Løno.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 395 ---

 

Namnet vert i 1300-talet skrive i Læn og i Lønum. Det vert no sagt Lønó2; han búr pao, è tao Lønó, ska tì Løna, sms. Løna-vatné. Namnet er samandrege av f. (flat eng ved vatn) og vin (beite), Ló-vin vart til Læn, med fleirtal Lænar, i genitiv Læna, dativ Lænum.

--- side 396 ---

Løno var i 1661 rekna for halv gard med 3 laup 1 pund i skyld og to brukarar. Der var timber- og vedaskog til husbruk og ein liten kvernadam. I 1723 og seinare er det skilt millom vestre og austre tun. Eg skal difor fyrst ta det me veit um heile Lønagarden fyre den tid og deretter halda fram med dei to tuni kvar for seg, Vestre Løno og Austre Løno.

Bjørgynjar Kalfskinn melder, at Vangskyrkja åtte 7 laup og Vangens prestebol 1 laup i Løno.


Bilete 44. Frå Løno. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 44. Frå Løno. Fot. P. Braaten 1935.

Odd heitte mannen på Løno i 1521. Han betalte 8 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Per Monsson budde der i 1563 og betalte 2 dalar i landskyld. I brev frå 1563 (DN. X. nr. 761) stadfester Torfinn og Mons Hallesøner eit makebyte, som far deira, Halle Monsson, hadde gjort med Per, bror sin, om 8 mmb. i Løno og noko i tri andre gardar. Halle hadde i staden fått jordgods i Nesheim, Berge og Vetla Saude. Kyrkjerekneskapen for 1585-1616 syner at Vangskyrkja fekk 3 askar korn og 1 pund smør i landskyld for eigedomen sin på Løno. Oluf var brukar i 1591. I 1603 var det Oluf og Seergsuill, i 1611 Oluf og Svein, i 1614 Oluf, Knut og Lasse og i 1621 Bård og Lasse.

--- side 397 ---

Som eigarar av odelsgods er ført upp i 1614 Oluf med 2 laup og Knut 1 laup, i 1621 Laurits 3 spann 1½ mark, Anders Rokne 1 pund i Løno, og Oluf som eigar av 1 laup 2 pund 18 mark i Gjerde. Leidangsboki 1624 melder at det var leidang av to bruk på Løno. På det eine var det 5 mark smør og 1 geitskinn og på det andre 1 spann smør, 1 geitskinn og 1 bukkskinn. Torkjel var leiglending på det fyrste og Lasse på det andre bruket. Um siste bruket er tilført: «Denne jord er ringe stof til, men god ager og eng til.» Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset: a. Skatt 2½ dalar ½ ort på odelsgodset 1 laup 12 mark. b. Skatt ½ dalar 6 skill. på odelsgodset 18 mark.

Torkjel åtte i 1629 1 spann, ei enkje 1 laup og Herborg 1 laup 9 mark. T 1635 åtte Torkjel 1 laup 12 mark og Laurits 1½ laup 6 mark. Torkjel og Eirik var leiglendingar både då og i 1640. Oluf åtte 1 laup i 1642. I 1645 budde der: Eirik Lauritson med kona Ragnhild og tenestedreng Styrk, Torkjel Lauritsson med kona Anna og sonen Olav, enkja Herborg.

Skyldi på Løno er i 1652 ført upp med 2½ laup 18 mark. Derav åtte Olav Gjerdåk 1 laup 12 mark, Eirik Løno 1 laup og Vangskyrkja 1 pund 18 mark. Torkjel åtte 8 mark i Ukvitno og var brukar på Løno. Den andre brukaren Eirik var postbonde og difor fri sume skattar. I 1655 er skilt millom nedre tun på 1 laup 12 mark, som Olav Gjerdåk åtte, og øvre tun på 1½ laup 6 mark, som Eirik og kyrkja åtte. Eirik var brukar av båe tun og postbonde på øvre tun. Torgeir Løno åtte 6 mark i Ukvitno.

Løno var i 1661 på 3 laup 1 pund. Derav åtte Eirik 1½ laup, Vangskyrkja ½ laup 6 mark og Olav Gjerdåk 5 spann. Kyrkja hadde då i landskyld 3 askar korn og 1 spann smør av eigedomen i Løno. Eirik Larsson og Knut Olavsson var brukarar. På tinget 1671 er sagt um Eirik at han var ein av dei eldste i bygdi og hadde vore kyrkjeverje i mange år for lang tid sidan. Lagrettemann var han ofte i tidi 1658-1674, og førde posten i 1675-åri. Knut var og lagrettemann 1670 og 1672. Han var stemnd i 1671 for slagsmål i likferd på En og laut bøta 2 rd. I manntalet 1664 er sagt at Eirik og sonen Lars brukte 2 laup 1 spann og Knut Olavson 1 laup 1 spann.

--- side 398 ---

66. Vestre Løno.

Vestre tun var i 1723 på 1 laup 18 mark og hadde ein brukar. Der var skog til husbruk, turvande vedaskog, humlagard og flaumkvern. Garden var noko årvand og tungvinn, heiter det. Skyldi var den same i 1838, då ho vart umskrivi til 4 dalar 3 ort 5 skill. Der var vedaskog og fureskog til sal og vassfal. Samanlikningstalet var 700.

I matrikkelen 1865 er ført upp 2 brukarar, som hadde 15,5 mål åker, 5 mål dyrka eng, 21,5 mål god, 24 mål medels natureng og 37 mål skrapebø. Vårhamni var medels, men sumarhamni ring. Der var vedaskog, men timberskog berre til helvti av det dei trong. Garden var tungvinn og var dyrka som vanleg. I 1918 var det 29 mål open åker, 71,5 mål kunsteng og 14,5 mål natureng.

På Vestre Løno budde 18 menneske i 1801, 18 i 1865 og 49 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Vestre Løno.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 8 7
1723 1 16 12 16
1865 1 15 37 38 40
1918 4 21 63

Vestre tun på Løno er i 1691 på 1 laup 18 mark. Derav åtte Anders 2½ pund og Einar 1 pund 6 mark. I 1695 åtte Anders Nesheim ½ laup og Sjur resten. Sjur Olavson som var fødd 1657 og døydde 1734, bygsla garden i 1691. Han var g. m. Anna Øysteinsdr. f. 1674, død 1743. Ho hadde tidlegare vore gift fyrst med Per og andre gongen med Åmund. Med Sjur hadde ho sonen Øystein og dotteri Marta, g. m. Nils Hyljarås.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Løno. Anna, dotter til Øystein, vart gift att med Anders Eirikson. Han bygsla garden i 1721, fekk skøyte på han 1723 og døydde 1751, 84 år gl. utan born. Anders selde garden 1 laup 18 mark i 1734 til bror sin, Nils Eirikson. Han var f. 1671,

--- side 399 ---

g. m. Kristi Hallvorsdr. og døydde 1767. Han åtte 3 spann 3 mark i Sausjord, som han selde i 1736 til Torleiv Olavson. Nils og Kristi hadde 7 born: Olav f. 1716, Synneva, g. m. Torkjel Sausjord, Ingebjørg f. 1712, g. m. Kolbein Torgeirson Blikberget, Marta, g. m. Viking Grjotland, Ragnhild g. m, Olav Hyljarås, Ukvitno, Botilda gift og død fyre 1768, Gunnvor, g. m. Olav Bidne.

Olav Nilsson f. 1716 var g. 1757 med Katla Jonsdr. Bidne og døydde 1781. Han fekk garden hjå far sin i 1757, taksta ved skifte 1781 for 450 rd. Dei var barnlause. Nils Knutson Bidne kjøpte garden i 1781 og 1782. Han var f. 1758, g. m. Gjertrud Brynjulvsdr. og døydde på Afdal 1835. Nils bytte i 1793 med Brynjulv Halldorson uti Afdal. Brynjulv var f. 1764, g. 1. med Ingjerd Knutsdr. Kvårmo, 2. 1824 med Ragnhild Olavsdr. Høyland og døydde 1833. (Sjå ætteboki Glimmeætti nr. 344). Born med Ingjerd: Halldor f. 1788, Knut f. 1791, g. 1816 m. enkja Marta Nilsdr. Bjørku, Lars f. 1798, på Gjøastein i 1838, Brita f. 1786 g. m. Knut Davidson Meland, Guri f. 1795, g. m. Ivar Larsson Løno, Marta f. 1801, gift til Eimstad med Olav Aslakson.

Halldor Brynjulvson f. 1788, g. 1821 med Margreta Rognaldsdotter Glymme og døydde 1859. Han fekk skøyte frå far sin på garden i 1820. Halldor var med i krigen mot Sverike som smed. Han selde garden i 1849 til Brynjulv Andersson for 1200 spd. og reiste med huslyden sin til Amerika. Der skreiv han seg for Henderson. Han hadde ni born, millom dei er Knut Henderson, som m. a. arbeidde mykje for å samla midel hjå vossane i Amerika til Voss Barneheim, og synte elles òg stor interesse for fødebygdi si.

Brynjulv Andersson var frå Ullestad f. 1817, g. 1845 med Kari Eiriksdr. Saude og døydde 1867. Brynjulv var lensmannsdreng i 1847. Medan han var husmann på Ullestad, vart han og Nils E. Arnetveit eidfeste for at dei skulde forsigla og opna brennevinskjelane på Voss. Dei hadde fyrr òg i lenger tid gjort det. Brynjulv skifte garden millom sønene Anders og Nils. Åtte born: Anders f. 1847, Eirik i Amerika, Knut i Amerika, Nils f. 1851, sjå bruk 4, Olav f. 1853, sjå bruk 2, Guro f. 1856, g. m. Torstein Knutson Lirhus, Barbrå g. m. Lars L. Møn, Amerika, Brita f. 1863, død ugift 1896. Anders Brynjulvson f. 1874, g. m. Ingebjørg Davidsdr. Gjerdåk, fekk farsgarden,

--- side 400 ---

men selde att 1899 til Nils Davidson Gjerdåk og reiste til Amerika. Nils er f. 1854 og g. m. Gudve Josefsdr. Bjørgum f. 1848. Han døydde i 1935. I sine yngre år var dei 4 år i Zulu og 10 år i Natal i misjonen si teneste. Sidan hadde dei ei tid handel ved Palmafossen. Fire born: Anna f. 1883, David f. 1886, gardmann på Gjerdåk, Josef f. 1888, g. m. Ingjerd Arnfinnsdr. Alland. Han har farsgarden. Brita f. 1890, gift med Olav M. Steinsland på Høyland.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 66, lnr. 139 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 4 dalar 3 ort 5 skill., revidert 4 dalar 2 ort 19 skill. Ny skyld mark 2,21 etter at bruk 16 er skilt frå.

Bruk 2. Ytre Løno. Skyld 29 øre. Skilt frå bruk 1 i 1885 og selt til Nils Brynjulvson Løno for 500 kronor, som selde att 1894 for 1500 kronor til bror sin, Olav Brynjulvson- Han var f. 1853, g. 1880 med Ingebjørg Nilsdr. Nesheim og døydde 1896. Han dreiv mykje med krøterhandel.

Bruk 3. Blikberget. Skyld 66 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1847 og selt til Lars Larsson Hegle, som selde att 1852 til Aslak Knutson Grevle. Aslak var f. 1825, g. 1851 med Kari Eiriksdr. Nyre. Medan dei budde på Blikberget, hadde dei borni: Eirik f. 1853, Ragnhild og Rannveig f. 1858, Ingebjørg f. 1861 og Jorunn f. 1864. Aslak selde garden att 1867 til Odd Knutson Gjerdskvål eller Herre for 370 spd. Han var f. 1835, g. 1867 med Orlog Ivarsdr. Løno og døydde 1907. Odd dyrka mykje på garden, var god smed og arbeidde mykje kistelås, dørlås, sokser o. 1. og fekk 1ste premi ved utstelling på Vangen. To born: Marta f. 1868, g. m. Tomas Hernes, Sigrid f. 1873, sjå bruk 10. Tomas var snikkar og dreiv mykje med hellebenker. Sonen Olav kjøpte bruk 3 i 1929. I 1928 vart skilt frå bruk 15. Skyldi på bruk 3 vart då 28 øre.

Blikberget hadde fyre 1847 vore husmannsplass i lang tid. Der hadde butt m. a.: Per Eirikson f. 1648, g. 2. 1724 med Ragna Larsdr. Halsteinsberg og døydde 1744. Berge Person f. 1690, g. 1. 1725 med Brita Larsdr. Høyland, 2. 1774 med Ingebjørg Nilsdr. Løno og døydde 1778. Dotter hans med Brita, Ingebjørg, var g. 1751 med Lars Åmundson Saude. Torgeir Kolbeinson Hommedal, g. 1779 med ek. Ingebjørg Nilsdr. nemnd ovanfor. Ho døydde 1801, 101 år gl. Han vart g. 2 1801 med Guro Vikingsdr. Grjotland og døydde 1817. Brynjulv Halldorson budde der etter at han hadde late bruk 1 til son sin. Ragnhild,

--- side 401 ---

enkja hans, budde og på Blikberget, men ved dom av stiftsoverretten vart ho dømd til å flytta derifrå av di ho ikkje hadde betalt svarelsen for plasset. Ho skulde vera haldi for trollkvinna og vilde læra sonakona si upp i trollskap. Det gjekk ikkje og han Halldor betalte henne noko for at ho skulde flytta derifrå med alt sitt trollskap, er det fortalt.

Bruk 4. Løno. Skyld mark 1,42. Skilt frå bruk 1 i 1891. Nils Brynjulvson Løno var etter skylddeilingi eigar av det. Han var f. 1851, g. 1883 med Kari Eiriksdr. Saude.

Bruk 5. Løno. Skyld 6 øre. Skilt frå bruk 1 i 1896 og ervefest til Torstein Knutson Lirhus. Anders hadde bygt uppgangssag der, som T. Lirhus bygde um til sirkelsag. Voss Trelastforretning kjøpte eigedomen i 1921.

Bruk 6. Moheim. Skyld 17 øre. Skilt frå bruk 1 i 1898. Olav Knutson Myrkve kjøpte det i 1905. Han er f. 1871 og g. m. Gjertrud Åmundsdr.

Bruk 7. Stuebakken. Skyld 6 øre. Skilt frå bruk 3 i 1901. Tomas Hernes fekk skøyte på det i 1909. Sigvald J. Saude kjøpte det i 1929, og etter odelssøknad fekk Sigrid Mølster det, i 1930, sjå bruk 10.

Bruk 8. Myklebust. Skyld 6 øre. Skilt frå bruk 6 i 1901 og selt til Olai Myklebust. Samson Larsson Horvei kjøpte det i 1918. Han er f. 1858, g. m. Barbrå Helgesdr. frå Evanger, og har drive mykje med hellearbeid.

Bruk 9. Tranaholmen. Skyld 4 øre. Skilt frå bruk 6 i 1905. Eigar er Nils Brynjulvson Løno. Sjå bruk 4.

Bruk 10. Bakkateigen. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 7 i 1908 og skøytt til Anders Mattisson Mølster. Han er f. 1879, g. m. Sigrid Oddsdr. Blikberget, f. 1873, og er snikkar.

Bruk 11. Lønamoen, Skyld 66 øre. Skilt frå bruk 1 i 1909 og selt til Botolv S. Ullestad. Han selde att 1915 til Ivar M. Slen, som atter selde 1918 til Odd S. Gjøastein. Anders Olavson Løno kjøpte so eigedomen i 1921.

Bruk 12. Midtbø. Skyld 15 øre. Skilt frå bruk 1 i 1920 og skøytt til Anders M. Midtbø, f. 1919.

Bruk 13. Nymo. Skyld 22 øre. Skilt frå bruk 11 i 1923 og selt til Jon Engjaland. Han har drive med hellearbeid.

Bruk 14. Løno. Skyld mark 1,00. Skilt frå bruk 1 i 1923 og skøytt 1924 til Nils B. Løno. Sjå bruk 4.

Bruk 15. Blikberget. Skyld 32 øre. Skilt frå bruk 3 i

--- side 402 ---

1928 og selt til Sigvald J. Saude. Etter odelssøknad fekk Sigrid Mølster skøyte på det i 1930. Sjå bruk 10.

Bruk 16. Lønasagi. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1931. Eigar er Voss Trelastforretning.

67. Austre Løno.

Austre Løno var i 1723 på 2 laup 6 mark med to brukarar. Der var litt skog til husvøling, knapt um brennefang, flaumkvern og humlagard. Garden var tungvinn og kald. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 7 dalar 1 ort 11 skill. Der var tri brukarar, fureskog til eige bruk og vedaskog jamvel til sal. Samanlikningstalet var 1100.

Matrikkelen 1865 syner, at der då var tri brukarar, som hadde 26 mål åker, 7 mål dyrka eng, 43 mål god, 37 mål medels natureng og 36 mål skrapebø. Hamni var likeins som for Vestre Løno og der var skog til husbruk. Bruk 1 og 2 kunde selja timber for 2 spd. årleg kvar. I 1918 var det 35,5 mål open åker, 41,5 mål kunsteng og 10,5 mål natureng.

Folketalet på Austre Løno var i 1801 16, i 1865 23 og i 1920 45.

Fødnad og avling (i tunnor) på Austre Løno.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 15 22
1723 2 30 27 21
1865 3 26 59 74 47
1918 4 19 50

Austre Løno er i 1691 ført i skyld 2 laup 30 mark. Derav åtte Vangskyrkja 2 pund 6 mark og Knut 1 laup 2 pund. Kongen selde dette jordgodset åt Vangskyrkja saman med henne i 1723. Knut Olavson og Torbjørn Knutson var brukarar. Knut var g. m. Torilda Eiriksdr. og døydde 1699. Tri born: Torbjørn f. 1658, Endre og Gullov. Ved skifte etter Knut åtte dei 7 spann i Løno, taksta 84 rd. Ho Torilda gifte seg att med Ivar Eilivson og døydde 1714. Ved skifte etter henne åtte dei 3½ spann i garden, og nettomidelen var 197 rd. Tidlegare hadde Ivar ått 49½ mark i Vele, som var selt. I 1701 og 1715 var det

--- side 403 ---

to brukarar: Torbjørn Knutson f. 1658 og Ivar Eilivson f. 1677. Vangskyrkja åtte i 1714 2 pund og brukarane 1 laup 30 mark. Ivar gifte seg att 1715 med Marta Aslaksdr. Kvåle og selde i 1721 til Torbjørn 31½ mark i Løno.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Løno. Torbjørn Knutson var g. 1. m. Guro Olavsdr., 2. 1718 med Ingebjørg Johannesdr. Øvre Lid og døydde 1742. Ho vart attgift 1743 med Hallstein Henrikson Istad. Torbjørn åtte i 1740 1 laup 30 mark etter skøyte 1715, 1716 og 1721. Med Guro hadde han tri born (a-c) og med Ingebjørg tri (d-f): a. Ingebjørg f. 1692, b. Torilda f. 1699, g.m. Arne Haktorson i Hordaland, c. Rannveig f. 1702, d. Knut, e. Endre f. 1729, f. Marta f. 1731.

Knut Torbjørnson f. 1719, g. 1740 med Brita Persdr. Byrkjo, døydde 1760. I 1743 fekk han skøyte på 1½ laup 18 mark. Fem born: Torbjørn f. 1743, Anders f. 1749, husmann, som grenader gift 1. 1771 med Marta Knutsdr. Lofthus, 2. 1776 med Gunnhild Larsdr. Nedkvitno, 3. 1781 med Torbjørg Eiriksdr. Saude, Per f. 1755, Barbrå f. 1741, g. 1768 med Halle Andersson Gjerde, Ingebjørg f. 1759. Ingebjørg og Per døydde ugifte. Torbjørn Knutson f. 1743, var g. 1769 med Brita Andersdr. Gjerde og døydde 1778. Han fekk skøyte i 1768 på 35½ mark og i 1 778 frå mor si på 1 laup 18½ mark. To born: Knut f. 1772 og Anders f. 1775, g. 1798 med enkja Brita Torsteinsdr. Gjerde og vart buande på Gjerde. Brita Andersdr. gifte seg att 1781 med Anders Eirikson Osgjerd. Dei hadde so garden til dess han flytte til Osgjerd.

Knut Torbjørnson f. 1772, var g. 1794 med Guri Andersdr. Lirhus og døydde 1852. Guri døydde 1842. Han fekk skøyte i 1794 på garden 1 laup 2 pund 6 mark. Sju born: Torbjørn f. 1795, Odd f. 1800, Anders f. 1802, g. 1830 med Brita Persdr. Rygg, budde på Rygg, Per f. 1810, g. 1831 med Ragnhild Magnusdr. Setre, Ivar f. 1812, sjå bruk 2, Gunnvor f. 1805, g. 1826 med Mons Knutson Litlere, Brita f. 1806, g. 1840 med Lars Olavson Myrkve, skriven for Løno i 1843. Knut skifte i 1829 garden likt millom sønene Torbjørn og Odd. Odd fekk bruk 1 og Torbjørn bruk 2.

Odd Knutson f. 1800, g. m. Marta Larsdr. Han fekk skøyte i 1833 på bruk 1 og døydde 1868. To born: Guri f. 1835 og

--- side 404 ---

Ingebjørg f. 1841, g. 1868 med Lars Sylfestson Tvinno f. 1839. Ho fekk skøyte på garden i 1867 for 600 spd. Lars døydde 1907. Born: Ivar, Anders og Ingebjørg. Ivar f. 1874, g. 1892 med Olina Eiriksdr. Saude, fekk farsgarden i 1897 for 2800 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 67, lnr. 140 a, med gamal skyld 1 laup 2 pund 6 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 3 ort 15 skill. Ny skyld mark 3,97.

Bruk 2. Løno. Torbjørn Knutson f. 1795, gifte seg 1818 med Anna Olavsdr. Saude og fekk hjå far sin i 1829 bruk 2, som då vart skilt ut frå bruk 1 med skyld 2 pund 15 mark. Åtte born: Knut f. 1818, Olav f. 1820, Guri f. 1821, reist til Skudenes 1840, Lars f. 1825, g. 1848 med Anna Klasdr. Jernes, husmann på Jernes, Ingebjørg f. 1828, reist til Skudenes, Anders f. 1830, reist til Vesterålen, Ivar f. 1832, Amerika, Knut f. 1835. Torbjørn selde garden i 1837 til Ivar, bror sin, for 640 spd. Ivar var fødd 1812 og gift 1842 med Anna Øyelsdr. Skulestad. Han reiste i 1844 med huslyden sin til Amerika etter at han i 1843 hadde selt garden til Brynjulv Larsson Alland for 800 spd.

Brynjulv var fødd 1810, g. 1. 1843 med Eli Davidsdr. Vestrheim, 2. 1857 med Brita Larsdr. Nedkvitno og døydde 1870. Tri born med Eli (a-c) og ei dotter med Brita (d): a. Lars f. 1845, bleiv i Lønavatnet 1865 ugift, b. David f. 1849, g. 1881 med Anna Johannesdr. Dagestad, c. Brita f. 1847, d. Eli f. 1860, g. 1877 med Nils Larsson Alland. David fekk garden i 1871 for 925 spd. og selde att 1879 til systermannen Olav Knutson Afdal for 6400 kronor og flytte til Ulvund, Vossastr. Olav var fødd 1843, g. 1. med Brita Brynjulvsdr. Løno, 2. 1885 med Tora Nilsdr. Gudvangen. Olav døydde 1915. Han dyrka mykje på garden, tok upp helledrift der ikring 1890 og dreiv likeins hellebenker på Saude. Med Brita hadde han fire born: Knut f. 1864, Brynjulv f. 1879, Ingjerd f. 1874, g. 1896 med Johannes P. Hylland, død, sjå bruk 4 Saude, Eli f. 1876, g. 1913 med Aksel Olavson Skjervheim, Vossastr. Brynjulv gifte seg 1906 med Marta Hallesdr. Gjelle og fekk garden i 1913 for 5000 kronor. Han er ettersynsmann i l/l Voss Skiferbrud og er med i skulestyret, heradstyret og forstanderskapet for Voss Sparebank.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 67, lnr. 140 b med gamal skyld 2 pund 15 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 3 ort 15 skill. Ny skyld mark 3,91 etter at bruk 3 er skilt frå.

--- side 405 ---

Bruk 3. Løno. Skyld 6 øre. Skilt frå bruk 2 i 1880 og skøytt til Anders Eirikson Staup, umtala på Staup. Sjur Johannesson Nesheim kjøpte bruket i 1897 og Olav Gregerson i 1908. Han er f. 1858 og har drive mykje med hellebenker.

Bruk 4. Løno. Vangskyrkja åtte 2 pund 6 mark i Austre Løno i 1691. Sjur Olavson f. 1732, g. 2. 1782 med Magli Knuts-dotter Staup, døydde 1798. Han var leiglending på denne garden. Med fyrste kona hadde han borni Olav og Marta, g. m. Olav Olavson Armot. Med Magli hadde Sjur dotteri Guro. Ho var f. 1784 og g. 1811 med Per Gudleikson Hommedal. David Ivarson Tøn bygsla garden i 1799 og Lars Olavson Norheim i 1810. Han var f. 1761, g. m. Orlog Olavsdr. Berde og døydde 1824. Fem born: Ivar, Jon f. 1796, husmann, Brynjulv f. 1801, Nils f. 1809, g. 1859 med Ingebjørg Jørgensdr. Finne, Ingebjørg f. 1804. Eldste sonen Ivar f. 1791, g. 1822 med Guri Brynjulvsdr. Løno bygsla garden i 1820. Ivar døydde som husmann 1842 og hadde to born: Ingjerd f. 1823, g. 1847 med Lars Larsson Brekku, Stalheim, og Orlog f. 1832, g. 1867 med Odd Knutson Herre, Blikberget. Lars Larsson Brekku bygsla so i 1847.

Bjarne Sylfestson Tvinno bygsla garden i 1857. Han var f. ikr. 1822, g. 1855 med Ingebjørg Eiriksdr. Staup og døydde 1867. Sju born: Lars f. 1855, Eirik f. 1856, Sylfest f. 1858, Brita f. 1860, g. 1885 med Anders Knutson Graudo, Ivar f. 1863, Per f. 1865, Marta f. 1867. Eirik kjøpte garden i 1891 av Fleischers ervingar for 3200 kronor. Han gifte seg 1895 med Maria Pålsdr. Flæte frå Leikanger og døydde 1899. Ho Maria selde so garden i 1909 til bror sin, Eirik P. Flæte, for 5000 kronor. Han selde i 1912 til Hermund Torleivson Seiland, som atter selde i 1919 til Brynjulv Olavson Løno.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 67, hor. 141 med gamal skyld 2 pund, urevidert 1 dalar 4 ort 23 skill., revidert 1 dalar 4 ort 4 skill. Ny skyld mark 1,87.

Bruk 5. Tredet. Skyld 27 øre. Skilt frå bruk 4 i 1910. Eigar: Maria Pålsdr. Flæte frå Leikanger f. 1875.

Bruk 6. Holo. Skyld 45 øre. Skilt frå bruk 4 i 1915 og selt til Anders Nilsson Holo for 2400 kronor.

Bruk 7. Bergsstølen. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 4 i 1915 og selt til Anders M. Mølster. Sjå bruk 10 Vestre Løno.

Bruk 8. Solvang. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 2 i 1916 og ervefest til Johan Sognefest. Han har bustad- og forretningshus og landhandel der.

--- side 406 ---

Bruk 9. Krakaholmen. Skyld 6 øre. Skilt frå bruk 4 i 1919 og selt til Anders M. Mølster. Sjå bruk 10 Vestre Løno.

Bruk 10. Pahlmberg. Skyld 4 øre. Skilt frå bruk 3 i 1932 og selt til staten ved Den Norske Omstreifermisjon for 2500 kronor.

Husmenn på Løno (Vestre og Austre).

Forutan tidlegare nemnde husmenn, var det to på Løno i 1701: Per Eirikson f. 1654 og Johannes Nilsson f. 1649. Per hadde sønene Eirik f. 1689, Knut f. 1692 og Berge f. 1698. Johannes hadde sønene Nils f. 1691, Svein f. 1693 og Anders f. 1698. Folketeljingi i 1801 har to husmenn, Lars Hollgeirson f. 1757, død 1804, g. m. Ingeleiv Torgeirsdr. f. 1759, død 1846, Olav Sjurson f. 1766, g. m. Ragnhild Hallvorsdr., Per Knutson, g. m. Ragnhild Magnedr., nemnde 1837 og 1852, Styrk Larsson, g. m. Ingebjørg Torgeirsdr., nemnde 1844. Jon Larsson hadde plasset Lønahaugen, var f. 1796, g. 1835 med Gjertrud Eiriksdr. Høyland og døydde 1874. Lars Andersson, g.m. Brita Andersdr., nemnde 1836, hadde plasset Hjedl'n, men reiste til Amerika. Tidlegare skal der og ha butt nokon der. Eit plass Nyeteigen låg nede mot Lønasagi. Nokon av dei ovanfor nemnde må vel ha butt der.

Kvern og sag på Løno.

Det var to kvernar på Løno i 1723 og tri i 1777. Folk minnest no um to kvernhus som stod til ikring 1890 i elvi Breimo, som kjem or Horgjæ. På indre sida av elvi har vore ei sag. Han Halldor Løno selde sagi, då han hadde garden, til ein på Fletre. Brynjulv og Odd Løno hadde i fyrste halvparten av 1800-talet vadmålsstampe i Breimo.

Stølar på Løno.

Stølen åt Vestre Løno låg ¼ mil burte er det skrive i 1723, men det står ikkje um nokon støl til Austre Løno. Vestre Løno har vårstøl på Bergsstølen og brukte nokre år ikr. 1890 Nyestølen, som er lenger uppe. Moldbakken er vårstøl åt Austre Løno. Aordal som ligg millom Lønahorgjæ og Svortahorgjæ, har vore støl åt Løno, men han har ikkje vore i bruk sidan ikring 1880.

--- side 407 ---

Offentlege forretningar.

Olav Lauritsson Staup stemnde 1702 farsyster si, Torila Eiriksdr. Løno, til å ta imot løysepengar for ½ laup som bestefar hans hadde selt. Olav let i 1713 lysa pengemangel og løysningsrett for seg på ½ laup og for Nils bror sin i Lærdal på 5 spann i Austre Løno. Forretning mot Saude vart halde 1724, tvist i 1782 um merki på Løno, utskifting og steiningsforretning 1810, odelssak 1825, odelstakst 1822 og 1848, merkeskilsforretning 1839, åstadsak 1854, forretning om Blikberget 1834 og utskifting 1910.

Ymse.

I øvre enden av Lønavatnet er mange holmar eller øyar. Segni segjer at Løno og Nesheim skal ha ått dei alle, men at dei frå tid til onnor er burtgjevne som fadragåvor. No er det 22 eigarar på gardane Gjerde, Gjerdskvål, Saude, Løno, Nesheim, Hegle, Dukstad, Øvsthus og Lirhus. Ved utskiftingi 1810 var merkt ut eit stykke til hellebrot som hopateig åt to bruk på Løno. Ikr. 1890 vart det teke upp litt helledrift der.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Løno.

Golaug Knutson 1701 tavle 4 nr. 41. Endre Knutson 1710 t. 4 nr. 40. Ivar 1710 t. 4 nr. 30, og i 1711 t. 4 nr. 31. I 1713 og 1716 er det litt brigda. Sjur 1717 t. 4 nr. 32 og litt brigda i 1721. Torbjørn 1732, 1778 t. 4 nr. 33. Torbjørn Knutson teikna i 1776 noko brigda frå t. 4 nr. 33. Eirik Endreson 1735 t. 4 nr. 34. Nils 1736-1743 teikna 4 gonger som t. 4 nr. 35. Berge Blikberget 1736, 1740 t. 4 nr. 36. Han teikna anna merke i 1755. Knut 1748, 1750 t. 4 nr. 37. I 1750 og 1757 har han brukt to andre merke. Olav 1771 t. 4 nr. 38. Kolbein Torgeirson Blikberget 1782 t. 4 nr. 39, Anders 1786 t. 3 nr. 81.