88. Lirhus.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 38 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Lidarhusum. Det vert no sagt Lírús2 eller Lìrús1; han búr pao, è tao, ska tì Lìrús.


Lofthus og Lirhus
Bilete 6. Lofthus og Lirhus 1919. Fot. Ludv. Bru.

Namnet er samansett av lid (gn. hlíð f., gen. hlíðar) og ei hokynsavleiding i fleirtal av hus. Gamalnorsk form Hlídarhúsar.

Lirhus har etter det Bjørgynjar Kalfskinn melder, høyrt til det gamle Hvitheimr eller Kvitheim. Landkommisjonen har i 1661 skrive um Lirhus, at det var halv gard med 3 laup 1 pund 18 mark i skyld og hadde ein brukar. Det var ringt med brennefang til husbruk. I 1723 var det same skyldi, men tri brukarar. Då var der humlagard og turvande vedaskog. Garden hadde sandig jord, var tungvinn og utsett for fjellskred. Skyldi var like eins til 1838, då ho vart umskrivi til 7 dalar 4 ort 19 skill.

--- side 39 ---

Der var vedaskog til eige bruk, litt fureskog og god humlagard. Samanlikningstalet var 1500.

Matrikkelen 1865 fortel at der var 20½ mål åker, 3 mål dyrka eng, 47 mål god, 47 mål medels natureng og 35 mål skrapebø. Vårhamni var medels, men Sumarhamni ring. Vedaskog var der, og noko timberskog. Garden var sers lettvinn og dyrka som vanleg. Ein var ikkje sikker for jordskred på engjabøen. I 1918 var der 45 mål open åker, 88 mål kunsteng og 23 mål natureng.

Folketalet var 11 i 1801, 16 i 1865 og 25 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Lirhus.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   14   21          
1723 3   24   24   24      
1865 3   26   49   80   56  
1918 5   29   50          

Brev frå 1340 (DN. XII nr. 90) melder at Ragna Marteinsdr. Jåstad gav til Ullensvang kyrkje m. a. 9 mmb. i Lirhus. Det er og ført upp i Bjørgynjar Kalfskinn. Til Vincents Lunges jordgods høyrde ½ pund og 1 bukkskinn i Lirhus i 1535. Aslak på Lirhus betalte i 1521 10 skill. i skatt og 8 mark i breffbrot. Oluf budde der i 1563 og Knut i 1567, som brukte 2½ pund. Per var leiglending 1591 og betalte tridje års bygsel i 1597 for 2½ pund som stiftet og kruna åtte med 1 mark 1 skill. Etter jordboki 1585-1616 fekk Vangens prestebol 2 såld korn og 1 pund smør årleg som landskyld av eigedomen sin på Lirhus. Bård er ofte skriven som leiglending i tidi 1603-1629. Han hadde 2½ pund i 1621 og åtte ½ laup odelsgods i 1611. Laurits Sjurson, g. fyre 1645 med Guri, er nemnd fleire gonger som leiglending 1635-1645. Leidangsboki 1624 melder at leidangen av Apostelgodset var 1 pund smør og 1 bukkskinn. Lasse var leiglending. I 1627 åtte Apostelgodset 2½ pund med Bård som brukar.

Lirhus er i 1652 førd upp med skyld 3 laup 42 mark. Eigarane var: Hr. Peder i Kinsarvik 1½ laup, kongen 2½ pund, Vangens prestebol 2½ pund og Kirsten Bolstad 30 mark. Knut og

--- side 40 ---

Mikkjel var brukarar både då og i 1659. Skyldi er den same i 1661. Mikkjel er då brukar av heile garden og i 1691 av den halve. Han var son til lensmann Viking Tvilde, og er ofte nemnd som lagrettemann 1669-1672. I 1658 var han saman med syskini sine stemnd av farbroren, Brynjulv Dale, som påstod at han hadde noko til gode hjå far deira. Brynjulv meinte og å ha rett til halve garden på Tvilde. Saki vart utsett.

Ein Rasmus Torkjelson drog ein gong i 1671 han Mikkjel etter håret. Det likte nok ikkje han Mikkel og treiv ein krakk og slo han Rasmus i hovudet. Han stemnde då han Mikkjel som på tinget laut lova «at stille fogden tilfreds». Mikkjel var gift fyre 1645 med Sigvor og hadde fem born: Knut f. 1649, Ivar, g. m. Kari Olavsdr., Brita, død ugift 1750, Kari f. 1681, g. 1717 med ekm. Isak Andersson, gardmann på Gjerdåk og Øvre Kvitno, Anna, g. m. Styrk Oddson Kyte, gardmann på Kvåle, Tjukkeb.

Kongen skøytte 1665 til Peter Reedtzs 2½ pund i Lirhus. I 1695 var eigarane: Ullensvang prestebol 2 laup, Vangskyrkja 2½ pund, Ingjerd Miltzow 1 pund og Hans Akselson 2½ pund. Knut var brukar av alt. I 1723 var det desse eigarar: Vangens prestebol 2½ pund, Ullensvang prestebol 2 laup, ervingane etter Lauritz Miltzow 2 pund. Det vert tilsaman 3½ laup. Uppgåve vantar på eigaren av 6 mark. Heile skyldi var nemleg då og 3 laup 42 mark. Der var to leiglendingar i 1701: Knut Arnfinnson f. 1656 og Knut Person f. 1662. I 1715 var det tri brukarar: Ivar, Knut og ei enkje (truleg etter Knut Arnfinnson). Brukarane i 1723 var Jørgen, Knut og Olav.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Lirhus. Ivar Mikkjelson var gift 1709 med Kari Olavsdr. Øvsthus. Han døydde 1716 og ho Kari 1744. Han bygsla 2 laup i 1708. Dei hadde tri born: Mikkjel f. 1710, g. 1735 m. Anna Sjursdr. Gjelle og kjøpte 1733 1 laup på Vivås, Synneva f. 1712, g. 1736 m. Arve Larsson på Selheim, Olav f. 1714, var i Eidfjord 1756. I 1735 åtte Vangens prestebol 2 pund 12 mark og Ullensvang prestebol 2 laup.

Isak Arneson Gjerdåk bygsla i 1723 2 laup som Ivar og Kari hadde havt. Han var f. 1673, g. 1. 1717 m. Kari Mikkjelsdr. Lirhus, 2. m. Marta Andersdr. Dagestad og døydde 1738. Dei hadde ein son, Odd og ei dotter, Signy f. 1710, g. m. ekm. Lars

--- side 41 ---

Monsson på Ukvitno. Ho Marta sa upp bygsli i 1741 og fekk kår. Korporal Hermann Olavson, nemnd på bruk 2, bygsla då. Han var f. 1706, g. 1742 m. Synneva Olavsdr. Endeve og døydde 1761. Born: Ragnhild f. 1743, Olav f. 1744, død 1763. Ragnhild var g. 1762 m. Nils Brynjulvson Gjerdåk. Dei bygsla garden etter foreldri hennar. Born: Olav f. 1764, Synneva f. 1765, Brynjulv f. 1767, Hermann f. 1769, Gudleik f. 1772, Marta f. 1775 og Anders f. 1777. Nils kom seinare til Lid, Rd.

Anders Oddson Klyve er komen som leiglending etter Nils. Anders var fødd 1747, g. 1. 1766 m. Gunnvor Askjelsdr. Kvåle, Rd. 2. 1774 m. Inga Eiriksdr. Osgjerd, og døydde 1817. Med Gunnvor hadde han dotteri Guri f. 1773. Inga var barnlaus. Nils Knutson Finne f. 1784, g. 1813 m. Rannvei Andersdr. Tròdo bygsla garden i 1812 av prost Hertzberg. Nils døydde 1842. Sju born: Knut f. 1815, Kirsti f. 1816, g. til Ronve m. Mikkjel Gusskalkson, Anders, f. 1818 (Amerika), Eirik f. 1821 (Amerika), Nils f. 1824 (Amerika), Brita f. 1826, g. m. gardmann Knut Steffason Haug, Anna f. 1833.

Knut Nilsson f. 1815, g. 1. m. Brita Torsteinsdr. Davidhaugen, døydde 1891. Han bygsla garden i 1836. Sju born: Kirsti f. 1842, g. m. gardmann Arnfinn Steffason Rokne, Rannveig f. 1843, g. m. gardmann Anders Larsson Grevle, Nils f. 1845, Torstein f. 1848, g. 1876 m. Guro Brynjulsdr. Løno, byggmeister og huseigar på Rogne, Brita f. 1853, gift til Graudo med Gudleik Eirikson, Anders f. 1856 (Amerika), Lars f. 1858 (Amerika), Nils Knutson f. 1845, g. 1879 m. Barbrå Knutsdr. Dukstad fekk kongeskøyte på bruk 1 i 1891 for 7500 kronor og jordavgift som er løyst med kr. 1048,97, Nils døydde 1922 og hadde fire born: Brita f. 1881, Johannes f. 1883 (Amerika), Jorunn f. 1885, Knut f. 1880, g. 1900 m. Brita Andersdr. Dukstad. Han fekk garden i 1911 for 6000 kronor. Knut døydde 1925 og enkja let garden i 1925 til Nils, son sin for 16 000 kronor. Han er f. 1901 og g. m. Hanna Larsdr. Fadnes. Knut Nilsson Lirhus kjøpte garden på auksjon i 1929 for 19 100 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 88, lnr. 174 med gamal skyld 1 laup 2 pund 9 mark, urevidert 4 dalar 4 ort 21 skill., revidert 4 dalar 1 ort 17 skill. Ny skyld mark 6,10 etter at bruk 4 er skilt frå.

Bruk 2. Lirhus. Olav Hermundson, g. m. Marta Andersdr. og døydde 1719 vart leiglending på Lirhus ikring 1716. Dei

--- side 42 ---

hadde fire born: Hermann f. 1706, g. m. Synneva Olavsdr. Endeve (framhald bruk 1), Synneva f. 1709, Rannveig f. 1711, g. m. Sjur Oliverson Davidhaugen, Guro f. 1714. Då ho Marta slutta med garden, vart han burtbygsla til Sjur Knutson. Han slutta som leiglending 1744, fekk kår og døydde 1764, 71½ år gl. Kolbein Larsson Tundal vart bygslemann etter Sjur. Kolbein var g. 1744 m. enkja Synneva Olavsdr. f. 1709, nemnd ovanfor. Ho var g. 1. m. Per Bårdson Litlere og hadde med han dotteri Steinvor f. 1737, g. 1774 m. ekm. Anders Nilsson Rong. Kolbein og Synneva hadde sønene Per f. 1746 og Lars f. 1751. Synneva døydde 1763, og Kolbein gifte seg att 1767 med Ingebjørg Brynjulvsdr. Gjerstad.

Etter Kolbein har Eirik Alvson vorte leiglending. Han var f. 1719, g. 1. 1763 m. enkja Eli Arnesdr. Vinsand f. 1729, 2. 1781 m. Brita Aslaksdr. Gjøastein og døydde 1784 barnlaus. Brita gifte seg att 1785 m. Hermann Gusskalkson Dukstad f. 1754. Broren, Olav G. Dukstad f. 1751, bygsla so garden. Han gifte seg 1790 m. Rannveig Jonsdr. Seim og døydde 1813. To born: Gusskalk f. 1793, død 1838, og Rannveig f. 1790, g. 1814 m. Svein Nilsson Øvsthus. Han bygsla bruk 2 i 1814 av prost Hertzberg. Garden har sidan ofte bytt bygslemenn. Aslak Nilsson bygsla i 1820, Herlaug Torgeirson Vivås i 1828, Nils Knutson 1829 og Brynjulv Larsson Kvåle, Tjukkeb. i 1832.

Brynjulv vart buande der og fekk kongeskøyte i 1870 for 550 spd. og jordavgift, løyst med 189 spd. 46 skill. Brynjulv var f. 1800, g. 1. 1826 m. Ingebjørg Ivarsdr. Melve, 2. 1843 m. Gjertrud Gudleiksdr. Bø. Han skulde vera god til å spela fele og spelte både i brudlaup og dans elles. Brynjulv døydde 1880. Born med Ingebjørg: Lars f. 1826 og Ivar f. 1836. Lars var i 1882 på Øydvin i Ulvik og Ivar i Amerika. Brynjulv selde i 1874 garden til Hans J. Hirth frå Vossastr. for 740 spd. Han var f. 1839, g. 1872 m. Ingjerd Eiriksdr. Øvsthus og døydde 1921. Han var lærar i Skulestad krins frå 1857 til 1900 og nokre år organist i kyrkja og presten sin medhjelpar frå 1878 til han døydde. Hirth tok ei mengd grøfter og dyrka upp det som dyrkande var på garden, tok til alt i 1882 og brukte kunsthevd, beinmjøl, og bygde 1884 landkjellar, den fyrste på den kant av bygdi. Tri born: Eirik, Johannes og Ingebjørg. Johannes f. 1875, er overingeniør i Oslo. Ingebjørg er g. m. Knut Johannesson på Øvsthus. Eirik f. 1873, g. m. Hildur Høstmark frå

--- side 43 ---

Romsdalen, fekk skøyte på garden i 1915 for 6400 kronor. Eirik Hirth er lærar i Bergen, har vore mykje med i ungdoms-og målreisingsarbeidet, formann i Ervingen og Bondeungdomslaget i Bergen, styresmann i Venstres arbeidsutval i Bergen og medlem av Bergens bystyre, der han var den fyrste som tala nynorsk.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 88, lnr. 175 med gamal skyld 2 pund 16½ mark, urevidert 2 dalar 2 ort 7 skill., revidert 2 dalar. Ny skyld mark 2,91.

Bruk 3. Lirhus. Knut Person f. 1662 var g. m. Kari Gudleiksdr. og døydde 1737. Dei hadde sju born: Gudleik f. 1796, budde 1737 på Tøn, Rannveig f. 1697, Kari f. 1702, Ragnhild g. m. Mons Gudleikson Lirhus, Brita f. 1710, Anna f. 1712, g. 1731 m. Arnfinn Knutson Repål, Eli f. 1719. Mons og Ragnhild kjøpte i 1735 for 24 rd. 2 pund 12 mark i Lirhus som Hans Flint i Bergen hadde ervt etter far sin. Mons og Ragnhild hadde borni Gudleik f. 1735, Knut f. 1737 og visst fleire. Mons selde att 1742 til Gudleik Hallsteinson for 45 rd. Han var g. m. Anna Sjursdr. og dei bygsla noko i garden. Det avstod dei i 1760 til Olav Knutson Staup som gav dei kår. Same året selde dei 2 pund 12 mark til Olav. Gudleik og Anna sette upp testamente millom seg i 1760.

Olav selde att 1766 til Nils Botolvson, som i 1770 bytte burt 30 mark til Sjur Olavson uti Taulen. Dei andre 30 mark selde Nils til Eirik Knutson Opeland i 1770. Sjur selde sin part (som Ullensvang prestegard hadde bygsleretten til) i 1782 til nemnde Eirik. Han selde alt (2 pund 12 mark) til Jon Vikingson Almenningen. Jon var f. 1740, g. m. Kari Gudleiksdr. og døydde 1793. Dei hadde tri born: Knut f. 1772, Viking f. 1775, død ugift 1832, Olav f. 1780, g. 1811 m. Ambjørg Nilsdr. Dukstad. Ved skifte etter Jon var garden taksta 180 rd.

Knut Jonson f. 1772, var g. 1806 m. Anna Andersdr. Kvåle og døydde 1859. Han fekk skøyte i 1804 og 1811 på garden, selde i 1856 til gjenta Kari Sjursdr. for 600 spd. og tok seg kår. Ho gifte seg med Arnfinn Nilsson og hadde garden til 1882, då ho selde til Styrk Knutson Dukstad for 2400 kronor. Han var f. 1851, g. 1. 1867 m. Ingebjørg Knutsdr. Øvsthus, 2. 1895 m. Marta Torsteinsdr. Helleve og døydde 1930. Styrk dreiv ei tid skomakarverkstad på Vangen. Dotteri Brita, g. m. Torbjørn K. Hallingstad fekk garden i 1927 for 2000 kronor.

--- side 44 ---

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 88, lnr. 176 med gamal skyld 2 pund 16½ mark, urevidert 2 dalar 2 ort 15 skill., revidert 2 dalar 1 ort 14 skill. Ny skyld mark 2,96 etter at bruk 6 er skilt frå.

Bruk 4. Haugane. Skyld 22 øre. Skilt frå bruk 1 i 1925 og selt til Mattis Knutson Dagestad. Han hadde då butt der sidan ikring 1896 som husmann og var snikkar. Mattis var f. 1864 og g. m. Ingebjørg Johannesdr. Dagestad og er død. Bruk 5. Elvartun. Skyld 40 øre. Skilt frå bruk 3 i 1927. Skøytt til Ingebjørg og Anna Styrksdøtter Lirhus.

Bruk 6. Granum. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 3 i 1930. Eigar Knut S. Lirhus f. 1888, g. m. Madli J. Vangen og har huseigedom på tuft 50 og 52 på Vangen.

Husmenn.

Husmann Knut Andersson f. 1671 budde på Lirhus i 1701 og hadde sønene Anders f. 1692 og Velom f. 1696.

Støl

Stølen var 1 mil frå garden er det skrive i 1723. Sumarsstølen er Liaset som ligg i nordaust for Lemme. Vetlestødl'n har vore vårstøl, men er ikkje i bruk no. Det er so bratt upp til han, at budeione vanleg kvilte ein stad dei kalla Kjeringateien. Bruk 2 har ikkje brukt Liasetstølen sidan 1870. Hans Hyrt kjøpte saman med Mattis G. Dukstad ikring 1875 eit bruk i Armot, Vossastr., selde det meste av heimebøen men heldt att hamnene. Bruk 2 Lirhus eig ein åttendepart i stølshamnene på Armot. Stølen heiter Fjellheim og har 45 øre i skyld.

Kvern.

Korkje i 1723, 1777 eller 1791 var det kvern på Lirhus, men i 1800-talet var det ei i Rastagroæ nedanfor bøgarden til dess ei skride tok henne. Lenger uppe vart ho sett upp att, men ei ny skride sopte henne med seg, og ho har sidan ikkje vorte bygt upp att.

Offentlege forretningar.

I 1707 var halde forretning etter at det hadde gått ei stor skride på Lirhus og Lofthus. Det ser ikkje ut til å ha vorte noko avtak i skyldi for det. Sjå på Lofthus um delingsforretning 1732. Godviljug steiningsforretning var halde 1820 og utskifting 1871 og 1928.

Ymse.

Medan den siste utskiftingen var i arbeid, kom det lauseld på Lirhus i 1924. Alle 12 husi på bruk 1 og 3 gjekk med. Mykje innbu og reidskap brann upp. Husi at båe desse bruki bygde dei på andre stader, då det ikkje var trygt for skrida der dei fyrr stod. Bruk 1 bygde der Lofthushusi fyrr hadde stått.

Skorpe Lirhus, som det er fortalt um på Lofthus og Øvsthus, skal etter segni ha vore runekall, det vil segja den som fyrst har rudt garden. Skorpe skal vera gravlagd på Skorpeflyane

--- side 45 ---

på bruk 2. Ovanfor husi står ein steinkross som segni segjer er på gravhaugen hans. Krossen er lik den på Prestegardsmarki, men mykje mindre. Då dei i 1918 pløygde umkring krossen, synte det seg at der var eit tjukt lag med kol rundt honom, umlag 10 meter i tverrmål. Den gamle bygdevegen ovanfor krossen vart utgraven 1934 og det synte seg då at det var eit helst tjukt kolgruslag um lag 15 meter langt.

Då husi vart bygde på bruk 2 i 1902 vart funne sverd, spyd og beitlemilar. I ein haug nedanfor husi vart funne ei grav frå Vikingetidi.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Lirhus.

Knut 1710, og 1719 tavle 1 nr. 45. Olav 1716 t. 4 nr. 51. Jørgen 1717 t. 2 nr. 78. Isak 1723-1735 t. 3 nr. 13 og noko brigda 1737. Sjur 1730 t. 4 nr. 92, t. 4 nr. 51 sett på hovudet i 1732 og t. 1 nr. 49 sett på hovudet i 1734. Mons 1736 t. 4 nr. 93. Gudleik 1742 t. 4 nr. 94. Hermann 1760 t. 4 nr. 95. Kolbein 1762 og 1769 t. 4 nr. 96. Eirik 1772 og Eirik Knutson 1780 t. 4 nr. 97. Nils 1781-1785 t. 4 nr. 98. Jon 1784 t. 4 nr. 99. Jon Vikingson teikna X X i 1788. I seglet hans Nils Brynjulvson står bokstavane N B S og derunder bumerket t. 4 nr. 98.