246. Liland.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 542 ---

Namnet er i 1300-talet skrive i Liinlande og i Limlande. Det vert no sagt Líland1; han búr pao, è tao Líland, ska tì Lílans. Det er vel gn. Línland, samansett av plantenamnet lín n. og land n.

Liland har vore einbølt gard til 1890. Landkommisjonen skriv 1661 um Liland at skyldi var 1 laup 2 pund 6 mark, at der var ein brukar og vedaskog og fureskog med småtimber. I matrikkelen 1723 er sagt at der var ein liten humlagard, skog til brensel og husvøling, ikkje noko fiske, men elles som i 1661. Garden var tungbrukt og åkrane var skinnæme. Skyldi var likeins til 1838 då ho vart umskrivi til 5 dalar 2 ort 4 skill. Der var fure- og vedaskog jamvel til sal. Samanlikningstalet var 820.

Matrikkelen 1865 melder at der var 20 mål åker, 2 mål dyrka eng, 25 mål god, 38½ mål medels natureng og 37 mål

--- side 543 ---

skrapebø. 4 mål var skikka til dyrking. Medels hamnegang. Skog til gardsbruk. Timber og ved kunde seljast for 16 spd. um året. Innkoma av fiske vart sett til 14 spd. årleg. Garden var medels tungbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 13,3 mål åker, 20 mål kunsteng og 20 mål natureng. Der er no to laksekjer.

Der budde 18 menneske i 1801, 21 i 1865 og 27 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Liland.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   9   9          
1723 1   11   6   16      
1865 2   20   67   48   37  
1918 7   10   33          

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte 1 laup i Liland. I brev utferda på Byrkjo 1472 (DN IV nr. 974) er umtala at Gunnhild Siversdr., makabytte med Alf Knutson og fru Magnhild Oddsdr. Dei fekk m. a. 2 laupsbol i «Flage-åen som liger for Line landh». Truleg er hermed meint Liland. Jon budde 1521 på Liland og betalte 2½ mark i skatt og 5 mark 3 lodd sylv i breffbrot. Lensmann Torstein Bjørnson og ni lagrettemenn på Voss kunngjer i brev utferda på Voss 1538 (det er i Bergens Museum): Nest fyre jol kom kona Gyrid på Lydvo og Arnfinn og Knut Jenssøner på vegner av mor si, Sigrid Torkjelsdr. Dei gav då tilkjenne at Gyrid vilde lata til dei to nemnde menn 8 mmb. i Liland for so mange kyrlag som Gyrid sin morfar Orm hadde betalt for det til foreldri åt Arnfinn og Knut. Dei var rette odelsmenn til jordgodset og betalte no for det 6 lodd sylv, 3½ pund kopar og 2 kyr.

Bruk 1. Liland. Laurits var leiglending i 1563. Lagrettemennene Endre Vike, Laurits Lydvo, Mattis Grimastad og Sivert Jernes vitnar i brev 1572 (i Bergens Museum) at dei var tilstades på Vossatinget 15. april. Arnfinn Skjelde let då tinglesa sine odelsbrev på Liland. Brevi synte at Eiliv Gudleikson, stykfar åt morfar hans Arnfinn, hadde selt odelsjordi åt Arnfinn sin morfar og hans syskin medan dei var umyndige. Arnfinn kjøpte sidan Liland attende av Orm Ivarson sine folk.

--- side 544 ---

Medan Orm åtte Liland, fekk Gunnhild Mølster ein fiskerett på Liland som ho bytte burt til fru Magnhild. Fru Gyrvhild, enkja etter Brahm, har sidan vorte eigar av fiskeretten. Då Arnfinn løyste inn att si odelsjord Liland, hadde fru Gyrvhild ikkje rett på veg til Lilandselvi, og fiskeretten høyrde til hans odelsjord Liland.

Jordboki 1585-1616 melder at Vangens prestebol fekk 1½ aske korn og 9 merker smør i landskyld. Torgis var leiglending 1603, 1611 og 1614 og åtte 7 spann i 1611 og 6½ spann i 1614. Halldor var leiglending 1621 og Mattis 1635 som brukte 3 spann. Sjur Hovda åtte 2 spann 14 mark i 1621, Lasse Flògo 8 mark, Helge Skjelde 16 mark og syster hans 1 pund. Leidangen var etter leidangsboki 1624 1 spann smør og 1 bukkskinn. Mikkjel Helgeson, g. m. Tora, var leiglending 1640, 1645 og 1655. I 1652 og 1659 åtte Olav Bø 1½ laup 6 mark og prestebolet 12 mark. Det åtte i 1661 14 mark, og resten var bondegods. Gaute var tenestdreng i 1655. Hermann var leiglending 1652, 1657 og 1659 og Gudleik Jonsson 1661 og 1664.

Trond Ringheim åtte 22 mark i 1676, Per Flatekvål 11 mark og Nils Rokne 11 mark i 1680. Under Apostelgodset er ført 7 spann i 1676 og. 1680. Vangens prestebol var 1691 eigar av 10 mark, Brynjulv Liland 1 laup og Jon Tren 29 mark. Eigarane i 1723 var prestebolet 16 mark, Jon Tren 4 pund 5 mark og borni til Nils Røsnes 9 mark. Brynjulv Jonson f. 1663 var brukar 1691 og 1701 og var g. m. Guro Andersdr. Leiglendingen Gunnar Flògo la upp sak i 1695 mot Brynjulv Liland for ulovlegt fiske i Flagahølen. Gunnar påstod at han hadde fått hevd på hølen av di han hadde brukt han i 36 år og far hans i 40 år. Brynjulv la fram brevet frå 1572 umtala ovanfor og påstod at «Fiskehølen» retteleg høyrde til Liland som hadde fiskerett til midtdjupni. Saki kom for lagtinget i Bergen, men domen har eg ikkje set. Under saki er umtala at Jon, far hans Brynjulv, hadde butt på Liland. Det har vore fortalt at Brynjulv skulde vera komen frå Afdal. Brynjulv døydde 1723 og hadde sonen Olav. Ved skifte etter Brynjulv åtte dei 1½ laup som vart verdsett 95 rd. Guro gifte seg att 1724 med Halldor Eirikson Afdal.

Olav Brynjulvson f. 1710 fekk 1723 skøyte på 1 laup 1 pund 18 mark og gifte seg 1736 med Brita Sjursdr. Vike. Han døydde 1774 og ho 1785, 69½ år gl. Dei hadde tri born: Anna f. 1739, g. 1760 m. Knut Gusskalkson Eide, Guro f. 1745, g. 1768 m.

--- side 545 ---

ekm. David Åmundson Rekve og Brynjulv f. 1750, g. 1776 m. Marta Torsteinsdr. Lunde. Han var grenader då. Brynjulv fekk 1771, 1778 og 1786 skøyte på tilsaman 1 laup 1 pund 18 mark på Liland. Marta døydde 1806 og Brynjulv 1816. Dei hadde ti born: Brita f. 1777, g. 1797 m. Johannes Kolbeinson Hovda, Olav f. 1778, Marta f. 1780, g. 1803 m. Nils Nilsson Nesthus, Guro f. 1781, g. 1. 1817 m. Gusskalk Eirikson Seim, 2. 1826 m. Magne Sjurson Skjeldal, husmann, Torstein f. 1783,


Liland
Bilete 67. Liland. Fot. P. Braaten 1937.

g. 1819 m. enkja Ingjerd Klasdr. Mosafinn, budde på Seim, Guri f. 1787, g. 1813 m. Nils Eirikson Seim, Lars f. 1788, g. 1818 m. Anna Styrksdr. Seim, Knut f. 1790, g. 1822 m. Anna Larsdr. Skjelde, husmann, Sjur f. 1792, g. 1. 1815 m. Ingebjørg Klasdr. Mosafinn, 2. 1867 m. Herborg Magnesdr. Kyte, husmann på Mosafinn og Anna f. 1797, g. 1816 m. Lars Andersson Skjelde. Ved skifte etter Brynjulv var bruttomidelen 720 spd.

Olav Brynjulvson gifte seg 1816 m. Ingebjørg Andersdr. Skjelde og fekk 1818 skøyte på garden. Han vart utkommandert 1807 i krigen mot Sverike. Ingebjørg døydde 1848, 53 år gl. og Olav 1851. Dei hadde fem born: Marta f. 1817, g. 1834 m. Olav Gusskalkson Eide f. 1804, Steinvor f. 1818, g. 1845 m. Oleiv

--- side 546 ---

Knutson Grimastad, husmann på Narheim, Brita f. 1823, g. 1847 m. Nils Andersson Skjelde, Marta d. y. f. 1825, g. 1851 m. ekm. Olav Gusskalkson Eide, Guro f. 1828, g. 1854 m. Isak Larsson Skjelde, budde på Nedre Graudo.

Olav Gusskalkson fekk 1834 og 1849 skøyte frå verfaren på garden for 700 spd., kvar gong halvparten. Olav fekk fem born med fyrste kona og seks med den andre: Margreta f. 1837, g. 1. 1857 m. Anders Larson Skjelde d. e., 2. 1861 m. Anders Larsson Skjelde d. y., Ingebjørg f. 1840, g. 1866 m. Velom Kolbeinson Hovda, Gusskalk f. 1843, Anna f. 1845, g. 1871 m. Gusskalk Nilsson Flògo, Marta f. 1847, g. 1870 m. David Nilsson Vestrheim, Marta d. y. f. 1853, g. 1880 m. Arnfinn Masson Haga, Olav f. 1855, g. m. Brita Åmundsdr. Nesheim, Vossastr., Kirsti f. 1860, Brita f. 1862, g. 1892 m. skomakar Knut Nilsson Skjelde, Brynjulv f. 1865 og Knut f. 1869 (Amerika). Brynjulv var ei tid kramkar og reiste seinare til Amerika. Olav Gusskalkson døydde 1871 og Marta, andre kona hans, 1892. På skifte etter Olav vart garden taksta 700 spd., og bruttomidelen var 1420 spd.

Gusskalk Olavson fekk halve garden 1851 på skifte etter faren og den andre halve ved skøyte 1872 frå mori. Han vart g. 1873 m. Anna Andersdr. Kvåle. Gusskalk døydde 1912 og Anna 1931. Deira son Anders fekk 1905 garden for 6000 kronor. Han er f. 1881 og g. m. Guri Kjelsdr. Nesheim, Vossastrondi, f. 1882.

Garden var fyrr mtrnr. 247, lnr. 485 a b med gamal skyld 1 laup 2 pund 6 mark, urevidert 5 dalar 2 ort 4 skill., revidert 5 dalar 4 ort 8 skill. Ny skyld mark 8,55.

Bruk 2. Liland. Utskilt frå bruk 1 i 1890 med skyld 27 øre og selt til Brynjulv Olavson Liland som bygde hotell. Han selde det 1893 til Olav, bror sin, som sidan har drive hotellet. Olav reiste fyrst med kram, hadde seinare handelsforretning i Strandebarm saman med syskinbarnet sitt Klas Olavson Liland. Deretter dreiv Olav handelsforretning i fisketidi på Utsira til han kjøpte hotellet. Olav er død, og sonen Sigurd, har no hotellet.

Bruk 3. Liland. Skilt ut frå bruk 1 i 1899 med skyld 1 øre. Olav Olavson Liland fekk fyrst ervefeste på det, men fekk 1931 skøyte på eigedomen som då vart førd saman med bruk 2.

--- side 547 ---

Bruk 4. Liland. Skilt ut frå bruk 1 i 1910. Skyld 40 øre. Eigarane var borni til Gusskalk O. Liland. Eigedomen er i 1918 førd saman att med bruk 1.

Bruk 5. Liland. Utskilt frå bruk 1 i 1911 med skyld 4 øre og selt til Olav O. Liland som i 1931 har fått det ført saman med bruk 2.

Bruk 6. Liland. Skilt ut 1925 frå bruk 1. Skyld 1 øre. Det er skøytt til Olav O. Liland.

Bruk 7. Fredheim. Utskilt frå bruk 2 med skyld 21 øre. Olav O. Liland er eigar.

Husmenn på Liland.

Ivar, g. m. Rannveig Persdr., fekk sonen Sjur f. 1711. Jakob Nilsson, g. m. Kari Erlingsdr., hadde sonen Nils f. 1716 som døydde 1770. Lars Endreson, g. m. Marta Olavsdr., hadde dotteri Brita f. 1718. Rognald Rognaldson, g. m. Gjertrud, fekk sonen Rognald f. 1727.

Ivar Ivarson, g. m. Guro Olavsdr., hadde plasset Halstjedna. Ho døydde 1741 og han 1766, 60 år gl. Ho hadde to lausingborn: Gunnar Oddson som 1741 var soldat i Kjøbenhavn og Olav Eirikson f. 1717. Mattis Knutson, g. m. Botilda Sjursdr., budde ogso på Halstjedna. Ho døydde 1789, 64 år gl., og Mattis 1795, 89 år gl. Dei hadde to born Ragnhild f. 1761 og Sjur f. 1766. Ivar Nilsson f. 1760 var ekm. i 1801 og hadde då seks born: Brita, Olav, Marta, Anna, Nils og Ingebjørg f. 1784-1797.

Magne Sjurson Skjeldal fekk 1828 feste på plasset Røyrliæ der han rudde og bygde. Han var f. 1797, g. 1. 1826 m. enkja Guro Brynjulvsdr. Liland, 2. 1830 m. Ragnhild Johannesdr. Skjelde, 3. 1836 m. Anna Styrksdr. Seim. Guro var gift fyrste gong med Gusskalk Eirikson Seim som bleiv 1819 i Seimsvatnet. Magne døydde 1862 og Anna 1870, 80 år gl. Han fekk tri born med Ragnhild, men ingen med dei andre: Guro f. 1831, g. 1856 m. David Brynjulvson Ringheim, husmann i Vivaosliæ, Gjertrud f. 1833 og Sjur f. 1835. Gjertrud fekk med Lars Skjeldahaga sonen Magne Tvilde f. 1870. Sjur var handelskar og vart g. m. Pernilla Salt i Nordfjord.

Magne Arveson Røydland hadde plasset Tuftna. Han var f. 1804, g. 1. m. Brita Larsdr., 2. 1843 m. Torbjørg Vikingsdr. Graudo, 3. 1853 m. Ingebjørg Mikkjelsdr. Gjerstad. Magne døydde 1884 og hadde åtte born med Brita: Kari f. 1831, g. 1870

--- side 548 ---

m. Olav Eirikson Draugsvoll, Anna f. 1836, Mass f. 1838, g. 1864 m. Marta Velomsdr. Dagestad, husmann på Dagestad, Gjertrud f. 1841, g. 1862 m. Odd Oddson Bø, husmann på Nesthus, tri søner som reiste til Amerika og eit barn til.

Knut Brynjulvson Liland f. 1790, g. 1822 m. Anna Larsdr. Skjelde hadde plasset Lilandsosen og fekk dotteri Marta f. 1825. Knut døydde 1865, 75 år gl. og Anna 1879, 74 år gl. Herborg Magnesdr. f. 1836 styrde plasset for Anna i 1860-åri og hadde dotteri Anna Knutsdr. f. 1861. Magne Rasmusson Skjelde f. 1823, g. 1850 m. Marta Knutsdr. Liland, fekk borni Sjur f. 1850, Anna f. 1853 og Knut f. 1855. Knut Styrkson Ukvitno, g. 1869 m. Eli Rognaldsdr. Nestås, budde på plasset Lilandsosen og fekk borni: Rognald, Knut, Nils, Lars og Magli f. 1873- 1880, og reiste til Amerika. På Kjerreflåten har vore husmannsplass. Ivar Hansson Hjørnevik fekk 1892 feste på eit jordstykke. Han er g. m. Maria Klasdr.

Støl.

Stølen var ei mil frå garden melder matrikkelen i 1723. Stølen heiter Seiset og ligg under Trensveten. Olav Brynjulvson som var med i krigen mot Sverike, skulde vera den fyrste som laga seg stølstræde.

Kvern.

Ei kvern har der vore i 1723 og til seinare tid som gardmennene har ått. Husmannen Magne Røyrliæ hadde og kvern.

Offentlege forretningar.

Sak 1711 mot Gjukastein um stølsveg. Semje 1837 um gjerde. Jarnbanetakst 1878. Merkeskilforretning 1899 um merki millom stølen Seiset og Trensstødl'n. Kontrakt 1906 med Bergens Skogselskap um planting på Halstjedna.

Bumerke.

Brynjulv 1712, 1714, 1719 tavle 9 nr. 71. Halldor 1726 t. 9 nr. 72. Han brukte 1731 og 1735 eit merke samansett av bokstavane H E S. Olav 1743, 1755, 1760 t. 9 nr. 73. Brynjulv 1786 t. 8 nr. 50.

Ymse.

Både i 1700-talet og til ikring 1880-åri kom kvart år strilar til Voss og kjøpte timber. Det var helst Ostringar som var timbermenn i Bergen. På Voss var dei vanleg kalla tymborstridla. Dei reiste umkring på skogagardane i mai månad og tinga timber som då var framkøyrt på elvabakken, mælte det upp og betalte ikring halvparten av kjøpesummen. Seljaren sytte so for, når vårflaumen korn, å fløyta timbret fram til Lilandsosen. Når timbret åt dei ymse seljarar var kome til osen, vanleg i slutten av juni, korn seljarane og kjøparane saman der. Timbret

--- side 549 ---

vart då levert og betalt ut. Timberstokkar som kom umerkte til osen, kalla dei for ølkubbar. Øl vart kjøpt for det som kom inn ved salet av dei og skift munnleg. Etter gamal sedvane selde eigaren av osen øl dei dagane timberleveringi stod på, og det vart ofte livleg på leveringsdagane. Kjøparane førde timbret for det meste til Bergen. I eldre tid vart stundom timber flatøksa på roti og selt som flattimber.

Under saki millom Gunnar Flògo og Brynjulv Liland er i eit brev umtala at i 1572 var «Halsjerna» ein gard som var ser skyldlagd og i bruk. Seinare vart han lagd øyde, er det meldt.