6. Lisseim.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 58 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive Lisseimer. Det vert no sagt Lisseim2; han bur pao, è tao Lisseim, ska tì Lisseims. Namnet er samansett, etterlekken er truleg heimr m. (heim), fyrelekken er uviss, men kunde hanga saman med eit ord for kant el. strand.

I 1661 er Lisseim førd upp som halv gard med skyld 2 laup 12 mark. Um garden er elles berre sagt at der var vedaskog. I 1723 er fortalt, at der var vedaskog, ein liten humlagard, men ikkje fiske. «Tungvindt jord tilfjelds beliggende» heiter det i matrikkelen. Skyldi er den same då, men i 1777 og 1838 er ho 2 laup 1 pund. I 1838 vart ho umskrivi til 5 dalar 2 ort 12 skill. Ved matrikkeleringi i 1830-åri fekk Lisseim samanlikningstalet 850. Der var då vedaskog.

Etter matrikkelen av 1865 var det 23,5 mål åker, 2,5 mål dyrka eng, 32 mål god, 48 mål medels natureng og 32 mål skrapebø. 8 mål høvde til dyrking. Hamnegangen var god og det var skog til husbruk. Garden var tungvinn, hadde ingen sers lunnar, var dyrka vanleg godt, men hadde meir enn vanlegt gjerdehald. I 1918 var det 21,7 mål åker, 20,5 mål kunsteng og 40 mål natureng.

På Lisseim var det 13 menneske i 1801, 20 i 1865 og 27 i 1920.

--- side 59 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Lisseim.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 13 38
1723 2 20 18 18
1865 2 24 52 51 40
1918 5 19 43

Olavs-kyrkja i Bjørgvin åtte i garden Lisseim er det fortalt i Bjørgynjar Kalfskinn, men det er ikkje greidt kor mykje.


Bilete 7. Frå Lisseim. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 7. Frå Lisseim. Fot. P. Braaten 1935.

Knut og Jakob budde der i 1521 og kvar betalte 1½ lodd sylv i skatt og 8 mark i breffbrot. I 1563 var Svein der og betalte 1 dalar i skatt. Jordboki for 1585-1616 syner at skulen i Bergen fekk i landskyld av Lisseim 2 laup 9 merker smør for året.

Per er leiglending i 1603 og Lasse i 1611. I 1614 er der to leiglendingar, Per og Anders, i 1621 berre Anders og i 1636 berre Oluf. Lisseim betalte i 1624 leidang med ½ pund 2 mark smør og 1 bukkskinn. Som ryttarskatt måtte i 1626 betalast 3 dalar. Oluf var brukar både då og i 1624. I 1641 hadde Hans

--- side 60 ---

Lisseim sag og betalte leige for vassfallet til Torgeir. Anders Rasmusson er leiglending i 1645, var gift med Marta og hadde døtterne Brita og Ingjerd. Anders er nemnd som brukar av 2 laup 12 mark fleire gonger seinare. I 1661 og 1664 er Anders Olavson einaste brukar og hadde sonen Olav f. 1644. Anders er skriven for postbonde i rekneskapen 1655, 1659 og 1675, og av den grunn slapp han med halv skatt. Han og dei andre postbøndene klaga i 1670 over, at dei laut føra posten utan noko godtgjering og bad um for det å verta fri småskattane. Futen imøtekom dei med det inntil vidare, då han fekk høyra at vegane var slik at posten laut berast.

Anders åtte 3 spann i Skylje i 1652, 1655 og 1658. Rektoratet i Bergen åtte heile Lisseim 2 laup 12 mark heiter det i rekneskapen for 1652, matrikkelen 1661 og 1723, og har ått garden til dess brukarane kjøpte han i 1800-talet. Olav Andersson f. 1642 er vorten brukar av garden etter far sin millom 1664 og 1691. Han hadde sønene Olav f. 1675, Nils f. 1676, Anders f. 1686 og truleg Torleiv, kann henda fleire. Olav Andersson og sønene Olav og Nils var brukarar i 1715 og i 1723 Anders og Nils.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Lisseim. Anders Olavson f. 1686, død 1745, var g. m. Barbrå Jakobsdr. f. 1700, død 1773. Ho vart uppattgift 1746 med Styrk Johannesson Berge. Anders har bygsla noko av garden, truleg um lag f jordeparten. Broren Nils hadde 1 laup. Torleiv Olavson bygsla i 1706 1 pund 18 mark, men har visst ikkje havt det lenge. Anders si dotter Kari f. 1742 var gift 1766 med Hallstein Johannesson Berge. Dei hadde borni Anders f. 1766, Svein f. 1771, Johannes f. 1773 og truleg fleire.

Styrk Johannesson Berge f. 1719, død 1783, nemnd ovanfor, var gift 2. 1774 med Kristi Andersdr. Store Ringheim f. 1729, død 1819 og hadde berre ein son Johannes, f. 1776. Dei bygsla garden etter Anders. Kristi vart uppattgift i 1785 med kommandersersjant Nils Mattisson Mølster f. 1741, død 1816. Han hadde garden etter Styrk og var postmann heiter det i 1801. Sokneprest Jersin feste til Nils i 1797 ei liti tuft med naust på Vassenden til å ha kyrkjebåten sin i. Ved skifte etter Styrk var bruttomidelen 324 rd.

--- side 61 ---

Johannes Styrkson f. 1776, død 1835, g. 1802 m. Marta Bjarnesdr. Mølster død 1849, 74 år gl. Han fekk bygslebrev på bruk 1 frå Bergens rektorat i 1801 og var mange år postbonde. Born: Styrk f. 1803, død 1826, Brita f. 1805, g. 1853 m. ekm. Steffa Sjurson Rekve (som var g. 1. m. Anna, syster åt Brita), Kristi f. 1807, g. 1832 m. Nils Nilsson Eide, Bjarne f. 1808, Ingebjørg f. 1810, g. 1835 m. Berge Brynjulvson Væte, Nils f. 1812, død 1839, Anna f. 1814, g. 1848 m. Steffa Sjurson Flògo, Sisselja f. 1815, g. 1838 m. Per Knutson Flògo, Amerika, Knut i. 1817, død 1864.

Bjarne Johannesson f. 1808, død 1870, var g. 1843 m. Ingjerd Massdr. Haga. Han fekk kongeskøyte på garden i 1843. Born: Marta f. 1843, g. 1869 m. Jon Steffason Gjerstad, Johannes f. 1845, Mass f. 1847, skulelærar, g. 1877 m. Anna Magnesdr. Væte, Amerika, Marta f. 1849, Sisselja f. 1851, død ugift, Styrk f. 1853, g. 1877 m. Eli Knutsdr. Hæve, Anna f. 1855, Nils f. 1857, gift, Rannveig f. 1860, g. 1890 m. Sjur Knutson Gjerstad. Johannes Bjarneson f. 1845, g. m. Boletta Endresdr., var skulelærar, fekk farsgarden i 1873 for 300 spd., men selde han 1880 til Per Sveinson Lydvo for 8000 kronor og budde sidan for det meste på Vangen som arbeidar.

Per Sveinson Lydvo f. 1831, død 1899, var g. 1854 m. Brita Massdr. Rekve f. 1834, død 1912. Per dreiv helst med binding av vevskeier fyrr han kjøpte garden. Deira son, Lars Person f. 1865, død 1918, var g. 1905 m Ingebjørg Persdr. Småbrekku f. 1861. Han fekk farsgarden i 1900. Nils J. Småbrekku eig no bruket.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 6, lnr. 15 med gamal skyld 1 laup 12 mark, urevidert 2 dalar, revidert 2 dalar 2 ort 18 skill. Ny skyld var mark 5,11. Etter at bruk 4, 5, 6 og 7 var skilde frå og Lisseimsteigen var skilt frå i 1902 med 7 ore i skyld og lagt til Evanger, er skyldi på bruk 1 mark 3,30.

Bruk 2. Lisseim. Nils Olavson f. 1676, død 1762, g. 1717 m. Kari Jonsdr. Nedre-Skjerven, skifte 1741. Han bygsla 1 laup i garden. 15. mars 1706 var han stemnd til tings av Olav, bror sin, som gjorde krav på å få garden, fordi han var eldre og var soldat. Retten gav han medhald i det og Olav fekk bygslesetel den 12. april s. a. Olav er død som husmann 1740 og har truleg late garden frå seg att til Nils bror sin. Bruttomidelen ved skifte etter Nils var 49 rd. Born: Anders, Mons f. 1727. Anders Nilsson truleg død 1760, 44 år gl. fekk bygsel

--- side 62 ---

på gardparten etter faren i 1741. Born: Johannes f. 1744 og Ingebjørg f. 1747.

Mons Nilsson f. 1727, død 1801, skifte 1802, var g. 1. 1754 m. Marta Steffadr. Flògo død 1769, 37½ år gl., 2. 1770 m. Dønåt Knutsdr. Kvåle f. 1737, død 1808. Han har festa garden som broren Anders hadde havt. Bruttomidelen ved skifte etter han var 371 rd. Born med Marta: Steffa f. 1755, Nils f. 1759, g. 1792 m. Brita Mikkjelsdr. Setre, husmann på Tren, Brita f. 1753, g. 1782 m. Gudleik Bergeson Flògo. Born med andre kona, Dønåt: Knut f. 1777, død 1795, Anders f. 1783, død 1867, g. 1817 m. ek. Gudve Knutsdr. Dagestad, husmann. Han var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på veteranbautaen.

Berge Steffason, død 1857, 70 år gl., g. 1825 m. Anna Andersdotter Væte, død 1865, 69 år gl. Han feste garden i 1829 og var mange år «postbonde». Born: Steffa f. 1826, Anders f. 1829, Knut f. 1831, g. 1871 m. Sigvor Helgesdr. Hovda, Gusskalk f. 1833. Steffa som døde ugift 1902, fekk kongeskøyte i 1856 på garden med jordavgift til Bergens lærde skulde 2 tunnor 3 skjeppor 22/3 fjerdingkar bygg.

Anders Bergeson f. 1829, død 1894, g. 1861 med Anna Larsdr. Uppheim, død 1867, 28 år gl. Han fekk farsgarden hjå Steffa, bror sin, i 1860 for 500 spd. Sonen Berge har no garden.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 6, lnr. 16, gamal skyld 1 laup 12 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 18 skill., revidert 3 dalar 2 ort 13 skill. Ny skyld mark 5,11. Etter at bruk 3 og 8 var skilt frå og Lisseimsteigen i 1902 var sett i skyld 7 øre, som vart lagt til Evanger, er skyldi på bruk 2 mark 4,34.

Bruk 3. Lisseim skule. Skyld 10 øre. Skilt frå bruk 2 i 1897 som tuft åt skulehuset, som vart bygt der.

Bruk 4. Lisseim. Skyld 40 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1897 og selt til Knut Masson Lisseim.

Bruk 5. Lisseim. Skyld 2 øre. Skilt ut frå bruk 1 og selt 1897 til Olav Mattisson Skylje. Sjå bruk 8 Berge.

Bruk 6. Lisseim. Skyld mark 1,17. Utskilt frå bruk 1 i 1898 og selt til Jon Larsson Lisseim, som i 1921 selde til far sin, Lars Jonson Skorve. Han bygde der. Olav K. Væte kjøpte eigedomen i 1932.

Bruk 7. Lisseim. Skyld 15 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1912 og selt til Olav Mattisson Berge, Skylje. Sjå bruk 8, Berge.

--- side 63 ---

Bruk 8. Slettebakken. Skyld 60 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1913 til lærarjord.

Forutan fyrr nemnde husmenn var det i 1870- og 1880-åri ein husmann Mikkjel Larsson, g. m. Brita Knutsdr. Dei reiste til Amerika og plasset fall attende til garden.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden heiter det i 1723. Sumarsstølen heiter Nyestødl'n.

Kvern.

I 1776 og 1791 var det ei kvern på Lisseim.

Offentlege forretningar.

Merki mot Hovda og Vestrheim er uppgått i 1779, i 1832 var det uppmæling og skifting av merkesgard, semje um gjerdehald 1852, godviljug utskifting i Hagen 1862, godviljug semje um gjerde i 1880, semje um gjerdehald i 1892 og utskifting i 1894. Det eine bruket laut då flytta husi sine ut.

Bumerke teikna på Lisseim.

Anders Lisseim 1737 tavle 1 nr. 23. Han teikna det som t 5 nr. 41 i 1741, som t. 2 nr. 3 i 1746 og som t. 4 nr. 51 i 1752, 1760. Styrk 1749 t. 1 nr. 24. Det er brigda kvar gong på det i 1754, 1759, 1770 og 1773. I 1771 er det um lag som i 1749, berre at trekanten står under krossen og snur spissen upp. Styrk Johannesson har i 1782 teikna det som Styrk i 1771. Mons 1766-1786 t. 1 nr. 25. Nils Monsson har 1793 teikna ein kross som står med nedre enden i eit hjul.