209. Litlere.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 295 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Litlerenn og Litlere. Det vert no sagt Lìtléré2; han búr pao, è tao Lìtléré, ska tì Lìtlérés. Namnet er truleg samansett av litle og det same (stong, rad, rekkje?) som i Herre.

Skyldi på Litlere var 2 laup i 1661, og der var ein brukar. Matrikkelen 1723 melder um to brukarar og at skyldi var 1 laup 2 pund 6 mark. Det var lite um vedaskogen i 1661, men


Bilete 34. Litlere og Herre. Fot. P. Braaten 1937.
Bilete 34. Litlere og Herre. Fot. P. Braaten 1937.

nok til eige bruk i 1723. Garden var noko tungbrukt og hadde midlungs jord. Skyldi var atter 2 laup i 1777 og vart 1838 umskrivi til 6 dalar 1 ort 20 skill. Samanlikningstalet var 960. Der var vassfall og nok vedaskog til husbruk.

Matrikkelen 1865 melder at der var 19½ mål åker, 9 mål dyrka eng, 1 mål myrland, 20 mål god, 23 mål medels natureng og 65 mål skrapebø. 3 mål høvde til dyrking. Hamni var som på Herre. Bruk 1 hadde nok brensel, noko timberskog og var sers lettbrukt. På bruk 2 var det lite vedaskog og ikkje timber. Det var lettbrukt. Båe bruki var dyrka betre enn vanleg.

--- side 296 ---

I 1918 var det 21,5 mål åker, 20,4 mål kunsteng og 8 mål natureng.

Folketalet var 13 i 1801, 10 i 1865 og 13 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Litlere.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   10   1          
1723 2   17   18   13 ½    
1865 2   19   41   49 ½ 36  
1918 5   15   28          

Sjur og Bård budde 1521 på Litlere, Sjur betalte 3½ mark i skatt og 4 mark som breffbrot. Bård laut betala skatt med 1 mark og for breffbrot 8 mark. Oluf var 1563 jordeigar og leiglending i 1563 og 1567 på 1 laup stiftsgods. Per er skriven fleire gonger som leiglending 1591-1621 og 1611 som eigar av 1 laup 1 spann og av 1 laup 1614 og 1621. Han er skriven for Per Lydvo eller Litlere i 1611. Torkjel var leiglending i 1603. Knut Himle åtte 1621 1 laup på Himle og Litlere. Leidangen er 1624 førd upp i leidangsboki med 11 merker smør 1 geitskinn og dertil 6 merker smør for jordgods som Per åtte. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 1 laup odelsgods med 2 dalar 1 ort.

Jon Eilivson er ofte nemnd som leiglending 1629-1670 og åtte 1621 1 pund, 1642 2 laup 27 mark og 1652-1659 6½ spann. Han var g. fyre 1645 m. Åsa og hadde då tenestgjenta Guri. I 1663 er umtala at Svein då hadde vore med og rive selet på Krossaset. Jon døydde ikring 1670 og hadde åtte born: Sverkve, ei dotter g. m. Erling Ivarson Skjelde, ei dotter, g. m. Sjur Vikingson Ringheim, Eiliv Vele, Torleiv Tvinno, ei dotter, g. m. Anders Lydvo, ei dotter, g. m. Laurits Flatekvål og Marta Hornve. På skifte etter Jon er jordgodset hans skift millom borni, og dei har 1673 skøytt det til Sverkve som åtte i alt 1½ laup 9 mark. Han var brukar saman med faren frå ikring 1657 og hadde heile Litlere etter at faren slutta med han. Sverkve var g. m. Marta Knutsdr. Dukstad og døydde ikring 1681. Ho vart g. 2. m. Lars Aslakson og døydde ikring 1699. Lars var eigar og brukar etter Sverkve til 1699. Marta hadde

--- side 297 ---

to born med Sverkve og eitt med Lars: Jon, Steinvor, g. m. Bård Person Litlere, og Anna Dukstad f. 1683.

Folketeljingi 1701 har to odelsbønder: Jon Sverkveson f. 1667 og Bård Person f. 1661. Dei er skrivne som eigarar av tilsaman 1½ laup 9 mark i 1701, 1714 og 1723 og brukte heile garden. Evanger kyrkje åtte 9 mark heile tidi sidan 1652. Litlere har sidan 1701 vore i to bruk.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Litlere. Jon åtte 1730 1 laup 23 mark, var g. m. Anna Larsdr., og døydde 1734, 65 år gl. Anna døydde 1738, 82 år gl. og hadde tri born: Knut Rene, Lars og Marta f. 1705. Lars var g. 1. 1727 m. Ragnhild Olavsdr. Øvre Herre, 2. 1743 m. Anna Andersdr. Himle og 3. 1752 m. Gjertrud Olavsdr. Litlere. Lars fekk 1738 skøyte på 1 laup 23 mark og døydde 1766, 60 år gl. Gjertrud levde etter han. Lars fekk tri born med Ragnhild, to med Anna og tri med Gjertrud: Anna d. e. f. 1728, g. 1760 m. Isak Jakobson Ullestad, skriven for Vinsand i 1773, Lars f. 1729, Steinvor f. 1732, død ugift 1773, Ragnhild f. 1745, g. 1767 m. ekm. Gulbrand Sjurson Himle, Anders f. 1748 som 1773 var i Kjøbenhavn, Anna d. y. f. 1753, Marjo f. 1758 og Marta f. 1765, g. 1806 m. ekm. Steffa Larsson Tròdo.

Lars Larsson gifte seg 1759 m. Torilda Torsteinsdr. Fære. Han fekk 1758 skøyte frå far sin på 1 pund 147/12 mark og 1 pund 227/12 mark på skifte 1766 etter faren. Lars døydde 1781, Torilda 1806, 77¾ år gl. og hadde tri born: Ragnhild f. 1761, g. 1802 m. Hollgeir Oddson Skulestad, Marta f. 1765, død ugift 1828, 62 år, gl. og Lars f. 1768. Han var g. 1. 1796 m. Kristi Gulbrandsdr. Himle, 2. 1813 m. Marta Steffadr. Kyte, fødd på Litlere. Lars fekk 1788 og 1813 skøyte på tilsaman 1 laup 27 mark. Evanger kyrkje åtte 9 mark som fyrr. Kristi døydde 1812, 42 år gl., og Lars 1818. Ho Marta levde etter han. På skiftet 1813 var jordgodset på Litlere verdsett 500 riksbankdalar. Ved skifte etter Lars 1819 åtte dei og 1 laup 19 mark på Kyte. Lars hadde fem born med Kristi og eitt med Marta: Anna f. 1797, g. 1819 m. Berge Mikkjelson Jerald, skriven for Litlere i 1828, Torilda f. 1800, g. m. Gudleik Ivarson Tillung, Ragnhild f. 1804, g. 1823 m. Nils Gudleikson Rjodo, Lars f. 1806, Brita f. 1809, g. 1853 m. ekm. Anders Torsteinson Rude og Kristi f. 1814.

--- side 298 ---

Lars Larsson f. 1806 fekk 1819 skøyte på garden og gifte seg 1828 med Åsa Torsteinsdr. Lofthus. Ho døydde 1872, 64 år gl., og Lars 1875. Dei fekk borni: Kristi f. 1831, død 1848, Lars f. 1833 (Amerika), Torstein f. 1836 og Jørgen f. 1842, død 1855. Torstein fekk garden i 1851 for 800 spd. og gifte seg 1867 m. Brita Andersdr. Hæve f. 1838. Ho døydde 1902, han 1919 og hadde døtterne Kristi f. 1868 og Marta f. 1880. Kristi vart g. 1895 m. Johannes Olavson Sonve f. 1873, som 1911 fekk farsgarden hennar. Ho døydde 1902 og Johannes gifte seg 1907 med Marta som døydde 1917.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 211, lnr. 414 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 4 dalar 4 ort 13 skill., revidert 4 dalar 1 skill. Ny skyld mark 5,84.

Bruk 2. Litlere. Bård Person f. 1661 var 1701 eigar og brukar. Han var g. m. Steinvor Sverkvesdr. Litlere og døydde som ekm. 1742. Bård var bror åt Samson Person Lid, g. m. Rannveig Josefsdr., og hadde halvsysteri Sigrid Johannesdr. Kinne, g. m. Per Torbjørnson. Bård og Steinvor hadde seks born: Jorunn f. 1690, død fyre 1742 utan etterkomarar, Åsa f. 1696, død 1771, Sverkve f. 1699, g. 1735 m. Ingebjørg Torgisdr. Ullestad, Per, g. 1737 m. Synneva Olavsdr. Lirhus, Rannveig f. 1702, død 1764 ugift, og Marta, g. 1738 m. Mons Oddson Ullestad, skriven for Lofthus i 1765.

Sverkve fekk 1734 skøyte frå faren og Per, bror sin, på 295/6 mark. Sverkve døydde 1742, og Ingebjørg vart attgift 1743 m. ekm. Knut Rene. Sverkve og Ingebjørg hadde tri born: Torgeir f. 1736, Bård f. 1739, død ugift 1763 og Jon f. 1741, skriven for Rene 1765. På skifte etter Sverkve vart jordgodset taksta 30 rd. og skift millom enkja og borni.

Lars Larsson Litlere stemnde 1754 på odelsretten til dette jordgodset, 295/6 mark, men ved dom 1755 vart dei tri Sverkvesønene tilkjende odelsretten. Lars laut betala sakskostnaden 7 rd. 2 ort 8 skill., 4 rd. til Nils Tròdo som forsvarar for borni og 1 rd. for uturvande trette. Torgeir kjøpte 1756 medervingane sine partar og åtte ialt 295/6 mark. Han vart g. 1758 m. Synneva Endresdr. Tesdal, og fekk fem born: Sverkve f. 1759, Endre f. 1760, g. 1796 m. Marta Larsdr. Rong, Bård f. 1767, Kari f. 1770, g. 1802 m. Knut Person Kvilekval, Knut f. 1774. Torgeir bytte 1783 med Nils Jonson uti 39½ mark i Midberde, som same dag bytte att med Hermund Magneson uti Vassenden.

--- side 299 ---

Hermund var frå Rykke og g. 1777 m. Brita Larsdr. Øvre Fenno. Ho døydde 1797, 58 år gl. barnlaus, og Hermund vart attgift 1802 m. Rannveig Bjarnesdr. Nesheimshagen, og døydde 1818, 76 år gl. Hermund selde 1793 garden til Mons Larsson Øvre Fenno f. 1772. Han bytte 1803 med Brynjulv Monsson Ronve som selde att 1811 til Mons Larsson. Han makabytte same år med Torbjørn Person uti bruk 1 Ygre. Torbjørn bytte 1813 med Mons Sylfestson og fekk bruk 2 Opeland. Mons bytte 1814 med Gusskalk Sjurson uti Jeraldstveiti. Han bytte 1824 med Nils Person uti bruk 3 Vetla Rokne, som bytte att 1829 ' med Mons Knutson Staup.

Mons var f. 1794, g. 1826 m. Gunnvor Knutsdr. Løno og hadde butt 2 år på Indre Afdal då han kom til Litlere. Dei fekk borni Knut d. e. f. 1827, Knut d. y. f. 1833, Anders f. 1835, Gudve f. 1838 og Torbjørn f. 1840. Eirik Torgeirson Rjodo kjøpte 1850 garden, og Mons vart husmann på Mølster. Eirik selde garden 1854 til Knut Monsson d. e., nemnd ovanfor, som selde att 1857 til Arnfinn Ivarson Skjerpe for 400 spd. og Ivar, son hans, fekk skøyte. Knut var sidan husmann på Mølster og seinare i Ringheimshagen.

Arnfinn var f. 1822, g. 1852 m. Kari Ivarsdr. Flògo f. 1830. Ho døydde 1909, han 1914 og hadde sønene Ivar f. 1852 og Knut f. 1860, g. 1886 m. Gjertrud Sjursdr. Dolve. Dei fekk garden Skjerpe. Ivar gifte seg med Margit Bjarnesdr. frå Røldal f. 1861, død 1919. Han var lærar 10 år på Herdla, 1 år i Reppen og sidan 1882 på Bordalen til 1923. Seinare var han ei tid konstituert kyrkjesongar på Voss. Dotteri Ragna f. 1893 fekk 1931 garden hjå far sin for 2000 kronor. Ho selde att 1935 til Gustav O. Herre.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 211, lnr. 415 med gamal skyld ½ laup, urevidert 1 dalar 2 ort 7 skill., revidert 1 dalar 2 ort 22 skill. Ny skyld mark 2,32.

Husmenn.

Ved Ragnatræbare syner etter gamal tuft, so der må ha butt nokon, men folk no veit ikkje kven det var. Nokon husmann elles veit dei ikkje um.

Støl.

Stølen låg ½ mil frå garden, er det sagt i 1723. Litlerestølen heiter Otledalen, men det er berre ¼ mil til han, segjer dei på Litlere. Stølshusi stod fyrr på vestsida åt Otlo og høgre uppe. Dei gamle fortel at ei kone på Litlere fekk lov hjå syster si på Grovu til å flytta husi til austsida av Otlo. I 1774 vart stølshusi til bruk 1 atter flytte til staden dei no har. Bruk 2 har

--- side 300 ---

flytt stølshusi to gonger, siste gong 1880. Nyestødl'n lenger uppe vart ei tid brukt høgste sumar. I Kvammen ovanfor Litlere er vårstølen, der dei fyrr hadde sel, men no er der berre flor og løde.

Ved stølsvegen i Bjønnsteinshaujen er eit merke i skarvet kalla Budeiefoten, som skal vera etter segnkvinna Hallbjørg Græe. På heimvegen frå stølen steig ho i eit steg frå Haosetskare, der det og har synt fotefar, til der Budeiefoten er, ikring ½ fjordungs veg. Ovanfor Budeiefoten er ved Fivelberje ein offerstad. Fyrste gong dei fór til støls um våren skulde dei frå vegen kasta ein stein til offerstaden. Vart steinen liggjande i offerstaden, var det teikn på at dei var godt likte av maktene som rådde der og skulde få god lukke med buskapen um sumaren, men elles ikkje.

Kvern.

Ei flaumkvern var der i 1723 og to i 1776 og 1791. Båe bruk har kvar si kvern i Kjøtlo. Johannes Litlere og Sjur Herre bygde 1899 sirkelsag i Kjøtlo, men ei snøskride reiste med henne i 1928.

Offentlege forretningar.

Semje 1725 med Gjelland og Haug um stølsbeite. Semje 1757 millom Grovu og Istad på eine sida og Gjelland, Litlere, Haug, Helland og Fære på den andre um hamni. Sak 1761 med Grovu um brot av semje um beiting. Merkeskilsforretning 1767 med Gjelland og 1778 med Istad. I 1807 møtte Lars Larsson og Brynjulv Monsson i forlikskommisjonen og bad um å få innført i forliksprotokollen ei uppskrift um merki millom eigedomane deira. Steiningsforretning 1823 der båe grannane var samde um å byta eit par jordmolar. Semje 1828 um ikkje å halda geiter. Odelstakst 1854. Utskifting 1892. Bruk 2 flytte 1894 husi sine or det gamle tunet der husi åt bruk 1 framleies er. Båe bruki gjerde inn kvar sin eigedom etter utskiftingen.

Bumerke.

Bård 1721 tavle 8 nr. 55. Lars 1740 t. 8 nr. 56. Han brukte eit anna merke 1749 og 1752. Lars Jonson 1753 t. 5 nr. 35. Det er brigda litt i 1757 og 1770.

Ymse.

Lars Eirikson Litlere, kalla Kunstnaren, vaks upp hjå Torstein Litlere. Alt medan han gjekk i barneskulen, øvde han seg med å teikna, modellera og spikka figurar. Han heldt fram med det seinare òg, i alle fristunder. 20 år gamal reiste han til Oslo. I 1920 vitja han heimbygdi att og hadde då i fleire år vore skipsmålar i Horten. Det er fortalt at noko av hans arbeid vart utstelt i Oslo og vart godt umtala.

Jørgen Knutson f. ikring 1754 var lauskar og seinare kårmann på Litlere. Ein vårdag han hadde vore på Svartaberje

--- side 301 ---

og drege i hop ved til kolmil og var på heimvegen, kom han på ein bjørnserv som synte han tennene sine. Jørgen hadde ei lekkjatunge i eit tog og med henne slo han bjørnserven ihel. Eine labben har vore på Litlere til seinare tid. Folk trudde at Jørgen hadde svartaboki og at han grov henne ned i Vetlajelæ på Gjelland fyrr han døydde. Derav kjem det seg, segjer dei, at øykjene vil springa når ein køyrer forbi der.

Humlagard er ikkje umtala i 1723, men der har nok vore seinare. I kårabrevet 1819 til Marta Larsdr. er nemleg sagt at ho skulde ha m. a. 3 merker humle av den beste som vart avla på garden. - Nyhagen skal vera gjerdt inn av vårhamni til slåttemark, er det fortalt. - Når dei slår Bakkateigane, vert det alltid regn fyrr dei får høyet inn. Grannane skuldar difor Litlereane for regnet som kjem då. - I Otledalen er Ormahaujen og Ormaheiæ som syner at der har vore orm.

Storåkeren som bruk 2 hadde fyre utskiftingen, skulde vera beste åkeren på Bordalen og var ofte kalla Gulaokor'n, truleg av di han gulna so tidleg. - På låven til bruk 1 er på ein stokk i veggen innskore at kornavlingen var 84 såld i 1817, 74 såld i 1818, 86 såld i 1819 og 84 såld i 1821. - I skatteboki for bruk 1 for åri 1763-1793 er for året 1763 kvittert for etternemnde skattar og avgifter: Leiglendingsskatt 1 rd. 3 mark, proviantskatt 1 mark 8 skill., munderingspengar 1 mark 11 skill., fredtoll 6 skill., kvarterpengar 6 skill., nye kvarterpengar 1 skill., piperpengar 1 skill., halve utreidningspengar 9 skill., rosstjeneste 15 skill., småtoll 11 skill., skrivartoll 5 skill., sluttarpengar 4 skill., utreidningspengar 2 skill. Tilsaman 2 rd. 4 mark 6 skill. Vidare er betalt ekstraskatt 2 rd., i likning 1 mark 2 skill., leidang 2 mark 4 skill., og tri andre avgifter 1 mark 4 skill.

Segni fortel at på Litlere budde i gamle dagar ein mann som hadde mykje tå alt og serleg mykje sylvsaker som han grov ned i bakkane ovanfor husi.