 for 460 spd. og jordavgift som seinare er løyst. Knut Bjarneson Eggjareid d. y. kjøpte garden 1878 for 3720 kronor. Han var f. 1828, g. 1861 m. Ingebjørg Sjursdr. Kleivane og hadde butt på Eggjareid då han kom til Lid. Dei hadde borni Bjarne f. 1862, Marta f. 1865, Sjur f. 1867, g. 1889 m. Ragnhild Olavsdr. Reime, Lars f. ,1870. Olav f. 1875. Bjarne vart g. 1895 m. Ingebjørg Hallsteinsdr. Kolvu og fekk 1897 skøyte på farsgarden for 2200 kronor. Bjarne selde garden 1923 til Lars, bror sin, for 2000 kronor. Han er g. 1893 m. Marta Larsdr. Lid f. 1864.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 134, lnr. 265 med gamal skyld 1 pund 3 mark, urevidert 1 dalar 2 ort 23 skill., revidert 1 dalar 3 ort 6 skill. Ny skyld mark 2,40.

Bruk 3. Lid. Jon Erlendson Grindaland, g. 1796 m. Marta Nilsdr. Lid, umtala ovanfor, bygsla 1795 2 pund 6 mark og kjøpte 1795 og 1800 2 pund 6 mark på Lid. Marta døydde 1797 og Jon gifte seg andre gongen 1798 m. Ingebjørg Johannesdr. Lindberg og tridje gong 1800 m. Ingebjørg Nilsdr. Sonve. Med henne hadde Jon borni Nils f. 1801, g. 1823 m. Ingebjørg Larsdr. Sundsvål, Olav f. 1803, g. 1823 m. Gunnhild Larsdr. Sundsvål, Erlend f. 1805, g. 1840 m. Gjertrud Olavsdr. Lindberg, Anders f. 1806, g. 1839 m. Gjertrud Nilsdr. Kvåle, Nils d. y. f. 1810, g. 1837 m. Marta Olavsdr. Bø. Jon Erlendson døydde 1833, 77 år gl.

Nils Jonson d. e. f. 1801 fekk farsgarden 1828, døydde 1876 og hadde borni Jon f. 1824, g. 1856 m. Gjertrud Larsdr. Lid, Ingebjørg f. 1826, Lars f. 1828, Olav f. 1831, Kristoffer f. 1834, g. 1865 m. Jorunn Eiriksdr. Kyte, Erlend f. 1836, Nils f. 1839, Mikkjel f. 1843, Josef f. 1847. Lars Nilsson f. 1828, g. 1860 m. Marta Sjursdr. Kleivane fekk garden etter foreldri og kongeskøyte 1872 på overbygsli til bruk 3 for 700 spd. og jordavgift 1 tunne 1 skjeppe 3 fjerdingkar bygg. Marta døydde 1895 og Lars 1909. Dei hadde to døtter Ingebjørg f. 1860 og

--- 347 ---

Marta f. 1864. Marta gifte seg 1893 m. Lars Knutson Lid. Ingebjørg vart gift 1. 1882 m. Nils Brynjulvson Kvåle, 2. 1884 m. Jon Olavson Kvåle. Jon fekk farsgarden hennar 1885 for 2800 kronor. Han dreiv ei tid med ljåarbeid. Deira son Olav f. 1887 fekk garden 1921 for 12 300 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 134, lnr. 266 med gamal skyld 2 pund 3 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 2 dalar 2 ort 20 skill. Ny skyld mark 3,74.

Bruk 4. Lid. Olav Andersson Sygnaberde fekk 1794 som ovanfor meldt skøyte frå Knut Knutson på landskyldi til 1 pund 3 mark og fekk same tid bygslesetel på det frå soknepresten. Olav er skriven for grenader då han 1797 gifte seg med Brita Jonsdr. Alland. Olav selde 1816 landskyldi for 10 rd. til Gudleik Sjurson Bø, som same år bytte med Torleiv Olavson uti eit bruk i Kvitno. Torleiv fekk på same tid bygslebrev på overbygsli og i 1838 kongeskøyte på bruk 4 for 300 spd. og jordavgift 5 skjeppor 22/3 fjerdingkar bygg. Torleiv var g. m. Marta Torgeirsdr. og fekk borni Olav f. 1812, Torgeir f. 1816, g. 1840 m. Brita Endresdr. Heimberde, Sigvor f. 1818, g. 1843 m. Olav Johannesson Helgeland, Ingebjørg f. 1822 og Brynjulv f. 1829.

Jon Arneson Kolvu kjøpte 1840 bruk 4 for 300 spd. Han var g. 1831 m. Ingjerd Arnesdr. Nygryten og fekk borni Guri f. 1831, Arne f. 1833, sjå bruk 1 Kolvu, Anna f. 1836, Olav f. 1838 g. 1873 m. Marta Askjelsdr. Heimberde, gardmann på Bryn, og Jon f. 1841. Jon Arneson var f. ikring 1797 og skifte etter han var halde 1843. Ho Ingjerd selde garden 1844 til Hallstein Gudleikson Skiple for 350 spd. Han selde att 1859 til Sjur Bjarneson Eggjareid og kjøpte bruk 2 på Kolvu. Sjur var f. 1824, g. 1854 m. Rannveig Olavsdr. Fagnastølen f. 1812 og døydde 1907. Dei hadde borni Gjertrud f. 1855, g. 1877 m. Jens Larsson Hagen og Marta f. 1860, g. 1880 m. Lars Olavson Almenningen f. 1855. Lars fekk skøyte på garden 1881 for 1800 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 134, lnr. 267 med gamal skyld 1 pund 3 mark, urevidert 1 dalar 2 ort 15 skill., revidert 1 dalar 3 ort 18 skill. Ny skyld mark 2,55.

Bruk 5. Lid. Knut Knutson åtte som ovanfor umtala landskyldi av 1 pund 3 mark etter skøyte 1791. Knut gifte seg 1810 m. Synneva Jonsdr. Heimberde og fekk borni Kari f. 1812,

--- side 348 ---

g. 1841 m. Svein Steffason Tverberg, Gunnhild f. 1815, g. 1846 m. Jon Larsson Alland, Jon f. 1817, Brita f. 1820, g. 1844 m. Styrkar Olavson Fagnastølen, Knut f. 1823. Jon Knutson f. 1817, gifte seg 1847 m. Ingjerd Arnesdr. Kolvu og fekk 1852 kongeskøyte på bruk 5 for 400 spd. og jordavgift 5 skjeppor 2½ fjerdingkar bygg. Dei fekk på Lid borni Synneva f. 1849, g. 1873 m. Asle Brynjulvson Reime, Gunnhild f. 1851, g. 1873 m. Anders Andersson Sygnaberde.

Asle Brynjulvson fekk skøyte frå verfaren på garden 1875 for 400 spd. Born: Synneva f. 1874, g. 1898 m. Olav Olavson Kolvu, Ingjerd f. 1876, g. 1899 m. Jon Ketilson Dale f. i Nissedal 1874, Brynjulv f. 1881, Jon f. 1883, g. 1928 m. Marta Sveinsdr. Kvitno, Anna f. 1885, g. 1905 m. Olav Jensson Kolvu. Brynjulv fekk garden i 1914 for 1500 kronor.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 134, lnr. 268 med skyld som bruk 4.

Bruk 6. Skogheim. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 4 i 1898 og selt til Olav O. Kvåle. Knut K. Draugsvoll kjøpte eigedomen 1905 for 3000 kronor.

Bruk 7. Raundalens kyrkjegard. Skyld 4 øre. Skilt frå bruk 1 i 1905 og selt til Voss herad til kyrkjegard for Raundalen.

Bruk 8. Kyrkjetufti. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1914 og selt til Voss herad. Voss heradsstyre vedtok i 1919 å byggja kyrkje der åt Raundalen. Um lag 12 000 kronor var då kome inn som friviljuge gåvor. Noko kom og inn under byggjingi. Kyrkja kom på ikring 100 000 kronor og vart innvigd i august 1921.

Bruk 9. Kyrkjegarden. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1921 og selt til Voss herad som tillegg til kyrkjegarden åt Raundalen.

Bruk 10. Krossvegen. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 i 1926 og selt til Voss herad.

Husmenn.

Jostein Endreson f. 1665 var husmann i 1701. Asle Knutson frå Villand f. 1686, g. m. Brita Larsdr. Grovu var plassfolk 1726 og bygsla seinare på Reime. Knut Andersson g. m. Gunnhild Bjarnedr. er skriven som husmann då dei fekk sonen Knut 1780. Svein Håkonson, g. m. Synneva Larsdr. fekk 1822 sonen Styrkar. Styrkar Olavson, g. m. Brita Knutsdr. hadde plasset Lidhuset og fekk borni Synneva f. 1850, Olav

--- side 349 ---

f. 1855, Ragnhild f. 1858 og Gunnhild f. 1862. Plasset Lidhuset var og kalla Styrkaorhuse og låg nedanfor Lidaokrane. Det var Styrkar som hadde rudt det. Etter han budde Gudve Torgeirsdr. Kolvu der, og då ho slutta, vart plasset lagt til garden att.

Eit plass var det ei tid ved merket mot Bø. Jedlaflaten uppå bergi ovanfor husi har ei tid vore plass og likeins på Nerestølen, der det syner etter åker. Eigaren av dette plasset vilde ha det til slåttetræe og husmannen fekk i staden kalvahagen nede ved elvi.

Anna Monsdr. døydde 1844, 86 år gl., Karen Vikingsdr. døydde 1849, 76 år gl. og Gjertrud Johannesdr. døydde 1851, 80½ år gl. Alle tri er skrivne som husmannskonor.

Støl.

Stølen var ½ mil frå garden i 1723. Lid har vårstøl på Nerestølen og sumarsstølar på Liabot'n og Liaset. Liabot'n er ovanfor garden og er ikkje i bruk no. Dei to andre stølane er på sørsida av dalen.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala 1723, men i 1776 og 1791 var der ei. Seinare har det vore fleire som har stade i Bøgroæ, men berre eit kvernhus står no att.

Offentlege forretningar.

Godviljug utskifting 1838, utskifting 1847, 1861, 1908 og 1931, jarnbanetakst 1896 og 1900.

Bumerke.

Knut f. 1715, 1716 tavle 6 nr. 38. Merket er noko brigda 1720. Mons Levorson 1731 t. 6 nr. 39. Mattis 6 gonger 1732-1748 t. 6 nr. 40. Kjel 1738 t. 2 nr. 31, to andre merke 1739 og 1752. Nils 1750 og 1751 fleire gonger t. 6 nr. 41. Gudleik 1757 t. 6 nr. 42. Endre 1778 t. 6 nr. 43. Anders 1783 t. 6 nr. 44.

Ymse.

Lauseld var det på Lid 1922 og husi på bruk 3 gjekk med.

Guri Jonsdr. Lid f. 1831 var ei merkeleg kvinne. Ho reiste til Amerika 1853 og skreiv seg sidan for Julia Lie. Ho var nokre år i teneste, reiste deretter umkring um lag 10 år og preika Guds ord og øvde sælebotgjerningar. I 1868 kom ho til Liverpool i England, gjekk til Dover, tok over til Calais og vandra vidare gjenom Frankrike og Belgia til Coblenz, der ho vart sett fast. Då ho vart gjevi fri der, vandra ho vidare og kom til Rom 1869. Etter at ho der var fengsla og gjevi fri att, var ho på veg til ein sjøhamn for å få reisa med skip til Egypt og vilde so gå til Jerusalem. I Venedig tok politiet henne 1870 og sende henne til Wien, der ho kom på sinnssjukehus. I januar 1871 vart ho send til Voss. Men um hausten

--- side 350 ---

1871 var ho komi til Jylland og 1872 til Vasa i Finnland. Ho var då på reis, sa ho, til Russland og vidare til Tyrkia. Frå Vasa vart skrive, at ho var ei kvinne som hadde gått tilfots på alle reisene sine på landjordi og bar ein ransel på ryggen. Hennar åtferd vitna um daning. Det ytre var tekkeleg og tiltalande og klædedrakti høveleg for den måten ho reiste på. Ho vilde lyda Frelsarens ord, sa ho: «Gå ut i verdi og lærer alle folk.» Tilfots gjekk ho alltid, for det gjorde Frelsaren og, sa ho. På spursmål um kva ho levde av svara ho at Gud stelte det soleis at folk var gjestfrie mot henne. Etter møti som ho heldt på reisene sine, tok ho imot det folk gav henne. Pengar vilde ho ikkje samla, for det hadde Frelsaren forbode. Guri eller Julia må vera død no, men kvar eller når har me ikkje set noko um.

I ein åker på Lid er funne ei steinkiste som det er fortalt skal vera frå folkevandringstidi. Der var to leirkar, to spjot, ei øks og ei soks. Ei steinøks er funni ein annan stad. Alle tingi er på Bergens Museum. I ei handskrivi skildring av Voss i Den Geografiske Opmåling er fortalt at eit gravfund er gjort på Lid i Raundalen frå den eldre jarnalder, og det tyder på, at der har butt folk langt attende i heidensk tid.