153. Lindberg.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 456 ---

Namnet er i 1695 skrive Limberg. Det vert no sagt Lìnnbèrg2; han búr pao, è tao Lìnnbèrg, ska tì Linnbèrs, i samansetning stundom Lìmbèrs (-fòss'n, -hòvd'n). Fyrelekken er anten lim m. avkvista greiner av lauvtre, eller lind (trenamnet). Det finst

--- side 457 ---

lind i berget rett for Lindberg på nordsida av Raundalselvæ. Etterlekken er berg n.

Lindberg har alltid vore einbølt gard. Han hadde ½ laup i skyld 1661 og ein brukar skriv Landkommisjonen. Det var likeins 1723. Garden var tungbrukt og hadde litt vedaskog. Skyldi vart umskrivi 1838 til 2 dalar 1 ort 15 skill. Samanlikningstalet var 350. Der var vedaskog, og never kunde dei selja. Matrikkelen 1865 melder at der var 9 mål åker, 13 mål god, 17 mål medels natureng og 28 mål skrapebø. 3 mål var skikka til dyrking. Der var medels hamnegang, nok brensel og timber, og dei kunde selja ved og never for 2 spd. um året. Garden var tungbrukt og dyrka vanleg godt. Sume tider fraus kornet. I 1918 var der 6,1 mål åker, 4 mål kunsteng og 17 mål natureng.

I 1801 budde der 4 menneske, i 1865 8 og i 1920 12.

Fødnad og avling (i tunnor) på Høyland.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 8 19
1723 1 7 6 3 ¾
1865 1 11 30 21 12
1918 1 8 21

Lindberg har me ikke set nemnt fyrr 1645 då Lars, g. m. Sigrid budde der og hadde dotteri Marta. Det går segn um at garden skal vera skild frå Kolvu. Ymist tyder på at det må vera so, men me har ikkje funne noko prov for det. F. Broderson har 1649 ved makebyte late noko i Lindberg til kongen, men hadde att 1 spann som han åtte 1652 og 1655. Munkeliv åtte heile garden, ½ laup, 1659 og 1661. Lars var framleides leiglending 1659. I 1661 var det to leiglendingar Lars Sjurson og Lars Vikingson. Den siste Larsen var der og 1664.

H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på garden og selde att same året til Klas Miltzow. Olav Herbrandson kjøpte Lindberg i 1690 og budde der sidan. Han var f. 1648, son til Herbrand Eggjareid, der Olav og er umtala som leiglending. Han skal vera av hallingætt, døydde 1726 og hadde fem born: Knut,

--- side 458 ---

Herbrand, Eirik, skriven for Sunndal, Hallingdal 1726, Marta g. m. Olav, Ingebjørg, g. m. Gullbrand Bjarneson Sunndal, Hallingdal. Knut Olavson vart g. m. Kari Torleivsdr. og var brukar frå ikring 1713 og til han døydde 1721 og fekk 1713 dotteri Brita.

Herbrand Olavson var fyrst g. m. Ingeleiv Johannesdr., som bleiv i Storelvæ ikring 1734, og andre gongen 1765 m. Synneva Arnesdr. Bø. Han fekk skøyte 1738 på Lindberg og døydde 1772, 90½ år gl. Med Ingeleiv hadde han seks born og med Synneva eit: Brita f. 1718, g. 1. 1761 m. Arnved Tor-


Lindberg
Bilete 57. Lindberg. Fot. P. Braaten 1936.

bjørnson Almenningen, 2. m. Olav Larsson Vassenden, Marta d. e. f. 1721, g. 1756 m. Torgis Nilsson Røyrlidi, Marta d. y. f. 1723, g. 1758 m. Guttorm Eilivson Eggjareid, Olav f. 1724, død 1752, Anna f. 1727, g. 1750 m. ekm. Kjel Larsson Lid, Johannes f. 1732, Ivar f. 1766, g. 1795 m. Synneva Olavsdr. Vossabakken.

Johannes Herbrandson f. 1732, g. 1745 m. Gjertrud Gudleiksdr. Takla fekk skøyte på garden 1754 og 1766. Han døydde 1786 og ho 1801, 70¼ år gl. Ved skifte etter Johannes var garden taksta 300 rd. og bruttomidelen var 437 rd. Han var god jarnsmed, snikkar og sylvsmed og laga m. a. mange sylvstaup.

--- side 459 ---

Fire born: Olav f. 1755, Gudleik f. 1757, bleiv 1773 i Storelvæ, Ingebjørg f. 1759, g. 1798 m. ekm. Jon Erlendson Lid, Rannveig f. 1763, g. 1793 m. Eirik Olavson Rue.

Olav Johannesson f. 1755 vart g. 1814 m. Synneva Larsdr. Store Skiple og fekk farsgarden 1791. Han døydde 1843 og ho 1855, 64 år gl. Dei hadde berre ei dotter Gjertrud f. 1823 som gifte seg 1840 m. Erlend Jonson Lid f. 1803. Dei fekk garden hjå foreldri hennar 1844 for 300 spd. Erlend døydde 1896 og Gjertrud 1903 og hadde åtte born: Olav og Jon, båe i Amerika, Johannes, Synneva f. 1843, g. 1866 til Helleve m. Kjel Hermundson, Ingebjørg f. 1845, g. 1877 m. Åmund Styrkson Ronve på Endeve, Guri f. 1849, g. 1884 til Kvåle m. Nils Olavson, Gjertrud f. 1856, g. 1881 m. Knut Gudleikson Skiple på Øyaflòten, Olina f. 1863, g. m. Trond Olavson Mæringi på Kolvu.

Johannes Erlendson f. 1852, g. 1875 m. Kristi Knutsdr. Graudo fekk garden 1882 for 2000 kronor. Ho døydde 1927 og han 1936. Dei hadde to døtter Gjertrud og Guri. Guri var f. 1879 og g. 1901 m. Eirik Gudleikson på Graudo. Gjertrud var f. 1875 og gifte seg 1901 m. Eirik Eirikson Graudo. Dei fekk farsgarden hennar 1915 for 3000 kronor.

Lindberg var fyrr mtrnr. 154, lnr. 257 med gamal skyld ½ laup. urevidert 2 dalar 1 ort 15 skill., revidert 1 dalar 4 ort 10 skill. Ny skyld mark 2,74.

Husmenn.

Torben Olavson var husmann 1664. Nils Torgeirson var g. 1. m. Marta Endresdr. som døydde 1825, 63 år gl. og 2. 1826 m. Gjertrud Endresdr. Lid. Nils døydde 1838, 74 år gl. Med Marta hadde han fire born: Marta f. 1798, Torgeir f. 1803, Brita, g. m. Styrk Sjurson Lassahaugen, Sisselja f. 1806. Olav Ingebriktson f. 1801, g. m. Katla Knutsdr. f. 1827 var husmannsfolk i 1865. Det var to husmannsplass, dei heitte Teigen og Nerøyane. Nils var siste husmannen på Nerøyane, men han hadde sidan plass i Kolviæ. Ein husmann budde ei tid på stallslemmen heime på garden.

Støl.

Stølen var ½ mil frå garden heiter det 1723. No er der både vårstøl, kalla Vetlestødl'n, og sumarsstøl, kalla Lindbergsstødl'n, som båe ligg ovanfor garden, sumarsstølen øvst. Det gamle selet som vart rive 1925, var av bjørketimber. Vårstølen var fyrr noko lenger uppe der det syner etter florstufti.

Kvern

Kvern var der ikkje 1723, men 1776 og 1791 var der ei.

--- side 460 ---

Lindberg har havt kvern i elvi ved Kolvidi, men kvernhuset er no brukt til utløde.

Offentlege forretningar.

Semje 1920 med Vålo og Bø um Lindbergsbruæ. Semje um bruvøling er tinglese 1930.

Bumerke.

Herbrand 1727 tavle 6 nr. 94. I 1733 og 1736 teikna han to andre merke. Johannes teikna fleire gonger 1762-1784 t. 6 nr. 95.

Ymse.

I 1734 låg det to smale stokkar til å gå på over Storelvæ i staden for bru. Seinare har det vore bygt bru fleire gonger, men storflaumen har teke henne. Ein gong var ein ridande mann komen ut på brui då ho for sin veg og både mannen og hesten strauk med.

Segn.

Segni fortel at fyrste stova på Lindberg var bygd av bjørketimber. Ein gong kom det ei stor skrede som stemnde på husi, men eit stykke ovanfor kløyvde ho seg i to. Der vart det ein stor haug som dei kallar Skredhaugen. Seinare ein vår kom det og ei skride som kløyvde seg på Skredhaugen.